Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

42 Vidaregåande opplæring i bedrift

42.1 Innleiing

Dette punktet handlar om vidaregåande opplæring i bedrift.

Dei viktigaste reglane om opplæring i bedrift er omtalte i dette punktet. I tillegg blir praksiskandidatordninga omtalt i punkt 49 om privatist- og godkjenningsordningar. Sjå også omtalen av reguleringa av deltakinga til arbeidslivspartane i styringa av fag- og yrkesopplæringa i punkt 48 om utval, råd, læreplangrupper og klagenemnder som er utnemnde av staten. I tillegg handlar punkt 27 om pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), punkt 24 om tilpassa opplæring, punkt 25 om individuell tilrettelegging, punkt 26 om alternativ og supplerande kommunikasjon og punkt 46 om karriererettleiing og rådgiving også om spørsmål som vedkjem dei som har læretid i bedrift.

Under kvart at temapunkta omtaler departementet gjeldande reglar, kva departementet foreslår i høyringa, synspunkt frå høyringsinstansane og vurderingane til departementet:

  • Fellesnemningar i lova (punkt 42.2)

  • Rett til læreplass eller eit anna opplæringstilbod (punkt 42.3)

  • Godkjenning av lærebedrifter (punkt 42.4)

  • Regulering av opplæringskontor (punkt 42.5)

  • Internkontroll (punkt 42.6)

  • Innverknaden yrkesopplæringsnemnda har i saker om godkjenning av lærebedrift (punkt 42.7)

  • Pliktene til fylkeskommunen (punkt 42.8)

  • Regulering av kontrakten om opplæring og av arbeidsavtalen (punkt 42.9)

  • Individuell tilrettelegging (punkt 42.10)

  • Ansiktsdekkjande plagg (punkt 42.11)

Stortinget vedtok i vedtak 1078 (2020–2021): «Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene».

42.2 Fellesnemningar i lova

42.2.1 Dagens reglar

Opplæring i bedrift i fag- og yrkesopplæringa er i dag regulert i kapittel 4 i opplæringslova og i eigne kapittel i forskrift til opplæringslova. Paragrafar som gjeld for «elevar», gjeld ikkje for den som har opplæring i bedrift, med mindre det går særskilt fram av ordlyden. Når den som elles har læretid i bedrift, får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar, jf. opplæringslova § 4-1 andre ledd. Det er derfor berre opplæringa i bedrift som er særregulert for fag- og yrkesopplæringa i kapittel 4.

Opplæringslova deler inn dei som får opplæring i bedrift, i fire ulike kandidattypar:

  • lærlingar (avsluttar med fag- eller sveineprøve)

  • kandidatar for fagbrev på jobb (avsluttar med fag- eller sveineprøve)

  • praksisbrevkandidatar (avsluttar med standardisert prøve på lågare nivå enn fag- og sveineprøve)

  • lærekandidatar (avsluttar med individuelt tilpassa prøve på lågare nivå enn fag- og sveineprøve)

Alle desse har inngått kontrakt om opplæring i bedrift. Lova har inga fellesnemning for dei fire kandidattypane som får opplæring i bedrift, og heller ingen fellesnemningar for opplæringsordningar, kontraktar, sluttvurderingar eller dokumentasjon for dei fire. I tillegg til dei fire opplæringsordningane er det i dag også ei eiga godkjenningsordning som opnar for at ein kan gå opp til fag- og sveineprøven på grunnlag av allsidig praksis i faget (praksiskandidatordninga).

Systematikken i lova er slik at den enkelte paragrafen normalt nemner alle kandidattypane som er omfatta av paragrafen, og konkret omtaler dei enkelte ordningane, prøvane osv., sjå til dømes opplæringslova § 4-2.

42.2.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å bruke den som skal ha læretid i bedrift og den som har læretid i bedrift som fellesnemning for alle som får fagopplæring i bedrift

  • å bruke kontrakt om opplæring som fellesnemning for lærekontraktar, kontraktar om fagbrev på jobb og opplæringskontraktar

  • å ikkje vidareføre regulering av dei ulike opplæringsordningane i lova, men at dette blir flytta til forskrift til opplæringslova

  • å vidareføre at departementet kan gi forskrift om ulike opplæringsordningar for den vidaregåande opplæringa i bedrift

Med dette følgde departementet i hovudsak forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5. Forskjellen er at opplæringslovutvalet foreslo å bruke ordet «lærling» i staden for «den som skal ha læretid i bedrift» og «den som har læretid i bedrift».

42.2.3 Høyringsinstansanes syn

LO, Opplæringskontoret Innlandet og Utdanningsforbundet er blant dei som støttar forslaget om å bruke fellesnemninga den som skal ha læretid i bedrift, og den som har læretid i bedrift. Desse meiner at bruk av slike fellesnemningar vil rydde opp og gjere lova meir lesarvennleg. Det er viktig at lova nemner alle kandidattypane, men bruker ei fellesnemning i reglar der det ikkje er forskjellar i rettar og plikter for dei ulike ordningane.

Utdanningsforbundet ønskjer å ikkje vidareføre regulering av innhaldet i dei ulike opplæringsordningane i lova, og at dette blir flytta til forskrift til opplæringslova.

Andre er kritiske til å innføre samleomgrepet og er redd for at dette vil vere med på å svekkje statusen til lærlingordninga og omgrepet lærling. El og IT forbundet, NHO og Byggenæringens Landsforening er blant dei som er imot forslaget. Desse meiner at dagens § 4-1 som beskriv kven som er høvesvis lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb, bør behaldast. Dette er omgrep som er godt innarbeidde i fagopplæringa, og som tydeleg skil dei ulike kandidatane og kompetanseoppnåinga deira frå kvarandre, og ikkje minst kva opplæringsløp dei følgjer. Av den grunn er det behov for å skilje mellom kandidatomgrepa.

Nokre høyringsinstansar foreslår at ein bruker «lærlingar og andre kandidatar».

Høyringsinnspela er delte i synet på forslaget om å bruke kontrakt om opplæring som fellesnemning for lærekontraktar. LO, Utdanningsforbundet og Opplæringskontoret Innlandet er blant dei som støttar forslaget. Byggenæringens Landsforening og NHO er blant dei som er imot forslaget.

Svært få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre at departementet kan gi forskrift om ulike opplæringsordningar for den vidaregåande opplæringa i bedrift. Rogaland fylkeskommune, NHO og Byggenæringens Landsforening støttar forslaget. Viken fylkeskommune støttar ikkje forslaget og ønskjer at dei ulike opplæringsordningane, sluttprøvar og sluttkompetansar blir definerte i lova og ikkje i forskrift

42.2.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å bruke den som skal ha læretid i bedrift, og den som har læretid i bedrift, som fellesnemning for alle som får fagopplæring i bedrift. Ei fellesnemning for alle kandidattypar vil forenkle lova. Dagens systematikk der alle kandidattypar blir nemnde i alle paragrafane, skaper ein omfattande lovtekst som kan vere tung å lese.

Departementet foreslår av dei same grunnane å bruke kontrakt om opplæring som fellesnemning for lærekontrakt, opplæringskontrakt og kontrakt om fagbrev på jobb.

Departementet meiner samtidig at det er gode grunnar for å definere alle kandidattypar i lova. For det første vil det komme fram av lova at det er ulike opplæringsordningar, og lova kan på ein enkel og presis måte omtale rettar og plikter som ikkje gjeld for alle opplæringsordningar. For det andre vil lovregulering av kandidattypane bety at det er Stortinget som avgjer kva opplæringsordningar det skal vere i fag- og yrkesopplæringa. Eit alternativ til å definere ordningane i lova er å overlate definisjonane og all regulering av dei ulike kandidatordningane til forskrift. Sjølv om det er naturleg at det nærare innhaldet i dei ulike opplæringsordningane blir regulert i forskrift, kan det gi meir føreseielege vilkår for relevante aktørar at lova må endrast dersom ordningar skal fjernast eller nye leggjast til.

Departementet er samtidig samd med høyringsinstansane som påpeikar at lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb er omgrep som er godt innarbeidde i fag- og yrkesopplæringa, og som tydeleg skil dei ulike kandidatane, opplæringsordningane og kompetanseoppnåinga deira frå kvarandre. Departementet vil derfor foreslå at lova definerer alle kandidattypane, men bruker fellesnemning for alle kandidatar så lenge det ikkje er nødvendig å omtale rettar og plikter på ein meir presis måte.

Forslaget inneber ikkje at omgrepet «lærling» forsvinn, berre at det blir innført ei overordna fellesnemning for alle kandidattypar for å forenkle lova.

