Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

69 Merknader til lovforslaget

Første del – innleiande reglar

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa

Til § 1-1 Formålet med lova

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 7.2.

Paragrafen slår fast det primære formålet med lova, som er å bidra til god opplæring i eit godt miljø. Nemninga «miljø» omfattar både det psykososiale og det fysiske miljøet.

Til § 1-2 Verkeområde

Paragrafen er ein kombinasjon av ny og vidareført lovtekst og er omtalt i punkt 7.3.

Førsteledd erstattar dagens lov § 1-2 og fastset det generelle verkeområdet til lova. Det er også fastsett reglar om særskilt verkeområde for kapittel 7 og 12 i lova.

Med «grunnskoleopplæring» er det meint både offentleg grunnskoleopplæring, opplæring i private grunnskolar og grunnskoleopplæring i heimen. Uttrykket «vidaregåande opplæring» omfattar både opplæring i skole og læretid i bedrift og både offentleg og privat vidaregåande opplæring.

Lova gjeld også for «verksemd knytt til opplæringa», til dømes skolefritidsordninga, pedagogisk-psykologisk teneste og oppfølgingstenesta.

Første ledd må sjåast i samanheng med § 1-1, der personkrinsen er «barn, ungdom og vaksne». Dette omfattar også dei som berre tek eksamen eller fag- og sveineprøve, og dei som søkjer om godkjenning av ei opplæring, sjå kapittel 9 og 23 i lova.

Det geografiske verkeområdet til lova går ikkje direkte fram av lova. Det følgjer då av alminnelege prinsipp at lova gjeld i Noreg dersom anna ikkje er fastsett i særskilde reglar i lova eller i andre lover. Det betyr til dømes at norske borgarar som buset seg i utlandet, ikkje er omfatta av lova. Vidare er det fastsett i § 28-6 andre ledd at departementet kan godkjenne at fylkeskommunar driv vidaregåande opplæring i utlandet.

Andre ledd er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard. Krava til opplæring på Svalbard følgjer av forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen, gitt med heimel i Svalbardlova § 4. Forskrifta gjer ei rekkje reglar i dagens opplæringslov gjeldande for opplæringa i Longyearbyen, og ho må oppdaterast eller erstattast av ny forskrift når ny opplæringslov blir vedteken og tek til å gjelde.

Ved å ta inn ein heimel for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard i § 1-2 andre ledd, kan forskrifta heimlast i ny opplæringslov i staden for Svalbardlova.

Til § 1-3 Formålet med opplæringa

Paragrafen vidarefører dagens lov § 1-1 og er omtalt i punkt 8.

Paragrafen er utdjupa i overordna del av læreplanverket. Sjå elles NOU 2007: 6, Ot.prp. nr. 46 (2007–2008) og Innst. O. nr. 22 (2008–2009).

Til § 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa

Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 1-6, 2-3 tredje ledd og 3-4 første ledd med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2.

Førsteledd er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir derfor ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk.

Etter andreledd avgjer departementet kva læreplanar som skal fastsetjast, inkludert om dei skal vere gjennomgåande for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa eller ikkje, og om læreplanane skal gjelde for alle eller berre for særskilde grupper, til dømes for elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn. Forskriftsheimelen opnar også for at departementet kan fastsetje i forskrift at enkelte elevar kan få fritak for delar av opplæringa, til dømes kroppsøving.

Læreplanane i fag definerer strukturen, innhaldet og omfanget av faga og dannar fundamentet for planlegginga og gjennomføringa skolane og bedriftene gjer av opplæringa. Læreplanane skal sikre at skolane og bedriftene gir opplæring som fører til at elevane og dei som har læretid i bedrift, utviklar ein likeverdig sluttkompetanse. Dette skal støtte opp om fellesskolen og gi tillit til kompetansen og dokumentasjonen frå opplæringa.

Departementet avgjer innhaldet i læreplanane i fag, inkludert om opplæringa skal gjennomførast i skole eller i bedrift, innanfor rammene i lover og Noregs internasjonale forpliktingar. Noreg har mellom anna ratifisert ILO-konvensjon nr. 142, og det følgjer til dømes av §§ 3-1 og 6-1 at elevane skal ha opplæring i begge skriftspråka, bokmål og nynorsk.

Til § 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 6-4 med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2.

Etter første ledd skal forskrifter om læreplanar i fag gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.

Andre ledd første og andre punktum pålegg Sametinget å gi forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane og læreplanane for opplæring i samiske språk i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Heimelen til å gi forskrift om læreplanar i «særskilde samiske fag» gjeld berre for den vidaregåande opplæringa, og heimelen omfattar ikkje parallelle planar som er tilpassa dei ordinære, nasjonale planane.

Med «rammene» i andreleddtredjepunktum er det meint både omfangs- og ressursrammer. Avgrensinga inneber derfor at departementet bestemmer kva og kor store delar av læreplanane i fag som skal ha samisk innhald, og kor omfangsrik opplæringa i samiske språk og særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring skal vere. Rammene kan vidare fastsetjast gjennom den overordna delen av læreplanverket, retningslinjer for utforming av nasjonale og samiske læreplanar, dei fastsette kjerneelementa i faga og gjennom resten av styringsdialogen mellom Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Innanfor desse rammene fastset Sametinget forskrifter om innhaldet.

Tredjeleddførstepunktum pålegg departementet å gi forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i forvaltningsområdet for samisk språk og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.

Kravet om at Sametinget skal lage «utkast til forskrift» i tredjeleddandrepunktum skal sikre at Sametinget får innverknad på utforminga av dei særskilde læreplanane.

Til § 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur

Paragrafen vidarefører ei rekkje heimlar i dagens lov til å gi forskrift og er omtalte i punkt 11, sjå særleg punkt 11.4.5.

Førsteledd pålegg departementet å fastsetje ei fag- og timefordeling for grunnskolen. I tida som er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for grupper av elevar, til dømes elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar.

Andreleddførstepunktum inneber at inntil fem prosent av timane som er sette av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga for grunnskolen, kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Det er kommunen som avgjer om timane skal flyttast. Ei avgjerd om å flytte timar til andre fag vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Regelen inneber ikkje ei plikt for kommunen til omdisponering, eller ei avgrensing av omfanget av tverrfagleg opplæring. Det kan gjennomførast tverrfagleg opplæring i meir enn fem prosent av timane, men utover denne andelen må tidsbruken fordelast på andre fag i samsvar med kravet om minste timetal.

Tredjeledd omfattar den vidaregåande opplæringa og pålegg departementet å fastsetje kva utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse, for både opplæring i skole og læretid i bedrift (tilbodsstrukturen for den vidaregåande opplæringa).

Fjerdeledd omfattar fag- og timefordelinga i den vidaregåande opplæringa og skal ikkje forståast slik at departementet må fastsetje eit minstetimetal eller korleis timane skal fordelast mellom fag og trinn. I tida som eventuelt er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar. Elevane skal uansett få opplæring i tråd med måla og prinsippa som er fastsett med heimel i §§ 1-4 og 1-5, men mindre det er gjort unntak i vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 andre ledd andre punktum.

Femteledd omfattar dei som har læretid i bedrift.

Sjetteledd inneber at både kommunar og fylkeskommunar kan påleggje elevane fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett etter første og fjerde ledd. Timane skal brukast til opplæring i tråd med læreplanen. Kommunen og fylkeskommunen må ta omsyn til retten elevane har til kvile og fritid når dei vurderer kor mange undervisningstimar dei eventuelt skal fastsetje, jf. barnekonvensjonen § 31. Ei avgjerd om å påleggje fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.

Etter sjuandeledd kan departementet velje å gi forskrift som pålegg elevar i grunnskolen å delta i aktivitetar som ikkje er opplæring i fag, til dømes fysisk aktivitet. Aktivitetane vil vere ein del av den lovfesta retten og plikta til grunnskoleopplæring etter §§ 2-1 og 2-2.

Til § 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Paragrafen vidarefører delar av innhaldet i dagens § 2-3 tredje ledd og § 3-4 første ledd og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2.

Paragrafen vidarefører ein heimel til å gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Formålet med ei slik forskrift vil vere å fastsetje eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring med tilvising til nivåa i Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) slik dette framstår i rekommandasjonen frå Europaparlamentet og Det europeiske råd av 23. april 2008, som er tatt inn i EØS-avtalens protokoll 31. Forskrift om dette var tidlegare heimla i reglane om at departementet kunne gi forskrift om mål for opplæringa.

Andre del – grunnskoleopplæring

Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Til § 2-1 Rett til grunnskoleopplæring

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.2.

Retten etter førsteledd gjeld uavhengig av statsborgarskap og uavhengig av om barnet eller foreldra har lovleg opphald i Noreg. Retten varer til eleven har avslutta det 10. trinnet. Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, jf. § 28-1.

Fråvær som elevane eller foreldra er skuld i, avkortar retten til grunnskoleopplæring tilsvarande. Det same gjeld anna kortare fråvær, til dømes ved permisjon og sjukefråvær. I samband med meir langvarig sjukdom kan kommunane likevel vere forplikta til å gi opplæring ein annan stad enn på skolen, til dømes i heimen til eleven.

Ein kommune kan la ein elev få ekstra grunnskoleopplæring dersom det i det enkelte tilfelle verkar tenleg. Kommunen må tilby slik opplæring før eleven har fått utferda vitnemål frå grunnskolen, for at resultata frå den ekstra opplæringa skal kunne førast på grunnskolevitnemålet til eleven. Meir grunnskoleopplæring etter § 9-7 kan likevel gi anledning til å forbetre grunnskolevitnemålet.

Andreleddførste og andrepunktum presiserer at retten gjeld frå det tidspunktet det er «truleg» at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. For dei aller fleste barna som søkjer om opphaldsløyve, vil det vere klart frå første dag at barnet sannsynlegvis skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Opplæringa skal derfor givast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet har komme til Noreg.

Kravet om «så raskt som mogleg» inneber at kommunane ikkje skal utsetje opplæringa lenger enn nødvendig, sjølv om dei er innanfor fristen på éin månad. Kravet inneber også at kommunar som klarer å gi barn opplæring frå første dag etter at barna har komme til Noreg, skal gi eit tilbod frå dette tidspunktet. Ein kommune som veit eller går ut frå at det kjem nye barn i grunnskolealder til kommunen, må leggje til rette for at desse barna skal få starte på skolen med ein gong. At opplæringa skal starte så raskt som mogleg, betyr også at kommunane må starte opplæringa av barna sjølv om kommunane ikkje greier å gi eit fullverdig opplæringstilbod i tråd med opplæringslova med ein gong. Kommunane må då setje i gang med dei delane av opplæringa som dei har kapasitet til, til dømes opplæring i nokre utvalde fag. Kommunane må likevel gi eit fullverdig opplæringstilbod i tråd med lova seinast innan éin månad.

Kravet om at opplæringa skal komme i gang så raskt som mogleg, gjeld sjølv om barnet skal opphalde seg i den aktuelle kommunen i under éin månad. Fristen startar ikkje på nytt dersom eit barn flyttar mellom kommunar. Sjå elles merknaden til § 2-1 i Prop. 79 L (2016–2017).

Andreleddtredjepunktum fastlegg at eit barn som kjem til Noreg skal plasserast på det trinnet som passer med alderen.

Andre ledd fjerde punktum opnar for at barn i unntakstilfelle også kan plasserast på eit lågare trinn. I vurderinga er det mellom anna relevant å leggje vekt på kva slags opplæring barnet har fått før det kom til Noreg. Det skal også leggjast vekt på moglegheita barnet har til å oppnå sosial tilhøyrsel. Kommunane har inga plikt til å plassere barnet på eit lågare trinn. Dersom kommunane meiner at barnet bør plasserast på eit lågare trinn, bør foreldra og eleven blir involverte i avgjerda på ein god måte. For vurderingar av om eit barn skal plasserast på eit høgare trinn, gjeld § 2-2 tredje ledd om fritak for delar av opplæringa.

Til § 2-2 Plikt til grunnskoleopplæring

Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 2-11 og § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.3.

Første ledd første punktum slår fast at barn har plikt til grunnskoleopplæring.

Førsteledd andre punktum gir ei uttømmande skildring av korleis plikta til grunnskoleopplæring kan oppfyllast. Plikta kan oppfyllast ved ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova. Plikta kan også oppfyllast i form av privat grunnskoleopplæring i heimen utført av foreldre etter § 22-5. Dersom privatpersonar underviser barna til andre, krev dette godkjenning etter § 22-1.

Andreleddførste punktum seier at plikta til grunnskoleopplæring tek til å gjelde når barnet har vore i Noreg i tre månader.

Etter andre punktum stansar plikta til grunnskoleopplæring ved lengre utanlandsopphald, spesifisert til opphald utover tre månader. Opplæringsplikta fell bort ved avreisedatoen dersom foreldra melder frå til skolen eller kommunane om at barnet skal reise ut av landet, og at utanlandsopphaldet skal vare over tre månader. Opplæringsplikta fell alltid bort når utanlandsopphaldet har vart over tre månader, uavhengig av om foreldra har gitt melding på førehand. Det er lengda på utanlandsopphaldet som er avgjerande. Regelen gjeld uavhengig av årsaka til utanlandsopphaldet, til dømes om barnet er saman med foreldra sine eller ikkje, om barnet oppheld seg utanfor Noreg mot eigen vilje, eller om opphaldet kjem av behandling som følgje av sjukdom. Tremånadersregelen gjeld uavhengig av den fastsette skoleruta (skoledagar og feriedagar og andre fridagar). Sjå elles punkt 7.5 i Prop. 72 L (2015–2016).

Tredjeleddførste punktum opnar for at eit barn kan fritakast frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det. Fritaket kan gjelde heilt eller delvis, til dømes ved at ein elev får fritak frå delar av skoleveka eller frå eitt eller fleire av skoleåra. Det første dømet kan vere aktuelt der eleven er sjuk, eller der eleven av andre grunnar ikkje er i stand til å ha opplæring kvar dag eller heile skoledagar. Terskelen for fritak er høg og er først og fremst aktuelt der gjennomføringa av opplæringsplikta vil verke urimeleg overfor eleven fordi eleven er alvorleg sjuk eller har monaleg nedsett funksjonsevne og ikkje er i stand til å få opplæring i heimen eller på helseinstitusjon.

Omsynet til eleven kan også tilseie fritak slik at elevar med stort læringspotensial kan «hoppe over» trinn, det vil seie at eleven kan gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år. For vurdering av tidleg skolestart (det året barnet fyller fem år) gjeld § 2-4 andre ledd. Vidare kan det vere aktuelt å vurdere fritak frå opplæringsplikta når det er klart at eit barn skal opphalde seg i Noreg kort tid utover tre månader, slik at opplæringsperioda blir kort.

Fritak frå opplæringsplikta føreset søknad frå foreldra, eventuelt at dei samtykkjer. Skolen skal informere eleven og foreldra om konsekvensane ved fritak.

Same kva som er årsaka til at det er aktuelt å vurdere om eleven skal fritakast frå opplæringsplikta, er det eit vilkår at omsynet til eleven tilseier det.

Det skal også liggje ei sakkunnig vurdering føre frå pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta). Det skal også vere mogleg for eleven å få seie si meining, sjå §§ 10-1 og 10-2.

Vurderinga av om vilkåra for fritak er til stades kan bli overprøvd. Den konkrete, skjønnsmessige vurderinga av om ein elev skal få fritak, er opp til kommunane og er eit forvaltningsskjønn som domstolen og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.

Tredje ledd andre punktum presiserer at fritak ikkje inneber at eleven mistar retten til opplæringa dei har fått fritak frå.

Fjerdeleddførste punktum opnar for permisjon frå grunnskoleopplæringa. Regelen set ikkje noka grense for kor lenge og kor ofte eleven kan få permisjon. Kravet om at kvar enkelt permisjon skal vere forsvarleg, vil likevel setje ei grense for kor mange og kor lange permisjonar kvar enkelt elev kan få. Kva som er forsvarleg, må vurderast individuelt og må gjerast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. I forsvarlegvurderinga kan det vere relevant å leggje vekt på om foreldra vil sørgje for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skolen etter permisjonen. Vurderinga av om ein elev skal få permisjon, er opp til kommunane og er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit forvaltningsskjønn som domstolen og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.

Ein permisjon avkortar retten for eleven til grunnskoleopplæring tilsvarande.

Fjerde ledd andre punktum slår fast at kommunane skal gi reglar for eigen permisjonspraksis i forskrift. Forskrifta skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.

Femteledd gjeld rett til permisjon frå grunnskoleopplæring for elevar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Retten til permisjon etter denne regelen er absolutt, og det skal ikkje vurderast om det er forsvarleg eller ikkje å gi permisjon. Elevane har rett til permisjon på alle heilagdagane innanfor det trussamfunnet dei tilhøyrer. Det er ikkje eit krav at eleven er medlem av eit anna trussamfunn. Det er nok at det ligg føre ei viss tilknyting til eit anna trussamfunn, til dømes at eleven ønskjer å feire heilagdagen saman med nær familie som er medlem av dette trussamfunnet. Feiring av nasjonale høgtidsdagar og liknande blir ikkje omfatta av denne regelen. Retten til permisjon føreset at foreldra sørgjer for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skolen etter permisjonen. Kva krav kommunane skal stille til opplæringa i permisjonstida, må vurderast ut frå kva som er nødvendig for den enkelte eleven.

Ein permisjon avkortar retten til grunnskoleopplæring tilsvarande.

Til § 2-3 Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-3 og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 og 11.5.3.

Det følgjer av førsteledd at opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med og måla og prinsippa for opplæringa og fag- og timefordelinga. Det er vist til forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa og forskrift om læreplanar i fag for å gjere tydeleg at det i all hovudsak er desse forskriftene som regulerer innhaldet i opplæringa. Det er også vist til forskrift om fag- og timefordelinga som regulerer omfanget av opplæringa. Elevar som byter skole, skal følgje fag- og timefordelinga ved den nye skolen. At opplæringa skal vere i samsvar med fag- og timefordelinga inneber ikkje at elever som har hatt fråvær for opplæringa har ein rett til å ta igjen dei aktuelle timane. Forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga utgjer det som i dag blir kalla «Læreplanverket for Kunnskapsløftet».

Opplæringa skal vere eigna til å nå dei måla og prinsippa som forskriftene fastset. Vurderinga av om opplæringa er i samsvar med læreplanar i fag eller læreplanverket samla sett, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fleire av vurderingane må gjerast ut frå pedagogisk-fagleg kunnskap og erfaring.

Ei «individuell vurdering» etter andreleddførstepunktum kan omfatte både undervegsvurderingar og sluttvurderingar. Døme på sluttvurderingar kan vere standpunktkarakter og eksamen. Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuell vurdering og dokumentasjon, jf. § 28-1.

Det følgjer av andreleddandrepunktum at elevar på barnetrinnet skal få individuell vurdering utan talkarakterar. Elevane på barnetrinnet har likevel rett til å få vite kvar dei står ut frå kompetansemåla i faga.

Andreleddtredje punktum slår fast at departementet skal fastsetje forskrift om kva for nokre individuelle vurderingar og kva slags dokumentasjon av opplæringa elevane har rett til etter andre ledd første punktum. Det følgjer likevel av andre ledd andre punktum at departementet ikkje kan fastsetje i forskrift at elevar på barnetrinnet skal ha vurdering med karakter. Eit døme på dokumentasjon er vitnemål, men regelen opnar også for at departementet fastset andre former for dokumentasjon.

Det er opna for at departementet fastset forskrift om både karakterar og andre vurderingsformer, inkludert forskrift om når det ikkje er grunnlag for å gi vurdering med karakter. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå vurdering med karakter på 8. til 10. trinn.

Departementet skal også fastsetje forskrift om klage på vurdering. Departementet kan gi forskrift om kven som er klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering, sjå § 29-1 tredje ledd.

Departementet kan etter andreleddfjerde punktum gi forskrift om tap av retten til individuell vurdering med karakter når det ikkje er grunnlag for å gi slik vurdering.

Til § 2-4 Utsett og tidleg skolestart

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.6.

Førsteledd regulerer utsett skolestart. Regelen opnar ikkje for at skolestarten kan utsetjast med meir enn eitt år. Dersom skolestarten skal utsetjast ytterlegare, må eleven fritakast frå opplæringsplikta etter § 2-2 tredje ledd.

Andreledd regulerer tidleg skolestart. Tidlegare skolestart er først og fremst aktuelt der det er klart at barnet har faglege og sosiale føresetnader for å byrje på skolen, og at det vil hindre utviklinga til barnet å vente med å byrje på skolen til barnet er seks år.

Tidleg skolestart kan innvilgast same når på året barnet er fødd. Det er likevel slik at det i praksis vil vere mest aktuelt med tidleg skolestart for barn fødde tidleg på året gitt at ein viktig del av vurderingstemaet er kor modent barnet er fagleg og sosialt. Gjennomgåande vil det vere slik at desto seinare på året barnet er fødd, desto mindre sannsynleg er det at det vil vere til det beste for barnet å starte tidlegare på skolen.

Utsett og tidleg skolestart føreset søknad frå foreldra, eventuelt at dei samtykkjer dersom kommunen tek initiativ til slike vedtak.

Til § 2-5 Gratis grunnskoleopplæring

Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-15 og er omtalt i punkt 9.

Førstepunktum inneber at kommunen må sørgje for at grunnskoleopplæringa er gratis – det såkalla gratisprinsippet. Paragrafen gjeld offentleg grunnskoleopplæring.

Andre punktum presiserer at kommunane ikkje kan krevje at verken elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med denne opplæringa. Det er ikkje fastsett nokon avgrensingar, noko som betyr at alle delar av grunnskoleopplæringa skal vere gratis, til dømes aktivitetar som finn stad etter vanleg skoletid, når desse aktivitetane er ein del av opplæringa.

Døma som blir ramsa opp i andrepunktum, er ikkje uttømmande. Med «undervisningsmateriell» meiner ein mellom anna lærebøker og andre læremiddel, til dømes ordlister, skrive- og teiknesaker, linjal, passar, kalkulator, nettbrett og PC. Med «transport i skoletida» blir det til dømes sikta til transport mellom skolen og symjehallen eller mellom skolen og biblioteket. Vidare blir det nemnt leirskoleopphald, der kommunane må dekkje alle utgifter, til dømes til transport og opphald. Tilsvarande gjeld ved andre turar med overnatting, også der skolen tek elevane med til utlandet. Til slutt blir ekskursjonar og andre turar nemnde som døme. Også her må kommunane dekkje alle utgifter, til dømes til togtransport, billettar til ei teaterframsyning eller heiskort i samband med ein skitur.

Paragrafen er ikkje til hinder for at kommunen, inkludert skolen, tek imot gåver. Det er ein føresetnad at eventuelle gåver er reelt frivillige og anonymiserte, og elevane skal kunne delta på aktiviteten uavhengig av om dei eller foreldra har gitt ei gåve eller ikkje. Sjå elles kapittel 2.4.2 i Ot.prp. nr. 94 (2001–2002) og kapittel 2.3 i Innst. O. nr. 43 (2002–2003).

Paragrafen omfattar ikkje aktivitetar som foreldra arrangerer når elevane har fri. Dette er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa.

Skyss frå heimen til eleven og til skolen blir ikkje omfatta av paragrafen, sjå § 4-1 og følgjande paragrafar. Den gjeld heller ikkje for leksehjelpa og skolefritidsordninga, sjå §§ 4-4 og 4-5.

Paragrafen er ikkje til hinder for at elevar og foreldre kan bli erstatningsansvarlege etter skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2.

Til § 2-6 Kva grunnskole eleven skal gå på

Paragrafen vidarefører delar av § 8-1 og er omtalt i punkt 12.

Det følgjer av førsteledd første punktum at elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. I ordet «nærmiljø» ligg ikkje berre avstand, men også tilknyting. Regelen inneber at barn som bur i det same området, skal få gå saman på skolen, og at denne skolen skal vere ein skole i det som er det naturlege nærmiljøet til barna.

Førsteleddandrepunktum vidarefører at kommunane kan gi forskrift om skolekrinsar. Fastsetjinga av forskrifta må skje innanfor rammene av retten elevane har til å gå på ein skole i nærmiljøet etter første punktum og kriteria i tredje og fjerde punktum. Kommunane kan til dømes bestemme at alle i ei gate eller i eit bustadfelt skal høyre til same skolekrins. Etter kommunelova § 17-1 kan to eller fleire kommunar avtale interkommunalt samarbeid. Det inneber at kommunar kan fastsetje forskrifter om felles skolekrins mellom to eller fleire nabokommunar. Kravet i forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c om at forskrifter skal kunngjerast i Norsk Lovtidend gjeld.

Tredje og fjerdepunktum fastset kva kommunane skal og kan leggje vekt på når dei fordeler skoleplassane. Kommunen kan tildele skoleplass anten ved fastsetjing av forskrift om skolekrinsar, eller ved enkeltvedtak om kva skole eleven skal gå på. Dei kommunane som ikkje har forskrift, må derfor gjere enkeltvedtak om kva skole eleven skal gå på. Krava gjeld uavhengig av om tildelinga av skoleplass skjer gjennom ei forskrift om skolekrinsar eller ved enkeltvedtak om skoleplass for kvar enkelt elev. Kommunane skal fordele elevane mellom dei tilgjengelege skolane med utgangspunkt i den fysiske avstanden mellom bustadadressa til barnet og skolen. Kommunane kan også leggje vekt på dei andre forholda som er nemnde. Korleis heimane er fordelte på nabolag eller ut frå naturlege forhold som elvar og fjell, kan tilseie at den skolen som reint faktisk ligg nærast heimen, ikkje alltid vil vere den skolen eleven har rett til å gå på. Tryggleiken til barna på skolevegen kan også vere avgjerande ved vurderinga av korleis elevane skal fordelast på dei ulike skolane, og følgjeleg kva skole ein elev har rett til å gå på. I tillegg kan kapasiteten på skolane kunne få vekt i den totale vurderinga. Formuleringa «nabolag» er meint å dekkje hus eller gardar som ligg meir eller mindre samla. Det er ei mindre eining enn ein skolekrins.

Omsynet til søsken eller andre individuelle forhold kan takast med i vurderinga av kva skole ein elev har rett til å gå på. Sosial utjamning kan også takast omsyn til ved fastsetjing av skolekrins, så framt dei andre momenta i paragrafen også blir varetatt.

Kommunane kan i ei eventuell forskrift om skolekrinsar opne for unntak frå skolekrinsane dersom skolen i krinsen ikkje har ledig kapasitet. Unntaksmoglegheita tek høgd for at det kan komme eit uventa høgt tal elevar flyttande til eit område, og at det kan føre til at ein skole ikkje har kapasitet til å ta imot alle elevane som soknar til skolen etter den kommunale forskrifta om skolekrinsar. Dersom ein skole ikkje har plass til ein elev fordi skolen er full, skal kommunen gjere enkeltvedtak om kva skole eleven tilhøyrer. Foreldra har rett til å uttale seg før kommunen gjer vedtak, og kan i samband med dette komme med eit ønske om kva skole barnet skal få plass på. Dersom tildeling av skoleplassar skjer gjennom enkeltvedtak om skoleplass for kvar enkelt elev, kan kommunen leggje vekt på kapasiteten til skolane når kommunen gjer vedtaket.

Fylkeskommunen har i visse tilfelle plikt til å tilby undervisning i institusjon, jf. §§ 28-3 til 28-5. Nærskoleprinsippet er ikkje til hinder for dette.

Andre ledd vidarefører regelen om at kommunane kan innvilge plass for ein elev på ein annan skole enn den eleven soknar til, dersom foreldra søkjer om det. Dersom kommunane har ei forskrift om skolekrinsar, bør kommunane fastsetje kriteria for å plasserast på ein annan skole i forskrifta. Ein vanleg situasjon er at foreldra flyttar internt i kommunen og ønskjer at eleven skal kunne halde fram på den skolen eleven gjekk på før flyttinga.

Vedtak om å innvilge eleven plass på ein annan skole enn den eleven soknar til, kan ikkje setje til side retten andre elevar har til å gå på ein skole i nærmiljøet. Avgjerda til kommunen om plass på ein skole utanfor skolekrinsen etter den kommunale forskrifta er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Kommunane må behandle desse søknadene etter dei alminnelege forvaltningsrettslege reglane, som mellom anna vernar mot usakleg forskjellsbehandling. Kommunen kan stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved eventuell innvilging av søknaden. Det er ikkje mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring.

Til § 2-7 Straffansvar for brot på opplæringsplikta

Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-1 femte ledd og er omtalt i punkt 9.

Kva dagar eleven er forplikta til å møte på skolen, fastset kommunane i forskrift, jf. § 14-1 andre ledd. Foreldra kan ikkje straffast for fråvær frå skolen som er lovleg, til dømes når eleven har fått permisjon etter § 2-2 fjerde eller femte ledd.

Paragrafen omfattar både dei tilfella der foreldra aktivt held barna borte frå opplæringa, og der fråværet kjem av at foreldra er passive. Foreldra kan likevel ikkje straffast dersom årsaka til fråværet ikkje kjem av manglande aktivitet frå foreldra, men andre utanforliggjande forhold, til dømes sjukdom. Dersom det er tale om langvarig eller hyppig sjukdomsfråvær, kan kommunane påleggje foreldra å dokumentere fråværsårsaka. Foreldra kan heller ikkje straffast dersom foreldra har vore uvitande om fråværet og dette ikkje kan reknast som aktlaust.

Likestilt med foreldra er «andre som har dagleg omsorg for eit barn». Andre som har den daglege omsorga, kan til dømes vere fosterforeldre. Dersom foreldra til eleven ikkje bur saman, er det den av foreldra som har den daglege omsorga dei aktuelle skoledagane, som regelen først og fremst rettar seg mot.

Sjå elles Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 7.1.1.

Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa

Til § 3-1 Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-5 og er omtalt i punkt 17.

Førsteleddførstepunktum fastset at elevar i grunnskolen skal ha opplæring i både bokmål og nynorsk. Departementet fastset reglar i forskrift om omfanget av og innhaldet i opplæringa og på kva trinn opplæringa skal givast, jf. §§ 1-4 og 1-6. Departementet fastset også reglar i forskrift om individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa, jf. § 2-3 andre ledd.

Forskriftsheimelen i førsteleddandrepunktum opnar for at departementet kan fastsetje i forskrift at elevar som får opplæring i eller på samisk, i kvensk eller finsk, i og på norsk teiknspråk eller får særskild opplæring kan fritakast frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka.

Etter andreleddførste punktum skal elevane bruke det vedtekne hovudmålet frå 1. til og med 7. trinn. Kva hovudmål den enkelte skolen har, er fastsett i forskrift, jf. § 15-2 første ledd. Elevane skal bruke dette språket i det skriftlege arbeidet. Elevane vel sjølve hovudmål frå 8. trinn.

Det følgjer av andrepunktum at det er foreldra til den enkelte eleven som vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk, frå 1. til og med 7. trinn. Tredje punktum slår fast at eleven vel sjølv frå 8. trinn, og vidarefører retten til å velje læremiddel på ønskt skriftspråk, som tidlegare har følgt av forskrift til opplæringslova § 17-1.

Kva læremiddel som er omfatta av valfridommen, er regulert i § 15-3 første og tredje ledd, men likevel slik at elevane også kan velje om læremidla i norsk skal vere på bokmål eller nynorsk.

Tredjeleddførste punktum regulerer retten til å få opplæringa i ei særskild skriftspråkgruppe for elevar som ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn kommunen har vedteke. Retten er utvida til også å gjelde elevar på 8. til 10. trinn. Det er eit vilkår for ein slik rett at minst ti elevar på same trinn i kommunen ønskjer opplæring på eit anna skriftspråk enn det kommunen har gitt forskrift om etter § 15-2 første ledd første punktum.

Retten til opplæring i «særskild gruppe» betyr at desse elevane er i ein klasse der alle elevane har det same skriftspråket. Den særskilde inndelinga i klasse er eit unntak frå § 14-2. Formålet med retten er å gi elevar med eit anna skriftspråk enn fleirtalet opplæring i sitt eige skriftspråk. Regelen er ikkje til hinder for at elevane kan få mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe, til dømes i enkeltfag eller ved ulike fellesarrangement ved skolen, så framt dette ikkje bryt med formålet med regelen.

Både den skriftlege opplæringa, elevane sine eigne skriftlege arbeid og den skriftlege kommunikasjonen med lærarane skal vere på hovudmålet til elevane i den særskilde gruppa. Dette gjeld også der elevane får mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til å få opplæring i ei særskilt skriftspråkgruppe. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

Det følgjer av andrepunktum at opplæringa skal givast på den aktuelle skolen, jf. § 2-6, dersom det er minst ti elevar på same trinn og same skole som ønskjer opplæring i det andre skriftspråket. I tilfelle der elevane i kommunen som ønskjer slik opplæring, er spreidde på fleire skolar, følgjer det av tredjepunktum at kommunen avgjer kva skole dei skal få opplæringa på. Denne avgjerda byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. I tilfelle der nokre av elevane sluttar med opplæring i særskild gruppe, vil retten gjelde så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa, jf. siste punktum.

Fjerdeledd gjeld elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn dei har hatt på 1. til 4. trinn. Desse elevane har rett til skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild språkgruppe. Det er eit vilkår for retten at eleven har hatt eit anna skriftspråk dei fire første åra i grunnskolen. Retten gjeld til dømes der kommunen har skolar for 1. til 4. trinn, og når elevane på ein slik skole blir overførte til ein skole som har eit anna hovudmål. Både norskopplæringa, dei skriftlege arbeida til elevane og den skriftlege kommunikasjonen med skolen skal vere på det hovudmålet elevane hadde på den skolen dei vart overførte frå.

Regelen gjeld ikkje ved byte av skole som følgje av at eleven flyttar til ein annan stad.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til å få skriftleg opplæring på det skriftspråket dei hadde som hovudmål, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild språkgruppe. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

Til § 3-2 Opplæring i og på samisk i grunnskolen

Paragrafen erstattar dagens lov §§ 6-1 og 6-2 og er omtalt i punkt 30.

Paragrafen har ei grenseflate til § 1-5 andre og tredje ledd om at Sametinget skal gi forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk og om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa.

Førsteledd gjeld opplæring i samisk som første- eller andrespråk for samiske elevar. Samiske elevar har rett til opplæring i eitt av dei samiske språka som er lista i første punktum. Frå 1. til 7. trinn er det foreldra som avgjer kva for eit av dei samiske språka eleven skal ha opplæring i. Frå 8. trinn avgjer eleven dette sjølv, jf. fjerde ledd. Leddet gjeld samiske elevar. Med samar meinast her dei som kan skrivast inn i Sametingets valmanntal jf. samelova § 2-6 første ledd, og barna deira. At ein «kan» skrivast inn i valmanntalet, betyr at det ikkje er eit krav at verken eleven eller foreldra faktisk er registrerte i Sametingets valmanntal. Det er nok at eleven tilfredsstiller kravet til å kunne bli registrert, eller at foreldra kan registrerast.

Andreledd regulerer opplæring i og på samisk i forvaltningsområdet for samisk språk. Med opplæring i samisk er det meint opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Med opplæring samisk er det meint opplæring på samisk i andre fag. Kva kommunar som blir omfatta av forvaltningsområdet for samisk språk, er per i dag fastsett i forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk, jf. samelova § 3 nr. 1. Førstepunktum slår fast at alle elevar i forvaltningsområdet for samisk språk har rett til opplæring i og på samisk. Plikta kommunen har til å tilby opplæring på samisk, gjeld for eitt av dei samiske språka, og det vil vere naturleg at opplæringa på samisk skjer på det samiske språket som tradisjonelt har vorte brukt i området. Andrepunktum slår fast at kommunar i forvaltningsområdet kan gi forskrift om at alle elevar i grunnskolen skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur. Det er ikkje tilgang til å påleggje opplæring i samisk som første- eller andrespråk, heller ikkje overfor samiske elevar. Frå 1. til 7. trinn er det foreldre som avgjer kva for eit av dei samiske språka eleven skal ha opplæring i og på. Frå 8. trinn avgjer eleven dette sjølv, jf. fjerde ledd.

Tredjeledd omfattar alle elevar utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, ikkje berre samiske elevar. Desse har etter førstepunktum rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen krev det. I tilfelle der nokre av elevane sluttar med slik opplæring, vil retten gjelde så lenge det er minst seks elevar igjen som framleis ønskjer opplæring i og på samisk, jf. andre punktum. Det er ikkje eit vilkår at elevane som krev opplæring i og på samisk, går på den same skolen eller på det same trinnet. Retten til opplæring i og på samisk gjeld eitt av språka nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk, sjå også første ledd.

Fram til åttande trinn er det foreldra til eleven som kan krevje opplæring i og på samisk. Frå og med åttande trinn er det eleven sjølv som tek avgjerda, jf. fjerde ledd. Dette gjeld ikkje for opplæringa i grunnleggjande samisk, som kommunane kan påleggje etter andre ledd andre punktum. Avgjerd om at ein elev skal ha opplæring i eller i og på samisk etter første til tredje ledd er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Enkeltvedtak om opplæring i eller i og på samisk kan påklagast. Reglane i § 29-1 gjeld for kven som er klageinstans. Elles gjeld reglane i forvaltningslova kapittel VI. Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølve klage på enkeltvedtak om opplæring i eller i og på samisk.

Femteledd gir kommunar både i og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk rett til å velje kva skole i kommunen opplæringa på samisk skal givast på. Regelen opnar for at opplæringa på samisk leggjast til ein annan skole enn nærskolen til eleven. Regelen gjeld ikkje for dei elevane som berre får opplæring i samisk.

Etter sjetteledd skal kommunen tilby ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Regelen tek i hovudsak sikte på tilfelle der opplæringa i samisk blir gitt som fjernundervisning, sjå § 14-4. Kommunane må gjere ei konkret vurdering av om opplæring i eit samiskspråkleg miljø er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Her må kommunen ta omsyn til at elevar har rettar og skoleeigar har plikter etter andre paragrafar i denne lova, jf. til dømes lovforslaget kapittel 11 som mellom anna gir rett til intensiv opplæring, og kapittel 12, som gir reglar om skolemiljøet. Det er det totale opplæringstilbodet til eleven som er avgjerande.

Tolkinga av «nødvendig» skal ikkje knytast til ytre rammer som til dømes kor mange andre som snakkar det samiske språket i området, økonomi og ressursar. Vurderinga skal vere knytt til om opplæringa i eit samiskspråkleg miljø er nødvendig for at elevar som får opplæringa i form av fjernundervisning, skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Kor store delar av opplæringa i samisk det eventuelt er nødvendig å gi i eit samiskspråkleg miljø, må komme an på ei konkret vurdering av om den opplæringa eleven får, gir eleven eit grunnlag for å nå kompetansemåla i læreplanen eller ikkje. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Eit «samiskspråkleg miljø» er ei fellesnemning på aktivitetar som språksamlingar, språkbad, hospitering, studiebesøk og utveksling. Kommunar kan konkret vurdere kva aktivitetar som lokalt blir omfatta av eit samiskspråkleg miljø.

Opplæringa kan givast i form av fjernundervisning, sjå § 14-4. Dette kan vere aktuelt i dei tilfella der det er krevjande å rekruttere kvalifiserte lærarar. Dagens moglegheit til å gi delar av opplæringa i samisk gjennom andre alternative opplæringsformer, som intensivopplæring og særlege leirskoleopphald, vil vere dekt av andre reglar i lova, mellom anna gjennom forslaget til § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til opplæring i og på samisk etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

Til § 3-3 Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 2-7 og er omtalt i punkt 31.

Det følgjer av første punktum at alle elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark kan krevje opplæring i kvensk eller finsk. Regelen stiller ikkje lenger krav om at det må vere andre elevar ved skolen som ønskjer opplæring i kvensk eller finsk, slik tidlegare regulering gjorde.

Fram til åttande trinn er det foreldra til eleven som kan krevje opplæring i kvensk eller finsk. Frå og med åttande trinn er det eleven sjølv som tek avgjerda, jf. andre punktum. Avgjerd om at ein elev skal ha opplæring i kvensk er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Enkeltvedtak om opplæring i kvensk kan påklagast. Reglane i § 29-1 gjeld for kven som er klageinstans. Elles gjeld reglane i forvaltningslova kapittel VI. Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølve klage på enkeltvedtak om opplæring i kvensk eller finsk.

Heimel for departementet til å gi forskrift om læreplan for fag og tid til opplæring, inkludert i kvensk og finsk, er gitt i §§ 1-4 og 1-6.

Opplæringa kan også givast i form av fjernundervisning, sjå § 14-4. Dette kan vere aktuelt i dei tilfella der det er krevjande å rekruttere kvalifiserte lærarar. Dagens moglegheit til å gi delar av opplæringa i kvensk eller finsk gjennom andre alternative opplæringsformer, som intensivopplæring og særlege leirskoleopphald, vil vere dekt av andre paragrafar i lova, mellom anna gjennom forslaget til § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til opplæring i kvensk etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

Til § 3-4 Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen

Paragrafen erstattar dagens lov § 2-6 og er omtalt i punkt 29.

Førsteleddførstepunktum slår fast at det berre er elevar som har ei høyrselshemming, som har rett til opplæring i eller i og på norsk teiknspråk etter paragrafen. At elevar har rett til opplæring både i og på teiknspråk, inneber ikkje at eleven pliktar å bruke begge rettane. Eleven kan velje mellom å få opplæring i faget norsk teiknspråk eller å nytte seg av begge rettane og få opplæring både i og på norsk teiknspråk.

Kva som er ei høyrselshemming, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Det blir ikkje stilt krav til graden av høyrselshemming, og i vurderinga bør det leggjast stor vekt på om foreldra eller eleven meiner at eleven er høyrselshemma. Det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2 første ledd.

