Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

43 Rett til førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne

43.1 Innleiing

Dette punktet handlar om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne deltakarar. Med vaksne deltakarar siktar ein her til personar som i dag har rett til opplæring. Når det gjeld grunnskoleopplæring, blir ein person rekna som vaksen når ein er over grunnskolepliktig alder, som normalt vil seie 16 år. I vidaregåande opplæring blir ein i dag rekna som vaksen når ein er over 25 år. Retten vaksne har til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, blir ofte omtalt som ein vaksenrett. Til samanlikning blir den ordinære retten til vidaregåande opplæring omtalt som ein ungdomsrett. I dette punktet er desse uttrykka brukte.

Departementet foreslår i punkt 43.3 å bruka nemninga «førebuande opplæring» i staden for «grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne». Vidare i proposisjonen er det likevel nemninga «grunnskoleopplæring» som er brukt i punkta om dagens reglar, synet til høyringsinstansane og vurderinga til departementet. I punkta om departementets forslag, forslag til lovtekst og lovmerknadene er det nemninga «førebuande opplæring for vaksne» som blir brukt om opplæring på nivået til grunnskolen for vaksne.

Punkt 43.12 omtaler vedtak nr. 701, 15. juni 2020:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.

Kommunane og fylkeskommunane kan tilby ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter ungdomsretten, meir grunnskoleopplæring dersom dei treng det. Reglane om dette er omtalte i kapittel 40.11. Vilkåra for rett til vidaregåande opplæring, jf. dagens § 4 A-3 første ledd første og andre punktum, er omtalte i kapittel 40.2. Krav om ulykkesforsikring for vaksne deltakarar er omtalte i kapittel 55.

Under kvart temapunkt omtalast gjeldande reglar, høyringsforslaget, høyringsfråsegner og departementets vurderingar:

  • Innplasseringa av reglar om vaksne i opplæringslova (punkt 43.2)

  • Namn på opplæringstilbodet og deltakarane (punkt 43.3)

  • Rett til forebuande opplæring for vaksne (punkt 43.4)

  • Rett til vidaregåande opplæring for vaksne (punkt 43.5)

  • Rett til læreplass for vaksne (punkt 43.6)

  • Rett til påbygging til studiekompetanse for vaksne (punkt 43.7)

  • Formålet med opplæringa for vaksne og overordna mål og prinsipp (punkt 43.8)

  • Vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring (punkt 43.9)

  • Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring (punkt 43.10)

  • Gratis opplæring for vaksne (punkt 43.11)

  • Realkompetansevurdering for vaksne (punkt 43.12)

  • Opplæringen skal byggje på kompetansen til den vaksne (punkt 43.13)

  • Innhald og vurdering i opplæringa for vaksne (punkt 43.14)

  • Tilpassa opplæring for vaksne (punkt 43.15)

  • Individuell tilrettelegging av opplæring for vaksne (punkt 43.16)

  • Alternativ of supplerande kommunikasjon (punkt 43.17)

  • Målform i opplæringa for vaksne (punkt 43.18)

  • Samisk opplæring for vaksne (punkt 43.19)

  • Særskild språkopplæring for vaksne (punkt 43.20)

  • Opplæring i teiknspråk og punktskrift for vaksne (punkt 43.21)

  • Organisering av opplæringa (punkt 43.22)

  • Lokale ordensreglar, bortvisning og forbod mot ansiktsdekkjande plagg (punkt 43.23)

  • Fysisk og sosialt læringsmiljø for vaksne (punkt 43.24)

  • Medverknad (punkt 43.25)

  • Krav om aktiv deltaking og moglegheit til å gi permisjon (punkt 43.26)

  • Rådgiving for vaksne (punkt 43.27)

  • Skyss, reisefølgje og tilsyn (punkt 43.28)

  • Kompetansekrav i opplæringa for vaksne (punkt 43.29)

  • Krav om politiattest for tilsette i opplæringa for vaksne (punkt 43.30)

  • Kontaktlærar (punkt 43.31)

  • Andre reglar som gjeld for opplæringa for vaksne (punkt 43.32)

43.2 Innplasseringa av reglar om vaksne i opplæringslova

43.2.1 Dagens reglar

I dagens opplæringslov står det i kapittel 4A kva reglar som gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. I tillegg er det enkelte andre reglar i lova som gjeld for vaksne, og det er brukt litt ulik teknikk for å få fram kva reglar som gjeld.

43.2.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å samle reglar som gjeld berre vaksne, i ein eigen del i lova, medan det på område der dei same reglane gjeld for barn og unge, blir vist til relevante reglar i dei andre delane av lova.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.2.3 Høyringsinstansanes syn

Fleirtalet av dei som har uttalt seg om dette, støttar forslaget. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) meiner at det vil vere meir tenleg med ei eiga lov om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, og ber departementet om å vurdere moglegheita for dette på eit seinare tidspunkt. HK-dir meiner mellom anna at ei eiga lov kan bidra til klarare ansvars- og oppgåvedeling mellom HK-dir og Utdanningsdirektoratet og dermed ei betre og meir effektiv forvaltning. HK-dir viser til tiltaket i Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet om å greie ut behovet for ei kompetanselov og meiner dette bør sjåast i samanheng med tiltaket i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden om å greie ut å samle ansvaret for all opplæring for vaksne hos fylkeskommunen.

43.2.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår ikkje ei eiga kompetanselov. Høyringa gir ikkje grunnlag for å foreslå dette. Departementet vil ta stilling til om det er behov for å vurdere dette spørsmålet på nytt dersom det blir aktuelt å endre dagens ansvarsdeling for opplæring for vaksne.

Departementet foreslår den strukturen som var foreslått i høyringa der reglar som gjeld berre vaksne, blir samla i ein eigen del i lova, medan det på område der dei same reglane gjeld for barn og unge, blir vist til relevante reglar i dei andre delane av lova.

43.2.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å samle reglar som berre gjeld vaksne, i ein eigen del i lova, medan det på område der dei same reglane gjeld for barn og unge, blir vist til relevante reglar i dei andre delane av lova. Sjå forslaget til femte del i lova.

43.3 Namn på opplæringstilbodet og deltakarane

43.3.1 Dagens reglar

I dagens lov er det nemninga «grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne» som blir brukt. Dei som får opplæring for vaksne, blir omtalte i lova som «deltakarar».

43.3.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre nemninga «deltakarar»

  • å bruke nemningane «førebuande opplæring for vaksne» og «vidaregåande opplæring for vaksne» i staden for «grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne»

Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23 kapittel 45 om å innføre nemninga «vaksne elevar». Forslaget til dei nye nemningane «førebuande opplæring for vaksne» og «vidaregåande opplæring for vaksne» var nytt samanlikna med forslaget frå utvalet.

43.3.3 Høyringsinstansanes syn

Forslag til ny nemning for opplæringa

Det er i underkant av 30 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å endre nemning til førebuande opplæring for vaksne. Eit knapt fleirtal er imot forslaget og meiner det framleis bør heite grunnskoleopplæring for vaksne. Nettverk for kommunal voksenopplæring i Møre og Romsdal, Skien kommunale voksenopplæring, Stjørdal voksenopplæring, Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) og Norsk Lektorlag er blant dei som er imot forslaget. Argumenta mot forslaget er at det ikkje er nokon god grunn til ei slik endring, at «førebuande opplæring for vaksne» ikkje beskriv godt nok kva det blir førebudd frå eller til, at det står fram som at opplæringa som blir gitt, ikkje er fullstendig, og at nemninga er for snever ved at ho ikkje omfattar dei som skal ha grunnskoleopplæring som sluttkompetanse. Det blir vidare peika på at dagens nemning er tydelegare for brukarane av lova, og at det å ha nemninga «grunnskole» i namnet er eit vern for å sikre at deltakarar og lærarar får ei profesjonell teneste, og at kommunane rettar seg etter opplæringslova.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Fredrikstad kommune, Moss voksenopplæring og Oslo kommune er blant dei som støttar forslaget, og det blir mellom anna vist til at eit nytt namn kan gjere opplæringa meir attraktiv for vaksne. IKVO foreslår i staden «modulisert grunnopplæring for voksne» eller «modulbasert grunnskole for voksne».

Dei som har uttalt seg om forslaget, støttar departementets forslag om å bruke nemninga «vidaregåande opplæring for vaksne» i staden for «vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne».

Nemninga «deltakarar»

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre nemninga «deltakarar», og det er omtrent like mange som støttar og som er imot forslaget. Kristiansand kommune meiner dette vil føre til at nokon i ein klasse skal karakteriserast «elevar», medan andre skal karakteriserast «deltakarar». Utdanningsforbundet meiner deltakarane i opplæringa for vaksne bør givast status som elevar fordi det mellom anna vil utløyse fleire rettar, noko som vil gi eit styrkt og meir likeverdig opplæringstilbod som barn og unge. Statped gir uttrykk for noko av det same, medan Norsk Lektorlag ikkje synest det generiske omgrepet «deltakar» er tenleg. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Larvik kommune og Sola kommune støttar derimot forslaget om å behalde nemninga «deltakarar» og viser mellom anna til at denne nemninga blir brukt i integreringslova, og at det dermed vil gi ei einskapleg nemning av brukargruppa.

43.3.4 Departementets vurdering

Forslag til ny nemning for opplæringa

Departementet foreslår å bruke nemninga «førebuande opplæring» i staden for «grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne». Vurderinga til departementet er at omgrepet «grunnskoleopplæring» i stor grad blir assosiert med barn. Med utvida rett til vidaregåande opplæring (sjå punkt 40.2), rekvalifiseringsrett (sjå punkt 40.3), nye læreplanar for vaksne på nivået under vidaregåande opplæring (sjå punkt 43.14) og modulstrukturert opplæring som hovudmodell for vaksne (sjå punkt 43.14) blir grunnlaget lagt for ei ny og meir fleksibel opplæring for vaksne. Opplæringstilbodet bør få eit nytt namn for å synleggjere dette. Departementet meiner «førebuande opplæring» er dekkjande for heile gruppa med deltakarar, både dei som skal førebuast for vidaregåande opplæring, og dei som skal førebuast for arbeid eller få generell livsmeistring. Departementet vil understreke at det framleis vil vere opplæring på grunnskolenivå sjølv om det blir gitt ei ny nemning i lova, og at opplæringa vil ha det same vernet etter Grunnlova § 109 (sjå punkt 43.4.1).

Departementet forslår også å bruke nemninga «vidaregåande opplæring for vaksne» i staden for «vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne».

Vidare i proposisjonen er det nemninga «grunnskoleopplæring» som blir brukt i punkta om dagens reglar og synet til høyringsinstansane. I punkta om departementets forslag, forslag til lovtekst og lovmerknadene er det nemninga «førebuande opplæring for vaksne» som blir brukt om opplæring på nivået til grunnskolen for vaksne.

Nemninga «deltakarar»

Departementet foreslår også å vidareføre nemninga «deltakarar», og ikkje «vaksne elevar» slik utvalet foreslo i NOU 2019: 23. Departementet meiner det vil vere ein fordel å bruke same nemning som i integreringslova ettersom det til dels er den same målgruppa som blir omfatta. Det er også ein fordel å kunne skilje mellom dei som får opplæring for vaksne (deltakarar), og dei som får opplæring for barn og unge (elevar), fordi dei har ulike rettar. Departementet vil understreke at om ein person er elev eller deltakar, blir avgjort ut frå kva slags opplæringsordning vedkommande følgjer, ikkje alder. Det vil dermed ikkje vere slik at personar over 18 år i ordinær vidaregåande opplæring vil reknast som «deltakar» etter lova.

43.3.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å innføre nye nemningar for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne: «førebuande opplæring for vaksne» og «vidaregåande opplæring for vaksne», sjå forslaget til femte del i lova

  • å vidareføre nemninga «deltakarar» for dei som deltek i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til femte del i lova

43.4 Rett til førebuande opplæring for vaksne

43.4.1 Dagens reglar

Det følgjer av Grunnlova § 109 at alle har rett til utdanning. Sjå nærare omtale av den grunnlovfesta retten til utdanning i punkt 9.2.1.

Det følgjer av § 4A-1 at vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring. I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012, er det utdjupa kva som ligg i vilkåret om at den vaksne treng grunnskoleopplæring.

For å få rett til grunnskoleopplæring etter § 4A-1 er det eit vilkår at ein er over grunnskolepliktig alder, ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 (ungdomsrett) og har lovleg opphald i Noreg. Kva som er over grunnskolepliktig alder, er avhengig av når den enkelte byrjar på skolen. Vanlegvis er ein over grunnskolepliktig alder det året ein fyller 16 år. Dei som ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til opplæring når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader.

Det er eit vilkår for rett til grunnskoleopplæring at søkjaren har lovleg opphald i Noreg. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne som søkjer opphaldsløyve i Noreg, er omtalt i punkt 41.

43.4.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre retten til grunnskoleopplæring med enkelte språklege endringar og presiseringar, mellom anna

    • å ta inn i lova at behovet for grunnskoleopplæring kan vere knytt til fag eller grunnleggjande ferdigheiter, og at det skal takast omsyn til kva den vaksne meiner

    • å presisere i lova at vaksne har rett til opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring frå før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var ein del av læreplanane då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom

Departementet følgde med dette høyringsforslaget delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45. I motsetningen til forslaget frå utvalet, innebar departementets forslag å vidareføre retten til fornya grunnskoleopplæring på grunn av endringar i samfunnet, typisk i digitale ferdigheiter.

43.4.3 Høyringsinstansanes syn

Det er i overkant av 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, og dei fleste av dei støttar forslaget heilt eller delvis.

Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet og fleire kommunar er blant dei som støttar forslaget. Larvik kommune støttar forslaget, men peikar på at det vil ha økonomiske konsekvensar for kommunen dersom mange vil nytte seg av til dømes retten til å få fornya opplæring i digitale ferdigheiter. Nettverk for kommunal voksenopplæring i Møre og Romsdal peikar på at mindre kommunar vil ha problem med å skaffe tilstrekkeleg kompetanse, og at både store og små kommunar kan få vanskar med å dekkje utgiftene til opplæring til større grupper vaksne med ulike behov for fornya opplæring. Kristiansand kommune er positiv til forslaget, men meiner det bør gjerast tydeleg i lovteksten at retten til grunnskoleopplæring også gjeld der den vaksne har behov for fornya kunnskap.

Skien kommune viser til at departementet framhevar at fornya opplæring kan vere særleg aktuelt for digitale ferdigheiter, men at kommunen erfarer at det i endå større grad kan vere behov for fornya norskopplæring for minoritetsspråklege som tidlegare har hatt norskopplæring, men som har mista kunnskap etter å ha vore heime ein periode. Time kommune meiner derimot at forslaget bør avgrensast til berre å handle om digitale ferdigheiter slik at det ikkje blir opna for uvisse om andre fag.

Oslo kommune påpeikar at det gir moglegheit for ein evigvarande rett til grunnskoleopplæring dersom det stadig skal takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner. Kommunen viser til at det i dag kan vere problematisk å avslutte opplæringa på eit godt grunnlag dersom ein person har fått tilfredsstillande opplæring i vaksenopplæringa over mange år, etter oppdatert læreplan, men likevel framleis ønskjer grunnskoleopplæring og kan vise til eit behov. Kommunen etterspør kva som vil vere tilstrekkeleg i slike tilfelle.

43.4.4 Departementets vurdering

Retten til grunnskoleopplæring

Departementet foreslår å vidareføre at vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til det. Departementet meiner det bør komme fram av lova at behovet kan vere knytt til fag eller grunnleggjande ferdigheiter fordi det tidlegare har vore spørsmål om dette. Etter gjeldande læreplanar er «grunnleggjande ferdigheiter» lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Med «fag» siktar ein til fag som er omfatta av læreplanverket.

Departementet foreslår også å vidareføre at dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, ikkje har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Retten til grunnskoleopplæring for vaksne gjeld elles så lenge den vaksne har behov for opplæring. Sjå likevel punkt 43.26 om krav om aktiv deltaking.

Departementet foreslår å vidareføre at søkjaren må ha lovleg opphald i Noreg for å få rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne som søkjer opphaldsløyve i Noreg, er omtalt i punkt 41.

Når det gjeld kva aldersgruppe som har rett til høvesvis vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne, viser departementet til punkt 40.2.

Kva som utløyser retten til fornya opplæring

Departementet foreslår også å presisere i lova at vaksne har rett til opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring frå før, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Forslaget samsvarer med tolkingar frå tidlegare forarbeid og Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012.

Departementet foreslår også å presisere i lova at vaksne har rett til opplæring dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var ein del av læreplanane då dei fekk grunnskoleopplæring. Forslaget inneber at ein vaksen kan få rett til fornya grunnskoleopplæring på grunn av endringar i samfunnet, typisk i digitale ferdigheiter. Departementet meiner dette er ei lovfesting av gjeldande rett slik det er uttrykt i forarbeid og rundskriv, og at forslaget dermed ikkje vil medføre auka kostnader. Departementet er enig med Skien kommune i at personar som ikkje har norsk som morsmål, kan ha behov for oppfrisking dersom dei har vore lange periodar utanfor opplæring og arbeid. Det er likevel ikkje den typen fornya opplæring forslaget gjeld. Fornya opplæring vil omfatta tilfelle der ein person opphavleg har fått tilstrekkeleg opplæring, men samfunnet og kompetansemåla har endra seg, og det krevst andre ferdigheiter. Då gjer ikkje lenger den opphavlege opplæringa personen i stand til å fungere godt i samfunnet. Det er ikkje meint slik at alle endringar i læreplanane gir rett til fornya opplæring. Det må vere vesentlege endringar. Per i dag er det berre opplæring i digitale ferdigheiter som er aktuelt for fornya opplæring, men det kan ikkje sjåast bort frå større endringar i samfunnet og læreplanar framover som vil gi rett til fornya opplæring på andre område. Tidlegare kunne det til dømes vere aktuelt med rett til fornya opplæring i engelsk for dei som ikkje hadde hatt engelsk som ein del av grunnskoleopplæringa, men dette er ikkje lenger aktuelt.

Kva den vaksne meiner sjølv

Departementet foreslår vidare at det skal takast omsyn til kva den vaksne sjølv meiner i vurderinga av om vedkommande treng, og dermed får rett til, grunnskoleopplæring for vaksne. Det er den vaksne som sjølv er nærast til å vurdere om hen treng opplæring. Etter vurderinga til departementet er det liten risiko for at vaksne som ikkje treng det, vil be om grunnskoleopplæring. Departementet vil likevel understreke at kva den vaksne meiner ikkje alltid vil vere avgjerande, men det skal leggjast vekt på det. Departementet foreslår å flytte setninga om kva den vaksne sjølv meiner, til slutt i det aktuelle leddet, så det ikkje skal forståast som at dette aleine er avgjerande. Om den vaksne oppfyller vilkåra for rett til grunnskoleopplæring, vil vere ei heilskapleg vurdering.

43.4.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til førebuande opplæring for vaksne med enkelte presiseringar, sjå forslaget til § 18-2. Departementet foreslår mellom anna

    • å ta inn i lova at behovet for førebuande opplæring kan være knytt til fag eller grunnleggjande ferdigheiter, og at det skal takast omsyn til kva den vaksne meiner

    • å presisere i lova at vaksne har rett til opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring frå før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var ein del av læreplanane da dei fikk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom

  • å vidareføre rett til førebuande opplæring for vaksne for dei som søkjer om opphaldsløyve, og at dei som får avslag på søknaden, beheld retten fram til tidspunktet for endeleg vedtak om avslag, men endre tidspunktet for når dei som søkjer om opphaldsløyve, mistar rett til opplæring pga. alder slik at retten gjeld ut det skoleåret som byrjar det kalenderåret dei fyller 18 år. Sjå forslaget § 18-10 første ledd, nærare omtalt i punkt 41

43.5 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

43.5.1 Dagens reglar

Retten til vidaregåande opplæring for vaksne er regulert i § 4A-3. Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har også rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring for vaksne at søkjaren har lovleg opphald i Noreg. Vaksne som oppheld seg lovleg i Noreg i vente på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring.

Departementet er i lova gitt heimel til å gi nærare forskrifter om mellom anna kven retten gjeld, inntak, rangering og førerett. Det følgjer av forskrift til opplæringslova § 6-45 at vaksne «til vanleg» skal takast inn på eit opplæringstilbod som leier til ønskt sluttkompetanse.

Det følgjer av Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-2-2008, at vaksne også kan få opplæringa i den ordinære vidaregåande opplæringa dersom fylkeskommunen vurderer det som tenleg. I slike tilfelle gjeld reglane som gjeld for ungdom (elevar).

Opplæringslova § 13-3 femte ledd regulerer planlegginga og utbygginga frå fylkeskommunane (dimensjonering) av det vidaregåande opplæringstilbodet. Det følgjer av § 4A-4 at denne også gjeld for den vidaregåande opplæringa for vaksne. Sjå omtale av reglane om dimensjonering i punkt 40.9.

43.5.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre regelen om at vaksne som har fullført grunnskolen, men ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og å innføre ein regel om at dei som har studie- eller yrkeskompetanse, har rett til rekvalifisering, nærare omtalt i punkt 40.2 og 40.3

  • å vidareføre reglane om rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg

  • å vidareføre regelen om at berre vaksne med lovleg opphald i Noreg har rett til vidaregåande opplæring, men at vaksne som søkjer om opphaldsløyve, likevel ikkje har rett til vidaregåande opplæring

  • å innføre reglar i lova om at vaksne har rett til inntak på eit opplæringstilbod som fører fram til éin av tre sluttkompetansar som den vaksne har søkt på. I tillegg foreslo departementet ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at vaksne med stor realkompetanse kan få formalisert kompetansen sin.

  • å vidareføre heimelen til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring og om inntak

  • å ta inn i lova at fylkeskommunen kan tilby vaksne ordinær vidaregåande opplæring for ungdom, og at reglane for ungdom gjeld for vaksne som tek imot slikt tilbod

  • å vidareføre ansvaret til fylkeskommunen for dimensjonering av det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne, tilsvarande som for ungdom

Forslaga må sjåast i samanheng med forslag om utvida rett til vidaregåande opplæring og rett til rekvalifisering, som også gjeld vaksne, omtalt i punkt 40.2 og 40.3, og forslag om å krav til planlegging og utbygging (dimensjonering) i det vidaregåande opplæringstilbodet generelt, omtalt i punkt 40.9.

Forutan om utvidingane i retten til vidaregående opplæring (omtalt i punkt 40.2 og 40.3) var forslaget i all hovudsak i samsvar med forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.5.3 Høyringsinstansanes syn

Kven som blir omfatta av retten

Det er om lag 25 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga som gjeld rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dei fleste høyringsinnspela gjeld forslaget om utvida rett til vidaregåande opplæring, som omfattar ei vidareføring av retten til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, og forslaget om rett til rekvalifisering. Høyringsinnspela til desse forslaga er omtalte samla for ungdom og vaksne i punkt 40.2 og 40.3.

Det er ingen som eksplisitt kommenterer forslaget om rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men fleire støtter vurderingane og forslaga frå departementet generelt.

Arbeids- og velferdsdirektoratet viser til at personar som oppheld seg lovleg i landet, men som ventar på vedtak, kan få ein betydeleg lengre veg til integrering i samfunnet og deltaking i arbeidslivet i tilfelle med lang saksbehandlingstid dersom dei ikkje får tilgang til vidaregåande opplæring. Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner derfor det bør vurderast om det er mogleg for denne gruppa å delta i opplæring.