Departementet meiner det ikkje er tenleg å bruke lærling som fellesnemning for alle kandidattypar. Lærlingordninga har lange tradisjonar og er den klart mest brukte ordninga i dag. Lærling er den kandidattypen som er mest kjend, og som i størst grad gir assosiasjonar til fag- og yrkesopplæringa. Departementet meiner derfor det ikkje er tenleg å utvide innhaldet i lærlingnemninga. Det kan skape uklare reglar dersom lærling både brukast som fellesnemning og som nemning for kandidatar i lærlingordninga. Departementet foreslår i staden at lova bruker fellesnemningane den som skal ha læretid i bedrift og den som har læretid i bedrift. Nemningane er beskrivande for kven det er snakk om, og gjer det klart at det gjeld generelt, uavhengig av kva opplæringsordning den enkelte er inne i.

Forslaget inneber ikkje materielle endringar i ordningane. Dei fire ordningane for lærlingar, kandidatar for fagbrev på jobb, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar vil bestå.

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre at departementet kan gi forskrift om ulike opplæringsordningar for den vidaregåande opplæringa i bedrift.

42.2.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å definere dei ulike opplæringsordningane i bedrift i lova og i tillegg bruke «den som skal ha læretid i bedrift» og «den som har læretid i bedrift» som fellesnemning for alle som får fagopplæring i bedrift, sjå forslag til § 7-1 andre og fjerde ledd

  • å bruke «kontrakt om opplæring» som fellesnemning for lærekontraktar, kontraktar om fagbrev på jobb og opplæringskontraktar, sjå forslag til §§ 7-2 og 7-3

  • å vidareføre at departementet kan gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane for den vidaregåande opplæringa i bedrift. sjå forslaget til § 7-1 femte ledd

42.3 Rett til læreplass eller eit anna opplæringstilbod

42.3.1 Dagens reglar

Fag- og yrkesopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole (vidaregåande trinn 1 (vg1) og vidaregåande trinn 2 (vg2)) og to års læretid i bedrift (vidaregåande trinn 3 (vg3)), der eit av åra i bedrift blir rekna som opplæring og eit som verdiskaping.

Fylkeskommunen har ansvar for å formidle opplæring i bedrift til søkjarar med rett til opplæring.

Fylkeskommunen skal tilby opplæring i skole for elevar som ikkje får læreplass, jf. opplæringslova § 3-3 og forskrift til opplæringslova § 6A-6.

Innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma føreset dei fleste vg3-læreplanene opplæring i bedrift, men ingen har rett til læreplass.

Dagens reglar gir søkjarar med rett til opplæring, men som ikkje har fått tilbod om læreplass, rett til inntak på eit vg3-tilbod som byggjer på vg2-programområdet som søkjaren har gjennomført, jf. forskrift til opplæringslova § kapittel 6A. Fylkeskommunane skal tilby søkjaren opplæring i skole dersom søkjaren ønskjer det, og dersom fylkeskommunen ikkje kan skaffe læreplass innan 1. september.

42.3.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å innføre ein lovfesta rett til læreplass eller eit anna opplæringstilbod på vg3 som leier fram til fag- eller sveinebrev, og ein heimel til å gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass.

Med dette følgde departementet i hovudsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.3.3 Høyringsinstansanes syn

Dei fleste høyringsinstansar som har uttalt seg, er samde i at å innføre ein lovfesta rett til læreplass ikkje er tenleg eller mogleg å gjennomføre. Det er ikkje mogleg for staten å garantere at bedriftene har tilstrekkeleg med plassar til alle som søkjer.

Dei fleste støttar likevel at lova skal slå fast at dei som ikkje får læreplass, skal få eit anna opplæringstilbod på vg3 som leier fram til fag- eller sveinebrev.

Mellom anna LO meiner eit slikt andre tilbod ikkje må bli ei sovepute opp mot rett dimensjonering, rekruttering av læreplassar og formidling til opplæring i bedrift, noko som er langt meir kostbart for fylkeskommunen. Dei meiner vidare at ein «rett til læreplass» bør tolkast slik at fylkeskommunen må jobbe meir målretta med å tilby læreplass når ein opprettar eit yrkesfagleg tilbod med læretid i bedrift.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark støttar rett til læreplass eller eit anna opplæringstilbod på vg3 som leier fram til fag- eller sveineprøve, og uttaler mellom anna at:

Søkere til læreplass som ikke har fått lærekontrakt tilbys i Vestfold og Telemark 15 måneders opplæring i regi av skolen, med forventning om å bestå fagprøven. Lærlinger i bedrift har som hovedregel 24 måneder opplæring og verdiskapning før de skal avlegge fagprøven. Elever som får opplæring i vg3 i skole må sikres lik total opplærings- og verdiskapingstid før de går opp til fagprøve/kompetanseprøve. Dette vil sikre mer likeverdig opplæring.

Likestillings- og diskrimineringsombodet er bekymra for at fleire elevar står utan læreplass. Dei viser til at ungdomsgruppa utan plass blir kjenneteikna av låge karakterar og høgt fråvær, og at menn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte. Vidare blir det vist til at gutar som har foreldre utan utdanning, har ei dobbelt ulempe og viser seg spesielt sårbare for dårlege sosioøkonomiske forhold. Ombodet er bekymra for at dette på sikt kan skape ein underklasse av menn som ikkje er integrerte i samfunnet gjennom jobb og familieliv. Ombodet meiner at eit tiltak for å bøte på dette kan vere at det blir innført ein lovfesta rett til læreplass for alle elevar som fullfører vg2 yrkesfag.

42.3.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår at søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, skal ha rett til læreplass. Dersom fylkeskommunen likevel ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, skal søkjaren ha rett til eit anna opplæringstilbod på vg3 bygd på det programområdet hen har gjennomført på vg2.

Forslaget er i hovudsak ei vidareføring av dagens reglar, men gjer tydeleg i lova at læreplass er målet, og at elevar som ikkje får læreplass, også er sikra progresjon i det yrkesfaglege opplæringsløpet.

Departementet vil understreke viktigheita av å skaffe læreplass i bedrift til så mange søkjarar med rett til opplæring som mogleg. Departementet er samtidig samd med høyringsinstansane i at det ikkje er mogleg for staten å innføre ein rett til læreplass absolutt utan vilkår. Tilgang til læreplassar er noko verken staten eller fylkeskommunane kan garantere. Forslaget er heller ikkje meint å innebere ein absolutt rett til læreplass, men ein rett som kan oppfyllast med læreplass eller, der det ikkje er mogleg, med eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 som leier fram til fag- eller sveinebrev.

Departementet understrekar likevel at forslaget bør tolkast slik at fylkeskommunen må jobbe meir målretta med å tilby læreplass når ein opprettar eit yrkesfagleg tilbod med læretid i bedrift. Departementet er samd med LO i at eit alternativt tilbod ikkje må bli ei «sovepute» sett opp mot rett dimensjonering, rekruttering av læreplassar og formidling til opplæring i bedrift, noko som kan vere meir kostbart for fylkeskommunen. Eit av måla med forslaget er å skaffe læreplass i bedrift til så mange søkjarar som mogleg. Forslaget inneber ikkje at alternative opplæringstilbod skal framhevast på kostnad av å skaffe læreplassar i bedriftene. Departementet er samd i at eit alternativt opplæringstilbod i regi av fylkeskommunane ikkje vil bli det same som tilbod om ein læreplass i bedrift.

Sjølv om målsetjinga er å skaffe læreplass i bedrift til så mange søkjarar med rett til opplæring som mogleg, er det likevel viktig at det alternative opplæringstilbodet også er så godt som mogleg. I dag er overgangen frå vidaregåande trinn 2 (vg2) til læretida eit strukturelt hinder for mange elevar i fag- og yrkesopplæringa, jf. Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Medan elevar på studieførebuande utdanningsprogram blir tekne inn til eit samanhengande treårig løp, er ungdommar i fag- og yrkesopplæringa avhengige av å bli valde ut av ei bedrift frå vg2. Eit av måla med lovforslaget er å gjere tydeleg for dei som vel yrkesfag, at dei skal få gjennomføre ei meir heilskapleg og samanhengande opplæringsordning enn dei får i dag. Dette er viktig for å nå målet om god rekruttering til yrkesfag og fleire utdanna fagarbeidarar.

I Meld. St. 21 (2020–2021) blir det trekt fram at kunnskapsgrunnlaget om dagens vg3 i skole har vesentlege manglar når det gjeld kor lenge tilbodet varer, at det kjem seint i gang på hausten, og korleis det blir organisert. I oppmodingsvedtak 1070 frå 1. juni 2021 ber Stortinget om at regjeringa, i samarbeid med partane, konkretiserer nærare forbetringar av vg3 i skole. Departementet vil følgje opp dette gjennom dialog med partane i arbeidslivet og fylkeskommunane mfl. for å sikre at opplæringstilbodet for dei som ikkje får læreplass, blir forbetra.

