Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

30 Opplæring i og på dei samiske språka

30.1 Innleiing

Dette punktet handlar om opplæring i og på samisk utanfor og innanfor samiske distrikt i grunnskole og vidaregåande opplæring. Opplæring i og på samisk i grunnopplæringa for vaksne er behandla i punkt 43.19, medan dagens § 6-4 i opplæringslova om innhaldet i opplæringa er behandla i punkt 11.

30.2 Dagens reglar

30.2.1 Grunnlova og Noregs folkerettslege forpliktingar

Grunnlova § 108 slår fast at «[d]ei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv».

Fleire internasjonale konvensjonar gir Noreg forpliktingar overfor den samiske befolkninga. Særleg relevant er FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27, ILO-konvensjonen nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar og FNs erklæring om urfolks rettar. I barnekonvensjonen artikkel 30 er det fastsett at barn som tilhøyrer ei urbefolkning, ikkje skal «nektes retten til sammen med andre medlemmer av sin gruppe å leve i pakt med sin kultur, bekjenne seg til og utøve sin religion, eller bruke sitt eget språk».

FNs konvensjon om sivile og politiske rettar og barnekonvensjonen gjeld som norsk rett etter menneskerettslova § 2 og har forrang framfor nasjonale reglar ved tilfelle av motstrid, jf. menneskerettslova § 3.

30.2.2 Samelova

Samelova § 1-5 slår fast at samisk og norsk er likeverdige språk. Dei skal vere likestilte etter reglane i samelova kapittel 3 om samisk språk.

Samelova § 3-8 slår fast at «[e]nhver har rett til opplæring i samisk». I andre ledd er det presisert at opplæringslova gjeld for opplæring i og på samisk. Regelen rettar seg derfor mot alle, men har ei særleg betydning for dei som på grunn av alder, bustad osv. ikkje blir omfatta av andre regelverk som i praksis gir rett til opplæring i samisk.

30.2.3 Opplæringslova

Retten til opplæring i og på samisk er i dag regulert i opplæringslova kapittel 6. Samiske elevar har rett til opplæring i samisk i grunnskolen og i vidaregåande skole, same kvar dei bur i landet.

I grunnskolen har alle elevar som bur i samiske distrikt, både samar og ikkje-samar, rett til opplæring både i og samisk, jf. § 6-2 første ledd. Med «samiske distrikt» siktar ein til dei kommunane som inngår i forvaltningsområdet for samisk språk etter samelova § 3-1, jf. opplæringslova § 6-1. Kva kommunar som blir omfatta av forvaltningsområdet for samisk språk, er per 1. januar 2023 fastsett i forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk, jf. samelova § 3 nr. 1. Med «samisk» siktar ein til eitt av dei samiske språka lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk, jf. § 6-1.

Utanfor samiske distrikt er det berre samar som har individuell rett til opplæring i samisk, men både samiske og ikkje-samiske elevar som utgjer minst ti i ein kommune, har rett til grunnskoleopplæring i og på samisk, så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa, jf. § 6-2 andre og femte ledd.

Ingen elevar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring samisk. Departementet kan gi forskrifter om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa, jf. § 6-3 siste ledd. Denne forskriftsheimelen er ikkje brukt.

I tabellen nedanfor er ei skjematisk framstilling av rettane til opplæring i og på samisk.

Tabell 30.1 Opplæring i og på samisk

I SAMISK DISTRIKT

(Forvaltningsområdet for samisk språk)

UTANFOR SAMISK DISTRIKT

(Utanfor forvaltningsområdet for samisk språk)

Samar

Ikkje-samar

Samar

Ikkje-samar

Grunnskole

Opplæring i og på samisk

Opplæring i og på samisk

Opplæring i samisk

Opplæring på samisk i særskild gruppe

Opplæring i og på samisk i særskild gruppe

Vidaregåande opplæring

Opplæring i samisk

Opplæring i samisk

Med rett til opplæring i samisk meiner ein rett til opplæring i faget samisk i eitt av dei samiske språka lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk. Eleven kan velje mellom å få opplæringa i samisk som førstespråk eller andrespråk.

Med rett til opplæring samisk meiner ein rett til opplæring på samisk også i andre fag enn samisk, i tråd med det samiske læreplanverket.

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, er fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk og skriftleg sidemål. Dette følgjer av forskrift til opplæringslova §§ 1-9 til 1-11.

Elevane avgjer sjølve om dei vil ha opplæring i og på samisk frå og med 8. trinn, jf. opplæringslova § 6-2 sjette ledd. Kommunane kan vedta å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire grunnskolar i kommunen, jf. § 6-2 tredje ledd. Elevar som berre har opplæring i samisk, har rett til slik opplæring på nærskolen, jf. opplæringslova § 8-1.

Etter § 6-2 fjerde ledd kan kommunane gi forskrifter om at alle elevar i grunnskolealder i samiske distrikt skal ha opplæring i samisk. Denne obligatoriske opplæringa i samisk er av eit mindre omfang enn opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Elevar i kommunar som har obligatorisk samiskopplæring, kan framleis velje å nytte seg av retten etter § 6-2 første ledd og dermed ha samisk som første- eller andrespråk i staden for den obligatoriske opplæringa.

Kapittel 7 i forskrift til opplæringslova handlar om alternative opplæringsformer i samisk, kvensk og finsk. Dersom opplæringa ikkje kan bli gitt av eigna opplæringspersonale ved skolen, har elevar som får opplæring i samisk, rett til alternative opplæringsformer. Det kan vere fjernundervisning, intensivundervisning eller språksamlingar, til dømes ved eit leirskoleopphald.

Staten kan drive grunnskolar og vidaregåande skolar i særlege tilfelle. Dette følgjer av opplæringslova §§ 13-1 og 13-3. Staten driv i dag tre skolar. Dette er Samisk vidaregåande skole i Karasjok, Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino og Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal.