Reglar om inntak

Det er om lag 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om inntak, og dei fleste høyringsinstansane støttar forslaget. Arbeids- og velferdsdirektoratet, fleire statsforvaltarar og fylkeskommunar, NHO og Utdanningsforbundet er blant dei som støttar forslaget heilt eller delvis.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) viser til forslaget i Meld. St. 21 (2020–2021) om at modulisert opplæring skal vere hovudmodell i opplæring for vaksne, og meiner vaksne bør kunne velje vidaregåande opplæring for ungdom og at det bør vere løpande inntak til modular i vaksenopplæringa. HK-dir støttar forslaget om at søkjarar skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til éin av tre sluttkompetansar personen har søkt på, men understrekar at dette medfører eit større handlingsrom for fylkeskommunen enn dagens ordning, og at karriererettleiing til den vaksne då blir endå viktigare enn i dag. Statsforvaltaren i Agder støttar forslaget, men meiner at vaksne bør kunne søkje på alle utdanningsprogram og programområde innan vidaregåande opplæring.

Utdanningsforbundet ved Voksenopplæringen Bærum kommune støttar ikkje forslaget, men ønskjer å behalde ordninga med at alle over 25 år kjem inn på førstevalet sitt, då dei meiner at fleste vaksne har meir gjennomtenkte val av utdanning og har mindre tid å miste. YS ber også departementet revurdere dette forslaget og meiner forslaget går i motsett veg av målet om at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.

Innlandet fylkeskommune støttar forslaget, men ønskjer ei utgreiing av om personar med stor realkompetanse kan påleggjast å dekkje utgiftene for formalisering av denne kompetansen, då dette ofte er personar som har inntektsgivande arbeid.

Oslo kommune meiner det er behov for ei presisering av kva tilbod om formalisering av kompetansen fylkeskommunen er lovpålagd å tilby. Statsforvaltaren i Innlandet meiner også at regelen om formalisering av kompetanse bør presiserast slik at hensikta kjem tydelegare fram.

Dimensjonering

Dei fleste av dei som har uttalt seg om forslaget om dimensjonering av tilbodet om vidaregåande opplæring for vaksne, støttar forslaget. Arbeids- og velferdsdirektoratet, fleire fylkeskommunar og Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) er blant dei som støttar forslaget.

Enkelte peikar på at det er mangel på vidaregåande opplæringstilbod i dag, og at vaksne kan måtte vente lenge på inntak. Mellom anna peikar Arbeids- og velferdsdirektoratet på at lang ventetid kan vere eit stort hinder for at Navs brukarar kan ta opplæring. Direktoratet understrekar at det har mykje å seie at Nav-brukarar med behov for opplæring – og rett til livsopphaldsyting som kan kombinerast med opplæring – får høve til å ta opplæring innanfor varigheita på ytinga.

Viken fylkeskommune støttar ikkje forslaget. Fylkeskommunen meiner det ikkje er urimeleg å forvente at fullføringsreforma vil leggje ytterlegare press på behovet for fleire plassar både for ungdom og vaksne, og at det vil bli svært krevjande med same krav til planlegging og utbygging i det vidaregåande opplæringstilbodet til vaksne som til ungdom utan at fylkeskommunane blir kompenserte økonomisk fullt ut for dette. Fylkeskommunen meiner det også vil bli krevjande å dimensjonere eit tilbod for vaksne på kort varsel når dei i utgangspunktet veit lite både om kor mange som søkjer, og søkjemønster (ønske).

Departementet foreslo like reglar for dimensjoneringa av vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne. Høyringsinnspel til innhaldet i forslaget er omtalt i punkt 40.9.3.

43.5.4 Departementets vurdering

43.5.4.1 Kven som blir omfatta av retten til vidaregåande opplæring

Departementet foreslår ein utvida rett til vidaregåande opplæring, som omfattar ei vidareføring av retten til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, og ein rett til rekvalifisering, sjå omtale i punkt 40.2 og 40.3.

Departementet foreslår å vidareføre reglane om rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.

Departementet foreslår å vidareføre rett til grunnskoleopplæring for vaksne for dei som søkjer om opphaldsløyve, og at dei som får avslag på søknaden, beheld retten fram til tidspunktet for endeleg vedtak om avslag, men å endre tidspunktet for når den enkelte mistar rett til opplæring på grunn av alder, sjå omtale i punkt 41.

Departementet foreslår også å vidareføre dagens regel om at berre vaksne med lovleg opphald i Noreg har rett til vidaregåande opplæring, men at vaksne som søkjer om opphaldsløyve, likevel ikkje har rett til vidaregåande opplæring. Departementet er enig med Arbeids- og velferdsdirektoratet i at vaksne kan få ein lengre veg til integrering dersom dei ikkje får vidaregåande opplæring medan dei ventar på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve. Samtidig er det eit spørsmål om ressursbruk og prioritering, og departementet har komme til at det bør førast vidare at ein først får rett til vidaregåande opplæring når ein har fått opphaldsløyve.

43.5.4.2 Reglar om inntak

Departementet foreslår at den som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal ha rett til eit opplæringstilbod som fører fram til éin av tre sluttkompetansar som personen har søkt på. Dette er ei innskrenking av dagens reglar om at vaksne til vanleg skal takast inn på eit opplæringstilbod som leier til ønskt sluttkompetanse. Departementet meiner det er nødvendig å gi fylkeskommunane det handlingsrommet dei treng for å kunne oppfylle den utvida retten til vidaregåande opplæring som blir foreslått i denne proposisjonen. Ein slik regel vil likne meir på retten som ungdom har, men vaksne vil framleis ha ein betre rett ved at retten blir knytt til sluttkompetanse og ikkje til utdanningsprogram. At retten blir knytt til sluttkompetanse, er nødvendig for å halda ved lag eigenarten i vaksentilbodet, og høyringsinstansane støttar dette. Departementet viser elles til at det er løpande inntak til vidaregåande opplæring for vaksne ved at det i gjeldande forskrift til opplæringslova § 6-47 er krav om at vaksne skal få tilbod innan rimeleg tid uavhengig av dei ordinære søknadsfristane for vidaregåande opplæring. Departementet er samd med Direktoratet for høyere utdanning og kompetans i at inndeling i modular kan gjere det enklare å praktisere dette på ein god måte.

Departementet meiner vaksne ikkje bør få rett til å velje tilbod for ungdom, slik Statsforvaltaren i Agder peikar på. Departementet foreslår derimot, som i dag, at fylkeskommunen kan velje å tilby vaksne dette, og at vaksne då kan delta i slike tilbod med same rettar som ungdom. Departementet foreslår å halde på at retten til inntak skal gjelde innanfor tilbodet til fylkeskommunen (sjå nedanfor om dimensjonering) fordi alternativet vil vere at fylkeskommunen kan bli tvinga til å opprette eit tilbod for éin eller svært få deltakarar. Dette er elles også dagens regel, og det gjeld tilsvarande for ungdom.

Departementet foreslår i tillegg at fylkeskommunane får ei plikt til å sørgje for at vaksne med betydeleg realkompetanse knytt til ein bestemt yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen. Fylkeskommunane kan oppfylle denne plikta ved å formidle læreplass, gi opplæringstilbod eller på andre måtar leggje til rette for at kompetansen kan bli formalisert. Andre måtar kan vere å tilby kurs før teoriprøve slik at den vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat eller leggje til rette for fagbrev på jobb. Kva som er betydeleg realkompetanse, må vurderast konkret av fylkeskommunane. Vilkåret vil vere oppfylt dersom vaksne har kunnskap og ferdigheiter på eit slikt nivå og av eit slikt omfang at dei kan formalisere kompetansen gjennom ordningane nemnde ovanfor, eventuelt med opplæring i enkelte fag i tillegg. Det vil då vere opp til den vaksne å nytte eit tilbod om formalisering av kompetansen eller søkje inntak på opplæringstilbod som gir éin av tre sluttkompetansar. Departementet ser ikkje behovet for å greie ut om personar med betydeleg realkompetanse kan påleggjast å dekkje utgiftene for formalisering av denne kompetansen, slik Innlandet fylkeskommune foreslår. Plikta som departementet foreslår, gjeld overfor vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Desse har rett til gratis opplæring og bør ikkje påleggjast å betale dersom dei vel ein annan, og truleg mindre kostnadskrevjande, veg til å oppnå yrkeskompetanse.

Departementet foreslår å ta inn i lova at fylkeskommunen kan tilby vaksne ordinær vidaregåande opplæring for ungdom, og at reglane for ungdom gjeld for vaksne som tek imot slikt tilbod. Forslaget lovfestar det som i dag følgjer av rundskriv.

Departementet foreslår elles å vidareføre heimelen til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, og om inntak med enkelte språklege endringar.

43.5.4.3 Planlegging og utbygging av det vidaregåande tilbodet (dimensjonering)

Departementet foreslår å vidareføre like reglar for dimensjonering av det vidaregåande tilbodet for vaksne som for ungdom, noko dei fleste høyringsinstansane støttar. Ettersom det er langt færre vaksne enn ungdom med rett til vidaregåande opplæring, kan omfanget av tilbodet vere mindre, men plikta til å dimensjonere ut frå behovet i samfunnet tilseier at breidda i tilbodet ikkje skal vere vesentleg smalare enn for ungdom. Fylkeskommunane må dessutan ha nok plassar til å oppfylle retten til inntak innan rimeleg tid.

Dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet er omtalt i punkt 40.9.

43.5.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre regelen om at vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og å innføre ein regel om at dei som har studie- eller yrkeskompetanse, har rett til rekvalifisering, nærare omtalt i punkt 40.2 og 40.3, sjå forslaget § 18-3 første ledd og § 18-4

  • å vidareføre reglane om rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, sjå forslaget til § 18-3 første ledd andre punktum

  • å vidareføre regelen om at berre vaksne med lovleg opphald i Noreg har rett til vidaregåande opplæring, men at vaksne som søkjer om opphaldsløyve, likevel ikkje har rett til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 18-10 andre ledd

  • å lovfeste at vaksne har rett til inntak på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som den vaksne har søkt på. I tillegg skal fylkeskommunen ha ei plikt til å sørgje for at vaksne med stor realkompetanse får formalisert kompetansen sin, sjå forslaget til § 18-3 andre ledd

  • å vidareføre heimelen til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring og om inntak, sjå forslaget § 18-3 fjerde ledd

  • å ta inn i lova at fylkeskommunen kan tilby vaksne ordinær vidaregåande opplæring for ungdom, og at reglane for ungdom gjeld for vaksne som tek imot slikt tilbod, sjå forslaget § 18-3 tredje ledd

  • å vidareføre ansvaret til fylkeskommunen for dimensjonering av det vidaregåande opplæringstilbodet, tilsvarande som for ungdom, sjå forslaget til § 19-11

43.6 Rett til læreplass for vaksne

43.6.1 Dagens reglar

Opplæringslova regulerer ikkje uttrykkjeleg kva reglar som gjeld når vaksne får opplæring i bedrift. I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012, er det lagt til grunn at ein vaksen som får opplæring i bedrift, har dei same rettane og pliktene som ungdom som får opplæring i bedrift. I opplæringslova § 3-3 er det krav om at fylkeskommunane må tilby opplæring i skole dersom dei ikkje kan formidle læreplass til ungdommar i fag som føreset opplæring i bedrift. Det er lagt til grunn at tilsvarande gjeld for vaksne.

Reglane om opplæring i bedrift for ungdom er omtalte i punkt 42.

43.6.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å lovfeste at reglane for opplæring i bedrift for ungdom også gjeld for vaksne som får opplæring i bedrift

  • at vaksne skal ha rett til læreplass, eller dersom dei ikkje får tilbod om læreplass, andre opplæringstilbod som fører fram til fag- eller sveineprøve

  • å opne for at fylkeskommunen kan tilby alternativ opplæring som kombinerer ungdoms- og vaksentilbod

Forslaga om opplæring i bedrift for ungdom er omtalte i punkt 42.

Forslaga skilde seg frå forslaget til opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45, ved at departementet foreslo ein rett til læreplass, og ikkje berre ei plikt for fylkeskommunen til å tilby opplæring dersom dei ikkje finn læreplass. I tillegg opna forslaget frå departementet for at fylkeskommunen kunne tilby alternativ opplæring som kombinerte ungdoms- og vaksentilbod, medan utvalet foreslo at det alternative tilbodet måtte vere ein del av den ordinære vaksenopplæringa.

43.6.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om departementets forslag om å innføre rett til læreplass eller anna opplæringstilbod for vaksne og om å presisere at dei ordinære reglane om opplæring i bedrift gjeld for vaksne som får opplæring i bedrift.

Fleirtalet av dei som har uttalt seg om forslaget, støttar det. Innlandet fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Nettverk for kommunal voksenopplæring i Møre og Romsdal, Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) og Utdanningsforbundet er blant dei som støttar forslaget. Fleire, mellom andre Innlandet fylkeskommune, støttar at alternativ opplæring ikkje må organiserast som eige vaksentilbod, men at fylkeskommunen kan samordne slik opplæring for ungdom og vaksne utan læreplass. NHO støttar ikkje forslaget om å innføre at vaksne har rett til læreplass eller anna opplæringstilbod, og viser til at bedrifter ikkje kan påleggjast å ta inn lærlingar. Det er også fleire høyringsinstansar som er skeptiske til ordlyden «rett til læreplass», men som støttar intensjonen om at vaksne skal få anten opplæring i bedrift eller alternativ opplæring. Mellom anna er Viken fylkeskommune skeptisk til formuleringa «rett til læreplass». Høyringsinnspela til forslaget om tilsvarande reglar for ungdom er omtalte i punkt 42.

43.6.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å ta inn i lova at reglane for opplæring i bedrift for ungdom også gjeld for vaksne som får opplæring i bedrift. Forslaget lovfestar gjeldande rett, og høyringsinstansane støttar forslaget.

Når det gjeld forslaget om rett til læreplass med tilhøyrande plikt til å gi eit alternativt tilbod, viser departementet til vurderingane i punkt 42. Departementet foreslår tilsvarande reglar for vaksne, men med tilpassingar i ordlyden ettersom den vidaregåande opplæringa for vaksne ikkje er organisert i trinn.

Departementet legg til grunn at alternative opplæringstilbod til opplæring i bedrift kan vere kombinerte ungdoms- og vaksentilbod. Opplæring i lærebedrift er hovudordninga, og alternativ opplæring er berre aktuelt dersom dei det gjeld, ikkje får tilbod om læreplass. Fylkeskommunane bør dermed kunne ha eit samla tilbod til ungdommar og vaksne.

43.6.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • at vaksne skal ha rett til læreplass, eller dersom dei ikkje får tilbod om læreplass, andre opplæringstilbod som fører fram til fag- eller sveineprøve, sjå forslaget til § 18-6 første ledd

  • å lovfeste at reglane for opplæring i bedrift for ungdom også gjeld for vaksne som får opplæring i bedrift, sjå forslaget til § 18-6 andre ledd

43.7 Rett til påbygging og opplæring fram til studiekompetanse for vaksne

43.7.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-3 sjuande ledd at vaksne som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 eller innan utgangen av det året dei fyller 24 år, har rett til påbygging til generell studiekompetanse. Retten gjeld berre dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.

43.7.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre ein rett til påbygging til generell studiekompetanse for vaksne, men utvide retten slik at han ikkje er avgrensa til dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten eller før fylte 25 år og i 2014 eller seinare og ikkje er avgrensa til eitt år med påbygging

  • å ikkje vidareføre presiseringa i lovteksten om at retten til påbygging kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring

Forslaget om å ta ut avgrensinga om at retten til påbygging kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring, var ei oppfølging av forslaget til opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45. Forslaga var elles nye samanlikna med forslaga frå utvalet.

43.7.3 Høyringsinstansanes syn

Alle dei om lag 15 høyringsinstansane som har uttalt seg om det, støttar forslaget om påbygging til generell studiekompetanse for vaksne heilt eller delvis. Blant dei som støttar forslaget, er Arbeids- og velferdsdirektoratet, fleire fylkeskommunar, Norsk Lektorlag og Utdanningsforbundet. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget, men med føresetnad om midlar til utviding av opplæringstilbodet for vaksne.

Forslaget om å oppheve avgrensinga på eitt år gjeld også påbygging i vidaregåande opplæring for ungdom. Høyringsinnspel til denne delen av forslaget er omtalt i punkt 40.5.3.

43.7.4 Departementets vurdering

43.7.4.1 Påbygging til generell studiekompetanse

Departementet foreslår å vidareføre retten til påbygging for vaksne, men ikkje vidareføre avgrensingane om at han berre gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring før 24 år eller som ein del av ungdomsretten i 2014 eller seinare.

Ettersom departementet foreslår å innføre ein generell rett til yrkesfagleg rekvalifisering, vil det gi lite meining å halde på dagens avgrensingar i retten til påbygging til generell studiekompetanse, då det ville ført til at vaksne får ein betre rett til fagbrev nummer to enn til studiekompetanse i tillegg til fagbrev. Departementet går ut frå at påbygging er mest aktuelt for dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten, og at det derfor ikkje vil bli betydeleg fleire deltakarar dersom denne avgrensinga blir fjerna. For mange fagarbeidarar vil påbygging vere den lengste vegen mot studiekompetanse. Det er derfor heller ikkje grunn til å tru at det vil bli vesentleg fleire vaksne som vil ta påbygging sjølv om det blir opna for dei som tok fag- eller sveinebrev før 2014.

Departementet foreslår også å oppheve avgrensinga på eitt år med påbygging. Departementet viser til vurderingane til punkt 40.5. Når det gjeld kva aldersgruppe som har rett til høvesvis vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne, viser departementet også til punkt 40.5.

Departementet foreslår også å ta ut av lovteksten at retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring, fordi dette er ei unødvendig presisering.

43.7.4.2 Opplæring fram til generell studiekompetanse

I vidaregåande opplæring blir det gjennomført eit forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne i utvalde lærefag. Det er utvikla modulstrukturerte læreplanar i 13 lærefag. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å modulstrukturere eksisterande læreplanar for dei lærefaga som i dag er med i modulforsøket. Dei modulstrukturerte læreplanane skal byggje på erfaringane som ein har gjort seg i forsøket, og skal etter planen bli tatt i bruk permanent frå hausten 2024. I resten av lærefaga skal det brukast eksisterande læreplanar.

Dei moduliserte læreplanane for fag- og yrkesopplæring for vaksne skal omfatte heile læreplanen for vidaregåande trinn 3 (vg3). I tillegg skal modulane inkludere relevante kompetansemål frå programfag i vg1 og vg2 som er nødvendige for å oppnå sluttkompetansen. Modulane vil omfatte nokre kompetansemål frå vg2 norsk og vg2 samfunnsfag og enkelte andre kompetansemål frå fellesfaga. Elles vil ikkje modulane omfatte fellesfag.

Påbygging til studiekompetanse byggjer på at deltakarane har alle faga som inngår i eit opplæringsløp i samsvar med gjeldande læreplanverk for ungdom, og også for vaksne dersom det blir brukt felles læreplanar. Dei som har fullført og bestått modulisert fag- og yrkesopplæring, vil derfor ikkje ha rett til påbygging til studiekompetanse. Dei vil heller ikkje ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse til å ta påbygging ettersom dei manglar fellesfag. Samtidig er det ei utfordring dersom dei som tar modulisert fag- og yrkesopplæring, ikkje har moglegheita til å ombestemme seg og få opplæring mot studiekompetanse.

Departementet foreslår derfor at dei som har fullført og bestått modulisert fag- og yrkesopplæring, skal ha rett til opplæring fram mot generell studiekompetanse. Dette inneber ein rett til meir vidaregåande opplæring for vaksne, med studiekompetanse som mål. Etter vanlege reglar skal opplæringa byggje på den kompetansen den vaksne har.

Med den planlagde moduliseringa blir modulisert fag- og yrkesopplæring einaste modellen for vaksne som ønskjer seg (og får inntak til) opplæring innanfor dei lærefaga der det er moduliserte læreplanar. Dersom vedkommande seinare ombestemmer seg og ønskjer studiekompetanse, har vedkommande rett til inntak på eit opplæringstilbod som gir generell studiekompetanse.

Utfordringa med manglande fellesfag med tanke på mogleg påbygg kan også vere aktuell for andre som har oppnådd fag- eller sveinebrev, til dømes gjennom fagbrev på jobb eller praksiskandidatordninga. For at desse ikkje skal få ein vesentleg dårlegare rett enn dei som nyttar seg av retten til opplæring, foreslår departementet at desse også får ein rett til opplæring fram mot generell studiekompetanse.

Forslaget om ein rett til opplæring fram mot studiekompetanse for dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, gjeld opplæringa for vaksne. Det følgjer av forslaget til § 18-3 at ungdom kan velje opplæring for vaksne frå det skoleåret som startar det året dei fyller 19 år. Enkelte vil kunne ha oppnådd ein yrkeskompetanse før dette tidspunktet. For å unngå opphald i opplæringa for dei som vil ha studiekompetanse etter oppnådd yrkeskompetanse og enno ikkje har oppnådd aldersgrensa på 19 år, foreslår departementet at retten til opplæring fram mot studiekompetanse etter dette forslaget skal gjelde uavhengig av aldersgrensa på 19 år i § 18-3 i forslaget.

43.7.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre ein rett til påbygging til generell studiekompetanse for vaksne, men utvide retten slik at han ikkje er avgrensa til dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten eller før fylte 25 år og i 2014 eller seinare og ikkje er avgrensa til eitt år med påbygging, sjå forslaget til § 18-7 første ledd

  • å ikkje vidareføre presiseringa i lovteksten om at retten til påbygging kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring

  • å innføre ein rett til opplæring fram mot studiekompetanse for dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, sjå forslaget til § 18-7 andre ledd

43.8 Formålet med opplæringa for vaksne og overordna mål og prinsipp

43.8.1 Dagens reglar

Det følgjer av § 4A-6 første punktum at § 1-1 om formålet med grunnopplæringa gjeld for vaksne så langt det passar. I § 4A-6 andre punktum står det at overordna del av læreplanverket gjeld «med dei tilpassingar som følgjer av dette kapittelet».

43.8.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre at dagens § 1-1 om at formålet med og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld så langt det passar for opplæringa for vaksne

  • å lovfeste eit tilleggsformål om at opplæring må kunne byggje på den kompetansen vaksne allereie har, og kunne gjennomførast slik at deltakarane kan gå ut i arbeid eller vidare utdanning så raskt som mogleg

Forslaget om å vidareføre at formålet med og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld så langt det passar var ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45. Forslaget om et tilleggsformål var nytt i departementets høyring.

43.8.3 Høyringsinstansanes syn

Dei fleste av dei om lag 15 høyringsinstansane som har uttalt seg om formålet, støttar forslaget. Statsforvaltaren i Oslo og Viken og fleire kommunar og fylkeskommunar er blant dei som støttar forslaget. Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner at realkompetansevurdering også burde vore nemnd.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) meiner formålet bør vere at vaksne gjennom eit effektivt opplæringsløp tilpassa behovet og kompetansen til den enkelte oppnår ei varig tilknyting til arbeidslivet eller går inn i utdanning som kan gi varig tilknyting til arbeidslivet. EL og IT Forbundet meiner det foreslåtte tilleggsformålet er for snevert ved at det ikkje omfattar dei som treng ny kompetanse, eller dei som er i arbeid, men har behov for kompetanseheving.