Departementet ser særleg alvorleg på at fleire tilbod om vg3 i skole kjem seint i gang, nokon så seint som i november. Elevar som står utan læreplass, får dermed eit lengre opphald i det yrkesfaglege opplæringsløpet, som kan gi auka risiko for fråfall. Noko av årsaka til sein oppstart kan vere dagens formulering i forskrift § 6A-6 som seier at fylkeskommunen må gi tilbod om vg3 i skole dersom ein ikkje har lykkast med å bli formidla til læreplass innan 1. september. Ein del fylkeskommunar ventar dermed til etter denne fristen før det blir planlagt og oppretta eit tilbod til elevar utan læreplass. Departementet ser det slik at det bør gjerast noko med dette.

Departementet har merka seg diskusjonen rundt bruken av nemninga likeverdig tilbod. I Innst. 585 S. (2020–2021) blir det peika på at nemninga i enkelte samanhengar blir forstått som «likt», og at det ikkje er rett å likestille dei to typane tilbod. Departementet er samd i at eit opplæringstilbod i regi av fylkeskommunane ikkje vil bli det same som tilbod om ein læreplass. For å unngå slike misforståingar foreslår departementet ei anna nemning enn likeverdig tilbod.

I dagens reglar i opplæringslova § 3-3 femte ledd står det at bedriftsdelen av opplæringa for dei som ikkje får læreplass, skal «skje i skole». Departementet meiner at uttrykket «i skole» ikkje bør førast vidare fordi dette kan gi eit skeivt bilete av kva det alternativet opplæringstilbodet for dei som ikkje får læreplass, skal omfatte.

Departementet meiner at lova bør slå fast at dei som ikkje får læreplass, skal få eit anna opplæringstilbod på vg3 som leier fram til fag- eller sveinebrev. Forslaget til formulering er eit «anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 som byggjer på det programområdet søkjaren har gjennomført på vidaregåande trinn 2».

Det er fylkeskommunane som skal vere ansvarlege for opplæringstilbodet. Både dei som blir formidla til læreplass, og dei som skal få andre opplæringstilbod, må oppfylle vilkåra for inntak til vidaregåande trinn 3. Vilkåra for inntak skal som i dag følgje av reglane i forskrifta om inntak og formidling.

Departementet foreslår også ein heimel til å gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass, som eit ledd i å forbetre tilbodet. Dette mellom anna for å sikre tidleg oppstart av tilbodet til dei som ikkje får læreplass.

42.3.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • at søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, skal ha rett til læreplass. Dersom fylkeskommunen likevel ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, har søkjaren rett til eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet hen har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Sjå forslaget til § 5-6

  • ein heimel til å gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass. Sjå forslaget til § 5-6 tredje punktum

42.4 Godkjenning av lærebedrifter, og lærebedriftenes ansvar for opplæringa

42.4.1 Dagens reglar

Bedrifter som tek på seg å gi vidaregåande opplæring, må vere godkjende som lærebedrift av fylkeskommunane, jf. opplæringslova § 4-3 første ledd. § 4-3 tredje ledd fastset tre overordna vilkår for å kunne godkjennast som lærebedrift. Lærebedrifta må

  • vere i stand til å gi opplæring i samsvar med læreplanar i fag,

  • ha ein eller fleire tilsette som er fagleg kvalifisert, og

  • ha ein eller fleire tilsette som kan ha rolla som instruktør for den som skal ha læretid i bedrifta.

Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring for å sikre at opplæringa er i samsvar med opplæringslova og forskrift til opplæringslova, jf. § 4-7. Det står vidare i paragrafen at éin eller fleire representantar for arbeidstakarane saman med den faglege leiaren jamleg skal kontrollere at lærebedrifta oppfyller krava i lov og forskrift.

Lærebedriftene skal leggje produksjonen og opplæringa til rette slik at opplæringsmåla kan nåast, jf. § 4-4 første ledd. Ifølgje forarbeida til lova er det ein føresetnad for godkjenning som lærebedrift at ein kan gi opplæring i heile læreplanen. Enkeltbedrifter som ikkje kan stå for dette aleine, må samarbeide gjennom eit opplæringskontor eller ein opplæringsring. Der lærebedrifta er eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, skal bedriftene som samarbeider, dokumentere at dei samla tilfredsstiller krava om innhaldet i opplæringa, jf. § 4-3 tredje ledd.

Opplæringslova § 4-3 fjerde ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning. Dette er gjort i forskrifta kapittel 11. Godkjende lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet. jf. § 4-4 femte ledd.

Når det gjeld lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa, skal lærebedriftene lage ein plan som sikrar at opplæringa tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen, sjå § 4-4 første ledd. Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen, sjå § 4-4 fjerde ledd. Lærebedriftene har også plikt til å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. jf. § 4-4 andre ledd.

42.4.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre krav om at lærebedrifter skal godkjennast, men at det ikkje skal vere krav om å godkjenne bedriftssamarbeid

  • å flytte reglane om tap av godkjenning som lærebedrift frå forskrift til opplæringslova

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.4.3 Høyringsinstansanes syn

Dei få høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaga som gjeld godkjenning av lærebedrifter, støttar i all hovudsak forslaga.

42.4.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre dei tre overordna vilkåra for å kunne godkjennast som lærebedrift. Lærebedrifta må vere i stand til å gi opplæring i samsvar med læreplanar i fag, ha ein eller fleire tilsette som er fagleg kvalifiserte, og ha ein eller fleire tilsette som kan ha rolla som instruktør for den som skal ha læretid i bedrifta.

I dag kan bedrifter godkjennast som lærebedrift sjølv om dei ikkje kan gi alle delane av opplæringa aleine.

Departementet foreslår å vidareføre regelen om at ei bedrift kan godkjennast som lærebedrift sjølv om bedrifta ikkje kan stå for all opplæringa aleine. Lærebedrifta kan framleis gi all opplæringa sjølv, eller ho kan oppfylle kravet ved avtale om at (mindre) delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift. Ordninga kan bidra til at fleire bedrifter vel å søkje godkjenning som lærebedrift. Godkjenninga vil, som i dag, gjelde dei delane av opplæringa bedriften har godtgjort at han kan stå for.

Til liks med opplæringslovutvalet meiner departementet at det ikkje er nødvendig å krevje ei eiga godkjenning av samarbeidet mellom to eller fleire lærebedrifter. Dersom alle bedriftene i samarbeidet er godkjende som lærebedrifter kvar for seg, er det unødvendig å krevje ei eiga godkjenning av samarbeidet. Det bør vere tilstrekkeleg at lova krev at det kjem fram av den godkjende kontrakten om opplæring kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa, jf. forslaget til § 7-2 første ledd andre punktum.

Departementet foreslår at lærebedrifter skal godkjennast, men at det ikkje skal vere krav om å godkjenne bedriftssamarbeid.

Departementet foreslår vidare ein forskriftsheimel i forslaget til § 7-6, for ei nærare regulering av samarbeid mellom lærebedrifter.

Departementet foreslår også å vidareføre at godkjende lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen.

I dag er reglane om tilbaketrekking av godkjenning fastsette i forskrift til opplæringslova. Etter vurderinga til departementet høyrer desse reglane naturleg saman med reglane om oppfølginga frå fylkeskommunen. Departementet foreslår derfor å flytte reglane om tap av godkjenning frå forskrifta og til opplæringslova. Reglane om tap av godkjenning inneber mellom anna at etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan fylkeskommunen trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda. Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.

Når det gjeld lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa, foreslår departementet å vidareføre at lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at opplæringa er i samsvar med kontraktane til dei som har læretid i bedrifta. Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal, som i dag, melde frå til fylkeskommunen. Departementet foreslår også å vidareføre lærebedriftene sin plikt til å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø.

42.4.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre krav om at lærebedrifter skal godkjennast, men at det ikkje skal vere krav om å godkjenne bedriftssamarbeid, sjå forslaget til §§ 7-5 og 7-6

  • å vidareføre at godkjende lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen, sjå forslaget til § 7-8

  • å flytte reglane om tap av godkjenning som lærebedrift frå forskrift til opplæringslova, sjå forslaga til § 7-9 andre, tredje og fjerde ledd

  • å vidareføre at lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at opplæringa er i samsvar med kontraktane til dei som har læretid i bedrifta. Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen, sjå forslaget til § 7-10 første og tredje ledd

  • å vidareføre at lærebedriftene skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø, sjå forslaget til § 7-10 andre ledd

42.5 Regulering av opplæringskontor

42.5.1 Dagens reglar

Bedrifter som tek på seg å gi vidaregåande opplæring, må vere godkjende som lærebedrift av fylkeskommunane, jf. opplæringslova § 4-3 første ledd. Fylkeskommunane kan også godkjenne «organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar». Det vil seie at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring kan godkjennast som lærebedrift. Reglane for lærebedrifter gjeld då tilsvarande for opplæringskontora.