Det kan likevel vere nødvendig å innhente ei sakkunnig vurdering for å leggje til rette og organisere undervisninga best mogleg i kraft av utgreiingsplikta til kommunen, jf. forvaltningslova § 17 første ledd første punktum.

Det finst grupper med høyrande elevar med kommunikasjons- eller språkutfordringar som kan ha behov for opplæring i og på teiknspråk. Eit døme er elevar med autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet. Elevar med kommunikasjons- og språkutfordringar som ikkje er høyrselshemma, kan ha rett til opplæring i og på teiknspråk eller alternativ og supplerande kommunikasjon med grunnlag i reglane om tilpassa opplæring og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), jf. §§ 11-1 og 11-12.

Førsteleddandrepunktum slår fast at det i utgangspunktet er foreldra til elevane som vel om elevane skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Første ledd tredje punktum slår fast at det frå og med 8. trinn er eleven sjølv som tek avgjerda. Avgjerd om at ein elev skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Enkeltvedtaket kan påklagast etter reglane i § 29-1 og reglane i forvaltningslova kapittel VI. Elevar på 8. til 10. trinn kan sjølve klage på enkeltvedtak om opplæring i og på norsk teiknspråk.

Andreledd opnar for at kommunane kan leggje opplæringa i og på norsk teiknspråk til ein annan skole enn den eleven går på til vanleg. Unntaket frå nærskoleprinsippet er meint å gagne elevane og gjere det mogleg for dei å vere del av større teiknspråkmiljø. Sjølv om kommunen har teiknspråklærarar på ein annan skole, har kommunen inga plikt til å flytte læraren der elevane er. Dersom ein elev får opplæring i norsk teiknspråk på ein annan skole, skal eleven få resten av opplæringa på den skolen eleven går på, etter § 2-6. Departementet viser elles til omtalen i punkt 29.5.4.

Deler av opplæringa i og på norsk teiknspråk kan også givast i form av fjernundervisning etter reglane i § 14-4.

Etter tredje ledd skal kommunen tilby ein del av opplæringa i teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Regelen siktar til dei tilfella der kommunen har vedteke å tilby ein del av opplæringa i eller på teiknspråk gjennom fjernundervisning. Kommunen må gjere ei konkret vurdering av om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Elevar har rettar og skoleeigar har også plikter etter andre regler i denne lova som kan komme til bruk, jf. til dømes kapittel 11 som mellom anna gir rett til intensiv opplæring, og kapittel 12, som gir reglar om skolemiljøet. Det er det totale opplæringstilbodet til eleven som er avgjerande.

Tolkinga av omgrepet «nødvendig» skal ikkje knytast til ytre rammer som til dømes økonomi og ressursar. Vurderinga skal vere knytt til om opplæring i eit teiknspråkleg miljø er nødvendig for at elevar som får opplæringa i form av fjernundervisning, skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Kor store delar av opplæringa i norsk teiknspråk det eventuelt er nødvendig å gi i eit teiknspråkleg miljø, må komme an på ei konkret vurdering av om den opplæringa eleven får, gir eleven eit grunnlag for å nå kompetansemåla i læreplanen eller ikkje. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Døme på «teiknspråkleg miljø» kan vere språksamlingar der både lærarane og elevane snakkar norsk teiknspråk utanom teiknspråktimane. Det blir også vist til § 3-2 sjette ledd som gir tilsvarande regulering for opplæring i samisk i grunnskolen.

Til § 3-5 Opplæring i punktskrift i grunnskolen

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-14 og er omtalt i punkt 32.

Vilkåret for å få rett til opplæring i punktskrift er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven er blind eller sterkt svaksynt, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Om eleven har behov for opplæring i punktskrift, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Moment kan vere synsgrad, prognose for endring i synsgrad, kva som vil vere mest funksjonelt for lesinga og skrivinga til eleven, og totalbelastninga i situasjonen til eleven. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. § 10-1 og § 10-2.

Opplæringa skal vere «nødvendig». I dette ligg at elevar skal få tilstrekkeleg opplæring til at elevar kan nyttiggjere seg punktskrift og kommunisere godt. Vurderinga av kva som er nødvendig opplæring, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Elevar med vedtak etter § 3-5 kan samtidig ha rett til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet etter § 11-5 eller ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet) etter vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6.

Til § 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-8 og er omtalt i punkt 28.

Førsteleddførste punktum slår fast at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje meistrar norsk godt nok til å følgje opplæringa i skolen, har rett til særskild språkopplæring. Særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen skal alltid omfatte forsterka opplæring i norsk, jf. første ledd andre punktum. Forsterka opplæring i norsk inneber ei tilrettelagd norskopplæring med eit andrespråksperspektiv. Den forsterka opplæringa i norsk kan gå føre seg i eiga gruppe eller som tilpassing innanfor det ordinære norskfaget. Forsterka opplæring i norsk kan givast anten etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller i form av tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk.

Målet med regelen om særskild språkopplæring er å lære eleven så raskt som mogleg å bruke norsk som reiskapsspråk. Når eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, opphøyrar rettane etter regelen.

Dersom det trengst, vil elevar i tillegg ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode, jf. første ledd andre punktum. Endringa av vilkåret til «om det trengst», fra «om nødvendig» i dagens lov, er berre språkleg. Morsmålsopplæringa og den tospråklege opplæringa i fag kjem i tillegg til forsterka opplæring i norsk. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til eleven, medan tospråkleg opplæring i fag er opplæring i fag på norsk og morsmålet til eleven eller eit anna språk eleven kan.

Kva som er å kunne norsk «godt nok», og om det «trengst» morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, vil vere skjønnsmessige vurderingar som i stor grad må basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Særleg vil elevar med kort butid i Noreg og andre minoritetselevar med så svake ferdigheiter i norsk at dei ikkje kan følgje den ordinære opplæringa, ofte ha behov for morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode. Vurderingane er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut.

Det følgjer av forvaltningslova § 17 første ledd at kommunen må greie ut saka og gjere dei nødvendige vurderingane før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. I lys av dette er den særskilde plikta til å kartleggje ferdigheitene til elevane i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, ikkje foreslått vidareført.

Retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag varer fram til kommunen, på bakgrunn av ei fagleg-pedagogisk vurdering, reknar eleven for å ikkje lenger trenge slik opplæring. Eventuell vidare opplæring i morsmålet, etter at elevane er i stand til å følgje opplæringa på skolen, er det foreldra som har ansvaret for.

For høyrselshemma elevar som har eit utanlandsk teiknspråk som morsmål, til dømes engelsk teiknspråk, vil retten til særskild språkopplæring innebere at dei har rett til opplæring i norsk teiknspråk til dei kan norsk teiknspråk godt nok. Dette føreset at dei nyttar seg av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk.

Dersom det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan undervise i morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, kan opplæringa givast på annan måte innanfor dei rammene som er gitt i lova. Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag kan gjennomførast som fjernundervisning på visse vilkår, jf. § 14-4. Opplæringa kan også givast som intensiv opplæring, jf. § 11-3. Elevane kan organiserast i grupper innanfor rammene av § 14-2. Elevane kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-6. Elles skal opplæringa tilpassast evnene og føresetnadene til elevane, jf. § 11-1.

Andreledd fastset at kommunen jamleg skal vurdere om elevar som får særskild språkopplæring, har opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Vurderinga skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den vanlege opplæringa når ferdigheitene tilseier det. Kor lang tid det skal gå mellom kvar vurdering, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Tredjeledd fastset at morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven går på. Forsterka opplæring i norsk og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen eleven går på.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til særskilt språkopplæring etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

Til § 3-7 Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg

Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-8 femte ledd og er omtalt i punkt 28.

Førsteleddførste punktum gjer det klart at kommunane kan organisere opplæringa for minoritetsspråklege elevar som har budd kort tid i Noreg, og som har fått vedtak om særskild språkopplæring i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar. Formålet med den særskilde organiseringa av opplæringa er å lære elevane norsk så raskt som mogleg. Kommunane har ikkje plikt til å gi innføringsopplæring, men kan sjølve vurdere å setje dette i gang. Elevane har derfor ikkje rett til å få opplæringa organisert i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar.

Kommunen må sjølv vurdere om eleven har budd så «kort tid» i Noreg at han eller ho kan ha behov for innføringsopplæring. Kommunen må også vurdere om innføringsopplæring vil vere til det beste for eleven, jf. § 10-1. I denne vurderinga vil omsynet til integrering vere eit moment som vil vege tungt dersom eleven allereie har budd i Noreg ei tid. Det må komme fram av vedtaket at det er vurdert at innføringsopplæring er til det beste for eleven.

Formuleringa «heile eller delar av opplæringa» gjeld både innføringsklassar, innføringsgrupper og innføringsskolar.

Ei avgjerd om at ein elev skal få innføringsopplæring, må fastsetjast i eit enkeltvedtak. Eleven har ikkje plikt til å få innføringsopplæring. Det er presisert i lova at eleven eller foreldra til eleven må samtykkje i at kommunen gjer vedtak om innføringsopplæring. Dersom eleven eller foreldra ikkje samtykkjer til at eleven skal få opplæringa i ein eigen klasse, i ei eiga gruppe eller på ein eigen skole, skal eleven få tilbod om særskild språkopplæring etter dei alminnelege reglane i § 3-6.

Andreleddførste punktum slår fast at eit vedtak om innføringsopplæring berre kan gjerast for eitt år om gongen. Kommunen må deretter gjennomføre ei ny vurdering og eventuelt gjere eit nytt enkeltvedtak. Innføringsopplæring kan vare i inntil to år, jf. andre ledd første punktum. Særleg elevar som har behov for alfabetisering, og elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet, kan ha nytte av å få opplæringa organisert i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar. Ein elev kan framleis ha rett til særskild språkopplæring, jf. § 3-6, etter overgangen frå innføringsopplæring til ordinær klasse.

I den perioden eleven skal få innføringsopplæring, kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og fag- og timefordelinga, jf. andre leddandre punktum. Unntak kan berre gjerast når det er nødvendig for å vareta behovet til eleven. Det må vurderast konkret for kvar enkelt elev om, og i så fall i kva omfang, det skal gjerast unntak frå læreplanar i fag eller fag- og timefordelinga. Elevane vil sannsynlegvis ha svært ulike opplæringsbehov, avhengig av den opplæringa dei har fått i heimlandet, og dei språklege utfordringane dei har.

Kapittel 4 Skyss, leksehjelp, skolefritidsordning, skoletur og overgang frå barnehage til skole

Til § 4-1 Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen

Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-1 første og andre ledd og § 7-3 og er omtalt i punkt 37.

Førsteleddførste og andrepunktum vidarefører retten til skyss på grunn av lang skoleveg. Avstanden mellom skolen og heimen skal målast frå inngangsdøra der eleven bur, til inngangsdøra på skolen. Dersom skolen har fleire inngangsdører, skal ein måle frå den døra som gir størst avstand, uavhengig av om eleven bruker denne døra. Oppmålinga skal gjennomførast langs alminneleg farbar veg. Elevane har vanlegvis ikkje rett til skyss frå døra heime, men frå ein oppsamlingsplass som ligg i rimeleg gangavstand frå heimen. Kva som er rimeleg avstand, må avgjerast etter ei konkret vurdering, der ein mellom anna skal leggje vekt på trafikkforholda og alderen på eleven. Det kan ikkje krevjast at elevane går like langt som skyssgrensene, som er to kilometer for elevar på 1. trinn og fire kilometer for andre grunnskoleelevar. Sjølve skysstilbodet må utgjere størstedelen av strekninga mellom heim og skole.

Retten til skyss når ein del av skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, etter andreledd, gir rett til skyss når skolevegen er kortare enn fire kilometer for elevar på 2. til 10. trinn, og når skolevegen er kortare enn to kilometer for elevar på 1. trinn. «Særleg» står til både «farleg» og «vanskeleg». Den risikoen skoleelevar til vanleg blir utsette for når dei ferdast i trafikken, er ikkje tilstrekkeleg for å få rett til skyss etter regelen.

I vurderinga skal alle relevante omsyn kartleggjast, og det krevst både ei trafikkfagleg vurdering (farevurdering) og ei vurdering av føresetnadene til eleven. Relevante omsyn i farevurderinga kan vere fartsgrense, trafikktettleik, om det finst fortau eller gangveg, klimatiske forhold og ulykkesstatistikk. Dette må vurderast opp mot alderen, modnaden og dei andre føresetnadene eleven har for å ta seg forsvarleg fram i det aktuelle trafikkbiletet.

Tilstanden på skolevegen kan variere med årstidene. Til dømes kan høg fart kombinert med mørketid og glatte vintervegar medføre ekstraordinær fare for trafikkskadar. Det kan derfor vere aktuelt med rett til skyss delar av skoleåret. Kommunen kan velje å setje inn andre tiltak som fjernar dei ekstraordinære faremomenta, til dømes tilsyn eller reisefølgje forbi særleg trafikkfarlege delar av skolevegen, eventuelt trafikale tiltak. Dersom kommunen har sett i verk slike tiltak, kan det vere tilstrekkeleg til at eleven ikkje får rett til skyss.

Vurderinga av om skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Tredjeledd vidarefører regelen om retten til gratis båttransport. Vilkåret for å få rett til båttransport er at eleven «treng» slik transport, det vil seie at naturleg farbar veg til skolen inkluderer transport over vatn. Retten gjeld uavhengig av lengda på skolevegen. Når skolevegen er meir enn to eller fire kilometer, følgjer retten til gratis skyss av første ledd. For å få rett til skyss i tillegg til båttransport må elevane ha ein skoleveg som, inklusiv strekninga med båt, er lengre enn to eller fire kilometer.

For å få rett til skyss etter fjerdeledd er det ikkje tilstrekkeleg at eleven har nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom. Det eit vilkår at funksjonsnedsetjinga, skaden eller sjukdommen er årsaka til at eleven har behov for skyss. Rettane etter fjerde ledd gjeld både fysisk og psykisk funksjonsnedsetjing. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga for elevar med nedsett funksjonsevne gjeld ikkje i skoleferien, det vil seie sommarferien og andre feriar som kjem fram av skoleruta til kommunen.

Femte ledd presiserer at elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå heimane. Retten gjeld for elevar som bur fast og regelmessig i fleire heimar, og så framt dei ulike heimane oppfyller vilkåra for retten til skyss. Retten gjeld både når barnet har delt bustad, og når det ligg føre avtale eller rettsleg avgjerd om fast samværsordning. Retten gjeld også når butida til eleven på fast og regelmessig basis er delt mellom foreldreheim og fosterheimar/avlastingsheim eller besøksheim som er vedteken eller avtalt med barnevernet eller helse- og omsorgssektoren. Samvær og improviserte enkeltståande besøk gir ikkje rett til skyss.

Skysstilbodet som blir gitt elevar med rett til skyss, skal vere forsvarleg, jf. Ot. prp. nr. 46 (1997–98), merknad til § 13-4. Dette inneber mellom anna at skoleskyssen må organiserast slik at eleven får ei akseptabel reisetid. Det er den totale tida eleven bruker heimanfrå, til opplæringa startar, og frå opplæringa til eleven er slutt, til eleven er heime om ettermiddagen, som utgjer den samla reisetida. I vurderinga av kva som er akseptabel reisetid, må gangtid, ventetid, tid med transportmiddel og omsynet til effektiv og rasjonell organisering av skyssen sjåast i samanheng. Andre moment i denne vurderinga er om gangavstand til transportmiddelet er rimeleg, forhold ved den aktuelle reisestrekninga, transportbyte og krav til sjølve transporten. Momenta må sjåast opp mot alderen, funksjonsevna og dei andre føresetnadene eleven har. Dersom ein elev klagar over at vedtaket om skoleskyss ikkje gir eit forsvarleg tilbod, er det innhaldet i tilbodet som må vurderast. Økonomiske omsyn kan ikkje her få så mykje vekt at retten mistar karakter av å vere ein rett.

Dersom foreldra er villige til det, kan fylkeskommunen eller kommunen overlate til foreldra å skysse barna sjølve. Fordi skyss skal vere gratis, må den som er ansvarleg for skyssen etter § 28-7, dekkje dei nødvendige og faktiske kostnadene til foreldra. Foreldra kan ikkje krevje å få overta skyssen, og dei kan heller ikkje tvingast til ei slik ordning.

Dersom ein elev søker om å få gå på ein annan skole enn den eleven er tildelt, jf. § 2-6, kan kommunen stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved eventuell innvilging av søknaden. Det er ikkje mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring.

Ansvaret for å oppfylle retten til skyss går fram av § 28-7.

Forvaltningsorganet som har ansvaret for å oppfylle retten til skyss, har ansvaret for å gjere enkeltvedtak i tråd med reglane i forvaltningslova.

Til § 4-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen

Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-4 og er omtalt i punkt 37.

Elevar har rett til reisefølgje og tilsyn når dei får skyss etter § 4-1 dersom elevane «treng det». Om elevane treng reisefølgje og tilsyn, må vurderast for kvar enkelt elev. Det er særleg dei yngste elevane, til dømes på 1. trinn, og elevar med nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom som kan trenge reisefølgje og tilsyn. Kommunen skal i slike tilfelle sørgje for nødvendig reisefølgje og også dekkje skysskostnader og andre utgifter knytte til reisefølgjet, jf. § 28-7.

Retten til tilsyn gjeld som hovudregel tilsyn medan eleven ventar på skoleområdet før og etter skoletid. Tilsyn i samband med at eleven byter skyssmiddel, kan i nokre tilfelle også vere omfatta av tilsynsplikta. Dette gjeld der byte av skyssmiddel er særleg farleg. Til dømes kan dei yngste elevane bli utsette for særleg farlege situasjonar på ein stor og travel busshaldeplass der dei må byte buss på veg til skolen.

Til § 4-3 Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg

Paragrafen vidarefører dagens § 7-1 fjerde ledd og er omtalt i punkt 37.

Førsteledd slår fast den øvre grensa for rett til skyss. Dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har ikkje eleven rett til skyss sjølv om resten av vilkåra er oppfylte. Det er fylkeskommunen som avgjer om dagleg skyss er forsvarleg.

I andreledd er det gitt føringar for kva moment fylkeskommunen skal vurdere, og kor mykje vekt momenta har. Lista er ikkje uttømmande. Moment med særleg vekt er alder, funksjonsevne og kor lang og farleg eller vanskeleg skolevegen er. Kostnader og vanskar for fylkeskommunen kan berre takast med i vurderinga dersom dei er ekstraordinære. Vurderinga av om dagleg skyss er forsvarleg, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Tredjeledd fastset at foreldra skal avgjere om eleven skal skyssast eller innlosjerast dersom fylkeskommunen er i tvil om dagleg skyss er forsvarleg.

Det følgjer av fjerdeledd at dersom eleven ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, skal kommunen gjere vedtak om losji for eleven. Retten til losji omfattar ikkje utgifter til kost. Regelen inneber både ein rett og ei plikt til å la seg innlosjere. Plikta er likevel ikkje absolutt, og kommunen kan ikkje vedta innlosjering mot foreldra sin vilje så framt foreldra sørgjer for og dekkjer kostnadane til skyss sjølve.

Tilsynsplikta etter femteledd inneber at kommunen må sørgje for det tilsynet som er nødvendig gitt alderen og føresetnadane elevane har til å greie seg sjølve.

Til § 4-4 Leksehjelp

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-7 a. Paragrafen er omtalt i punkt 38.3. Reglane om skolemiljø, forbod mot ansiktsdekkjande plagg og politiattest gjeld også for leksehjelpsordningar. Dette følgjer av §§ 12-1, 17-11 og 27-2.

Med «leksehjelp» etter første punktum er det meint både hjelp til lekser i tradisjonell forstand og hjelp til skolearbeid elles. Leksehjelp skal tilbydast uavhengig av om skolen gir elevane oppgåver som det er meininga at elevane skal gjere utanfor skoletida, altså lekser i tradisjonell forstand. Regelen har ikkje betydning for om lekser kan givast, og eventuelt kor mykje leksar som kan givast. Moglegheit til å gi lekser er regulert i § 10-6 andre ledd.

Plikta til å ha eit «tilbod» om leksehjelp inneber ikkje at alle elevar skal få tilbod om leksehjelp. Kommunen bestemmer korleis tilbodet skal innrettast, på kva trinn leksehjelp skal tilbydast, og kor mange plassar det skal vere. At det skal vere eit «tilbod», inneber at det er frivillig for elevane å delta.

Departementet kan etter andre punktum gi nærare reglar om leksehjelpa i forskrift.

Til § 4-5 Skolefritidsordning

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-7. Paragrafen er omtalt i punkt 38.2. Reglane om skolemiljø, forbod mot ansiktsdekkjande plagg og politiattest og enkelte reglar om skyss gjeld også for skolefritidsordninga. Dette følgjer av §§ 12-1, 17-11 og 27-2.

Plikta i førsteleddførstepunktum til å ha eit «tilbod» om skolefritidsordning inneber ikkje at alle elevar skal få tilbod om å delta på skolefritidsordning. Tilbodet skal gjelde for barn på 1. til 4. trinn og for barn med særlege behov på 1. til 7. trinn, men kommunen er ikkje forplikta til å opprette eit bestemt tal plassar eller til å gi tilbod om skolefritidsordning ved meir enn éin av skolane i kommunen. Plikta gjeld eit skolefritidstilbod «før og etter skoletid». Kommunen er dermed ikkje forplikta til å gi tilbod om skolefritidsordning i feriane. At det skal vere eit tilbod, inneber også at det er frivillig for elevane å delta på skolefritidsordninga.

Førsteleddandrepunktum slår fast at kommunen kan ta betalt for skolefritidsordninga. Det inneber at kommunen kan ta betalt for kostnaden, men kan ikkje ha inntekter gjennom foreldrebetalinga som overstig dei totale kostnadene til kommunen for skolefritidsordninga. Det er ikkje eit forbod mot at foreldrebetalinga for kvar enkelt plass overstig kostnaden for den aktuelle plassen. Kommunen kan dermed ha ein ordinærpris som overstig gjennomsnittskostnaden for éin plass, for å kunne gi redusert pris til til dømes søsken eller familiar med låg inntekt. Korleis sjølvkost skal bereknast, er fastsett i kommunelova § 15-1. Vurderinga av om foreldra skal betale for skolefritidsordninga, er opp til kommunen og er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit forvaltningsskjønn som domstolane og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.

Andreledd beskriv innhaldet i skolefritidsordninga og kva skolefritidsordninga skal vere. Innanfor desse rammene bestemmer kommunen korleis tilbodet skal innrettast. Innhaldet er nærare omtalt i forskrift om rammeplan for skolefritidsordninga. Slik forskrift er heimla i sjette ledd.

Tredjeledd slår fast at rektor skal vere leiar for skolefritidsordninga dersom ordninga er tilknytt ein skole. Kommunen kan gjere unntak frå kravet, til dømes når kommunen nyttar private til å drive skolefritidsordninga.

Fjerdeledd inneber at kommunen kan delegere myndet til å gjere vedtak om og i skolefritidsordningar til private, og at private kan gi tilbod om skolefritidsordning på vegner av kommunen. Sjølv om kommunen nyttar private til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, er det kommunen som har ansvaret for at reglane i opplæringslova blir oppfylte. Kravet om internkontroll i kommunelova § 25-1 inneber at kommunen må sikre og følgje med på at innbyggjarane får det dei har krav på, anten kommunen utfører oppgåva sjølv eller gjennom private aktørar. Dette kan gjerast på ulike måtar. Det kan til dømes inngå visse rutinar for oppfølging av avtalen kommunen har med ein privat aktør. Uansett vil det måtte inngå i internkontrollen til kommunen, etter ordinær risikovurdering, å ha rutinar, prosedyrar og så vidare for å sikre kommunens kontroll med at innbyggjarane får det dei har krav på, sjølv om ein privat aktør utførar oppgåva.

Femteledd pålegg kommunen å fastsetje forskrift med reglar for skolefritidsordninga om nærare oppgitte forhold. Forskrifta må fastsetjast i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VII.

Sjetteledd gir departementet heimel til å gi forskrift om skolefritidsordninga. Dette inkluderer reglar om gratis skolefritidsordning og om moderasjonsordningar og om innhald og oppgåver for skolefritidsordninga.

Til § 4-6 Skoletur med overnatting

Paragrafen vidarefører dagens lov § 13-7 b og er omtalt i punkt 36.

Plikta gjeld berre for offentlege grunnskolar. Private skolar godkjende etter privatskolelova og private grunnskolar godkjende etter § 22-1 har ikkje ei tilsvarande plikt.

Paragrafen pålegg kommunane ei plikt til å tilby leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Opphaldet skal ha ei lengd på minst tre overnattingar, og overnattingane må vere i samanheng. Skolane kan velje å tilby eit tradisjonelt leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting, som kan vere utanlandstur.

Kommunane si plikt gjeld for alle elevar i grunnskolen. Ein må ta omsyn til ulike behov i elevgruppa når ein planlegg turen. For å sikre at flest mogleg elevar blir med, bør turen planleggjast i god tid og i samarbeid med foreldre og elevar. Foreldre må få informasjon om kva ein slik tur inneber, og kva opplegget på turen skal vere. Ein bør til dømes gi informasjon om overnatting, transport, måltid og talet på vaksne som er til stades. Turen skal vere gratis, og skolen må leggje til rette for at elevar med særlege behov, til dømes funksjonsnedsetjingar, skal kunne delta.

Skoleturen skal vere ein del av grunnskoleopplæringa og må derfor vere i samsvar med læreplanverket. Dette inneber mellom anna at skolane må rette seg etter verdigrunnlaget i den generelle delen av læreplanen og kompetansemåla som er fastsette i læreplanane for fag, og at dei må oppfylle minstekrava i fag- og timefordelinga. Innanfor rammene av læreplanverket står skolane fritt til å planleggje skoleturen. Dette er i samsvar med korleis kommunane og skolane normalt skal organisere og gjennomføre opplæringstilbodet sitt.

Til § 4-7 Overgangen frå barnehagen til skolen

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-5. Paragrafen er omtalt i punkt 23.5.1.

Kva som er ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som vurderinga må gjerast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Både barnehagefagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring er relevante. Ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordning handlar mellom anna om at barn og foreldre opplever overgangen som føreseieleg og veit kva dei kan forvente når barnet byrjar på skolen og skolefritidsordninga. Ein trygg og god overgang handlar også om at skolen er førebudd på kva erfaringar barna har med seg frå barnehagen. For å oppnå dette bør kommunen leggje til rette for ein god dialog som involverer foreldre og barnehage, skole og i skolefritidsordning. Barnehagen og skolen bør gi kvarandre gjensidig informasjon om verksemdene sine. Kvar enkelt skoleeigar må, i samarbeid med barnehageeigarane, finne tenlege løysingar for korleis barnehageeigarane konkret skal involverast og takast omsyn til i arbeidet med å sikre ein trygg og god overgang.

Sørgje for-plikta inneber at det er kommunen som har hovudansvaret for samarbeidet med barnehagane om overgangen. Det er opp til kommunen å vurdere på kva måte han vil sørgje for overgangen, og om det skal utarbeidast ein plan for overgangen. Ein heilskapleg plan kan vere tenleg, men det sentrale er at kommunen etablerer og følgjer rutinar som sikrar ein trygg og god overgang. Plikta må sjåast i samanheng med kravet til internkontroll etter kommunelova § 25-1. Som ein del av internkontrollen skal kommunen ha nødvendige rutinar og prosedyrar for å sikre at kommunen varetek kravet til ein trygg og god overgang frå barnehagen. Det kan til dømes vere rutinar for korleis skolen og skolefritidsordninga skal få overført nødvendig informasjon om barnet frå barnehagen.

Plikta til å sikre ein trygg og god overgang gjeld på eit overordna nivå og inneber ikkje eit samarbeid med barnehagane om kvart enkelt barn. For barn med omfattande hjelpebehov er det likevel nødvendig å planleggje og samarbeide om overgangen på individnivå. Kommunen må sørgje for ein trygg og god overgang for alle barn, og det må takast særleg omsyn til korleis overgangen skal gjerast trygg for barn med særlege behov. Dette må gjerast i god tid før skolestart. Det kan til dømes vere behov for at skolen gjennomfører kompetanseheving av personalet, eller for at kommunen sikrar nødvendige personalressursar og spesialpedagogisk eller annan individuelt tilpassa kompetanse for å kunne vareta barn med behov for individuelt tilrettelagt opplæring og personleg assistanse, eller at kommunen sørgjer for fysisk tilrettelegging av skolen i forkant av skolestart. Planlegginga omkring enkeltbarn kan i nokre tilfelle involvere fleire aktørar. Nokre minoritetsspråklege barn vil ha behov for spesiell tilrettelegging når det gjeld språk. Samiske barn kan ha rett til opplæring i samisk, jf. § 3-2, og barn med kvensk/norskfinsk bakgrunn kan ha krav på opplæring i kvensk eller finsk, jf. § 3-3.

Informasjonsoverføring om det enkelte barnet føreset løyve frå foreldra. Kravet til løyve frå foreldra gjeld uavhengig av om informasjonen blir overført skriftleg eller munnleg. Foreldra må få innsyn i og innverknad over informasjonsutvekslinga mellom barnehagen og skolen. Sjå nærare om krav til løyve frå foreldra ved deling av personopplysningar i barnehagelova § 2 a og Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, barnehagelova, og friskolelova m.m. (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.).

Det er oppgåva om å sørgje for at barna får ein trygg og god overgang, som gir rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.

Plikta gjeld overgangen frå barnehagen til offentlege skolar og skolefritidsordningar som er oppretta etter opplæringslova, både offentlege og private. Plikta gjeld uavhengig av om barnet kjem frå ein privat eller ein offentleg barnehage.

Formålet med regelen er at alle barn skal få ein trygg og god skolestart. Plikta gjeld ved overgangen frå barnehage til skole, men kommunen bør også ta kontakt med foreldre til barn som ikkje går i barnehage, og leggje til rette for ein god skolestart også for desse barna. Sjå også plikta skolen etter § 10-3 har til å samarbeide med foreldra, som mellom anna omfattar samarbeid om skolestarten til barnet.

Tredje del – vidaregåande opplæring

Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring

Til § 5-1 Rett til vidaregåande opplæring

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-1 og er omtalt i punkt 40.2 og 40.6.

Førsteledd fastset vilkåra for å ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom.

Vilkåret i førsteleddførstepunktum om «fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring» er ei vidareføring av dagens reglar. Nærare reglar om kva som skal til for å oppfylle kravet, kjem fram av forskrift, jf. forskriftsheimelen i siste ledd.

Førsteleddandrepunktum om rett til vidaregåande opplæring for personar med opplæring frå eit anna land som ikkje blir godkjend, er også ei vidareføring av dagens reglar og betyr at opplæringa ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) eller ikkje blir godkjend av norske styresmakter som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev. Dersom opplæringa ikkje har vorte vurdert av norske styresmakter, skal ho i utgangspunktet reknast som ikkje godkjend.

Førsteleddtredjepunktum presiserer at retten til vidaregåande opplæring berre gjeld for dei som «truleg» skal vere i Noreg i meir enn tre månader i strekk. Regelen inneber at dei som er i Noreg på ferie eller andre korte opphald, ikkje får rett til vidaregåande opplæring. For dei aller fleste som søkjer om opphaldsløyve, vil det vere klart frå første dag at dei sannsynlegvis skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Sjå også merknaden til § 2-1 andre ledd første punktum. Sjølv om ein har rett til vidaregåande opplæring, vil ein ikkje ha rett til å byrje i slik opplæring med ein gong. Søknadsfristar og reglar om inntak er avgjerande for når ein kan nytte seg av retten til vidaregåande opplæring.

Andreleddførstepunktum fastset at retten til vidaregåande opplæring gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Det er dermed inga tidsavgrensing, slik som i dagens lov § 3-1 første ledd. Med studiekompetanse siktar ein til dei som har, eller fyller vilkåra for å få, eit vitnemål som gir generell studiekompetanse. Med yrkeskompetanse er det meint for det første dei som har eit fag- eller sveinebrev, uavhengig av om dei også har fullført og bestått eit vidaregåande opplæringsløp etter læreplanverket som gir grunnlag for vitnemål. Dei som til dømes har fått fag- eller sveinebrev etter dagens reglar om praksiskandidatar, vil derfor også reknast for å ha oppnådd yrkeskompetanse. For det andre er det meint dei som har oppnådd yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa utan fag- eller sveinebrev. Dette vil typisk gjelde dei som går opplæringsløp i yrkesfaglege utdanningsprogram som i dag legg opp til tre år som elev, og ikkje to år som elev og to år i lærebedrift. Dei som har oppnådd ein sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, til dømes dei som har oppnådd praksisbrev, vil ha retten til vidaregåande opplæring i behald fram til dei har oppnådd full studie- eller yrkeskompetanse.

Retten til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1 blir avgrensa mot retten til vidaregåande opplæring for vaksne. Det er derfor presisert i andre ledd første punktum at retten ikkje gjeld lenger enn ut det skoleåret som startar det året ein fyller 24 år. Andreleddandrepunktum slår deretter fast at dei som det året dei fyller 24 år, ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter reglane i § 18-3.

Personar i alderen 19 til 24 år som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje mellom opplæring for ungdom eller for vaksne. Dette er presisert i tredje ledd og er ei naturleg følgje av § 18-3, som presiserer at rett til vidaregåande opplæring for vaksne gjeld frå det skoleåret som startar det året den enkelte fyller 19 år. Sjå også merknadene til § 18-3 om vidaregåande opplæring for vaksne.

Fjerdeleddførstepunktum slår fast at den som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter første ledd første punktum, etter søknad i staden kan få vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3. Vilkåret om særlege grunnar viser til at dei som har rett til opplæring for ungdom, som hovudregel skal gjennomføre opplæringa etter reglane som gjeld for slik organisering av opplæringa. Eit døme på særlege grunnar kan vere at søkjaren er i arbeid og derfor har vanskeleg for å gjennomføre opplæring for ungdom. Eit sentralt moment i vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar, er om søkjaren har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det som kan tilbydast innanfor opplæring for ungdom.

Det følgjer av fjerdeleddandrepunktum at dei som ikkje får godkjent den utanlandske opplæringa si i Noreg, og derfor har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1 første ledd andre punktum, kan velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne. Fordelen med å velje opplæring for vaksne er at tilbodet kan byggje på realkompetansen til søkjaren og lettare kan tilpassast arbeid og familieliv.

Femteledd fastset hovudregelen om at den som har bestått eit fag, ikkje har rett til meir opplæring i faget. Ein har dermed ikkje rett til meir opplæring med sikte på til dømes å forbetre karakterane sine. Regelen inneheld unntak for dei tilfella der anna er regulert i forskrift, slik som dagens forskriftsreglar om at elevar som tek fag på vidaregåande nivå medan dei går på ungdomstrinnet, og elevar som gjer omval, kan velje om faget skal godkjennast, eller om dei vil ta faget på nytt.

Sjetteledd fastset hovudregelen om inntak til vidaregåande opplæring. Den vidaregåande opplæringa er delt inn i utdanningsprogram, som igjen er delt inn i programområde. For å få rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram er det ein føresetnad at ein har søkt på tre utdanningsprogram. Ein kan ikkje oppnå ein betre rett ved å berre søkje på eitt eller to utdanningsprogram. Retten gjeld også berre utdanningsprogram; ein har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole eller éin av tre skolar. Plasseringa av elevane på dei ulike skolane kan regulerast av nasjonale og lokale forskrifter.

At ein har rett til vidaregåande trinn 2 og 3 (vg2 og vg3) som byggjer vidare på det førre trinnet, inneber at ein har rett til inntak på opplæring som gjer at ein kan oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Tilbodsstrukturen i læreplanverket viser kva opplæringsløp som fører fram til studiekompetanse og yrkeskompetanse. Tilbodsstrukturen opnar for kryssløp innanfor nokre utdanningsprogram og programområde. Fylkeskommunen kan ikkje oppfylle plikta etter sjette ledd ved å berre tilby kryssløp dersom ungdommen ikkje har søkt om dette.

Som presisert i sjette ledd føreset retten til vg1, vg2 og vg3 at vilkåra for inntak til vidaregåande opplæring på dei ulike trinna er oppfylte. Vilkåret for inntak på vg1 er fastsett i første ledd, og det er gitt utfyllande reglar i forskrift. Vilkåra for inntak til vg2 og vg3 er fastsette i forskrift.

Sjuandeledd gir departementet heimel til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, det vil seie nærare regulering av kven som blir rekna som å fylle krava om rett til vidaregåande opplæring i § 5-1 første ledd. Forskriftsheimelen presiserer også at departementet kan gi forskrift om inntak, inkludert om krav til søknader, poengberekning og førerett. Det kan med heimel i forskriftsheimelen om inntak givast forskriftsreglar om inntak til vidaregåande opplæring, inkludert formidling til læreplass og inntak til påbygging etter § 5-7. Forskriftsheimelen gjer det også mogleg for departementet å kunne innføre overordna forskriftsreglar som bind fylkeskommunane til visse inntaksordningar.

Til § 5-2 Studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-3 og er omtalt i punkt 40.

Førsteledd omtalar dei to hovudløpa innanfor vidaregåande opplæring. Med heimel i reglane i lovens kapittel 1 fastset departementet læreplanar i fag, fag- og timefordeling og tilbodsstrukturen i den vidaregåande opplæringa.

Andreledd fastset kva som er opplæringsordninga og opplæringstida i utdanningsprogram som fører fram til studiekompetanse, men seier ikkje noko om kor lenge retten til opplæring varer. Leddet seier dermed noko om omfanget av opplæringa i dei studieførebuande utdanningsprogramma og kva som normalt er forventa tidsbruk på opplæringa. Dette utelukker ikkje at elevar kan få opplæringa over kortare eller lengre tid enn tre år. Dei som ikkje har bestått opplæringa innan tre år, vil framleis ha rett til opplæring fram til dei har oppnådd studiekompetanse, i tråd med § 5-1. Kva opplæringstilbod eleven kan velje mellom, vil avhenge av kva den aktuelle fylkeskommunen vel å tilby innanfor rammene i læreplanverket og regelverket elles.

Tredjeledd fastset kva som er normalordninga for yrkesfaglege utdanningsprogram. Læretida inkluderer verdiskaping i lærebedrifta. På same måten som for andre ledd seier ikkje opplysninga om tid i tredje ledd noko om kor lenge retten til opplæring varer.

Kva for nokre yrkesfaglege opplæringsløp som har læretid i bedrift, fastset departementet med heimel i § 1-6. Med «til vanleg» er det meint at yrkesfaglege utdanningsprogram kan ha fastsett eit anna opplæringsløp, til dømes tre år opplæring som elev. Også dette blir fastsett av departementet med heimel i § 1-6.

Til § 5-3 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet

Paragrafen vidarefører delar av § 13-3 i dagens lov og er omtalt i punkt 40.9 og 42.8.

Førsteledd slår fast at fylkeskommunen skal leggje stor vekt på behovet i samfunnet for kompetanse ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet. Dette utelukkar ikkje at fylkeskommunen også vektlegg andre omsyn når fylkeskommunen dimensjonerer tilbodet sitt. I vurderinga av behovet i samfunnet for kompetanse er det nærliggjande at fylkeskommunen først tek omsyn til og vurderer behovet regionalt. Det er likevel naturleg at fylkeskommunen også tek omsyn til behovet utover regionen sin.

Andreledd vidarefører dagens lov § 13-3 femte ledd andre punktum og pålegg fylkeskommunane å ha tilbod om praksisbrevopplæring. Fylkeskommunane vel sjølve kva utdanningsprogram dei skal gi tilbod om praksisbrev i, omfanget av tilbodet og om dei skal gi tilbod om praksisbrev innanfor fleire lærefag. Praksisbrevkandidatar skal få bedriftsdelen av opplæringa i bedrift. Det betyr at det ikkje kan givast tilbod om praksisbrevopplæring dersom kandidatane ikkje kan formidlast til læretid i bedrift.

Tredjeledd vidarefører dagens lov § 13-3 fjerde ledd andre punktum og gir departementet heimel til å påleggje fylkeskommunane å drive vidaregåande opplæringstilbod med heile landet som inntaksområde.

Til § 5-4 Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-4 og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 og 11.5.3.

Det følgjer av førsteledd at den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, fag- og timefordelinga og tilbodstrukturen. Det er vist til forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa og forskrift om læreplanar i fag for å gjere tydeleg at det i all hovudsak er desse forskriftene som regulerer innhaldet i opplæringa. Det er også vist til forskrift om fag- og timefordelinga som regulerer omfanget av opplæringa. Elevar som byter skole, skal følgje fag- og timefordelinga ved den nye skolen. At opplæringa skal vere i samsvar med fag- og timefordelinga inneber ikkje at elever som har hatt fråvær for opplæringa har ein rett til å ta igjen dei aktuelle timane. Forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga utgjer det som i dag blir kalla «Læreplanverket for Kunnskapsløftet». Tilbodsstrukturen er «kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse».

Opplæringa skal vere eigna til å nå dei måla og prinsippa som forskriftene fastset. Vurderinga av om opplæringa er i samsvar med læreplanar i fag eller læreplanverket samla sett, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fleire av vurderingane må gjerast ut frå pedagogisk-fagleg kunnskap og erfaring.

Ei «individuell vurdering» etter andre ledd første punktum kan omfatte både undervegsvurderingar og sluttvurderingar. Døme på sluttvurderingar kan vere standpunktkarakter, eksamen og fag- og sveineprøve. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuell vurdering og dokumentasjon, jf. § 28-2.

Andreleddandre punktum fastslår at departementet skal fastsetje forskrift om kva for nokre individuelle vurderingar og kva slags dokumentasjon av opplæringa elevane har rett til etter andre ledd første punktum. Departementet skal også gi forskrift om vurdering for privatistar og praksiskandidatar, jf. §§ 23-1 og 23-2. Sjå også omtale av prøvenemnder osv. i punkt 42. Døme på dokumentasjon er vitnemål, fag- og sveinebrev og kompetansebevis, men regelen opnar også for at departementet fastset andre former for dokumentasjon.