Halden kommune støttar ikkje forslaget om ein felles formålsparagraf som også skal gjelde for vaksne deltakarar så langt han passar, men meiner at tilleggsregelen som blir foreslått for vaksne, bør ta opp i seg dei relevante delane av formålsregelen for barn og unge.

43.8.4 Departementets vurdering

Etter vurderinga til departementet er formålet i § 1-1 i stor grad aktuelt også for opplæringa for vaksne. Det er enkelte element, som samarbeid med heimen, som ikkje passar for vaksne. I tillegg vil danningsperspektivet vere tona meir ned i opplæringa for vaksne. Departementet meiner at desse forskjellane er tilstrekkeleg varetekne ved å vidareføre at det generelle formålet med opplæringa gjeld så langt det passar. Departementet meiner det blir unødvendig dobbeltregulering dersom dei relevante elementa i den generelle formålsparagrafen skal gjentakast i ein eigen paragraf om formålet med opplæringa for vaksne. Departementet foreslår derfor å vidareføre at det generelle formålet med opplæringa gjeld så langt det passar, og lovfeste tilleggsformål som gjeld særskilt for opplæringa for vaksne.

Departementet meiner at det er behov for eit tilleggsformål der det blir framheva element som er særleg viktige i opplæringa for vaksne, og som skil denne opplæringa frå opplæringa til barn og unge. Departementet har vurdert innspela til utforminga av tilleggsformålet. Departementet meiner det ikkje er grunn til å nemne realkompetansevurdering særskilt i tilleggsformålet, då dette følgjer implisitt av at opplæringa skal byggje på den kompetansen den vaksne har. Departementet er samd med EL og IT Forbundet i at formålet som vart foreslått i høyringa, ikkje er dekkjande for dei som treng ny kompetanse, eller for dei som er i arbeid, men har behov for kompetanseheving. Eit formål treng ikkje å omfatte alle som kan nytte seg av opplæring for vaksne, men departementet er samd i at dette behovet er så sentralt at det bør inkluderast i formålet. Departementet forslår derfor at formålet blir formulert slik: «Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning.» Departementet meiner denne formuleringa tek inn over seg at behovet kan endrast, og at det ikkje er nødvendig at det står eksplisitt at målet er varig tilknyting til arbeidslivet.

43.8.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre at dagens § 1-1 om formålet med opplæringa og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld så langt det passar for opplæringa for vaksne, sjå forslaget til § 18-1 første punktum

  • å lovfeste eit tilleggsformål om at opplæring skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og bli lagd opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning, sjå forslaget til § 18-1 andre punktum

43.9 Vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring

43.9.1 Dagens reglar

Søkjarar må ha fullført grunnskoleopplæring for å ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Forskrift til opplæringslova § 1-15 siste ledd opnar for at deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne kan få opplæring i fag på vidaregåande nivå når dei har tilstrekkeleg kompetanse i faget, på same vilkår som for ungdom. Dette gjeld for fellesfag og programfag som byggjer på fag i grunnskolen. Regelverket opnar elles ikkje for at vaksne kan givast vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring. Med heimel i opplæringslova § 1-5 er det innvilga forsøk der deltakarane får opplæring i modular på grunnskolenivå og vidaregåande nivå parallelt (kombinasjonsforsøket).

43.9.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å leggje til rette for at deltakarar kan ta vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring, ved å opne for at fylkeskommunen kan tilby vidaregåande opplæring til vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring.

Forslaget var nytt samanlikna med forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23.

43.9.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om departementets forslag. Alle som har uttalt seg om det, støttar forslaget, men enkelte meiner det ikkje går langt nok. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) meiner det bør innførast ein rett til opplæring i vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring for vaksne som har behov for dette. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) meiner at det er viktig at framtidig regelverk legg til rette for at vaksne skal kunne delta i opplæring på ulike utdanningsnivå parallelt, og at regelverket derfor bør formast ut slik at grunnopplæringa for vaksne blir eit heilskapleg, fleksibelt og saumlaust opplæringsløp. Utdanningsforbundet støttar departementets forslag og er samd i at ei innføring av rett til kombinerte tilbod bør venta på evalueringa av kombinasjonsforsøket.

43.9.4 Departementets vurdering

Nokre vaksne har kompetanse på nivået vidaregåande opplæring i enkelte fag og treng samtidig opplæring i enkelte fag frå grunnskoleopplæringa for at denne skal vere fullført. Ettersom dei ikkje har fullført grunnskoleopplæring, oppfyller dei ikkje vilkåra for rett til vidaregåande opplæring. For denne gruppa vaksne kan utdanningsløpa bli unødvendig lange og lite motiverande dersom opplæringa på vidaregåande nivå må vente til grunnskoleopplæringa er fullført. For at vaksne i denne gruppa skal få eit mest mogleg effektivt opplæringstilbod og bli raskast mogleg kvalifiserte for arbeidslivet, bør det leggjast til rette for at dei kan få opplæringa på grunnskolenivå og vidaregåande nivå samtidig.

Departementet meiner det er gode grunnar til at vaksne skal få ta vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring. Sluttkompetanse på vidaregåande nivå bør vere ei målsetjing i dei fleste tilfella, og det vil vere meir motiverande og effektivt for den vaksne med ei heilskapleg opplæring som supplerer realkompetansen til den vaksne uavhengig av nivå. Departementet foreslår å leggje til rette for at deltakarar kan ta vidaregåande opplæring i kombinasjon med førebuande opplæring (grunnskoleopplæring). Til forskjell frå det som følgjer av gjeldande forskrift til opplæringslova § 1-15 siste ledd, foreslår departementet at moglegheita ikkje skal vere avgrensa til fag som byggjer på fag i grunnskoleopplæring, og at det ikkje er nødvendig med vedtak frå kommunane. Fylkeskommunane kan dermed tilby opplæring innanfor alle fag i vidaregåande opplæring.

Ansvaret for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne er delt mellom kommunane og fylkeskommunane. Opplæring på vidaregåande nivå i kombinasjon med grunnskoleopplæring føreset derfor eit samarbeid mellom den aktuelle kommunen og fylkeskommunen. Kommunen og fylkeskommunen kan nytta andre til å gi opplæring (sjå punkt 43.22), så det kan til dømes vere mogleg at fylkeskommunen gir deltakarane opplæring både på grunnskolenivå og vidaregåande nivå, men at grunnskoledelen blir gitt på vegner av kommunen.

Departementet har forståing for innspela frå IMDi og HK-dir og er samd i at det på sikt bør bli eit heilskapleg og fleksibelt grunnopplæringsløp for vaksne. Departementet meiner likevel at det ikkje kan innførast ein rett til dette no, men at det kan bli aktuelt å vurdere dette etter evaluering av kombinasjonsforsøket (sjå omtale i punkt 43.9.1).

Ettersom det etter forslaget ikkje skal vere nokon rett til opplæring på vidaregåande nivå i kombinasjon med grunnskoleopplæring, ser departementet ikkje behov for å regulere nokon avgrensingar eller vilkår. Departementet legg til grunn at fylkeskommunane sjølve vil vurdere om det er tenleg å tilby opplæring på vidaregåande nivå til personar som ikkje har fullført grunnskoleopplæring. Dette vil typisk kunne vere aktuelt der den vaksne har realkompetanse innanfor eit yrkesfag, men elles manglar ein del opplæring på grunnskolenivå. Det kan også vere aktuelt dersom den vaksne berre manglar opplæring i nokre fag på grunnskolenivå og elles er i stand til å følgje fag på vidaregåande nivå.

Departementet understrekar at fylkeskommunane ikkje kan utskrive dokumentasjon på studie- eller yrkeskompetanse før også grunnskoleopplæringa er fullført.

43.9.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å leggje til rette for at deltakarar kan ta vidaregåande opplæring i kombinasjon med førebuande opplæring (grunnskoleopplæring), ved å opne for at fylkeskommunen kan tilby vidaregåande opplæring til vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring, sjå forslaget til § 18-5 andre ledd.

43.10 Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

43.10.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 13-3 tredje ledd er det krav om at fylkeskommunane skal ha tilbod til vaksne utan rett. Det er opp til fylkeskommunane kor mange plassar som skal opprettast til vaksne utan rett, og innanfor kva fag. Det følgjer av Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-2-2008, at reglane for vaksne med rett til vidaregåande opplæring gjeld tilsvarande når fylkeskommunen gir tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne utan rett.

43.10.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å ikkje vidareføre plikta til fylkeskommunen om ha eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

  • å ta inn i lova at dei som blir tekne inn til vidaregåande opplæring for vaksne utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring.

Forslaget om å ikkje vidareføre plikta til fylkeskommunen om å ha eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne utan rett, avveik frå NOU 2019: 23, kapittel 45, der opplæringslovutvalet foreslo å vidareføre denne plikta. At dei utan rett som blir tatt inn, skal få dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring, var ei oppfølging av forslaget frå utvalet.

43.10.3 Høyringsinstansanes syn

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget. Innlandet fylkeskommune og Utdanningsforbundet støttar forslaget og viser til at det etter utvidinga av retten til vidaregåande opplæring vil vere få vaksne utan rett. NHO og Skolelederforbundet er imot forslaget. Skolelederforbundet peikar på at sjølv om retten til vidaregåande opplæring blir utvida, vil det framleis vere grupper og enkeltpersonar som ikkje vil få rett, og at det av omsynet til den enkelte og samfunnet er viktig at desse også kan få eit tilbod dersom det er kapasitet i opplæringstilbodet.

43.10.4 Departementets vurdering

Departementet meiner det ikkje er nødvendig å vidareføre plikta for fylkeskommunen til å ha eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne utan rett. Plikta er heilt overordna og inneber ikkje noko krav om talet på plassar eller nokon korresponderande rett for vaksne. Plikta har dermed lita rettsleg betydning. Med departementets forslag om å utvide retten til vidaregåande opplæring og innføre ein rett til rekvalifisering, vil det dessutan bli langt færre vaksne som ikkje har rett til vidaregåande opplæring. I praksis vil det berre vere vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring, og vaksne som ønskjer ein tredje sluttkompetanse, som då ikkje vil ha rett til vidaregåande opplæring. Det er dermed mindre behov for å vidareføre plikta for fylkeskommunane til å ha eit vidaregåande opplæringstilbod til dei utan rett. Departementet meiner dessutan at fylkeskommunane, som ansvarlege for regional kompetansepolitikk, sjølve er nærast til å vurdere om det er behov for slike tilbod.

Departementet foreslår derfor å oppheve plikta for fylkeskommunane til å ha tilbod til vaksne utan rett til vidaregåande opplæring. Departementet foreslår i staden å lovfeste at fylkeskommunane kan ha tilbod til dei utan rett. Fylkeskommunane bør ha slike tilbod dersom det er behov for det.

Dersom vaksne utan rett blir tekne inn i vidaregåande opplæring for vaksne, skal dei ha dei same rettane som vaksne med rett.

43.10.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å ikkje vidareføre plikta til fylkeskommunen om ha eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, men ta inn i lova at fylkeskommunane kan ha tilbod til vaksne som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 18-5 første ledd

  • å ta inn i lova at vaksne som blir tekne inn til vidaregåande opplæring for vaksne utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 18-5 tredje ledd

43.11 Gratis opplæring for vaksne

43.11.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-1 tredje ledd at grunnskoleopplæringa og undervisningsmaterialet er gratis. Regelen inneber at det ordinære gratisprinsippet i grunnskolen også gjeld for vaksne. Det er ikkje er meint eit anna innhald sjølv om formuleringa er annleis, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) punkt 8.1 merknaden til § 4A-1.

Det følgjer av opplæringslova § 4A-3 fjerde ledd at opplæringa i offentlege vidaregåande skolar og i lærebedrifter er gratis. Det er presisert at fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr, og at vaksne ikkje kan påleggjast å dekkje nokon delar av utgiftene til opplæringa utover det som følgjer av forskrift. Vidare er det presisert at fylkeskommunen kan påleggje vaksne å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa vanlegvis gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærare forskrifter.

43.11.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å vidareføre reglane om gratis opplæring for vaksne deltakarar og at reglane blir likt utforma som for barn og unge.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.11.3 Høyringsinstansanes syn

Det er under ti høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, og alle støttar det.

43.11.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre reglane om gratis opplæring for deltakarar i opplæringa for vaksne og at reglane blir likt utforma som for barn og unge. Sjå omtalen av gratisprinsippet for barn og unge i punkt 9.5.7 og 40.7.

43.11.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre reglane om gratis opplæring for vaksne med enkelte mindre endringar, sjå forslaget til § 18-9.

43.12 Realkompetansevurdering for vaksne

43.12.1 Dagens reglar

Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis, jf. § 4A-3 femte ledd. Vidare har vaksne utan rett til vidaregåande opplæring rett til realkompetansevurdering dersom dei er tilviste frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten. I nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering er det lagt til grunn at retten til realkompetansevurdering etter tilvising frå Arbeids- og velferdsetaten eller kommunen gjeld vaksne som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, men ikkje vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring. Lova inneheld heimel til å gi nærare reglar om realkompetansevurdering i forskrift.

For vaksne med rett til grunnskoleopplæring er det ikkje fastsett i opplæringslova at dei har rett til realkompetansevurdering, men dei har etter § 4A-8 rett til rådgiving for å få kartlagt kva behov dei har.

I forskrift til opplæringslova § 4-11 finst reglar om realkompetansevurdering som grunnlag for sluttvurdering på grunnskolenivå og vidaregåande nivå. På vidaregåande trinn (vg3) i yrkesfaglege utdanningsprogram, kan ikkje realkompetansevurdering brukast som sluttvurdering.

43.12.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • ein generell rett til realkompetansevurdering med tilhøyrande rett til kompetansebevis i lova for alle med rett til grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring for vaksne

  • å vidareføre rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring dersom dei har tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten

  • å vidareføre forskriftsheimelen med ein litt annan ordlyd og gjere også denne generell for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.12.3 Høyringsinstansanes syn

Ein generell rett til realkompetansevurdering for alle med rett til opplæring

Det er om lag 25 høyringsinstansar som har uttalt seg om realkompetansevurdering på grunnskolenivå, og om lag 20 som har uttalt seg om realkompetansevurdering på vidaregåande nivå.

Dei fleste av dei som har uttalt seg om det, støttar departementets forslag om å lovfeste ein rett til realkompetansevurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), fleire fylkeskommunar og kommunar, LO og NHO støttar forslaget. IMDi viser til at vaksne innvandrarar har behov for å få anerkjent kompetansen dei har med seg, og kunne få avkorta kvalifiseringsløp for å komme raskare ut i arbeid. Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) stiller seg derimot kritisk til om det er nødvendig og fornuftig å lovfeste rett til realkompetansevurdering i grunnskoleopplæringa for vaksne. IKVO meiner at ein rett til realkompetansevurdering for alle vil krevje meir ressursar og vere eit fordyrande tiltak, og at behovet for grunnskoleopplæring blir avdekt best gjennom ei kartlegging og ein inntakssamtale.

Rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

I behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet gjorde Stortinget følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring». I høyringa drøfta departementet behovet for å utvide retten til realkompetansevurdering på bakgrunn av Stortingets oppmodingsvedtak. Departementet bad om synet til høyringsinstansane på behovet for ei utviding av retten til realkompetansevurdering. Departementet bad også særleg om innspel frå fylkeskommunane på kor mange dei trur vil nytte seg av ein slik rett, og kva dei reknar med at kostnadene vil bli for ei eventuell utviding.

Det er berre seks høyringsinstansar som eksplisitt har uttalt seg til spørsmålet om behovet for å innføre rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring. Statsforvaltaren i Rogaland meiner det ikkje er behov for ei slik utviding. Statsforvaltaren peikar på at med ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering vil vaksne utan rett til vidaregåande opplæring vere vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæringa. Vidare peikar Statsforvaltaren på at lovforslaget inneber at fylkeskommunen kan vurdere om denne gruppa vaksne likevel skal få opplæring på vidaregåande nivå. Viken fylkeskommune meiner at det ikkje er behov for å innføre ein rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, men at dei kan få det dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten tilrår det.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken peikar på at deltakarar som blir tilbydde eit kombinasjonsløp, kan ha nytte av rett til realkompetansevurdering på vidaregåande nivå. Statsforvaltaren peikar også på at det for personar som ikkje har fullført grunnskole, men har arbeidd i fleire år innan eit fagfelt, kan vere aktuelt med realkompetansevurdering for å avkorte løpet mot ein formell kompetanse, anten ved å ta kombinert grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring eller for å få opplæring via fagbrev på jobb. Vidare peikar Statsforvaltaren på at det kan vere tenleg at dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring og ønskjer ny sluttkompetanse, har rett til å bli realkompetansevurdert for å eventuelt avkorte eit nytt opplæringsløp. Statsforvaltaren viser til at retten til realkompetansevurdering i så fall vil følgje retten til ny yrkesfagleg rekvalifisering. Rogaland fylkeskommune meiner det må vere høve for bedrifter og privatpersonar til å betale for realkompetansevurdering for vaksne utan rett.

IMDi viser til at innvandrarar særleg vil vere representerte i gruppa som ikkje har fullført grunnskoleopplæring, og som no ikkje har rett til realkompetansevurdering på vidaregåande nivå. IMDi meiner denne gruppa raskare kan komme i faglært arbeid gjennom ei realkompetansevurdering. Med tanke på innføring av modulstrukturert opplæring (sjå punkt 43.14), det samansette behovet til målgruppa og behovet til arbeidsgivarane meiner IMDi at retten til realkompetansevurdering bør utvidast.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner det er tilfelle der det kan vere nyttig for ein person å få dokumentert kompetanse på vidaregåande nivå sjølv om personen ikkje har dokumentasjon på fullført grunnskoleopplæring. Dette kan til dømes gjelde personar som har fullført grunnopplæring i heimlandet sitt, men som blir vurdert til å mangle grunnskole i Noreg på grunn av manglande dokumentasjon. Ei anna gruppe som ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet kan ha behov for realkompetansevurdering på vidaregåande nivå sjølv om dei manglar grunnskole, er personar som har mykje yrkeserfaring, men manglar formell utdanning. Realkompetansevurdering kan i slike tilfelle styrkje høva deira til å få jobb.

Det er ingen av høyringsinstansane som eksplisitt kommenterer kva ei eventuell utviding av retten til realkompetansevurdering vil koste. Fleire, mellom anna Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal, peikar generelt på at realkompetansevurdering er ressurskrevjande.

43.12.4 Departementets vurdering

43.12.4.1 Ein generell rett til realkompetansevurdering for alle med rett til opplæring for vaksne

Departementet foreslår å vidareføre ein generell rett til realkompetansevurdering for alle med rett til grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring for vaksne.

Realkompetansevurdering kan gi den vaksne dokumentasjonen på godkjend kompetanse i fag, ein dokumentasjon som er likeverdig med andre sluttvurderingar. Realkompetansevurdering kan også brukast til å avkorte og tilpasse opplæringstilbod for å oppnå yrkes- eller studiekompetanse. Å bli realkompetansevurdert kan dermed vere aktuelt både for vaksne som vil ta grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, og for vaksne som ønskjer å dokumentere kompetansen sin, til dømes overfor ein arbeidsgivar. Departementet gjer likevel merksam på at realkompetansevurdering ikkje kan brukast som sluttvurdering på vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram, jf. dagens forskrift til opplæringslova § 4-11. Lovforslaget endrar ikkje på dette.

Når det gjeld uttalen frå IKVO om at realkompetansevurdering er meir ressurskrevjande og mindre eigna enn kartlegging ved innplassering på grunnskolenivå, vil departementet påpeike at korleis realkompetansevurderinga skal gjennomførast, kan avhenge av både nivå og om formålet er sluttvurdering eller innplassering. For innplassering på grunnskolenivå kan realkompetansevurderinga vere ein type kartlegging eller testing for å finne ut kva kompetanse søkjaren har i dei ulike faga eller ferdigheitene, og ikkje nødvendigvis ei fullstendig realkompetansevurdering slik som når vurderinga skal danne grunnlag for dokumentasjon på sluttkompetanse. Med innføring av modulisert opplæring som hovudmodell for opplæring for vaksne vil det for mange vere aktuelt med ei vurdering av kva modul dei skal plasserast inn på.

Departementet foreslår å vidareføre heimelen til å gi forskrift om realkompetansevurdering, men å gjere heimelen generell slik at han omfattar både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

43.12.4.2 Rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

I det følgjande vurderer departementet behovet for å innføre rett til realkompetansevurdering for vaksne utan rett til vidaregåande opplæring. Bakgrunnen for vurderinga er Stortingets oppmodingsvedtak i behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) (sjå punkt 43.12.3).

Dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, kan grovt sett delast inn i to undergrupper: (1) dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, og (2) dei som ikkje har fullført grunnskoleopplæring.

Den første undergruppa vil bli vesentleg mindre når retten til vidaregåande opplæring blir utvida og det blir innført ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering (sjå punkt 40.2 og 40.3). Då vil alle ha rett til vidaregåande opplæring fram til dei har oppnådd to sluttkompetansar. Dei som har brukt opp retten, vil då vere dei som eventuelt ønskjer ein tredje sluttkompetanse. Desse har då formell kompetanse og vil sjeldan ha behov for realkompetansevurdering. Departementet foreslår at denne gruppa skal få rett til realkompetansevurdering dersom dei har tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten, sjå under. Dersom fylkeskommunen vel å tilby ein vaksen opplæring mot ein tredje sluttkompetanse, skal vedkommande også tilbydast realkompetansevurdering, då det er krav om at opplæringa skal byggje på den kompetansen den vaksne har (sjå punkt 43.13). Departementet kan dermed ikkje sjå at det er nødvendig å innføre ein generell rett til realkompetansevurdering for dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring. Det er heller ingen høyringsinstansar som har gitt innspel om at denne undergruppa bør få rett til realkompetansevurdering. Departementet vil elles understreke at forslaget inneber at retten til realkompetansevurdering vil følgje utvidingane av retten til vidaregåande opplæring, slik Statsforvaltaren i Oslo og Viken har gitt innspel om at han bør gjere. Dermed vil dei som får rett til rekvalifisering, også få rett til realkompetansevurdering.

Den andre undergruppa er dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring fordi dei ikkje har fullført grunnskoleopplæring. Grunnskoleopplæring er obligatorisk, og i praksis vil dei som ikkje har fullført grunnskolen, i hovudsak vere personar som kjem til Noreg utan tilsvarande grunnskoleopplæring frå heimlandet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner det kan vere nyttig med ein rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå dersom ein person har fullført grunnskoleopplæring i heimlandet, men ikkje blir rekna for å ha fullført grunnskoleopplæring i Noreg på grunn av manglande dokumentasjon. Etter vurderinga til departementet er ikkje rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå det rette tiltaket for ei slik utfordring. I slike tilfelle vil den enkelte ha rett til realkompetansevurdering på grunnskolenivå, og slik realkompetansevurdering kan brukast til å dokumentere kompetanse tilsvarande fullført grunnskole. Vedkommande vil då få rett til vidaregåande opplæring og rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå.