For at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring skal bli godkjent som lærebedrift, må dei enkelte bedriftene som inngår i kontoret eller ringen, vere godkjende av fylkeskommunane, jf. § 4-3 andre ledd. Dei underliggjande bedriftene blir ikkje rekna som lærebedrifter når dei samarbeider gjennom eit opplæringskontor, men som medlemsbedrifter i opplæringskontora, sjå Ot.prp. nr. 41 (2006–2007). Medlemsbedrifter er ikkje regulerte utover kravet i lova om at desse må godkjennast og slik oppfylle kravet lova har til lærebedrifter.

Før fylkeskommunane godkjenner ei lærebedrift og medlemsbedrift i opplæringskontor/-ring, skal yrkesopplæringsnemnda vurdere dei fagleg og fylkeskommunane skal leggje avgjerande vekt på denne vurderinga før det blir gjort vedtak, jf. første ledd. Både dei enkelte medlemsbedriftene og opplæringskontoret må vurderast av yrkesopplæringsnemnda og godkjennast av fylkeskommunane.

42.5.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å anten vidareføre ei regulering av opplæringskontor som lærebedrift, slik at kontrakt om opplæring blir teikna med opplæringskontoret og lærlingtilskotet som utgangspunkt blir fordelt til opplæringskontoret, eller å regulere opplæringskontor som noko anna enn lærebedrift

  • å innføre ein heimel til å gi nærare reglar om opplæringskontor i forskrift

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5. Utvalet foreslo at opplæringskontor ikkje blir regulerte i opplæringslova og dermed heller ikkje kan godkjennast som lærebedrift.

42.5.3 Høyringsinstansanes syn

Fleire av dei mindre opplæringskontora ønskjer at opplæringskontor skal ta på seg opplæringsansvar saman med medlemsbedriftene sine, og at kontrakt om opplæring blir teikna med den som har læretid i bedrift og opplæringskontor som partar. Opplæringskontorenes landsforbund (OKL) er tydelege på at opplæringskontora må vere klart definerte i opplæringslova. Opplæringskontora må etter OKLs oppfatning vere ein part i kontraktane om opplæring anten som godkjend lærebedrift eller som ansvarlege leiarar. Det blir vist til at dersom opplæringskontora ikkje blir definerte med eit opplæringsansvar, risikerer ein at mange små- og mellomstore bedrifter ikkje vil ta på seg dette ansvaret sjølv. Det kan gi færre læreplassar og færre læringsarenaer for mellom anna dei tradisjonelle handverksfaga. I verste fall vil viktig fagkompetanse og tradisjonar gå tapt. Utan det formelle opplæringsansvaret kan opplæringskontora miste den rolla dei i dag har, som får medlemsbedriftene til å forplikte til eit felles opplæringsansvar, ikkje berre eiga bedrift. Enkelte høyringsinstansar foreslår at opplæringskontora blir regulerte som i den no oppheva lova om fagopplæring i arbeidslivet (LOV-1980-05-23-13), og har følgjande forslag til lovfesta definisjon av opplæringskontor:

Opplæringskontor er et samarbeidsorgan som påtar seg opplæringsansvar sammen med sine medlemsbedrifter. Lærekontrakten tegnes med lærling og opplæringskontor som parter. Opplæringskontorets lærlinger får opplæring i en medlemsbedrift eller i perioder i forskjellige medlemsbedrifter. Opplæringskontoret og hver medlemsbedrift i et opplæringskontor må være godkjent lærebedrift.

Enkelte større opplæringskontor meiner at opplæringskontora ikkje bør ha ansvaret for opplæringa. Nokre påpeiker at det i utgangspunktet bør stillast ulike krav til den verksemda som står for opplæringa (medlemsbedrifta), og til den som administrerer medlemsbedriftene (opplæringskontoret). Dette gjeld til dømes krava til fagleg aktivitet og krava til organisering og under dette kravet om instruktørar. Det blir påpeika at nokre opplæringskontor administrerer og gjennomfører kurs og teoriundervisning for dei som har opplæring i bedrift, og at dette kan gjerast utan å vere avtalepart i kontrakten om opplæring.

LO meiner at opplæringskontor ikkje bør regulerast som lærebedrifter, men som einingar for samarbeid mellom lærebedrifter, som må godkjennast av yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen. LO meiner følgjande kriterium, som opplæringskontora vanlegvis ikkje oppfyller, må stillast til lærebedrifter for godkjenning:

  • Bedriften må ha egen produksjon i lærefaget det skal gis opplæring i.

  • Bedriften må ha ansatte med kompetanse i lærefaget i rollen som instruktør/veileder i den daglige opplæringen.

  • Arbeidsgiver må ha kvalifiserte personer og kompetanse som gjør at bedriften/virksomheten kan innfri kravene som stilles til opplæring i bedrift og til arbeidsgiveransvaret.

  • Bedriften må ha oppnevnt en representant fra de ansatte som skal føre tilsyn med at opplæringen gis i tråd med kravene i læreplanene og vurdering underveis. LO er opptatt av at lærlingtilskuddet skal komme de som har opplæring i bedrift til gode. Det vil si at fylkeskommunen må stille krav til lærebedrifter som mottar lærlingtilskudd og opplæringskontor som har avtale om å fordele lærlingtilskudd.

NHO foreslår ei hybridløysing mellom dei to forslaga, der opplæringskontora blir definerte som samarbeidsorgan som tek på seg opplæringsansvar, eigde av medlemsbedrifter. Vidare bør opplæringskontora vere eigne rettssubjekt. Dei meiner at kontrakten om opplæring må kunne teiknast av opplæringskontora.

42.5.4 Departementets vurdering

I samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden vedtok Stortinget i vedtak 1078 (2020–2021): «Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene». Departementet følgjer med dette lovforslaget opp den delen av Stortingets vedtak som handlar om at opplæringskontor framleis skal være lovregulert.

Med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget, mellom anna Proba-rapporten om rolla og finansieringa til opplæringskontora (2016) og innspel frå høyringsinstansane, kan ikkje departementet sjå at det er ein felles praksis for kva ansvar og kva oppgåver opplæringskontor har i dag. Opplæringskontora er ikkje ei homogen gruppe, og kunnskapsgrunnlaget viser til dels store variasjonar i kva oppgåver som ligg hos medlemsbedrifta, og kva for nokre av dei som ligg hos opplæringskontoret. Sidan opplæringskontora er så ulike og verkar så ulikt, kan ei nærare regulering innebere ei lite tenleg avgrensing av oppgåver for nokre opplæringskontor og ei utviding av oppgåvene for andre.

Dagens reglar seier at dei som har læretid i bedrift skal inngå arbeidsavtale med «den bedrifta dei […] er plasserte i» og kontrakt om opplæring med «lærebedrifta». I praksis blir arbeidsavtalen ofte inngått med medlemsbedrifta der den som har læretid i bedrift jobbar, og kontrakt om opplæring med opplæringskontoret. Dette inneber at den som har læretid i bedrift er underlagd instruksjon frå to ulike avtalepartar i arbeidstida. Denne ordninga bryt med prinsippet om at kontrakt om opplæring og arbeidskontrakt har same partar.

Som utgangspunkt meiner departementet at oppgåver og ansvar som knyter seg direkte til opplæringa og til arbeidsforholdet, bør liggje hos bedrifta der den som skal ha læretid i bedrift får opplæring. Departementet meiner vidare at den som har ansvaret for opplæringa, også bør ha ansvaret for å oppfylle reglane knytte til opplæring, mellom anna reglane om vurdering.

Etter dagens reglar blir opplæringskontor rekna som lærebedrifter, men det er fleire av reglane om rettane og pliktene til lærebedrifta som ikkje passar for opplæringskontor. Mange av desse rettane og pliktene blir utøvde av medlemsbedriftene. I praksis er lærebedrifter og opplæringskontor ofte to ulike typar verksemder. Både kunnskapsgrunnlaget og innspela i høyringa viser at det på fleire område er lite samsvar mellom kart og terreng i dagens praksis og regulering av opplæringskontora. Departementet ser at det kan oppstå uklarleik om ansvara og oppgåvene til opplæringskontora etter dagens reglar. Misforholdet mellom kart og terreng bør etter vurderinga til departementet korrigerast gjennom ei klargjering av rolla og oppgåvene til opplæringskontora, ved at opplæringskontor blir regulerte i opplæringslova som samarbeidsorgan for lærebedrifter.