Det er opna for at departementet fastset forskrift om både karakterar og andre vurderingsformer, inkludert forskrift om når det ikkje er grunnlag for å gi vurdering med karakter. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå vurdering med karakter.

Departementet skal også fastsetje forskrift om klage på vurdering. Departementet kan gi forskrift om kven som er klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering, sjå § 29-1 tredje ledd.

Departementet kan etter andreleddtredje punktum gi forskrift om tap av retten til individuell vurdering med karakter når det ikkje er grunnlag for å gi slik vurdering eller som følgje av høgt fråvær.

Tredjeledd vidarefører at departementet kan gi forskrift om godskriving og godkjenning av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Til § 5-5 Rett til omval

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 3-1 fjerde ledd og er omtalt i punkt 40.4.

Førstepunktum slår fast at elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer fram til søknadsfristen for inntak det året dei fyller 19 år. Dette er ei utviding frå dagens lov, som avgrensar talet på omval til eitt. For at ikkje dei over 19 år skal ha ein dårlegare rett til omval enn i dag, er det i andrepunktum presisert at dei som ikkje har nytta retten til omval før 19-årsfristen i første punktum, har rett til eitt omval.

Dei som ønskjer å gjere omval, må gjere dette i samband med inntak. Ein har ikkje rett til omval midt i skoleåret.

Til § 5-6 Rett til læreplass eller anna tilbod i vidaregåande trinn 3

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 3-3 femte ledd, og er omtalt i punkt 42.3.

Paragrafen slår fast at dei som oppfyller vilkåra for læretid i bedrift, først og fremst har rett til læreplass og skal formidlast til dette. Vilkåra for formidling til læretid er tema i § 7-7 og forskrifter med heimel i denne. Fylkeskommunen kan ikkje stille andre krav for å formidlast til læreplass enn det som følgjer av forskrift.

Det kan vere tilfelle der det ikkje er tilstrekkeleg tilgang til læreplassar, og fylkeskommunen ikkje kan gi alle som søkjer, tilbod om plass. Dei som sjølv om dei oppfyller vilkåra for formidling, ikkje får tilbod om læreplass, har rett til eit anna opplæringstilbod i vidaregåande trinn 3 som leier fram til fag- eller sveineprøve. Det er fylkeskommunane som har ansvar både for formidling til læreplass og for å gi eit anna tilbod til dei som ikkje får læreplass. Tredje punktum gir departementet heimel til å regulere opplæringstilbodet fylkeskommunen har til dei som ikkje får læreplass, nærare i forskrift.

Til § 5-7 Påbygging til generell studiekompetanse

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 3-1 ellevte ledd og er omtalt i punkt 40.5.

Førsteleddførstepunktum gir ein lovfesta rett til påbygging til generell studiekompetanse til den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæringa. Det har ikkje noko å seie om ein har oppnådd sluttkompetansen etter reglane om opplæring for ungdom eller vaksne, men det er ein føresetnad at ein har gjennomført og bestått eit opplæringsløp i tråd med læreplanverket som dannar grunnlag for utferding av vitnemål. Dei som til dømes har fått fag- eller sveinebrev gjennom dagens praksiskandidatordning, vil derfor ikkje ha rett til påbygging. I motsetning til dagens reglar er det i første punktum inga tidsavgrensing for retten til påbygging. Dette er i tråd med § 5-1, der den tidlegare tidsavgrensinga på opplæring i tre år er oppheva.

Det følgjer av førsteleddandre og tredjepunktum at retten til påbygging ikkje gjeld lenger enn ut det skoleåret som startar det året ein fyller 24 år, men at dei som har passert denne aldersgrensa, kan få påbygging etter reglane om opplæring for vaksne. Vidare er det i andreledd presisert at den enkelte kan velje å få slik opplæring for vaksne allereie frå det skoleåret som startar det året ein fyller 19 år. Desse aldersgrensene er i tråd med dei generelle reglane for rett til vidaregåande opplæring, som kjem fram av § 5-1.

Til § 5-8 Gratis vidaregåande opplæring

Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 3-1 niande ledd og er omtalt i punkt 40.7.

Første ledd førstepunktum slår fast hovudregelen om at den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. I andrepunktum blir det opna for nokre unntak frå denne hovudregelen. Fylkeskommunen kan til dømes krevje at elevane dekkjer utgiftene til kokkeknivar, enklare verneutstyr eller avanserte kalkulatorar. Det er derimot naturleg at det er fylkeskommunen som dekkjer meir kostbart verneutstyr, dersom slikt utstyr er nødvendig i opplæringa på grunn av helse og tryggleik. Det same vil normalt gjelde dersom det er tale om utstyr som elevane berre vil ha bruk for i ein liten del av opplæringa. Fylkeskommunen kan berre krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift dekkjer utstyr som vanlegvis er nødvendig for opplæringa. Unntaket frå hovudregelen om at opplæringa skal vere gratis, opnar ikkje for at fylkeskommunen kan krevje at elevane betaler for relativt kostnadskrevjande utstyr.

I avgrensinga «som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha» ligg det at utstyr som varetek det særlege behovet til den enkelte eleven, fell utanfor og dermed alltid skal vere gratis. Det kan til dømes gjelde ekstrautstyr som eleven har rett til etter reglane om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.

Fylkeskommunen vel sjølv om han vil krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Spørsmålet om det gjeld individuelt utstyr som opplæringa «til vanleg gjer det nødvendig å ha», byggjer derimot på eit lovbunde skjønn.

Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje slike utgifter med mindre det følgjer av forskrift, jf. andre ledd. Høvet departementet har til å gi slike forskrifter, må sjåast i lys av hovudregelen om at opplæringa som utgangspunkt skal vere gratis.

Ettersom vidaregåande opplæring skal vere gratis, kan ikkje fylkeskommunen krevje at elevane betaler for deltaking på aktivitetar og skoleturar som blir gjennomførte som ein del av opplæringa. Det er likevel mogleg å samle inn pengar til slike turar og aktivitetar gjennom dugnad og anonym innsamling. Sjå også merknad til § 2-5 om gratis grunnskoleopplæring.

Til § 5-9 Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve

Paragrafen er ei delvis vidareføring av reglane i dagens lov § 3-1 tolvte ledd og er omtalt i punkt 41.5.

Første punktum presiserer hovudregelen om at ein må ha lovleg opphald i landet for å få rett til vidaregåande opplæring. Dei som oppheld seg ulovleg i landet, vil følgjeleg ikkje ha rett til vidaregåande opplæring. Det er reglane i utlendingslova som avgjer om dei som søkjer om opphaldsløyve, kan opphalde seg lovleg i Noreg.

Andre punktum innskrenkar hovudregelen i første punktum. For dei som oppheld seg lovleg i landet i vente på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring ikkje lenger enn ut det skoleåret som byrjar det året ein fyller 18 år. Retten til vidaregåande opplæring for dei under 18 år som søkjer om opphaldsløyve i landet, medfører ikkje rett til å få opphaldsløyve og er ikkje til hinder for å effektuere vedtak om avslag på søknad om opphaldsløyve. Nordiske borgarar treng ikkje søkje opphaldsløyve i Noreg. Det same gjeld som hovudregel utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Det er reglane i utlendingslova som avgjer kven som treng opphaldsløyve for å opphalde seg i Noreg.

Tredje punktum avgrensar retten til vidaregåande opplæring for dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve. Desse har rett til opplæring fram til tidspunktet for vedtak om endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Endeleg vedtak vil normalt vere anten avslag frå klageinstansen (Utlendingsnemnda) eller avslag frå førsteinstansen (Utlendingsdirektoratet) som ikkje er klaga på innan utløpet av klagefristen. Kva som er det endelege vedtaket, kjem fram av reglane i utlendingslova.

Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa

Til § 6-1 Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 17.

Førsteleddførstepunktum fastset at elevar i vidaregåande opplæring skal ha opplæring både i bokmål og nynorsk. Departementet fastset reglar i forskrift om omfanget av og innhaldet i opplæringa og på kva trinn opplæringa skal givast, jf. §§ 1-4 og 1-6. Departementet fastset også reglar i forskrift om individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa, jf. § 5-4 andre ledd.

Forskriftsheimelen i førsteleddandrepunktum opnar for at departementet kan fastsetje i forskrift at elevar som får opplæring i samisk, i og på norsk teiknspråk eller får særskild språkopplæring, kan fritakast frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka.

Andreledd inneber at elevane til dømes kan ha nynorsk som skriftspråk i dei skriftlege arbeida sine, sjølv om fylkeskommunen med heimel i § 15-2 første ledd har vedteke at hovudmålet ved skolen er bokmål.

Kva læremiddel som er omfatta av valfridommen, er regulert i § 15-3 første og tredje ledd, men likevel slik at elevane også kan velje om læremidla i norsk skal vere på bokmål eller nynorsk.

Til § 6-2 Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen erstattar dagens lov §§ 6-1 og 6-3, og er omtalt i punkt 30.

Paragrafen gjeld berre for elevar og ikkje for dei som har læretid i bedrift.

Førsteledd gjeld berre for samiske elevar. Samiske elevar har rett til opplæring i eitt av dei samiske språka som er lista i regelen. Med samar meinast her dei som kan skrivast inn i Sametingets valmanntal jf. samelova § 2-6 første ledd, og barna deira. At ein «kan» skrivast inn i valmanntalet, betyr at det ikkje er eit krav at verken eleven eller foreldra faktisk er registrerte i Sametingets valmanntal. Det er nok at eleven tilfredsstiller kravet til å kunne bli registrert, eller at foreldra kan registrerast.

Andreledd gjeld for alle elevar som har hatt samiskopplæring i grunnskolen. Det er ikkje stilt krav om kor lenge opplæringa har vart, eller om innhaldet i opplæringa i grunnskolen, til dømes om eleven har hatt samisk som første- eller andrespråk. Elevane har ikkje rett til å velje eit anna samisk språk i vidaregåande opplæring enn det samiske språket dei hadde opplæring i på grunnskolen.

Opplæringa kan givast i form av fjernundervisning, sjå § 14-4. Dette kan vere aktuelt i dei tilfella der det er krevjande å rekruttere kvalifiserte lærarar. Dagens moglegheit til å gi delar av opplæringa i samisk gjennom andre alternative opplæringsformer som intensivopplæring og særlege leirskoleopphald vil vere dekt av andre paragrafar i lova, mellom anna gjennom § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.

Etter tredjeledd skal fylkeskommunen tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Regelen tek i hovudsak sikte på tilfelle der opplæringa i samisk blir gitt som fjernundervisning. Fylkeskommunen må gjere ei konkret vurdering av om opplæring i eit samiskspråkleg miljø er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg. Her må fylkeskommunen ta omsyn til at elevar har rettar og skoleeigar har plikter etter andre paragrafar i denne lova, jf. til dømes kapittel 11 som mellom anna gir rett til intensiv opplæring, og kapittel 12, som gir reglar om skolemiljøet. Det er det totale opplæringstilbodet til eleven som er avgjerande.

Tolkinga av «nødvendig» skal ikkje knytast til ytre rammar som til dømes kor mange andre som snakkar det samiske språket i området, økonomi og ressursar. Vurderinga skal vere knytt til om opplæringa i eit samiskspråkleg miljø er nødvendig for at elevar som får opplæringa i form av fjernundervisning, skal få ei pedagogisk forsvarleg opplæring og dermed kunne nå kompetansemåla i læreplanen. Kor store delar av opplæringa i samisk det eventuelt er nødvendig å gi i eit samiskspråkleg miljø, må komme an på ei konkret vurdering av om den opplæringa eleven får, gir eleven eit grunnlag for å nå kompetansemåla i læreplanen eller ikkje. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Eit «samiskspråkleg miljø» er ei fellesnemning på aktivitetar som språksamlingar, språkbad, hospitering, studiebesøk og utveksling. Fylkeskommunar kan konkret vurdere kva aktivitetar som lokalt blir omfatta av eit samiskspråkleg miljø.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til opplæring i samisk etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til vidaregåande opplæring, og ansvaret til fylkeskommunen følgjer av § 28-2.

Til § 6-3 Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen erstattar dagens lov § 3-9 og er omtalt i punkt 29.

Førsteleddførstepunktum slår fast at retten til å få vidaregåande opplæring i og på norsk teiknspråk føreset at eleven sjølv har ei høyrselshemming. Kva som er ei høyrselshemming, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Det blir ikkje stilt krav til graden av høyrselshemming, og i vurderinga bør det leggjast stor vekt på om foreldra eller eleven sjølv meiner at han eller ho er høyrselshemma. Det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2 første ledd.

Det kan likevel vere nødvendig å innhente ei sakkunnig vurdering for å leggje til rette og organisere undervisninga best mogleg i kraft av utgreiingsplikta til kommunen, jf. forvaltningslova § 17 første ledd første punktum.

Elevar som oppfyller vilkåret, har rett til å velje mellom å få opplæring i og på norsk teiknspråk på ein vidaregåande skole som har eit tilrettelagt tilbod for teiknspråklege elevar, eller å få vidaregåande opplæring på norsk teiknspråk ved hjelp av tolk ved ein ordinær vidaregåande skole.

Det finst grupper med høyrande elevar med kommunikasjons- eller språkutfordringar som kan ha behov for opplæring i og på teiknspråk. Eit døme er elevar med autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet. Elevar med kommunikasjons- og språkutfordringar som ikkje er høyrselshemma, kan ha rett til opplæring i og på teiknspråk eller alternativ og supplerande kommunikasjon med grunnlag i reglane om tilpassa opplæring og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), jf. §§ 11-1 og 11-12.

Førsteleddandrepunktum slår fast at elevar med høyrselshemming som vel å gå i ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, også har rett til opplæring i norsk teiknspråk. Denne regelen er ny.

Andreledd vidarefører at retten til opplæring i og på norsk teiknspråk på ein vidaregåande skole som har eit tilrettelagt tilbod for teiknspråklege elevar er avgrensa til dei utdanningsprogramma som blir tilbydde på skolar med tilrettelagde tilbod for teiknspråklege elevar. Delar av denne opplæringa kan likevel gjennomførast med tolk.

Til § 6-4 Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-10 og er omtalt i punkt 32.

Vilkåret for å få rett til opplæring i punktskrift er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven er blind eller sterkt svaksynt, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Om eleven har behov for opplæring i punktskrift, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Moment kan vere synsgrad, prognose for endring i synsgrad, kva som vil vere mest funksjonelt for lesinga og skrivinga til eleven, og totalbelastninga i situasjonen til eleven. Dessutan har det betydning kva eleven sjølv meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2.

Opplæringa skal vere «nødvendig». I dette ligg at elevar skal få tilstrekkeleg opplæring til at elevar kan nyttiggjere seg punktskrift og kommunisere godt. Vurderinga av kva som er nødvendig for at opplæringa skal vere trygg og pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Elevar med vedtak etter § 6-4 kan samtidig ha rett til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet etter § 11-5 eller ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet) etter vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6.

Til § 6-5 Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-12 og er omtalt i punkt 28.

Førsteleddførste punktum slår fast at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje meistrar norsk godt nok til å følgje opplæringa i skolen, har rett til særskild språkopplæring. Særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring skal alltid omfatte forsterka opplæring i norsk, jf. første ledd andre punktum. Forsterka opplæring i norsk inneber ei tilrettelagd norskopplæring med eit andrespråksperspektiv. Den forsterka opplæringa i norsk kan gå føre seg i eiga gruppe eller som tilpassing innanfor det ordinære norskfaget. Forsterka opplæring i norsk kan givast anten etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller i form av tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk. Retten til forsterka opplæring i norsk gjeld også på årstrinn der eleven ikkje har opplæring i faget norsk.

Målet med regelen om særskild språkopplæring er å lære eleven så raskt som mogleg å bruke norsk som reiskapsspråk. Når eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, opphøyrar rettane etter regelen.

Dersom det trengst, vil elevar i tillegg ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode, jf. første ledd andre punktum. Endringa av vilkåret til «om det trengst», fra «om nødvendig» i dagens lov, er berre språkleg. Morsmålsopplæringa og den tospråklege opplæringa i fag kjem i tillegg til forsterka opplæring i norsk. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til eleven, medan tospråkleg opplæring i fag er opplæring i fag på norsk og morsmålet til eleven eller eit anna språk eleven kan.

Kva som er å kunne norsk «godt nok», og om det «trengst» morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, vil vere skjønnsmessige vurderingar som i stor grad må basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Særleg vil elevar med kort butid i Noreg og andre minoritetselevar med så svake ferdigheiter i norsk at dei ikkje kan følgje den ordinære opplæringa, ofte ha behov for morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode. Vurderingane er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut.

Det følgjer av forvaltningslova § 17 første ledd at kommunen må greie ut saka og gjere dei nødvendige vurderingane før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. I lys av dette er den særskilde plikta til å kartleggje ferdigheitene til elevane i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, ikkje foreslått vidareført.

Retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag varer fram til fylkeskommunen, på bakgrunn av ei fagleg-pedagogisk vurdering, reknar eleven for å ikkje lenger trenge slik opplæring.

For høyrselshemma elevar som har eit utanlandsk teiknspråk som morsmål, til dømes engelsk teiknspråk, vil retten til særskild språkopplæring innebere at dei har rett til opplæring i norsk teiknspråk til dei kan norsk teiknspråk godt nok. Dette føreset at dei nyttar seg av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk.

Dersom det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan undervise i morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, kan opplæringa givast på annan måte innanfor dei rammene som er gitt i lova. Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag kan gjennomførast som fjernundervisning på visse vilkår, jf. § 14-4. Elevane kan organiserast i grupper innanfor rammene av § 14-2. Elevane kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-6. Elles skal opplæringa tilpassast evnene og føresetnadene til elevane, jf. § 11-1.

Andre ledd fastset at fylkeskommunen jamleg skal vurdere om elevar som får særskild språkopplæring, har opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Vurderinga skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den vanlege opplæringa når ferdigheitene tilseier det. Kor lang tid det skal gå mellom kvar vurdering, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Tredjeledd fastset at morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven går på. Forsterka opplæring i norsk og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen eleven går på.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til særskilt språkopplæring etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til vidaregåande opplæring, og ansvaret til fylkeskommunen følgjer av § 28-2.

Til § 6-6 Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg

Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-8 femte ledd og er omtalt i punkt 28.

Førsteledd første punktum gjer det klart at fylkeskommunane kan organisere opplæringa for minoritetsspråklege elevar som har budd kort tid i Noreg, og som har fått vedtak om særskild språkopplæring, i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar. Formålet med den særskilde organiseringa av opplæringa er å lære elevane norsk så raskt som mogleg. Fylkeskommunane har ikkje plikt til å gi innføringsopplæring, men kan sjølve vurdere å setje dette i gang. Elevane har derfor ikkje rett til å få opplæringa organisert i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar.

Fylkeskommunen må sjølv vurdere om eleven har budd så «kort tid» i Noreg at han eller ho kan ha behov for innføringsopplæring. Fylkeskommunen må også vurdere om innføringsopplæring vil vere til det beste for eleven, jf. § 10-1. I denne vurderinga vil omsynet til integrering vere eit moment som vil vege tungt dersom eleven allereie har budd i Noreg ei tid. Det må komme fram av vedtaket at det er vurdert at innføringsopplæring er til det beste for eleven.

Formuleringa «heile eller delar av opplæringa» gjeld både innføringsklassar, innføringsgrupper og innføringsskolar.

Ei avgjerd om at ein elev skal få innføringsopplæring, må fastsetjast i eit enkeltvedtak. Eleven har ikkje plikt til å få innføringsopplæring. Det er presisert i lova at eleven må samtykkje i at fylkeskommunen gjer vedtak om innføringsopplæring. Dersom eleven ikkje samtykkjer til å få opplæringa i ein eigen klasse, i ei eiga gruppe eller på ein eigen skole, skal eleven få tilbod om særskild språkopplæring etter dei alminnelege reglane i § 6-5.

Andreleddførste punktum slår fast at eit vedtak om innføringsopplæring berre kan gjerast for eitt år om gongen. Fylkeskommunen må deretter gjennomføre ei ny vurdering og eventuelt gjere eit nytt enkeltvedtak. Innføringsopplæring kan vare i inntil to år, jf. andre ledd første punktum. Særleg elevar som har behov for alfabetisering, og elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet, kan ha nytte av å få opplæringa organisert i eigne klassar, i eigne grupper eller på eigne skolar. Ein elev kan framleis ha rett til særskild språkopplæring, jf. § 6-5, etter overgangen frå innføringsopplæring til ordinær klasse.

I den perioden eleven skal få innføringsopplæring, kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og fag- og timefordelinga, jf. andre leddandre punktum. Unntak kan berre gjerast når det er nødvendig for å vareta behovet til eleven. Det må vurderast konkret for kvar enkelt elev om, og i så fall i kva omfang, det skal gjerast unntak frå læreplanar i fag eller fag- og timefordelinga. Elevane vil sannsynlegvis ha svært ulike opplæringsbehov, avhengig av den opplæringa dei har fått i heimlandet, og dei språklege utfordringane dei har.

Kapittel 7 Opplæring i bedrift

Til § 7-1 Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb

Paragrafen er delvis ny og delvis ei erstatning av dagens lov § 4-1 andre ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.2.

Førsteledd slår fast at reglane i kapittelet gjeld for opplæring i bedrift. Reglane gjeld berre for dei som har inngått kontrakt om opplæring, og gjeld derfor ikkje elevar som er utplasserte i bedrift, til dømes gjennom faget yrkesfagleg fordjuping.

Andreledd er nytt. Regelen innfører ei fellesnemning for dei fire ulike kandidattypane som har læretid i bedrift. Dei nærare krava til dei ulike kandidattypane og måten dei ulike opplæringsløpa skal vere innretta på, blir regulert i forskrift med heimel i § 7-1 siste ledd.

Tredjeledd er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4-1 andre ledd. Regelen klargjer at det er kven som har ansvaret for opplæringa, og ikkje kvar opplæringa finn stad, som er bestemmande for kva reglar som gjeld. Det betyr at reglane for elevar gjeld dersom fylkeskommunen har ansvaret for delar av opplæringa som blir gitt til ein lærling, uavhengig av om opplæringa blir gitt på skolen, i lærebedrifta eller ein annan arena som verkstad eller prøvestasjon.

Fjerdeledd definerer kven som er lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Etter femte ledd kan departementet gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram.

Til § 7-2 Inngåing og endring av kontrakt om opplæring

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-5 og § 3-3 fjerde ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.9.

Førsteleddførstepunktum slår fast at det skal inngåast skriftleg kontrakt om opplæring mellom lærebedrifta og den som skal ha læretid i bedrift. Sjølv om det er fleire bedrifter som samarbeider om opplæringa, skal det berre skal inngåast éin kontrakt om læretid.

Andre og tredje punktum oppgir minstekrav til kva kontrakten om opplæring skal innehalde. Det skal stå i kontrakten om den som har læretid, skal gå opp til fag- eller sveineprøve eller annan avsluttande prøve ved slutten av læreforholdet. Dersom den som har læretid, ikkje skal følgje læreplanane til faget fullt ut, skal det også gå fram av kontrakten kva kompetansemål som skal gjelde for læretida. Dersom fylkeskommunen skal ha ansvaret for delar av opplæringa, eller dersom det er fleire bedrifter som samarbeider om opplæringa, skal det gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for kva. Fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa i mål som eventuelt ikkje inngår i kontrakten om læretid.

Det følgjer av andreledd at kontrakten om opplæring må godkjennast av fylkeskommunen for å vere gyldig. I «skal» ligg det også ei plikt for fylkeskommunen til å godkjenne kontraktar som oppfyller kravet i lova. I tillegg til krava som følgjer av tredje ledd i paragrafen, må kontrakten vere inngått med ei godkjend lærebedrift og elles samsvare med eventuelle reglar gitt i forskrift med heimel i siste ledd. Paragrafen omfattar alle typar endringar i kontrakten om opplæring. Dersom partane er samde om å seie opp kontrakten, kan kontrakten seiast opp utan samtykke frå fylkeskommunen, jf. § 7-3 første ledd.

Tredje ledd seier at læreforholdet skal reknast for å vere starta opp sjølv om fylkeskommunen ikkje har godkjent kontrakten, føresett at det er søkt om godkjenning. Læreforholdet blir ikkje rekna for å vere påbyrja så lenge det ikkje er inngått kontrakt etter første ledd.

Fjerde ledd fører vidare dagens reglar i § 3-3 fjerde ledd første punktum og opnar for at fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar som ikkje følgjer det fastsette opplæringsløpet, jf. blant anna § 5-2 tredje ledd og forskrifter som er fastsett med heimel i § 1-6. Fylkeskommunen kan til dømes godkjenne kontraktar om opplæring som kombinerer opplæring som elev og opplæring i bedrift, og kontraktar der fylkeskommunen eller bedrifta tek på seg eit større ansvar for opplæringa enn det som følgjer av læreplanverket. Dersom målet er fag- eller sveineprøve ved utløpet av kontrakten, må organiseringa av opplæringa vere eigna til å nå dette målet.

Femteledd gir departementet heimel til å gi forskrift om forma på og innhaldet i kontrakten, til dømes kan det fastsetjast standardformular. Departementet kan også gi forskriftsreglar om endringar i kontrakten. Til dømes kan det givast nærare reglar om avbrot i kontrakten om opplæring, til dømes grunna permisjon.

Til § 7-3 Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-6 og er omtalt i punkt 42.9.

Førsteledd slår fast at lærebedrifta og den som har læretid, kan bli samde om å seie opp kontrakten om læretid. Regelen må sjåast i samanheng med § 7-4. Normalt vil det gjelde reglar om oppseiingsfrist for arbeidsforholdet. Fylkeskommunen skal informerast før ein kontrakt om læretid blir sagt opp. Fylkeskommunen har inga godkjenningsrolle og kan ikkje nekte partane å seie opp kontrakten.

Andreledd første punktum opnar for at kontrakten om opplæring kan hevast etter ønske frå den som har læretid. Det blir ikkje stilt krav om ei grunngiving frå den som får opplæring. Fylkeskommunen skal gjere enkeltvedtak om heving. Kontrakten om opplæring kan også hevast dersom det ligg vesentlege brot føre på vilkåra i arbeidsavtalen frå den som har læretid, eller lærebedrifta. Regelen stiller ikkje opp eit skuldkrav, men må sjåast i samanheng med § 7-4. Særleg relevant i denne samanhengen er reglane i arbeidsmiljølova om oppseiing. Kontrakten om opplæring kan også hevast dersom ein av partane ikkje er i stand til å halde fram ut kontraktstida. Dette kan til dømes gjelde dersom lærebedrifta går konkurs eller drifta av andre årsaker blir lagd ned. Vurderinga av om det ligg føre «vesentlege brot på pliktene», byggjer på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan overprøve fullt ut.

Tredjeledd er ei delvis vidareføring av § 4-6 femte ledd i dagens lov. Regelen er ein særregel som inneber at det blir gjort unntak frå saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Den som har læretid i bedrift, har rett til å gi munnleg forklaring til fylkeskommunen før det blir gjort vedtak dersom lærebedrifta har bede om heving etter andre ledd.

Fjerde ledd pålegg lærebedrifta ei plikt til å skrive ut ein attest for læreforholdet. Plikta gjeld uavhengig av årsaka til at læreforholdet vart avslutta. Attesten skal omfatte den gjennomførte delen av kontraktstida og attestere den gjennomførte delen av opplæringa.

Til § 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Forholdet til arbeidsmiljøloven

Paragrafen erstattar dagens lov §§ 4-2 og 4-5 tredje ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.9.

Førsteledd slår fast at dei som har læretid i bedrift er omfatta av reglane i arbeidsmiljølova, yrkesskadeforsikringslova og andre lover som gir reglar om arbeidstakarar. Også rettar og plikter som er fastsette i forskrift med heimel i relevante lover, gjeld for dei som har læretid i bedrift.

Andreleddførstepunktum må sjåast i samanheng med første ledd. Det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-5 at det skal inngåast arbeidsavtale i alle arbeidsforhold, og at slik avtale skal liggje føre seinast ein månad etter at arbeidsforholdet starta.

Tredjeledd er delvis ny. Regelen slår fast at reglane i arbeidsmiljølova om prøvetid gjeld for dei som har inngått ein kontrakt om opplæring som føreset at all programfagopplæringa blir gitt i bedrift.

Fjerdeledd presiserer at arbeidsforholdet og læreforholdet blir avslutta samtidig, uavhengig av årsaka til at arbeidsforholdet vart avslutta.

Femteledd regulerer tilfelle der det er inngått ein ordinær arbeidsavtale mellom den som har læretid og lærebedrifta, som ikkje gjeld læreforholdet. Dette vil til dømes gjelde når arbeidsavtalen vart inngått før partane inngjekk kontrakt om læretid, noko som vil vere tilfellet for kandidatar til fagbrev på jobb. Femte ledd vil også gjelde der ein som har læretid i bedrift, i tillegg til læreforholdet har inngått ein ordinær arbeidsavtale om deltidstilsetjing, til dømes om helgejobb eller sommarjobb.

Sjetteledd vidarefører § 4-2 femte ledd i dagens lov. Regelen inneber at lærekandidatar har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.

Til § 7-5 Godkjenning av lærebedrifter

Paragrafen erstattar delar av dagens lov § 4-3 og er omtalt i punkt 42.4, 42.5, 42.7 og 42.8.

Førsteledd legg til grunn at bedrifter som oppfyller kravet lova har til lærebedrifter, skal få godkjenning frå fylkeskommunen.

Andreledd slår fast at det skal liggje føre ei fagleg vurdering frå yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan gjere vedtak om godkjenning av lærebedrift. Vurderinga til nemnda skal seie noko om bedrifta er eigna som lærebedrift, jf. § 7-6. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemda.

Tredjeledd gir departementet heimel til å gi nærare reglar i forskrift om krav til lærebedrifter, om godkjenninga av lærebedrifter og om opplæringskontor.

Til § 7-6 Krav til lærebedrifter

Paragrafen erstattar delar av § 4-3 i dagens lov og er omtalt i punkt 42.4.

Førsteledd fastset at lærebedrifta skal gi opplæring i samsvar med læreplanar i lærefaget. Eit sentralt moment i vurderinga av om bedrifta er i stand til å gi opplæring, er om bedrifta kan gi opplæring i samsvar med læreplanen. Det er ikkje eit vilkår for godkjenning at bedrifta kan gi opplæring som fullt ut dekkjer aktuelle læreplanar for fag. Bedrifta kan vere lærebedrift saman med éi eller fleire andre bedrifter, eller fylkeskommunen kan stå ansvarleg for dei resterande måla. Om ei lærebedrift kan stå aleine om opplæringa, må også vurderast ved godkjenninga av kontrakten om opplæring, jf. § 7-2.

Andreledd erstattar dagens lov § 4-3 tredje ledd sjette og sjuande punktum. Det er ikkje fastsett krav til utdanning for fagleg leiar i bedrifta. Fagleg leiar kan vere kvalifisert på bakgrunn av utdanning eller lang, allsidig og relevant praksis. Instruktør og fagleg leiar kan vere same person. Krava til fagleg leiar og instruktør gjeld for kvar enkelt lærebedrift. Dersom to eller fleire lærebedrifter samarbeider om opplæringa for den som har læretid i bedrift, gjeld kravet for alle bedriftene som inngår i samarbeidet.

Tredje ledd fastset at departementet kan gi forskrift om deling av ansvaret mellom samarbeidande lærebedrifter.

Til § 7-7 Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 42, særleg 42.8.

Førsteledd slår fast at fylkeskommunen skal arbeide for at alle søkjarar som ønskjer det og oppfyller vilkåra for læreplass, skal få bedriftsdelen av opplæringa i bedrift. Fylkeskommunen skal søkje å finne læreplass til alle søkjarar som fyller vilkåra for å formidlast til læreplass, uavhengig av om dei har fått opplæring på grunnlag av ein lovfesta rett, og om det eventuelt var som ungdomsrett eller vaksenrett til vidaregåande opplæring. Departementet kan sette nærare vilkår for formidling til læreplass i forskrift med heimel i tredje ledd. Regelen må sjåast i samanheng med § 5-6 om rett til læreplass eller eit anna tilbod på vidaregåande trinn 3 og med § 5-3 som seier at det skal leggjast stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng. Tilgangen på læreplassar kan vere eit relevant moment i vurderinga av kompetansebehovet.

Andreledd slår fast at fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter. Leddet legg ingen føringar for korleis formidlinga av læreplass skal gå føre seg.

Tredjeledd gir departementet heimel til å gi reglar i forskrift om formidling til læreplass. Regelen må sjåast i samanheng med § 5-1 sjuande ledd som gir departementet heimel til å gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring.

Til § 7-8 Tilskot til lærebedrifter

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-4 femte ledd og er omtalt i punkt 42.4.

Førsteledd slår fast at fylkeskommunen har ei plikt til å utbetale tilskot til lærebedrifter som har inngått kontrakt om opplæring med éin eller fleire som har læretid i bedrift.

Andreledd gir departementet heimel til å gi forskrift om lærlingtilskotet.

Til § 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning

Paragrafen erstattar § 4-8 og er omtalt i punkt 42, særleg 42.4 og 42.8.

I førsteledd er det slått fast at fylkeskommunen skal rettleie og følgje opp lærebedrifter. Regelen må sjåast i samanheng med internkontrollkravet i kommunelova § 25-1. Arbeidet til fylkeskommunen skal vere eigna til å stadfeste god tilstand og/eller avdekkje og førebyggje manglande etterleving av kontrakten om opplæring og aktuelt regelverk i opplæringslova med forskrifter.

Andreledd slår fast at lærebedrifta kan miste godkjenninga dersom lærebedrifta ikkje oppfyller krava i lova. Vidare følgjer det av regelen at yrkesopplæringsnemnda skal gi ei fagleg vurdering av om lærebedrifta oppfyller krava til godkjenninga, og at fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemda.

Det følgjer av tredjeledd at ei godkjenning som lærebedrift automatisk fell bort 24 månader etter at den siste kontrakten om læretid vart avslutta, jf. §§ 7-3 og 7-4.

Fjerdeledd gir departementet heimel til å gi forskrift om tap av godkjenning som lærebedrift.

Til § 7-10 Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-4 og er omtalt i punkt 42, særleg 42.4.

Førsteledd pålegg lærebedrifta å planleggje verksemda og produksjonen på ein måte som legg til rette for at dei som har læretid i bedrift får opplæring i samsvar med kontrakten om opplæring. Dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om opplæringa for dei som har læretid i bedrift, må bedriftene ha ein plan for samarbeidet og samordne verksemdene på ein måte som sikrar at dei som har læretid i bedrift får opplæring i samsvar med kontrakten om opplæring. Tilsvarande gjeld der fylkeskommunen har ansvaret for delar av opplæringa for nokon som har læretid i bedrift.

Ansvaret til lærebedrifta etter andreledd går noko lenger enn kravet i arbeidsmiljølova når lærebedriftene får eit ansvar for å skape eit godt læringsmiljø. Andre punktum inneber at både opplæringsdelen og verdiskapingsdelen av læreforholdet skal gå føre seg innanfor det som er den normale arbeidstida for tilsette i bedrifta.

Tredjeledd pålegg lærebedrifta ei meldeplikt dersom bedrifta ikkje lenger kan oppfylle krava til lærebedrifter, jf. § 7-6. Dette vil til dømes gjelde der bedrifta av ulike årsaker blir lagd ned, eller dersom det skjer omfattande endringar i produksjonen. Meldeplikta vil også gjelde der lærebedrifta er i tvil om ho kan gi lærekandidaten tilfredsstillande utbytte av opplæringa, sjå også § 7-4 sjette ledd.

Til § 7-11 Krav til internkontroll i lærebedrifter

Paragrafen erstattar dagens lov § 4-7 og er omtalt i punkt 42.6.

Førsteledd presiserer at lærebedrifta har ansvar for at bedrifta har internkontroll for å sikre at opplæringa oppfyller krava i opplæringslova med tilhøyrande forskrifter. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.

Andreledd pålegg lærebedrifta ei plikt til å gi fylkeskommunen informasjon om opplæringa ho gir. Regelen inneber også mellom anna ei plikt til å bidra med statistiske opplysningar.

Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa

Til § 8-1 Rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa

Paragrafen vidarefører reglane i dagens lov §§ 12-1, 12-2 og 12-5 om at departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa og nemne opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i fag- og yrkesopplæringa. Paragrafen er omtalt i punkt 48.

Paragrafen er meint å sikre at dei aktuelle organa blir nemnde opp. Første til tredje ledd gir overordna føringar for kva oppgåver som ligg til organa, men fører i hovudsak ikkje vidare dagens meir detaljerte lovregulering av samansetninga og oppgåvene til organa. Fjerdeledd gir heimel til at departementet kan gi reglar i forskrift om samansetninga og oppgåvene til organa.

Til § 8-2 Yrkesopplæringsnemnder

Paragrafen erstattar dagens lov § 12-3, og er omtalt i punkt 42, særleg 42.8.

Førsteleddførstepunktum pålegg fylkeskommunen ei plikt til å nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. I førsteleddandrepunktum er det presisert at det er fylkeskommunen som skal førebu sakene som skal behandlast av nemnda. Ansvaret til fylkeskommunen gjeld i saker der lova pålegg fylkeskommunen å innhente vurderinga til nemnda, mellom anna i saker om godkjenning av lærebedrifter etter §§ 7-5, 7-6 og 7-9. Å førebu saker som skal behandlast i yrkesopplæringsnemnda, vil mellom anna innebere å utføre dei praktiske oppgåvene og å innhente den informasjonen nemnda ber om. Fylkeskommunen har ikkje førebuingsansvaret i saker som nemnda arbeider med på eige initiativ.

Andreledd er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4-8 tredje ledd. Regelen styrkjer posisjonen til yrkesopplæringsnemnda samanlikna med i dag. Regelen inneber at fylkeskommunen må ta med synspunktet til yrkesopplæringsnemnda i vurderinga av alle saker som gjeld fylkesopplæringa, og at fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga til nemnda. Dette kan til dømes vere i spørsmål om dimensjonering eller planlegginga av ulike tilbod.

Tredjeledd gir departementet heimel til å gi reglar i forskrift om medlemmene i nemnda, funksjonstid, representasjon osv. Departementet kan også gi reglar om oppgåvene til nemnda, som kjem i tillegg til sakene der lova føreset at nemnda gjer ei fagleg vurdering eller uttaler seg, til dømes i arbeidet til fylkeskommunen med dimensjonering av det vidaregåande opplæringstilbodet, jf. § 5-3.

Til § 8-3 Klagenemnd for fag- og sveineprøvar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 12-6 og er omtalt i punkt 48.

Paragrafen omfattar berre klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve og ikkje klager på praksisbrevprøver og kompetanseprøvar for lærekandidatar. Paragrafen omfattar heller ikkje klager som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold.

Når det gjeld kravet i første ledd om at minst to av medlemmene skal ha fagutdanning, blir det føresett at fagutdanninga er relevant for det aktuelle lærefaget.

Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Til § 9-1 Rett til skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-2 første ledd og er omtalt i punkt 37.

Førsteledd vidarefører retten til skyss eller full skyssgodtgjersle på grunn av lang skoleveg. Avstanden mellom skolen og heimen skal målast frå inngangsdøra der eleven bur, til inngangsdøra på skolen. Dersom skolen har fleire inngangsdører, skal ein måle frå den døra som gir størst avstand, uavhengig av om eleven bruker denne døra. Oppmålinga skal gjennomførast langs alminneleg farbar veg. Elevane har vanlegvis ikkje rett til skyss frå døra heime, men frå ein oppsamlingsplass som ligg i rimeleg gangavstand frå heimen. Kva som er rimeleg avstand, må avgjerast etter ei konkret vurdering, der ein mellom anna skal leggje vekt på trafikkforholda. Det kan ikkje krevjast at elevane går like langt som skyssgrensa, som er seks kilometer. Sjølve skysstilbodet må utgjere størstedelen av strekninga mellom heim og skole.

Fylkeskommunen kan velje å organisere gratis skoleskyss eller overlate til eleven å ordne skoleskyssen sjølv mot full skyssgodtgjersle. I dei tilfella fylkeskommunen overlèt til eleven å ordne skyssen sjølv, må fylkeskommunen dekkje utgiftene eleven eller foreldra til eleven faktisk har i samband med skoleskyssen. Tapt arbeidsinntekt blir ikkje rekna som utgift ved skyssen og skal ikkje reknast med i grunnlaget for skyssgodtgjersla. Også i dei tilfella eleven må gå på ein skole i eit anna fylke for å få oppfylt retten til vidaregåande opplæring, skal heimfylket sørgje for skyss eller full skyssgodtgjersle.

Andreledd vidarefører regelen om retten til gratis båttransport. Vilkåret for å få rett til båttransport er at eleven «treng» slik transport, det vil seie at naturleg farbar veg til skolen inkluderer transport over vatn. Retten gjeld uavhengig av lengda på skolevegen. Når skolevegen er meir enn seks kilometer, følgjer retten til gratis skyss av første ledd. For å få rett til skyss i tillegg til båttransport må elevane ha ein skoleveg som inklusiv strekninga med båt er lengre enn seks kilometer.

For å få rett til skyss etter tredjeledd er det ikkje tilstrekkeleg at eleven har nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom. Det er i tillegg eit vilkår for retten at den nedsette funksjonsevna, skaden eller sjukdommen er årsaka til at eleven har behov for skyss. Rettane etter tredje ledd gjeld elevar som treng skyss på grunn av både fysisk og psykisk funksjonsnedsetjing.