30.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre retten til opplæring i og på samisk i grunnskolen og retten til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring

  • å vidareføre moglegheita kommunane har til å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen

  • å lovfeste rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring for ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen

  • å presisere at kommunane og fylkeskommunane skal gi eleven tilbod om opplæring i eit samiskspråkleg miljø, dersom fjernundervisning aleine gjer at opplæringa ikkje blir trygg og forsvarleg

  • ikkje å vidareføre moglegheita departementet har til å gi forskrifter om at visse vidaregåande skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag

Departementet høyrde ope om det bør innførast ein rett til opplæring på samisk i to fag for samiske grunnskoleelevar utanfor forvaltningsområdet dersom minst tre elevar i kommunen krev det.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 33. Opplæringslovutvalet foreslo at samiske elevar utanfor forvaltningsområdet for samisk språk får rett til opplæring på samisk i to fag dersom minst tre elevar i kommunen krev det, noko departementet høyrde ope.

30.4 Høyringsinstansanes syn

30.4.1 Rett til opplæring i og på samisk i grunnskolen og rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring

Om lag 35 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre dagens reglar om rett til opplæring i og på samisk i grunnskolen og rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring for samiske elevar.

Ingen høyringsinstansar er imot vidareføringa. Ein stor del av høyringsinstansane som har uttalt seg, har likevel meiningar om minstetalet på ti elevar i kommunen for å kunne krevje opplæring i og på samisk i grunnskolen utanfor forvaltningsområdet. Nokre av desse, mellom anna Norges institusjon for menneskerettigheter, meiner minstetalet bør senkast, til til dømes seks eller tre elevar. Samisk foreldrenettverk i Oslo og omegn meiner avgrensinga bør senkast til tre elevar. Også Sámi joatkkaskuvla Kárásjogas / Samisk vidaregåande skole Karasjok meiner avgrensinga må senkast, og skriv:

Vi støtter forslaget til Samisk språkutvalg i NOU 2016:18 hvor de foreslår å redusere dagens minstekrav for retten til opplæring på samisk utenfor samisk forvaltningsområde fra ti til tre elever. Vi deler utvalgets oppfatning at en minimumsgrense på ti elever er en vanskelig målsetning, ikke bare i de sør- og lulesamiske områdene, men også i nordsamiske områder utenfor Indre Finnmark. Om mulig bør det strebes etter å etablere samiskklasser, også ved et lavere antall enn ti elever. Vi er derfor uenig at det i NOU 2019: 23 foreslås å videreføre dagens minstekrav på ti elever i opplæringslovens § 6-2 andre avsnitt for å utløse retten til opplæring på samisk utenfor forvaltningsområdet for samisk språk.

Nokre høyringsinstansar, som Sørsamisk kunnskapspark, meiner at retten til opplæring i og på samisk for elevar i grunnskolen skal vere ein individuell rett over heile landet, og meiner dermed at det ikkje skal vere vilkår om minstetalet på elevar. Også Statped meiner at retten til opplæring i og på samisk utanfor forvaltningsområdet ikkje må avgrensast av talet på elevar som ønskjer slik opplæring, og skriv:

Statped støtter samiske elevers rett til opplæring i nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Vi mener imidlertid at antallet elever som skal til for at man har denne retten utenfor forvaltningsområdet for samiske språk er altfor strengt og kan føre til at færre samiske elever får opplæring på eget morsmål. Retten bør derfor gjelde uavhengig av antall elever.

Sametinget meiner primært at retten til opplæring i og på samisk i grunnskolen utanfor forvaltningsområdet ikkje skal avgrensast av geografi og antal elevar som ønskjer slik opplæring. Sekundært meiner Sametinget at retten i mindre grad enn i dag må avgrensast av geografi og talet på elevar som ønskjer slik opplæring.

17 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å innføre ein rett til opplæring i samisk i vidaregåande skole for ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen, og alle støttar det. Mellom anna Utdanningsforbundet viser til at forslaget kan bidra til å bevare og utvikle dei samiske språka. Barneombodet meiner det er særleg positivt at ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, får rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring. Også Nordland fylkeskommune støttar forslaget og skriv:

Nordland fylkeskommune støtter forslaget om å lovfeste rett til opplæring i samisk i videregående opplæring for ikke-samiske som har hatt opplæring i, eller i og på samisk i grunnskolen. Dette lovforslaget mener Nordland fylkeskommune vil bidra til å sikre rett til et helhetlig opplæringsløp i det samiske språket, samt åpne muligheter for fordypning. Videre mener Nordland fylkeskommune at det er svært viktig å bevare og utvikle det samiske språket.

30.4.2 Moglegheita kommunen har til å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen

Seks høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget. Alle støttar forslaget heilt eller delvis.

Det har komme innspel om at regelen bør endrast slik at opplæringstilbodet på samisk blir definert som ein skolekrins, slik at alle som har rett på dette tilbodet, også får rett til gratis transport til tilbodet. Dette må sjåast i samanheng med forslaga til nye §§ 2-6 (kva grunnskole eleven skal gå på), 2-5 (gratis grunnskoleopplæring) og 4-1 (skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen).

30.4.3 Plikt til å gi eleven tilbod om opplæring i eit samiskspråkleg miljø dersom fjernundervisning aleine gjer at opplæringa i samisk ikkje blir trygg og forsvarleg

Om lag 45 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at kommunen og fylkeskommunen skal gi eleven tilbod om opplæring i eit samiskspråkleg miljø dersom fjernundervisning aleine gjer at opplæringa i samisk ikkje blir trygg og forsvarleg. Høyringsinstansane er delte i spørsmålet.

I hovudsak er det støtte for forslaget, og høyringsinstansane er positive til at plikta til kommunane og fylkeskommunane blir presisert i lova. Bodø kommune støttar at det ikkje skal vere ein rett for elevane å få delta i samiske språkbadsamlingar.

Mange høyringsinstansar støttar intensjonen i forslaget, men meiner at dei foreslåtte vilkåra er for uklare. Fleire er spørjande til kva som ligg i at opplæring i eit samiskspråkleg miljø må vere «nødvendig» for at opplæringa skal vere trygg og pedagogisk forsvarleg, og korleis og kven som skal definere kva ein siktar til med eit «samiskspråkleg miljø». Det blir mellom anna vist til at for skjønnsmessige vilkår kan føre til at kommunane legg lista for høgt og tek omsyn til moment som bør liggje utanfor vurderinga, slik som kommuneøkonomi, og at det kan føre til at elevar som bør få delar av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø, ikkje får det. Mellom anna Norges institusjon for menneskerettigheter ønskjer ei anna formulering av vilkåra og foreslår til dømes å bruke formuleringa «dersom eleven har behov for det».