Konsekvensen av at opplæringskontora blir regulerte som noko anna enn lærebedrift, er at ei medlemsbedrift som utgangspunkt vil vere regulert som kva lærebedrift som helst. Kva dei kan overlate til opplæringskontora og samarbeide med desse om, vil avhenge av avtale og eventuelle avgrensingar i forskrift. Utgangspunktet vil vere at begge kontraktar blir inngått med lærebedrifta, med mindre anna er tillate etter forskrifta, og lærebedrifta har inngått avtale med opplæringskontor om det. Departementet meiner at lærebedrifta som utgangspunkt må kunne gi opplæring i samsvar med læreplanar i lærefaget. Lærebedrifta kan framleis gi all opplæringa sjølv, eller ho kan oppfylle kravet ved avtale om at delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift. Dette kan bidra til at fleire bedrifter velger å søke godkjenning som lærebedrift. Dersom alle bedriftene i samarbeidet er godkjende som lærebedrifter kvar for seg, er det unødvendig å krevje ei eiga godkjenning av samarbeidet. Det bør vere tilstrekkeleg at lova krev at det kjem fram av den godkjende kontrakten om opplæring kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa, jf. forslaget til § 7-2 første ledd andre punktum. Dersom ei verksemd oppfyller krava til godkjenning som lærebedrift (anten åleine eller ved samarbeidsavtale) vil det ikkje vera noko som hindrar at verksemda opererer både som opplæringskontor og som godkjend lærebedrift, så lenge denne verksemda oppfyller vilkåra for å vere godkjend lærebedrift. Ansvaret for opplæringa ligg uansett hos den lærebedrifta kontrakten om opplæring er inngått med.

Opplæringslovutvalet foreslo å ta opplæringskontor ut av lova, men føresatte at opplæringskontora framleis skulle kunne hjelpe lærebedrifter og ha ei sentral rolle i formidlinga til læreplassar. Sjølv om opplæringskontor kan operere utan å vere regulerte i opplæringslova, meiner departementet det er fleire fordelar ved å regulere opplæringskontor i lova. Høyringsinnspela og Stortingets behandling av Meld. St. 21 (2020–2021) viser eit ønske om at opplæringskontora skal vere sentrale også i framtida. Lovfesting vil etter oppfatninga til departementet bidra til å gjere tydeleg rolla til kontora. Departementet foreslår derfor å regulere opplæringskontor som samarbeidsorgan for lærebedrifter. Departementet meiner at det verken er nødvendig eller tenleg med ei omfattende lovegulering. Meir detaljerte reglar er det eventuelt naturleg å vurdere i forskrift, og departementet foreslår derfor ein forskriftsheimel.

Opplæringskontora får i dag lærlingtilskot. Partane avgjer sjølve korleis dette blir fordelt. Det er stor variasjon i kor stor del av lærlingtilskotet opplæringskontora beheld sjølve, og kor mykje som går til lærebedriftene. Nokre opplæringskontor utbetaler heile lærlingtilskotet og har andre inntekter til å dekkje eiga drift, medan andre beheld delar av eller heile lærlingtilskotet. Forslaget inneber at opplæringskontor blir regulert som samarbeidsorgan for lærebedrifter og ikkje som lærebedrift. Opplæringskontora vil derfor ikkje få lærlingtilskot direkte frå fylkeskommunen, men godkjende lærebedrifter kan kjøpe ulike former for bistand og administrative tenester frå opplæringskontor, så lenge dette ikkje er i strid med lova. Forslaget endrar ikkje dei samla utgiftene fylkeskommunane har knytt til dei som som har læretid i bedrift, men snur pengestraumen slik at han først tilkjem lærebedriftene og deretter eventuelt opplæringskontora.

42.5.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å regulere opplæringskontor som samarbeidsorgan for lærebedrifter og å innføre ein heimel til å gi reglar om opplæringskontor i forskrift, sjå forslag til § 7-5 tredje ledd.

42.6 Internkontroll

42.6.1 Dagens reglar

Dagens opplæringslov fastset at internkontrollen skal gjennomførast av den faglege leiaren i samarbeid med representantar for arbeidstakarane, jf. § 4-7.

42.6.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet at kravet om at internkontrollen skal gjennomførast av den faglege leiaren i samarbeid med representantar for arbeidstakarane, blir erstatta av eit krav om at representantar for arbeidstakarane skal få ta del i arbeidet med internkontroll.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.6.3 Høyringsinstansanes syn

NHO støttar departementets forslag om å endre mandatet til tilsynsrepresentantane som blir utnemnde frå dei tilsette for å delta i internkontroll.

LO støttar ikkje departementets forslag om å endre mandatet til tilsynsrepresentantane som blir utnemnde frå dei tilsette for å delta i internkontroll, og uttaler at:

Det svekker vernet for de som skal ha opplæring i bedrift, og fylkeskommunens praktiske mulighet for innsyn i hvordan opplæringen foregår i lærebedriftene. Forslaget svekker også rollen for arbeidstakersidens deltakelse i fag- og yrkesopplæringen. Riksrevisjonen har etterlyst behov for bedre kvalitetssikring i fag- og yrkesopplæring. I europeisk utvikling av fag- og yrkesopplæring løftes kvalitet fram. Det vil være oppsiktsvekkende om Norges skal bygge ned de enkle systemene vi har. Vi må heller styrke de, og LO deltar gjerne i et slikt utviklingsarbeid. Arbeidstakerne og deres organisasjoner må fortsatt ha et sterkt mandat i tråd med norsk samarbeidstradisjon i arbeidslivet og intensjonene i ILO konvensjon 142 om trepartssamarbeid.

42.6.4 Departementets vurdering

Departementet opprettheld ikkje forslaget frå høyringa om å erstatte kravet om at internkontrollen skal gjennomførast av den faglege leiaren i samarbeid med representantar for arbeidstakarane, med eit krav om at representantar for arbeidstakarane skal få ta del i arbeidet med internkontroll.

Internkontroll etter opplæringslova omfattar kontroll med at bedrifta oppfyller pliktene i opplæringslova for lærebedrifter. Det betyr at reglane om internkontroll etter anna regelverk, mellom anna arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta, gjeld i tillegg til og uavhengig av kva som blir regulert i opplæringslova. Departementet er samd med LO i at det er viktig at dei arbeidstakarane som jobbar med dei som skal ha læretid i bedrift i det daglege, også tek del i internkontrollen. Etter vurderinga til departementet bør ikkje vernet for dei som skal ha læretid i bedrift, svekkjast. Det same gjeld for den praktiske moglegheita fylkeskommunen har til innsyn i korleis opplæringa går føre seg i lærebedriftene. Rolla for deltakinga til arbeidstakarsida i fag- og yrkesopplæringa bør heller ikkje svekkjast. Departementet foreslår derfor at internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane. Departementet foreslår å ikkje vidareføre krav om at interkontrollen skal utførast av fagleg leiar.

Departementet foreslår å vidareføre at lærebedriftene årleg skal rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir, og at departementet kan gi nærare forskrifter om rapporteringsplikta.

42.6.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • at lærebedriftenes internkontroll skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane, sjå forslaget til § 7-11 første ledd.

  • at lærebedriftene årleg skal rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir, sjå forslaget til § 7-11 andre ledd første punktum

42.7 Innverknaden til yrkesopplæringsnemnda i saker om godkjenning av lærebedrift

42.7.1 Dagens reglar

Det er fylkeskommunane som skal godkjenne lærebedrifter som oppfyller krava til lærebedrifter.

Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda før endeleg vedtak om godkjenning av lærebedrift blir gjort, jf. opplæringslova § 4-3 første ledd.

I 2007 vart Yrkesopplæringsnemndas mynde til å ta avgjerder erstatta med dagens formulering «avgjerande vekt». I Ot.prp. nr. 41 (2006–2007), punkt 6.2.4.2 blir dette utdjupa slik: «Dette medfører i praksis at saka må leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen eventuelt vurderer bedrifta mot desse ytterlegare vilkåra.»

42.7.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å endre lova slik at råda frå yrkesopplæringsnemnda i saker om godkjenning av lærebedrifter ikkje skal få avgjerande, men tung vekt

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.7.3 Høyringsinstansanes syn

Departementet foreslo i høyringsnotatet å endre lova slik at råda frå yrkesopplæringsnemnda skal få «stor vekt» og «vega tungt», i staden for dagens «avgjerande vekt».

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane som har kommentert forslaget, er usamde i at avgjerande vekt skal erstattast. Dei argumenterer med at partane har stor innverknad i andre saker med betydning for fag- og yrkesopplæringa, særleg at dimensjoneringsarbeidet er avgjerande for å vareta behovet i arbeidslivet. Fleire av dei som er imot forslaget, meiner at yrkesopplæringsnemnda bør ha mynde til å gjere vedtak i dimensjoneringsspørsmål. LO meiner at Yrkesopplæringsnemndas mandat til å godkjenne må styrkjast for å ha ein reell funksjon. LO viser til tidlegare rapport frå Samarbeidsrådet for yrkesopplæring om behov for å styrkje, ikkje svekkje, Yrkesopplæringsnemndenes mandat og rolle. Endringsforslag: «Den faglige vurderingen fra yrkesopplæringsnemnda skal tillegges avgjørende vekt.»

Statsforvaltaren i Agder og Utdanningsforbundet støttar forslaget. Dei viser til at ordlyden i lova må spegle av kvar myndet til å ta avgjerd formelt ligg.