Ein type tilfelle der det kan vere nyttig med rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå sjølv om grunnskoleopplæring ikkje er fullført, er der ein person blir teken inn på kombinerte tilbod med grunnskole og vidaregåande opplæring. Etter forslaget i punkt 43.9 kan fylkeskommunen tilby vaksne å få vidaregåande opplæring i kombinasjon med grunnskoleopplæring, men den enkelte vil ikkje ha rett til slikt tilbod. Vidare følgjer det av forslaget i punkt 43.13 at vidaregåande opplæring for vaksne skal byggje på den kompetansen den vaksne har. Det inneber at dersom fylkeskommunen tek inn ein vaksen som ikkje har fullført grunnskole, til eit slikt kombinasjonstilbod, så må fylkeskommunen også tilby realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå. Sjå likevel dagens forskrift til opplæringslova § 6-48 om at den enkelte vaksne utan rett kan påleggjast å betale for realkompetansevurderinga dersom dette ikkje skal dekkjast av andre (kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten), jf. under. Etter vurderinga til departementet er det derfor ikkje nødvendig å innføre ein særskild rett til realkompetansevurdering for slike tilfelle. Dersom det seinare på bakgrunn av evaluering av dei pågåande kombinasjonsforsøka skal innførast ein rett til slike kombinasjonstilbod, vil det vere naturleg å også innføre ein rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings-nivå for dei som blir tekne inn på slike tilbod.

Eit anna typetilfelle der det kan vere nyttig for ein person å få dokumentert kompetanse på vidaregåande nivå utan å ha fullført grunnskoleopplæring, er dersom ein person har kompetanse gjennom yrkeserfaring og dokumentasjon på slik kompetanse kan hjelpe vedkommande til å få jobb. Etter dagens lov har vaksne utan rett til vidaregåande opplæring rett til realkompetansevurdering dersom dei har ei tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten. I nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering er det lagt til grunn at dette likevel ikkje gjeld dei som manglar rett til vidaregåande opplæring på grunn av manglande grunnskoleopplæring. Departementet meiner dette bør endrast ved ny lov slik at vaksne som manglar grunnskoleopplæring, får rett til realkompetansevurdering dersom dei har tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten. På denne måten kan det leggjast til rette for at vaksne som har behov for realkompetansevurdering for å få jobb, får rett til det. I samsvar med gjeldande ordning, jf. forskrift til opplæringslova § 6-48, vil det vere kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten som betaler for realkompetansevurdering dersom retten blir utløyst av ei tilvising frå dei.

Dei utvidingane som følgjer av at fleire får rett til vidaregåande opplæring og dermed realkompetansevurdering, og den foreslåtte endringa om kven som får rett til realkompetansevurdering med tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten, vil innebere ei utviding av retten til realkompetansevurdering. Mange av dei vaksne som i dag ikkje har rett til vidaregåande opplæring, vil etter forslaget få rett til realkompetansevurdering. Departementet meiner at den foreslåtte utvidinga vil vareta alle som har eit reelt behov for realkompetansevurdering.

Dei som etter den foreslåtte utvidinga framleis ikkje vil ha rett til realkompetansevurdering, er dei som ønskjer ein tredje sluttkompetanse på vidaregåande opplærings-nivå, og som heller ikkje får tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten, og dei som manglar grunnskoleopplæring, og som ikkje får tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten. På den eine sida vil det truleg vere få av desse som vil nytte seg av ein rett til realkompetansevurdering, noko som kan tale for å innføre ein generell rett til realkompetansevurdering for alle. Samtidig er det usikkert kor mange som vil nytte seg av det, og ein generell rett for alle vil bli uføreseieleg for fylkeskommunane. Eit slikt forslag er ikkje høyrt, og høyringsinnspela gir ikkje haldepunkt for at det er behov for ei slik utviding.

Departementet meiner det ikkje er behov for å innføre ein rett til realkompetansevurdering for alle utan rett til vidaregåande opplæring. Departementet meiner det heller ikkje bør innførast ein rett til realkompetansevurdering for personar utan rett til vidaregåande opplæring med eit sjølvkostprinsipp slik Rogaland fylkeskommune foreslår, då dette kan føre til at realkompetansevurdering blir mindre tilgjengeleg enn dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten tilviser og betaler for dette. Departementet understrekar likevel at fylkeskommunen kan tilby realkompetansevurdering, med eller utan betaling, til personar som ikkje har rett til slik vurdering, og som heller ikkje blir tilbydde eller ønskjer vidaregåande opplæring.

43.12.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste ein generell rett til realkompetansevurdering med tilhøyrande rett til kompetansebevis for vaksne med rett til førebuande eller vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 18-8 første ledd

  • å vidareføre at vaksne utan rett til vidaregåande opplæring har rett til realkompetansevurdering dersom dei har tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten, og leggje til grunn at det også omfattar dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring fordi dei ikkje har fullført grunnskolen eller førebuande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 18-8 andre ledd

  • å vidareføre heimelen til å gi forskrift om realkompetansevurdering, men med ein annan ordlyd og slik at han gjeld både førebuande opplæring og vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 18-8 tredje ledd

43.13 Opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne

43.13.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-1 første ledd tredje punktum og § 4A-3 første ledd tredje punktum at grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa skal tilpassast behovet til den vaksne. Av forarbeida i lova, Ot.prp. nr. 44 (1999–2000), og Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-2-2008 og Udir-3-2012, kjem det fram at tilpassinga består av følgjande element: (1) fagleg tilpassing ved at opplæringa skal byggje vidare på eller komplettere realkompetansen til den vaksne, (2) organiseringa skal tilpassast livssituasjonen til den vaksne, og (3) opplæringa skal tilpassast ved at det skal takast omsyn til eventuelle individuelle behov den vaksne har.

43.13.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • at kravet om at opplæringa skal tilpassast behovet til den vaksne, blir erstatta av reglar om dei ulike formene for tilpassing, mellom anna ein regel om at opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne.

Resten av elementa i dagens plikt til å tilpasse opplæringa til behovet til den vaksne er varetekne av forslaga i punkta 43.16 til 43.22.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.13.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 20 høyringsinstansar uttalte seg om forslaget om å lovfeste at opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne, og dei fleste støttar det. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), fleire fylkeskommunar og kommunar, Norsk Lektorlag, NHO og Virke er blant dei som støttar forslaget. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) meiner at formuleringa «opplæringa skal byggje på den kompetansen dei vaksne deltakarane allereie har» er for snever til å vareta læringsbehovet til dei vaksne, og tilrår at opplæringa skal byggje på den kompetansen, men også dei føresetnadene, deltakaren har. Interesseorganisasjonen for kommunal vaksenopplæring (IKVO) meiner reglane er tydelege nok i dag.

43.13.4 Departementets vurdering

Departementet meiner dagens regel om at opplæringa skal tilpassast behovet til den vaksne, er uklar, og at det vil bli tydelegare dersom dei ulike elementa i plikta blir tekne inn i lova. Her vurderer departementet forlaget om å lovfeste at opplæringa for vaksne skal byggje på den kompetansen den vaksne allereie har. Resten av elementa i dagens plikt til å tilpasse opplæringa til behovet til den vaksne blir vurderte i punkta 43.16 til 43.22.

At opplæringa skal byggje på den kompetansen den vaksne har, inneber at opplæringa skal byggje vidare på og komplettere realkompetansen til den vaksne deltakaren. På denne måten kan deltakaren raskare oppnå ønsket sluttkompetanse, og verken deltakaren eller kommunen og fylkeskommunen må bruke tid og ressursar på opplæring som deltakaren ikkje treng. At opplæringa skal byggje på den kompetansen den vaksne har, er eit sentralt element i opplæringa for vaksne, og departementet meiner derfor dette bør komme fram tydelegare av lova enn i dag. Kravet skal ikkje forståast slik at kommunane og fylkeskommunane må lage eit skreddarsydd opplæringsløp for kvar deltakar, då dette ville vore svært ressurskrevjande og kanskje heller ikkje det beste for den enkelte. Det er likevel klart at dei opplæringsløpa som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må gi rom for at vaksne berre må ta opplæring i dei faga eller delane av faga dei treng. Ei modulstrukturering av læreplanane, slik departementet legg opp til (sjå punkt 43.14), vil leggje til rette for ei fleksibel og tilpassa opplæring for å møte opplæringsbehovet og livssituasjonen til dei vaksne deltakarene.

Når det gjeld innspelet frå HK-dir om at det også bør presiserast at opplæringa skal byggje på dei føresetnadene den vaksne har, vil departementet vise til at dette følgjer av reglane om tilpassa opplæring som gjeld tilsvarande som for barn og unge (sjå punkt 43.15). Den særskilde regelen for vaksne er at opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne, slik at det er kompetansen som blir avgjerande for kva opplæring den vaksne må ha for å nå ønskt sluttkompetanse.

Med den kompetansen den vaksne har, blir det sikta både til formalkompetanse og realkompetanse. Kravet om at opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne, må sjåast i samanheng med retten til realkompetansevurdering og til dokumentasjon på slik vurdering (sjå punkt 43.12).

43.13.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å lovfeste at opplæringa for vaksne skal byggje på den kompetansen den vaksne har, sjå forslaget til § 19-1 første ledd.

43.14 Innhald og vurdering i opplæringa for vaksne

43.14.1 Dagens reglar

Det følgjer av § 4A-6 andre punktum at læreplanar for fag etter §§ 1-5, 2-3, 3-4 og 6-4 gjeld «med dei tilpassingar som følgjer av dette kapittelet». Læreplanane det blir viste til, er læreplanane som gjeld for barn og unge.

Det følgjer av § 4A-3 tredje ledd at vaksne har rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen i fag, dersom denne føreset lengre opplæringstid enn tre år.

Det følgjer av § 4A-4 femte ledd at departementet gir forskrifter om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon. I forskrift til opplæringslova § 4-2 er det slått fast at deltakarar i opplæringa for vaksne har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæring i tråd med kapittel 4 i forskrifta.

For tida blir det gjennomført forsøk med modulstrukturerte læreplanar i opplæringa for vaksne. Modulstrukturering inneber å organisere opplæringa i mindre einingar, noko som mellom anna skal gi ei betre tilpassing til behovet, utgangspunktet og livssituasjonen til dei vaksne.

43.14.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å innføre ein heimel for å leggje til rette for eigne læreplanar i grunnskoleopplæringa for vaksne

  • å vidareføre at dei ordinære læreplanane skulle gjelde for vidaregåande opplæring for vaksne, men å ikkje vidareføre avgrensinga «med dei tilpassingar som følgjer av dette kapittelet»

  • å oppheve regelen om rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen

  • å flytte reglane om rett til vurdering og dokumentasjon av opplæringa frå forskrift til lov

  • å vidareføre forskriftsheimelen om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

Departementet omtalte i høyringsnotatet at det tok sikte på at læreplanane for vaksne, både på grunnskolenivå og vidaregåande nivå, skulle modulstrukturerast sjølv om dette ikkje er noko som vart foreslått regulert i lova. Det vart likevel foreslått enkelte endringar i lovreglane for å leggje til rette for innføringa av modulisert opplæring. Sjå omtale av modulisert opplæring i punkt 43.14.4.

Forslaget om å leggje til rette for eigne læreplanar i opplæringa for vaksne var nytt samanlikna med opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23. Forslaget var elles ei oppfølging av forslaget i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.14.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga rundt læreplanar. Alle støttar forlaget om eigne læreplanar i grunnskoleopplæringa for vaksne. Halden kommune er blant dei som støttar forslaget. Halden kommunen peikar på at dagens læreplanar på grunnskolenivå er tilpassa barn og er meinte å vareta modning og danning gjennom det tiårige grunnskoleløpet, noko som ikkje samsvarer med behova til dei vaksne. Halden kommune og fleire andre trekkjer også fram positive erfaringar frå forsøket med eigne læreplanar i modulbasert opplæring.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) støttar også forslaget, men meiner at læreplanane for grunnopplæringa for vaksne bør ha ein eigen overordna del for å gjere tydeleg at opplæringa skil seg frå opplæringa for barn og unge.

Enkelte har også uttalt seg om departementets forslag om at det ikkje skal utviklast eigne læreplanar for den vidaregåande opplæringa for vaksne, men at læreplanane skal modulstrukturerast. Dei som har uttalt seg om det, støttar dette. Utdanningsdirektoratet meiner at ein modulstrukturert læreplan er ein eigen læreplan. Fleire andre har også uttalt seg om forslaget om å modulstrukturere læreplanane både for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, men dette blir ikkje omtalt nærare, då dette ikkje er noko som skal fastsetjast i lova.

43.14.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å presisere at opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa.

På grunnskolenivå er dagens læreplanar tilpassa barn i ulik alder og modninga deira. I tillegg til det faglege, er dei meint å vareta modning og danning gjennom det tiårige grunnskoleløpet. Desse omsyna samsvarer ikkje med behova til dei vaksne som treng opplæring på grunnskolenivå, sidan vaksne allereie har livserfaringar som gir modning og danning. Departementet har fått tilbakemeldingar om at det i praksis er vanskeleg å trekkje ut kompetansemål frå læreplanane som er eigna for vaksne, og at vaksne derfor får unødvendig lange opplæringsløp. Departementet meiner derfor det bør utviklast eigne læreplanar med eigne kompetansemål for vaksne på nivå 2 i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), som i lovforslaget blir omtalte som førebuande opplæring for vaksne. Departementet tek sikte på at kompetansemåla og organiseringa av faga blir delt inn i modular. Dette vil gjere det enklare å gi vaksne den opplæringa dei skal ha ut frå realkompetansen sin og planlagt sluttkompetanse. I lovforslaget er det gjort endringar i forskriftsheimlar samanlikna med i dag for å leggje til rette for eigne, modulstrukturerte læreplanar for grunnskoleopplæring.

I vidaregåande opplæring legg departementet opp til at det blir utarbeidd modulstrukturerte læreplanar i enkelte lærefag, medan det i dei andre lærefaga skal brukast eksisterande læreplanar. Sjå nærare omtale av modulstrukturerte læreplanar i fag- og yrkesopplæringa for vaksne i punkt 43.7.4.2. Departementet har merka seg at Utdanningsdirektoratet meiner at moduliserte læreplanar skal vere eigne læreplanar. Departementet foreslår derfor å innføre ein eigen heimel for læreplanar for vidaregåande opplæring for vaksne.

Departementet foreslår å flytte reglane om rett til vurdering og dokumentasjon av opplæringa frå forskrift til opplæringslova § 4-2 til lova. Departementet foreslår å vidareføre heimelen til å gi forskrift om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

Departementet er samd med opplæringslovutvalet i at dagens § 4A-3 tredje ledd om opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen, gir lite meining ettersom opplæringa til vaksne kan bli gitt som deltidsundervisning og dermed strekkje seg over fleire år enn ordinær opplæring, eller i komprimerte løp og dermed gå over kortare tid enn ordinær opplæring. Opplæringa skal dessutan ta utgangspunkt i realkompetansen til den vaksne. Det vil såleis vere kva den vaksne treng av opplæring, og organiseringa av opplæringa, som er avgjerande for kor lenge retten til vidaregåande opplæring varer. Departementet foreslår derfor å ikkje vidareføre § 4A-3 tredje ledd.

43.14.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å presisere at opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, se forslaget til § 19-1 første ledd første punktum

  • å innføre ein ny forskriftsheimel for å leggje til rette for eigne læreplanar i førebuande opplæring for vaksne og modulstrukturerte læreplanar i den vidaregåande opplæringa for vaksne, sjå forslaget til § 19-1 andre ledd

  • å ikkje vidareføre regelen i § 4A-3 tredje ledd om rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen

  • å flytte reglane om rett til vurdering og dokumentasjon av opplæringa frå forskrift til lov, sjå forslaget til § 19-1 tredje ledd første punktum

  • å vidareføre at departementet kan gi forskrift om vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon, sjå forslaget til § 19-1 tredje ledd andre punktum.

43.15 Tilpassa opplæring for vaksne

43.15.1 Dagens reglar

Det følgjer av § 4A-12 at reglane i § 1-3 første ledd om tilpassa opplæring for barn og unge gjeld tilsvarande for vaksne. Sjå omtale av regelen om tilpassa opplæring for barn og unge i punkt 24.

43.15.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å vidareføre at regelen om tilpassa opplæring skulle gjelde også for vaksne.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45, utanom utvalets forslag om ny nemning.

43.15.3 Høyringsinstansanes syn

Det er ti høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, og alle støtter at regelen om tilpassa opplæring blir vidareført for opplæringa for vaksne. Høyringsinnspel om innhald i regelen og kva nemning som skal brukast, blir omtalte i punkt 24.4.1.

Departementet foreslo ikkje å innføre plikt om tidleg innsats eller intensiv opplæring i vaksenopplæringa. Skien kommunale vaksenopplæring støttar dette. Introduksjonssenter nord Asker meiner derimot at rett til insentiv opplæring også bør gjelde vaksne i grunnskoleopplæringa.

43.15.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre kravet om tilpassa opplæring for vaksne. Innhaldet i kravet og val av nemning er nærare omtalt i punkt 24.

Departementet meiner det ikkje er nødvendig å innføre krav om intensiv opplæring i opplæringa for vaksne. Sjølv om det også for vaksne kan vere ein normalprogresjon ut frå erfaring, vil det ikkje vere slik at alle vaksne får opplæring i ei fast gruppe over tid. Opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne og kva som er nødvendig for å oppnå ønskt sluttkompetanse, og er organisert i eit meir fleksibelt opplæringsløp. Det er dermed mindre behov for krav om ein innsats som blir utløyst av at den vaksne ikkje har forventa progresjon, eller liknande. Departementet vil også understreke at kommunane og fylkeskommunane har større handlingsrom til å gjere tilpassingar overfor vaksne utan å gjere vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring fordi det ikkje gjeld same krav til organisering, timetal osv. som i opplæringa for ungdom.

43.15.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre kravet om tilpassa opplæring i opplæringa for vaksne, sjå forslaget til § 19-5 første ledd.

43.16 Individuell tilrettelegging av opplæring for vaksne

43.16.1 Dagens reglar

Vaksne som får grunnskoleopplæring, har rett til spesialundervisning etter same reglar som for barn og unge. I tillegg har vaksne rett til spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter. Dette følgjer av § 4A-2. Gjeldande reglar om spesialundervisning er nærare omtalt i punkt 25.2.

Vaksne i vidaregåande opplæring har ikkje rett til spesialundervisning. Det er derimot krav om at opplæringa skal tilpassast behovet til den vaksne, jf. § 4A-3 første ledd tredje punktum (sjå omtale i punkt 43.13.1).

Likestillings- og diskrimineringslova § 21 gir elevar og studentar med funksjonsnedsetjing rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen, for å sikre likeverdige opplærings- og utdanningsmoglegheiter. Retten gjeld tilrettelegging som ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde.

43.16.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre reglane om spesialundervisning i grunnskoleopplæring for vaksne, med nye nemningar tilsvarande det som vart foreslått for barn og unge (sjå punkt 25.5.1), inkludert retten til spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter

  • å innføre ein meir avgrensa rett til individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne. Forslaget innebar ein rett til individuell tilrettelegging dersom det er nødvendig for å gi den vaksne ei forsvarleg opplæring, og i vurderinga kunne det mellom anna takast omsyn til kva ressursar tilrettelegginga vil krevje.

Departementets forslag skilte seg frå opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23 ved at departementet ikke foreslo å oppheve reglane om spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter. Elles var høyringsforslaget ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.16.3 Høyringsinstansanes syn

43.16.3.1 Individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæringa

Dei om lag 20 høyringsinstansane som har uttalt seg om det, støttar forslaget om å vidareføre retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning) i grunnskoleopplæringa for vaksne. Innspel til forslaget om nye nemningar og oppdeling av retten er omtalt i punkt 25.4.1.

Høyringsinstansane støttar også forslaget om å vidareføre retten til spesialundervisning for å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter. Mange av dei som støttar forslaget, peikar likevel på at det behovet for å avklare forholdet mellom retten spesialundervisning for å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter og andre tenester, og då særleg helsetenester.

43.16.3.2 Individuell tilrettelegging i den vidaregåande opplæringa

Dei om lag 15 høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget om individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne, støttar at det blir innført ein slik rett, men fleire har også kommentarar til forslaget.

Norsk Lektorlag er blant dei som støttar forslaget og peikar på at dette er ei viktig styrking av rettane til denne gruppa. KS meiner at rett til individuell tilrettelegging for vaksne følgjer av den utvida retten til vidaregåande opplæring. KS støttar forslaget om å gi fylkeskommunen høve til å vurdere ressursbruk. Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal stiller seg derimot undrande til at det skal kunne takast omsyn til ressursar i vidaregåande opplæring, men ikkje i grunnskoleopplæring for vaksne.

Arbeids- og velferdsdirektoratet støttar forslaget, men meiner at det bør vurderast å gi unge mellom 19 og 25 år som vel å nytte seg av opplæringstilbod for vaksne, like rettar til individuell tilrettelegging som i vidaregåande opplæring for ungdom. Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) meiner deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne bør ha ein lik rett til individuell tilrettelegging som deltakarar i grunnskoleopplæringa for vaksne. Fleire fylkeskommunar peikar på at formuleringa «når det er nødvendig for at opplæringa skal vere forsvarleg» er for vag og skjønnsmessig, og meiner det bør vere tydelegare vilkår for når retten trer i kraft. Det spørst også om det vil vere krav om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta).

43.16.4 Departementets vurdering

43.16.4.1 Individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæring for vaksne

Departementet foreslår å vidareføre retten til individuell tilrettelegging (kalla spesialundervisning i dag) i grunnskoleopplæring for vaksne. Forslaget inneber at det er lik rett og like reglar for saksbehandlinga som for barn og unge.

Departementet er samd med høyringsinstansane i at det er ei uklar grense mellom den særlege retten til spesialundervisning for å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter og andre tenester, særleg innanfor helse. Departementet foreslår likevel at den særlege retten blir vidareført, då vi meiner han ikkje kan fjernast eller innskrenkast før det er greidd ut om det finst andre tenester og tilbod som vil vareta vaksne som har behov å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter (til dømes gjennom ADL-trening).

43.16.4.2 Individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne

Departementet foreslår ein meir avgrensa rett til individuell tilrettelegging i den vidaregåande opplæringa for vaksne enn det som gjeld i grunnskoleopplæringa for vaksne og for barn og unge. Departementet har forståing for innspelet om at ein meir vilkårslaus rett til tilrettelegging i endå større grad enn forslaget ville lagt til rette for at vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Samtidig er det ikkje urimeleg at retten til tilrettelegging er betre på lågare nivå og for barn og unge.

Departementet har også forståing for innspelet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om at dei mellom 19 og 25 år bør ha lik rett til tilrettelegging som i vidaregåande opplæring for ungdom. Samtidig vil det bli krevjande for fylkeskommunen dersom deltakarar i same gruppe skal ha ulike rettar til tilrettelegging. Vidaregåande opplæring for vaksne er meir fleksibel enn vidaregåande opplæring for ungdom, mellom anna ved at ho byggjer på realkompetansen til den enkelte, kan vere komprimert, skje på kveldstid osv. Dersom unge mellom 19 og 25 år vel eit slikt tilbod, meiner departementet det ikkje er urimeleg at dei ikkje samtidig beheld dei rettane som gjeld i vidaregåande opplæring for ungdom.