Nokre høyringsinstansar viser til at det økonomiske aspektet og lærarkapasiteten gjer forslaget krevjande, og ønskjer ei klargjering av korleis kommunen reint praktisk skal kunne leggje dette til rette for elevane.

Nokre høyringsinstansar ønskjer derimot at opplæring i eit samiskspråkleg miljø skal vere ein vilkårslaus rett, og at vilkåra dermed må fjernast. Sametinget ønskjer at samiske elevar blir sikra ein rett til hospiteringar eller språksamlingar som ein del av samiskopplæringa.

Eit par kommunar støttar ikkje forslaget. Askøy kommune meiner forslaget er for dyrt og for vanskeleg å få til. Horten kommune støttar forslaget prinsipielt, men uttaler at forslaget likevel ikkje blir støtta fordi det vil vere utfordrande for kommunar med få samiske elevar.

30.4.4 Moglegheita departementet har til å gi forskrifter om at visse vidaregåande skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag

Om lag ti høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om ikkje å vidareføre dagens heimel for departementet til å gi forskrift om at visse vidaregåande skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Høyringsinstansane som har kommentert forslaget, støttar det ikkje og meiner at forskriftsheimelen til departementet må førast vidare. Utdanningsforbundet meiner at rettane til elevgruppa blir svekte ved forslaget, og at forskriftsheimelen er viktig for å gjere det samiskspråklege tilbodet i vidaregåande opplæring meir tilgjengeleg. Nasjonalt senter for samisk i opplæringa viser til at vidareføring av forskriftsheimelen er viktig for å sikre at andre vidaregåande skolar, utanom dei statlege samiske vidaregåande skolane, gir opplæring i og på samisk i framtida.

30.4.5 Opplæring på samisk i to fag for samiske grunnskoleelevar utanfor forvaltningsområdet

Spørsmålet om det bør innførast ein rett til opplæring på samisk i to fag for samiske grunnskoleelevar utanfor forvaltningsområdet, vart høyrt ope. Om lag 30 høyringsinstansar har uttalt seg om spørsmålet. Fleirtalet av desse ønskjer at det blir innført ein slik rett, og er positive til ei styrking av retten til opplæring på samisk. Mellom anna Oslo og Omegn Samiske foreldrenettverk – Oslo ja Biras Sámi Váhnenfierpmádat støtter ein slik rett, og viser til at det både senkar minstetalet for å få innfridd retten til opplæring på samisk utanfor forvaltningsområdet, og at det senkar terskelen for å byrje å få opplæring på samisk fordi eleven ikkje vil få heile opplæringa på samisk.

Fleire av høyringsinstansane som ønskjer at det blir innført ein rett til opplæring på samisk i to fag, meiner likevel at lærarkapasiteten og det økonomiske aspektet er krevjande. Mellom anna Tromsø kommune meiner at spørsmålet må greiast ut nærare når det gjeld kostnaden og moglegheita for å rekruttere lærarar.

Andre meiner at det bør innførast ein rett til opplæring på samisk i to fag utanfor forvaltningsområdet, uavhengig av talet på elevar som krev slik opplæring. Mellom anna Diskriminerings- og likestillingsombodet uttaler at dei er skeptiske til avgrensinga på tre elevar.

To høyringsinstansar meiner at det ikkje bør innførast ein rett til opplæring på samisk i to fag. Stavanger kommune viser til at ein slik rett kan komme i konflikt med retten elevane har til eit godt skolemiljø, og med behovet barn har for å vere ein del av eit større læringsfellesskap på skolen sin. KS Troms og Finnmark meiner også at ein slik rett ikkje bør innførast. Dei viser til at det ligg føre omfattande dokumentasjon på at retten til opplæring i og på samisk ikkje er oppfylt per dags dato

30.5 Departementets vurdering

30.5.1 Rett til opplæring i og på samisk i grunnskolen og rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring

Rett til opplæring i og på samisk i grunnskolen og retten til opplæring i samisk i videregående opplæring

Departementet foreslår å vidareføre retten til opplæring i og på samisk i grunnskolen og retten til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring. Dette inneber at samiske elevar har rett til opplæring i samisk i grunnskolen og i vidaregåande skole, uavhengig av kvar dei bur i landet. I grunnskolen har alle elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk, rett til opplæring i og samisk. Utanfor forvaltningsområdet er det berre samiske elevar som har individuell rett til opplæring i samisk, men både samiske og ikkje-samiske elevar som utgjer minst ti i ein kommune, har rett til opplæring i og samisk, så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Rett til opplæring i samisk i vidaregåande skole for ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen

Departementet foreslår å innføre ein rett til opplæring i samisk i vidaregåande skole for ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen. Departementet og Sametinget er samde om dette. Departementet meiner at det er rimeleg at ein elev som har fått opplæring i samisk som første- eller andrespråk i grunnskolen, blir sikra ein rett til å halde fram med opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa. Å innføre ein slik rett vil sikre den enkelte eleven eit heilskapleg opplæringsløp og kan bidra til at elevane ikkje mistar kompetansen når dei blir eldre. Samtidig kan det bidra til å bevare og utvikle dei samiske språka og gi fleire brukarar av samiske språk. På sikt kan dette gi eit betre rekrutteringsgrunnlag for dei samiske barnehagelærarutdanningane og lærarutdanningane, som er viktige for å kunne løyse lærarmangelen.

Det kan vere utfordrande å sikre nok kvalifiserte lærarar, men departementet meiner likevel det er viktig at elevar som har hatt opplæring i og på samisk i grunnskolen, får moglegheita til å halde fram med denne opplæringa. Det vil også vere berre nokre få elevar som kvalifiserer til ein slik rett.

Departementet meiner at elevane som vel opplæring i samisk som første- eller andrespråk, må følgje gjeldande fag- og timefordeling og læreplanar for samisk i dei aktuelle faga. Per i dag betyr det at opplæring i samisk som førstespråk normalt skal kombinerast med opplæring i norsk etter læreplanen i norsk for elevar med samisk som førstespråk. Elevar som ønskjer det, kan likevel få opplæring etter den ordinære læreplanen i norsk. Opplæring i samisk som andrespråk skal kombinerast med opplæring i norsk etter ordinær læreplan i norsk, men med rett til fritak frå opplæring i framandspråk og skriftleg sidemål.