42.7.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår at fylkeskommunen fortsatt skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemda i saker om godkjenning av lærebedrifter.

Departementet er samd med LO i at yrkesopplæringsnemndas mandat i at godkjenningssaker ikkje bør svekkjast for å ha ein reell funksjon. På bakgrunn av dette og andre høyringsinnspel om at yrkesopplæringsnemnda framleis bør ha vesentleg innverknad i saker som gjeld om ei bedrift kan godkjennast som lærebedrift, vel departementet å ikkje følgje opp høyringsforslaget. Departementet meiner at yrkesopplæringsnemnda framleis bør ha vesentleg innverknad i saker som gjeld om bedrift kan godkjennast som lærebedrift. I 2007 vart yrkesopplæringsnemndas mynde til å ta avgjerder erstatta med dagens formulering «avgjerande vekt». I Ot.prp. nr. 41 (2006–2007), punkt 6.2.4.2 blir dette utdjupa slik: «Dette medfører i praksis at saka må leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen eventuelt vurderer bedrifta mot desse ytterlegare vilkåra.» Dette inneber at fylkeskommunane ikkje skal vurdere godkjenning av ei lærebedrift som ikkje oppfyller dei faglege krava for godkjenning, men samtidig at fylkeskommunane kan la vere å godkjenne ei bedrift sjølv om yrkesopplæringsnemnda meiner bedrifta fyller dei faglege vilkåra. Det skal mykje til for ikkje å følgje på den faglege vurderinga til nemnda, men samtidig vil departementet understreke at yrkesopplæringsnemnda ikkje er gitt mynde til å ta avgjerder.

42.7.5 Departementets forslag

Departementet foreslår at råda frå yrkesopplæringsnemnda i saker om godkjenning av lærebedrifter framleis skal få avgjerande vekt, sjå forslaget til § 7-5 andre ledd andre punktum

42.8 Pliktene til fylkeskommunen

42.8.1 Dagens reglar

Fylkeskommunane har ansvaret for å godkjenne lærebedrifter. Fylkeskommunane skal i tillegg godkjenne alle kontraktar om opplæring som blir inngått, jf. § 4-5.

Ansvaret for å formidle søkjarar til læreplass kjem ikkje fram direkte av dagens opplæringslov. Det går likevel fram av § 3-3 femte ledd at «dersom fylkeskommunen ikkje kan formidla opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole». I lys av dette legg departementet til grunn at ansvaret for formidling av læreplass ligg hos fylkeskommunane. Fylkeskommunane har dessutan ansvaret for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring.

Ansvaret fylkeskommunane har for formidling av læreplass, er regulert i forskrift til opplæringslova § 6A-6, som mellom anna seier at «[f]ylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtalar om læreplass med». Vidare skal fylkeskommunane tilby opplæring i skole til søkjarar som har rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1, men som ikkje har fått tilbod om læreplass innan 1. september, jf. forskrift til opplæringslova § 6 A-9.

42.8.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • at fylkeskommunen framleis skal vere godkjenningsstyresmakt for lærebedrifter

  • å innføre ein regel som gjer det tydelegare at fylkeskommunane har plikt til å rettleie og kontrollere at godkjende lærebedrifter oppfyller krava i lova

  • å gjere tydeleg ansvaret frå fylkeskommunane for formidling og utvide ansvaret til å omfatte alle kvalifiserte søkjarar

  • å vidareføre plikta fylkeskommunen har til å tilby praksisbrevopplæring

  • å vidareføre dagens regel om at saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemndene, og å presisere at råda frå yrkesopplæringsnemnda skal «vege tungt»

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5. Utvalet foreslo å ikkje vidareføre plikta til å tilby praksisbrevopplæring.

42.8.3 Høyringsinstansanes syn

Dei fleste forslaga som gjeld pliktene til fylkeskommunen, har fått brei støtte i høyringa. Unntaket er forslaget om at råda frå yrkesopplæringsnemnda i saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa skal «vege tungt». Fleire av høyringsinstansane er kritiske til dette. Mellom anna LO uttaler at dei ser argumentasjonen til departementet om yrkesopplæringsnemndas mandat, men meiner dagens tekst må førast vidare, at råda frå yrkesopplæringsnemnda skal «tillegges avgjørende vekt». Dei uttaler at

LO tenker at begrepet ikke er så «enerådig» som departementet fremstiller det i drøftingen. I lovteksten er det alt fastslått at dette er et råd, og ikke en avgjørelse. Begrepet kan gis en nærmere definisjon. Dersom vektige forvaltningsmessige grunner tilsier å ikke følge nemndas innstilling, kan opplysningen følge saken til neste beslutningsnivå. LO er overbevist om at de fleste sakene vil kunne håndteres med rimelighet og forstand, selv om begrepet avgjørende vekt videreføres.

42.8.4 Departementets vurdering

42.8.4.1 Fylkeskommunens ansvar for å godkjenne, rettleie og kontrollere lærebedrifter

Departementet foreslår at fylkeskommunen framleis skal vere godkjenningsstyresmakt for lærebedrifter. Vidare foreslår departmentet å innføre ein regel som gjer det tydelegare at fylkeskommunane har plikt til å rettleie og kontrollere at godkjende lærebedrifter oppfyller krava i lova.

42.8.4.2 Presisere og utvide ansvaret for å rekruttere og formidle til læreplassar

Departementet foreslår å presisere i lova at fylkeskommunane har ansvar for å rekruttere lærebedrifter, og å gjere tydeleg i lova at dei har ansvar for å formidle læreplassar. Departementet foreslår at lova slår fast at fylkeskommunane skal formidle søkjarar til godkjende lærebedrifter.

Departementet foreslår å utvide formidlingsansvaret til å omfatte alle søkjarar som oppfyller vilkåra for formidling til læreplass. Formidlingsarbeidet frå fylkeskommunane skal ifølgje forslaget omfatte både søkjarar til opplæring for ungdom og opplæring for vaksne. I punkt 40 foreslår departementet utvidingar i retten til vidaregåande opplæring slik at fleire vil få ein rett til meir opplæring som vaksen. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande opplæring generelt, og både fylkeskommunane og samfunnet samla sett er best tente med at dei som har starta på eit yrkesfagleg opplæringsløp, får fullføre det. Etter vurderinga til departementet er det derfor rimeleg at fylkeskommunane også jobbar for å få vaksne ut i lære slik at dei får fullført løpet. Departementet foreslår dessutan at vaksne som ikkje får læreplass, skal ha rett til eit opplæringstilbod frå fylkeskommunen på lik linje med ungdom, sjå punkt 43.

Departementet presiserer at formidlingsansvaret frå fylkeskommunane ikkje er ein rett til læreplass for den enkelte og ikkje ei plikt for fylkeskommunane til å få alle kvalifiserte søkjarar ut i lære. Departementet legg derfor til grunn at fylkeskommunane har føresetnader for å oppfylle eit slikt formidlingsansvar.

Departementet påpeikar også at vilkåra for å vere «kvalifisert» til læreplass vil følgje av reglane om inntak og formidling i forskrifta. For å klargjere dette foreslår departementet at ordlyden viser til at formidlingsansvaret gjeld for dei som oppfyller vilkåra for formidling.

42.8.4.3 Plikt til å tilby praksisbrev

Ansvaret til fylkeskommunane for å dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet gir i utgangspunktet stort handlingsrom til å velje kva tilbod dei vil tilby, og kor mange plassar det skal vere på det enkelte tilbodet. Handlingsrommet blir mellom anna avgrensa av enkelte lovfesta plikter til å gi konkrete tilbod. Blant desse er pålegg om å gi tilbod om praksisbrevopplæring.

Departementet meiner at det er eit inngrep i det lokale sjølvstyret å påleggje fylkeskommunane å tilby eit konkret opplæringstilbod. Samtidig meiner departementet at dagens plikt til å tilby praksisbrev er utforma på ein måte som gir fylkeskommunane stor grad av fleksibilitet, og reguleringsforma harmonerer slik med retningslinjene i rettleiinga om statleg styring av kommunar og fylkeskommunar. Ifølgje dagens regel vel fylkeskommunane sjølve kva fag praksisbrevopplæring skal tilbydast i, og omfanget av tilbodet. Dagens regulering opnar for at fylkeskommunane kan tilby ordinær opplæring innanfor det aktuelle utdanningsprogrammet dersom det ikkje er mogleg å skaffe læreplass for praksisbrevkandidatar.

Departementet er kjent med at praksisbrevordninga er lite brukt, men det er uklart kvifor. Regjeringa meiner at tanken bak praksisbrevordninga er god, og det er viktig at målgruppa for praksisbrevet har eit tilbod i vidaregåande opplæring. I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen har regjeringa derfor foreslått at praksisbrevordninga skal vidareutviklast. Stortinget har slutta seg til dette og har i vedtak nr. 1074 (2020–2021) bede regjeringa komme tilbake med forslag som sikrar at alle vidaregåande skolar med yrkesfag gir tilbod om praksisbrev eller tilsvarande tilbod for elevar som har behov for meir tid og eit tilrettelagt opplæringsløp ute i bedrift.

