67 Endringar i andre lovar, iverksetjing og overgangsreglar
67.1 Endringar i andre lover
Departementet foreslår endringar i privatskolelova. Endringane samordnar opplæringslova og privatskolelova, sjå omtale i punkt 66.
I tillegg foreslår departementet endringar i samelova, barnehagelova, fagskolelova og barnevernslova. Desse lovene blir endra slik at dei viser til den nye opplæringslova og ikkje til opplæringslova av 1998.
67.2 Iverksetjing og oppheving
Departementet legg opp til at lova skal tre i kraft 1. august 2024 og at endringar i privatskolelova skal tre i kraft frå same tidspunkt.
Departementet foreslår å lovfeste at opplæringslova og endringane i privatskolelova skal gjelde frå den tid Kongen fastset, og at ulike kapittel og reglar kan sejast i kraft til ulik tid.
67.3 Overgangsreglar
Departementet foreslår at Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til den nye lova. Tilsvarande foreslår departementet ein heimel for å kunne gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til dei nye reglane i privatskolelova.
Departementet foreslår vidare at forskrift og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra med den nye opplæringslova eller med endringar i privatskolelova, står ved lag til Kongen fastset noko anna.
I tillegg foreslår departementet å vidareføre at personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseielig stilling 1. august 1999, ikkje kan seiast opp, og at lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre ledd og nr. 2 gjeld for dei. Departementet legg til grunn at det fortsatt vil vere personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999 når den nye opplæringslova trer i kraft.
I dagens opplæringslov § 16-2 andre ledd er det fastsett ein overgangregel knytt til rektorkravet i dagens § 9-1 andre ledd, og i tredje ledd er det fastsett overgangsreglar om rett og plikt til 10-årig grunnskoleopplæring. Departementet meinar at desse overgangreglane ikkje lenger er aktuelle og foreslår derfor at dei ikkje blir vidareført i den nye lova.