Rett til opplæring i eitt av dei tre samiske språka

I konsultasjonar med departementet har Sametinget gitt innspel om at samiske elevar må ha rett til opplæring i to samiske språk. Sametinget viser til at det er fleire skolar som tilbyr dette i dag, og meiner at ein rett til opplæring i to samiske språk følgjer av folkeretten. Sametinget påpeiker at Grunnlova og Noregs folkerettslege forpliktingar pålegg statlege myndigheiter å leggje forholda til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Sametinget viser til at verken Grunnlova eller folkeretten differensierer mellom dei samiske språka i spørsmålet om kva for av dei samiske språka ein skal prioritere å få opplæring i, og at reglane i opplæringslova om opplæring i samisk skal skal byggje på desse forpliktingane.

Departementet meiner at retten til opplæring i samisk skal gjelde for eitt av dei tre samiske språka, i tråd med dagens reglar. Etter dagens fag- og timefordeling har elevar som følgjer Kunnskapsløftet – samisk 190 timar meir enn andre elevar i grunnskolen. Dersom ein legg dagens fag- og timefordeling til grunn, vil samiske barn som får opplæring i to samiske språk, få langt fleire timar i grunnskolen enn andre elevar. Dette kan bli krevjande å gjennomføre, både for elevane og for kommunen. Det vil også vere utfordrande å skaffe nok kvalifiserte lærarar som kan gi opplæring i fleire samiske språk. Dessutan vil det vere uheldig dersom store delar av opplæringa må skje via fjernundervisning. Dersom begge dei to faga må givast som fjernundervisning, kan eleven risikere å ha store delar av opplæringa aleine. Det vil ikkje vere pedagogisk forsvarleg å gjennomføre store delar av opplæringa som fjernundervisning.

Departementet ser at samiske elevar kan ha tilknyting til to samiske språk gjennom foreldra sine eller fordi dei har flytta frå éin kommune i samisk distrikt til ein annan, men meiner likevel ikkje at ein rett til opplæring i to samiske språk bør lovfestast. Ei slik lovfesting vil uansett ikkje vere mogleg utan ytterlegare utgreiing.

Sametinget har også gitt innspel til kva for nokre samiske språk retten til opplæring i samisk bør omfatte. Sametinget meiner retten må omfatte pitesamisk, umesamisk og skoltesamisk, i tillegg til dei tre offisielle samiske språka nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, som er omfatta i dag. Departementet ser at pitesamisk, umesamisk og skoltesamisk har kulturhistorisk betydning, og at det er eit ønske om å revitalisere desse språka. Likevel meiner departementet at det må førast vidare at retten til opplæring i samisk gjeld for eitt av dei tre offisielle samiske språka i Noreg. Pitesamisk, umesamisk og skoltesamisk er heilt eller nesten forsvunne i Noreg, og det finst ingen lærarutdanningar for desse språka. Vi kan gå ut ifrå at det er få, om nokon, lærarar som er språkbrukarar. Det er derfor ikkje praktisk mogleg å innføre ein rett til opplæring i pitesamisk, umesamisk og skoltesamisk.

Noreg er folkerettsleg forplikta til å bevare og vidareutvikle samiske språk. Det følgjer av ILO-konvensjon nr. 169 artikkel 28 at urfolksbarn, når det er praktisk mogleg, skal lære å lese og skrive på sitt eige opphavlege språk eller det språket som er mest brukt av den gruppa dei høyrer til. Vidare følgjer det av den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) art. 27 at dei som tilhøyrer etniske, religiøse eller språklege minoritetar, ikkje skal nektast retten til, saman med andre medlemmer av gruppa si, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk. Departementet meiner retten til opplæring i eitt av dei tre offisielle samiske språka er i samsvar med folkeretten på dette området. Frå 1. til 7. trinn er det foreldra til eleven som avgjer kva for eit av dei samiske språka eleven skal ha opplæring i. Frå 8. trinn avgjer eleven dette sjølv, i samsvar med avgjerdsmakta til elevane etter forslaget til § 3-2 fjerde ledd andre punktum, sjå punkt 30.5.2.

Retten til opplæring i og på samisk utanfor forvaltningsområdet

Departementet har merka seg at nokre høyringsinstansar påpeikar at retten til opplæring i og på samisk utanfor forvaltningsområdet ikkje bør vere avhengig av at minst ti elevar krev slik opplæring, og at nokre instansar meiner at retten samiske elevar har til opplæring på samisk utanfor forvaltningsområdet, bør vere individuell, utan vilkår.

Departementet ser at det kan vere uheldig at retten ein elev har til opplæring på samisk, er avhengig av at det er andre elevar som også ønskjer slik opplæring. Likevel meiner departementet av ressursmessige omsyn at retten ikkje bør gjerast individuell. Det vil vere svært krevjande å gjennomføre ein individuell rett til opplæring på samisk i heile landet. Med mangelen på lærarar med samiskspråkleg kompetanse vil vi risikere å innføre ein rett som i praksis ikkje kan oppfyllast. Det er ikkje ønskjeleg å innføre nye rettar og plikter som ikkje kommunen kan innfri. Departementet meiner derfor at retten til opplæring i og på samisk framleis bør gjelde dersom minst ti elevar ønskjer det og det står att minst seks elevar i gruppa.

Sametinget støttar ikkje vilkåret om at det må være minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk. Sametinget har vist til nedgangen i elevtalet i forvaltningsområda, og til at Sametinget har foreslått at sentrale byar i Noreg skal ha eit opplæringstilbod i og på samisk. Sametinget er ikkje samd med departementet i grunngivinga om at ein ikkje kan innføre ein rett som i praksis ikkje kan oppfyllast. Sametinget meiner mangelen på samiske lærarar ikkje må stå i vegen for å utvide samiske opplæringsrettar i opplæringslova.

Ikkje rett til opplæring på samisk i to fag for samiske grunnskoleelevar utanfor forvaltningsområdet dersom minst tre elevar i kommunen krev det

Departementet foreslår ikkje å innføre ein rett til opplæring på samisk i to fag for samiske elevar utanfor forvaltningsområdet dersom minst tre elevar i kommunen krev det.