Departementet foreslår at plikta for fylkeskommunen til å tilby praksisbrevopplæring blir vidareført, og vil komme tilbake til korleis Stortingets vedtak nr. 1074 (2020–2021) elles vil følgjast opp.

42.8.4.4 Yrkesopplæringsnemndas faglege vurdering

Fylkeskommunen skal nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak i dei. Departementet er samd med høyringsinstansane som meiner at råda frå yrkesopplæringsnemnda skal «tillegges avgjørende vekt» i saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa. Departementet presiserer at omgrepet ikkje inneber avgjerdsmynde, og viser til at det i lovteksta er slått fast at dette er ei fagleg vurdering og ikkje ei avgjerd.

42.8.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • at fylkeskommunen framleis skal vere godkjenningsstyresmakt for lærebedrifter, sjå forslaget til § 7-5 første ledd

  • å presisere at fylkeskommunane har ansvar for å rekruttere lærebedrifter, sjå forslaget til § 7-7 første ledd

  • å innføre ein regel som gjer det tydelegare at fylkeskommunane har plikt til å rettleie og kontrollere at godkjende lærebedrifter oppfyller krava i lova, sjå forslaget til § 7-9 første ledd

  • å gjere tydeleg ansvaret fylkeskommunane har for formidling, og utvide ansvaret til å omfatte alle kvalifiserte søkjarar, og at departementet kan gi forskrift om formidling, sjå forslaget til § 7-7 andre og tredje ledd

  • å vidareføre plikta fylkeskommunen har til å tilby praksisbrevopplæring, sjå forslaget til § 5-3 andre ledd

  • å vidareføre dagens regel om at saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemndene, og å presisere at råda frå yrkesopplæringsnemnda skal få «avgjerande vekt», sjå forslaget til § 8-2 andre ledd

42.9 Regulering av kontrakten om opplæring og av arbeidsavtalen

42.9.1 Dagens reglar

Lærebedriftene skal inngå skriftleg kontrakt med lærlingane, praksisbrevkandidatane, lærekandidatane eller kandidatane for fagbrev på jobb, jf. § 4-5. Alle dei ulike kontraktane om opplæring skal vere skriftlege og inngåast «når læreforholdet tek til». Kontrakten blir først gyldig når han er godkjend av fylkeskommunane, sjå andre ledd i paragrafen. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa, jf. § 4-5 første ledd fjerde punktum. Ansvaret for opplæringa kan delast mellom ei eller fleire lærebedrifter eller mellom lærebedrift og fylkeskommune.

Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheld unntak frå den fastsette opplæringsordninga, noko som kjem fram av fjerde ledd. Departementet kan også gi nærare forskrifter om dette. Det er ikkje gitt slike forskrifter i dag.

Fylkeskommunane kan godkjenne at målet om ein bestemt sluttprøve blir endra, jf. § 4-6 første ledd. Fylkeskommunane kan også godkjenne omgjering av ein opplæringskontrakt for lærekandidatar til ein ordinær lærekontrakt for lærlingar eller motsett. Fylkeskommunane kan dessutan samtykkje til at læretida blir avbroten i samband med permisjon, jf. sjette ledd.

Opplæringslova § 4-6 andre og tredje ledd regulerer heving av læreforholdet. Alle kontraktar kan hevast dersom partane er samde om det, jf. § 4-6 andre ledd. Kontraktar om opplæring i bedrift kan også på visse vilkår hevast i tilfelle der partane ikkje samde, jf. tredje ledd i paragrafen.

Fylkeskommunane skal samtykkje til heving. Dei som får opplæring i bedrift, skal få moglegheita til å forklare seg munnleg før fylkeskommunane gjer vedtak om heving, jf. femte ledd.

Lærekontrakten kan ikkje endrast eller bli heva på annan måte enn etter reglane i § 4-6, med mindre reglane i opplæringslova i § 4-5 om prøvetid gjeld, jf. siste ledd i paragrafen.

42.9.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • at opplæringslova fullt ut skal regulere opphøyr av både arbeidsavtalen og kontrakten om opplæring

  • å ikkje vidareføre ein terskel for å heve kontrakten om opplæring etter ønske frå den som har læretid i bedrift

  • å erstatte dagens rett til å uttale seg munnleg til den som skal gjere vedtak om heving av kontrakten om opplæring, med ein generell rett til å uttale seg munnleg før det blir gjort vedtak om heving etter einsidig ønske frå lærebedrifta

  • å innføre prøvetid for alle som har inngått avtale om full opplæring i bedrift, uavhengig av alder og kandidattype

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.9.3 Høyringsinstansanes syn

Alle forslaga som gjeld regulering av kontrakten om opplæring og arbeidsavtalen, har fått brei støtte i høyringa.

42.9.4 Departementets vurdering

42.9.4.1 Inngåing, endring og opphøyr

Departementet foreslår å videreføre at dei som skal ha læretid i bedrift skal skrive kontrakt om opplæring og arbeidsavtale med ei lærebedrift før opplæringa tek til. Departementet meiner det bør framgå av kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten bør også vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått. Vidare foreslår departementet å vidareføre at kontrakten berre skal kunne endrast etter samtykke frå fylkeskommunen. Departementet foreslår også å vidareføre at dei med læretid i bedrift er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar.Opplæringslovutvalet foreslo at opplæringslova fullt ut skal regulere opphøyr av både arbeidsavtale og kontrakt om opplæring. Forslaget inneber at sjølve arbeidsavtalen berre kan seiast opp dersom vilkåret i opplæringslova for heving av kontrakten om opplæring er oppfylt, og at det dermed er opplæringslova som regulerer heile forholdet. Til liks med utvalet meiner departementet at det neppe vil vere tilfelle der vilkåra for heving er oppfylt utan at arbeidsforholdet kan avsluttast etter reglane i arbeidsmiljølova. Departementet meiner derfor at arbeidskontrakt og kontrakt om opplæring skal følgje kvarandre.

Departementet foreslår også å erstatte dagens rett til å uttale seg munnleg til den som skal gjera vedtak om heving av kontrakten om opplæring, med ein generell rett til å uttale seg munnleg før det blir gjort vedtak om heving etter einsidig ønske frå lærebedrifta.

Dersom den som skal ha læretid i bedrift sjølv ønskjer å heve kontrakten om opplæring, er vilkåret i dag at den som skal ha læretid i bedrift gir skriftleg beskjed om at det er ei urimeleg ulempe å halde fram ut kontraktstida. Forarbeida viser til at dette typisk vil vere velferdsgrunnar, til dømes at den som skal ha læretid i bedrift av private grunnar må søkje seg over i anna arbeid, eller at flytting av bedrifta gjer det til ei urimeleg belastning å følgje med til den nye staden.

Departementet meiner at det ikkje er nødvendig eller tenleg å ha ein terskel for heving av kontrakten om opplæring etter ønske frå den som skal ha læretid i bedrift. I dei fleste tilfella vil årsaka til at den som skal ha læretid i bedrift ønskjer å avslutte læreforholdet, bli omfatta av dei andre hevingsgrunnane. Det vil uansett vere formålslaust å tvinge dei som skal ha læretid i bedrift til å halde fram mot deira vilje for å oppfylle kravet i lova. Departementet meiner likevel at vilkåret om skriftlegheit bør vidareførast.

Ei innvending mot forslaget er at det kan føre til at fleire som skal ha læretid i bedrift hevar læreforholdet. I høyringa har ein fylkeskommune vist til eit døme der mange bytte lærebedrift for å få betre lønnsvilkår. Departementet ser at dette i tilfelle kan føre til meir administrativt arbeid for fylkeskommunane. Samtidig påpeikar departementet at tilgangen på læreplassar normalt er eit knappleiksgode, og at dei fleste som har fått læreplass, vil ønskje å fullføre læretida. Det er derfor ikkje sannsynleg at hevingssaker vil auke vesentleg, og det vil truleg føre til lite ekstrajobb i formidlingsarbeidet til fylket. I slike unntakstilfelle som høyringsinnspelet viser til, meiner departementet at konkurranse om å vere attraktive lærebedrifter kan gagne både dei som skal ha læretid i bedrift og bransjane. Det bør derfor ikkje vere eit argument mot å fjerne terskelen for heving etter ønsket til den som skal ha læretid i bedrift. Kontrakten om opplæring kan også opphøyrer ved oppseiing, dersom partene er samde om det. Dersom ein kontrakt om opplæring opphøyrer ved oppseiing eller heving, skal lærebedrifta, som før, skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.