Fjerdeledd presiserer at elevar som har fleire heimar, har rett til skyss eller full skyssgodtgjersle frå heimane så framt vilkåra for skyss elles er oppfylte. Retten gjeld både når eleven har delt bustad, og når det ligg føre ein avtale eller ei rettsleg avgjerd om fast samværsordning. Retten til skyss for elevar som reiser til skolen frå to foreldreheimar, gjeld berre når eleven har fast og regelmessig opphald i dei to heimane. Retten gjeld også når butida til eleven på fast og regelmessig basis er delt mellom foreldreheim og fosterheimar/avlastingsheim eller besøksheim som er vedteken eller avtalt med barnevernet eller helse- og omsorgssektoren. Samvær og improviserte enkeltståande besøk gir ikkje rett til skyss.

Femteledd opnar for at elevane kan få rabatt på offentleg transport i staden for gratis skyss.

Skysstilbodet som blir gitt elevar med rett til skyss, skal vere forsvarleg, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98), merknad til § 13-4. Dette inneber mellom anna at det må organiserast slik at eleven får ei akseptabel reisetid. Det er den totale tida eleven bruker heimanfrå, til opplæringa startar, og frå opplæringa er slutt, til eleven er heime om ettermiddagen, som utgjer den samla reisetida. I vurderinga av kva som er akseptabel reisetid, må gangtid, ventetid, tid med transportmiddel og omsynet til effektiv og rasjonell organisering av skyssen sjåast i samanheng. Andre moment i denne vurderinga er om gangavstanden til transportmiddelet er rimeleg, forhold ved den aktuelle reisestrekninga, transportbyte og krav til sjølve transporten. Momenta må sjåast opp mot funksjonsevna og dei andre føresetnadene eleven har.

Ansvaret for å oppfylle retten til skyss følgjer av § 28-7 i lovforslaget.

Til § 9-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-4 og er omtalt i punkt 37.

Som hovudregel treng ikkje elevane reisefølgje og tilsyn i denne aldersgruppa, og dette må vurderast for kvar enkelt elev.

Retten til reisefølgje etter førsteledd er i hovudsak reservert for elevar med nedsett funksjonsevne som må ha følgje for at dei skal kunne nytte seg av skysstilbodet dei har rett til. Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig reisefølgje og dekkje skysskostnadene og andre utgifter knytte til reisefølgjet, jf. § 28-7.

Tilsynsplikta i vidaregåande opplæring etter andreledd er på grunn av alderen på elevane vesentleg mindre enn den tilsvarande plikta for å føre tilsyn med elevar i grunnskolen. Plikta omfattar berre elevar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan greie seg aleine i ventetida.

Til § 9-3 Hjelp med å skaffe bustad for elevar i den vidaregåande opplæringa

Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-2 tredje ledd og er omtalt i punkt 37.

Fylkeskommunen skal hjelpe elevane med å skaffe dei ein stad å bu dersom elevane ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen på grunn av lang eller vanskeleg skoleveg. Elevane må betale sjølve, men kan få lån og stipend, jf. lov om utdanningsstønad. Det følgjer av regelen at fylkeskommunen skal byggje elevheimar dersom det ikkje er mogleg å skaffe elevane ein stad å bu innanfor ein avstand med moglegheit for dagleg skyss til skolen. Det skal mykje til for at fylkeskommunen må byggje elevheimar.

Plikta fylkeskommunen har til å hjelpe elevane med å skaffe ein stad å bu eller byggje elevheimar, gjeld berre dei søkjarane som fylkeskommunen har ansvaret for etter § 28-2. Det vil seie at heimfylket har plikt etter regelen også når elevane får plass på ein vidaregåande skole i eit anna fylke. Dette gjeld likevel ikkje ved inntak til landslinjer. I slike tilfelle har vertsfylket ansvaret.

Til § 9-4 Oppfølgingsteneste for ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-6 og er omtalt i punkt 45.

Førsteleddførstepunktum slår fast at fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Det blir ikkje stilt krav til korleis oppgåva blir organisert. Førsteleddandrepunktum seier kven oppfølgingstenesta skal rettast mot, og kva oppfølginga skal gå ut på. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, og som ikkje er i opplæring, omfattar dei som ikkje har søkt eller teke mot elev- eller læreplass, og dei som avbryt opplæringa. For at den enkelte skal kunne reknast for å vere «i arbeid» etter regelen, er det ikkje tilstrekkeleg at det kan konstaterast eit arbeidsforhold. Arbeidsforholdet må vere av ei viss varigheit og ha eit visst omfang. Det er relevant å sjå på om arbeidet er eigna til å gi, eller å bidra til på sikt å gi, den enkelte ei varig tilknyting til arbeidslivet. I tredjepunktum er den øvre aldersgrensa for kven som er omfatta av oppfølgingstenesta, sett til utgangen av det året, det vil seie det kalenderåret, ein fyller 24 år. Ettersom oppfølgingstenesta gjeld for dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, er det i praksis ei nedre aldersgrense for kven som er omfatta, normalt 16 år.

Andreledd slår fast at oppfølgingstenesta pliktar å sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane, pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta), opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen, arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og sosialtenestene. I andreleddandrepunktum er det presisert at oppfølgingstenesta skal samordne og formidle dei ulike tilboda.

Oppfølgingstenesta kan hjelpe til i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med grunnskole og vidaregåande opplæring.

Tredjeledd gir departementet heimel til å gi forskriftsreglar om kva som skal vere dei konkrete oppgåvene til oppfølgingstenesta. Første ledd andre og tredje punktum og andre ledd utgjer rammene for kva oppgåver som kan påleggjast oppfølgingstenesta i forskrift.

Til § 9-5 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 40.11. Paragrafen er i hovudsak meint å vareta dei same omsyna som den tilsvarande paragrafen om overgangen frå barnehagen til skolen i 4-7.

Førsteleddførstepunktum fastset at fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. Regelen regulerer berre overgangen til vidaregåande opplæring organisert for ungdom.

Kva som er ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som vurderinga må gjerast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring handlar mellom anna om at ungdommane og foreldre opplever overgangen som føreseieleg, og at ungdommane veit kva dei kan forvente når dei byrjar i vidaregåande opplæring. Ein trygg og god overgang handlar også om at fylkeskommunen er førebudd på kva erfaringar ungdommane har med seg frå grunnskolen. For å oppnå dette bør fylkeskommunen leggje til rette for ein god dialog som involverer ungdommane. I den grad ungdommane ønskjer det, bør også andre med erfaringsgrunnlag om ungdommen blir involvert.

Fylkeskommunen skal sørgje for ein trygg og god overgang for alle elevar som byrjar i vidaregåande opplæring. Det er opp til fylkeskommunen å vurdere på kva måte han vil sørgje for dette. Fylkeskommunen bør likevel ha eit minimum av generelle tiltak retta mot alle elevar, til dømes tilbod om skolebesøk. Fylkeskommunen bør også gjere det mogleg for alle elevar å gi informasjon om forhold som kan ha noko å seie for overgangen til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen må ta særleg omsyn til korleis overgangen skal gjerast for sårbare ungdommar. For desse elevane kan det vere nødvendig med tett oppfølging og konkrete individuelle tiltak. Det kan til dømes vere behov for at skolen gjennomfører kompetanseheving av personalet eller sørgjer for fysisk tilrettelegging i forkant av skolestart. Nokre minoritetsspråklege ungdommar vil ha behov for spesiell tilrettelegging når det gjeld språk, og det vil vere ein fordel at behovet for mellom anna særskild språkopplæring blir kartlagd så tidleg som mogleg.

Som det kjem fram av førsteleddandrepunktum, skal kommunen samarbeide med fylkeskommunen om overgangen. Det blir her sikta til kommunen som skoleeigar. Samarbeidet kan innebere overføring av opplysningar, også personopplysningar. Behandling av slike opplysningar må skje innanfor dei til kvar tid gjeldande rammene for behandling av personopplysningar.

I andreledd er det fastsett at samarbeidsplikta til kommunen i første ledd gjeld tilsvarande overfor private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova dersom eleven skal byrje på ein slik skole. Dette er meint å sikre samarbeidet i dei tilfella den vidaregåande skolen ikkje er ein offentleg skole, men ein privatskole. Sjå også tilsvarande regel i forslaget til privatskolelova § 5-6. Reglane i opplæringslova § 9-5 og privatskolelova § 5-6 skal til saman sikre at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring, uavhengig av om elevane kjem frå, eller skal til, ein offentleg skole eller ein privatskole godkjend etter privatskolelova.

Til § 9-6 Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 40.11.

Paragrafen fastset at fylkeskommunen pliktar å ha eit overgangstilbod for dei som skal over i vidaregåande opplæring for ungdom, og som manglar faglege eller språklege føresetnader for å gjennomføre opplæringa. Dette kan til dømes gjelde elevar som har hatt mykje fråvær i grunnskolen, eller elevar som har komme til Noreg seint i grunnskoleløpet. Fylkeskommunen vel sjølv korleis tilbodet skal organiserast. Dette inneber mellom anna at fylkeskommunen kan velje om tilbodet skal givast før eller etter den enkelte har starta i vidaregåande opplæring. Det er også opp til fylkeskommunen kva innhald det skal ha, nærare målgruppe for tilbodet og omfanget av tilbodet. Det er likevel ein føresetnad at det tilbodet fylkeskommunen gir, er eigna til å betre føresetnadene til elevane for å kunne fullføre og bestå den vidaregåande opplæringa. Det er ikke ein rett for den enkelte til å delta i eit slikt opplæringstilbod. Fylkeskommunen har ikkje plikt til å dimensjonere tilbodet til alle i målgruppa.

Til § 9-7 Tilbod om meir grunnskoleopplæring

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-1 andre ledd og er omtalt i punkt 40.11.

Paragrafen gjer det mogleg for kommunar og fylkeskommunar å tilby førebuande opplæring etter § 18-2 til dei som allereie har fullført grunnskolen. Som presisert i andre punktum kan opplæringa gjere det mogleg å forbetre grunnskolevitnemålet. Dette vidarefører gjeldande praksis og er tatt inn i paragrafen for å synleggjere at det elles ikkje er mogleg å forbetre grunnskolevitnemålet. Fylkeskommunen vel sjølv om han vil tilby førebuande opplæring etter paragrafen. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve.

For å kunne takast inn på eit tilbod om meir grunnskoleopplæring må ein oppfylle to vilkår. For det første må ein ha rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1. Dette inneber at ein må ha fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring. Det andre vilkåret er at ein må ha behov for meir grunnskoleopplæring. I vurderinga av om den enkelte har behov for meir grunnskoleopplæring, skal det leggjast vekt på kva for eit fagleg grunnlag den enkelte har frå grunnskolen, og korleis dette påverkar sjansane for at vedkommande greier å oppnå studie- eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.

Dei som deltek i eit tilbod om meir grunnskoleopplæring etter denne paragrafen, blir rekna som vaksne deltakarar etter femte del i lova. Reglane i femte del i lova gjeld derfor for denne opplæringa.

Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa

Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati og skolereglar

Til § 10-1 Det beste for eleven

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 10.

Paragrafen regulerer prinsippet om det beste for barnet og erstattar tidlegare reguleringar i dagens opplæringslov §§ 2-8 femte ledd, 3-12 femte ledd, 9 A-4 femte ledd og 9 A-6 tredje ledd.

Paragrafen må sjåast i samanheng med og tolkast i samsvar med Grunnlova § 104 andre ledd og barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 om det beste for barnet. Etter desse reglane gjeld prinsippet om det beste for barnet for alle barn og unge opptil 18 år. Når paragrafen viser til «elevar», omfattar det også dei over 18 år så lenge dei er elevar. I samsvar med § 5-1 andre ledd kan ein person berre vere elev ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.

Regelen gjeld ikkje for dei som har læretid i bedrift, eller vaksne deltakarar. Prinsippet om det beste for barnet vil likevel, i kraft av Grunnlova og barnekonvensjonen, gjelde for dei som har læretid i bedrift, og for deltakarar i grunnopplæringa for vaksne, når dei er under 18 år.

Paragrafen gjeld for alle som tek avgjerder eller gjer andre handlingar som vedkjem elevar. Vurderinga av kva som er det beste for eleven skal vere sentral i alle handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, ikkje berre i saker som blir avgjorde gjennom enkeltvedtak. Dette inneber at det ved førebuinga av alle avgjerder og tiltak må vurderast om saka kan vedkomme ein eller fleire elevar. Dersom svaret på dette er ja, må ein sørgje for å skaffe seg kunnskap om kva som vil vere til det beste for eleven eller elevane. Medverknaden til elevane, jf. § 10-2, vil vere sentral i vurderinga av kva som er det beste for elevane.

I vurderinga av kva som er til det beste for eleven skal ein ta utgangspunkt i behovet og føresetnadene til den enkelte eleven. Det vil variere om det i vurderinga av det beste for eleven skal rettast merksemd mot ein enkeltelev, fleire elevar eller heile grupper eller klassar. Om det er éin eller fleire elevar, vil mellom anna avhenge av kven som er avgjerdstakar, og kva avgjerda går ut på.

Kva som vil vere til det beste for den enkelte eleven, kjem an på ei individuell og konkret vurdering. Relevante moment i vurderinga er mellom anna eleven sine eigne meiningar, identiteten til eleven, sårbarheitssituasjonen til eleven, helsa til eleven, retten eleven har til vern, omsorg og tryggleik, og retten eleven har til utdanning, jf. barnekomiteens Generell kommentar nr. 14 (2013) Om barnets retttilat hans eller hennes beste skal være et grunnleggende omsyn avsnitt 52 flg.

I tråd med forståinga av barnekonvensjonen tilseier «grunnleggjande omsyn» at det beste for eleven ikkje er det einaste og heller ikkje alltid det avgjerande omsynet. Samtidig viser «grunnleggjande» til at omsynet til det beste for eleven ikkje berre er eitt av fleire moment i ei heilskapsvurdering, men eit omsyn som skal ha stor vekt. Det skal mykje til for at andre omsyn kan gå føre det beste for eleven. Dersom det er andre omsyn som speler inn, må det beste for eleven vegast opp imot desse. Omsynet til det beste for ein enkelt elev kan komme i konflikt med andre omsyn, til dømes omsynet til andre elevar eller klassemiljøet. Slike konfliktar må løysast konkret frå sak til sak, medan ein balanserer dei ulike interessene til elevane og prøver å finne eit kompromiss, jf. barnekomiteens Generell kommentar nr. 14 (2013) Om barnets retttil athans eller hennes beste skal være et grunnleggende hensyn avsnitt 37-39.

I saker som blir avgjorde gjennom enkeltvedtak, skal vedtaket vise korleis omsynet til det beste for eleven har vorte vurdert. Vurderinga av det beste for eleven i den konkrete saka må vere omtalt i grunngivinga til vedtaket og vere tilstrekkeleg konkret og individuell.

Til § 10-2 Elevane sin rett til medverknad

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 21.

Paragrafen følgjer opp Grunnlova § 100 om ytringsfridom og § 104 om retten barnet har til medverknad, og må tolkast i lys av reglar i Grunnlova og barn sin rett til å bli høyrde etter barnekonvensjonen artikkel 12. Paragrafen gjeld elevar under og over 18 år, noko som inneber ei utviding samanlikna med kva som følgjer av anna regelverk.

Paragrafen gjeld ikkje for dei som har læretid i bedrift. Prinsippet om retten barnet har til å bli høyrd, vil likevel, i kraft av Grunnlova og barnekonvensjonen, gjelde for dei som har læretid i bedrift når dei er under 18 år. For dei som har læretid i bedrift, gjeld reglane i arbeidsmiljølova om retten og plikta arbeidstakarar har til medverknad.

For vaksne deltakarar gjeld eigne reglar om medverknad, sjå § 20-1.

Førstepunktum gir kvar elev ein sjølvstendig og vilkårslaus rett, men ikkje ei plikt, til å medverke i alle avgjerder som gjeld eleven sjølv. Det er ikkje nødvendig å hente inn eit samtykke frå foreldra for å snakke med eleven. Retten eleven har til medverknad, gjeld uavhengig av foreldra. Kvar elev skal ha rett til å uttale seg fritt. Det er ein føresetnad for å kunne ytre seg fritt at eleven får informasjon om situasjonen eller saka, kva avgjerder som skal takast, og kva konsekvensar desse avgjerdene kan få for eleven, jf. § 10-8 om informasjonsplikt. Dersom det finst fleire alternative løysingar, skal eleven få informasjon om dette. Informasjonen må vere forståeleg og tilpassa dei individuelle føresetnadene til eleven, til dømes alder, modnad, erfaring og kultur- og språkbakgrunn. For at eleven skal kunne uttale seg fritt, må skolen leggje til rette for at situasjonen kjennest trygg for eleven, og ikkje utsetje eleven for påverknad eller press. Det er også ein føresetnad at elevane får den tilrettelegginga dei treng for å kunne gi uttrykk for sitt syn.

Retten til medverknad dekkjer alt som gjeld ein eller fleire elevar etter opplæringslova og i heile avgjerdsprosessen. Medverknaden skal også vareta den religiøse, kulturelle og språklege bakgrunnen til elevane. Dette inkluderer språket og kulturen til samiske elevar.

Det følgjer av andrepunktum at det ikkje er tilstrekkeleg å la eleven ytre seg. Realisering av retten krev at det blir lagt vekt på meiningane til eleven etter alder og modnad.

Det er primært skolen som må vareta retten elevane har til medverknad, men også andre delar av kommunen har eit ansvar, til dømes den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Det er ikkje tilstrekkeleg at skolen, PP-tenesta osv. får informasjon om ein elev frå andre, til dømes foreldra. Dersom til dømes skolen primært byggjer informasjonen sin om ein elev på opplysningar frå andre, og ikkje snakkar direkte med eleven, inneber det eit brot på retten eleven har til medverknad, og kravet om forsvarleg saksbehandling.

Skolen skal også ta omsyn til at elevar har rett til privatliv etter barnekonvensjonen artikkel 16 når skolen skal vareta retten eleven har til å medverke. Dersom skolen vil dele opplysningar dei har fått frå eleven, med foreldra eller andre, må skolen informere eleven om dette. Eleven skal få uttale seg om opplysningane skal delast, kva informasjon skolen bør gi, og korleis skolen bør gi denne informasjonen.

Til § 10-3 Samarbeid med foreldra

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-3 d og er omtalt i punkt 20.

Plikta i førsteledd gjeld både for grunnskolar og vidaregåande skolar, men ikkje når ungdom har læretid i bedrift.

På opplæringsfeltet kan elevane på ein del område bestemme sjølve frå dei er 15 år, sjå forslaget § 24-5. Samarbeidsplikta må sjåast i samanheng med desse reglane og med omsorgsplikta for foreldre til barn under 18 år, jf. barnelova §§ 30 til 33. Plikta skolen har til å samarbeide med foreldra, gjeld med mindre han kjem i konflikt med reglane om sjølvråderetten til eleven.

Ordet «foreldra» omfattar både foreldre og føresette, det vil seie dei som varetek foreldreansvaret i staden til foreldra. Samarbeidsplikta til skolen gjeld anten eleven bur saman med foreldra sine eller til dømes på institusjon eller hos fosterforeldre. I samband med foreldresamarbeidet må skolen ta omsyn til dei reglane som gjeld for varetaking av partsrettane barnet har etter opplæringslova og etter andre lovverk, som barnelova og barnevernlova.

Plikta skolen har overfor foreldra, fell bort når eleven blir myndig. Skolen bør likevel leggje til rette for samarbeid med foreldra også når eleven har fylt 18 år, dersom eleven ønskjer det. Skolen skal også samarbeide med foreldra dersom eleven er over 18 år, men framleis står under verjemål og er avhengig av bistanden til foreldra.

Nemninga «opplæringa» skal forståast vidt. Dette inneber at skolen har plikt til å samarbeide med foreldra om både den faglege og sosiale utviklinga til eleven. Samarbeidet skal også omfatte andre sider av opplæringa, som til dømes samarbeid ved skolestart, fråværet til eleven, anna utvikling hos eleven og overgangar mellom trinn og mellom skolar. Retten foreldra har til medverknad, er også regulert andre stader i opplæringslova, til dømes når eleven har rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 siste ledd.

«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for at skolane oppfyller plikta, jf. § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd.

Det er skolen, som den profesjonelle parten, som har ei plikt etter lova til å samarbeide, ikkje foreldra. Skolen bør leggje til rette for at alle foreldre kan delta i samarbeidet, uavhengig av språkkunnskapar, bakgrunn og føresetnader. Dersom samarbeidet skal fungere, er det likevel ein føresetnad at foreldra deltek aktivt.

Skolen har eit ansvar for å gi tilpassa informasjon til foreldra om kva samarbeidet inneber, og kva dei forventar av foreldra, slik at foreldra veit korleis dei kan hjelpe barna sine, og kva dei kan forvente av skolen. I samarbeidet med foreldra må skolen ta ansvar for at det beste for eleven blir vurdert, og for at det er mogleg for eleven å medverke og bli høyrd, slik at rettane og tilliten eleven har til skolen, blir varetekne. Skolen skal også ta omsyn til at elevar har rett på privatliv, jf. barnekonvensjonen artikkel 16. Skolen må derfor informere eleven om at dei vil dele opplysningar dei har fått frå eleven, med foreldra. Eleven skal få uttale seg om opplysningane skal delast med foreldra, kva informasjon foreldre skal få, og korleis skolen bør gi denne informasjonen. Plikta må sjåast i samanheng med den generelle informasjonsplikta i § 10-8. Informasjonsplikta skal sikre at elevane og foreldra får den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet og skolereglane og om rettane og pliktene elevane elles har.

Det kan vere behov for tolk ved kommunikasjon mellom skolen og foreldra til eleven, og skolen må vurdere når det er nødvendig med tolk. Sjå nærare om krav offentlege organ har til bruk av tolk, i punkt 20.5.3 og tolkelova § 6.

Samarbeid med heimen er også tema i § 1-3 første ledd. Denne regelen gjeld heile grunnopplæringa, altså også for dei som har læretid i bedrift, og for vaksne deltakarar dersom desse er under myndig alder.

Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje utfyllande reglar i forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra. Heimelen er ei vidareføring av dagens regel.

Til § 10-4 Skoledemokratiet

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 22.

Førsteledd slår fast at både elevane og foreldra skal involverast i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av skoleverksemda. Dette inneber at dei skal få delta og medverke og dermed få moglegheita til å påverke utviklinga av skolen. Elevane og foreldra skal få medverke i arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling av opplæringa og fastsetjinga av skolereglar, og kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at skolen også involverer elevane og foreldra i andre delar av skoleverksemda som er viktige for dei, som til dømes organiseringa av skoledemokratiet.

Det er ein føresetnad for at elevane skal kunne delta i arbeidet at deltakinga blir tilpassa alderen på elevane. Kravet om at elevane og foreldra skal få delta i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av skoleverksemda, omfattar ikkje foreldra til myndige elevar.

Krava i andreledd om å «leggje til rette for» og «oppmuntre» inneber at skolen må vere aktiv. Kravet om at skolen skal «hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet» betyr at skolen må rettleie elevane om korleis dei kan drive elevdemokrati, og støtte dei i arbeidet undervegs.

Med «alle elevane» meiner ein at det ikkje er tilstrekkeleg at skolen legg til rette for at råd og utval ytrar seg og deltek i skoledemokratiet. Skolen må også jobbe aktivt for å skape eit trygt miljø der alle elevane kan ytre seg og delta i skoledemokratiet på ulike måtar, og ikkje berre gjennom elevrepresentantane i brukarorgana. Det må leggjast til rette for at alle elevane får moglegheit til å delta, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, funksjonsnivå eller sosial bakgrunn.

«Skolen» er pliktsubjekt i paragrafen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for oppfyllinga, jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.

Til § 10-5 Organiseringa av skoledemokratiet

Paragrafen er ny og erstattar store delar av kapittel 11 i dagens lov. Paragrafen er omtalt i punkt 22.

Første ledd handlar om kva organ for brukarmedverknad kommunen og fylkeskommunen skal ha ved skolane sine. Etter første ledd førstepunktum skal det som hovudregel vere eit elevråd ved kvar skole. Det blir samtidig opna for at elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte, jf. første ledd andre punktum. Kravet om elevråd er ei vidareføring, medan opninga for eit alternativ er nytt. Dersom elevane ønskjer ei anna organisering enn elevråd, må det takast stilling til organiseringa kvart skoleår. Dette har samanheng med at elevmassen endrar seg for kvart år. Korleis elevane ønskjer å organisere seg, kan derfor vere ei naturleg diskusjon ved starten av skoleåret. Same korleis elevane vel å organisere elevdemokratiet, ligg det i ansvaret i § 10-4 andre ledd at kommunen og fylkeskommunen må leggje til rette for og støtte opp under elevdemokratiet. Ein måte å støtte elevdemokratiet på kan vere å gi ein av dei tilsette ved skolen ansvaret for å hjelpe elevane med elevrådet eller den alternative organisasjonsforma.

Første ledd tredje punktum er nytt og inneber at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane om mynde til å ta avgjerder om brukarorgan blir delegert. Regelen gir kommunen og fylkeskommunen fridom til å vurdere kva brukarorgan som fungerer best på eigne skolar. Organiseringa dei vel å ha, må vere eigna til å vareta medverknad etter § 10-4. Elevane og foreldra skal få vere med på å planleggje og vurdere korleis skoledemokratiet skal organiserast, og kva brukarorgan ein bør ha. Dette inneber ikkje at kommunen og fylkeskommunen må sørgje for at det blir fastsett ei ny organisering av skoledemokratiet kvart år.

Andre leddførste punktum handlar om representasjon i brukarorgana ved skolen. Ved grunnskolar skal både elevane og foreldra vere representerte i organ, mens elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Dette inneber at kommunen må sørgje for at det i grunnskolar er eit organ der også foreldra er representert. Regelen i andre ledd andre punktum gir elevane møte- og talerett i drøftinga av alle pedagogiske og administrative saker som gjeld interessene til elevane, parallelt med dei rettane dei tilsette har med heimel i § 13-4 i kommunelova.

Skolereglane skal ha reglar om organiseringa av skoledemokratiet, jf. § 10-7 første ledd. Kva for brukarorgan kommunen og fylkeskommunen har ved skolane sine, skal komme fram av skolereglane.

Til § 10-6 Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen sin oppfølgingsplikt

Paragrafen erstattar delvis dagens lov §§ 2-3 fjerde ledd og 3-4 andre ledd og er omtalt i punkt 13.

Førsteleddførstepunktum pålegg elevane ei plikt til å vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane som er gjevne i medhald av § 10-7. Plikta til å delta aktivt i opplæringen kan til dømes innebere at eleven skal møte punktleg til timane, utføre gjeremål, levere innleveringar, og vere oppmerksam i timane uten å vere på sosiale media eller forstyrre undervisninga. Skolen skal organisere og gjennomføre opplæringa slik at det er mogleg for elevane å delta aktivt.

Regelen er ikkje til hinder for at enkeltelevar på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing blir friteken frå enkelte delar av opplæringstilbodet eller får opplæringa i ei anna form.

Reaksjonar som skal kunne brukast som tiltak ved brot på plikta i § 10-6, må fastsetjast i skolereglane. Skolereglar blir fastsette av kommunane og fylkeskommunane med heimel i § 10-7.

Førsteleddandrepunktum pålegg kommunen og fylkeskommunen ei plikt til å sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp. Plikta til å følgje opp gjeld alt fråvær og frå første dag ein elev er borte frå opplæringa, og kommunen og fylkeskommunen bør ha gode rutinar og system for registrering av ulike typar fråvær, for avdekking av fråværsmønster, for oppfølging av fråverande elevar og for samarbeid med heimen. Det er oppgåva om å sørgje for at fråværet til elevane blir følgde opp, som gir rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.

Kommunen og fylkeskommunen avgjer sjølve korleis elevane skal følgjast opp, men korleis elevane blir følgde opp, må sjåast i samanheng med årsaka til fråværet og kor langvarig og hyppig fråværet er. Oppfølginga må vere eigna til å oppfylle formålet med lovfestinga av regelen, som er å arbeide for meir nærvær i skolen og å betre moglegheita til den enkelte elev til å fullføre og bestå grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Plikta må også sjåast i lys av pliktene kommunen og fylkeskommunen har etter reglane om skolemiljø, sjå punkt 33, og tilpassa undervisning, sjå punkt 24.

For å kunne førebygge ytterlegare fråvær, vil det ofte vere nødvendig å avdekke og følgje opp bakgrunnen for fråværet. Kortare og enkeltståande fråvær vil ofte berre krevje at skolen tar imot informasjon om årsaka til at eleven er borte, til dømes ved å ta imot ei melding frå foreldra til eleven om at eleven er sjuk. I mange tilfelle vil det ikkje vere behov for nærare oppfølging frå skolen, til dømes når årsaka til fråværet er influensa eller andre vanlege helseutfordringar som går over av seg sjølv. I andre tilfelle kan det vere behov for meir oppfølging sjølv om fråværet er kort. Det gjeld særleg dersom fråværet er gjentakande. Hyppig eller langvarig fråvær vil særleg kunne krevje individuelt tilpassa tiltak for at opplæringsretten og -plikta skal kunne varetakast. Kommunen og fylkeskommunen bør vere særleg merksame på elevar som ikkje møter til første skoledag etter sommarferien, og ha rutinar for dette.

Oppfølgingsplikta til kommunen må sjåast i lys av opplæringsplikta, jf. § 2-2. Oppfølgingsplikta til fylkeskommunen må sjåast i samanheng med forskriftsreglar om fråvær gitt i medhald av § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fråvær som medfører tap av rett til vurdering, får store konsekvensar for eleven, og skolen må prøve å finne tiltak som kan hjelpe elevane å unngå å hamne i ein slik situasjon.

Andre ledd første punktum gir eit rettsleg grunnlag for at kvar enkelt skole kan gi elevane skoleoppgåver utanfor skoletida, ofte omtalt som lekser. Det er berre skolen som kan påleggje elevane å gjere lekser. Det betyr at andre i administrasjonen frå kommunen eller fylkeskommunen og dei folkevalde organa ikkje kan avgjere om ein skole skal gi lekser, men dei kan bestemme at skolane skal vere leksefrie. Det er inga plikt for skolen til å gi lekser sjølv om paragrafen opnar for at lekser kan givast. Dersom det ligg føre ei avgjerd frå kommunen eller fylkeskommunen om at skolane skal vere leksefrie, vil ikkje skolane kunne bruke lekser som undervisningsform. Val av lekser skal byggje på ei fagleg-pedagogisk vurdering på den enkelte skolen. Vurderinga av om det skal givast lekser eller ikkje, er opp til skolen og er ei skjønnsmessig vurdering (med mindre kommunen har bestemt at skolane skal vere leksefrie). Dette er eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Tilsynsmakta og domstolane kan overprøve om opplæringa er i samsvar med læreplanverket, og om retten eleven har til kvile og fritid, er oppfylt, sjå nedanfor. Kommunane og fylkeskommunane kan i skolereglane, jf. § 10-7, fastsetje reglar om bruk av tiltak dersom elevar ikkje gjer lekser som skolen har pålagt.

Opplæringa skal vere i samsvar med læreplanverket, sjå §§ 2-3 og 5-4, og skolen skal ha aktivitetar som bidreg til at elevane kan nå kompetansemåla. Lekser kan vere ein del av det pedagogiske arbeidet til skolen med opplæring i faga og er ein av fleire moglege arbeidsmåtar i skolen. Lekser som blir gitt, skal inngå i ein pedagogisk samanheng og tilpassast elevane i tråd med tilrådingane som kjem fram frå forsking. Prinsippa om tilfredsstillande utbytte av opplæringa og tilpassa opplæring gjeld også for lekser, jf. §§ 11-1 og 11-2. Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at opplæringa blir lagd til rette og blir tilpassa evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Medverknad og eit godt samarbeid mellom heimen og skolen er viktig for å tilpasse leksene etter evnene og føresetnadene til elevane.

Det følgjer av andreleddandrepunktum at det skal takast omsyn til retten elevane har til kvile og fritid, når elevane blir pålagde å gjere lekser. Dette kravet må forståast i lys av retten barnet har til kvile og fritid etter barnekonvensjonen artikkel 31. Det er kommunane og fylkeskommunane som er rettsleg ansvarlege og skal sørgje for at skolen tek omsyn til retten elevane har til kvile og fritid. I praksis vil det likevel vere skolen som må sørgje for at elevane får tilstrekkeleg kvile og fritid når lærarane gir lekser, mellom anna ved å sjå på den samla belastinga av heimearbeid til elevane. I og med at lekser verkar inn på fritida til elevane, er det viktig at det blir lagt til rette for medverknad når det blir avgjort kor mykje lekser som kan givast. Lærarane bør samarbeide og planleggje i fellesskap for å unngå at elevane får ei for høg belastning av lekser. Lekser som varetek retten til kvile og fritid for dei fleste elevane i ein klasse, kan likevel gå ut over retten enkelte elevar har til kvile og fritid, og skolen må ta omsyn til dette.

Til § 10-7 Skolereglar

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-10 og er omtalt i punkt 34.2.

Førsteledd pålegg kommunane og fylkeskommunane å vedta skolereglar for kvar skole. Skolereglane kan vere felles for alle skolane. Kommunane og fylkeskommunane kan også vedta nokre reglar som er felles for alle skolane, og nokre reglar som berre gjeld for enkeltskolar. Det er elles opp til kommunane og fylkeskommunane om mynde til å ta avgjerder blir delegert, og korleis elevane blir tekne med på avgjerdene. Krava til medverknad og skoledemokrati, sjå §§ 10-2 til 10-5, stiller likevel krav om både nærleik til og aktiv deltaking i avgjerder. Departementet viser spesielt til forslaget til reglar om skoledemokratiet i § 10-4, hvor det uttrykkeleg er fastsett at skolen skal sørgje for at elevane og foreldre får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere blant anna arbeidet med å fastsetje skolereglar.

Kjerneområdet for skolereglane er på skoleområdet i skoletida. Skolereglane kan også gjerast gjeldande for bruk av den digitale infrastrukturen til skolen, også utanfor skoletida.

Internat vil ikkje vere dekte av skolereglane, sjølv om dei blir drivne av kommunen eller fylkeskommunen og elevar bur der. Reglar for orden og oppførsel på internatet, og reaksjonar ved brot på desse, må eventuelt regulerast i eigne regelverk for internatet eller vere del av bebuarkontrakten.

Skolereglane må vedtakast i form av ei forskrift. I forvaltningslova kapittel VII er det krav til forskrifter, mellom anna krav til prosess, form og kunngjering. Skolereglane skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.

Alle skolereglar skal ha reglar om «organisering av skoledemokratiet», til dømes om elevråd, foreldremedverknad, allmøte osv., jf. §§ 10-4 og 10-5. Vidare skal alle skolereglar ha reglar om «rettar og pliktar for elevane, mellom anna om orden og oppførsel». Reglane kan ikkje avgrense rettane til elevane etter lova eller nasjonale forskrifter i medhald av lova. Det er elles opp til kvar enkelt kommune, fylkeskommune eller skole å avgjere kva reglar ein ønskjer å ha i skolereglane.

Skolereglane skal skrivast slik at elevane kan forstå dei. Dette stiller krav til språket i skolereglane og utforminga elles. Skolereglane har først og fremst elevane som målgruppe. Dersom det skal vere mogleg for elevane å orientere seg om rettane og pliktene sine, må dei vite om at det finst skolereglar, og reglane må vere lette å forstå. Skolereglar som rettar seg mot yngre elevar, må formast ut enklare enn reglar som rettar seg mot eldre elevar, til dømes elevar i vidaregåande skole.

Andreledd peikar på at kommunane og fylkeskommunane kan velje å ta inn i skolereglane kva tiltak som kan brukast når elevar bryt reglane, og korleis slike saker kan behandlast. Dersom ein kommune eller fylkeskommune ønskjer å kunne bruke tiltak ved brot på forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i § 27-2, må dette fastsetjast i skolereglane. Tilsvarande gjeld for brot på plikta til å vere aktivt med i opplæringa etter § 10-6 første ledd første punktum. Skolen kan berre bruke «tiltak», det vil seie reaksjonar, mot elevar som bryt skolereglane, som er fastsette i skolereglane. Det må likevel avgrensast mot mindre inngripande tiltak, som følgjer av retten skolen har til å organisere og leie undervisninga. Desse treng ikkje fastsetjast i skolereglane. Døme på slike tiltak kan vere at to elevar ikkje lenger får sitje ved sida av kvarandre, at elevar må byte aktivitet eller får beskjed frå lærar om å leggje vekk mobiltelefonen. Skolen kan også endre klasseinndelinga, altså flytte elevar mellom klassar og grupper, med det formålet å gi elevane eit betre læringsutbytte.

Fysisk refs eller anna krenkjande behandling av elevane er ikkje lov. Dette utgjer både ei ytre grense for kva tiltak som kan fastsetjast i skolereglane, og ei tydeleg grense for kva som er akseptable og lovlege tiltak å setje inn overfor elevane.

Elevane har rett til å bli høyrde før det blir teke ei avgjerd om tiltak, jf. § 10-2 første ledd andre punktum.

Til § 10-8 Informasjon til elevane og foreldra

Paragrafen vidarefører informasjonsplikta som mellom anna går fram av dagens lov §§ 2-3 a, 9 A-9 og 9 A-10 og dagens forskrift til opplæringslova kapittel 20, og samlar informasjonsplikta i éin paragraf. Paragrafen er omtalt i punkt 19.

Paragrafen gir skolen ei generell informasjonsplikt. Skolen skal sørgje for at elevar og foreldre får den informasjonen dei treng. I dette ligg det eit krav om ei aktiv og kontinuerleg informering. Det er skolen som i praksis må vareta informasjonsplikta på vegner av kommunen eller fylkeskommunen.

Elevar og foreldre har rett til informasjon og rettleiing om relevante reglar, særleg rettar og pliktar. Informasjonsplikta skal sikre at elevane og foreldra får nok informasjon til å vurdere om rettane til elevane er oppfylte. Skolen skal til dømes informere om rettane som gjeld det psykososiale og fysiske skolemiljøet, om skolereglane, om fritak frå opplæringsplikta, om rutinar og det daglege arbeidet. Det går eksplisitt fram av andre punktum at skolen skal informere om retten til opplæring i og på samisk. Skolen skal også informere om andre språkrettar. Skolen skal også gi all annan informasjon som er nødvendig for å gi god innsikt og grunnlag for aktiv deltaking frå elevane og foreldra si side.

Paragrafen stiller både krav til den generelle informasjonen som blir gitt elevane og foreldra, og til den spesifikke informasjonen som blir gitt til enkeltelevar og foreldre i samband med konkrete saker.

Til dømes skal skolen årleg informere elevar og foreldre om reglane for fritak frå aktivitetar som ut frå eigen religion eller livssyn blir opplevd som støytande eller som utøving av ein annan religion, og om innhaldet i opplæringa og om rettane deira som gjeld skolemiljø. Elevar og foreldre skal varslast snarast mogleg dersom skolen blir kjend med at noko ved skolemiljøet kan vere til skade for helsa til elevane. Elevråd og andre brukarorgan må mellom anna få informasjon om alt som er viktig for skolemiljøet. Ordensreglementet skal også gjerast kjent for elevar og foreldre.

I konkrete saker skal barnet mellom anna informerast om saka/situasjonen, kva informasjon dei vaksne har, og frå kven, kva val og avgjerder som kan/skal takast, kva alternativ som finst i den aktuelle situasjonen, kva konsekvensar desse vala kan få – kva som vil skje etterpå, og kva som skjer/kan skje med det barnet fortel. Skolen skal også leggje til rette for at barnet skal få uttale seg fritt ved å gjere det trygt og respektfullt.

Paragrafen inneber at skolen skal halde løpande kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret, og at informasjonen skal givast utan ugrunna opphald.

Det er ikkje fastsett krav til nærare tidspunkt, form eller innhald. Skolane kan til dømes gi informasjonen på foreldremøte, i klassen, på nettstaden til skolen, gjennom læringsplattformer eller på e-post. Det blir føresett at skolane finn ein eigna måte å gjere dette på, som sikrar at formålet med plikta blir oppfylt. Skolane kan ikkje basere seg på at barn vidareformidlar informasjon til foreldra. Dersom informasjon blir send med elevane eller elevane blir bedne om å informere foreldra, må skolen forsikre seg om at informasjonen er gitt foreldra. Informasjonen skal givast til elevane og foreldra.

Det er viktig at informasjonen blir gjort tilgjengeleg for alle som skal få han. Dette inneber mellom anna at informasjon om reglane må givast på ein forståeleg måte, og at skolen må vurdere om det er nødvendig med tolk. Det bør også takast omsyn til at mange barn har delt bustad, og at informasjonen må nå begge heimane. Informasjonen som blir gitt, må vere forståeleg og tilpassa. Dette kan bety å omsetje informasjonen til eit språk foreldra og føresette forstår, og i nokre tilfelle at informasjonen må givast munnleg.

Til § 10-9 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Paragrafen vidarefører innhaldet i dagens lov § 11-9 og i dagens forskrift § 20-2. Paragrafen er omtalt i punkt 48.

Førsteledd slår for det første fast at FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom skole og heim. FUG skal vareta interessene til foreldra og fremje ein open og god dialog i saker som vedkjem FUGs fagområde. FUG kan også gi råd til og gjere perspektivet til foreldra kjent overfor andre offentlege styresmakter og aktørar. FUG kan sjølv ta initiativ til å fremje saker og synspunkta sine. Forutan å gi høyringsfråsegner, råd og innspel til departementet og eventuelt andre offentlege styresmakter, er ei viktig oppgåve for utvalet å gi informasjon og rettleiing til foreldre og tilsette på skolen. FUG har ikkje noko formelt mynde, heller ikkje eigne innsynsheimlar e.l.