Departementet høyrde dette spørsmålet ope. Fleirtalet av høyringsinstansane ønskjer at det blir innført ein slik rett, men fleire kommenterer at lærarkapasiteten og det økonomiske aspektet er utfordrande. Nokre av høyringsinstansane som ønskjer at det blir innført ein slik rett meiner at minimumstalet på tre elevar er for høgt. Eit par høyringsinstansar meiner at det ikkje bør innførast ein slik rett i det heile.

Departementet meiner det er gode argument for å innføre ein slik rett. Store delar av den samiske befolkninga bur utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, og det er statlege styresmakter som har ansvar for å sikre at urfolksretten til samane blir vareteken, under dette at samiske språk blir bevarte og blir styrkte. Ein slik rett ville gi samiske elevar utanfor forvaltningsområdet ei differensiert tilnærming til samiskopplæring, fordi den ville ha komme i tillegg til retten til opplæring i og på samisk dersom ti elevar ønskjer det.

Likevel vil forslaget, som nokre av høyringsinstansane peikar på, medføre auka behov for lærarar i alle dei tre samiske språka. Dette er ei stor utfordring. Departementet veit ikkje kor mange elevar ein slik rett vil gjelde for, og kva som vil krevjast av lærarressursar. Vurderingar frå Utdanningsdirektoratet viser at krava om relevant kompetanse i undervisningsfag også gjer det krevjande å oppfylle ein slik rett. Det vil vere eit stort underskot av lærarar som kan undervise på samisk og samtidig oppfyller kompetansekrava i dei ulike faga.

Vidare vil det vere behov for at store delar av undervisninga skjer gjennom fjernundervisning. Det vil medføre ein større etterspurnad av fjernundervisningstenester. Departementet er usikker på om dagens tilbod er tilstrekkeleg, og om det vil vere pedagogisk forsvarleg å gi eleven store delar av undervisninga gjennom fjernundervisning. Dersom dei to faga må givast gjennom fjernundervisning, kan eleven risikere å ha opplæringa aleine i opptil 25 prosent av det totale timetalet i grunnskolen. Omfattande bruk av fjernundervisning tek også ein stor del av lærarressursane, og dette kan gå ut over stadleg undervisning i fleire kommunar.

Sametinget har i konsultasjonar med departementet uttrykt støtte for opplæringslovutvalets forslag om at samiske grunnskoleelevar utanfor forvaltningsområdet for samisk språk skal ha rett til opplæring på samisk i to fag dersom minst tre elevar i kommunen krev det. Sametinget meiner at å styrke retten til opplæring på samisk er sentralt for å styrkje og revitalisere dei samiske språka. Sametinget viser til at det er eit stort fråfall frå samiskopplæringa, og store utfordringar med å sikre at samiske barn blir samiskspråklege. Sametinget meiner mangelen på samiske lærarar ikkje må stå i vegen for å utvide retten til opplæring på samisk.

Forvaltningsområdet for samisk språk

Kommunal- og distriktsdepartementet sende forslag til endringar i reglane i samelova på høyring i august 2021. Forslaget omhandla mellom anna korleis forvaltningsområdet for samisk språk skal organiserast. Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår ei forvaltningsområdeordning med tre kommunekategoriar: språkutviklingskommune, språkvitaliseringskommune og språkstimuleringskommune. Dei kommunane som i dag er omfatta av forvaltningsområdet, jf. forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk § 1, vart foreslått fordelte i kategoriane språkutviklingskommune og språkvitaliseringskommune. Kva kommunar som skal inngå i kategorien språkstimuleringskommune, avheng av kommunane sine eigne vedtak og søknad om innlemming, og av at kommunane blir innlemma i forvaltningsområdet gjennom forskriftsendring fastsett av Kongen i statsråd.

Departementet vil presisere at forslaga om retten til opplæring i og på samisk som skal gjelde for forvaltningsområdet for samisk språk, tar utgangspunkt i dagens reglar om forvaltningsområdet for samisk språk, slik dei følgjer av samelova § 3-1 nr. 1 og forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk § 1. Dersom det blir gjort endringar i reglane om forvaltningsområdet for samisk språk, og det blir innført ei inndeling med tre kategoriar slik som beskrive over, vil departementet foreslå endringar i opplæringslova som varetar at retten til opplæring i og på samisk i forvaltningsområdet for samisk språk blir vidareført og dermed gjeld for dei to kategoriane språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar.

Ei lovfesting av samiske opplæringsrettar i ein eventuell tredje kategori av forvaltningsområdet for samisk språk har ikkje vore greidd ut eller høyrt. Departementet vil vurdere konsekvensane eventuelle endringar i samelova kan og bør få for opplæringslova.

30.5.2 Rett til å sjølv bestemme frå 8. trinn

Departementet foreslår å vidareføre dagens regel om at elevar frå 8. trinn sjølve vel om dei ønskjer opplæring i og på samisk. Fram til 8. trinn er det foreldra som vel dette på vegner av barnet.

I konsultasjonar med departementet har Sametinget gitt uttrykk for at retten ikkje bør vidareførast, og at elevane ikkje bør kunne velje bort samiskopplæringa frå 8. trinn. Sametinget meiner det er uheldig at elevar frå 8. trinn sjølv må ta stilling til om dei ønskjer samiskopplæring. Sametinget meiner elevane sitt val vil kunne påverke moglegheita for at dei blir funksjonelt tospråklege, og at det kan ha konsekvensar for rekrutteringa av elevar som vel samisk i vidaregåande opplæring, rekrutteringa til høgare utdanning, karrieremoglegheiter og moglegheita for å føre språket vidare til komande generasjoner.

Departementet meiner det vil vere uheldig å tvinge elevar til å ha opplæring i og på samisk. Dette er eit val som har konsekvensar for elevane og den vidare opplæringa, til dømes ved at dei er fritekne kravet om opplæring i framandspråk og skriftleg sidemål.