Forslaget vil gi vaksne i vidaregåande opplæring tilsvarande rett til tilrettelegging som studentar, og ordlyden i høyringa tok utgangspunkt i dågjeldande universitets- og høgskolelov (uhl.) § 4-3 femte ledd. I ettertid er regelen i universitets- og høgskolelova endra slik at han skal svare til formuleringa frå likestillings- og diskrimineringslova (ldl.) § 21. Departementet foreslår ein tilsvarande regel i vidaregåande opplæring for vaksne. Tredje og fjerde ledd i forslaget blir då slik:

Deltakarar i den videregående opplæringa med nedsett funksjonsevne eller særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen, for å sikre likeverdige høve til opplæring.
Retten etter tredje ledd gjeld ikkje tilrettelegging som inneber ei uforholdsmessig byrde for fylkeskommunen. Når fylkeskommunen skal vurdere om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal fylkeskommunen leggje særleg vekt på effekten tilrettelegginga har for å byggje ned barrierane for deltakarar med nedsett funksjonsevne og særskilde behov, dei nødvendige kostnadene ved tilrettelegginga og kva ressursar fylkeskommunen har til rådigheit.

Forslaget skil seg innhaldsmessig i liten grad frå forslaget i høyringa sjølv om regelen er formulert annleis. I forslaget, som er basert på likestillings- og diskrimineringslova og universitets- og høgskolelova, er det teke inn ei opplisting av moment i vurderinga av kva som er ei uforholdsmessig byrde, og dermed kvar grensa for retten til tilrettelegging går. Opplistinga av relevante moment i vurderinga vil vere til støtte for den skjønnsmessige vurderinga som må gjerast. Til liks med det som følgjer av uhl. § 4-3 c, foreslår departementet at retten til tilrettelegging skal gjelde både ved funksjonsnedsetjingar og andre særskilde behov. Dermed vil retten også gjelde mellombelse funksjonsnedsetjingar og særskilde behov som det kanskje ikkje er naturleg å oppfatte eller definere som ei funksjonsnedsetjing.

Eit spørsmål frå høyringsinstansane er om det skal vere krav om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) for å gjere vedtak om individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne. Eit krav om sakkunnig vurdering vil sikre god opplysning av saka og vil innebere at saksgangen blir lik som ved individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning) for barn og unge og i grunnskoleopplæring for vaksne. På den andre sida er det ikkje tenleg å stille krav om ei sakkunnig vurdering når noko av poenget er å få like reglar som i ldl. § 21 og uhl. § 4-3 c. Ei sakkunnig vurdering vil dessutan i mindre grad vere avgjerande for kva slags tilrettelegging deltakaren i vidaregåande opplæring for vaksne skal få, ettersom det også skal kunne takast omsyn til ressursbruk. Fylkeskommunen må likevel sørgje for at saka er tilstrekkeleg opplyst før det blir gjort vedtak om tilrettelegging, jf. forvaltningslova § 17. Departementet foreslår at det ikkje blir stilt krav om sakkunnig vurdering. Bruk av sakkunnig vurdering frå PP-tenesta kan vere aktuelt for å opplyse saka, men det vil vere opp til fylkeskommunen om dette er nødvendig, eller om saka kan opplysast på annan måte.

Departementet meiner at dette forslaget, til liks med forslaget i høyringa, i liten grad skil seg frå dei tolkingane som er lagde til grunn om terskelen for tilrettelegging for vaksne i vidaregåande opplæring i dag. Ldl. § 21 gjeld etter ordlyden sin «elevar og studentar», men departementet går ut frå at dei som får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne også er omfatte sjølv om opplæringslova bruker omgrepet «deltakarar». Departementet viser i denne samanhengen til at det gjeld ei tilsvarande tilretteleggingsplikt for arbeidssøkjarar og arbeidstakarar i ldl. § 22.

43.16.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre reglane om individuell tilrettelegging av opplæringa i førebuande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-5 andre ledd og § 19-6

  • å innføre ein rett til tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne tilsvarande den som gjeld for studentar etter universitets- og høgskolelova, sjå forslaget til § 19-5 tredje og fjerde ledd

43.17 Alternativ og supplerande kommunikasjon

43.17.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-13 at vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få nytta eigne kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4A-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

Reglane om ASK er nærare omtalte i punkt 26.

43.17.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å vidareføre reglar om alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) tilsvarande som for barn og unge.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet som i NOU 2019: 23 kapittel 45 foreslo å oppheve reglane om ASK.

43.17.3 Høyringsinstansanes syn

Dei fleste som har uttalt seg om alternativ supplerande kommunikasjon (ASK), har uttalt seg til det tilsvarande forslaget for barn og unge. Høyringsinnspela blir omtalte og vurderte i punkt 26.4.

43.17.4 Departementets vurdering

Departementet meiner det bør vere like reglar for barn, unge og vaksne når det gjeld alternativ supplerande kommunikasjon (ASK). Departementet foreslår derfor å vidareføre reglane om ASK for vaksne til liks med det som blir foreslått for barn og unge (sjå punkt 26.5).

Paragrafen om ASK presiserer mellom anna rett til den opplæringa den enkelte treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon, og det blir vist til at denne opplæringa kan vere ein del av spesialundervisning. Den sistnevnte delen av paragrafen gjeld i dag berre for deltakarar som får grunnskoleopplæring for vaksne, fordi deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne ikkje har rett til spesialundervisning. Ettersom departementet foreslår at det blir innført rett til individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring for vaksne, vil heile paragrafen om ASK gjelde alle vaksne. Reglane om ASK utvidar likevel ikkje retten til individuell tilrettelegging for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne, som er meir avgrensa enn retten til individuelt tilrettelagd opplæring for deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, sjå punkt 43.16.4.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 26.5.

43.17.5 Departementets forslag

Departementet forslår å vidareføre reglane om alternativ supplerande kommunikasjon (ASK), sjå forslaget til § 19-7.

43.18 Målform i opplæringa for vaksne

43.18.1 Dagens reglar

I dagens opplæringslov er det ikkje reglar om målform når det gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

43.18.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo å lovfeste rett til å velje målform på eige skriftleg arbeid i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Forslaget var nytt samanlikna med forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.18.3 Høyringsinstansanes syn

Det er få som har uttalt seg om forslaget om rett til å velje målform, men dei som har uttalt seg, støttar det. Vaksenopplæringa i Møre og Romsdal meiner at forslaget bør gå lenger. Vaksenopplæringa meiner at vaksne også bør ha rett til læremiddel på ønskt målform.

43.18.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste ein rett til å velje målform på eige skriftleg arbeid i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Departementet er prinsipielt samd med Voksenopplæringen i Møre og Romsdal i at vaksne bør ha tilgang til læremiddel på ønskt målform. Dersom det skal vere rett til læremiddel på ønskt målform, føreset det at det berre blir tekne i bruk læremiddel som blir tilbydde på begge målformer til same tid og pris (parallellitetskravet). Det er færre vaksne som får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring enn barn og unge. Det finst eigne læremiddel til vaksne i marknaden, men departementet har ikkje eit godt kunnskapsgrunnlag om kva som faktisk blir brukt. Det er likevel ikkje tilrådeleg å bruke same læremiddel som for barn og unge utan tilpassingar til vaksne, særleg når det gjeld grunnskoleopplæring. Behovet for eigne læremiddel vil forsterkast ytterlegare ved innføring av eigne læreplanar for opplæring for vaksne (sjå punkt 43.14). Dersom det blir innført eit parallellitetskrav for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, er det ein risiko for at det i praksis ikkje blir laga læremiddel som er særleg tilpassa vaksne, og at kommunane og fylkeskommunane må bruke læremidla som er utvikla for barn og unge, også i denne opplæringa. Departementet foreslår derfor ikkje eit parallellitetskrav for læremiddel for vaksne og dermed heller ikkje ein rett til læremiddel på ønskt målform.

43.18.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å lovfeste rett til å velje målform på eige skriftleg arbeid i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-3.

43.19 Samisk opplæring for vaksne

43.19.1 Dagens reglar

Opplæringslova inneheld ingen eigne reglar om opplæring i og på samisk for vaksne. I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012, er det lagt til grunn at samar som får grunnskoleopplæring for vaksne, har rett til opplæring i og på samisk. Det er lagt til grunn at dei har slike rettar i den grad dette er nødvendig for at dei kan få ei forsvarleg opplæring. I rundskriv Udir-2-2008 er det lagt til grunn at samar i vidaregåande opplæring for vaksne har rett til opplæring i samisk. Samar i vidaregåande opplæring for vaksne har til liks med ungdom i vidaregåande opplæring ikkje rett til opplæring samisk.

43.19.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å lovfeste rett til opplæring i samisk for samar i grunnskolen og vidaregåande opplæring for vaksne

  • å lovfeste rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for at samar skal få forsvarleg grunnskoleopplæring for vaksne.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.19.3 Høyringsinstansanes syn

Dei fleste av dei som har uttalt seg om det, støttar heilt eller delvis departementets forslag om å lovfeste rettar til opplæring i og på samisk for vaksne. Nasjonalt senter for samisk i opplæringa, Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole og fleire kommunar og fylkeskommunar er blant dei som støttar forslaget heilt eller delvis. Nasjonalt senter for samisk i opplæringa meiner at vilkåret for rett til opplæring på samisk, «når det er nødvendig for at voksne samer skal få forsvarlig grunnskoleopplæring», er for vagt og opnar for subjektive vurderingar, og at det som minimum bør utarbeidast ei rettleiing for denne vurderinga. Utdanningsforbundet støttar forslaget, men meiner retten til opplæring på samisk også bør gjelde for vaksne i vidaregåande opplæring. Oslo kommune støttar forslaget om rett til opplæring i samisk, men støttar ikkje forslaget om rett til opplæring på samisk for grunnskoleopplæringa for vaksne. Oslo kommune meiner forslaget gir vaksne samar ein sterkare rett til opplæring på samisk enn elevar i ordinær grunnskole og vidaregåande skole, og meiner at retten vaksne har til opplæring på samisk, berre bør gjelde innanfor forvaltningsområdet for samisk språk.

43.19.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste rett til opplæring i samisk for samar i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Departementet meiner det er viktig å lovfeste denne retten ettersom staten har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle språket sitt, jf. Grunnlova § 108.

Departementet meiner samar i vidaregåande opplæring for vaksne ikkje bør få betre rettar enn ungdom (sjå punkt 30). Departementet foreslår at samar i vidaregåande opplæring for vaksne berre skal ha rett til opplæring i samisk, ikkje på samisk.

Departementet er samd med Oslo kommune i at forslaget om opplæring på samisk i grunnskoleopplæring for vaksne, slik det var utforma i høyringa, gir ein betre rett til opplæring på samisk for vaksne enn barn i grunnskolen. Dette var ikkje tilsikta. Departementet meiner retten til opplæring på samisk for vaksne skal avgrensast til å gjelde for dei som bur i forvaltningsområdet for samisk språk etter samelova § 3-1, slik som for barn. I grunnskolen for barn er det også ein regel om opplæring på samisk utanfor forvaltningsområdet for samisk språk dersom minst ti elevar i ein kommune ønskjer det. Departementet foreslår ingen tilsvarande regel for vaksne, men går ut frå at fylkeskommunen vil leggje til rette for at vaksne samar som ønskjer opplæring på samisk, får tilgang til slike tilbod.

Departementet foreslår elles at retten til opplæring på samisk berre skal gjelde dersom det er nødvendig for at deltakaren skal få forsvarleg utbytte av opplæring. Ein slik terskel gjeld ikkje for barn og unge, men er lagt til grunn for vaksne i dag i forarbeid og rundskriv. Terskelen inneber at vaksne i dei fleste tilfelle ikkje vil ha rett til opplæring på samisk, då dei fleste vaksne kan få forsvarleg utbytte ved å følgje opplæringa på norsk.

43.19.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste at samiske deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne har rett til opplæring i samisk, sjå forslaget til § 19-4 første punktum

  • å innføre ein regel om at samiske deltakarar i førebuande opplæring for vaksne som bur i forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa, sjå forslaget til § 19-4 andre punktum

43.20 Særskild språkopplæring for vaksne

43.20.1 Dagens reglar

Det er i dag ikkje eigne reglar om særskild språkopplæring for vaksne. Det er i forarbeida til opplæringslova og i Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012, likevel lagt til grunn at dei som får grunnskoleopplæring for vaksne, har rett til særskild språkopplæring. Særskild språkopplæring vil seie særskild norskopplæring, og om nødvendig tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring (sjå nærare omtale i punkt 28.2). I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-2-2008, er det derimot lagt til grunn at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne berre har rett til den norskopplæringa som inngår i det utdanningsprogrammet dei følgjer.

43.20.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å lovfeste rett til særskild språkopplæring i grunnskoleopplæring for vaksne

  • å innføre rett til særskild norskopplæring i vidaregåande opplæring for vaksne.

Forslaget om å lovfeste rett til særskild språkopplæring i grunnskoleopplæring for vaksne er ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23 kapittel 45. Forslaget om rett til særskild norskopplæring i vidaregåande opplæring for vaksne var nytt samanlikna med utvalets forslag.

43.20.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 30 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget. Dei aller fleste støttar forslaget om å lovfeste rett til særskild språkopplæring i grunnskoleopplæringa for vaksne, mellom anna Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO), fleire statsforvaltarar og fleire kommunar. Halden kommune uttaler at kommunen ikkje kan støtte eit slikt forslag utan at det blir følgt opp av auka overføringar frå staten. Kommunen meiner at grunnskoleopplæringa for vaksne i utgangspunktet er såpass tilrettelagd at det i heilskap er snakk om særskild språkopplæring. Fredrikstad kommune peikar på at omtrent alle deltakarane i praksis vil ha behov for særskild norskopplæring, og at forslaget mest sannsynleg vil føre til eit auka ressursbehov.

Dei fleste støttar også forslaget om rett til særskild norskopplæring vidaregåande opplæring for vaksne, men mellom anna Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), NAFO og fleire vaksenopplæringssenter meiner det bør innførast ein rett til tospråkleg fagopplæring, og ikkje berre særskild norskopplæring. Viken fylkeskommune er blant dei som støttar forslaget, men peikar samtidig på at forslaget må følgjast opp med å styrkje fylkeskommunane økonomisk.

43.20.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste rett til særskild språkopplæring for deltakarar i grunnskoleopplæringa for vaksne.

Departementet foreslår også å innføre rett til forsterka opplæring i norsk (særskild norskopplæring) i vidaregåande opplæring for vaksne. Norskopplæring er heilt grunnleggjande for dei som ikkje kan norsk godt nok til å følgje den ordinære opplæringa, noko som tilseier at det bør vere ein individuell rett til forsterka opplæring i norsk. Sjå om nemninga forsterka norskopplæring i punkt 28.5.1.

For at deltakarar skal kunne gjere nytte av opplæringa og halde ved lag motivasjonen for å gjennomføre vidaregåande opplæring, treng vaksne som manglar norskkunnskapar, forsterka opplæring norsk i ein periode. Alternativet er at deltakaren må følgje ordinær undervisning i norsk og andre fag utan å ha tilstrekkeleg norskkunnskapar til å forstå undervisninga. Dette vil vere lite motiverande og kan føre til at deltakarene ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Alternativt kan deltakaren bli lenger enn nødvendig i vidaregåande opplæring. Dette vil vere lite effektivt både for deltakaren og for samfunnet.

Departementet har forståing for innspelet frå fleire høyringsinstansar om at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne også bør ha rett til tospråkleg opplæring i fag, då dette kan gi ei meir effektiv og motiverande opplæring enn dersom deltakaren først må lære tilstrekkeleg norsk til å kunne følgje opplæringa i fag på norsk. Samtidig kan det vere ein fordel om fylkeskommunen får handlingsrom til å vurdere korleis opplæringa bør leggjast opp, om deltakarane bør få nødvendig norskopplæring først, eller om dei bør få tospråkleg opplæring i fag parallelt med norskopplæringa. Ein eventuell rett til tospråkleg opplæring i fag vil dessutan føra til auka kostnader for fylkeskommunen, og det er derfor også eit spørsmål om prioritering. Departementet foreslår ikkje å innføre rett til tospråkleg opplæring i fag for vaksne i vidaregåande opplæring. Departementet vil likevel understreke at fylkeskommunen kan gi tilbod om tospråkleg opplæring i fag, og viser til fordelar med dette.

43.20.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste rett til særskild språkopplæring i førebuande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-8 første ledd

  • å innføre rett til forsterka opplæring i norsk i vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-8 andre ledd

43.21 Opplæring i teiknspråk og punktskrift for vaksne

43.21.1 Dagens reglar

Det følgjer det av opplæringslova § 3-9 første ledd andre punktum at reglane om teiknspråkopplæring i vidaregåande opplæring for elevar også gjeld for vaksne. Det vil seie at vaksne har rett til opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk (såkalla knutepunktskolar ). Det følgjer likevel av forskrift til opplæringslova § 6-43 at vaksne skal prioriterast etter ungdom ved oversøking til knutepunktskolar. Det er heller inga plikt for fylkeskommunane til å opprette eller halde ved lag knutepunktskolar. Teiknspråkopplæring i grunnskoleopplæring for vaksne er ikkje regulert i dagens lov.

Dagens opplæringslov inneheld ikkje reglar om punktskrift og mobilitetstrening osv. for vaksne.

I forarbeida til lova er teiknspråkopplæring og opplæring i punktskrift nemnde som døme på aktuelle tiltak for å tilpasse opplæringa etter behovet til den vaksne jf. § 4A-1 første ledd om grunnskoleopplæring for vaksne.

43.21.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å innføre rett til opplæring i teiknspråk i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

  • å innføre rett til opplæring på norsk teiknspråk, anten direkte eller ved bruk av tolk i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

  • å innføre rett til opplæring i punktskrift og rett til mobilitetstrening.

Forslaget var nytt samanlikna med forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45. Opplæringslovutvalet foreslo ikkje eigne reglar om punktskrift og teiknspråk for vaksne, men viste til at vaksne kan få slik opplæring gjennom reglane om individuell tilrettelegging av opplæringa.

43.21.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga.

Høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaga, støttar dei heilt eller delvis. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Språkrådet, Statped, fleire kommunar og Unge funksjonshemmede er blant desse. Statped støttar ikkje at opplæring i og på teiknspråk skal kunne givast med tolk, og viser til at tolking ikkje er opplæring. Språkrådet er også imot forslaget om at opplæringa skal kunne givast med tolk, og peikar på at opplæring i teiknspråk ikkje kan givast via ein tolk, men krev ein teiknspråkleg lærar som har kompetanse i teiknspråkdidaktikk.

Høyringsinnspela til innhaldet i reglane om punktskrift, mobilitetstrening og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel er omtalte og vurderte i punkt 32.

43.21.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste at vaksne som treng det, skal ha rett til opplæring i teiknspråk. Departementet foreslår også at vaksne anten skal få opplæring på teiknspråk eller opplæring ved bruk av tolk. På bakgrunn av høyringa foreslår departementet å formulere lovforslaget slik at rett til opplæring med tolk ikkje blir omtalt som ein rett til opplæring på teiknspråk. Departementet understrekar at vaksne deltakarar etter forslaget berre vil ha rett til å få opplæring på teiknspråk, altså opplæring gitt av ein teiknspråkleg lærar, dersom det finst slike tilbod som den vaksne blir teken inn på. Elles vil den vaksne ha rett til å få opplæring ved bruk av tolk. I vidaregåande opplæring kan vaksne søkje seg inn på såkalla knutepunktskolar, men skal etter dagens forskrift til opplæringslova prioriterast etter ungdom. Høvet den vaksne har til å få opplæring på teiknspråk, vil derfor i praksis avhenge av om det finst aktuelle tilbod, og om den vaksne får plass. Det vil truleg vere mindre aktuelt for vaksne å delta i teiknspråklege grunnskoletilbod saman med barn, men kommunen kan og bør tilby vaksne som treng det, grunnskoleopplæring på teiknspråk. Dersom det ikkje er noko aktuelt tilbod, må den vaksne få opplæringa ved bruk av tolk.

Departementet foreslår å lovfeste at deltakarar i opplæringa for vaksne som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og nødvendig mobilitetstrening, tilsvarande det som gjeld for barn og unge (sjå punkt 32). Vaksne vil også ha rett til tekniske hjelpemiddel og fysisk tilrettelegging gjennom reglane som blir foreslått om individuell tilrettelegging av opplæringa (sjå punkt 43.16).

43.21.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å innføre rett til opplæring i norsk teiknspråk i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-9 første punktum

  • å innføre rett til opplæring på norsk teiknspråk eller opplæring ved hjelp av teiknspråktolk i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-9 andre punktum

  • å innføre rett til opplæring i punktskrift og rett til mobilitetstrening, sjå forslaget til § 19-10

43.22 Organisering av opplæringa

43.22.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-1 første ledd tredje punktum og § 4A-3 første ledd tredje punktum at grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Kravet inneber mellom anna at organiseringa skal tilpassast livssituasjonen til den enkelte, sjå punkt 43.13.1. At organiseringa av opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte, inneber for det første at grunnopplæringa for vaksne skal organiserast som eit eige tilbod til vaksne og ikkje i same grupper som barn og ungdom, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) og Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir 2-2008 punkt 7. Opplæringstilbodet skal dessutan tilpassast livssituasjonen til dei vaksne deltakarene. Døme på tilpassingar er at lengda og tidspunktet til undervisninga kan tilpassast for å gi vaksne høve til å kombinere opplæringa med arbeid eller omsorgsoppgåver, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) og Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir 2-2008 punkt 9 og Udir 3-2012 punkt 4. Opplæringslova inneheld ikkje dei same avgrensingane for organiseringa av opplæringa for vaksne som for barn og unge, som krav til nærskole, reglar om gruppeinndeling og gruppestorleik osv. Kommunen og fylkeskommunen står dermed friare når det gjeld organiseringa av opplæringa for vaksne enn for barn og unge. Det følgjer av opplæringslova § 4A-4 andre ledd at kommunen og fylkeskommunen kan bruke studieforbund, godkjende nettskolar og andre for å oppfylle plikta til å gi opplæring til vaksne.

43.22.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å lovfeste at grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne skal organiserast som eit særskilt opplæringstilbod for vaksne, og at det særskilde opplæringstilbodet for vaksne skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane

  • å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan nytte andre rettssubjekt til å gi førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, men at kommunen og fylkeskommunen likevel ikkje kan delegere til andre rettssubjekt å utferde dokumentasjon av opplæringa

Forslaget om å lovfeste eit delegeringsforbod når det gjeld å utferde dokumentasjon av opplæringa, var nytt samanlikna med forslaget frå opplæringslovutvalet. Forslaget følgde elles opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45, men med nokre språklege endringar.

43.22.3 Høyringsinstansanes syn

Det er i underkant av 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga om organiseringa av opplæringa. Dei fleste støttar forslaget heilt eller delvis, men mange har kommentarar til delar av forslaget.

