62 Avgjerder på vegner av barnet når barnevernstenesta har overteke omsorga
62.1 Innledning
Dette punktet handlar om kven som kan ta avgjerder om opplæring mv. på vegner av barnet når barneverntenesta har overtatt omsorga.
62.2 Dagens reglar
Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernslova § 5-1, som tek til å gjelde 1. januar 2023, har ho retten til å ta avgjerder på vegner av barnet, jf. opplæringslova § 15-6 første ledd. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernslova § 4-3 og vedtak om plassering etter barnevernslova § 4-2. I dette punktet blir det for å gjere det enkelt vist berre til omsorgsovertaking.
Barnevernstenesta har mellom anna rett til å samtykkje til spesialundervisning, søkje om ein annan offentleg skole enn nærskolen og ta avgjerder om skyss eller innlosjering. Vidare er det barnevernstenesta som tek avgjerder og opptrer på vegner av eleven i alle typar skolesaker som er ein del av den daglege oppfølginga av eleven.
Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velja målform, jf. § 2-5, krevje fritak frå aktivitetar i opplæringa av omsyn til religionen eller livssynet til barnet, jf. § 2-3 a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2. Dette følgjer av opplæringslova § 15-6 andre ledd. Paragrafen har ikkje betydning for kva tilfelle og saker eleven sjølv kan ta avgjerder i. Paragrafen har heller ingen betydning for forholdet mellom barnevernstenesta og fosterforeldre eller barnevernsinstitusjon. Paragrafen har ikkje konsekvensar for kven som kan klage på enkeltvedtak etter opplæringslova.
62.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å vidareføre reglane om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker når barnevernet har overteke omsorga.
Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43.5.
62.4 Høyringsinstansanes syn
Det er berre Utdanningsforbundet som har uttalt seg om forslaget om å om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker når barnevernet har overteke omsorga. Utdanningsforbundet støttar departementets forslag.
62.5 Departementets vurdering
Departementet foreslår å vidareføre reglane om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker når barnevernet har overteke omsorga.
Det er viktig at det er klart kven som kan ta avgjerder på vegner av eit barn etter ei omsorgsovertaking, for at barnet skal kunne nyttiggjere seg rettane etter opplæringslova med forskrifter.
Departementet har vurdert om det er nødvendig med reglar om dette i opplæringslova, eller om dette er ei unødig dobbeltregulering av forhold som uansett følgjer av andre lover. Barnevernslova regulerer omsorgsovertaking, flytteforbod og dei andre vedtaka som opplæringslova § 15-6 viser til. Den overordna mynde- og ansvarsdelinga mellom barnevernstenesta og foreldra følgjer av barnevernslova. Barnevernslova regulerer derimot ikkje kven som kan ta dei ulike avgjerdene i skolesaker på vegner av barnet. Det er derfor slik departementet ser det, behov for eigne reglar om kven som kan ta ulike avgjerder i skolesaker.
Departementet meiner at reglane er meir tilgjengelege for dei tilsette i skolen dersom reglane er plasserte i opplæringslova enn i barnevernslova. Dessutan vil det vere lite tenleg å regulere alle avgjerder på ulike sektorområde i barnevernslova. Det er også reglar om kompetansen til barnevernstenesta til å samtykkje på vegner av barnet i pasient- og brukarrettslova.
62.6 Departementets forslag
Departementet foreslår å vidareføre regelen om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker når barnevernet har overteke omsorga, sjå forslaget til § 24-4.