Omsynet til retten barn har til medråderett, taler for at avgjerdsmakta til elevane bør førast vidare. Det følgjer av barnekonvensjonen artikkel 12 nr. 1 at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til fritt å gi uttrykk for desse. Vidare skal barn sitt synspunkt få vekt i samsvar med alderen og modnaden til barnet. Departementet meiner barnet sine eigne synspunkt må få stor vekt i spørsmål om val av samisk som første- eller andrespråk. Det følgjer også av barnekonvensjonen artikkel 30 at barn som tilhøyrer ein etnisk, religiøs eller språkleg minoritet eller ei urbefolkning, ikkje skal nektast retten til saman med andre medlemmer av gruppa si å leve i pakt med kulturen sin, vedkjenne og utøve religionen sin eller bruke språket sitt. Departementet meiner at retten samiske elevar har til å sjølve velje om dei ønskjer opplæring i og på samisk, ikkje står i motstrid til denne retten.

Departementet viser også til at elevar frå 8. trinn sjølve vel om dei ønskjer opplæring i kvensk eller finsk, og departementet foreslår å gi same rett til elevar som har opplæring i og på norsk teiknspråk, sjå forslag til § 3-4 første ledd andre punktum. Departementet meiner reguleringa her bør vere lik.

Departementet ser at det er mange elevar som har rett til samiskopplæring, som ikkje vel dette, og at mange elevar sluttar med samiskopplæring undervegs i grunnskoleopplæringa. Departementet meiner utfordringa med fråfall må løysast på andre måtar enn ved å fjerne valfridommen til elevane. Kommunen har stor handlingsfridom til å organisere og leggje til rette opplæringa for å forhindre fråfallet og motivere til at fleire elevar vel opplæring i og på samisk. Til dømes kan kommunen vedta å leggje opplæringa på samisk til ein eller fleire skolar i kommunen. Kommunen bør også sørgje for at opplæringa blir organisert på ein måte som gjer at elevane ønskjer å velje opplæringa, til dømes ved at dei sørgjer for at opplæringa i samisk blir lagd til gunstige tidspunkt.

30.5.3 Moglegheita kommunen har til å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen

Departementet foreslår å vidareføre moglegheita kommunen har til å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen. Regelen gjeld likevel ikkje for elevar som berre får opplæring i samisk. Sametinget har i konsultasjonar med departementet støtta vidareføringa.

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, men alle desse støttar vidareføringa.

Departementet vil presisere at ein elev som søkjer om å gå på ein annan skole enn nærskolen for å få samiskopplæring, har rett til gratis skyss, føresett at vilkåra for skyss er oppfylte. Sjå omtale av rett til skyss i punkt 37.5. Kommunen kan ikkje stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved innvilging av skolebyte etter § 2-6 dersom grunnen til at eleven søkjer om å byte skole, er å sikre retten til opplæring, sjå omtale i punkt 37.5.2.

30.5.4 Kommunen og fylkeskommunen skal gi eleven tilbod om del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg

Plikt for kommunane og fylkeskommunane

I dag er det ingen lovfesta rett til opplæring i eit samiskspråkleg miljø. I Utdanningsdirektoratets rammeverk for fjernundervisning i samisk for elevar i grunnskoleopplæringa er det understreka at dersom kommunane meiner at nettbasert opplæring i samisk aleine er forsvarleg, vil det ikkje vere nødvendig med språksamlingar eller hospitering. I motsett fall vil språksamlingar og hospiteringar vere nødvendige for å oppnå kompetansemåla i faget.

Departementet foreslår å lovfeste denne praksisen, slik at kommunen og fylkeskommunen skal gi eleven tilbod om at ein del av opplæringa i samisk skjer i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Departementet meiner det er viktig for god språkopplæring at samiskopplæringa kan gå føre seg i eit samiskspråkleg miljø. Undersøkingar viser at motivasjonen for å læra samisk aukar hos elevane når dei møter andre elevar på språksamlingar. I dag er det mange kommunar som gir elevane høve til å hospitera og delta på språksamlingar. Dette blir gjort som ein del av opplæringa i samisk, når ho elles skjer som fjernundervisning.

Ikkje ein rett for elevane

Fleire høyringsinstansar meiner at det bør innførast ein vilkårslaus rett til å delta i språkbadsamlingar eller hospiteringar.

I konsultasjonar med departementet har Sametinget understreka at dei ønskjer ein rett for elevane til å få opplæring i samisk i eit samiskspråkleg miljø. Sametinget har vist til at fjernundervisninga i samisk kan opplevast som mangelfull dersom hospiteringsopphald/språkbad ikkje er ein del av opplæringa, og at det er behov for ein vilkårslaus rett.

Sametinget har vist til Riksrevisjonens rapport Undersøkelse av samiske elevers rett til opplæring i og på samisk, Dokument 3:5 (2019–2020), som viser at berre 45 prosent av elevane som mottar fjernundervisning, deltar på hospitering/språksamlingar, og at det er store variasjonar i korleis dette blir tilrettelagd på kvar skole. Sametinget har presisert at dette også gjeld elevar utanfor forvaltningsområdet som får stadleg opplæring i samisk, men som ikkje har eit samiskspråkleg nærmiljø. Sametinget viser til at læreplanane i samisk stiller ei forventning om opplæring etter sterke språkopplæringsmodellar, og at ein rett til hospitering/språksamlingar som ein integrert del av opplæringa derfor er nødvendig.

Vidare meiner Sametinget at dei foreslåtte vilkåra verkar uklare, og dei erfarer at kommunane legg vekt på økonomiske omsyn ved vurderinga. Sametinget er bekymra for at dei foreslåtte vilkåra vil medføre at tilbodet ikkje blir gitt. Sametinget viser vidare til at opplæring i eit samiskspråkleg miljø er viktig for danninga og identitetsutviklinga hos samiske barn, og at det gir elevar kontakt med sin kultur.

Departementet foreslår ikkje å innføre ein vilkårslaus rett for elevane. Departementet legg vekt på at det pedagogiske og faglege skjønnet til lærarane, kommunen og fylkeskommunen bør liggje til grunn i all opplæring. Nasjonale styresmakter fastset rett til opplæring og kompetansemåla, men det er opp til lærarane, kommunane og fylkeskommunane å vurdere korleis måla skal nåast. Derfor foreslår departementet at regelen blir utforma som ei plikt som trer inn på visse vilkår.

Kva som ligg i «samiskspråkleg miljø»

Mange høyringsinstansar bruker orda hospitering, språksamlingar eller språkbad når dei beskriv kva eit samiskspråkleg miljø inneber.