Oslo kommune støttar forslaget og viser til at når opplæringstilbodet skal vere fleksibelt slik at det møter behovet til vaksne deltakarar, må rammene for å tilby opplæringa støtte opp under denne fleksibiliteten. Statsforvaltaren i Vestlandet peikar på at døma på tilpassingar i forslaget til lovtekst, kveldsundervisning, nettundervisning og komprimering av opplæringstida, berre er nokre av tilpassingane som er nemnde i rundskriv Udir-3-2012, og at det er ein risiko for at vaksne ikkje vil få tilpassingar utover dei som er nemnde i lovteksten. Statsforvaltaren meiner også det er nødvendig med nærare rettleiing om kva andre typar tilpassingar som kan vere aktuelle.

Faglig råd for elektro og datateknologi meiner komprimering av opplæringstida ikkje må omfatte læretida i bedrift eller i praksisdelen av faget.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner det bør komme tydelege føringar for kor mange deltakarar som trengst før kommunen må opprette til dømes opplæring på kveldstid eller nettkurs, slik at tilbodet ikkje i så stor grad blir basert på kommuneøkonomien. Stjørdal voksenopplæring ved Integreringsenheten viser til at det er klart dyrare å halde kveldsundervisning enn dagundervisning, og at det avheng av talet på deltakarar om eit tilbod er berekraftig i seg sjølv.

Norsk Lektorlag er imot at opplæringa for vaksne skal kunne organiserast som nettundervisning, og Introduksjonssenter nord Asker peikar på at ikkje alle vaksne kan nyttiggjere seg av fjernundervisning. Jessheim vidaregåande skole peikar på at «nettundervisning» er eit gammalt uttrykk, og at det heller bør visast til bruk av digitale flater eller liknande. Oslo kommune peikar på at kombinasjon av fysisk og digital undervisning utfordrar årsverket til lærarar, og meiner det bør utarbeidast føringar saman med partane i arbeidslivet for å hindre at ulike lokale løysingar påverkar rammefaktorane til elles like opplæringsløp.

Introduksjonssenter nord Asker meiner vaksne bør kunne velje å gå på eit ungdomstilbod, dersom det ønskte tilbodet ikkje er etablert for vaksne. Innlandet fylkeskommune støttar derimot vidareføring av regelen om at opplæringa for vaksne skal organiserast som eit særskilt tilbod for vaksne, og meiner dette aukar tilgjengelegheit og motivasjon for gjennomføring av vidaregåande opplæring.

Skolenes landsforbund ønskjer å stryke denne delen av forslaget: «Kommunen og fylkeskommunen kan nytte andre rettssubjekt, som til dømes studieforbund, til å gi opplæring til vaksne. Kommunen og fylkeskommunen skal sjølv dokumentere opplæringa etter § 19-1».

Utdanningsforbundet meiner det bør innførast ei øvre grense for gruppestorleik for grunnskoleopplæring for vaksne, då mange av deltakarane har stort behov for tett individuell oppfølging og tilrettelegging.

43.22.4 Departementets vurdering

Departementet meiner det bør lovfestast at grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne skal organiserast som eit særskilt opplæringstilbod for vaksne. Dette er ei lovfesting av gjeldande rett. Som omtalt i punkt 43.5 foreslår departementet å ta inn i lova at fylkeskommunen kan velje å tilby vaksne å delta i vidaregåande opplæring for ungdom. Departementet går ut frå at dette i nokre tilfelle vil vere ei tenleg løysing både for fylkeskommunen og den vaksne. Det bør likevel vere opp til fylkeskommunen om dei vil tilby det, då det også må takast omsyn til mellom anna talet på ungdommar som søkjer, kapasitet og skolemiljø. Departementet meiner derfor at vaksne ikkje bør få rett til å velje eit ungdomstilbod, slik Introduksjonssenter nord Asker har gitt innspel om.

Departementet foreslår også å lovfeste at det særskilde opplæringstilbodet for vaksne skal tilpassast livssituasjonen til dei vaksne. Departementet er enig med Statsforvaltaren i Vestlandet i at ei opplisting av døme på tilpassingar kan misforståast som uttømmande. Departementet foreslår derfor ikkje å ta inn døme i lovteksten, men vil heller gi informasjon om aktuelle døme i rundskriv eller anna rettleiing.

Departementet meiner det ikkje bør lovfestast kor mange deltakarar som må til for at det skal vere krav om å opprette tilbod på kveldstid, slik Statsforvaltaren i Oslo og Viken gir innspel om. Departementet meiner kommunen og fylkeskommunen er nærast til å vurdere dette. Kravet om tilpassing av organiseringa skal ikkje forståast slik at kommunane og fylkeskommunane må lage eit skreddarsydd opplæringsløp for kvar enkelt vaksen, då dette ville vore svært ressurskrevjande og kanskje heller ikkje det beste for den enkelte. Det er likevel klart at dei opplæringsløpa som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må gi rom for at dei vaksne i kommunen eller fylkeskommunen kan ta grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Sjå også tilsvarande vurdering i punkt 43.13.4.

Departementet forslår ikkje å regulere gruppestorleik, slik Utdanningsforbundet gir innspel om. Kor store gruppene kan vere, vil vere avhengig av mellom anna korleis opplæringa er organisert, og korleis gruppa er samansett. Departementet meiner kommunen og fylkeskommunen er nærast til å vurdere gruppestorleik, men understrekar at dei vaksne må få ei forsvarleg opplæring.

Departementet foreslår heller ikkje nærare regulering av kor mykje av opplæringa som kan givast som fjernundervisning, eller korleis dette skal gjennomførast, slik enkelte har etterspurt. At opplæringa for vaksne kan givast som fjernundervisning, er ei vidareføring av gjeldande rett. Departementet har tillit til at kommunen og fylkeskommunen finn eigna måtar å organisere opplæringa på, men vil understreke at opplæringa for vaksne må vere forsvarleg. Den vaksne kan ikkje få all opplæring som fjernundervisning dersom dette ikkje gir den vaksne forsvarleg opplæring. Dette må vurderast konkret, og kommunen og fylkeskommunen er nærast til å gjere denne vurderinga. Departementet viser elles til at forslaget til nye reglar om fjernundervisning for barn og unge og rettleiing som vil utarbeidast til dette, kan vere relevant for kommunen og fylkeskommunen å ta omsyn til når dei skal vurdere korleis opplæringa for vaksne skal organiserast.

Departementet foreslår å vidareføre reglane om at kommunane og fylkeskommunen kan nytte andre rettssubjekt til å gi opplæringa til vaksne, og kan ikkje sjå at det har komme innspel i høyringa som tilseier ei innstramming av dette handlingsrommet. Departementet understreker at det i alle tilfelle er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for at dei vaksne får den opplæringa dei skal ha. Krava i lova gjeld fullt ut også dersom kommunen og fylkeskommunen nyttar andre rettssubjekt til å gi opplæringa. Kommunen og fylkeskommunen må ha rutinar for korleis dette skal følgjast opp overfor andre rettssubjekt.

Det er i dag lagt til grunn at kommunen og fylkeskommunen kan delegere myndet til å gjere vedtak, til dømes til å fastsetje standpunktkarakter, til private aktørar, men at myndet til å utferde dokumentasjon av opplæringa ikkje kan delegerast til private. Departementet foreslår at dette blir vidareført, og at delegeringsforbodet når det gjeld dokumentasjon, blir teke inn i lova.

Reglane om organisering gjeld ikkje vidaregåande opplæring i bedrift.

43.22.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste at førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne skal organiserast som eit særskilt opplæringstilbod for, sjå forslaget til § 19-2 første ledd

  • å lovfeste at det særskilde opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til dei vaksne og at opplæringa kan givast som fjernundervisning, sjå forslaget til § 19-2 andre punktum

  • å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan nytte andre rettssubjekt til å gi førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, og ta inn i lova at kommunen og fylkeskommunen likevel ikkje kan delegere til andre rettssubjekt å utferde dokumentasjon av opplæringa, sjå forslaget til § 19-2 tredje ledd

43.23 Ordensreglar, bortvising og forbod mot ansiktsdekkjande plagg

43.23.1 Dagens reglar

Det følgjer av § 4A-4 fjerde ledd at kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at dei som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring for vaksne, får høve til å ta aktiv del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod. I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir-3-2012 punkt 3.2, er det lagt til grunn at lokala som blir brukte til opplæring av vaksne, må vere eigna til formålet.

I opplæringslova § 4A-9 første ledd er det fastsett at deltakarar i opplæringa for vaksne kan visast bort frå resten av det kurset dei er tekne inn på, dersom deltakaren har hatt ein oppførsel som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller deltakaren har forsømt pliktene sine. I samband med eit vedtak om bortvising kan fylkeskommunen vedta at deltakaren skal miste retten til vidaregåande opplæring. Ein deltakar kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

Forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i opplæringslova § 9-7 gjeld også for opplæringa for vaksne. Dette forbodet er omtalt i punkt 34.5.

43.23.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • at det blir fastsett i lova at kommunen og fylkeskommunen kan gi lokale reglar om rettar og plikter for dei vaksne, mellom anna om orden, oppførsel og deltaking, og at tiltak må regulerast i dei lokale reglane for at dei skal kunne brukast overfor deltakarane

  • at det ikkje lenger skal vere høve til å ta frå vaksne retten til vidaregåande opplæring

  • å vidareføre reglar om bortvising frå resten av opplæringa (kurset, modulen e.l.), men innføre ein høgare terskel slik at dette berre kan gjerast ved særlege alvorlege brot

  • å innføre ein regel om bortvising for kortare tidsrom ein resten av opplæringa, ved grove eller fleire brot

  • å vidareføre at berre kommunen eller fylkeskommunen kan vedta bortvising for resten av opplæringa (kurset, modulen e.l.), men elles la det vere opp til kommunen og fylkeskommunen å avgjere om mynde til å vedta bortvising skal delegerast

  • å vidareføre i lova at ein deltakar ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege

  • å vidareføre forbodet mot ansiktsdekkjande plagg med nokre mindre endringar.

Forslaget var ei oppfølging av forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45, med nokon språklege endringar.

43.23.3 Høyringsinstansanes syn

43.23.3.1 Lokale ordensreglar

Det er om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om lokale reglar. Eit klart fleirtal støttar forslaget. Fleire fylkeskommunar og kommunar og NHO er blant dei som støttar forslaget.

Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO), Introduksjonssenter nord Asker og UDF-klubben på Ås læringssenter støttar ikkje forslaget, då dei meiner slike lokale reglar vil gjere at det blir forskjellar, og at deltakarar i kommunar med dårlege økonomi kan få eit dårlegare tilbod.

Oslo kommune støttar forslaget, men har enkelte kommentarar. Oslo kommune meiner det er noko uklart kva ein meiner med at det kan givast reglar om «deltaking», og kva som er samanhengen med den foreslåtte plikta til aktiv deltaking. Kommunen meiner vidare at paragrafen ikkje bør avgrensast til berre å gjelde «på opplæringsstedene i undervisning», og ber departement vurdere om paragrafen også bør gjelde når oppførselen finn stad utanfor undervisningsstad, men har nær tilknyting til skolen (til dømes krenking av meddeltakarar eller personalet på sosiale medium).

43.23.3.2 Bortvising

Det er under ti høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga som gjeld bortvising. Alle støttar forslaget, men fleire har kommentarar. Nettverk for kommunal voksenopplæring i Møre og Romsdal peikar på at det er vanskeleg å sjå forskjellen på «visast bort frå opplæringa» og «visast bort frå resten av opplæringa» i første og andre punktum i første ledd. Oslo kommune meiner det bør komme fram av paragrafen kor lenge ein deltakar kan visast bort for, slik det er for elevar. Kommunen meiner dessutan at regelen bør byggjast opp tilsvarande som for bortvising på grunn- og vidaregåande skole når det gjeld spørsmålet om kven som kan ta avgjerda om å vise bort. Statsforvaltaren i Innlandet meiner at det bør presiserast at bortvising for resten av opplæringa den vaksne er teken inn på, ikkje kan gjerast av rektor, men må gjerast av kommunen eller fylkeskommunen slik det gjeld for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa for ungdom.

43.23.3.3 Forbodet mot ansiktsdekkjande plagg

Dei få som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i opplæringa for vaksne, støttar det. Sjå elles omtale av høyringsinnspel til det tilsvarande forbodet i opplæringa for barn og unge i punkt 34.5.3.

43.23.4 Departementets vurdering

43.23.4.1 Lokale ordensreglar

Departementet meiner det, til liks med for barn og unge, bør kunne fastsetjast lokale ordensreglar for kvart enkelt vaksenopplæringssenter. Fleire høyringsinstansar er bekymra for at tilgangen til å fastsetje lokale reglar vil føre til forskjellar, og at deltakarar i kommunar eller fylkeskommunar med dårlege økonomi kan få eit dårlegare tilbod. Til dette vil departementet understreke at det ikkje blir opna for at kommunar og fylkeskommunar kan ta frå dei vaksne rettane i eller i medhald av lova gjennom dei lokale reglane. Dei lokale ordensreglane er meint å svare til det som i departementets forslag blir omtalt som «skolereglar» for barn og unge. Dette er reglar som supplerer nasjonale reglar, og som handlar om orden og oppførsel på opplæringsstaden og kva reaksjonar den vaksne kan bli møtt med ved brot på slike reglar. Departementet forslår ei anna formuleringa enn i høyringa for å få tydelegare fram kva slags reglar dette skal vere.

I ordensreglane kan det regulerast kva tiltak som kan brukast når deltakarane bryt reglane, og korleis slike saker skal behandlast. Det kan berre brukast tiltak som er fastsette i dei lokale reglane. På denne måten vil det blir føreseieleg for deltakarane kva ulike handlingar kan føre til, og deltakarane blir gitt høve til å innrette seg og vareta rettane sine.

I høyringa foreslo departementet at «deltaking» vart nemnd som eit døme i lovteksten på kva det kan givast lokale reglar om. Departementet ser at det kan vere uklart kva som ligg i dette, særleg i lys av forslaget om å lovregulere ei plikt til aktiv deltaking for vaksne (sjå punkt 43.26). Departementet foreslår derfor å ta ut dette dømet. Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig for kommunen og fylkeskommunen å gjenta lovkravet om deltaking eller andre lovkrav i dei lokale ordensreglane, men dersom brot på lovkravet skal medføre reaksjonar, så må lovkravet omfattast av dei lokale ordensreglane. Sjølv om departementet ikkje foreslår å ta med «deltaking» i lovteksten, kan kommunen og fylkeskommunen gi reglar om oppførsel som er relatert til deltaking, som til dømes reglar om oppmøte, forseintkomming og liknande.

Departementet er samd med Oslo kommune i at dei lokale reglane bør gjelde også når oppførselen finn stad utanfor undervisningsstaden, men har nær tilknyting til undervisningsstaden eller -situasjonen. Departementet legg til grunn at dei lokale reglane vil ha tilsvarande verkeområde som skolereglane for barn og unge. Sjå omtale av dette i punkt 34.2.

43.23.4.2 Bortvising

Departementet foreslår at det ikkje lenger skal vere tilgang til å ta frå vaksne retten til vidaregåande opplæring. Å ta frå nokon retten til vidaregåande opplæring er eit sterkt inngrep i ein grunnleggjande rett. Det har ikkje komme innspel til høyringa som tilseier at denne reaksjonen bør behaldast.

Departementet foreslår å vidareføre moglegheita for kommunen og fylkeskommunen til å vise bort ein deltakar frå resten av opplæringa (kurset, modulen e.l.), men å innføre ein høgare terskel slik at dette berre kan gjerast ved særlege alvorlege brot. Departementet ser at formuleringa i høyringa om bortvising frå «resten av opplæringa dei er teken inn på» er uklar og kan forståast som at den vaksne kan visast bort frå all framtidig opplæring, noko som ikkje var hensikta. Departementet foreslår derfor at det i lovteksten i staden står «resten av det kurset eller den modulen dei er teken inn på». Departementet foreslår ikkje å lovfeste ei tidsavgrensing som resten av skoleåret eller liknande, fordi det er opp til kommunen og fylkeskommunen korleis dei vil organisere opplæringa for vaksne, inkludert kva slags opplæringseiningar dei vil dele opplæringa inn i. Departementet vil likevel understreke at vaksne ikkje skal fråtakast retten til opplæring. Dermed kan ikkje kommunen og fylkeskommunen vedta bortvising frå så store opplæringseiningar at den vaksne i realiteten er fråteke retten til opplæring. Den vaksne skal kunne visast bort frå det aktuelle kurset, modulen eller liknande, men ha moglegheit til å halde fram opplæringa ved neste oppstart av det aktuelle kurset eller modulen.

Departementet foreslår også ein regel om bortvising for kortare tidsrom enn resten av kurset eller modulen, ved grove eller fleire brot. Bortvising frå resten av kurset eller modulen er ein svært streng reaksjon som bør reserverast for særleg alvorlege brot. Det bør derfor vere tydeleg at ein deltakar kan visast bort for ein kortare periode. Departementet forslår også at det må regulerast i dei lokale ordensreglane dersom bortvising skal kunne brukast som reaksjon. Det må komme fram kva brot som kan føre til bortvising, og kva slags (kor lang) bortvising som er aktuell.

Departementet foreslår å vidareføre at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan overlate til eit organ ved opplæringsstaden å vedta bortvising for resten av kurset, modulen e.l., ettersom dette er ein svært streng reaksjon. For kortare bortvising foreslår departementet ikkje slikt delegeringsforbod, noko som inneber at det er opp til kommunen og fylkeskommunen om dette skal delegerast til kvar enkelt opplæringsstad. Departementet forslår ikkje ein lik reguleringsmåte som for barn og unge fordi det er forskjellar mellom opplæringa for barn og unge og opplæringa for vaksne. Ettersom det ikkje er krav om rektor i vaksenopplæringa, er det ikkje tenleg å leggje myndet til å vise bort for kortare tidsrom direkte til rektor. Det vil likevel ikkje vere noko i vegen for at myndet til å vise bort blir delegert til ein rektor utanom for bortvising resten av kurset eller modulen, der det er delegeringsforbod. Departementet foreslår ikkje å regulere kva rektor kan delegere vidare til kvar enkelt lærar, men meiner dette berre bør gjerast for heilt korte bortvisingar.

Bortvising er ein inngripande reaksjon, og i mange tilfelle vil det vere tilstrekkeleg med mindre inngripande tiltak. Departementet foreslår å vidareføre i lova at ein deltakar ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

43.23.4.3 Forbodet mot ansiktsdekkjande plagg

Departementet foreslår å vidareføre forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i opplæringa for vaksne. Sjå om utforming av forbodet og vurdering av høyringsinnspel til det tilsvarande forbodet i opplæringa for barn og unge i punkt 34.5.4.

43.23.5 Departementets forslag

Departementet forslår

  • at det blir fastsett i lova at kommunen og fylkeskommunen kan gi lokale reglar om orden og oppførsel (ordensreglar), sjå forslaget til § 20-3 første ledd

  • at det blir fastsett i lova at kommunen og fylkeskommunen i ordensreglane kan kan angi kva tiltak som kan brukast når deltakarar bryt reglane, og korleis slike saker skal behandlast, sjå forslaget til § 20-3 andre ledd

  • at det ikkje lenger skal vere tilgang til å ta frå vaksne retten til vidaregåande opplæring

  • å vidareføre reglar om bortvising frå resten av kurset, modulen e.l., men innføre ein høgare terskel slik at dette berre kan gjerast ved særlege alvorlege brot, sjå forslaget til § 20-4 tredje ledd

  • å innføre ein regel om bortvising for kortare tidsrom ein resten av opplæringa, ved grove eller fleire brot, sjå forslaget til § 20-4 første ledd

  • å vidareføre at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan overlate til eit organ ved opplæringsstaden å gjere vedtak om at ein vaksen deltakar skal visast bort frå resten av kurset eller modulen, sjå forslaget til § 20-4 fjerde ledd

  • å vidareføre i lova at ein deltakar ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege, sjå forslaget til § 20-4 andre ledd

  • å vidareføre forbodet mot ansiktsdekkjande plagg med nokre mindre endringar, sjå forslaget til § 27-2

43.24 Læringsmiljø for vaksne

43.24.1 Dagens reglar

Opplæringslova kapittel 9 A om skolemiljø gjeld ikkje for opplæringa for vaksne. I Utdanningsdirektoratets rundskriv, Udir 3-2012 punkt 3.4, er det presisert at kommunen likevel har eit ansvar for dei fysiske og psykososiale miljøa til dei vaksne deltakarane, mellom anna med tilvising til formålsparagrafen i opplæringslova og diskriminerings- og tilgjengelighetslova (no erstatta av likestillings- og diskrimineringslova).

43.24.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å innføre ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å arbeide kontinuerleg for at deltakarane har eit trygt og godt læringsmiljø

  • å innføre krav om at opplæringa skal leggjast opp på ein måte som gir moglegheit for kontakt og kommunikasjon mellom deltakarane

  • å fastsetje at deltakarane ikkje skal utsetjast for krenking, og at alle som arbeider i opplæringa, om mogleg, skal gripe inn dersom ein deltakar blir utsett for krenkingar

  • å lovfeste krav om eigna lokale

Forslaget om eigna lokale var ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45. Elles var forslaget nytt samanlikna med utvalets forslag.

43.24.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om psykososialt læringsmiljø og eigna lokale, og alle støttar forslaget heilt eller delvis. Utdanningsforbundet og fleire kommunar og fylkeskommunar er blant dei som støttar forslaget.

KS er oppteke av at også vaksne skal ha eit trygt og godt læringsmiljø, men har enkelte kommentarar til forslaget til ny paragraf. KS meiner det siktar klart til kapittel 12 i lovforslaget, og at det dermed blir uklart om ein innfører delar av aktivitetsplikta i høyringsforslaget § 12-4 (gjeldande § 9 A-4). KS føreset at kravet til læringsmiljøet også vil gjelde dersom kommunen og fylkeskommunen nyttar andre rettssubjekt til å gi vaksenopplæring, og at kommunen og fylkeskommunen må ha rutinar og prosedyrar for korleis dette skal følgjast opp overfor andre rettssubjekt.

Statsforvaltaren i Agder støttar at læringsmiljøet for vaksne deltakarar blir regulert, men meiner den foreslåtte paragrafen bør utfyllast tilsvarande prinsippa som er nedfelte for elevar og reglane om psykososialt barnehagemiljø i barnehagelova. Statsforvaltaren i Oslo og Viken støttar at det ikkje blir innført ei tilsvarande aktivitetsplikt og handhevingsordning som for barn og unge.

43.24.4 Departementets vurdering

I høyringa av NOU 2019: 23 var det fleire høyringsinstansar som bad om tydelegare krav om psykososialt miljø i opplæringa for vaksne og viste til reglane i kapittel 9 A, reglane om barnehagemiljø og reglane i arbeidsmiljølova. Departementet foreslo derfor i høyringa å lovfeste krav til det psykososiale læringsmiljøet.

Departementet registrerer at det er ulike synspunkt på forslaget, då enkelte høyringsinstansar meiner forslaget går for langt, medan andre meiner det ikkje går langt nok. Departementet meiner forslaget er eigna til å gjere tydeleg ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for det psykososiale miljøet, utan at det inneber for detaljerte reglar. Departementet foreslår ei overordna plikt for kommunen og fylkeskommunen til å arbeide kontinuerleg for at alle deltakarane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Vidare foreslår departementet å innføre ei plikt for dei tilsette til å gripe inn mot krenkingar. Elles er det opp til kommunen og fylkeskommunen å finne fram til korleis dei skal sikre at deltakarane får eit trygt og godt læringsmiljø. Departementet foreslår ikkje å ta inn i lova at opplæringa skal leggjast opp på ein måte som gir moglegheit for kontakt og kommunikasjon mellom deltakarane, men understrekar at dette er eit element i eit trygt og godt læringsmiljø.