I andreledd kjem det fram at det er departementet som nemner opp kvart utval. Det er vidare presisert at kvart utval blir nemnt opp for fire år av gongen og skal ha ein leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Departementet bør sørgje for at kvart utval har ei variert og brei samansetning med utvalsmedlemmer som har ulik relevant bakgrunn, og som er frå ulike delar av landet. Partipolitisk tilhøyrsel bør ikkje påverke kven som blir nemnde opp. Departementet skal sørgje for god dialog med og oppfølging av FUG.

Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

Til § 11-1 Tilpassa opplæring

Førstepunktum gjer greie for den overordna plikta skolen har til å sørgje for at elevane får tilpassa opplæring, og er i hovudsak ei vidareføring av dagens lov § 1-3. Paragrafen er omtalt i punkt 24.

At opplæringa skal vere tilpassa, inneber at opplæringa – innanfor eit fellesskap – skal utformast og leggjast til rette på ein slik måte at alle elevar kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Med tilpassa opplæring siktar ein til ei fagleg, metodisk og sosial utforming av opplæringa slik at elevane får realisert potensialet sitt i så stor utstrekking som mogleg innanfor fellesskapet, og formålet er at opplæringa tek høgd for å unngå unødvendige særløysingar for enkeltindivid. Skolen må ta høgd for at elevane har ulike evner, potensial, føresetnader og behov. Det inneber mellom anna at skolen må jobba aktivt for å inkludere alle elevane i klassen, både sosialt og fagleg, og ha strategiar for at alle skal kunne delta aktivt. Paragrafen gir kommunen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr mellom anna at det ikkje skal gjerast enkeltvedtak om tilpassa opplæring. Paragrafen gir kommunen, fylkeskommunen og skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast.

Kva som er tilfredsstillande utbytte av opplæringa, er ei skjønnsmessig vurdering, som byggjer på fagleg-pedagogiske vurderingar. Moment her kan vere meistrings- og funksjonsnivået, læringsføresetnadene og utviklinga til elevane. Desse momenta må sjåast opp mot forventa kompetansemål i læreplanverket, eventuelt i individuelle opplæringsplanar. Det er ikkje noko eintydig kriterium for kva som er tilfredsstillande utbytte, og det må vurderast konkret. Plikta er broten når utbyttet til elevane ikkje er tilfredsstillande. Nemninga tilfredsstillande krev likevel ikkje at skolane sikrar optimalt utbytte av opplæringa. Tanken med denne rettslege standarden, som kan variere over tid og med endringar i kva som er fagleg god praksis, er å sikre at plikta og retten til opplæring blir reell. Å avgjere kva som er tilfredsstillande utbytte, er eit lovbunde skjønn.

Andrepunktum vidarefører dagens reglar i § 1-3 om at opplæringa skal tilpassast også for dei som har læretid i bedrift.

Til § 11-2 Tilfredsstillande utbytte av opplæringa

Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring og samanstilling av plikter kommunen og fylkeskommunen har etter dagens reglar, mellom anna etter § 5-4 første ledd andre og tredje punktum i dagens lov.

Paragrafen er omtalt i punkt 24 og inneheld plikter som er ledd i eit handlingsforløp som går ut på at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til rektor når det er tvil om ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, det vil seie dersom eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa med dei eventuelle tilpasningane som allereie er gjort, må skolen setje i verk eigna tiltak innanfor tilpassa opplæring. Tiltaka kan både gjelde utforminga av opplæringa eller tilbod om intensiv opplæring og ulike former for tilrettelegging. Skolen skal evaluere om tiltaka som blir sette inn, gir eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om andre tiltak eller former for tilrettelegging er nødvendig.

«Skolen» er brukt som subjekt i første ledd andre punktum og andre ledd fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.

Til § 11-3 Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn

Paragrafen vidarefører innhaldet i dagens lov § 1-4, og er omtalt i punkt 24.

Førstepunktum slår fast at kommunen skal sørgje for at elevar på 1. til 4. trinn som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen i lesing, skriving og rekning for elevar som treng det. Elevane skal ikkje ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men skal setjast i stand til å følgje ein alminneleg progresjon i undervisninga. Elevar som treng avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass i den ekstra innsatsen, kan ha rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4, 11-5 og 11-6.

Paragrafen gir kommunen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr mellom anna at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak. Paragrafen gir kommunen og skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast.

Andrepunktum slår fast at dersom det er til det beste for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kortare periode bli gitt som eineundervisning, jf. også § 10-1. Elles gjeld dei ordinære reglane for organisering av opplæringa, sjå § 14-2.

Til § 11-4 Personleg assistanse

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 5-1 og er omtalt i punkt 25.

Paragrafen vidarefører retten elevar har til personleg assistanse dersom eleven treng dette for å delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Med personleg assistanse er det meint praktisk hjelp og bistand frå ein person (assistent) som kan følgje med og hjelpe eleven i skolekvardagen. Assistansen kan variere både i omfang og oppgåver og kan til dømes vere hjelp til å følgje med i opplæringa, sosiale aktivitetar i friminuttet, kommunikasjon, flytting, bering av sekk og utstyr, av- og påkleding, måltid og toalettbesøk. Personleg assistanse kan givast av personar som ikkje er tilsette i lærarstilling.

Ein elev kan i tillegg ha rett til personleg assistanse etter helse- og omsorgstenestelova. Hjelp frå ein assistent kan følgjeleg reknast som ein del av opplæringa i nokre samanhengar og som helse- og omsorgstiltak i andre samanhengar, men opplæringslova gir ikkje elevane rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Retten til personleg assistanse etter opplæringslova omfattar ikkje behandling eller andre helse- og omsorgstenester. Departementet viser til omtalen i NOU 2019: 23, punkt 31.3.4.

Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova skal følgjast når det skal gjerast vedtak om personleg assistanse. Det er ikkje eit krav at det skal liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om personleg assistanse. Kravet i forvaltningslova § 17 gjeld like fullt. Ifølgje forvaltningslova § 17 skal saka vere «så godt opplyst som mogleg før vedtak treffest». Dette kravet kan i nokre tilfelle gjere det nødvendig med ei vurdering frå PP-tenesta eller andre sakkunnige.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til personleg assistanse for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2.

Til § 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel

Første ledd er ei delvis vidareføring av dagens lov §§ 5-1, 2-14 og 3-10 og er omtalt i punkt 25 og 32.

Paragrafen inneber at elevar som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen eller klasserommet for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, har rett til fysisk tilrettelegging. Slik tilrettelegging kan mellom anna omfatte tekniske hjelpemiddel, inventar, teknisk utstyr og programvare og nødvendig opplæring for at eleven skal kunne bruke utstyret. Om eleven har behov for opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2. Første ledd vidarefører også retten blinde og sterkt svaksynte elevar har til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel, jf. dagens lov §§ 2-14 og 3-10.

Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for å stille til rådvelde dei hjelpemidla og det utstyret som er nødvendig for at elevane skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Det må skiljast mellom pedagogiske hjelpemiddel, som kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for, og tekniske hjelpemiddel, som NAV Hjelpemiddelsentralen kan vere ansvarleg for. Kommunane og fylkeskommunane vil uansett ha eit ansvar når utstyr ikkje blir dekt av NAV og hjelpemiddelet er nødvendig for at eleven skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Elevar kan også ha rett til fysisk tilrettelegging etter § 12-7 første ledd.

Andreledd vidarefører delar av dagens lov §§ 2-14 og 3-10 og er omtalt i punkt 32.

Vilkåret for å få rett til opplæring i mobilitet er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven har behov for opplæring i mobilitet, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2.

Mobilitetsopplæringa kan vere knytt både til det å ta seg fram mellom heimen og skolen til eleven, og ta seg rundt på skoleområdet og i heimemiljøet. Skoleområdet skal i denne samanhengen tolkast i vid forstand, noko som inneber at både symjehall, idrettshall, bibliotek og ulike turløyper som skolen bruker, er omfatta. Når det gjeld «heimemiljøet», må opplæringa tilpassast føresetnadene, behovet og ønska til eleven. Omgrepet heimemiljø omfattar at det er mogleg for eleven å ta seg trygt fram til og frå aktivitetar i nærområdet, som til dømes ein fritidsaktivitet eller å besøkje venner.

Elevar med vedtak etter § 11-5 kan samtidig ha rett til opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2.

Til § 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 5-1 og er omtalt i punkt 25.

«Individuelt tilrettelagd opplæring» er ny nemning på den delen av dagens spesialundervisning som dreier seg om opplæring.

Første ledd slår fast at dersom eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring for å få «tilfredsstillande utbytte av opplæringa», har eleven rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Spørsmålet om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring for å få tilfredsstillande utbytte, kjem an på ei konkret fagleg-pedagogisk vurdering av utbyttet eleven har av opplæringa. Sjå merknadene til § 11-1.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) skal alltid gi ei sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7.

For elevar som har eit visst utbytte av opplæringa, kan det vere nok å få individuelt tilrettelagd opplæring i nokre timar i veka, i enkelte fag eller delar av fag eller for ein kort periode. For elevar som har svært lite utbytte av opplæringa, eller som ikkje har utbytte i det heile, må større delar eller heile opplæringa leggjast særskilt til rette.

Elevar som har føresetnader for å lære raskare og meir enn gjennomsnittet, har ikkje rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Kommunane og fylkeskommunane skal likevel tilpasse opplæringa slik at ho skaper eit tilfredsstillande opplæringstilbod for alle, inkludert elevar med stort potensial for læring, jf. § 11-1. Elevar i grunnskolen med stort læringspotensial og som lærer raskare enn gjennomsnittet, kan fritakast heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom særlege grunnar taler for det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering, sjå § 2-2 tredje ledd. På ungdomstrinnet er det mogleg for elevar å ta fag frå eit høgare nivå (forsering i fag). Det finst også ordningar som gjer at elevar i vidaregåande kan ta fag på universitets- eller høgskolenivå.

Elevar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, kan samtidig ha rettar etter andre reglar i lova. Det kan mellom anna vere rett til personleg assistanse etter § 11-4, fysisk tilrettelegging etter § 11-5, opplæring i og på norsk teiknspråk etter §§ 3-4 og 6-3, opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4, opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd eller særskild språkopplæring etter §§ 3-6 og 6-5.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuelt tilrettelagd opplæring for elevar i høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen følgjer av §§ 28-1 og 28-2

Andre ledd vidarefører delar av dagens § 5-1 andre ledd. Prinsippet om likeverdig opplæring er utgangspunktet for vurderinga av kva den individuelt tilrettelagde opplæringa skal gå ut på. Det vil seie at elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring har krav på eit opplæringstilbod som er likeverdig med det tilbodet andre elevar får. Ein må forstå prinsippet slik at eit opplæringstilbod er likeverdig når elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, har dei same sjansane for å nå dei måla som er realistisk å setje for dei, som andre elevar har for å realisere måla sine med det ordinære opplæringstilbodet. Sjå merknad til § 5-1 andre ledd i Ot.prp. nr. 46 (1997–98). Presiseringa i dagens § 5-1 andre ledd siste punktum om at elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar, er tatt bort, sidan dette følgjer av reglane i § 1-6. Elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, har krav på det same totale undervisningstimetalet som andre elevar.

Til § 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov §§ 5-3, 5-4 og 5-5 og er omtalt i punkt 25 og 27.

Førsteledd er ei vidareføring av dagens § 5-3 første ledd. Den sakkunnige vurderinga frå den pedagogisk-psykologiske tenesta er rådgivande. Tenesta har ikkje mynde til å gjere enkeltvedtak. At det ligg føre ei sakkunnig vurdering, er likevel eit vilkår for å gjere vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Det er kommunen eller fylkeskommunen som gjer vedtak om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, og om innhaldet i denne opplæringa. Dersom ein elev sjølv eller foreldra til eleven meiner at ho eller han ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, kan dei krevje at kommunen eller fylkeskommunen gjennom eit enkeltvedtak tek stilling til om eleven har krav på individuelt tilrettelagd opplæring.

Andreleddførste og andre punktum er ei vidareføring av dagens § 5-3 fjerde ledd. Kommunen og fylkeskommunen har ei særskild grunngivingsplikt dersom dei fråvik tilrådinga i den sakkunnige vurderinga.

Andreleddtredje punktum vidarefører og klargjer innhaldet i dagens § 5-5 første ledd første punktum. Regelen slår fast at det i vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan gjerast unntak frå reglane i lova om innhaldet i opplæringa, det vil seie at det mellom anna kan gjerast unntak frå kompetansemåla i læreplanane, men berre dersom det er grunngitt i føresetnadene til eleven og i fagleg-pedagogiske vurderingar. Det kan også gjerast unntak frå reglane om organiseringa av opplæringa. Kva unntak som kan gjerast når det gjeld kompetanse, er regulert i § 11-9 andre og tredje ledd. Moglegheita kommunen og fylkeskommunen har til å gjere unntak, er eit forvaltningsskjønn, men vurderinga av om vilkåra er oppfylte, er eit lovbunde skjønn.

Tredjeledd vidarefører dagens § 5-4 andre ledd første punktum og tredje ledd. Om det er foreldra eller eleven som må samtykkje, følgjer av § 24-5 og barnelova § 32, som seier at barn som har fylt 15 år, sjølve avgjer spørsmål om val av utdanning. Regelen inneber at ungdom som har vorte 15 år, sjølve må samtykkje før det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering, og før det blir gjort vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Samtykket til foreldra er i slike tilfelle ikkje nødvendig, og foreldra har heller ikkje noko mynde i denne samanhengen. Når eleven er yngre enn 15 år, er det foreldra som gir samtykke, men dei har plikt til å ta barnet med på råd etter barnelova § 31.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta pliktar å rådføre seg med eleven og foreldra i arbeidet med å utforme tilbodet om individuelt tilrettelagd opplæring. Sjå også § 10-2 om retten eleven har til å medverke, og § 10-3 om plikta skolen har til å samarbeide med foreldra. Dette vil også gjelde i oppfølginga av den individuelt tilrettelagde opplæringa.

Til § 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens § 5-3 andre ledd og er omtalt i punkt 25.

Paragrafen fastset eit minimum av kva den sakkunnige vurderinga frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) skal innehalde av opplysningar og vurderingar.

Etter paragrafen skal PP-tenesta mellom anna alltid greie ut kva tiltak som kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Det inneber at det er den opplæringa som klassen får, som skal vere hovudløysinga, jf. § 11-1. PP-tenesta skal ta stilling til om, og i så fall korleis, denne opplæringa kan leggjast til rette slik at ho kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa. PP-tenesta skal også alltid ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 første ledd andre punktum.

Kor omfattande ei sakkunnig vurdering skal vere, må vurderast i det enkelte tilfellet. Dersom eleven til dømes har behov for hjelp eller støtte frå ein person med ein særskild kompetanse, skal dette komme fram i den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta. Dette gjeld uavhengig av om det er aktuelt å gjere unntak frå kompetansekrava, jf. § 11-9 andre og tredje ledd.

Til § 11-9 Krav om kompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring

Det tredje leddet til paragrafen vidarefører dagens lov § 5-5 tredje ledd. Elles er paragrafen ny og er omtalt i punkt 25.

Førsteledd presiserer hovudregelen om at det er dei same formelle krava til lærarkompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring som for å gi anna opplæring.

Etter andreledd kan det gjerast unntak frå hovudregelen i første ledd. Ifølgje regelen kan det gjerast unntak både frå krava som gjeld for å kunne tilsetjast i lærarstilling, og frå krava om at ein lærar må ha relevant kompetanse i faget læraren underviser i. Det er eit vilkår at unntaket vil gi eleven betre individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom det skal gjerast unntak, må personen som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring ha ei universitets- eller høgskoleutdanning. Denne utdanninga må gjere personen særleg og betre eigna til å vareta behovet til eleven enn ein lærar. Det må vere ei utdanning av eit visst omfang og på eit visst fagleg nivå. Det blir ikkje stilt krav til talet på studiepoeng eller grad, men ei kortvarig utdanning vil sjeldan kunne gjere personen særleg og meir eigna enn ein lærar. Det kan vere at ein elev har behov for å få individuelt tilrettelagd opplæring gitt av til dømes ein audiopedagog, logoped, psykolog eller barnevernspedagog.

Tredje ledd vidarefører dagens lov § 5-5 tredje ledd. Regelen gjer det mogleg å gjere unntak frå krava om relevant kompetanse i faget det blir undervist i, for lærarar som gir individuelt tilrettelagd opplæring, dersom ei konkret vurdering av eleven og den opplæringa som skal bli gitt, tilseier det. Regelen gir berre moglegheit for å gjere unntak frå kravet om relevant kompetanse i faget, men det kan ikkje gjerast unntak frå kompetansekrav for å kunne bli tilsett i lærarstilling. Sjå også merknad til § 5-5 tredje ledd i Prop. 84 L (2011–2012).

Til § 11-10 Individuell opplæringsplan

Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 5-5 første ledd andre og tredje punktum og er omtalt i punkt 25.

«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret for at elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, får ein individuell opplæringsplan (IOP), jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.

Den individuelle opplæringsplanen skal ta utgangspunkt i overordna del av læreplanverket og læreplanen i dei ulike faga. Den individuelle opplæringsplanen må samordnast med planen for klassen slik at den individuelt tilrettelagde opplæringa sjåast i samanheng med den opplæringa eleven får totalt.

Ein individuell opplæringsplan skal byggje på det som er fastsett i enkeltvedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring, og skal vere eit arbeidsverktøy for lærarane. Den individuelle opplæringsplanen kan ikkje fastsetje noko som ikkje er innanfor rammene av enkeltvedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom det til dømes ikkje går fram av enkeltvedtaket at eleven skal ha unntak frå læreplanverket, kan ikkje dette fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen. Opplæringa følgjer kompetansemål i læreplanverket med mindre dette går uttrykkjeleg fram av enkeltvedtaket.

Den individuelle opplæringsplanen treng ikkje nødvendigvis å vere eit omfattande dokument. Formålet med planen er å utvikle kortfatta og praktiske planar til hjelp i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa.

Til § 11-11 Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa

Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 5-5 andre ledd og er omtalt i punkt 25.

Skolen skal kvart år gi ei oversikt over kva opplæring eleven har fått, og i tillegg gi ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven.

I tillegg til den årlege evalueringa har elevane rett til individuell vurdering, det vil seie både undervegsvurdering og sluttvurdering både i fag og orden og oppførsel, jf. § 2-3 andre ledd.

«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i regelen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. §§ 28-1 første ledd og 28-2 første ledd.

Til § 11-12 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 2-16 og 3-13 og er omtalt i punkt 26. Paragrafen gir ikkje sjølvstendige rettar, men presiserer det som allereie følgjer av reglane om tilpassa opplæring, retten til personleg assistanse, fysisk tilrettelegging og individuelt tilrettelagd opplæring.

Førsteledd slår fast at elevar og dei som har læretid i bedrift som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal kunne bruke dei kommunikasjonsformene og dei kommunikasjonsmidla dei treng som støtte til eller erstatning for munnleg talespråk, og som er nødvendige for den kommunikative og språklege utviklinga til eleven. Døme på kommunikasjonsformer er handteikn, bilete, grafiske symbol og kroppslege uttrykk. Kommunikasjonsmiddel kan vere enkle og papirbaserte eller avanserte og stemmebaserte. Døme på det første er kommunikasjonsbøker og tematavler. Døme på det sistnemnde er taleboks eller talemaskin som er ei datamaskin med ordtilfang og symbolbankar som kan styrast på ulike måtar (mus, tastatur, hovudmus, augerørsler, andre gestar). Eleven kan kommunisere sjølv via desse kommunikasjonsmidla eller få hjelp av andre. Kva som er best kommunikasjonsform og kommunikasjonsmiddel, varierer ut frå situasjon, alder og utvikling. Val av kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel må gjennomførast i nært samarbeid med den som skal uttrykkje seg, jf. §§ 10-1 til 10-2.

Andreledd første punktum slår fast at elevar og lærekandidatar, men ikkje andre som har læretid i bedrift, har rett til nødvendig opplæring i bruk av kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel for å bruke ASK. Opplæringa i ASK må vere nødvendig for at eleven eller lærekandidaten skal vere i stand til å nyttiggjere seg retten og plikta til grunnskoleopplæring. Elevar og lærekandidatar med behov for ASK vil ikkje automatisk trenge individuelt tilrettelagd opplæring. Opplæring i ASK kan givast både når eleven eller lærekandidaten har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, og når dei ikkje får slik tilrettelegging. Opplæringa kan integrerast i fag der dette er tenleg.

Andre ledd andre punktum viser til at opplæringa også kan inngå som ein del av den individuelle tilrettelegginga dersom eleven eller lærekandidaten har rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Innhaldet i og timetalet må i så fall fastsetjast ut frå det behovet den enkelte har, og på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga.

Til § 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste

Paragrafen erstattar dagens lov § 5-6 og er omtalt i punkt 27.

Førsteledd er ei vidareføring av dagens § 5-6 første ledd. Kravet om at det skal vere ei eiga teneste, vil seie at kommunane og fylkeskommunane ikkje kan basere seg berre på å kjøpe tenester utanfrå. Etter kommunelova § 17-1 kan to eller fleire kommunar og fylkeskommunar utføre felles oppgåver gjennom eit interkommunalt samarbeid. Det inneber at kommunar kan ha ei felles pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste).

Det er kommunane og fylkeskommunane som har det juridiske og økonomiske ansvaret for at det finst ei PP-teneste, og at PP-tenesta kan utføre dei lovpålagde oppgåvene sine. Dette føreset at PP-tenesta har nødvendig fagkompetanse og ressursar til å utføre mandatet sitt. Dersom PP-tenesta ikkje har nok fagkompetanse i ei sak, må det innhentast kompetanse utanfrå, til dømes frå statleg spesialpedagogisk teneste (Statped), private sakkunnige eller andre kommunale og fylkeskommunale tenester som til dømes kommune- og spesialisthelsetenesta.

Andreledd vidarefører det som i dag følgjer av § 5-6 andre ledd første punktum. Samtidig blir denne delen av oppgåvene til PP-tenesta gjort tydelegare. Det blir presisert at PP-tenesta skal samarbeide og støtte skolen i arbeidet med å skape inkluderande opplæringstilbod. Dette arbeidet skal vere prega av førebygging og tidleg innsats. Å drive førebyggjande arbeid inneber å komme i forkant av eventuelle utfordringar slik at flest mogleg elevar får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. I det førebyggjande arbeidet må PP-tenesta ha eit heilskapleg blikk på alle som inngår i læringsfellesskapet, og støtte skolane i å utvikle eit inkluderande opplæringstilbod som bidreg til at elevane ikkje treng meir omfattande tilrettelegging enn nødvendig.

Arbeidet med tidleg innsats inneber både å støtte skolane i arbeidet med å leggje til rette for eit godt pedagogisk tilbod så tidleg som mogleg i skoleløpet, og å setje inn tiltak straks utfordringar blir oppdaga, gjennom heile opplæringsløpet. Dette kan anten vere ved å hjelpe til med å leggje til rette innanfor det ordinære tilbodet eller ved å setje inn spesialpedagogiske tiltak gjennom individuelt tilrettelagd opplæring. Det er skolen som har ansvaret for å setje inn tiltak, men PP-tenesta skal hjelpe skolen med spesialistkompetansen sin der det trengst.

PP-tenesta må vere tilgjengeleg for å kunne gi råd, rettleie og hjelpe skolane i arbeidet med eit inkluderande læringsmiljø generelt og i arbeidet med å leggje til rette tilbodet for enkelte elevar spesielt. På denne måten kan flest mogleg elevar få god opplæring og nødvendig tilrettelegging innanfor den ordinære opplæringa, og dei som treng individuelt tilrettelagd opplæring, kan få god tilrettelegging og eit inkluderande tilbod som heng saman med anna opplæring. Dette vil, forutan å ha ein generell verdi for alle elevar, bidra til at skolen set i verk tiltak overfor elevar som treng ulike former for oppfølging, så tidleg som mogleg.

Andre ledd bokstav a presiserer derfor at PP-tenesta skal støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst. Dette gjeld uavhengig av – og i forkant og etterkant – av ei eventuell sakkunnig vurdering. Omsynet til det beste for eleven og retten elevane har til å medverke, må varetakast i dette arbeidet, jf. §§ 10-1 og 10-2.

Andre ledd bokstav b presiserer at PP-tenesta skal hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg. Dette inneber å gi konkret rettleiing om utfordringar skolen har, og i tillegg bidra med kompetanse om tilrettelegging og inkludering. Det kan handle om å støtte skolen i oppfølginga av gode tilretteleggingsløysingar for elevar som treng det, eller å hjelpe til med kompetanseheving for å supplere kunnskapen til skolen om kva som bidreg til eit inkluderande læringsmiljø og eit godt tilbod for alle. Det betyr likevel ikkje at PP-tenesta skal støtte skolane i arbeidet med kvar enkelt elev, eller at PP-tenesta skal støtte den allmennpedagogiske kompetansen til lærarane. For å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa har skolane etter § 11-2 plikt til å følgje med, melde frå og følgje opp. PP-tenesta skal støtte skolane i dette arbeidet ved behov. Skolane og PP-tenesta må utvikle felles mål, rutinar og planar for samarbeidet og sørgje for at dette blir evaluert jamleg.

PP-tenesta skal vere ein aktiv bidragsytar i det tverrfaglege samarbeidet rundt skolen og elevane, jf. samarbeidsplikta i § 24-1.

Tredjeledd vidarefører dagens lov § 5-6 andre ledd andre punktum. Regelen uttrykkjer at krav om sakkunnige vurderingar kan komme fram av lova sjølv eller forskrifter gitt med heimel i lova. I slike tilfelle er det PP-tenesta som skal utarbeide den sakkunnige vurderinga. Etter lovforslaget trengst sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6, fritak frå opplæringsplikta etter § 2-2, og tidleg eller utsett skolestart etter § 2-4. Kommunar og fylkeskommunar kan også be om sakkunnige vurderingar der lova ikkje stiller eksplisitte krav om dette. Sjølv om PP-tenesta organisatorisk og økonomisk høyrer inn under kommunen, vil ikkje det seie at kommunen eller fylkeskommunen kan instruere om kva dei sakkunnige vurderingane skal gå ut på. Tenesta har plikt til å sørgje for at dei sakkunnige vurderingane blir tekne på eit uavhengig og fagleg grunnlag.

Oppgåvene til PP-tenesta i andre og tredje ledd må sjåast i samanheng, er gjensidig avhengige og forsterkar og påverkar kvarandre. Til dømes vil arbeidet med å greie ut løysingar for ein enkeltelev verke inn på det heilskaplege arbeidet til skolen, og motsett. Tiltak som vil hjelpe ein elev, vil også kunne heve kvaliteten på læringsfellesskapet og dermed komme alle elevar til gode.

Fjerde ledd erstattar dagens lov § 5-6 andre ledd tredje punktum. Forskriftskompetansen er avgrensa til at departementet kan gi forskrift om at PP-tenesta skal utarbeide sakkunnig vurdering i andre tilfelle enn dei som er nemnde i lova. Departementet kan ikkje gi forskrift om krav til kompetansen i og organiseringa av PP-tenesta.

Til § 11-14 Læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring

Paragrafen vidarefører dagens lov § 5-9 og er omtalt i punkt 18.5. Paragrafen slår fast at departementet har ansvar for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for individuelt tilrettelagt opplæring, men stiller ikkje kvalitative eller kvantitative krav.

Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane

Til § 12-1 Verkeområde for kapittelet

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-1 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.2.

Paragrafen beskriv verkeområdet for kapittel 12. Ordlyden slår fast at reglane i kapittel 12 gjeld for skolen, leksehjelpeordningar og skolefritidsordningar. «Skolen» omfattar både grunnskolar og vidaregåande skolar som er omfatta av lova, sjå § 1-2. Kapittelet gjeld skolefritidsordningar og leksehjelpeordningar som er oppretta etter opplæringslova. Dersom kommunane nyttar private aktørar til å gjennomføre det pliktige tilbodet i kommunen, gjeld skolemiljøreglane også for dette tilbodet.

Reglane gjeld på skoleområdet eller der opplæringa eller aktivitetar knytte til skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpa går føre seg, irekna på dei digitale plattformene til skolen. Reglane gjeld også når skolen, skolefritidsordninga og leksehjelpeordninga har aktivitetar utanfor skoleområdet, til dømes på turar i nærmiljøet, leirskoleopphald o.l. Sjølv om reglane gjeld «skolen», kan forhold utanfor skolen ha betydning, ettersom mellom anna plikta til å setje inn tiltak etter forslaget § 12-4 gjeld uavhengig av kva som er årsaka til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen. Skolevegen er i ei særstilling fordi skolevegen er så nært knytt til skolegangen. Rett og plikt til opplæring gjer at elevane må komme seg til og frå skolen, og dette skil skolevegen frå mellom anna heimen og fritida. At aktivitetsplikta etter § 12-4 gjeld uavhengig av årsaka til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, betyr at også forhold på skolevegen til ein elev kan utløyse plikt til å setje i verk tiltak. På grunn av særstillinga til skolevegen og den nære tilknytinga til skolegangen må skolen dessutan i større grad også kunne forventast å setje inn tiltak på sjølve skolevegen, til dømes tilsyn på bestemte stader.

Til § 12-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-2 og er omtalt i punkt 33.3.

Paragrafen slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. «Skolemiljø» omfatter både det fysiske og det psykososiale miljøet.

Det fysiske skolemiljøet gjeld både innemiljøet og utemiljøet på skolen. Det fysiske innemiljøet omfattar faktorar som bygningsmessige forhold, luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet refererer seg mellom anna til lokaliseringa, utforminga av utearealet, leikeapparat osv. Sjå nærare merknaden til § 12-7 og forskrift om miljø og helse i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar.

«Skolemiljø» omfattar i denne samanhengen korleis elevane har det på skolen, skolefritidsordninga og leksehjelpetilbodet.

Paragrafen inneber at skolemiljøet ikkje skal forårsake eller forsterke ekskludering/isolering, helseplager eller mistrivsel, eller øydeleggje, hindre eller forstyrre læringa til elevane. I tillegg skal skolemiljøet ha ein positiv verknad og gi den enkelte eleven gode moglegheiter for helse, inkludering, trivsel og læring. Klassemiljøet vil utgjere ein sentral del av skolemiljøet til elevane, og leik vil utgjere ein viktig del av særleg skolemiljøet til dei yngste elevane. Om skolemiljøet fremjar helse, inkludering, trivsel og læring, må vurderast ved å observere verknaden på elevane og ved å observere og måle ulike forhold ved miljøet. Kva elevane meiner om miljøet, er avgjerande i denne vurderinga.

Kapittel 12 inneheld fleire plikter som utfyller og konkretiserer innhaldet i retten til eit trygt og godt skolemiljø, til dømes krav om førebyggjande arbeid i § 12-3, plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i § 12-4 og reglar om det fysiske miljøet i § 12-7.

Til § 12-3 Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-3 med nokre språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.4 og punkt 33.5.

«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne paragrafen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. forslaget § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd.

Førsteledd inneber at skolen ikkje skal godta krenkjande oppførsel verken frå elevar eller frå nokon som oppheld seg på skolen. Mobbing, vald, diskriminering og trakassering er tekne inn som døme på krenkjande oppførsel som elevar kan utsetjast for, og som skolen ikkje skal godta. Det er ikkje ei uttømmande oppramsing, men døme for å klargjere kva som kan vere krenkjande oppførsel. Regelen omfattar rasisme, utestenging, ekskludering og seksuell trakassering. I heilskapsvurderinga av om ei handling utgjer ei krenking, vil det vere relevant å sjå til anna regelverk, mellom anna om forholdet er omfatta av definisjonen av seksuell trakassering av likestillings- og diskrimineringslova § 13 tredje ledd. Dersom forholdet blir rekna som seksuell trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova, vil dette utgjere ei krenking etter opplæringslova.

Tilvisinga til «diskriminering og trakassering» er nøytralt med tanke på diskriminerings- og trakasseringsgrunnlag og omfattar mellom anna diskriminering eller trakassering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, språk, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering (under dette homofobi), kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Krenkjande oppførsel kan omfatte direkte handlingar og verbale uttrykk retta mot elevar, men også meir indirekte krenkjande handlingar som utestenging, isolering og baksnakking. Både fysisk og digital oppførsel blir omfatta av regelen. Det skal ikkje vere ein høg terskel for kva som blir rekna som krenkjande oppførsel overfor elevar. Barn og unge er meir sårbare enn vaksne, og når dei er på skolen, er dei i ein situasjon som dei er pålagde å vere i, eller som er nødvendig for at dei skal kunne få den opplæringa dei har rett til.

Det er likevel ikkje slik at alle kritiske ytringar eller usemjer mellom elevane er meint å omfattast. Det er ein del av samfunnsmandatet til skolen å lære elevar å tenkje kritisk og kunne akseptere og respektere ulike meiningar og overtydingar. Elevar kan oppleva usemje med lærarar eller andre elevar utan at dette automatisk blir rekna som krenkjande oppførsel. Dette betyr at eit kontroversielt standpunkt ikkje utan vidare skal reknast som ei krenking, sjølv om utsegna kan oppfattast fornærmande eller provoserande for enkelte elevar. Klasseromma skal vere trygge stader for å lufte og diskutere kontroversielle synspunkt, men også å ombestemme seg og endre meining. Elevane skal tole usemje, både frå andre elevar og frå dei som arbeider på skolen. Lærarar har stor fridom til å omtale kontroversielle, vanskelege og kompliserte synspunkt, utan at dette vil reknast som ei krenking. Fagleg usemje mellom ein lærar og ein elev eller usemje om korleis ein lærar har vurdert ein elevprestasjon, vil heller ikkje reknast som ei krenking. Vidare kan ein elev oppleve irettesetjing av ein lærar utan at dette blir rekna som ei krenking.

Krenkingsomgrepet er objektivt på den måten at kva som er krenkjande oppførsel, kjem an på ei konkret heilskapleg vurdering, ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven. Handlinga eller ytringa må tolkast i lys av kontekst og intensjonen avsendaren har. Det finst subtile former for mobbing eller andre former for krenkjande oppførsel der handlinga isolert sett ikkje vil utgjere ei krenking, men der konteksten eller intensjonen til avsendaren gjer at det likevel vil vere naturleg å forstå handlinga som ei krenking. Det kan vere snakk om kommentarar, «blikking» eller andre former for kommunikasjon, til dømes for å markere at mottakaren ikkje høyrer til, eller at personen står utanfor eit fellesskap.

Sjølv om krenkingsomgrepet ikkje er subjektivt, er det likevel ikkje slik at terskelen for kva som er krenkjande, er lik for alle elevar. Til dømes kan alderen på elevane ha noko å seie for kva handlingar og ytringar som blir rekna for å vere krenkjande. Personlege forhold ved den enkelte eleven har også betydning for om noko må reknast for å vere krenkjande. Det kan vere personlege forhold som livssynet til eleven, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller sosio-emosjonelle vanskar, eller forhold ved familie- og heimesituasjonen til eleven. Det har også noko å seie om eleven er særskilt sårbar, og om dette er synleg for omgivnadene. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar, kan gjere vedkommande særskilt sårbar.

Sjølv om vurderinga av kva handlingar og ytringar som ikkje skal godtakast, skal komme an på ei heilskapleg vurdering, har dei tilsette alltid, uavhengig av om det ligg føre krenkjande oppførsel eller ikkje, ei aktivitetsplikt etter § 12-4 dersom den enkelte eleven sjølv opplever å ikkje ha det trygt og godt på skolen.

Andreledd stiller krav til skolane om at dei kontinuerleg skal arbeide for å sikre at elevane har eit trygt og godt skolemiljø. Målet med arbeidet er å førebyggje at forhold som inneber at elevane ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, oppstår. Arbeidet skal omfatte både det fysiske og det psykososiale miljøet og omfattar alt frå reinhald og vedlikehald av bygningsmasse og utstyr til det skolen gjer for å førebyggje, oppdage og handtere krenkjande oppførsel. I det førebyggjande arbeidet må skolen også rette merksemda mot forhold av meir strukturell karakter. Til dømes må skolen jobbe for å motarbeide rasisme, kjønnsdiskriminering og andre former for diskriminering på eit meir systematisk plan, og som ikkje nødvendigvis alltid kjem til uttrykk ved konkrete krenkingar, som del av det førebyggjande arbeidet til skolen. Regelen inneber at det ikkje er nok at skolen oppfyller pliktene i §§ 12-4, 12-5 og 12-7 og reagerer ved kjennskap til eller mistanke om at retten elevane har til eit trygt og godt skolemiljø, er broten.

Plikta kjem i tillegg til, men er noko anna enn internkontrollkravet etter kommunelova § 25-1. Regelen pålegg kommunane og fylkeskommunane kontinuerleg å drive førebyggjande arbeid på skolemiljøfeltet. Kva slags førebyggjande tiltak og aktivitetar som skal gjerast, må vurderast konkret etter lokale undersøkingar og forhold. Det følgjer av kommunelova § 25-1 at kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll med administrasjonsverksemda for å sikre at lover og forskrifter blir følgde. Internkontrollen etter kommunelova § 25-1 skal mellom anna vere systematisk. Kravet inneber mellom anna at kommunen og fylkeskommunen må arbeide systematisk med førebyggjande tiltak etter § 12-3 andre ledd.

Førebyggjande tiltak kan setjast i verk både på skole-, gruppe- og individnivå, og det er viktig at elevane sjølve får delta i utforminga av dette arbeidet, jf. §§ 10-2 og 10-4. Foreldra skal også involverast i skolemiljøarbeidet, jf. §§ 10-3 og 10-4.

Statsforvaltaren kan føre tilsyn med det førebyggjande arbeidet til skolen, jf. § 29-2.

Til § 12-4 Plikt til å sikre at elevane har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-4 med nokre språklege endringar og presiseringar, som ikkje er meinte å medføre nokon realitetsendringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.6.

Aktivitetsplikta gjeld det psykososiale skolemiljøet til elevane og inneheld fem handlingsplikter. I tillegg oppstiller paragrafen ei plikt til å dokumentere kva som blir gjort for å overhalde aktivitetsplikta. Elevane har rett til å medverke, og kravet om det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2. Kva elevar som skal høyrast i skolemiljøsaker, og korleis dette skal gå føre seg, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til elevane. Det er inga nedre aldersgrense for retten til å bli høyrt. Skolen skal høyre både den eleven som ein mistenkjer eller kjenner til at ikkje har det trygt og godt, og andre elevar som er direkte påverka eller involverte i saka. Det skal leggjast vekt på omsynet til alle involverte elevar. For at retten elevane har til medverknad, skal vere reell, må skolen sørgje for at elevane får informasjon om prosessen og blir inviterte til å beskrive situasjonen slik dei opplever han, og gi uttrykk for meiningane sine, sin vilje og sine ønske.

Pliktene til å følgje med, gripe inn og melde frå er plikter som gjeld for alle «som arbeider på skolen». Desse pliktene er individuelle plikter for den enkelte knytt til at dei regelmessig oppheld seg på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpeordninga for å gjere arbeid eller teneste der og derfor har kontakt med eller observerer elevane. Personkrinsen omfattar alle som har eit tilsetjingsforhold til skolen, kommunen eller fylkeskommunen, uavhengig av om det er heiltid eller deltid, fast eller mellombels, kort- eller langvarig. Også andre som yter arbeid eller gjer teneste på skolen og jamleg oppheld seg på skolen, er omfatta av formuleringa «som arbeider på skolen», uavhengig av kven som er arbeidsgivaren deira, eller om dei får lønn. Derimot skal ikkje personar som berre meir tilfeldig eller no og då er på skolen, omfattast.

Omfanget av plikta til den enkelte avheng av kva rolle, kva oppgåver og kva posisjon vedkommande har på skolen. Det krevst meir av tilsette som har ei omsorgsrolle overfor elevane, enn det krevst av tilsette med andre typar arbeidsoppgåver. Det vil til dømes krevjast meir av lærarar, assistentar, miljøarbeidarar og rektorar enn det krevst av vaktmeistrar, reinhaldsarbeidarar og kantinepersonale. Selskap og sjåførar som utfører skoleskyssen, er ikkje omfatta av regelen.

Plikta til å undersøkje saka, setje inn tiltak, lage ein skriftleg plan og dokumentere at plikta er oppfylt, er lagd til «skolen». Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og kommunen og fylkeskommunen er ansvarlege for oppfyllinga, jf. § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd. Rektor har også eit personleg ansvar etter denne regelen ettersom rektor kan straffast etter § 12-9 ved brot på enkelte av pliktene som er lagde til skolen.

Plikta til å «følgje med» i førsteledd inneber ei plikt for den enkelte til å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom. Plikta gjeld også forholdet mellom elevar og tilsette på skolen. At dei tilsette følgjer med, er ein nødvendig føresetnad for at dei skal få mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Slik mistanke eller kjennskap utløyser andre delplikter i aktivitetsplikta. Saman med plikta til førebyggjande arbeid, jf. § 12-3 andre ledd, føreset plikta til å følgje med til dømes at det blir gjennomført inspeksjonar på skoleområdet og tilsyn i garderobar, og at det er ein låg terskel for å bry seg med kva elevane driv med. Korleis det blir følgt med, må tilpassast konkrete omstende rundt elevane og ved skolen, til dømes alderen på elevane, samansetninga til elevgruppa, forhold ved skoleanlegget osv.