Departementet legg til grunn at nemninga «samiskspråkleg miljø» vil vere ei fellesnemning for språksamlingar, språkbad, hospitering, studiebesøk, utveksling og så vidare. Departementet meiner kommunen og fylkeskommunen bør stå fritt til å vurdere kva tilbod som vil vere aktuelt.

Kva det betyr det at det skal vere «nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg»

I høyringa foreslo departementet vilkåra «dersom det er nødvendig for at opplæringen skal være trygg og pedagogisk forsvarlig». Fleire høyringsinstansar peikar på at formuleringa er for uklar og skjønnsmessig. Departementet ser at det er behov for vilkår som så tydeleg som mogleg beskriv når elevar skal få opplæringa i eit samiskspråkleg miljø. Samtidig må vilkåra leggje til rette for at kommunane, fylkeskommunane og lærarane sjølve vurderer når det er behov for å gi eit slikt tilbod, noko som inneber at vilkåra må vere skjønnsmessige.

Departementet foreslår at kommunen og fylkeskommunen skal ha plikt til å gi eleven tilbod om delar av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø når det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Departementet går ikkje vidare med forslaget om eit vilkår om at det må være nødvendig for at opplæringa skal vere «trygg». Departementet vurderer at «pedagogisk forsvarlig» er det mest sentrale vilkåret for vurdering av om det er nødvendig med opplæring i et samiskspråklig miljø.

Kommunen og fylkeskommunen må gjere ei konkret vurdering av om opplæringa er «pedagogisk forsvarleg». Kommunane og fylkeskommunane må sjå vurderinga i samanheng med plikter og rettar etter andre paragrafar i lova. Til dømes har kommunen og fylkeskommunen plikter etter lovforslaget kapittel 11 som skal sikre at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Etter lovforslaget kapittel 12 har elevane rett til eit trygt og godt skolemiljø, og kommunane og fylkeskommunane har ei aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø. Desse reglane må sjåast i samanheng, og det er det totale opplæringstilbodet til eleven som vil vere avgjerande. Departementet vil presisere at opplæring i eit samiskspråkleg miljø kan vere ein del av eit vedtak eller tiltak etter kapittel 11 og kapittel 12 i lovforslaget.

Kommunen og fylkeskommunen må vidare gjere ei vurdering av om opplæring i eit samiskspråkleg miljø vil vere «nødvendig» for at tilbodet skal vere pedagogisk forsvarleg. Vurderinga skal vere knytt til om opplæringa i eit samiskspråkleg miljø er nødvendig for at eleven skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Sametinget og enkelte høyringsinstansar har gitt innspel om at kommunen tek omsyn til det økonomiske aspektet ved vurderinga. Departementet vil understreke at «nødvendig» ikkje handlar om ytre rammar, til dømes kor mange andre som snakkar det samiske språket i området, økonomi eller ressursar. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Kor store delar av opplæringa i samisk det eventuelt er nødvendig å gi i eit samiskspråkleg miljø, må komme an på ei konkret vurdering av om opplæringa gir eleven grunnlag for å nå kompetansemåla i læreplanen eller ikkje.

Det er viktig at kommunen sørgjer for ei god og langsiktig kartlegging av behovet for opplæring i eit samiskspråkleg miljø og for planlegging av korleis elevane skal få eit slikt tilbod. Det inneber mellom anna at skoleeigar set seg godt inn i dei ulike tilboda som finst, og sørgjer for bestilling av opphald i god tid slik at tilbodet blir ein realitet. Det er også viktig at skoleeigar organiserer tilbodet slik at eleven i den grad det er mogleg får kontinuitet i opplæringa frå skoleår til skoleår, så eleven får opplæringa si i trygge rammer.

Det kan på førehand vere vanskeleg å vite om opplæring i eit samiskspråkleg miljø vil vere det rette tiltaket for eleven. Det kan også vere tilfelle der opplæringa eleven får i det samiskspråklege miljøet, ikkje er pedagogisk forsvarleg. Om opplæringa ikkje har den ønskte effekten eller ho ikkje er forsvarleg, fell plikta til å gi opplæring i eit samiskspråkleg miljø bort.

Plikta kommunen og fylkeskommunen har til å tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø, vil i all hovudsak vere aktuell i dei tilfella der undervisninga i samisk blir gitt som fjernundervisning. Departementet foreslår ein eigen paragraf om fjernundervisning i forslaget til § 14-4, sjå nærare omtale i punkt 15. Når elevar får samiskundervisninga gjennom fjernundervisning, kan eleven ha eit behov for å praktisere språket i gruppe, og det kan då vere nødvendig å tilby delar av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø. Departementet ser ikkje bort frå at det i nokre tilfelle kan vere nødvendig å tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø også når undervisninga i samisk blir gitt gjennom stadleg undervisning, til dømes i tilfelle der eleven får undervisninga aleine. Departementet legg likevel til grunn at det i dei fleste tilfella ikkje vil vere nødvendig med opplæring i samiskspråkleg miljø i tillegg til stadleg undervisning i samisk.

30.5.5 Obligatorisk samiskopplæring i forvaltningsområdet

I høyringa foreslo departementet å vidareføre dagens regel om at kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrifter om at alle elevar i grunnskolealder skal ha opplæring i samisk. Slik opplæring er av mindre omfang enn opplæring i samisk som første- eller andrespråk.

Sametinget har i konsultasjonar med departementet gitt innspel om at regelen bør endrast slik at opplæringa kommunane kan fastsetje, skjer etter læreplanane i samisk som første- eller andrespråk. Sametinget viser til at det er uheldig at ein sender elevane gjennom eit utdanningsløp som ikkje gir kompetanse. Sametinget viser også til at det er utfordrande at det ikkje finst nasjonalt gitte læreplanar for slik lokal fastsett opplæring. Dei meiner det utfordrar myndet Sametinget har til læreplanfastsetjing, samtidig som det tvingar kommunane til å lage eigne læreplanar i faget. Sametinget meiner obligatorisk opplæring er eit godt initiativ, og at det er naturleg at denne opplæringa skjer i tråd med læreplanane i samisk som første- og andrespråk. Sametinget meiner læreplanane i samisk som første- og andrespråk bidrar til best utvikling i samisk språk, og er ueinig i at det er for inngripande å påleggje elevar å følgje desse læreplanane, eventuelt med tilpassingar.