Forslaget inneber ikkje at aktivitetsplikta og handhevingsordninga som gjeld for skolemiljøet til barn og unge, skal gjelde i opplæringa for vaksne.

Departementet foreslår at uttrykket «krenkjande oppførsel» blir brukt i lova slik om for barn og unge, og ikkje «utilbørleg oppførsel» slik som i arbeidsmiljølova og forslaget i høyringa. Departementet reknar uttrykka for å bety det same og legg vekt på å ha ein einskapleg omgrepsbruk i lova.

Departementet meiner det ikkje er grunn til å innføre ei tilsvarande aktivitetsplikt og handhevingsordning som for barn og unge. Departementet går ut frå at mobbing og andre former for krenkingar i mindre grad finst blant vaksne, og at vaksne uansett i større grad enn barn og unge kan vareta eigne interesser og be om hjelp frå opplæringsstaden, kommunen eller fylkeskommunen ved behov.

Kravet til læringsmiljøet vil i likheit med dei øvrige krava i lova også vil gjelde dersom kommunen og fylkeskommunen nyttar andre rettssubjekt til å gi opplæringa (sjå punkt 43.22). Kommunen og fylkeskommunen må ha rutinar for korleis dette skal følgjast opp overfor andre rettssubjekt.

Departementet foreslår ikkje å lovfeste at lokale som blir nytta til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, må vere eigna. Departementet meiner det er opebart at lokal må vere egna for at kommunen og fylkeskommunen kan oppfylle plikta til å gi opplæring. Departementet har komme til at det ikkje er nødvendig at dette står i lova. Sjå også vurderinga i punkt 33.9.4.

Departementet reknar at krav til det fysiske miljøet er vareteke gjennom reglane i forskrift om miljøretta helsevern, likestillings- og diskrimineringslova og forslaget om individuell tilrettelegging av opplæringa (sjå punkt 43.16). Departementet foreslår derfor ingen reglar i opplæringslova om det fysiske miljøet for vaksne.

43.24.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å innføre ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å arbeide kontinuerleg for at deltakarane har eit trygt og godt læringsmiljø, sjå forslaget til § 20-2 første ledd

  • å fastsetje at deltakarane ikkje skal utsetjast for krenkingar, og at alle som arbeider i opplæringa, om mogleg, skal gripe inn når ein deltakar blir utsett for krenkingar, sjå forslaget til § 20-2 andre ledd

43.25 Medverknad

43.25.1 Dagens reglar

Det følgjer av opplæringslova § 4A-4 fjerde ledd at kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at vaksne som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod.

43.25.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å lovfeste retten til medverknad for vaksne deltakarar noko tydelegare og meir generelt enn i dag

  • at det blir fastsett i lova at deltakarar har rett til å ytre seg fritt i spørsmål som gjeld dei sjølve, og at deltakarane skal bli høyrde og synspunkta deira vektlagde

Forslaget var ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23 kapittel 45, men departementets forslag om medverknad var noko meir generelt utforma og retten til å ytre seg var foreslått lovfesta i tillegg.

43.25.3 Høyringsinstansanes syn

Det er under ti høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om medverknad. Alle støttar det heilt eller delvis. Fredrikstad kommune ønskjer ei tydeleggjering av kva form medverknaden skal ha, og at paragrafen bør harmoniserast med reglane om medverknad for barn og unge. Kommunen meiner vaksne deltakarar bør få høve til å delta i arbeidet med kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Faglig råd for elektro og datateknologi føreset at reglane om medverknad og skolemiljø osv. gjeld for opplæring i skole og ikkje i bedrift.

43.25.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste retten til medverknad for vaksne deltakarar noko tydelegare og meir generelt enn i dag. At deltakarane får medverke, er sentralt for å kunne få til eit opplæringstilbod som er motiverande for deltakarane og tilpassa behova deira, og for å oppnå eit godt læringsmiljø. Departementet foreslår også å fastsetje i lova at deltakarane har rett til å ytre seg fritt i spørsmål som gjeld dei sjølve, og at deltakarane skal bli høyrde og synspunkta deira vektlagde. Høvet til å bli høyrt og få synspunkta sine vektlagde er sentrale føresetnader for medverknad.

Departementet foreslår å lovfeste ein rett til medverknad i alt som gjeld deltakaren sjølv etter opplæringslova. Dette omfatter mellom anna opplæringa, læringsmiljøet og andre saker som gjeld deltakarane sjølve eller opplæringssituasjonen deira. Det er kommunane og fylkeskommunen som har ansvar å leggje til rette for medverknad i spørsmål som gjeld deltakarane, jf. §§ 28-1 og 28-2. Lokale ordensreglar, sjå omtale i punkt 43.23, gjeld deltakarane, og deltakarane bør dermed mellom anna få medverke i utarbeiding og vurdering av slike reglar.

Departementet ser ikkje at det er behov får å innføre reglar om forma for medverknad, slik som for barn og unge. Vaksne har betre føresetnader for å vareta eigne interesser, og det er grunn til å tru at deltakarane og opplæringsstadene saman kan finne fram til eigna former for medverknad. Det er dessutan større fleksibilitet i korleis opplæringa for vaksne kan organiserast, noko som kan ha noko å seie for kva form for medverknad som er mest tenleg. Departementet understrekar at deltakarane har rett til å opprette tillitsvaldsordningar tilsvarande elevråd. Dette følgjer av den alminnelege organisasjonsfridommen i Grunnlova § 101.

Reglane om medverknad gjeld ikkje for opplæring i bedrift. For opplæring i lærebedrifter gjeld imidlertid reglane i arbeidsmiljølova.

43.25.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste retten til medverknad for deltakarar i opplæringa for vaksne noko tydelegare og meir generelt enn i dag, sjå forslaget til § 20-1 første punktum

  • at det blir fastsett i lova at deltakarar i opplæringa for vaksne har rett til å ytre seg fritt i spørsmål som gjeld dei sjølve, og at deltakarane skal bli høyrde og synspunkta deira vektlagde, sjå forslaget til § 20-1 første og andre punktum

43.26 Krav om aktiv deltaking og tilgang til å gi permisjon

43.26.1 Dagens reglar

I opplæringslova §§ 2-3 og 3-4 er det krav om at barn og unge skal vere aktivt med i opplæringa. Det er ikkje eit tilsvarande krav for deltakarar i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

43.26.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å innføre eit krav om at deltakarar i opplæringa for vaksne skal møte opp til og vere aktivt med i opplæringa

  • å fastsetje at kommunen og fylkeskommunen kan innvilge fri og permisjon frå opplæringa for vaksne.

Forslaget om plikt til å møte opp til og vere aktiv med i opplæringa var ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45. Forslaget om permisjon var nytt i høyringa frå departementet, og vart foreslått på bakgrunn av høyringa av NOU 2019: 23.

43.26.3 Høyringsinstansanes syn

Det er i underkant av 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga om aktiv deltaking og permisjon.

Høyringsinstansane støttar i all hovudsak at det blir innført eit krav om at vaksne deltakarar må delta aktivt i opplæringa. Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) meiner den foreslåtte formuleringa er for vag, og spør kva det betyr å delta aktivt. Kristiansand kommune støttar forslaget, men etterspør eit regelverk som i større grad forpliktar deltakarane. Statsforvaltaren i Agder og Skien kommune støttar forslaget om å ikkje innføre ei fråværsgrense for vaksne. IKVO og Introduksjonssenter nord Asker meiner derimot at det bør innførast ei fråværsgrense.

Enkelte har også kommentert forslaget om at kommunen og fylkeskommunen kan gi løyve til fri og permisjon frå opplæringa. Viken fylkeskommune meiner det ikkje er rom for fri og permisjonar frå opplæringa slik opplæringa blir organisert. Fylkeskommunen viser til at kandidatane har tolv månaders opplæring, at skolane planlegg for dette, og at deltakarane må slutte på opplæringa og søkje på nytt seinare dersom dei til dømes skal i svangerskapspermisjon. Skien kommune stiller seg også undrande til formålet med å innføre permisjonar i samband med fødslar o.l. Kommunen viser til at dersom ein deltakar er mykje borte frå undervisninga, så kan det gå utover grunnlaget for å setje karakter i faget. Vidare viser kommunen til at deltakarane ikkje mistar nokon rettar ved å ta ein lengre pause frå eller avslutta kurset før teken eksamen. Dersom det skal innførast ein rett til permisjon, meiner Skien kommune at det berre bør vere i samband med fødslar eller langvarig, mellombels fråvær av omsyn til Lånekassen.

43.26.4 Departementets vurdering

Fleire kommunar opplever at ein del deltakarar i grunnskoleopplæringa for vaksne har andre motiv enn å få vitnemål (sjå NOU 2019: 23, kapittel 45.3.3). Dette er øydeleggjande for dei andre deltakarane og lite tenleg bruk av ressursane i det offentlege. Kommunane viser også til at det etter integreringslova er reaksjonar ved fråvær ved at deltakaren mistar rett til stønad ved fråvær som ikkje kjem av sjukdom, osv.

Departementet meiner det bør innførast eit krav om at vaksne deltakarar skal møte opp til og vere aktivt med i opplæringa. Ein mogleg reaksjon dersom plikta ikkje blir overhalden, kan vere bortvising frå resten av kurset, modulen e.l. som den vaksne er teken inn på, føresett at dette er fastsett i dei lokale ordensreglane (sjå punkt 43.23). Departementet har forståing for at kravet blir opplevd som lite konkret, men meiner det ikkje er tenleg å fastsetje detaljerte reglar om oppmøte og deltaking i lova. Om kravet er oppfylt, vil vere ei skjønnsmessig vurdering som bør gjennomførast på kvar enkelt opplæringsstad. Det skal ikkje vere ein høg terskel for å oppfylle kravet om å delta aktivt. Formålet er at den vaksne må vere til stades for å få opplæring og sjølv bidra for å tileigna seg kunnskap. I dei lokale reglane kan det eventuelt fastsetjast meir konkrete reglar om til dømes forseintkomming og manglande innleveringar dersom dette er ønskjeleg. Reglane må vere rimelege, og reaksjonane må vere forholdsmessige.

Departementet foreslår ikkje å innføre ei fråværsgrense i opplæringa for vaksne. I opplæringa for vaksne er det ikkje timetalskrav og heller ikkje faste opplæringseiningar. Ei fråværsgrense vil ikkje fungere utan at departementet samtidig gjer opplæringa for vaksne mindre fleksibel, noko som ikkje er ønskjeleg.

Departementet foreslår at det blir fastsett i lova at kommunen og fylkeskommunen kan innvilge permisjon frå opplæringa. Departementet legg til grunn at kommunane og fylkeskommunen kan innvilge permisjon i dag òg, men meiner at dette bør komme fram eksplisitt i lova når det no blir foreslått å lovfeste eit krav om oppmøte. Forslaget inneber ingen rett til permisjon for deltakarene, og det er opp til kommunen og fylkeskommunen å bestemme kva som skal gi grunnlag for permisjon.

Departementet ser at det ikkje vil fungere å gi deltakarar lange permisjonar frå opplæringa, og at deltakaren i slike tilfelle heller må avslutte og byrje på nytt seinare. Formålet med forslaget var heller ikkje å regulere dette, men å gjere tydeleg at kommunen og fylkeskommunen kan innvilge permisjon slik at den vaksne kan ha fråvær utan at det er eit brot på kravet om oppmøte. Dette kan vere aktuelt ved korte fråvær. Departementet understrekar at lovforslaget uansett ikkje gir ein rett til permisjon, og at det er opp til kommunen og fylkeskommunen kor lang permisjon som kan innvilgast, før deltakaren må avslutte kurset og heller ta opp att opplæringa seinare.

Reglar om kva som gir grunnlag for permisjon, bør nedfellast i dei lokale ordensreglane (sjå punkt 43.23) for å sikre lik praktisering av reglane og føreseielege vilkår både for lærarar og deltakarar.

For deltakarar som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet, gjeld også reglane om permisjon og fråvær i forskrift til integreringslova.

43.26.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å innføre krav om at vaksne deltakarar må delta aktivt i opplæringa, sjå forslaget til § 18-11 første ledd

  • å fastsetje at kommunen og fylkeskommunen kan innvilge permisjon frå opplæringa, sjå forslaget til § 18-11 andre ledd.

43.27 Rådgiving for vaksne

43.27.1 Dagens reglar

Opplæringslova inneheld ikkje reglar om rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval eller om sosiale spørsmål for deltakarar i opplæringa for vaksne, slik som for barn og unge. I opplæringslova § 13-3f er det eit generelt krav til fylkeskommunen om å ha tilbod om karriererettleiing til dei som er busette i fylket. Slike tilbod kan omfatte vaksne med rett til opplæring, men regelen er ikkje spesifikt retta mot dei. Vaksne med rett til grunnskoleopplæring har i dag rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod dei treng, jf. § 4A-8.

43.27.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å innføre plikt for kommunen og fylkeskommunen til å ha tilbod om rådgiving om utdannings- og yrkesval i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

  • å oppheve § 4A-8 om rådgiving for å kartleggje kva tilbod deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne treng

  • å gi heimel for å kunne gi nærare reglar om rådgiving i forskrift

Forslaget var nytt samanlikna med opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.27.3 Høyringsinstansanes syn

Det er i underkant av 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om rådgiving, og dei aller fleste uttaler at dei støttar forslaget heilt eller delvis. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), fleire kommunar og fylkeskommunar og LO er blant dei som støttar forslaget. Oslo kommune er blant dei som støttar forslaget, men peikar også på at det må sikrast tilstrekkeleg med statlege midlar for å kunne innfri dette utvida tilbodet for gruppa. HK-dir støttar også forslaget og støttar vurderinga til departementet av at ei slik plikt vil medføre auka kostnader for fylkeskommunen.

Oslo kommune meiner det bør gjerast tydeleg i forskrift kva som ligg i rådgiving om utdannings- og yrkesval, og grenseflata mot rådgiving som skal tilbydast frå NAV og andre aktørar. Utdanningsdirektoratet viser derimot til at det ikkje er foreslått tilsvarande forskriftsheimel for rådgiving til elevar, og direktoratet kan ikkje sjå kvifor det skal fastsetjast forskriftsreglar for dette berre for vaksne.

Utdanningsforbundet meiner forslaget ikkje går langt nok, og meiner at vaksne bør få rett til eit rådgivingstilbod som er stadsbasert og individuelt, på lik linje med rettane til barn og unge. Dette meiner også Møre og Romsdal fylkeskommune. Utdanningsforbundet meiner dei etablerte fylkesvise karrieresentera kan vere eit godt supplement, men at dei ikkje kan erstatta eit stadsbasert nært rådgivingstilbod for vaksne. Utdanningsforbundet meiner dessutan at dei vaksne også bør få rett til sosialrådgiving, og viser til at deltakarane i vaksenopplæringa kan ha manglande skolegang, psykologiske lidingar etter år på flukt frå krig og vald og negative erfaringar frå tidlegare skolegang.

43.27.4 Departementets vurdering

Mangel på informasjon om utdanningstilbod og jobbmoglegheiter kan føre til at vaksne vel feil. Dette er uheldig både for den enkelte og for samfunnet. Ettersom ein stor del av deltakarane i opplæringa for vaksne er minoritetsspråklege, er det særleg viktig med rådgiving om utdannings- og yrkesval. Innspela til NOU 2019: 23 viser at dei fylkesvise karrieresentera, jf. punkt 46, ikkje har kapasitet til å dekkje dette behovet. Det er heller ikkje krav om at dei fylkesvise karrieresentera rettar tilbodet særskilt mot deltakarar i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Departementet foreslår å innføre ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Departementet har forståing for ønsket om at vaksne skal ha rett til eit rådgivingstilbod som er stadsbasert og individuelt. Samtidig er det eit prioriteringsspørsmål, og det er ikkje urimeleg at det blir prioritert meir ressurskrevjande krav om rådgiving for barn og unge, då vaksne som regel vil ha betre føresetnader for å kunne nyttiggjere seg av eit rådgivingstilbod, inkludert digital rådgiving. Kommunane og fylkeskommunane kan etter forslaget vurdere om og i kva grad dei vil ha eit tilbod på kvar opplæringsstad, eller om dei vil samarbeide med andre opplæringsstader eller med fylkesvise karrieresenter.

I førebuande opplæring for vaksne kjem plikta til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval til erstatning for dagens § 4A-8 om rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksne treng. Plikta til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval er noko vidare enn ei kartlegging av kva tilbod den vaksne treng. Samtidig vil råd om kva fag ein person treng for å kunne fullføre førebuande opplæring for vaksne, vere det mest sentrale i rådgivinga for deltakarar i slik opplæring. I vidaregåande opplæring for vaksne er det ikkje reglar om rådgiving i dag, og forslaget vil innebere ei ny plikt for fylkeskommunen.

Ettersom forslaget er meint å vere ei overordna plikt for kommunen og fylkeskommunen, vil det vere lite aktuelt med nærare reglar i forskrift. Departementet foreslår derfor ikkje ein forskriftsheimel. Departementet viser til at det ikkje er foreslått ein slik forskriftsheimel for rådgiving til barn og unge. Departementet vil vurdere om dei forholda som Oslo kommune peikar på, bør gjerast tydelege i rettleiing.

Departementet foreslår at plikta blir avgrensa til rådgiving om utdannings- og yrkesval. Departementet meiner annan rådgiving, til dømes om sosiale forhold, må dekkjast på annan måte, til dømes gjennom NAV eller kommunal flyktningteneste, for deltakarar med innvandrarbakgrunn og kort butid i landet.

43.27.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å innføre plikt for kommunen og fylkeskommunen til å ha tilbod om rådgiving om utdannings- og yrkesval i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 19-12

  • å ikkje vidareføre dagens § 4A-8 om rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne treng

43.28 Skyss, reisefølgje og tilsyn

43.28.1 Dagens reglar

Opplæringslova § 4A-7 inneheld reglar om skyss, losji, reisefølgje og tilsyn for dei som får grunnskoleopplæring for vaksne. Deltakarar som ikkje har fullført grunnskoleopplæring, og som får slik opplæring etter kapittel 4A, har rett til gratis skyss når dei bur meir enn fire kilometer frå skolen. Deltakarar som på grunn av funksjonsnedsetjing, sjukdom eller skade har behov for skyss, har rett til gratis skyss uavhengig av reiselengda. Paragrafen om reisefølgje og tilsyn i opplæringslova § 7-4 gjeld tilsvarande for deltakarar i opplæringa for vaksne.

Når dagleg skyss ikkje er forsvarleg, skal kommunen innlosjere deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne. Når det er nødvendig, gjeld § 7-1 fjerde ledd om tilsyn tilsvarande. Ansvarsregelen om tilsyn i § 13-4 gjeld også tilsvarande for dei pliktene som følgjer av § 4A-7.

43.28.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å utvide retten til skyss slik at han omfattar alle som har rett til grunnskoleopplæring for vaksne, men endre avstandsgrensa frå fire til seks kilometer

  • å vidareføre at avstandsgrensa ikkje gjeld for dei som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom

  • å klargjere forholdet mellom retten til skyss og retten til losji, og dessutan rekkjevidda av retten til skyss, ved forslag til forsvarlegkrav og moment for dette

  • å vidareføre reglane om reisefølgje og tilsyn og ta inn i lova at reglane berre skal gjelde for deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne dersom deltakarane på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg aleine

  • å lovfeste rett til losji i grunnskoleopplæringa for vaksne dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg

  • å vidareføre kravet om at kommunen om nødvendig skal ha tilsyn med deltakarar i grunnskoleopplæringa for vaksne som er innlosjerte

  • å innføre rett til skyss for dei mellom 19 og 25 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne

Forslaget om å endre avstandsgrensa for retten til skyss og forslaget om å klargjere forholdet mellom retten til skyss og retten til losji var nytt i departementets forslag. Forslaget var elles ei oppfølging av opplæringslovutvalets forslag i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.28.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaga om skyss i opplæringa for vaksne. Alle som har uttalt seg om det, støttar forslaget om å vidareføre retten til skyss i grunnskoleopplæringa for vaksne.

Eit fleirtal av dei som har uttalt seg om det, er imot å endre avstandsgrensa for rett til skyss i grunnskoleopplæring for vaksne frå fire til seks kilometer. Voksenopplæringen i Møre og Romsdal, Bergen kommune, Utdanningsforbundet ved voksenopplæringa i Bærum kommune, Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring (IKVO) og UDF-klubben på Ås læringssenter er blant dei som er imot forslaga. Argumenta imot forslaget er at seks kilometer er for langt, då ein stor del av dei vaksne deltakarane skal følgje barn til barnehage, skole eller skolefritidsordning, at dei har dårleg helse, og at dei svært sjeldan har bil. I tillegg nemner fleire at skyss vil medføre store utgifter, og at mange av deltakarane i vaksenopplæringa har låg inntekt, og at ei avgrensing i retten til skyss i verste fall vil føre til at nokon må avslutte opplæringa. Vestfold og Telemark fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune støttar forslaget. Statsforvaltaren i Innlandet meiner det er tenleg med lik avstandsgrense for vaksne i grunnskoleopplæring som for elevar i vidaregåande opplæring, men meiner det heller bør greiast ut om avstandsgrensa i vidaregåande opplæring kan senkast til fire kilometer.

Det er ingen høyringsinstansar som går imot forslaget om å innføre rett til gratis skyss for dei mellom 19 og 25 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne, men Vestfold og Telemark fylkeskommune peikar på at gratis skyss til deltakarar i alderen 19 til 25 år kan medføra auka skysskostnader for fylkeskommunen dersom undervisninga blir organisert utanfor den vanlege opningstida til skolen, ettersom deltakarane ofte ikkje har førarkort. Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner også andre deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne bør ha rett til gratis skyss, og viser til at vaksne kan ha større behov for dekning av skyssutgifter, då vaksne ofte har forsørgjaransvar og mykje høgare faste utgifter enn elevar. Direktoratet viser vidare til at manglande finansiering av utgifter til livsopphald er ein kjend barriere for at vaksne tek vidaregåande opplæring.

Det er få som kommenterer forslaga om reisefølgje, tilsyn og losji særskilt. Desse forslaga fekk støtte i høyringa av NOU 2019: 23.

43.28.4 Departementets vurdering

43.28.4.1 Skyss i førebuande opplæring for vaksne

I dagens § 4A-7 første ledd står det at vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring etter kapittel 4A. Det kjem fram av Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) punkt 2.3 at det var meininga å vidareføre rettane til skyss for dei som var omfatta av den no oppheva § 5-2, som gjaldt vaksne som tidlegare har mangla eller fått eit mangelfullt grunnskoletilbod, og vaksne som på grunn av sjukdom eller skade har behov for fornya grunnskoleopplæring. Departementet meiner dagens ordlyd i § 4A-7 ikkje samsvarer med det som står i forarbeida, ettersom dagens ordlyd ikkje omfattar rett til skyss for dei som på grunn av sjukdom eller skade har rett til fornya grunnskoleopplæring.