Plikta til å «gripe inn» er knytt til krenkjande oppførsel som vedkommande sjølv er vitne til, og som framleis går føre seg. Ofte vil det handle om omgåande å stanse negativ oppførsel, til dømes ved å bryte opp ein slåstkamp eller stanse anna fysisk krenking, stanse ein utfrysingssituasjon eller stanse og irettesetje elevar som krenkjer andre elevar verbalt. Krenkingsomgrepet i denne regelen er objektivt i den forstand at det må gå ut på ei heilskapleg vurdering, og ikkje berre på opplevinga til den enkelte eleven, av kva som er krenkjande oppførsel. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3 første ledd. Plikta avgrensar seg til inngrep som er moglege for den som arbeider på skolen å gjennomføre, av omsyn til både elevane og hen sjølv. Plikta til å gripe inn gir ikkje ein sjølvstendig heimel til å gripe inn fysisk overfor elevane. Plikta er derfor avgrensa til tiltak som er lovlege å gjennomføre, anten innanfor skolens oppdragar- og omsorgsansvar eller innanfor reglane om nødrett og nødverje. Det er viktig at dei som arbeider på skolen, i tillegg til å kjenne til plikta til å gripe inn, også har kunnskap om kva som er lov, og om korleis slik innblanding bør gjerast. Det er plikta til kommunane og fylkeskommunane å sørgje for at skolen har rett og nødvendig kompetanse for å kunne oppfylle pliktene og rettane etter lova, jf. § 17-1.

Andreleddførste punktum pålegg alle som arbeider på skolen, ei plikt til å melde frå til rektor om alle mistankar om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Departementet understrekar at plikta til å melde frå i skolemiljøsaker ikkje må forvekslast med meldeplikta til barnevernet, sjå lovforslaget § 24-3 og barnevernslova § 13-2.

Ordlyden «trygt og godt» siktar til det psykososiale skolemiljøet til elevane og retten etter § 12-2. Å ha det trygt og godt omfattar meir enn fridom frå krenkjande oppførsel. Elevane har rett til eit skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Retten blir ikkje avgrensa av årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Det avgjerande for vurderinga er korleis eleven subjektivt opplever å ha det medan hen er på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpetilbodet. Dette i motsetning til vurderinga om ei krenking har skjedd, som er ei objektiv vurdering. At årsaka til utryggleiken eller mistrivselen til eleven er forhold som har skjedd utanfor skoletida eller utanfor skoleområdet, avgrensar ikkje aktivitetsplikta til skolen så lenge opplevinga til eleven av skolemiljøet blir påverka negativt av det. Dette er mellom anna aktuelt i samband med digital mobbing, der den krenkjande oppførselen typisk kan skje utanom skoletida. Tilsvarande kan mobbing eller andre negative opplevingar tilbake i tid påverke om ein elev opplever at det er trygt og godt å vere på skolen no. Sjå også om verkeområdet for reglane om skolemiljø i merknaden til § 12-1.

Skolen har eit skjerpa ansvar for å vareta elevar med ei særskild sårbarheit og elevar som er særleg utsette for krenkjande oppførsel. At ein elev tidlegare har vorte mobba eller utsett for negative opplevingar på skolen, kan til dømes gjere ein elev særskilt sårbar. Personlege forhold hos den enkelte eleven kan gjere at eleven er særleg utsett for krenkjande oppførsel. Det kan vere personlege forhold knytt til til dømes religionen til eleven, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, til at eleven har åtferdsvanskar eller sosio-emosjonelle vanskar, eller til forhold ved familie- og heimesituasjonen til eleven.

Terskelen for kva som vekkjer ein mistanke om eller gir kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal vere låg. Ein mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt, kan basere seg på observasjonar av elevane, undersøkingar eller kartleggingar, beskjedar frå foreldre eller medelevar, aktivitet i sosiale medium osv.

Rektor kan delegere ansvaret for å ta imot slike meldingar til ein annan person på skolen. Rektor er likevel ansvarleg for at meldingane blir følgde opp med ei undersøking og med tiltak dersom det er nødvendig, jf. undersøkingsplikta i og tiltaksplikta i tredje ledd tredje punktum. At det blir meldt frå til rektor, betyr likevel ikkje at alle undersøkingar skal gjerast av rektor. Undersøkingane i ei sak vil ofte utførast av andre enn rektor, og rett nivå for tiltaka kan til dømes vere klassen eller trinnet.

All mistanke om og kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal meldast frå om. Tidspunktet for når det skal meldast frå, er ikkje lovregulert. For at plikta skal ha ei hensikt, må tidspunktet stå i forhold til alvoret i saka. Vurderinga av kor raskt ein skal melde frå, må gjerast frå sak til sak, og det må takast omsyn til formålet med regelen og at skolemiljøsaker er tidssensitive. I nokre tilfelle er det er nødvendig å melde frå til rektor straks, medan det i andre tilfelle kan vere forsvarleg å vente noko lenger, til dømes til slutten av skoledagen eller til vekefaste oppsummeringar eller liknande.

Andre ledd andre punktum oppstiller same plikta til å melde frå til rektor dersom ein elev sjølv seier frå om at det ikkje er trygt og godt på skolen. Det skal ikkje stillast strenge krav til kva det er å «seie» at ein ikkje har det trygt og godt. Ein kan ikkje forvente at elevane bruker ordlyden i lova eller omgrepa til vaksne. Det er ansvaret til skolen å fange opp at eleven seier frå om at skolemiljøet ikkje er trygt og godt.

Etter andreledd tredje punktum har skolen plikt til å undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak etter å ha fått ei melding etter andre ledd første eller andre punktum.

Det gjeld same låge terskel for undersøkingsplikta som for plikta til å melde frå. Det er likevel skolen som har ei plikt til å undersøkje, ikkje den enkelte som arbeider der. Undersøkingane skal setjast i verk «snarast». Uttrykket er likestilt med så snart som mogleg eller utan ugrunna opphald. I praksis betyr det at undersøkingsaktivitetar skal skje så snart det lèt seg gjere, og ei utsetjing må kunne grunngivast.

Plikta til å «undersøkje saka» inneber at det må hentast inn nok informasjon til å kunne avdekkje kva som har skjedd, og om éin eller fleire elevar opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Kor grundig ein mistanke skal undersøkjast, må vurderast skjønnsmessig og vere avhengig av formålet og kva slags situasjon ein står overfor. Undersøkingane må ha som formål å få fram fakta om ein situasjon, bakgrunnen for opplevinga til eleven og kva forhold i omgivnadene til eleven som påverkar korleis eleven har det på skolen. Dette kan krevje at undersøkingane også handlar om å avklare og opplyse forhold som har skjedd tilbake i tid eller utanfor skoletida og skoleområdet. Dersom undersøkinga viser at det er elevar som ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, eller i saker der eleven sjølv har sagt frå, må informasjonen som kjem fram i undersøkinga, i neste omgang brukast til å vurdere kva tiltak som skal setjast inn.

Dersom ein elev fortel at eleven har vorte krenkt av ein annan elev eller ein som arbeider på skolen, må den som blir skulda for å ha krenkt eleven, også kunne få komme med sitt syn på saka. At det i denne samanhengen må innhentast informasjon og synspunkt frå fleire enn eleven sjølv, følgjer også av at krenkingsomgrepet er objektivt.

Formålet med undersøkinga er å få eit tilstrekkeleg grunnlag til å oppfylle plikta til å setje inn «eigna tiltak», omtalt som tiltaksplikta.

Skolen skal setje inn tiltak sjølv om undersøkinga viser at det etter ei heilskapleg vurdering ikkje har skjedd nokon krenkingar mot eleven. Så lenge eleven sjølv opplever å ikkje ha det trygt og godt, skal skolen setje inn tiltak for å hjelpe eleven. Tiltaka treng ikkje å rette seg mot utvalde enkeltelevar, men kan rette seg mot større eller mindre problem eller miljøutfordringar på skolen. I nokre tilfelle kan også tiltaka gå ut på å rettleie eleven og å setje eleven betre i stand til å handtere det som blir opplevd som vanskeleg.

Skolen har også plikt til å setje inn eigna tiltak dersom undersøkingar som skolen har utført på eige initiativ, viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Dette betyr at skolen i nokre tilfelle skal setje inn tiltak på eige initiativ, dersom eleven sjølv ikkje har bede om eller ønskjer det. Sjå elles §§ 10-1 og 10-2 om det beste for eleven og retten elevane har til medverknad. Departementet understrekar i den samanhengen at retten til å bli høyrd og til å medverka gjeld for alle elevar. Elevar som er mistenkte for å krenkje andre elevar, eller som har krenkt andre elevar, skal ha same rettstryggleik og rett til å bli høyrd som eleven som har blitt utsett for krenkingane. Elevar som opptrer utagerande og aggressivt og krenkjer andre elevar, kan også sjølve oppleve at det ikkje er trygt og godt på skolen, og sjølve ha behov for støtte, hjelp og tiltak.

Plikta til å setje inn tiltak omfattar også ei plikt til å følgje opp tiltaka, evaluere verknaden og eventuelt leggje til eller endre tiltak dersom det er nødvendig for å nå målet. Kor omfattande evaluering som må gjerast, vil variere ut frå arten til saka.

At tiltaka skal vere «eigna», inneber for det første av tiltaka må vere lovlege. Plikta til å setje inn tiltak gir ikkje ein heimel til å gripe inn fysisk overfor elevane. Plikta er derfor også avgrensa til tiltak som anten ikkje krev lovheimel, eller som kan gjennomførast med heimel i andre reglar i lova. Skolereglane er relevante i denne samanhengen, sjå § 10-7. At tiltaka skal vere «eigna», inneber for det andre at dei skal kunne føre til at eleven får det trygt og godt. Tiltaka må tilpassast den konkrete saka, mellom anna kva som er årsaka til at eleven ikkje har det trygt og godt.

Plikta til å «rette opp situasjonen med eigna tiltak» inneber at skolen har plikt til å setje inn dei eigna tiltaka som finst, og som er tilgjengelege for skolen. Skolen må aktivt søkje etter moglege og eigna tiltak. Ofte vil det vere behov for fleire tiltak i samanheng for at tiltaka i sum skal vere eigna til å løyse problemet. Tiltaka treng ikkje å rette seg mot utvalde enkeltelevar, men kan rette seg mot større eller mindre problem eller miljøutfordringar på ulike nivå i skolen. Det kan også dreie seg om kurs, endring av kultur og haldningar hos dei som arbeider på skolen. Dersom årsaka til at ein elev opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, er forhold utanfor skoletida og skoleområdet, vil skolen ha meir avgrensa moglegheit til å rette opp dette. Men skolen skal så langt det finst eigna tiltak sørgje for at retten eleven har etter § 12-2, blir oppfylt. Dersom årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, er forhold utanfor skolen, må skolen likevel søkje etter alle eigna måtar å hjelpe eleven på. Dette kan vere gjennom tiltak som blir sette inn på skolen, men som har effekt utanfor skoletida og skoleområdet. I tillegg må det vurderast om det er andre instansar skolen bør involvere eller varsle, til dømes helse- og omsorgstenesta, barneverntenesta eller den oppsøkjande tenesta i kommunen.

Plikta til å setje inn tiltak varer til situasjonen er retta opp og eleven har det trygt og godt. Det inneber at plikta til skolen gjeld så lenge eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Aktivitetsplikta blir oppfylt gjennom at skolen kontinuerleg vurderer kva tiltak som er aktuelle, set inn dei tiltaka som etter ei fagleg vurdering blir rekna som eigna, og stadig evaluerer og eventuelt justerer tiltaka for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Dette betyr ikkje at skolen alltid må setje inn det tiltaket som eleven eller foreldra ønskjer. Men det betyr at skolen må halde fram med å prøve å hjelpe eleven til å få det betre på skolen. Det kan vere enkelte tilfelle der skolen ikkje greier å oppnå at eleven får det trygt og godt, fordi det ikkje er fagleg forsvarleg å gjere det eine tiltaket eleven meiner er nødvendig. Men skolen kan ikkje slutte å prøve. Skolen må halde fram med å gjere det han kan for at eleven skal få det trygt og godt.

Alle tiltak skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering. Det betyr at skolen må bruke eit relevant kunnskapsgrunnlag og i lys av både erfaringar, forskingsgrunnlag og den lokale konteksten finne fram til eigna tiltak. Dette føreset at dei tilsette har oppdatert og tilstrekkeleg kompetanse om regelverket, skolemiljø og arbeid mot krenkjande oppførsel. Kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at alle som er omfatta av aktivitetsplikta, har nødvendig og tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dei vurderingane som er nødvendige, og setje i verk tiltak som verkar etter hensikta, jf. § 17-1.

Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen «i alvorlege tilfelle», jf. andre ledd fjerde punktum. Plikta til å melde frå gjeld uavhengig av korleis rektor får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det har ikkje betydning for plikta til å melde frå om det er skolen som avdekkjer at eleven ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, eller om det er eleven sjølv som gir beskjed om at han eller ho ikkje har det trygt og godt. Kva som er alvorlege tilfelle, vil komme an på ei skjønnsmessig vurdering ut frå formålet med å melde frå. Døme på kva som typisk blir rekna som alvorleg, er saker der krenkingane er særleg valdelege eller på andre måtar svært integritetskrenkjande. Andre døme er når fleire elevar har mobba éin elev, eller der leiinga i skolen over noko tid ikkje har klart å løyse saka. Digital mobbing på tvers av skolar eller grove truslar via til dømes sosiale medium kan også vere alvorlege. At handlingane kan påtalast, eller at saka har fått merksemd i lokalsamfunnet, kan også vere ein indikasjon på alvorsgraden og behovet for varsling. Kommunane og fylkeskommunane kan fastsetje eigne rutinar for når skolane skal melde frå til kommunenivået, med ein lågare terskel enn det lova krev.

Rektor kan ikkje utsetje å melde frå til kommunen eller fylkeskommunen til undersøkingar etter andre ledd andre punktum er ferdige. Rektor kan derimot gjere enkelte undersøkingar dersom desse kan gjerast raskt og det er nødvendig for å kunne ta stilling til om saka er alvorleg. Dersom rektor er i tvil og det trengst grundige undersøkingar for å vurdere om saka er alvorleg, skal saka meldast vidare til kommunen eller fylkeskommunen.

Plikta i tredjeledd til å lage ein plan for tiltaka blir utløyst samtidig som plikta til å setje inn tiltak, jf. andre ledd tredje punktum. Omfanget av opplysningar under kvart av punkta i bokstav a) til e) må tilpassast saka. Ein tiltaksplan (også omtalt som aktivitetsplan) treng ikkje å knyte seg til éin bestemt elev, men kan ta for seg ein situasjon eller ei utfordring som omfattar fleire. Det blir ikkje stilt formkrav til planen utover at han skal vere skriftleg. Planen er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Reglane i forvaltningslova om prosess og innhald kjem derfor ikkje til bruk.

Dokumentasjonskravet i fjerdeledd inneber at skolen må dokumentere korleis dei ulike delpliktene i aktivitetsplikta er oppfylte. Kor mykje som er nødvendig å dokumentere, og kva form det skal dokumenterast i, må vurderast ut frå formålet med dokumentasjonsplikta og risikoen for elevane. Jo høgare risiko det er for at elevar ikkje har det trygt og godt på skolen, desto strengare krav blir stilt til mengda dokumentasjon og til kor grundig denne må vere. Kommunane, fylkeskommunane og skolane har relativt stor fridom når det gjeld forma for dokumentasjonen. Døme på dokumentasjonsformer er referat, loggar, notat, prosedyrar og liknande. Eit minimumskrav til dokumentasjonen er at arbeidet til skolen i enkeltsaker skal vere klargjort på ein slik måte at elevar og foreldre forstår og kan setje seg inn i kva som blir gjort i saka.

Det krevst ikkje at skolen kan dokumentere om og korleis dei har følgt med på kvar enkelt elev. Skolen må kunne dokumentere korleis skolen generelt følgjer med, til dømes gjennom inspeksjonsrutinar, inspeksjonslogg med vidare. I tillegg må skolen dokumentere ut frå risiko. Til dømes kan det vere enkelte område som er særleg utsette. Det kan vere spesielt sårbare elevar, eller det kan vere situasjonar i gang som skolen er kjend med eller har mistanke om. Dersom det er ein særleg risiko for at elevar kan bli utsette for krenkingar eller på annan måte ikkje har det trygt og godt, blir det stilt strengare krav til dokumentasjonen frå skolen av korleis han har følgt med.

Når det gjeld plikta til å gripe inn, er det ikkje nødvendig at skolen dokumenterer kvart tilfelle av irettesetjing av elevar. Men dersom episoden som det blir gripe inn mot, er alvorleg eller det trengst stor innblanding, må dette dokumenterast.

Når det gjeld plikta til å melde frå til rektor, kommunen og fylkeskommunen, vil meldinga i seg sjølv vere dokumentasjon dersom det blir meldt frå skriftleg. Ved munnlege meldingar må det dokumenterast på annan måte, til dømes gjennom møtereferat eller loggar.

Dersom ei undersøking fører til tiltak, skal det finnast dokumentasjon i form av tiltaksplanen, jf. tredje ledd. Tiltaksplanen (også omtalt som aktivitetsplanen) skal omhandle kva problem planen skal løyse, og her er det naturleg at det kjem fram korleis saka er undersøkt. Dersom undersøkinga ikkje fører til tiltak, må det vurderast konkret om og i så fall kor mykje som må dokumenterast. Dersom undersøkinga til dømes går ut på å snakke med dei involverte elevane og det viser seg å vere ei misforståing som blir oppklart på staden, er det ikkje nødvendig at dette blir dokumentert. Dersom saka krev vidare undersøkingane eller skolen er i tvil om det bør setjast inn tiltak, skal undersøkingane til skolen dokumenterast. Ofte vil undersøkingane dreie seg om møte med elevar, tilsette og foreldre, og referat vil vere ein naturleg måte å dokumentere slike undersøkingar.

Til § 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-5 med enkelte endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.7.

Ordlyden «ein som arbeider på skolen» i denne paragrafen skal forståast tilsvarande som i § 12-4.

Førsteleddførstepunktum pålegg dei som arbeider på skolen, ei plikt til å melde frå til rektor ved alle mistankar om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpeordninga, utset eller har utsett ein elev for krenkjande oppførsel. Krenkingsomgrepet i denne regelen er objektivt på den måten at det må gå ut på ei heilskapleg vurdering, og ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven, av kva som er krenkjande oppførsel. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3. Det gjeld same låge terskel for plikta til å melde frå her, som etter aktivitetsplikta i § 12-4. Mistanke er tilstrekkeleg. I utgangspunktet er det opp til den tilsette etter ei konkret vurdering å ta stilling til om det er grunn til mistanke om at ein som arbeider på skolen, krenkjer eller har krenkt ein elev. Men det vil alltid gi grunnlag for mistanke dersom ein elev sjølv seier at det har skjedd.

At det skal meldast frå «straks», betyr at ein ikkje skal utsetje å melde frå. At ein tilsett krenkjer ein elev, er så alvorleg at saka ikkje kan vente, ut over eventuelt til neste pause eller friminutt.

Førsteleddandrepunktum slår fast at rektor skal melde frå vidare til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er «openbert grunnlaus». Terskelen inneber at rektor kan undersøkje ei melding frå dei tilsette før rektor melder vidare til kommunen eller fylkeskommunen. Dette er avgrensa til ei rask undersøking for å vurdere om meldinga er openbert grunnlaus. Undersøkinga skal avgrense seg til om hendinga klart ikkje kan definerast som ei krenking (til dømes fagleg usemje eller irettesetjing som er innanfor samfunns- og oppdragaransvaret for skolen) eller dersom den påståtte krenkinga klart ikkje kan ha skjedd. Det skal vere ein svært låg terskel for melding. Den tilsette har ikkje rett til å uttale seg i samband med at kommunen eller fylkeskommunen får melding. Tilsette som blir påstått å ha krenkt ein elev, får moglegheita til å uttale seg gjennom plikta skolen har til å undersøkje saka nærare. Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter opplæringslova, sjå § 10-2, og vurderingane til departementet i punkt 21.5.1. Dette inneber at saka ikkje skal meldast til kommunen eller fylkeskommunen utan at eleven er kjend med det og har fått moglegheita til å uttale seg om hen ønskjer det. Meininga til eleven skal i denne samanhengen vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven.

Andreledd pålegg dei som arbeider i skolen, sjølve å melde frå til kommunen eller fylkeskommunen dersom dei har mistanke om eller kjennskap til at det er ein i leiinga i skolen som krenkjer eller har krenkt ein elev. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3 første ledd. Det er ingen konflikt mellom reglane i forvaltningslova om teieplikt og den skjerpa plikta til å melde frå her. Ikkje alle opplysningane vil vere av ein art som blir omfatta av teieplikta i forvaltningslova § 13, og teieplikta står uansett ikkje i vegen for utveksling av opplysningar internt i eit forvaltningsorgan når utvekslinga skjer for å utføre dei oppgåvene som opplysninga er innhenta for, jf. forvaltningslova § 13 b. Kanalar for å melde frå til skoleleiing og kommunen og fylkeskommunen må likevel ha tilfredsstillande informasjonssikkerheit slik at krava i personopplysningslova og personvernforordninga (ofte kalla GDPR) blir varetekne.

Resten av delpliktene og krava i aktivitetsplikta i § 12-4 gjeld også i tilfelle der eleven ikkje har det trygt og godt fordi eleven blir eller har vorte krenkt av ein som arbeider på skolen.

Til § 12-6 Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-6 med nokre endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.8.

Førsteledd slår fast at ein elev eller foreldra til ein elev som opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, kan melde saka til statsforvaltaren. Ordlyden «trygt og godt skolemiljø» skal forståast som ei tilvising til det psykososiale skolemiljøet som eleven har rett til etter § 12-2. Eit trygt og godt skolemiljø omfattar meir enn fridom frå krenkingar og skal dessutan ikkje avgrensast av årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Sjå elles merknadane til §§ 12-2 og 12-4.

Saka må vera teken opp med rektor før ho blir meld til statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan ikkje krevje sikker dokumentasjon for at saka har vore teken opp med rektor. Det vil vere tilstrekkeleg at eleven og foreldra kan sannsynleggjere overfor statsforvaltaren at saka er teken opp med rektor. Dersom rektor har delegert oppgåva til ein tilsett, og eleven eller foreldra har meldt saka til den tilsette, vil kravet om at saka må være teken opp med rektor, vere oppfylt (også der den tilsette ikkje har vidareformidla saka til rektor). Dersom rektor ikke har delegert oppgåva, må eleven eller foreldra ta kontakt med rektor, om ikkje saka allereie er tatt opp med rektor av ein tilsett. Dersom det er ein i skoleleiinga eller rektor sjølv som har krenkt ein elev, og som er skuld i at eleven ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan det likevel ikkje krevjast at eleven eller foreldra melder frå til rektor. Departementet viser til at i slike tilfelle vil det liggje føre «særlege grunnar» som nemnt i andre ledd til å behandle saka sjølv om ho ikkje har vore teken opp med rektor. Sjå elles merknaden til andre ledd andre punktum nedanfor.

Eleven kan, uavhengig av alder, melde saka til statsforvaltaren utan at foreldre har samtykt eller har kjennskap. Retten foreldra har til å melde inn saka, gjeld uavhengig av kven av dei barnet bur fast hos. Eleven eller foreldra kan også peike ut ein annan person til å melde saka til statsforvaltaren, på vegner av eleven, jf. forvaltningslova § 12. Barneverntenesta kan melde saka til statsforvaltaren ved omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering, jf. § 24-4.

Andreleddførstepunktum gir eleven og foreldra ein rett til å få prøvd spørsmålet om skolen har oppfylt tiltaksplikta etter § 12-4 andre ledd og plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd. Vurderingstemaet er om skolen har sett inn dei tiltaka som innanfor rimelege grenser kan forventast i den aktuelle saka for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt psykososialt skolemiljø, jf. § 12-2. Dette svarer langt på veg til vurderingstemaet Høgsterett har lagt til grunn i praksisen sin, jf. Rt. 2012 s. 146. Statsforvaltaren må greie ut fakta i saka og gjere ei fagleg vurdering av om skolen har gjort det som innanfor rimelege grenser kunne forventast ut frå tilgjengeleg kunnskap og krava i regelverket. Det avgjerande for vurderinga vil vere om skolen har sørgt for, og eventuelt framleis vil sørgje for, å vurdere og evaluere ulike tiltak og setje inn tiltak som etter ei fagleg vurdering er eigna til å sikre eleven eit trygt og godt skolemiljø. Sjå merknaden til § 12-4 andre ledd.

Dersom eleven har fått det trygt og godt undervegs i saksbehandlinga, avsluttast saka. Då vil det ikkje lenger vere nokon aktuelle tiltak eller ein aktuell plan som statsforvaltaren skal overprøve. Det er eleven si eiga oppleving av skolemiljøet som må leggjast til grunn i vurderinga om eleven har fått eit trygt og godt skolemiljø. Det må stillast strenge krav til å avvise eller avslutte behandlinga på bakgrunn av at ein elev har fått eit trygt og godt skolemiljø igjen. Ein elev kan føle at situasjonen har forbetra seg for ein kortare periode, utan at det underliggjande skolemiljøproblemet er løyst, og det kan også finnast tilfelle der ein elev ikkje tør å gi uttrykk for korleis hen eigentleg har det. Eleven og foreldra må aktivt informere statsforvaltaren om at eleven har fått det trygt og godt igjen slik at saka derfor kan avsluttast, for at statsforvaltaren skal kunne avslutte saka på dette grunnlaget.

Statsforvaltaren skal ikkje prøve sjølvstendig om retten eleven har til eit trygt og godt skolemiljø, jf. § 12-2, er oppfylt. Dette er ikkje eit spørsmål som kan overprøvast, ettersom det avheng av eleven si eiga oppleving av skolemiljøet. Statsforvaltaren må likevel implisitt ta stilling til om skolemiljøet er trygt og godt, for å kunne avgjere om tiltaka som er sette i verk, er tilstrekkelege.

Andreleddandre punktum handlar om i kva tilfelle statsforvaltaren skal avvise ei sak. At saka blir avvist, betyr at statsforvaltaren ikkje realitetsbehandlar saka som blir meld inn. Ei avvising er eit vedtak som kan klagast på, jf. forvaltningslova § 2 tredje ledd. Statsforvaltaren har ei rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11. Dette kan innebere å hjelpe elevar eller foreldre med å leggje fram saka for forvaltninga.

Det første avvisingsgrunnlaget er at eleven eller foreldra ikkje først har teke opp saka med rektor. Statsforvaltaren kan ikkje krevje sikker dokumentasjon for at saka har vore teken opp med rektor. Det vil vere tilstrekkeleg at eleven og foreldra kan vise overfor statsforvaltaren at det er sannsynleg at saka er teken opp med rektor. Det blir ikkje stilt formkrav til korleis saka skal takast opp med rektor eller meldast til statsforvaltaren. Ei melding kan skje både munnleg og skriftleg, på papir og elektronisk. For at statsforvaltaren skal kunne behandle saka, må eleven og skolen det gjeld, vere namngitt. Både rektor og statsforvaltaren må ta omsyn til at elevar og foreldre ikkje bruker ord eller uttrykk som samsvarer med ordlyden i lova når saka blir meld. Sjå elles merknadane til første ledd over om kravet til at saka må vere tatt opp med rektor.

Det andre avvisningsgrunnlaget er at det har gått mindre enn éi veke sidan saka vart teken opp. Éi veke vil seie fem arbeidsdagar i tilfelle med fri- og heilagdagar.

Det tredje avvisingsgrunnlaget er at saka ikkje gjeld det psykososiale skolemiljøet på skolen der eleven går. Det er opplevinga til eleven av det noverande skolemiljøet som er avgjerande, ikkje årsakene til at eleven ikkje opplevde at det er trygt og godt på ein annan skole. Ordlyden «den aktuelle skolen» omfattar også skolen der eleven skulle gått dersom eleven av ulike årsaker ikkje kan eller vil møte på skolen, og tilfelle der eleven mellombels og som eit kortvarig tiltak har bytt skole for å vere i eit tryggare miljø enn på (nær-)skolen fram til skolen har sett inn nødvendige tiltak. Det vil ikkje vere grunnlag for å behandle ei skolemiljøsak dersom eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen. Ei vurdering av om skolen har oppfylt plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø, vil i eit slikt tilfelle berre vere tilbakeskodande.

Dersom vilkåra for avvising er oppfylte, skal statsforvaltaren avvise saka dersom det ikkje er særlege grunnar til å behandla henne. Ordlyden «særlege grunnar» inneber ein sikringsventil, slik at saker som er svært alvorlege eller tidssensitive, kan takast til behandling. Det skal vere ein terskel for å ta ei sak til behandling når vilkåra for avvising er oppfylte. Unntaket «særlege grunnar» gjeld for alle avvisingsgrunnlaga. Unntaket kan komme til bruk i til dømes saker som gjeld alvorlege valdshandlingar eller seksuelle krenkingar. Eit anna tilfelle kan vere at det er rektor sjølv som står for krenkinga. I eit slik tilfelle er det urimeleg å krevje at eleven eller foreldra til eleven må ta saka opp med rektor for å kunne få saka behandla hos statsforvaltaren. Det skal mykje til for å behandle saker som gjeld miljøet på skolar der eleven ikkje lenger går. Det kan likevel unntaksvis vere særlege grunnar til å realitetsbehandle slike saker, til dømes dersom det er ei svært alvorleg sak og det har særleg mykje å seie for moglegheita eleven har til å få det trygt og godt på den «nye» skolen.

Det blir ikkje stilt krav til at statsforvaltaren må gjere greie for og grunngi kvifor det ikkje ligg føre særlege grunnar i avvisingsvedtaka sine. Det ligg ikkje føre ei plikt for statsforvaltaren til å vurdere om det ligg særlege grunnar føre i alle saker. Det må vere særlege forhold ved saka som gjer det nødvendig og aktuelt å gå inn i vurderinga. Det høyrer under skjønnet til statsforvaltaren å avgjere om særlege grunnar ligg føre.

I tredjeledd er statsforvaltaren gitt mynde til å krevje å få innsendt alle opplysningar som er nødvendige for å behandle saka. Statsforvaltaren avgjer sjølv om pålegget om å sende inn opplysningar skal rettast til skolen eller kommunen eller fylkeskommunen. Opplysningane kan krevjast overlevert munnleg eller skriftleg. Statsforvaltaren kan setje ein frist for når opplysningane skal vere overleverte. Innsynsretten gjeld uavhengig av lovpålagd teieplikt etter forvaltningslova eller avtalar med skolen eller kommunen eller fylkeskommunen. Dersom statsforvaltaren skal få tilgang til opplysningar frå skolehelsetenesta, fastlegen eller andre med teieplikt etter helsepersonellova, føreset dette samtykke frå den opplysningane gjeld.

Retten elevane har til å medverke, og kravet om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, følgjer av §§ 10-1 og 10-2. Kva barn statsforvaltaren skal høyre, og korleis dette skal skje, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til barna. Statsforvaltaren må vurdere om oppfatninga og meininga til elevane kjem tilstrekkeleg fram i saksdokumenta, eller om statsforvaltaren sjølv skal høyre elevane direkte. Det er som regel ikkje tilstrekkeleg for statsforvaltaren å berre høyre den eleven som har meldt saka. Statsforvaltaren må i alle fall høyre alle elevane som saka direkte gjeld. Statsforvaltaren må dessutan sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak, jf. forvaltningslova § 17. Det kan derfor vere nødvendig å innhente informasjon frå andre elevar, frå foreldre og frå dei som arbeider på skolen og i kommunen eller fylkeskommunen. Kven som må høyrast, og kor grundig saka må greiast ut, må vurderast konkret. Dersom statsforvaltaren skal vedta kva skolen skal gjere, jf. fjerde ledd andre punktum, krevst det grundigare utgreiing av saka enn dersom statsforvaltaren skal påleggje retting.

Fjerdeledd omhandlar myndet statsforvaltaren har til å gjere vedtak. Vedtaket skal rettast mot kommunen eller fylkeskommunen, men vil som regel krevje aktivitet på skolenivå. Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for å sørgje for at vedtaket blir gjennomført. Dersom statsforvaltaren kjem til at det ligg føre brot på plikta til å setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd, skal statsforvaltaren som hovudregel påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Det vil seie at statsforvaltaren skal stille krav om at kommunen eller fylkeskommunen finn ei løysing på saka som sikrar at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Unntaksvis kan statsforvaltaren sjølv vedta kva tiltak som skal setjast inn. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. I desse tilfella kan statsforvaltaren også vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.

Val av tiltak skal baserast på undersøkinga av saka og ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven (sjå merknaden til § 12-4 andre ledd). I kva grad det er behov for å innhente informasjon frå andre elevar, avheng av kva slags vedtak som er aktuelt, og om dette vedkjem andre elevar. Kravet i § 10-1 om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, omfattar alle involverte elevar, ikkje berre hen som har meldt saka. I nokre tilfelle kan omsynet til dei ulike elevane tale for ulike løysingar. Kva omsyn som skal vege tyngst, og kva tiltak som skal setjast i verk, må vurderast konkret ut frå målet om at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.

Vedtaka statsforvaltaren gjer, kan ikkje gripe inn i styringsretten til kommunane og fylkeskommunane. Det er kommunen og fylkeskommunen som arbeidsgivarar som er ansvarlege for å etterleve reglane i arbeidsmiljølova. Statsforvaltaren har ikkje styringsrett overfor dei tilsette i skolen. Dette inneber at det ikkje vil vere tilgang til å bestemme at enkeltpersonar som er tilsette ved skolen, skal gjennomføre dei tiltaka som blir bestemte. Slike pålegg vil gripe inn i styringsretten til kommunane og fylkeskommunane.

Statsforvaltaren kan knyte tvangsmulkt til gjennomføring av vedtaket, jf. § 12-8.

Femte ledd inneber at statsforvaltaren si avgjerd er å rekne som eit enkeltvedtak overfor eleven som har meldt saka, og eventuelt andre private personar som avgjerda rettar seg mot. Dette inneber at avgjerda må behandlast etter saksbehandlingsreglane i forvaltningslova kapittel IV og V, og at avgjerda kan klagast på etter forvaltningslova kapittel VI. Avgjerda blir ikkje rekna som enkeltvedtak overfor kommunane og fylkeskommunane. Kommunane og fylkeskommunane har derfor ikkje klagerett. Femteledd andre punktum pålegg statsforvaltaren å setje ein frist for kommunen eller fylkeskommunen til å oppfylle statsforvaltaren sitt vedtak og å følgje opp saka. Fristen skal givast opp presist. Det vil ikkje vere i samsvar med formålet å fastsetje at eit pålegg skal oppfyllast så snart som mogleg. Kommunen eller fylkeskommunen bør samtidig givast ein frist for å gi tilbakemelding til statsforvaltaren om at vedtaket er gjennomført. Det kan også bedast om informasjon frå kommunen eller fylkeskommunen som dokumenterer dette.

Til § 12-7 Det fysiske miljøet

Paragrafen forenklar dagens lov § 9 A-7. Paragrafen er omtalt i punkt 33.9.

Paragrafen må sjåast i samanheng med det overordna kravet til skolemiljøet i § 12-2.

Paragrafen må vidare sjåast i samanheng med dei meir detaljerte krava som blir stilte til det fysiske skolemiljøet i forskrift om miljø og helse i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar.

Førsteleddførste punktum slår fast at alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Kva som er arbeidsplassen til elevane, må vurderast konkret. Sjølv om det her er store variasjonar i bygningsmasse, organisering, elevtal, skoleslag og ulike fag, er det nokre haldepunkt. Det må gjelde der elevane oppheld seg når dei får opplæring på skolen, uavhengig av om det er teoretiske eller praktiske fag. Tilpassingane kan gjelde på klasse-/gruppenivå eller på individnivå.

Etter første ledd andre punktum er det ei plikt til å innreie skolen slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne. Regelen må sjåast i samanheng med § 11-5, som slår fast at elevar har rett til den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.

Etter andre ledd første punktum gir departementet forskrift om saksbehandlinga av saker som gjelder det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7. I forskrifta kan departementet spesifisere framgangsmåten for førespurnader og klagar som gjeld det fysiske skolemiljøet. Ettersom departementet er gitt myndigheit til å utarbeide særskilde reglar om førespurnader og klagar i forskrift, er det fastsett i andre ledd andre punktum at dei ordinære reglane om klage i § 29-1 ikkje gjeld for saker om det fysiske skolemiljøet.

Til § 12-8 Tvangsmulkt

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-13 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 61.

Tvangsmulkt føreset ikkje skuld hos kommunen eller nokon kommunen svarer for. Tvangsmulkta kan ileggjast uavhengig av omfanget av brotet på aktivitetsplikta. Tvangsmulkt blir ikkje rekna som straff etter den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

I førsteleddførstepunktum blir statsforvaltaren og klageinstansen gitt mynde til å fastsetje tvangsmulkt for kommunane og fylkeskommunane. Tvangsmulkta skal sikre gjennomføring av vedtak etter § 12-6, noko som igjen har til formål å sikre at aktivitetsplikta blir oppfylt slik at eleven kan ha eit trygt og godt skolemiljø. Det følgjer av formålsopplysninga i første ledd at eit vedtak om tvangsmulkt må formast ut slik at det er mogleg å unngå tvangsmulkta ved å oppfylle vedtaket som tvangsmulkta er knytt til. Det inneber til dømes at det ikkje må setjast ein så kort frist for etterleving at fristen i utgangspunktet er umogleg å overhalde. I så fall vil mulkta i større eller mindre grad få preg av sanksjon mot å allereie ha skulla gjort seg skuldig i lovbrot. Formålet med tvangsmulkt tilseier at det bør brukast i saker der det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen elles ikkje vil oppfylle vedtaket frå statsforvaltaren eller Utdanningsdirektoratet innan den fastsette fristen. Tvangsmulkta kan knytast til eit vedtak eller delar av eit vedtak etter § 12-6.

I førsteleddandrepunktum er det fastsett når vedtaket om tvangsmulkt kan gjerast. Det kan skje samtidig med fastsetjinga av vedtaket for å gi eleven eit trygt og godt skolemiljø. Men vedtaket om tvangsmulkt kan også gjerast seinare.

I andreleddførstepunktum er det fastsett at vedtaket om tvangsmulkt blir gjeldande når kommunane eller fylkeskommunane ikkje held fristen for å gjennomføre vedtak som skal sikre at ein elev skal få eit trygt og godt skolemiljø. Verknadstidspunktet til tvangsmulkta er altså knytt til oppfyllinga av vedtak retta mot kommunen eller fylkeskommunen. Tvangsmulkta byrjar å løpe frå utløpet av fristen for å oppfylle vedtaket mot kommunen eller fylkeskommunen. Mulkta løper til vedtaket er oppfylt. Det inneber at tvangsmulkta knyter seg direkte til etterlevinga frå kommunen eller fylkeskommunen av vedtaket, ikkje til brotet på aktivitetsplikta som er grunnlaget for vedtaket.

I andreleddtredjepunktum er det oppstilt to kumulative vilkår for at ei tvangsmulkt ikkje skal få verknad. For det første må det vere umogleg å innrette seg etter og gjennomføre vedtaket som er gjort for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. For det andre må det vere slik at den ansvarlege, det vil seie kommunen eller fylkeskommunen, ikkje kan noko for dette. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg at kommunen eller fylkeskommunen viser til at det er vanskeleg eller dyrt å oppfylle vedtaket. At det viser seg umogleg å oppfylle vedtaket innan fristen fordi kommunen eller fylkeskommunen planla å setje i verk eit tiltak for seint til å rekke fristen, fritek heller ikkje kommunen og fylkeskommunen frå tvangsmulkta.

I tredjeledd er det fastsett at reglane i forvaltningslova kapittel IV og V skal gjelde i saker om fastsetjing av tvangsmulkt. Vedtaket til statsforvaltaren om tvangsmulkt rettar seg mot kommunar og fylkeskommunar og kan ikkje klagast på. Reglane i forvaltningslova om klage kjem derfor ikkje til bruk.

I fjerdeleddførstepunktum er det fastsett at tvangsmulkta skal falle til statskassa. I fjerdeleddandrepunktum blir det opna for at tvangsmulkta i særlege tilfelle kan bli redusert eller falle bort. Det er opp til det forvaltningsorganet som gir tvangsmulkt, etter ei konkret skjønnsmessig avveging, sjølv å gjennomføre denne avgjerda. Reduksjon eller fråfall skal berre skje heilt unntaksvis.

Femteledd inneheld ein heimel til å gi forskrifter med nærare reglar om tvangsmulkt. Av omsyn til einsarta forvaltningspraksis kan det vere aktuelt å gi forskrifter om val av typen tvangsmulkt, det vil seie om det skal brukast løpande mulkt eller eingongsbeløp, og standardiserte storleikar eller rammer for storleiken på tvangsmulkta.

Til § 12-9 Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-14 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 61.

Førsteleddførstepunktum regulerer straffansvaret for brot på plikta til å følgje med, gripe inn og melde frå i skolemiljøsaker. Desse pliktene gjeld for alle som arbeider på skolen, og den enkelte tilsette kan dermed straffast. Strafferamma er bot eller fengsel i opptil 3 månader. Det følgjer av straffelova §§ 32 og 54 at bot og fengselsstraff kan kombinerast. Bot kan også kombinerast med samfunnsstraff, sjå straffelova §§ 51 og 54.

Førsteleddandrepunktum regulerer straffansvar for brot på plikta til å undersøkje saka og setje inn tiltak. Desse pliktene er i § 12-4 andre ledd tredje punktum lagde til skolen. Det er rektor som kan bli straffeansvarleg for brot på dei pliktene i § 12-4 andre ledd tredje punktum som ligg på skolen.

Overfor den enkelte tilsette og rektoren gjeld straffebodet ved forsettlege og aktlause lovbrot. Det vil dermed ikkje vere slik at alle brot på dei ulike delpliktene er straffbare. Personleg straffansvar gjeld dessutan berre ved kvalifiserte lovbrot, altså ved grove eller fleire lovbrot. I vurderingane av kva som er grove brot, skal det leggjast vekt på kva slags lovbrot det er tale om, og kor stor skade det har ført til, sjå andre ledd.