42.9.4.2 Fjerne aldersavgrensinga for prøvetid

I dag kan det berre inngåast prøvetid for dei som er over 21 år, og som har inngått avtale om full opplæring i bedrift. Departementet foreslår at prøvetid på dei same vilkåra også skal gjelde for lærekandidatar. Begge partar vil vere tente med ei moglegheit for å avslutte læreforholdet tidleg når det blir inngått avtale om all programfagsopplæring i bedrift, og at dette gjeld for alle kandidattypar. Departementet ser derimot ikkje behovet for å vidareføre aldersavgrensinga. Argumenta for prøvetid er like aktuelle for kandidatar som er yngre enn 21 år. Departementet foreslår derfor å fjerne aldersavgrensinga. Forslaget inneber at prøvetid vil gjelde for alle som inngår kontrakt om all programfagsopplæring i bedrift, uavhengig av kandidattype og uavhengig av alder.

42.9.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre reglane om inngåing og endring av kontrakt om opplæring, sjå forslag til § 7-2 første til fjerde ledd

  • at departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, om endring av kontrakten, og om fylkeskommunens adgang til å godkjenne kontrakter som fråvik det fastsette opplæringsløpet, sjå forslaget til § 7-2 femte ledd

  • at ein kontrakt om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. sjå forslaget til § 7-3 første ledd

  • å vidareføre at dei med læretid i bedrift er arbeidstakarar med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar, sjå forslaget til § 7-4 første ledd

  • at opplæringslova fullt ut skal regulere opphøyr av både arbeidsavtalen og kontrakten om opplæring, og at lærebedrifta skal skrive ut attest om opplæringa som er gjennomført, sjå forslaget til §§ 7-3 og 7-4 andre ledd andre punktum, tredje ledd andre punktum og fjerde ledd

  • å ikkje vidareføre ein terskel for å heve kontrakten om opplæring etter ønske frå den som har læretid i bedrift, sjå forslaget til § 7-3 andre ledd første punktum

  • å erstatte dagens rett til å uttale seg munnleg til den som skal gjere vedtak om heving av kontrakten om opplæring, med ein generell rett til å uttale seg munnleg før det blir gjort vedtak om heving etter einsidig ønske frå lærebedrifta, sjå forslaget til § 7-3 tredje ledd

  • å innføre prøvetid for alle som har inngått avtale om full opplæring i bedrift, uavhengig av alder og kandidattype, sjå forslaget til § 7-4 tredje ledd

42.10 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

42.10.1 Dagens reglar

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten, jf. opplæringslova § 1-3.

Lærlingar og praksisbrevkandidatar har ikkje rett på individuell tilrettelegging (spesialundervisning). Det er berre lærekandidatar som har rett til spesialundervisning etter dei same reglane som elevar, jf. opplæringslova § 4-2 femte ledd. Lærekandidatar har inngått opplæringskontrakt med individuelt fastsette mål frå aktuell vg3-læreplan, men ordninga inneber ikkje i seg sjølv spesialundervisning.

I forskrift til opplæringslova er det egne regler om sakkyndige vurderinger for tilrettelegging på fag- og svenneprøven. Dei som har læretid i bedrift, har rett til sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) der dette følgjer av lov eller forskrift, til dømes for å kunne framstille seg til den avsluttande prøven utan å ha bestått i alle fellesfaga og for å kunne få innvilga særskild tilrettelegging av prøven jf. forskrift til opplæringslova §§ 3-42 og 3-58.

42.10.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre retten til individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging (spesialundervisning) for lærekandidatar

  • å vidareføre at dei som har læretid i bedrift, framleis har rett til sakkunnig vurdering frå PP-tenesta der det følgjer av lov eller forskrift

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5. Utvalet foreslo å ikkje vidareføre retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning) for lærekandidatar.

42.10.3 Høyringsinstansanes syn

Forslaga om å vidareføre retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning) for lærekandidatar og om å vidareføre at dei som får opplæring i bedrift, framleis har rett til sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) der det følgjer av lov eller forskrift, har fått stor støtte i høyringa.

42.10.4 Departementets vurdering

I punkt 24 foreslår departementet å vidareføre at lærebedrifta skal sørgje for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.

Opplæringslovutvalet foreslo ikkje å vidareføre retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning) for lærekandidatar. Utvalet la til grunn at likestillings- og diskrimineringslova gir eit godt nok rettsvern.

Sjølv om retten til spesialundervisning etter opplæringslova gir ein sterkare rett fordi retten ikkje kan avgrensast av økonomiske omsyn, meiner departementet at dette neppe vil komme på spissen i ei konkret sak fordi ei bedrift ikkje vil seie ja til å ta inn ein lærekandidat som vil ha behov for så omfattande tilrettelegging at det ikkje er handterleg for bedrifta. Likestillings- og diskrimineringslova vil derimot ikkje kunne gi ein rett til å jobbe med andre mål enn dei som er fastsette i vg3-læreplanen for det aktuelle lærefaget, eller ein rett til opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Dette er forhold som blir dekte av ein rett til individuelt tilrettelagd opplæring, sjå punkt 25 og 26.

I tråd med Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen vil departementet vurdere lærekandidatordninga og vidareutvikle henne. I dette arbeidet kan det bli aktuelt å sjå nærare på individuell tilrettelegging for lærekandidatar. Inntil vidare meiner departementet at ein rett til individuell tilrettelegging for lærekandidatar bør vidareførast. I punkt 25 foreslår departementet å dele opp retten til spesialundervisning i tre rettar. Departementet foreslår ei materiell vidareføring av retten til spesialundervisning for lærekandidatar, som betyr at lærekandidatar skal ha rett til individuelt tilrettelagt opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging på dei same vilkåra som elevar. Sjå punkt 25 for omtale av innhaldet i disse reglane. For reglar om ASK for dei som har læretid i bedrift, sjå punkt 26.

Departementet foreslår at dei som har læretid i bedrift, framleis skal ha rett til sakkunnig vurdering frå PP-tenesta der det følgjer av lov eller forskrift, til dømes for å kunne framstille seg til den avsluttande prøven utan å ha bestått i alle fellesfaga og for å kunne få innvilga særskild tilrettelegging av prøven. Departementet viser til punkt 27.5.3 når det gjelder omtale og vurdering av PP-tjenestens rolle i forbindelse med opplæring i bedrift.

42.10.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift, sjå forslaget til § 11-1 andre punktum

  • å vidareføre retten til individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging (spesialundervisning) for lærekandidatar, sjå forslaget til §§ 7-4 sjette ledd og 11-12

  • å vidareføre at dei som har læretid i bedrift, har rett til sakkunnig vurdering frå PP-tenesta der det følgjer av lov eller forskrift, sjå forslaget til § 11-13 tredje ledd

42.11 Ansiktsdekkjande plagg

42.11.1 Dagens reglar

Den som får opplæring i bedrift, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, medan dei får opplæring i bedrift. Forbodet gjeld likevel ikkje dersom bruken er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold, jf. opplæringslova § 9-7 andre og tredje ledd.

42.11.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å ikkje vidareføre forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for dei som har læretid i bedrift.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 29.5.

42.11.3 Høyringsinstansanes syn

Høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar i all hovudsak forslaget.

42.11.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å ikkje vidareføre forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for dei som har læretid i bedrift. Det gjeld ingen slik generell regel i arbeidslivet, og det er heller ikkje lovregulert i kva tilfelle det ligg innanfor styringsretten til arbeidsgivar å gi eit forbod. For dei som har læretid i bedrift, vil heving av kontrakten om opplæring vere den einaste ikkje-arbeidsrettslege sanksjonen for brot på eit forbod mot ansiktsdekkjande plagg.

Opplæringslova bør ikkje regulere sanksjonar som er meir inngripande for dei som har læretid i bedrift enn for elevar, og som dessutan går mykje lenger enn det som er aktuelle arbeidsrettslege sanksjonar for same forhold. Dersom arbeidsplassen har reglar om bruk av ansiktsdekkjande plagg i arbeidstida, meiner departementet at det bør vere like reglar for dei som har læretid i bedrift og andre tilsette.

Departementet meiner det er viktigare med like reglar for dei som har læretid i bedrift, og andre tilsette i same bedrift enn at det skal vere same reglar for dei som har læretid i bedrift som for elevar. I tillegg meiner departementet at dersom arbeidsgivaren ikkje har innvendingar til at den som skal ha læretid i bedrift bruker ansiktsdekkjande plagg i arbeidstida, er det urimeleg at fylkeskommunane skal kunne heve læreforholdet for eit forhold som lærebedrifta ikkje reknar som eit problem. Dette kan få konsekvensar for lærebedrifta som har investert tid i opplæring for den som skal ha læretid i bedrift, gjerne tidleg i læretida. Det vil også kunne påverke planlegginga og gjennomføringa av verksemda dersom ein tilsett brått må slutte.

42.11.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å ikkje vidareføre forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for dei som har læretid i bedrift.

Til forsida