Departementet meiner dagens regel om at kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrifter om at alle elevar i grunnskolealder skal ha opplæring i samisk, bør førast vidare. Departementet meiner vidare at opplæringa i samisk kommunane kan fastsetje, bør vere av eit mindre omfang enn opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Departementet meiner det vil vere for inngripande dersom kommunar i forvaltningsområdet skal kunne påleggje alle elevar i grunnskolen opplæring etter læreplanane i samisk som første- eller andrespråk. Dette er fag med høge timetal, og elevar som følgjer desse læreplanane, er fritekne frå mellom anna krav om opplæring i skriftleg sidemål og framandspråk. Vidare meiner departementet det er positivt med eit lågterskeltilbod, slik den obligatoriske samiskopplæringa er meint å vere. Eit forslag om å gi kommunane i forvaltningsområdet heimel til å fastsetje at alle grunnskoleelevar i kommunen skal ha opplæring i samisk som første- eller andrespråk, er dessutan ikkje greidd ut eller høyrt, og departementet veit ikkje om dette er eit ønske blant kommunane.

30.5.6 Moglegheita departementet har til å gi forskrifter om opplæring i og på samisk

Departementet meiner at det ikkje er behov for forskriftsheimlar for departementet til å gi nærare reglar om opplæring i og på samisk.

Sametinget har i konsultasjonar med departementet understreka behovet for fleire skolar som kan gi opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Sjølv om forskriftsheimelen ikkje har vore tatt i bruk til no, meiner Sametinget at det er viktig å behalde han i lova, spesielt for dei vidaregåande skolane utanfor forvaltningsområdet. Sametinget har vist til at dette er like viktig for alle dei tre samiske språka, og at det vil forplikte vidaregåande skolar til å rekruttere undervisningspersonell til samiskopplæring.

Departementet meiner at heimelen i dagens opplæringslov om at departementet kan gi forskrifter om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa, ikkje bør førast vidare. Heimelen har aldri vore teken i bruk. Av omsyn til det lokale sjølvstyret er det ikkje tenleg at staten skal kunne påleggje ein fylkeskommune å tilby slik opplæring.

Departementet viser til at dagens statlege vidaregåande skolar i Karasjok og Kautokeino ikkje er heimla i denne regelen. Desse skolane er heimla i ein regel i dagens opplæringslov, som er foreslått vidareført i forslaget til ny § 28-6 siste ledd, sjå omtale i punkt 53.5.3.

Dersom det skulle oppstå behov for at vidaregåande skolar skal gi opplæring i og på samisk, kan dette varetakast gjennom avtalar og tilskotsordningar.

Departementet foreslår derfor å ikkje vidareføre heimelen departementet har til å gi forskrift om at visse vidaregåande skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag.

30.5.7 Opplæring via alternative opplæringsformer

Departementet foreslår ei generell regulering av fjernundervisning i den nye opplæringslova, sjå nærare i punkt 15. Forslaget til regel om fjernundervisning i § 14-4 vil gi moglegheita til å gi opplæring i og på samisk via fjernundervisning, uavhengig av om kommunen ligg innanfor eller utanfor forvaltningsområdet. Når det gjeld situasjonen utanfor forvaltningsområdet, svarer dette i all hovudsak til dagens rettstilstand, og det er derfor ikkje behov for å vidareføre særreglar om høve til fjernundervisning i samisk utanfor forvaltningsområdet.

Den generelle regelen vil gjelde tilsvarande innanfor forvaltningsområdet. Departementet meiner dagens regel om at det ikkje er høve til å gi opplæring i og på samisk ved hjelp av alternative opplæringsformer innanfor forvaltningsområdet, er for begrensande. Moglegheita til å gi opplæring ved hjelp av alternative opplæringsformer bør gjelde uavhengig av om kommunane er innanfor eller utanfor forvaltningsområdet. I denne samanhengen er det relevant å peike på at elevane innanfor forvaltningsområdet har rett til å velje mellom opplæring i tre ulike samiske språk. Ein elev som har lulesamisk som førstespråk, men som bur i ein kommune der nordsamisk dominerer, kan til dømes ha behov for opplæring i lulesamisk via fjernundervisning.

Etter forslaget til § 14-4 gjeld det visse vilkår for at opplæringa kan givast som fjernundervisning: Det må liggje føre gode grunnar for å gi opplæringa som fjernundervisning, det må vere trygt og pedagogisk forsvarleg, og fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Departementet legg til grunn at dersom det ikkje finst undervisningspersonale som kan undervise i samisk, vil vilkåret om gode grunnar vere oppfylte. Vidare må det vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, og fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dette er krav som ikkje følgjer eksplisitt av lova i dag når det gjeld bruk av fjernundervisning i samisk, men som ikkje er nokon vesentleg innskjerping ettersom all opplæring skal vere forsvarleg.

Når det gjeld andre alternative opplæringsformer, som til dømes intensivopplæring eller språksamlingar, blir dette regulert av reglane som blir foreslått om organisering av opplæringa og handlingsrommet til kommunane og fylkeskommunane, sjå til dømes forslaget til § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.

30.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til opplæring i og på samisk i grunnskolen og retten til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, sjå forslaget til §§ 3-2 og 6-2

  • å innføre ein rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring for ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller i og på samisk i grunnskolen, sjå forslaget til § 6-2 andre ledd

  • å vidareføre moglegheita kommunane har til å leggje opplæringa på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen, sjå forslaget til § 3-2 femte ledd

  • å lovfeste at kommunen og fylkeskommunen skal gi eleven tilbod om del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg, sjå forslaget til §§ 3-2 siste ledd og 6-2 siste ledd

  • å vidareføre at kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan fastsetje i forskrift at alle grunnskoleelevar skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur, sjå forslaget til § 3-2 andre ledd andre punktum

  • å vidareføre at elevar frå 8. trinn sjølve vel om dei ønskjer opplæring i og på samisk, sjå forslaget til § 3-2 fjerde ledd

  • å vidareføre dagens regel om at kommunen kan gi opplæring i samisk gjennom fjernundervisning når opplæringa ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale på skolen, sjå forslaget til § 14-4

  • å ikkje vidareføre heimelen departementet har til å gi forskrift om at visse vidaregåande skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag

Til forsida