Departementet foreslår å utvide retten til skyss slik at han omfattar alle som har rett til førebuande opplæring for vaksne. Dette vil for det første omfatte dei som ikkje har fått grunnskoleopplæring, eller som har fått mangelfull grunnskoleopplæring, som også har rett til skyss etter dagens paragraf. For det andre omfattar dette dei som på grunn av sjukdom eller skade treng fornya opplæring. Dette er ei lovfesting av det som følgjer av forarbeida til dagens lov. I tillegg omfattar dette andre som har rett til førebuande opplæring for vaksne, som i hovudsak vil seie dei som treng fornya opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring (sjå punkt 43.4). Dette vil i praksis vere snakk om opplæring i digitale ferdigheiter, og det er liten grunn til å tru at dette vil vere noka stor utviding i retten til skyss. Det er heller ingen høyringsinstansar som har innvendingar mot dette forslaget.

Departementet foreslår dessutan at retten til skyss skal gjelde for dei som får førebuande opplæring for vaksne, men som ikkje har rett til slik opplæring (sjå punkt 43.4). Dette inneber mellom anna at ungdommar som har fullført grunnskoleopplæringa, men som får tilbod om meir grunnskoleopplæring etter forslaget § 9-7, skal ha rett til skyss. Det er frivillig å opprette slike tilbod, men dersom ungdommar får tilbod om meir grunnskoleopplæring, skal dei også få rett til skyss på same vilkår som dei som har rett til førebuande opplæring for vaksne.

Departementet foreslår å vidareføre avstandsgrensa på fire kilometer for rett til skyss i førebuande opplæringa for vaksne. Departementet meiner særleg omsynet til at vaksne ofte har forsørgjaransvar, tilseier at grensa på fire kilometer bør behaldast sjølv om avstandsgrensa for rett til skyss for ungdom i vidaregåande opplæring er seks kilometer. Det er også relevant at dei som deltek i førebuande opplæring for vaksne, gjerne ikkje har ein veldig robust økonomi, og at innstrammingar i retten til skyss kan gjere at enkelte ikkje kan nytte seg av retten til førebuande opplæring.

Departementet foreslår at reglane om rett til skyss uavhengig av avstandsgrensa på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom blir vidareført.

Departementet foreslår å klargjere rekkjevidda av retten til skyss og forholdet mellom retten til skyss og retten til losji. Forslaget går ut på å presisere at retten til skyss berre gjeld så framt dagleg skyss er forsvarleg. Vidare blir det presisert at det er fylkeskommunane som har mynde til å gjere vedtak i avgjerda av om dagleg skyss er forsvarleg, ettersom det er fylkeskommunane som i hovudsak vil vere ansvarlege for skyssvedtaka. I tillegg blir det teke inn moment som skal og kan vektleggjast i forsvarlegvurderinga. Sjå elles vurdering av tilsvarande reglar knytt til skyss for barn og unge i punkt 37.5.5 og 37.5.7.

43.28.4.2 Reisefølgje og tilsyn i førebuande opplæring for vaksne

I dagens § 4A-7 andre ledd andre punktum står det at § 7-4 gjeld tilsvarande. I § 7-4 står det at elevane har rett til reisefølgje og tilsyn før og etter undervisninga når det er nødvendig. Det er ikkje klart i lova eller forarbeida om retten til reisefølgje og tilsyn gjeld alle vaksne med rett til skyss eller berre vaksne som på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom har rett til skyss.

Departementet foreslår å vidareføre reglane, men presisere at reglane om reisefølgje og tilsyn berre skal gjelde for deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg aleine. Dette er den same terskelen som er lagd til grunn for plikta fylkeskommunen har til å ha tilsyn med elevar i vidaregåande skole i ventetida før og etter undervisningstida.

43.28.4.3 Losji i førebuande opplæring for vaksne

Departementet foreslår å vidareføre reglane om at kommunen skal sørgje for losji for deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg, men lovfeste dette som ein rett til losji der dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Departementet foreslår også å vidareføre at kommunen om nødvendig skal ha tilsyn med vaksne deltakarar som er innlosjerte.

43.28.4.4 Skyss i vidaregåande opplæring for vaksne

Departementet foreslår å innføre rett til skyss for dei mellom 19 og 24 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne.

Departementet har forståing for innspelet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om at ein rett til gratis skyss for alle deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne kan bidra til at fleire tek slik opplæring. Samtidig vil dette føre til auka kostnader, og det er derfor eit spørsmål om prioritering. Departementet meiner det ikkje er urimeleg å prioritere skyss for barn og unge, og dessutan vaksne som treng grunnskoleopplæring, framfor vaksne som treng vidaregåande opplæring.

Departementet er ikkje samd i at rett til gratis skyss for dei mellom 19 og 24 medfører auka kostnader, då denne aldersgruppa vil ha rett til gratis skyss dersom dei vel vidaregåande opplæring for ungdom. Opplæringa for vaksne kan organiserast på ein annan måte enn for barn og unge (sjå punkt 43.22). Dersom opplæringa blir gitt på kveldstid, kan kostnadene til skyss bli noko høgare enn ved skyss på dagtid i form av skolebuss. Dersom opplæringa er komprimert eller blir delvis gitt som fjernundervisning, vil skysskostnadene derimot truleg bli lågare. Departementet kan ikkje sjå at kostnadene for skyss samla skal bli høgare ved at dei vel vidaregåande opplæring for vaksne. Departementet meiner det bør vere handterleg med ulike rettar når det gjeld skyss. Dette er uansett vedtak som må gjerast individuelt ut frå avstandsgrense og er ikkje knytt til organiseringa av opplæringa.

43.28.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til skyss for dei som bur meir enn fire kilometer frå opplæringsstaden, men slik at den gjeld alle deltakarar i førebuande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 21-1 første ledd

  • å vidareføre at avstandsgrensa ikkje gjeld for dei som treng skyss i førebuande opplæring for vaksne på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, sjå forslaget til § 21-1 andre ledd

  • å vidareføre rett til losji for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg, sjå forslaget § 21-3 tredje ledd

  • å klargjere forholdet mellom retten til skyss og retten til losji, og dessutan rekkjevidda av retten til skyss, sjå forslaget til § 21-3 første til tredje ledd

  • å vidareføre reglar om reisefølgje og tilsyn, men slik at reglane berre skal gjelde for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg aleine, sjå forslaget til § 21-2

  • å vidareføre kravet om at kommunen om nødvendig skal ha tilsyn med deltakarar i førebuande opplæring for vaksne som er innlosjerte, sjå forslaget til § 21-3 fjerde ledd

  • å innføre rett til skyss for dei mellom 19 og 24 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 21-1 tredje ledd

43.29 Kompetansekrav i opplæringa for vaksne

43.29.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 4A-5 er det fastsett at tilsetjingsreglane for undervisningspersonalet gjeld for opplæring særleg organisert for vaksne, men at departementet kan fastsetje i forskrift at det likevel kan tilsetjast personar utan formell pedagogisk kompetanse. I forskrift til opplæringslova § 14-1 var det tidlegare fastsett at det til opplæringa av vaksne kan tilsetjast personar utan formell pedagogisk kompetanse under føresetnad av at vedkommande har vesentleg erfaring med og er eigna til opplæring av vaksne. Dette unntaket vart oppheva i 2021. Det er no krav om pedagogisk og fagleg kompetanse tilsvarande det som gjeld for dei som skal tilsetjast i grunnopplæringa for barn og unge. Det er likevel ikkje fastsett konkrete krav om lærarutdanning eller tilsvarande slik det er for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring for ungdom i forskrifta §§ 14- til 14-4.

Det følgjer av opplæringslova § 4A-5 andre ledd at kompetansekrava for undervisningspersonalet ikkje gjeld for opplæring av vaksne med særlege behov for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter. Opplæringa skal etter lova likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar.

I opplæringslova er det reglar om val mellom søkjarar (§ 10-5), om mellombelse tilsetjingar (§ 10-6) og om tilsetjing på vilkår (§ 10-6 a). Det er i kapittel 4A ikkje vist til at desse reglane gjeld ved tilsetjingar i grunnopplæringa for vaksne.

Krava om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget i opplæringslova § 10-2 gjeld ikkje ved opplæring for vaksne.

43.29.2 Høyringsforslaget

Departementet forslo

  • å vidareføre at tilsetjingsreglane for undervisningspersonalet gjeld for opplæringa for vaksne

  • å oppheve heimelen til å gjere unntak frå kravet til formell pedagogisk kompetanse for dei som skal tilsetjast i undervisningsstilling i opplæringa for vaksne

  • å vidareføre unntaket frå krava når det gjeld dei som skal undervise i grunnleggjande ferdigheiter

  • å gjere tydeleg at reglane om val mellom søkjarar, om mellombelse tilsetjingar og om tilsetjing på vilkår gjeld for opplæringa for vaksne

  • å innføre heimel til å fastsetje krav om relevant kompetanse i faga det skal undervisast i, og relevant kompetanse til å undervise i forsterka opplæring i norsk

Forslaget om å oppheve unntaket frå kravet til formell pedagogisk kompetanse var nytt samanlikna med forslaget til opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, men utvalet peika også på behovet for ei slik endring. Forslaget om tydeleggjering av kva reglar som gjeld, og forslaget om forskriftsheimel om kompetanse i undervisningsfaget og for å undervise i forsterka opplæring i norsk var også nytt i departementets høyring. Elles var forslaget ei oppfølging av NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.29.3 Høyringsinstansanes syn

Det er om lag 20 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget, og dei aller fleste støttar forslaget. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er blant dei som støttar forslaget, og viser til at forslaget vil sikre at dei same kompetansekrava blir stilte til lærarar som skal gi byrjaropplæring i norsk, uavhengig av om det er for deltakarar i vidaregåande opplæring, i grunnskoleopplæring eller i norskopplæringa etter integreringslova. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet støttar også forslaget, men peikar på at det bør vere heimel i lova for å innføre krav om kompetanse i norsk som andrespråk for alle lærarar som gir førstegongsopplæring i norsk etter opplæringslova, og ikkje berre dei som underviser i vaksenopplæringa. Interesseorganisasjonen for kommunal voksenopplæring meiner det same og viser til at det i dag er stort behov for kompetanse i norsk som andrespråk for dei som underviser i vidaregåande opplæring.

Røros kommune støttar ikkje forslaget og meiner det vil redusere handlingsrommet arbeidsgivaren har, dersom dagens høve til å unntaksvis tilsetje personell utan formell pedagogisk kompetanse ikkje blir vidareført.

43.29.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre utgangspunktet om at kompetansekrava for tilsetjing i lærarstilling gjeld for opplæring for vaksne.

Departementet foreslår å vidareføre unntaket frå krava når det gjeld dei som skal undervise i grunnleggjande ferdigheiter etter forslaget § 19-6.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre ein heimel til å gjere unntak frå kompetansekravet for dei som skal tilsetjast i lærarstilling i grunnopplæringa for vaksne. Departementet viser til at dette unntaket no er oppheva i forskrifta, og at det ikkje lenger er behov for ein slik heimel.

Sjølv om det no ikkje er unntak frå kravet om pedagogisk kompetanse for å tilsetjast i grunnopplæringa for vaksne, er det ikkje fastsett konkrete krav til nødvendig kompetanse tilsvarande det som gjeld i grunnopplæringa for barn og unge, jf. dagens forskrift til opplæringslova §§ 14-2 til 14-4. Om det skal stillast slike krav, og den nærare utforminga av krava vil vurderast i samband med arbeidet med forskrift til opplæringslova. Som påpeika i punkt 2.2 innleiingsvis i proposisjonen vil departementet også setje i gang eit arbeid med å vurdere om det bør gjerast endringar i reglane for tilsetjing i lærarstilling i skolen.

I dagens lov kommer det ikkje klart fram at reglane om val mellom søkjarar, mellombelse tilsetjingar og tilsetjing på vilkår gjeld for opplæringa for vaksne. Det er likevel naturleg å forstå det slik at desse reglane gjeld ettersom dei knyter seg til kompetansekrav ved tilsetjingar, som gjeld for vaksenopplæringa. Departementet foreslår at det blir gjort tydeleg i ny opplæringslov at desse reglane gjeld, ved å vise til dei aktuelle paragrafane i fellesdelen for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for barn og unge. Sjå omtale og vurdering av desse reglane i punkt 50.

I høyringa av NOU 2019: 23 var det fleire som peika på behovet for krav om kompetanse i undervisningsfaget for dei som underviser i grunnopplæringa for vaksne. Etter forskrift til integreringslova skal dei som underviser i norsk etter integreringslova, oppfylle krava for tilsetting i undervisningsstilling i forskrift til opplæringslova og ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. I høyringa av denne forskrifta var det fleire høyringsinstansar som spelte inn at det bør fastsetjast tilsvarande krav for dei som skal undervise i grunnopplæringa for vaksne.

I dag er krav om relevant kompetanse i undervisningsfag regulert i opplæringslova § 10-2 med konkrete kompetansekrav fastsette i forskrift. Denne paragrafen gjeld i dag ikkje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Departementet meiner det kan vere grunnar til å stille krav om kompetanse i undervisningsfaget i vaksenopplæringa, og at lova i alle fall bør opne for dette. Departementet foreslår derfor at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag, som er foreslått vidareført i forslaget § 17-4, også skal gjelde for opplæringa for vaksne. Dermed vil det bli heimel til å fastsetje krav om relevant kompetanse i undervisningsfag i vaksenopplæringa i forskrift. Om det skal fastsetjast konkrete kompetansekrav i forskrift og eventuelt i kva fag, vil bli vurdert i samband med arbeidet med forskrift til opplæringslova.

Departementet ser at det kan vere aktuelt å vurdere om det bør innførast krav om kompetanse i norsk som andrespråk for lærarar som gir opplæring i forsterka opplæring i norsk. Departementet forslår ein heimel for dette i lova. Departementet har forståing for at det kan vere nyttig med eit slikt krav også for dei som underviser i grunnskolen og vidaregåande opplæring for barn og unge. Departementet meiner likevel at behovet særleg gjer seg gjeldande i vaksenopplæringa der ein svært stor del av deltakarane er minoritetsspråklege. Dessutan er førebuande opplæring for vaksne og opplæring etter integreringslova gjerne felles tilbod med dei same lærarane, og det kan dermed vere ein fordel med like krav. Departementet vil komme tilbake til dette ved behov.

43.29.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre at kompetansekrava for tilsetjing i lærarstilling gjeld for opplæringa for vaksne og gjere tydeleg at reglane i § 17-5 om val mellom søkjarar, § 17-3 andre ledd om mellombelse tilsetjingar og om tilsetjing på vilkår også gjeld for opplæringa for vaksne, sjå forslaget til § 19-13 første ledd

  • å vidareføre unntaket frå krava om kompetanse når det gjeld dei som skal undervise i grunnleggjande ferdigheiter, sjå forslaget til § 19-13 andre ledd

  • å innføre heimel til å fastsetje krav i forskrift om relevant kompetanse i fag og relevant kompetanse til å undervise i forsterka opplæring i norsk, sjå forslaget til § 19-13 tredje ledd.

43.30 Krav om politiattest for tilsette i opplæringa for vaksne

43.30.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 10-9 er det krav om politiattest for dei som skal tilsetjast i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for barn og unge. Vidare er det forbod mot tilsetjing for personar som er dømde for visse lovbrot, medan det elles må vurderast konkret kva konsekvensen skal vere. Sjå nærare omtale av reglane i punkt 52. Det er ikkje krav om politiattest og forbod mot tilsetjing for dei som skal tilsetjast i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

43.30.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo i høyringa å innføre krav om politiattest og tilhøyrande forbod mot tilsetjing for tilsette i grunnskoleopplæringa for vaksne som for barn og unge.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45, men utvalet foreslo også eit krav om politiattest ved tilsetjing i vidaregåande opplæring for vaksne.

43.30.3 Høyringsinstansanes syn

Dei få som har uttalt seg om det, støttar forslaget. Oslo kommune, Time kommune, Stjørdal voksenopplæring og Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal er blant dei som støttar at det blir innført krav til politiattest i grunnskoleopplæringa for vaksne. Oslo kommune meiner kravet til politiattest bør innførast for både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, då også deltakarar som er 18 år eller eldre kan vere sårbare. Innspel til sjølve utforminga av kravet til politiattest blir omtalte i samband med tilsvarande forslag for grunnopplæringa for barn og unge (sjå punkt 52).

43.30.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å innføre krav om politiattest og tilhøyrande forbod mot tilsetjing knytta til enkelte merknadar på politiattesten i den førebuande opplæringa for vaksne. Ein del av deltakarane i grunnskoleopplæringa for vaksne er sårbare på grunn av funksjonshemming eller traume. Om lag ein firedel av dei i grunnskoleopplæringa for vaksne får opplæring i å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter. Departementet viser i denne samanhengen til at det er krav om politiattest for tilsette i bedrifter som tilbyr varig tilrettelagt arbeid, som til dels rettar seg mot den same målgruppa. Fleire deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne er dessutan under 18 år. Departementet meiner derfor det bør stillast krav om politiattest for dei som underviser i førebuande opplæring for vaksne, tilsvarande det som gjeld for dei som underviser i grunnskoleopplæringa og vidaregåande opplæring for barn og unge.

Departementet foreslår at det blir innført krav om barneomsorgsattest slik som i opplæringa for barn og unge, ettersom kravet om politiattest i opplæringa for vaksne delvis er grunngitt med at enkelte av deltakarane i opplæringa for vaksne er under 18 år. Departementet meiner ein slik attest også er tenleg for å vareta omsynet til dei sårbare vaksne i opplæringa. Det er uansett ikkje tenleg med krav om to ulike attestar ved tilsetjing.

Når det gjeld utforminga av kravet til politiattest, viser departementet til punkt 52.

Departementet meiner det ikkje er same behov for krav om politiattest i vidaregåande opplæring for vaksne. I vidaregåande opplæring for vaksne er det berre personar over 18 år, og deltakarane er ikkje særlege utsette eller sårbare på same måten som ein del av deltakarane i grunnskoleopplæring for vaksne. Vidaregåande opplæring for vaksne er meir nærliggjande å samanlikne med høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning (fagskolar), der det ikkje er krav om politiattest for dei som underviser.

43.30.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å innføre krav om politiattest og tilhøyrande forbod mot tilsetjing i den førebuande opplæringa for vaksne, sjå forslaget til § 19-14.

43.31 Kontaktlærar

43.31.1 Dagens reglar

I opplæringslova § 8-2 andre ledd er det krav om kontaktlærar i opplæringa for barn og unge. I dagens lov er det ikkje krav om kontaktlærar i opplæringa for vaksne.

43.31.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo ikkje å innføre krav om kontaktlærar i opplæringa for vaksne, men omtalte dette temaet i høyringa ettersom fleire gav innspel om dette i høyringa av NOU 2019: 23.

43.31.3 Høyringsinstansanes syn

Om lag 15 høyringsinstansar har gitt innspel om at dei meiner det bør innførast krav om kontaktlærar. Enkelte kommunar og fylkeskommunar, Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund er blant dei som meiner det bør innførast eit slikt krav i opplæringa for vaksne.

Utdanningsforbundet viser til at deltakargruppa er meir samansett enn før, og at mange har eit stort behov for tettare oppfølging. Utdanningsforbundet peikar mellom anna på at innvandrarar utgjer ein større del av deltakarar i vaksenopplæringa enn før, at fleire har avgrensa skolegang frå heimlandet, at nokon slit med traume og psykiske lidingar etter fleire år på flukt frå krig og vald, og at andre kan ha negative erfaringar med tidlegare skolegang. Utdanningsforbundet meiner at felles for desse gruppene er at dei treng individuell og tett oppfølging av ein fast lærar som kjenner dei, og som kan gi dei opplæring som er tilpassa behova deira. Utdanningsforbundet er usamd i resonnementet til departementet og meiner at fjernundervisning og fleksible løysingar i vaksenopplæringa vil forsterka behovet for kontaktlærarar. Fleire av dei andre høyringsinstansane grunngir synet sitt på den same måten.

Kristiansand kommune viser til at erfaringa deira gjennom mange år med grunnskoleopplæring for vaksne er at deltakarane i all hovudsak blir organiserte i faste klassar der kvar klasse har ein kontaktlærar. Kommunen meiner det bør innførast eit krav om kontaktlærar, men at det i vaksenopplæringa kan vere ein viss fleksibilitet i ordninga slik at kontaktlærar ikkje nødvendigvis blir tildelt dei same ressursane som kontaktlærarane i den ordinære grunnskolen i kommunen.

43.31.4 Departementets vurdering

Departementet ser at det er argument i høyringa for å innføre eit krav om kontaktlærar i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Samtidig går departementet ut frå at vaksne ikkje vil ha like stort behov for ein kontaktlærar som barn og unge. Ettersom verken utvalet eller departementet har foreslått krav om kontaktlærar for vaksne, er eit slikt tiltak ikkje greidd ut. Kva for nokre økonomiske og administrative konsekvensar eit slikt tiltak vil ha, vil avhenge av korleis det blir innretta nærare. Departementet har ikkje grunnlag til å fremje eit slikt forslag no, men vil vurdere om dette tiltaket bør greiast ut.

43.31.5 Departementets forslag

Departementet foreslår ikkje å innføre krav om kontaktlærar i opplæringa for vaksne.

43.32 Andre reglar som gjeld for opplæringa for vaksne

43.32.1 Dagens reglar

I dag er grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne regulert i opplæringslova kapittel 4A. I kapittel 4A er det vist til at enkelte reglar andre stader i lova gjeld, men dette er ikkje uttømmande. Det er dermed vanskeleg å få oversikt over kva reglar som gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Til dømes følgjer det av dagens § 4A-4 at enkelte av reglane i kapittel 13 gjeld for grunnopplæring for vaksne. Opplistinga er ikkje fullstendig, då det er fleire av reglane i kapittel 13 som gjeld for opplæring for vaksne. I tillegg gjeld dei fleste reglane i kapittel 14 og 15 sjølv om dette ikkje er eksplisitt regulert i kapittel 4A.

43.32.2 Høyringsforslaget

Departementet forslo i høyringa å vidareføre diverse fellesreglar, mellom anna om samarbeid og samordning og ansiktsdekkjande plagg. Departementet foreslo ein annan struktur for å få tydelegare fram kva reglar som gjeld kva type opplæring.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 45.

43.32.3 Høyrignsinstansanes syn

Dei få som har uttalt seg om dette, støttar forslaga. Sjå elles punkt 6 om strukturen i lova.

43.32.4 Departementets vurdering

I forslaget til ny opplæringslov er det valt ein struktur som gjer det klarare kva reglar som gjeld for ulike typar opplæring. Den første, sjuande og åttande delen gjeld generelt, og det følgjer av kvar enkelt paragraf om han gjeld for opplæring for vaksne. Eventuelle tillegg eller tilpassingar til reglane i desse delane kjem fram av femte del. Den femte delen gjeld for førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Den andre, tredje og fjerde delen gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for barn og unge. Reglane i desse delane gjeld ikkje for opplæring for vaksne med mindre det er fastsett i den femte delen at ein regel gjeld. Den sjette delen gjeld privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar. Denne delen gjeld ikkje for deltakarar i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Sjå elles punkt 6 om strukturen i lova.

43.32.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre diverse fellesreglar, mellom anna om samarbeid og samordning og ansiktsdekkjande plagg, sjå femte del.

Til forsida