I tredjeledd er det informasjon om at kommunen eller fylkeskommunen kan påleggjast straff etter reglane om føretaksstraff i straffelova § 27 dersom § 12-4 første til andre ledd eller § 12-5 er broten av nokon som handlar på vegner av skolen. Det er straffelova § 27 som er avgjerande for om kommunen og fylkeskommunen kan påleggjast føretaksstraff.

Fjerdeledd viser til den særskilde foreldingsfristen for saker om psykososialt skolemiljø. Utan denne særregelen ville foreldingsfristen vore to år, jf. straffelova § 86 første ledd bokstav a.

Til § 12-10 Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-15 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 61.

Paragrafen inneber at det er delt bevisbyrde når det gjeld ansvarsgrunnlaget i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø. Vilkåret om at «det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane […]» inneber at påstanden til den skadelidde må styrkjast av opplysningar i saka. Men påstanden treng ikkje å vere støtta av bevis i form av dokumentasjon eller vitneførsel. Dette inneber ein meir lempeleg standard enn det alminnelege kravet om sannsynsovervekt som elles vil gjelde i bevisføringa i ei erstatningssak. Det er tilstrekkeleg at det finst opplysningar i saka som gir grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane; opplysningane må ikkje nødvendigvis skaffast av den skadelidde sjølv. Kommunen og fylkeskommunen må då sannsynleggjere – med sannsynsovervekt – at dei likevel ikkje er å klandre.

Det følgjer av skadeserstatningslova og rettspraksis at både kumulative og anonyme feil blir omfatta av erstatningsansvaret og samla sett kan vurderast som aktløyse frå skolen si side og danne grunnlag for ansvar for kommunen eller fylkeskommunen.

Regelen om delt bevisbyrde gjeld berre erstatningsvilkåret om ansvarsgrunnlag. For dei andre erstatningsvilkåra – økonomisk tap og pårekneleg årsakssamanheng – gjeld dei ordinære bevisbyrdereglane.

Kapittel 13 Ordenstiltak

Til § 13-1 Bortvising

Paragrafen vidarefører § 9 A-11 og er omtalt i punkt 34.3.

Førsteledd regulerer rammene for i kva tilfelle det kan fastsetjast i skolereglane at bortvising kan brukast som reaksjon på brot på skolereglane i § 10-7. Dersom bortvising, inkludert bortvising for resten av skoleåret, ikkje er fastsett som ein reaksjon i skolereglane, kan ikkje bortvising brukast. Kommunane og fylkeskommunane vel sjølve om dei vil fastsetje i skolereglane at bortvising skal kunne brukast som ein reaksjon. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve.

Bortvising kan berre brukast som reaksjon ved brot på skolereglane, ikkje andre reglar, til dømes reglar i opplæringslova. Det betyr at skolereglane må vere dekkjande for dei situasjonane der kommunen og fylkeskommunen meiner at bortvising (og andre reaksjonar) er eit aktuelt tiltak. Dersom bortvising til dømes skal kunne brukast som tiltak ved brot på forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i forslaget § 27-1, må dette fastsetjast i skolereglane.

Med «grove brot» er det meint brot på skolereglane som blir rekna som alvorlege.

Kva som er «grove» brot må komme an på ei skjønnsmessig vurdering. Dette vil langt på veg vere ei skolefagleg vurdering. Ettersom bortvising er eit inngripande tiltak overfor elevane det gjeld, skal domstolane og tilsynsmaktene av omsyn til rettstryggleiken til elevane kunne overprøve vurderinga fullt ut.

Andre ledd regulerer at ein elev ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege. Regelen gjeld uavhengig av kor lang tid det er tale om å vise bort eleven, og slår fast prinsippet om det mildaste inngrep: Dersom det er tilstrekkeleg med mindre inngripande tiltak enn bortvising, skal ein bruke mindre inngripande tiltak. Dette kan til dømes vere opplærings- og ordensmessige tiltak som at to elevar ikkje lenger får sitje ved sida av kvarandre. Det kan også vere at eleven har behov for tilpassingar i opplæringa, eventuelt vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Bortvising kan ikkje brukast som eit substitutt for manglande tilrettelegging i form av tilpassa opplæring eller individuelt tilrettelagd opplæring.

Tredje ledd slår fast kor lenge dei ulike elevgruppene kan visast bort. Tredje ledd er ikkje ein sjølvstendig heimel for bortvising, men ei avgrensing av forskriftskompetansen etter første ledd.

Etter tredje ledd første punktum kan elevar på 1. til 7. trinn visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar.

Tredje ledd andre punktum presiserer at foreldra til ein elev på 1. til 7. trinn skal få beskjed før eleven blir bortvist resten av dagen. Skolen kan ikkje la eleven forlate skolen før foreldra er varsla. For dei yngste elevane vil det dessutan ofte vere slik at eleven blir på skolen til foreldra hentar hen. Det alminnelege omsorgs- og tilsynsansvaret til skolen for elevane inneber at skolen også kan ha plikt til å melde frå til foreldra til elevar på høgare trinn. Dette må skolen i lys av omsorgs- og tilsynsansvaret vurdere konkret i kvar enkelt sak. Døme på dette er elevar med behov for tilsyn. Regelen her om at foreldra skal ha beskjed om bortvisinga før ho blir gjennomført, supplerer regelen i § 10-8. Sjølv om foreldra ikkje får melding i forkant av ei bortvising, kan § 10-8 innebere at foreldra skal ha informasjon om bortvisinga etter at ho er sett i verk.

Tredje ledd tredje punktum slår fast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar.

Tredje ledd fjerde punktum fastset at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege, dersom dette er fastsett særskilt i skolereglane. Kva som er «særleg alvorlege» brot på skolereglane, må komme an på ei skjønnsmessig vurdering. Vurderinga av kva som er særleg alvorlege brot, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Bortvising for resten av skoleåret skal berre brukast når det er absolutt nødvendig, og vil først og fremst vere aktuelt ved gjentekne alvorlege brot på skolereglane. Svært alvorlege enkeltståande brot kan etter omstenda også vere tilstrekkeleg grunnlag for bortvising av ein elev for resten av skoleåret.

Fjerde ledd regulerer kven som kan ta avgjerda om å vise bort ein elev. Myndet til å vise bort ein elev er i utgangspunktet lagt til rektor «sjølv», sjå fjerde ledd første punktum. Ordlyden tilseier at dette myndet ikkje kan delegerast vidare til andre. Sjølv om myndet til å ta avgjerd er lagt direkte til rektor i lova, betyr ikkje dette at styringsretten til kommunen og fylkeskommunen er innskrenka.

Det er eitt unntak frå delegeringsforbodet i fjerde ledd andre punktum. Dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje har fastsett noko anna, står rektor fritt til å delegere til éin lærar, fleire lærarar eller alle lærarane ved skolen å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren har ansvaret for. Éi «opplæringsøkt» omfattar undervisning som blir gitt av den same læraren, eller den same gruppa av lærarar, over ein samanhengande tidsperiode. Fjerde ledd tredje punktum slår fast at bortvisinga uansett ikkje kan gjelde for meir enn to klokketimar.

Det er vidare eit unntak frå utgangspunktet om at rektor «sjølv» gjer vedtak om bortvising i fjerde ledd fjerde punktum. Avgjerder om å vise bort elevar i vidaregåande opplæring for resten av skoleåret er lagde til fylkeskommunen. Regelen er ikkje til hinder for at fylkestinget delegerer mynde til å gjere vedtak om bortvising til administrasjonen, men myndet kan ikkje delegerast til rektor eller andre på skolen.

Bortvising for éin dag eller meir vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova for enkeltvedtak gjeld. Utgangspunktet er at bortvising for kortare tid enn éin dag ikkje vil vere eit enkeltvedtak. Ei planlagd bortvising fram i tid for mindre enn ein dag vil likevel vere eit enkeltvedtak.

Sjølv om kortvarig bortvising normalt ikkje er eit enkeltvedtak, må rektor rådføre seg med lærarane til eleven før bortvisinga blir vedteken. Dette følgjer av den alminnelege plikta til å opplyse saka i forvaltningslova § 17. Dette gjeld også for vedtaket til fylkeskommunen. Uavhengig av om bortvisinga er enkeltvedtak eller ikkje, skal eleven høyrast, og meininga til eleven skal få vekt. Vidare må det beste for eleven vere eit tungtvegande omsyn i vurderinga, jf. forslaget § 10-1. Eleven vil også ha rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda, jf. retten eleven har til medverknad etter § 10-2.

Til § 13-2 Pålagt skolebyte

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-12 med enkelte endringar og er omtalt i punkt 34.4.

Paragrafen handlar om pålagt skolebyte, som vil seie at kommunen eller fylkeskommunen bestemmer at ein enkeltelev må byte skole av omsyn til dei andre elevane. Paragrafen gjeld ikkje tilfelle der ein elev sjølv ber om å få byte skole, eller der elevar må byte skole som følgje av skolenedleggingar eller endringar i skolekrinsane.

Førsteledd handler om grunnvilkåret for at pålagt skolebyte kan brukast som tiltak. Det er ikkje ei plikt for kommunen og fylkeskommunen å påleggje skolebytet sjølv om vilkåret er oppfylt. Medelevar har heller ikkje ein rett til å krevje at eit skolebyte blir gjennomført. Pålagt skolebyte i grunnskolen inneber at eleven blir pålagd å byte frå den skolen eleven har rett til å gå på etter § 2-6.

Grunnvilkåret for å kunne påleggje skolebyte er at oppførselen til eleven går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til éin eller fleire medelevar. Dersom skolen meiner at skolebyte vil vere det beste for ein elev, men oppførselen til eleven ikkje utgjer eit problem for éin eller fleire medelevar, kan ikkje skolebyte påleggjast. Slikt skolebyte føreset samtykke. Skolebyte kan heller ikkje påleggjast av omsyn til dei tilsette på skolen.

Det er oppførselen til eleven og verknadene av denne som skal vurderast. Dette føreset at skolen gjer grundige undersøkingar, jf. også § 12-4 andre ledd. For at vilkåret for skolebyte skal vere oppfylt, må undersøkingane for det første vise at oppførselen til ein enkeltelev faktisk er ei vesentleg årsak til at éin eller fleire medelevar ikkje har det trygt og godt på skolen eller lærer mindre. Både forhold som skjer på skolen, og forhold som skjer på fritida, kan grunngi skolebyte dersom det påverkar skolemiljøet til andre elevar.

Dei negative verknadene for medelevane må dessutan vere kvalifiserte. Om oppførselen til eleven går «alvorleg» utover tryggleiken eller læringa til andre elevar, må vurderast konkret. I vurderinga skal det takast utgangspunkt i opplevinga til medelevane, men det skal også gjerast ei fagleg vurdering av kva slags oppførsel som vanlegvis er eigna til å gå utover tryggleiken og læringa til andre elevar i alvorleg grad.

Andreledd regulerer tilfelle der det ikkje kan påleggjast skolebyte sjølv om grunnvilkåret i første ledd er oppfylt.

Andreleddførstepunktum fastslår at eleven ikkje kan flyttast dersom «mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege». Kravet inneber at det må vurderast om andre tiltak kan vere tilstrekkelege til å forhindre at oppførselen til eleven går alvorleg utover tryggleiken og læringa til andre elevar. Det inneber at andre tiltak som hovudregel skal prøvast ut og evaluerast før det er aktuelt å påleggje eit skolebyte. Skolebyte vil derfor først og fremst vere aktuelt i saker som har gått føre seg over tid og vorte stadig meir belastande for medelevane, utan at tiltaka som har vore sett inn, har betra situasjonen.

I ekstraordinære tilfelle kan det likevel vere rett, av omsyn til medelevane, at andre tiltak ikkje blir prøvde ut før skolebyte blir gjennomført. Dette vil vere saker der behovet for å verne medelevane er særleg stort. Eit døme kan vere eit tilfelle der undersøkingane viser at ein elev har opplevd eit grovt seksuelt overgrep frå éin eller fleire medelevar, drapsforsøk eller andre ekstreme former for vald, og der det ikkje er forholdsmessig eller rimeleg å krevje at det først skal prøvast ut andre tiltak.

Om andre tiltak er «tilstrekkelege», krev ei vurdering av effekten av ulike tiltak som kan rettast inn mot situasjonen. Det er ikkje nødvendig at mindre inngripande tiltak kan løyse problemet heilt, men tiltaka må kvar for seg eller i samspel redusere skadeverknadene slik at oppførselen ikkje lenger vil gå utover andre elevar i alvorleg grad, jf. første ledd. Eit døme på eit mindre inngripande tiltak er klassebyte. Pålagt skolebyte er derfor berre aktuelt dersom skolebyte er det einaste tiltaket som har denne effekten.

Kva tiltak som er aktuelle, og kva som er meir eller mindre inngripande, vil avhenge av ei konkret vurdering. Vurderinga av kor inngripande eit tiltak er, skal ta utgangspunkt i eleven det er aktuelt å flytte. Det skal vurderast tiltak som blir retta mot heile skolemiljøet, mot grupper av elevar, mot andre elevar ved skolen og mot enkelteleven det er aktuelt å flytte.

Andreleddandrepunktum inneber også ei avgrensing i tilgangen til å påleggje skolebyte, ved at ein elev ikkje skal flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. «[H]eimen» skal forståast som der eleven bur og elles vil halde fram med å bu dersom hen ikkje blir pålagd å byte skole. Det vil ofte, men ikkje alltid, vere heime hos foreldra eller ein av dei, eller der eleven bur aleine eller med andre ungdommar, til dømes i eit kollektiv eller på eit internat.

Andreleddtredjepunktum inneber ei avgrensing i tilgangen til å påleggje elevar i vidaregåande opplæring å byte skole. Avgrensinga gjeld i tillegg til dei to andre avgrensingane i andre ledd. Reglane om inntak til vidaregåande opplæring vil avgrense kva skolar det er aktuelt å byte til. Desse reglane går i dag fram av gjeldande forskrift til opplæringslova kapittel 6 og av lokale forskrifter i den enkelte fylkeskommunen. Etter inntaksreglane kan elevane berre flyttast til skolar der dei kvalifiserer til inntak. At ein elev ikkje kan bli pålagt å byte skole dersom det fører til at eleven «må byte utdanningsprogram og programområde», inneber at eleven må få tilbod om ein fagkombinasjon ved den nye skolen som gjer at eleven kan fullføre til planlagd tid. Eit skolebyte der det er nødvendig med omval for å kunne fullføre vidaregåande opplæring, føreset samtykke frå eleven.

Tredjeledd regulerer kven som kan ta avgjerder om pålagt skolebyte. Myndet er lagt til kommunen og fylkeskommunen. Reguleringa står ikkje i vegen for at kommunestyret eller fylkestinget delegerer myndet til å påleggje skolebyte til administrasjonen, men myndet kan ikkje delegerast til rektor eller andre på skolen.

Retten elevane har til å medverke og kravet om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, følgjer av §§ 10-1 og 10-2. Kva elevar som skal høyrast i saker om pålagt skolebyte, og korleis dette skal skje, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til elevane. Det er inga nedre aldersgrense for retten til å bli høyrt. Skolen skal høyre både den eleven som kan bli pålagt skolebyte, og andre elevar som er direkte påverka og involverte i saka. Det skal leggjast vekt på omsynet til alle involverte elevar. For at retten elevane har til medverknad, skal vere reell, må skolen sørgje for at elevane får informasjon om prosessen og blir inviterte til å beskrive situasjonen slik dei opplever han, og gi uttrykk for meiningane sine, sin vilje og sine ønske.

Før det blir gjort vedtak om skolebyte må den som gjør vedtaket også rådføre seg med rektor og aktuelle lærarar om saka, jf. kommunens og fylkeskommunens utgreiingsplikt etter forvaltningslova § 17.

Fylkeskommunane og kommunane vel sjølve om dei vil bruke tilgangen til å påleggje skolebyte for ein elev. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Vurderingane av om oppførselen til eleven går «alvorleg ut over tryggleiken eller læringa» til ein eller fleire medelevar, om mindre inngripande tiltak er «tilstrekkelege», eller om dagleg skyss er «uforsvarleg», byggjer derimot på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæring

Til § 14-1 Skolerute og lengda på skoleåret

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov §§ 2-2 og 3-2 og er omtalt i punkt 14, sjå særleg punkt 14.5.1.

Førsteledd regulerer lengda på skoleåret. Kravet betyr at det skal vere 38 veker med opplæring. Det treng ikkje å vere 38 veker samanhengande opplæring, og det treng ikkje å vere opplæring alle dagane i veka. Nasjonale reglar om minstetid til opplæring etter § 1-5 første og fjerde ledd vil i praksis også innebere ei minimumsgrense for talet på undervisningsdagar.

Andreleddførstepunktum pålegg kommunane og fylkeskommunane å fastsetje skole- og feriedagar (skolerute) og presiserer at dette skal fastsetjast i forskrift. Forskrifta skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Dersom det skal gjennomførast opplæring på andre dagar enn det som er fastsett i skoleruta, må forskrifta bli endra, eller det må gjerast unntak i enkeltvedtak. For at det skal kunne gjerast unntak frå skoleruta i enkeltvedtak, må forskrifta om skoleruta gi heimel til det.

Andreleddandrepunktum inneber avgrensingar i moglegheita kommunane og fylkeskommunane har til å bestemme kva dagar som skal vere skoledagar og fridagar. Regelen inneber at det må vere skoledagar på dagar der det skal gjennomførast nasjonale prøvar og eksamen.

Til § 14-2 Inndeling av elevar i klassar og grupper

Paragrafen erstattar dagens lov § 8-2 og er omtalt i punkt 14, sjå særleg punkt 14.5.3, 14.5.4 og 50.

Førsteleddførstepunktum inneber eit krav om at elevane skal delast inn i klassar. Det er ikkje eit krav at skolane må bruke nemninga «klasse». Kravet går ut på at elevane skal tilhøyre éi gruppe der dei får så store delar av opplæringa at dei kan oppnå sosial tilhøyrsel. Kor mykje opplæringstid elevane må ha i klassen for å oppnå sosial tilhøyrsel, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring og meir generell skolefagleg kompetanse vil stå sentralt i denne vurderinga. Generelt kan det vere behov for meir opplæringstid saman med klassen jo yngre elevane er. I vidaregåande opplæring vil tilbodsstrukturen og inndelinga i ulike programfag avgrensa kor mykje opplæringstid ein kan få til i same klasse.

Førsteleddandrepunktum presiserer at så lenge kravet i første ledd første punktum er oppfylt, så kan elevane få opplæring i andre grupper enn i klassen.

Førsteleddtredjepunktum regulerer korleis grupper og klassar skal setjast saman. Kravet om at inndelinga skal bidra til at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar respekt og toleranse for kvarandre, inneber at elevane som hovudregel må delast inn i grupper på tvers av ulike karakteristikkar som til dømes kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn, etnisitet og religion. Det inneber også at ein må sjå til at inndelingar etter nøytrale kriterium som til dømes bustad ikkje faktisk inneber skeivfordeling av elevar etter kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn, etnisitet og religion. Regelen stiller krav til resultatet av inndelinga, ikkje berre inndelingskriterium.

Andreledd regulerer kor store gruppene og klassane kan vere. Kva som er pedagogisk forsvarleg, skal vurderast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Økonomiske omsyn kan ikkje brukast som argument for å lage større grupper enn det som er pedagogisk forsvarleg. Så lenge gruppa ikkje er større enn det som er pedagogisk forsvarleg, kan kommunane og fylkeskommunane derimot leggje vekt på andre moment, som økonomi, ressurssituasjon, bygningsmessige vilkår osv.

Kor stor gruppe som vil vere trygt, vil avhenge av mellom anna alderen og ferdigheitsnivået blant elevane, kompetansen til den tilsette og den konkrete risikosituasjonen. I vurderinga av gruppestorleik på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande skole vil kunnskap og erfaring frå dei ulike bransjane jamførte med erfaringane til skolen med elevar i den aktuelle aldersgruppa vere eit relevant avgjerdsgrunnlag.

Vurderinga av kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet om at gruppa skal vere trygg og pedagogisk forsvarleg, utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Tredjeledd er eit unntak frå første ledd tredje punktum ved at det opnar for at elevane på visse vilkår kan delast inn etter fagleg nivå. Regelen omfattar alle former for inndeling i grupper der utveljinga av elevane er gjort med utgangspunkt i det faglege nivået blant elevane. Det omfattar både tilfelle der alle elevane i ein klasse eller på eit trinn blir delte inn etter fagleg nivå, og tilfelle der berre nokre av elevane er grupperte saman ut frå fagleg nivå. At elevane er i ei eiga gruppe, inneber at opplæringa skjer isolert frå andre grupper, ofte i eit anna rom.

Vurderinga etter tredjeleddførstepunktum av kva som er nødvendig for at elevane skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut, samtidig som vurderingane må gjerast med utgangspunkt i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Moglegheita til å dele inn etter fagleg nivå vil berre gjelde for den delen av opplæringa der nødvendigheitskravet er oppfylt. Nødvendigheitskravet betyr ikkje at nivådeling må vere nødvendig for alle elevane. Poenget er at nivådeling er nødvendig for nokon, og at inndelinga samtidig vil vere eigna til å gi alle eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. «[N]ødvendig» betyr ikkje at noko må vere absolutt påkravd, men det er meint å vere ein høgare terskel enn at inndelinga berre verkar tenleg. I vurderinga av om det er nødvendig med nivådeling, må ein sjå på kva som i rimeleg utstrekking kan oppnåast med andre tiltak, som til dømes allsidig bruk av arbeidsmåtar og metodar, å styrkje opplæringa i ordinære grupper med ekstra lærarressursar og kompetanse eller å gi elevane opplæring i mindre grupper som ikkje er organiserte ut frå fagleg nivå. Moglegheita til å dele inn etter fagleg nivå vil berre gjelde for den delen av opplæringa der nødvendigheitskravet er oppfylt.

Kriteriet «tilfredsstillande utbytte av opplæringa» må relaterast til måla for opplæringa og kva som er realistisk for den enkelte eleven samanlikna med andre elevar. Vidare må ein vurdere korleis organiseringa påverkar moglegheitene til å realisere det breie samfunnsmandatet til opplæringa, som er gitt i formålsparagrafen i lova og i dei ulike delane i læreplanverket. Dersom alle elevane kan få eit tilfredsstillande utbytte av å få opplæringa i grupper samansette på tvers av fagleg nivå, vil det ikkje vere lov med nivådeling.

Inndeling i grupper etter fagleg nivå kan berre gjerast i særskilde og avgrensa delar av opplæringa. Med «særskilde» meiner ein at det må vere ein bestemt fagleg del av opplæringa, og at behovet for nivådeling må vere knytt til denne delen. Med «avgrensa» meiner ein at elevane berre skal vere i slike grupper i ein avgrensa del av tida. Dette inneber at elevane vanlegvis skal vere inndelte i grupper som er samansette på tvers av fagleg nivå. Kor stor del av tida elevane kan vere i nivådelte grupper, må vurderast konkret. I denne vurderinga må det takast omsyn til om det er mogleg for elevane å få tilfredsstillande utbytte, at hovudregelen skal vere mangfaldig fellesskap, og at elevane skal vere så mykje av tida i klassen at dei kan oppnå sosial tilhøyrsel.

Elevane skal ikkje vere delte inn etter nivå i større grad enn det trengst. Ein må unngå at elevane blir verande i fast gruppe uavhengig av den faglege utviklinga deira. Skolen må derfor jamleg vurdere om skolen deler inn elevane i grupper etter fagleg nivå på ein tenleg måte og vurdere kva som er verknadene av nivådelinga. Skolen kan ikkje halde fram med å bruke eit tiltak som inneber nivådeling dersom tiltaket ikkje har positive effektar, eller dersom det går utover enkeltelevar på ein uheldig måte.

Nivådeling kan heller ikkje erstatte individuelt tilrettelagd opplæring for elevar som har rett til dette.

Fjerdeleddførste punktum er eit unntak frå første ledd tredje punktum ved at det opnar for at elevane kan delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Denne terskelen inneber at elevane kan delast inn etter kjønn for tema i undervisninga der det kan opplevast tryggare for elevane å få undervisning i kjønnsdelte grupper, til dømes om seksualitet, pubertet osv., men også her må ein vurdere om dette vil vere til det beste for elevane og mellom anna ta omsyn til om det er elevar med ein ikkje-binær kjønnsidentitet. Det kan også vere aktuelt å dele inn elevane etter kjønn dersom elevane skal prate om utfordringar i skolemiljøet som særleg gjeld jentene eller gutane. Elles vil slik inndeling berre vere aktuelt dersom det ikkje er praktisk mogleg å få til felles undervisning på ein måte som er forsvarleg og rimeleg med omsyn til integriteten til elevane, til dømes dersom det ikkje finst garderobar som gjer det mogleg for jenter og gutar å dusje separat. I slike tilfelle må det i så fall vere snakk om kortare periodar i unntakssituasjonar, ettersom kommunane og fylkeskommunane har eit ansvar for å sørgje for tilstrekkelege fasilitetar. Kravet om at det må liggje føre særleg tungtvegande grunnar for å dele elevane inn i grupper etter kjønn, inneber at det ikkje kan gjennomførast kjønnsdelt undervisning i til dømes symjing for å ta omsyn til at enkelte elevar og foreldre ønskjer dette, til dømes på grunn av religiøs overtyding. Vurderinga av om det ligg føre særleg tungtvegande grunnar, er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit lovbunde skjønn som domstolane og tilsynsmakta kan prøve fullt ut.

Fjerdeledd andre punktum fastslår at elevane ikkje kan delast inn i grupper etter etnisitet sjølv om inndelinga er avgrensa til delar av opplæringa. Det er likevel tillate med innføringstilbod for språklege minoritetar og eigne grupper for opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk, jf. §§ 3-2 og 6-2 om opplæring i og på samisk, §§ 3-3 om opplæring i kvensk eller finsk og §§ 3-6 og 6-5 om særskild språkopplæring.

Femteleddførste punktum stiller krav om at alle elevar skal ha ein kontaktlærar.

Det følgjer at femte ledd andre punktum at alle elevar skal ha ein kontaktlærar og at kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen som eleven går i. Det kan vere fleire kontaktlærarar i éin klasse, men kvar av elevane i klassen skal då berre ha éin av dei som kontaktlæraren sin.

Til § 14-3 Forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar

Paragrafen vidarefører heimelen departementet har til å fastsetje forskrift om lærartettleik, og er omtalt i punkt 14, sjå særleg punkt 14.5.2. Slik forskrift skal bestemme forholdstalet mellom lærar og elevar.

Forholdstalet, berekna gjennomsnittleg gruppestorleik, tek utgangspunkt i det samla talet elev- og lærartimar og er ein matematisk storleik som seier noko om den samla ressursinnsatsen på ein skole/i ein kommune. Denne matematiske storleiken seier ikkje noko om den faktiske storleiken på ei undervisningsgruppe. Ei undervisningsgruppe kan vere større eller mindre enn dette, avhengig av om det er innanfor krava i § 14-2.

Berekna gruppestorleik kan variere på ulike trinn.

Til § 14-4 Fjernundervisning

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 15.

Førsteledd fastset at delar av opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At «delar» av opplæringa kan gjennomførast som fjernundervisning, betyr at ikkje heile opplæringa til ein elev kan bli gjennomført som fjernundervisning. Avgrensinga er ikkje til hinder for at eit heilt fag blir gitt som fjernundervisning, til dømes for å leggje til rette for at elevane får større valfridom og kan velje smale fag dei elles ikkje kunne valt.

I førsteledd er det fastsett at fjernundervisning berre kan brukast dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg. Kva som ligg i gode grunnar og trygt og pedagogisk forsvarleg, er utdjupa i andre og tredje punktum. Vilkåret om gode grunnar inneber at det skal vere ein viss terskel for å organisere opplæringa som fjernundervisning. Ordinær opplæring av lærarar på skolen er normalordninga, medan fjernundervisning krev ei god grunngiving. Vilkåret om gode grunnar inneber at det må gjerast ei heilskapleg vurdering der fordelane for elevane med fjernundervisning blir vegne opp mot ulempene, jf. andre punktum. Fordelane kan til dømes vere at det blir mogleg å gi elevane eit tilbod dei elles ikkje ville fått, eller at det gjer det mogleg å tilpasse opplæringa til det faglege nivået til den enkelte. Ei ulempe med fjernundervisning er at elevane ikkje møter læraren og kanskje heller ikkje dei andre elevane som deltek i opplæringa. Det er ikkje lov å bruke fjernundervisning for å spare pengar, og kommunar og fylkeskommunar kan ikkje la vere å prøve å rekruttere lærarar som dei elles ville ha rekruttert, eller la vere å opprette tilbod som dei elles ville ha oppretta. Derimot kan fjernundervisning vere aktuelt dersom det gir elevane valfridom som dei elles ikkje ville fått, til dømes at det blir mogleg for dei å velje smale språkfag. Fjernundervisning kan også vere aktuelt i dei tilfella der kommunane og fylkeskommunane ikkje har lokalt rekrutteringsgrunnlag for undervisningspersonale med relevant fagleg og pedagogisk kompetanse eller relevant kompetanse i undervisningsfaget, men der bruk av fjernundervisning kan sikre slik kompetanse. Kommunen og fylkeskommunen må då vurdere om omsynet til å kunne bruke kvalifisert undervisningspersonale, framfor personale utan slike kvalifikasjonar, veg opp for ulempene med manglande fysisk nærvær.

Vilkåret om gode grunnar vil vere oppfylt dersom det ikkje finst undervisningspersonale som kan undervise i morsmål, tospråkleg opplæring i fag, samisk eller kvensk/finsk. Sjå punkt 28.5.5, 30.5.7 og 31.5.2.

Uttrykket «trygt og pedagogisk forsvarleg» skal tolkast i brei forstand ved at det mellom anna skal takast omsyn til kor gode moglegheiter elevane har for læring, utvikling, trivsel og sosial tilhøyrsel, jf. oppramsinga i førsteleddtredjepunktum. Momenta er ikkje uttømmande. Kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, må vurderast skjønnsmessig basert på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Alderen og kor modne elevane er, vil ha noko å seie i vurderinga. I tillegg har det betydning kor mykje av opplæringa som skjer gjennom fjernundervisning. Om og korleis fjernundervisninga blir kombinert med ulike former for fysisk samhandling, og om ein vaksen har tilsyn med elevane, har også betydning for om opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Det skal vurderast særskilt om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi dei yngste elevane opplæring som fjernundervisning. Ein føresetnad er i så fall at eleven får hjelp til å følgje opplæringa av ein tilsett på skolen. I vurderinga av om fjernundervisning er trygt for elevane, skal det også takast omsyn til risikoen for personvernet til elevane, sjå punkt 15.5.11. Dersom ein elev ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av fjernundervisninga, må skolen leggje til rette særskilt i samsvar med reglane om individuelt tilrettelagd opplæring.

Andre ledd handlar om kvar elevane skal kunne få fjernundervisning. Førstepunktum inneber at hovudregelen er at elevane skal få fjernundervisning på skolen. Det vil seie at elevane må vere på skolen medan dei får fjernundervisning, men læraren kan vere ein annan stad.

Andre leddandrepunktum opnar for at ein elev kan få opplæring andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Eit særleg tilfelle kan til dømes vere at ein elev ikkje kan komme på skolen på grunn av sjukdom. Då kan fjernundervisning vere eit supplement til at læraren kjem heim til eleven ved langvarig fråvær. Eit anna særleg tilfelle kan vere der ein elev mellombels bur ein annan stad enn i heimen, til dømes på eit krisesenter. Det kan også vere eit særleg tilfelle dersom ein elev skal delta i idrettskonkurranse eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Kva som er eit særleg tilfelle, må vurderast konkret. Det er meint å vere ein høg terskel der omsynet til eleven står sentralt.

Andre leddtredjepunktum opnar for at elevar i den vidaregåande opplæringa også kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen etter avtale med rektor. Paragrafen inneber at elevar i den vidaregåande opplæringa kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen utover i særlege tilfelle, men det føreset ein avtale med rektor. Sjå omtalen av kva som er meint med særlege tilfelle, i merknaden til andre ledd andre punktum.

Det er rektor på heimskolen til eleven som kan inngå avtale om at eleven skal få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Rektor kan delegere denne kompetansen. At kompetansen er lagd til rektor, står ikkje i vegen for at fylkeskommunane avgjer kva praksis skolane skal ha. Om fjernundervisning skal bli gitt andre stader enn på skolen, må vurderast konkret for den enkelte eleven.

Tredjeledd slår fast eit vilkår om effektiv kommunikasjon. Vilkåret inneber at elevane må ha tilstrekkeleg med moglegheiter til å få fagleg hjelp og oppfølging. Dessutan må læraren ha tilstrekkeleg moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir brukte, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid. Skolane må ha nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi opplæringa som fjernundervisning.

Kravet i fjerde ledd om at kommunane og fylkeskommunane skal «godtgjere» at vilkåra for bruk av fjernundervisning er oppfylte, inneber at det er kommunane og fylkeskommunane som skal sannsynleggjere at desse vilkåra er oppfylte. Kravet understrekar at ordinær opplæring er normalordninga, og at avgjerda om å bruke fjernundervisning krev særskild grunngiving. Det vil ikkje vere noko absolutt dokumentasjonskrav, men det er naturleg at det ligg føre noko dokumentasjon frå dei vurderingane som er gjorde. Ved eit eventuelt tilsyn er det kommunane og fylkeskommunane som må sannsynleggjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa som fjernundervisning, at fjernundervisninga er trygg og pedagogisk forsvarleg og at lærar og elev kan kommunisere effektivt, og ikkje tilsynsmaktene som må sannsynleggjere det motsatte. Val av fjernundervisning vil, til liks med val av undervisningsmetode, i stor grad kvile på eit fagleg skjønn. Både lærarkollegiet på den enkelte skolen, rektor og kommunen vil vere sentrale for å sikre kvalitet i den faglege skjønnsutøvinga.

Femte ledd er ein heimel til å fastsetje reglar i forskrift. Det er ikkje lagt opp til at det skal fastsetjast forskriftsreglar idet lovreglane blir innførte. Forskriftsheimelen skal kunne brukast til raskt å fastsetje ytterlegare vilkår og krav dersom det viser seg at dette er nødvendig ut frå måten reglane blir praktiserte på.

Kommunane og fylkeskommunane vel sjølve om dei vil bruke moglegheita til å gjennomføre opplæring som fjernundervisning. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Fleire av vilkåra som må vere oppfylte for å kunne gi opplæring som fjernundervisning, er skjønnsmessige. Vurderinga av om desse vilkåra er oppfylte, byggjer på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.

Det er plikta skolane har til å gi opplæring og til å vareta behovet til elevane for sosial samkjensle osv., i kombinasjon med moglegheita for å bruke fjernundervisning, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Se også punkt 15.5.10.

Til § 14-5 Forbod mot forkynning

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-4, og er omtalt i punkt 35.5.2.

Paragrafen oppstiller eit generelt forbod mot forkynning i opplæringa. Forbodet gjeld alle delar av opplæringa, ikkje berre opplæring om emna kristendom, religion, livssyn og etikk. Forbodet mot forkynning inneber mellom anna at undervisninga ikkje skal gi rom for religionsutøving, sjølv om ho skal gi kunnskap om tru, religionar og livssyn. I dette ligg mellom anna at formålet med opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk ikkje er å påverke elevane til den kristne trua. Elevane skal heller ikkje påverkast til andre religionar eller livssyn. Arbeidsmåtane vil bety svært mykje for om innhaldet i faget kan opplevast som religionsutøving eller vere støytande på andre måtar. Det er derfor viktig at det blir vist særleg varsemd ved undervisning i emne som omhandlar religiøs praksis som bønn, gudsteneste og andre former for religionsutøving. Samtidig er det viktig at skolane, som ved all anna opplæring, bruker engasjerande og varierte arbeidsmåtar, slik at undervisninga ikkje blir for teoritung og abstrakt. Etter omstenda vil det til dømes kunne vere lov at elevar, lærarar eller andre illustrerer religiøse ritual eller liknande.

Til § 14-6 Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn

Paragrafen erstattar dagens lov § 2-3 a og blir utvida til å omfatte vidaregåande opplæring. Paragrafen er omtalt i punkt 35.5.1.

Fritaksretten i førsteleddførstepunktum skal ta utgangspunkt i oppfatninga eleven eller foreldra har, men det skal gjerast ei viss prøving ut frå meir objektive kriterium. Fritaksretten gjeld fritak frå aktivitetar som med rimeleg grunn kan opplevast som utøving av annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn eller som støytande eller krenkjande. Formuleringa «krenkjande eller støytande» er teken inn for å sikre at elevar kan få fritak frå aktivitetar som kan vere uakseptable ut frå den kulturelle bakgrunnen deira eller fordi aktiviteten blir opplevd som eit brot på etiske reglar i religionen eller livssynet deira. Sjå elles Ot.prp. nr. 91 (2004–2005), kapittel 5.4. Regelen omfattar også utøving av aktivitetar som strir mot eigen religion, som til dømes å ete svinekjøtt.

Opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk skal vere samlande slik at elevane så langt det er mogleg kan delta i ei felles opplæring, med tilpassing av opplæringa slik at fritak ikkje trengst. Opplæringa skal heller ikkje vere forkynnande, noko som inneber at opplæringa ikkje skal gi rom for religionsutøving, jf. merknaden til § 14-5. Det kan likevel vere tilfelle der enkelte foreldre og elevar subjektivt opplever delar av opplæringa som religionsutøving eller tilslutning til andre livssyn. Som ein nødvendig sikringsventil kan fritaksregelen bidra til å unngå konfliktar i grenselandet mellom det som frå skolen si side ikkje blir rekna for å vere religionsutøving, men som for den enkelte kan opplevast som det.

Førsteleddandrepunktum føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra. Foreldra gir skriftleg melding om fritak fram til eleven har fylt 15 år. Elevar som har vorte 15 år, gir sjølve skriftleg melding, jf. § 24-5.

Det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for å sørgje for at fritak blir gjennomførte når det er meldt om fritak.

Etter andreledd kan ikkje kommunane og fylkeskommunane frita elevar frå kompetansemål i læreplanar for fag. For å sikre at fritaksretten er reell, må kommunane og fylkeskommunane sørgje for at foreldre og elevar får informasjon om retten til fritak, korleis regelen skal forståast i praksis, og kva aktivitetar og arbeidsmåtar som skal gjennomførast. Når kommunane og fylkeskommunane skal gi informasjon, bør dei særleg vere merksame på aktivitetar og arbeidsmåtar der ein kan rekne med at fritaksretten vil kunne vere særleg aktuell. Sjå § 10-8 som gir kommunane og fylkeskommunane plikt til å gi elevane og foreldre den informasjonen dei har bruk for. Kravet om opplæring med «tilsvarande fagleg innhald» betyr at kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at eleven får moglegheita til å tileigna seg den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Kapittel 11 gjeld også for denne opplæringa.

Til § 14-7 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-4, og er omtalt i punkt 35.5.3. Paragrafen gjeld opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk uavhengig av kva fag opplæringa blir gitt i. Paragrafen omfattar dermed opplæringa i andre fag i tillegg til KRLE-faget.

Opplæringa skal samle elevane i ei inkluderande opplæring, der elevane så langt det er mogleg deltek i ei felles undervisning, med tilpassing av opplæringa.

Formuleringa «objektivt, kritisk og pluralistisk» er teken inn for å sikre at opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk er i samsvar med Noregs internasjonale forpliktingar, mellom anna EMK artikkel 9 og første tilleggsprotokoll artikkel 2. Til liks med andre emne og fag skal kunnskapsstoffet formidlast på ein sakleg måte og ut frå ein fagleg ståstad, og undervisninga skal vere objektiv.

Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek

Til § 15-1 Opplæringsspråk og talemål

Første ledd i paragrafen er ny og andre ledd vidarefører dagens lov § 2-5 andre ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 16.5.

Førsteledd lovfestar kva språk opplæringa skal vere på (opplæringsspråk). Opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Kravet omfattar både den skriftlege og den munnlege opplæringa. Regelen om opplæringsspråk står ikkje i vegen for at lærarane kan bruke andre språk i opplæringa, til dømes engelsk eller andre framandspråk i tverrfagleg arbeid.

Med samisk siktar ein til nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Det følgjer av forslaget § 3-2 kven som har rett til opplæring på samisk. Det følgjer av forslaget §§ 3-4 og 6-3 kven som har rett til opplæring på norsk teiknspråk.

Andreledd vidarefører regelen i dagens lov § 2-5 andre ledd om at elevane og lærarane bestemmer sjølve kva talemål (dialekt) dei vil bruke.

Paragrafen gjeld både grunnskolen og vidaregåande opplæring.

Til § 15-2 Hovudmål på kvar skole

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-5. Regelen i første ledd første punktum er utvida til å omfatte vidaregåande opplæring. Paragrafen er omtalt i punkt 17.

Kommunane og fylkeskommunane skal etter første ledd første punktum gi forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole. Dei kan fastsetje same skriftspråk som hovudmål for alle skolane eller ulike skriftspråk som hovudmål for dei ulike skolane, men kvar skole kan berre ha eitt hovudmål. Det skriftspråket som ikkje er hovudmålet, er sidemålet. Med skriftspråk siktar ein til anten bokmål eller nynorsk. Paragrafen gjeld derfor ikkje for skolane som primært bruker eit av dei samiske språka.

Forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål, må vedtakast og kunngjerast i samsvar med krava til forskrifter i forvaltningslova kapittel VII.

Det følgjer av førsteleddandrepunktum at valet av kva skriftspråk som skal vere hovudmål, har betydning for kva skriftspråk som blir brukt i opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen som skolen har med elevar og foreldre. Hovudmålet skal brukast i all skriftleg kommunikasjon med elevar og foreldre, til dømes vekeplanar, beskjedar og liknande. Det er også hovudmålet som hovudsakleg skal brukast i skriftleg presentasjon i undervisninga og i faglege og skriftlege vurderingar. Det gjeld ikkje når elevane får opplæring i sidemål og i andre språk.

Andreledd vidarefører kravet om rådgivande røysting ved skifte av hovudmål i grunnskolen.

Det følgjer av andre ledd andre punktum at nytt vedtak om skifte av hovudmål ikkje kan gjerast før det har gått fem år sidan førre vedtak. Dette er ei lovteknisk justering og ei vidareføring av femårsregelen som inntil no har vore regulert i forskrift.

Reglar om kven som har røysterett, er fjerna frå lovteksten. Dette blir regulert i forskrift.

Andre ledd tredje punktum gir heimel for departementet til å gi forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.

Til § 15-3 Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 9-4 og er omtalt i punkt 18. Valet til elevane av skriftspråk, inkludert val av skriftspråk i læremiddel, er regulert i §§ 3-1 og 6-1, sjå merknader til desse.

Første ledd regulerer kva som blir definert som eit læremiddel, og er ei vidareføring av definisjonen av dagens regulering i forskrift til opplæringslova § 17-1. Det inngår fire kumulative vilkår for at noko kan kallast eit «læremiddel», Dei er 1) trykte, ikkje-trykte eller digitale, 2) utvikla til bruk i opplæringa, 3) skal brukast jamleg i opplæringa, og 4) dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.

Med «jamleg» meiner ein at eit læremiddel blir brukt fast, over ein lengre periode eller regelmessig. Dersom det er tvil om læremiddelet «dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget», må dette vurderast konkret. Vurderinga av om eit læremiddel «dekkjer vesentlige delar av læreplanen» er et lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Samtidig må vurderinga i stor grad basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag.

Andre ledd vidarefører kravet til rettskriving i læremiddel. Norske og samiske læremiddel som skolen tek i bruk, skal følgje offisiell rettskriving.

Tredjeledd vidarefører kravet til parallelle språkutgåver på bokmål og nynorsk. Kravet gjeld sjølv om alle elevane i kommunen, fylkeskommunen eller på ein skole har same hovudmål.

Det er fastsett unntak frå kravet til parallelle utgåver til same tid og pris i bokstavane a til c. Døme på læremiddel som kan dekkjast av unntaket i bokstav c, er læremiddel i språkfag. Det må vurderast konkret om «den norske teksten utgjer ein mindre del».

Fjerde ledd vidarefører dagens krav til at lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka, men slik at uttrykket «lesebøkene» er erstatta med «dei trykte læremidla».

Til § 15-4 Ordlister, ordbøker og skriveprogram

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 9-4 og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 18.

Førsteledd omfattar ikkje samiske ordlister og ordbøker. Kravet gjeld heller ikkje for tospråklege ordlister, til dømes frå engelsk til norsk. Regelen er ikkje til hinder for at elevane av og til slår opp i ordlister og ordbøker som ikkje er godkjende av Språkrådet, men desse ordlistene og ordbøkene kan ikkje brukast systematisk i opplæringa.

Andreledd stiller krav til at skolen bruker skriveprogram som har både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. Uttrykket «skriveprogram» omfattar ulike former for læringsverktøy og tekstbehandlingsprogram med tekststøtte, rettefunksjonar o.l.

Til § 15-5 Skolebibliotek

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9-2 andre ledd med tilhøyrande forskrift. Paragrafen er omtalt i punkt 38.4.

Paragrafen inneber ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørgje for at elevane har tilgang til eit bibliotek i skoletida. Kravet kan oppfyllast anten ved at skolen har eit eige skolebibliotek, eller gjennom samarbeid med eit bibliotek utanfor skolen. At biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, inneber at biblioteket må vere ope i skoletida. Biblioteket må også liggje i nærleiken av skolen med mindre det er gode skyssordningar som gjer at elevane likevel har tilgang til biblioteket.

At biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen, stiller mellom anna krav til utvalet til biblioteket. Det må vere god tilgang på barne- og ungdomslitteratur, annan skjønnlitteratur og sakprosa osv. som er naturleg å bruke i opplæringa.

Til § 15-6 Utstyr

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-3 og er omtalt i punkt 18. Paragrafen slår fast at skolen skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel. Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for at plikta blir oppfylte.

Kapittel 16 Rådgiving

Til § 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-2 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 44.

Første ledd regulerer kva slags rådgiving elevar skal få. Plikta omfattar rådgiving om utdannings- og yrkesval generelt. Kravet om at elevane skal få den rådgivinga som dei treng, inneber at skolen aktivt må vurdere kva slags rådgiving den enkelte eleven har behov for, og gi slik rådgiving direkte til den eleven det gjeld. Rådgiving inneber å gi informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt hjelp til elevane. Rådgivingstilbodet kan bestå av ulike element som samla sett skal dekkje behovet til elevane for rådgiving om utdannings- og yrkesval. Rådgiving gjennom digitale ressursar kan vere ein del av rådgivingstilbodet til elevane. Kva som inngår i rådgivinga, kan variere, men det kan gjelde val av fag, konsekvensar av ulike fagval og å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanninga si og yrket sitt i eit langsiktig perspektiv. Behovet vil variere etter alder, interesser og kvar eleven er i skoleløpet.

Kravet i andre ledd om at elevane skal få rådgiving på «den skolen dei går på», inneber at ein ikkje kan oppfylle kravet ved å ha tilbod om rådgiving på éin stad eller på utvalde skolar i kommunen eller fylket. Tilbodet må vere tilgjengeleg på alle skolar. Det blir elles ikkje stilt krav til korleis kommunane og fylkeskommunane organiserer denne oppgåva. Rådgivinga kan som utgangspunkt vere gruppevis eller individuell. At rådgivinga skal vere individuell dersom elevane ønskjer det, inneber at det er behovet til eleven og uttrykte ønske som skal vere avgjerande for val av form på rådgivinga.

Tredje ledd stiller krav om at fylkeskommunane må sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang på rådgiving om utdannings- og yrkesval. Detblir ikkje stilt krav om ei aktiv og oppsøkjande rådgiving, men ei moglegheit for å oppsøkje slik rådgiving om det trengst.

Til § 16-2 Rådgiving om sosiale og personlege forhold

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-2 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 44.

Første ledd første punktum regulerer kva slags rådgiving elevar skal få. Sosiale og personlege forhold kan omfatte dei fleste tema, under den føresetnaden at dei verkar inn på korleis eleven har det på skolen. Dette kan gjelde problem rundt opplæringa, inkludert utfordringar rundt motivasjon, læringsmiljø etc. I tillegg kan det gjelde det sosiale på skolen.

Rådgiving inneber å gi informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt anna hjelp til elevane. Det er viktig at elevar ikkje blir avviste dersom dei oppsøkjer skolen for å få hjelp eller råd om forhold som ikkje nødvendigvis har noko å seie for opplæringa og forholdet til eleven på skolen, men at dei blir viste vidare til rett hjelpeinstans. Rådgivingsplikta må sjåast i samanheng med arbeidet til skolehelsetenesta, reglane om skolemiljø og samarbeidsplikta i § 24-1.

Kravet om å få den rådgivinga dei treng, inneber at skolen aktivt må vurdere kva slags rådgiving den enkelte eleven har behov for, og gi slik rådgiving direkte til den eleven det gjeld.

Kravet handlar også om kor mykje og ofte elevane skal ha tilgang til rådgiving. Det er eit skjønnsmessig krav, og det inneber ikkje krav om ein bestemt frekvens. Om det er behov for at elevane har tilgang til rådgiving kvar dag eller eit visst tal dagar kvar veke, må vurderast konkret. Rådgivingstilbodet kan vere samansett av ulike element som samla sett skal dekkje behovet til elevane for rådgiving om sosiale og personlege forhold. Rådgiving gjennom digitale ressursar kan vere ein del av rådgivingstilbodet til elevane.

Kravet i andre ledd om at elevane skal få rådgiving på «den skolen dei går på», inneber at ein ikkje kan oppfylle kravet ved å ha tilbod om rådgiving på éin stad eller på utvalde skolar i kommunen eller fylket. Tilbodet må vere tilgjengeleg på alle skolar. Det blir ikkje stilt krav til korleis kommunane og fylkeskommunane organiserer denne oppgåva. Rådgivinga kan i utgangspunktet vere gruppevis eller individuell. At rådgivinga skal vere individuell dersom elevane ønskjer det, inneber at det er behovet til eleven og uttrykte ønske som skal vere avgjerande for val av form på rådgivinga.

Tredje ledd stiller krav om at fylkeskommunane må sørgje for at personar med læretid i bedrift får nødvendig rådgiving om sosiale og personlege forhold. Rådgivinga må, til liks med rådgiving for elevar, gjelde sosiale og personlege forhold som knyter seg til det faglege og sosiale på arbeidsplassen. Det blir ikkje stilt krav om ei aktiv og oppsøkjande rådgiving, men at det er mogleg å oppsøkje slik rådgiving ved behov.

Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

Til § 17-1 Krav om kompetanse i skolen

Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-8 første punktum og er omtalt i punkt 50.

Paragrafen inneber at kommunane og fylkeskommunane må tilsetje eller på annan måte skaffe tilgang til nødvendig og tilstrekkeleg personell med rett kompetanse. Kommunane og fylkeskommunane må sikre at skolen samla sett har god nok kompetanse til mellom anna å sikre den enkelte eleven ei forsvarleg opplæring og eit godt skolemiljø i tråd med dei krava som gjeld til kvar tid. Eit anna døme er at skolane må ha tilsette som varetek dei elevane som har rett til individuell tilrettelegging. I nokre tilfelle vil dette innebere at skolane må ha tilgang til tilsette med spesialpedagogikk eller annan kompetanse som er nødvendig for å vareta elevanes behov for tilrettelegging.

Til § 17-2 Leiing

Paragrafen er delvis ny og delvis ei vidareføring av reglar i dagens lov kapittel 9 og er omtalt i punkt 50.

Førsteledd inneheld eit generelt krav til den samla leiinga av skolen og er ei vidareføring av dagens lov § 9-1 første ledd. Vurderinga av kva som er forsvarleg leiing, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. I mange tilfelle vil fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring vere det relevante grunnlaget for å fastsetje innhaldet i forsvarlegkravet.

Kva som er forsvarleg, kan variere i tid og mellom dei ulike skolane. Kravet om forsvarleg leiing gjeld både det administrative, det faglege og det pedagogiske nivået. Moment i vurderinga av kva som er administrativ forsvarleg leiing, kan vere storleiken på skolen, organisering av leiinga og tilhøyrande ansvarsdeling. Forsvarleg administrativ leiing vil vere å sørgje for at skolen er organisert slik at han er i stand til å vareta dei administrative pliktene sine.

Moment i vurderinga av kva som er fagleg forsvarleg leiing, kan vere i kva grad leiinga legg til rette for god samhandling og godt samarbeid i eigen organisasjon. Det inneber mellom anna å vere oppteke av det faglege arbeidet som lærarane utfører i klasserommet, og å løfte utfordringar som tilsette ser i skoledrifta. Forsvarleg fagleg leiing kan også bestå av å setje i verk tiltak for innovasjon og utvikling både på det skolefaglege og administrative planet. Det kan også innebere å organisere gode prosessar for involvering av alle tilsette i arbeidet med kvalitetsutvikling i skolen.

Moment i vurderinga av kva som er forsvarleg pedagogisk leiing, kan vere kunnskapen til leiinga om og kompetanse i å vurdere og følgje opp praksis i klasserommet. Det kan gjelde både undervisninga og arbeidet med læringsmiljøet. Evna til å leie utviklingssamarbeid i det profesjonelle fellesskapet i skolen og å leggje til rette for at lærarar sjølv kan leie eller bidra til slikt utviklingssamarbeid, kan også vere relevante moment i vurderinga.

Andre ledd førstepunktum er ei vidareføring av dagens lov § 9-1 andre ledd første punktum. Kravet gjeld uavhengig av kor mange elevar ein skole har. Dette inneber at alle skolar skal ha ein rektor som leier verksemda. Skoleleiinga kan bestå av ein enkelt rektor eller ei større skoleleiing, med rektor som øvste leiaren. Rektor er ansvarleg overfor kommunen eller fylkeskommunen for skoleøkonomien og måloppnåinga. I mange tilfelle vil rektor vere den som sørgjer for at rettane til elevane og pliktene til kommunen og fylkeskommunen blir oppfylte. Det rettslege ansvaret for at rettar blir oppfylte etter lova, ligg likevel hos kommunane og fylkeskommunane. Rektor er ofte personalleiar, både for det administrative og for det profesjonelle fellesskapet på skolen.

Ifølgje andreleddandrepunktum er det eit krav at rektor skal ha pedagogisk kompetanse, som er ei vidareføring av dagens reglar i § 9-1 andre ledd. Med «pedagogisk kompetanse» er det meint anten formell kompetanse, kompetanse opparbeidd gjennom praksis eller ein kombinasjon av desse. Realkompetansen må vere dokumenterbar. Dessutan gjeld kvalifikasjonsprinsippet. Når det er fleire søkjarar til den same rektorstillinga, skal den best kvalifiserte søkjaren veljast. Dette inneber at rektorstillingar normalt skal lysast ut offentleg. Det følgjer vidare av andreleddtredjepunktum at rektor kan leie fleire skolar. Kravet i andre punktum om at rektor personleg skal «ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda», set likevel grenser for kor mange skolar den same personen kan vere rektor for. Dessutan gjeld kravet i første ledd om forsvarleg leiing. Arbeidsoppgåvene rektor har, må også sjåast i samanheng med internkontrollen til kommunen for å sikre at lover og forskrifter blir følgde, jf. kommunelova § 25-1.

Til § 17-3 Krav om kompetanse for å bli tilsett i lærarstilling

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov §§ 10-1, 10-6 og 10-6a og er omtalt i proposisjonen punkt 50.

Førsteledd gjeld berre for tilsetjing i lærarstillingar, ikkje for andre stillingar i skolen.

Krava skal vere oppfylte når vedkommande tek til i stillinga. Dette opnar for tilsetjing av lærarstudentar som snart er ferdigutdanna, men som ikkje har fått vitnemål på tilsetjingstidspunktet.

Kvalifikasjonsprinsippet gjeld, jf. § 17-5. Når det er fleire søkjarar til den same lærarstillinga, skal den best kvalifiserte søkjaren veljast. Dette inneber også at lærarstillingar normalt skal lysast ut offentleg.

Andreledd opnar for mellombels tilsetjing av andre enn dei som oppfyllar kompetansekrava, dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kompetansekrava etter første ledd, og vidarefører dagens lov §§ 10-6 og 10-6a. Som avklart i høgsterettsdommen HR-2016-2229-A vil reglane kunne opne for mellombels tilsetjing også der det er andre søkjarar som oppfyller kompetansekrava etter første ledd, dersom dei sistnemnde ikkje er godt skikka for stillinga. Tilsetjing etter andre ledd krev normalt at lærarstillinga må ha vore lyst ut offentleg.

Ei mellombels tilsetjing etter andre ledd skal berre vare fram til førstkommande 31. juli, med mindre det er snakk om ei tilsetjing på vilkår om påbegynt utdanning der arbeidsgivar og arbeidstakar avtaler lengda på tilsetjinga ut frå vilkåra som følgjer av ordlyden i lova.

Det er ikkje fastsett ei nedre grense for kva som kan reknast som påbyrja utdanning, men søkjaren må faktisk vere i gang med ei utdanning som, når ho er fullført, kan oppfylle kravet til å kunne bli tilsett i den aktuelle lærarstillinga. Dersom utdanninga blir fullført innan den tidsfristen som er avtalt, vil vilkåret vere oppfylt og arbeidsforholdet gå over til fast tilsetjing. Med mindre noko anna er avtalt, vil dette skje automatisk. Dersom vilkåra i avtalen ikkje er oppfylte, skal arbeidsforholdet i utgangspunktet avsluttast ved utløpet av det avtalte tidsrommet. Reglane om avslutning av mellombelse tilsetjingar i arbeidsmiljølova § 14-9 gjeld tilsvarande. Dette inneber at ein arbeidstakar som har vore tilsett i meir enn eitt år, har krav på skriftleg varsel om tidspunktet for fråtreding seinast éin månad før fråtredingstidspunktet. Arbeidsmiljølova § 14–9 sjuande ledd om bruk av oppseiingsreglane for fast tilsette der arbeidstakaren har vore samanhengande mellombels tilsett i meir enn tre eller fire år, gjeld ikkje. Sjå omtale i Prop. 84 L (2011–2012), merknad til § 10-6a.

Med «kompetanse» i tredje ledd meiner ein både fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. første ledd. Krava kan variere mellom fag og trinn. Regelen opnar også for at departementet gir forskrift om godkjenning for tilsetjing av lærarar med utdanning og praksis frå utlandet.

Til § 17-4 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 10-2 og er omtalt i punkt 50.

Etter første ledd er det kommunane og fylkeskommunane som skal sørgje for at krava om relevant kompetanse i undervisningsfag blir oppfylte. Om det stilles krav for dei enkelte faga og kva krava består i går fram av forskrift, jf. forskriftsheimelen i fjerde ledd.

Reglane i andre ledd er delvis nye og inneber for det første at kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget ikkje gjeld dei lærarane som oppfylte kompetansekrava for tilsetjing før 1. januar 2014, uavhengig av om dei då jobba i skolen. Kravet gjeld heller ikkje dei lærarane som har fullført allmennlærarutdanning, uavhengig av når allmennlærarutdanninga vart avslutta. Det siste unntaksalternativet i andre ledd er ei vidareføring av dagens reglar og inneber at kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget heller ikkje gjeld dei som er mellombels tilsette etter reglane i § 17-3 andre ledd, eller dei som er tilsette mellombels etter arbeidsmiljølova (vikarar).

Tredjeledd opnar for at kommunane og fylkeskommunane om nødvendig kan avgjere at lærarar kan undervise sjølv om dei ikkje oppfyller kravet til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Føresetnaden er at skolen ikkje har mange nok lærarar med relevant kompetanse i faget, og at faga er fordelte mellom lærarane slik at krava kan oppfyllast i størst mogleg grad.

Kommunane og fylkeskommunane må vurdere konkret ut frå lokale forhold om det kan vere eit aktuelt alternativ å omdisponere lærarane i verksemda, eller om ein lærar kan undervise ved fleire skolar i same kommune eller fylkeskommune. Dette må likevel avgjerast innanfor det som er mogleg ut frå arbeidsavtalar og arbeidsrettslege forpliktingar elles. Regelen inneber ikkje eit krav om å avslutte eller endre arbeidsforhold eller om å tilsetje fleire lærarar enn det ein treng i verksemda.

Dersom kommunane og fylkeskommunane vedtek å fråvika krava i første ledd, må dette gjerast for kvar enkelt lærer, for kvart enkelt fag. Kommunane og fylkeskommunane er forplikta til å vurdere om det framleis er nødvendig å fråvike kravet minst éin gong per skoleår. Avgjerder etter tredje ledd er ikkje enkeltvedtak.

Fjerdeledd gir departementet heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse for dei som skal undervise i ulike fag på dei ulike trinna. Departementet kan også velje å ikkje stille slike krav, til dømes for enkelte fag på enkelte trinn.

Til § 17-5 Kvalifikasjonsprinsippet

Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-5, men ordlyden er noko endra og byggjer på statsansattelova § 3. Paragrafen er omtalt i punkt 50.

Paragrafen lovfestar kvalifikasjonsprinsippet på området i opplæringslova og gjeld for alle stillingar på skolen. Førsteledd fastslår at den best kvalifiserte søkjaren til ei ledig stilling skal tilsetjast, dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift.

Andreledd pålegg kommunane og fylkeskommunane å leggje vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar hos søkjarane når dei samanliknar søkjarar og vurderer kven som er best kvalifisert. I vurderinga skal utdanninga, erfaringa og dei personlege kvalifikasjonane til søkjarane jamførast med kvalifikasjonskrava som er stilte i utlysinga. Merk at det gjeld spesielle kompetansekrav ved tilsetjing av lærarar i § 17-3.

For å kunne kontrollere om kvalifikasjonsprinsippet er følgt, er det ein føresetnad at alle ledd i tilsetjingsprosessen er tilstrekkeleg dokumenterte.

Til § 17-6 Bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling

Paragrafen er delvis ny, og han erstattar delvis dagens lov § 10-11. Regelen er omtalt i punkt 50.

Det førstepunktumet i paragrafen slår fast at andre personale enn dei som er tilsette i lærarstilling, kan hjelpe til i opplæringa, men kan ikkje ha ansvaret for opplæringa. Dei som ikkje er tilsette i lærarstilling, kan mellom anna hjelpe til med praktiske og sosiale utfordringar og i sjølve opplæringa. Det følgjer indirekte av regelen at berre dei som er tilsette i ei lærarstilling, kan ha ansvar for opplæringa.

Andrepunktum slår fast at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at anna personale som hjelper til i opplæringa skal få nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling. Kva som er nødvendig rettleiing, vil variere etter utdanningsbakgrunnen og arbeidserfaringa til den tilsette og kva oppgåver den som ikkje er tilsett i lærarstilling, skal vareta. Det er skolen som i det enkelte tilfellet vurderer kva som er nødvendig rettleiing.

Til § 17-7 Krav om at skolane har tilgang på vikarar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 50.

At skolane må ha tilgang på vikarar ved «vanleg og venta» fråvær, betyr at kommunane og fylkeskommunane må vurdere kva som er sannsynleg framtidig fråvær i verksemda, til dømes ved å ta utgangspunkt i tidlegare års fråvær eller annan kunnskap og anna erfaring som kan seie noko om kor mykje fråvær som kan forventast. Det er opp til kvar enkelt kommune og fylkeskommune om dei vil nytte lærarar ved skolen som vikarar, anten i eigne stillingar eller prosentdelar av lærarstillingane, eller om dei vil ha eigne vikarpoolar eller liknande.

Til § 17-8 Fagleg og pedagogisk utvikling

Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-8 andre punktum, og er omtalt i punkt 50.

Paragrafen presiserer at kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for nødvendig kompetanseutvikling, til dømes etter- og vidareutdanning. Det ligg innanfor styringsretten til arbeidsgivar å påleggje tilsette å delta i nødvendig kompetanseutvikling.

Til § 17-9 Praksisplassar i skolen

Paragrafen vidarefører regelen i første delsetning i dagens lov § 10-7, og er omtalt i punkt 51.

Paragrafen gir departementet heimel til å gi pålegg om at kommunar eller fylkeskommunar skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen. Pålegget kan givast som enkeltvedtak eller i forskrift.

Til § 17-10 Personalet ved leirskolar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-3 og er omtalt i punkt 50.

Det følgjer av første punktum at undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Formålet med regelen er å sikre «kontinuiteten i undervisningsopplegget og tilsetjingsforholda for personalet. På denne måten vil undervisningspersonalet ha god kjennskap til forholda på staden og på dette grunnlaget kunne leggje undervisninga godt til rette for elevane», jf. Ot.prp. nr. 78 (1998–99) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), kapittel 5.5.

Etter andre punktum kan departementet gi forskrift om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader.

Til § 17-11 Politiattest og forbod mot tilsetjing

Paragrafen vidarefører og utvidar dagens lov § 10-9. Regelen blir også utvida til å gjelde førbuande opplæring for vaksne, dette følgjer av § 19-14. Paragrafen er omtalt i punkt 52.

Førsteleddførstepunktum inneber ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å krevje politiattest. Kravet om politiattest gjeld alle typar stillingar. Kravet gjeld ved tilsetjing. Kommunane og fylkeskommunane kan ikkje krevje politiattest av personar som alt er tilsette eller er i praksis. For ny vandelsvurdering gjeld politiregisterlova § 43. Med «skoleliknande aktivitetstilbod» er det meint aktivitetstilbod i regi av kommunane eller fylkeskommunane som har tilknyting til skolen, og som har karakter av å vere opplæring. Eit døme på dette er sommarskole. Kravet gjeld også dei som skal tilsetjast ved kulturskolar. Plikta til politiattest gjeld i dei tilfella der kommunane nyttar private aktørar til å gi tilbodet, til dømes i skolefritidsordninga eller ved kulturskolen. Vidare vil plikta til politiattest også gjelde for mellombels innleigde frå til dømes bemanningsbyrå, desse kjem inn under nemninga mellombels tilsett i skolen. Det er vikaren sjølv som innhentar politiattest og skal levere han til kommunen eller fylkeskommunen.

Første ledd andre punktum fastslår at kravet gjeld også for den som skal tilsetjast fast eller mellombels på leirskolar, til dømes undervisningspersonale, nattevakt, kokkar, gardsarbeidarar etc., og uavhengig av om desse er kommunalt tilsette eller tilsette av ein privat aktør.

Av omsyn til personvernet til søkjarane er det berre den som skal tilsetjast, som skal levere politiattest.

Andre ledd første punktum fastset at kommunane og fylkeskommunane kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis, som til dømes studentar eller dei som har arbeidspraksis eller liknande, i skolen eller i tilbod som nemnde i første ledd første punktum.

Andreledd andre punktum fastset kva som skal leggjast til grunn i vurderinga av om det skal krevjast politiattest. I vurderinga skal det leggjast vekt på om vandelskontroll er gjennomført i medhald av andre regelverk, dette kan for studentar vere etter universitets- og høgskolelova. For elevar på vidaregåande skolar er det ikkje tilsvarande krav om politiattest som det er for studentar ved høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Elevar ved vidaregåande skolar har praksis som varer kortare tid, og karakteren til praksisopphaldet tilseier ikkje at det skal innhentast politiattest, men kommunen og fylkeskommunen kan vurdere å innhente politiattest. Det same bør gjelde for personar som skal ha arbeidstrening gjennom Nav og utanlandske borgarar som har praksisplass gjennom introduksjonsprogrammet. Det gjeld også for personar som skal ha ein prøveperiode på en skole som ein del av godkjenning som lærar med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet.

Etter tredjeledd kan kommunen og fylkeskommunen krevje politiattest av personar som regelmessig utførar oppgåver på skole, vidaregåande skole, skolefritidsordninga, leksehjelpa eller skoleliknande tilbod. Det er ikkje plikt til å innhente politiattest i slike tilfelle, men det er eit høve til det. Døme på personar som «utførar oppgåver» på skolen, er tilsette i skolehelsetenesta eller ei sentral vaktmeisterteneste.

Fjerdeledd fastset kva straffebod som skal takast med i den politiattesten kommunane og fylkeskommunane skal eller kan krevje framlagt etter første ledd.

I fjerdeleddførstepunktum blir det vist til den generelle regelen i politiregisterlova § 39 første ledd. Det er dermed eit krav om at det skal komme fram av politiattesten om personen er sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømd for brot på reglane som er ramsa opp i politiregisterlova § 39 første ledd. Dette inneber at dei fleste seksuallovbrot skal takast med i politiattesten. Av valdslovbrot skal det takast med grov kroppsskade (straffelova § 274) og drap (§ 275). Narkotikalovbrot (straffelova §§ 231 og 232) skal også takast med. Tilvisinga til politiregisterlova § 39 første ledd inneber at dersom denne regelen seinare blir endra, vil reglane om politiattest i skolen også bli endra. Etter politiregisterlova § 39 skal drap (§ 275) og dei fleste seksuallovbrot førast opp på politiattesten etter reglane i politiregisterlova § 41 nr. 1. Det vil seie at desse lovbrota som hovudregel skal stå på politiattesten for alltid. Resten av lovbrota som er omfatta av politiregisterlova § 39, skal noterast etter reglane om ordinær politiattest i politiregisterlova § 40 og vil dermed falle bort etter ei tid.

Fjerdeleddandre punktum inneber eit krav om at politiattesten skal innehalde merknader om reaksjonar for brot på fleire straffebod enn det som følgjer av politiregisterlova § 39 første ledd. Regelen ramsar opp kva straffebod som er omfatta. Dette er reaksjonar for brot på reglane i straffelova om tvang (§§ 251 og 252), fridomskrenking (§§ 254 til 256), truslar (§§ 263 og 264), grov kroppskrenking (§ 272) og kroppsskade (§ 273). I tillegg skal det noterast reaksjonar for brot på reglane om tvangsekteskap (§ 253) og dessutan brot på forbodet mot kjønnslemlesting (§§ 284 og 285).

Kva reaksjonar som skal noterast på politiattesten, og kor lenge dei skal stå på politiattesten osv., følgjer av politiregisterlova § 40, jf. fjerdeleddtredjepunktum om at merknadene skal «oppgivast i samsvar» med denne regelen.

Straff ved brot på reglane om skolemiljø etter § 11-9 skal ikkje førast på denne politiattesten.

Femteledd inneber eit tilsetjingsforbod ved at personar som er dømde for eller har vedteke førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikkje kan tilsetjast i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd eller ha praksis. Kva straffebod som skal reknast for å vere omfatta av formuleringa «seksuelle overgrep mot mindreårige», skal fastsetjast i forskrift, jf. sjuande ledd.

Sjetteledd inneber ikkje eit tilsetjingsforbod. Ved merknader om reaksjonar for brot på andre straffebod enn reglar om seksuelle overgrep mot mindreårige skal kommunane og fylkeskommunane vurdere konkret om søkjaren bør tilsetjast, ha praksis eller utføra oppgåver ved skolen eller tilbod som nemnt i første ledd, eller ikkje.

At det skal gjerast ei konkret vurdering, hindrar kommunane og fylkeskommunane i å etablere absolutte reglar om utestenging, men det vil vere naturleg å ta utgangspunkt i at det er det å sjå bort frå merknaden som må grunngivast. Kommunen og fylkeskommunen må vurdere om merknaden gjer personen ueigna til å arbeide med elevar. Grunngivinga kan vere at lovbrotet er i det nedre sjiktet for kva det aktuelle straffebodet rammar, eller at det er gått svært lang tid sidan lovbrotet.

Etter sjuandeledd første punktum skal departementet fastsetje forskrift om politiattest og kva straffebod som skal vere omfatta av ordlyden «seksuelle overgrep mot mindreårige» i femte ledd.

I sjuande ledd andre punktum er det ein heimel for departementet til å gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.

Til § 17-12 Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

Paragrafen er delvis ny. Innhaldet i paragrafen er omtalt i punkt 56, sjå særleg punkt 56.5.

Førsteledd stiller krav om at kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen skal ha skolefagleg kompetanse. Kravet til kommunen vidarefører dagens § 13-1 fjerde ledd, medan kravet om skolefagleg kompetanse i administrasjonen til fylkeskommunane er nytt. Det er ikkje sett kvalifikasjonskrav til den skolefaglege kompetansen. Kommunane og fylkeskommunane har stor grad av handlefridom i korleis dei skal oppfylle kravet. Dersom rektorfunksjonen og funksjonen som skolefagleg kompetanseperson er kombinert, må funksjonane haldast frå kvarandre arbeidsrettsleg, typisk ved separate arbeidsforhold for kvar av funksjonane.

Andreledd erstattar dagens § 13-3 e første ledd første punktum og er ei delvis vidareføring av dagens regel. Leddet stiller krav om at kommunane og fylkeskommunane skal arbeide for å halde på og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Det inneber at kommunane og fylkeskommunane skal arbeide for at måla for opplæringa blir nådde. Kommunane og fylkeskommunane kan med heimel i § 25-4 påleggjast å gjennomføre nasjonale undersøkingar som nasjonale prøvar osv. Slike undersøkingar vil gi relevant grunnlag for arbeidet med kvalitetsutvikling, men det er ikkje eit krav om at dette grunnlaget blir nytta. Dersom ein kommune eller fylkeskommune ut frå ei forsvarleg vurdering finn at det er eit anna grunnlag som gir betre informasjon om tilstanden i skolen, kan anna grunnlag brukast i staden eller som supplement til dei nasjonale undersøkingane. Kommunane og fylkeskommunane må uansett vurdere om det er behov for meir informasjon om tilstanden i skolane enn den informasjonen som dei nasjonale undersøkingane gir.

Tredjeledd vidarefører dagens § 13-3e andre ledd første punktum og inneber eit krav om kvalitetsvurdering på skolenivå. Ei slik vurdering er eit sentralt grunnlag for kvalitetsutviklinga til kommunane og fylkeskommunane. Det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret, men vurderinga skal skje på kvar enkelt skole. Elevar og foreldre skal involverast i arbeidet med kvalitetsvurdering, jf. § 10-4 i lova. Vidare må både rektor, lærarar og eventuelt andre tilsette involverast i arbeidet med kvalitetsvurderinga på den enkelte skolen fordi det er dei tilsette som har førstehandskunnskap om skoleverksemda og elevane. Kravet om at vurderinga skal gjerast «jamleg», inneber ikkje eit krav om eit fast intervall. Poenget er at det ikkje må gå for lang tid mellom kvar gong det blir vurdert. Denne vurderinga vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet i kommunen med kvalitetsutvikling. Det må derfor vere gode grunnar for at vurderinga skal kunne gjerast sjeldnare enn éin gong per år.

Fjerdeledd fører delvis vidare dagens § 13-3 e første ledd andre punktum. Leddet stiller krav om at kommunestyret og fylkestinget skal få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa minst éin gong per år. Det blir ikkje stilt krav om at informasjonen må givast til kommunestyret og fylkestinget i ein «rapport», og det er heller ikkje nødvendig at informasjonen om dei tre områda blir gitt samla. Kommunane og fylkeskommunane kan sjølv vurdere kva slags rapportering som er tenleg for dei ut frå lokale forholda. Éin måte å oppfylle kravet på er å rapportere i ein årleg tilstandsrapport eller ei kvalitetsmelding.

Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Til § 18-1 Formålet med opplæringa for vaksne

Paragrafen er delvis ny, og han fører delvis vidare dagens lov § 4A-6 første ledd første punktum. Paragrafen er omtalt i punkt 43.8.

At formålet og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld «så langt det passar», betyr at det må takast omsyn til at deltakarar i opplæringa for vaksne skil seg frå elevar på grunn av alder og livssituasjon. Det er enkelte element i formålet og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa, som samarbeid med heimen, som ikkje passar for vaksne. I tillegg vil danningsperspektivet vere tona meir ned i opplæringa for vaksne enn i opplæringa for barn og unge.

Tilleggsformålet i andre punktum om at opplæringa må kunne byggje på den kompetansen vaksne allereie har, og leggjast opp slik at opplæringa kan gjennomførast så raskt som mogleg, blir mellom anna støtta opp under av reglane om realkompetansevurdering i § 18-8 og reglane om organisering av opplæringstilbodet i § 19-2.

Til § 18-2 Rett til førebuande opplæring for vaksne

Paragrafen er delvis ny, og han fører delvis vidare dagens lov § 4A-1 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.4.

Paragrafen handlar om rett til førebuande opplæring for vaksne. For førebuande opplæring for vaksne gjeld femte del av lovforslaget. Den første, sjuande og åttande delen i lovforslaget gjeld generelt, og det følgjer av kvar enkelt paragraf om han gjeld for opplæring for vaksne. Reglane i den andre, tredje og fjerde delen gjeld ikkje for opplæring for vaksne med mindre det er fastsett i den femte delen at ein regel gjeld. Dei som får førebuande opplæring for vaksne, blir omtalte i lova som «vaksne deltakarar» eller «deltakarar», uavhengig av om dei har rett til slik opplæring eller ikkje, og uavhengig av alder.

Retten til førebuande opplæring for vaksne er avhengig av at vaksne søkjer om slik opplæring.

Hovudvilkåret i første ledd er at den vaksne treng opplæring. Behovet for førebuande opplæring kan vere knytt til fag, delar av fag eller grunnleggjande ferdigheiter. Med grunnleggjande ferdigheiter er det meint dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket som er fastsette med heimel i § 1-4. Etter gjeldande læreplanverk er dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, rekning, skriving, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Vaksne kan få opplæring i andre ferdigheiter enn ferdigheitene i læreplanverket som ein del av opplæringa, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring for å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, sjå § 19-6. Eit behov for å utvikle eller halde ved like andre grunnleggjande ferdigheiter enn ferdigheitene i læreplanverket gir ikkje i seg sjølv rett til førebuande opplæring.

Vilkåret i førsteledd om at ein ikkje lenger kan ha rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, betyr at ein må ha avslutta 10. trinn eller vere over den alderen då 10. trinn blir avslutta (grunnskolepliktig alder).

I andreleddførstepunktum er det ramsa opp tilfelle der ein vaksen har rett til førebuande opplæring. Oppramsinga er ikkje uttømmande, men viser dei tilfella der vaksne normalt kan ha behov for og dermed rett til førebuande opplæring. I vurderinga av om vaksne tidlegare har fått tilfredsstillande opplæring, skal det takast utgangspunkt i kor mange år med opplæring på grunnskolenivå den vaksne tidlegare har fått. I tillegg er kvaliteten på opplæringa relevant. Det må vurderast om opplæringa var forsvarleg og tilstrekkeleg ut frå regelverket på det tidspunktet opplæringa vart gitt. Personar med opplæring på grunnskolenivå frå andre land må bedømmast ut frå dei behova for opplæring dei har etter norske forhold.

At vaksne kan ha rett til førebuande opplæring dersom dei har behov for opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var ein del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, inneber ein rett til fornya opplæring. Rett til slik fornya opplæring vil gjelde tilfelle der ein person har fått tilstrekkeleg grunnskoleopplæring, men der det er endringar i kompetansemål og ferdigheiter som følgje av endringar i samfunnet, slik at den opphavlege opplæringa ikkje gjer vedkommande i stand til å fungere godt i dagens samfunn. Ikkje alle endringar i læreplanane gir rett til fornya opplæring. Det må vere vesentlege endringar. Per i dag er det berre opplæring i digitale ferdigheiter som er aktuelt for fornya opplæring.

Behovet for ny førebuande opplæring «på grunn av skade eller sjukdom» må knyte seg til opplæring i fag, delar av fag eller grunnleggjande ferdigheiter i læreplanverket som er fastsette med heimel i § 1-4. Sjølv om vilkåra for førebuande opplæring er oppfylte, kan omstende ved den praktiske gjennomføringa tilseie at tenesta den enkelte skal få, ikkje er førebuande opplæring. Til dømes vil vaksne etter skade og sjukdom ofte ha eit meir akutt behov for opptrening av desse ferdigheitene enn det som kan oppfyllast gjennom den førebuande opplæringa. Opptrening og rehabilitering etter skade som blir gjennomført av helsepersonell på behandlingsinstitusjonar, vil ikkje vere førebuande opplæring.

Andre ledd andre punktum om at det skal takast omsyn til «kva den vaksne sjølv meiner» inneber at det ikkje skal vere ein høg terskel for å få rett til førebuande opplæring for vaksne. Samtidig vil ikkje det den vaksne sjølv meiner alltid vere avgjerande. Om den vaksne oppfyller vilkåra for rett til førebuande opplæring, skal vere ei heilskapleg vurdering der det skal leggjast vekt på kva den vaksne sjølv meiner.

Retten til førebuande opplæring gjeld i utgangspunktet så lenge vilkåra for retten er oppfylt.

Avgrensinga i tredjeledd om at retten ikkje gjeld for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, inneber at dei som oppfyller vilkåra for rett til vidaregåande opplæring for ungdom, ikkje også har rett til førebuande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 5-1 om kven som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel gi førebuande opplæring til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som treng meir grunnskoleopplæring, jf. § 9-7.

Til § 18-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 4A-3 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 40.2 og 43.5.

Paragrafen handlar om rett til vidaregåande opplæring for vaksne. For vidaregåande opplæring for vaksne gjeld femte del av lovforslaget. Den første, sjuande og åttande delen i lovforslaget gjeld generelt, og det følgjer av kvar enkelt paragraf om han gjeld for opplæring for vaksne. Reglane i andre, tredje og fjerde del gjeld ikkje for opplæring for vaksne med mindre det er fastsett i den femte delen at ein regel gjeld. Dei som får vidaregåande opplæring for vaksne, blir omtalte i lova som «vaksne deltakarar» eller «deltakarar», uavhengig av om dei har rett til slik opplæring eller ikkje.

Førsteledd regulerer kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

Kva som skal til for å reknast for å ha «fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring» jf. første ledd første punktum, er nærare definert i forskrift til opplæringslova. Dei som har fullført opplæring på grunnskolenivå for vaksne, i lova kalla «førebuande opplæring», har også oppfylt dette vilkåret. Det er presisert i lova at rett til vidaregåande opplæring for vaksne gjeld frå det skoleåret som byrjar det året ein fyller 19 år. Før dette, og fram til ein er 24 år, kan ein ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1. Dette betyr at dei i alderen mellom 19 og 24 år kan velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vidaregåande opplæring for vaksne.

Vilkåret i første ledd første punktum om at ein ikkje allereie har studiekompetanse eller yrkeskompetanse, inneber at ein har rett til vidaregåande opplæring for vaksne fram til ein har oppnådd studie- og yrkeskompetanse, uavhengig av kor lang tid ein bruker på å oppnå slik kompetanse. Dei som har oppnådd ein sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, i dag omtalt som grunnkompetanse, vil ha retten til vidaregåande opplæring i behald fram til dei har oppnådd full studie- eller yrkeskompetanse.

Det følgjer av førsteleddandrepunktum at ein også har rett til vidaregåande opplæring dersom ein har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje har fått denne godkjend i Noreg. At opplæringa ikkje blir godkjend i Noreg, betyr at opplæringa ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) eller ikkje blir godkjend av norske styresmakter som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev. Dersom opplæringa ikkje har vorte vurdert av norske styresmakter, skal ho i utgangspunktet reknast som ikkje godkjend.

Andreledd fastset hovudregelen om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne. Nærare inntaksreglar blir fastsette i forskrift med heimel i femte ledd. Inntaksreglane gjeld også dersom ein søker har rett til vidaregåande opplæring etter § 18-4. Retten til inntak på eit opplæringstilbod som fører fram til éin av tre ønskte sluttkompetansar, gjeld innanfor det fylkeskommunane tilbyr. Planlegginga og utbygginga til fylkeskommunen (dimensjoneringa) av det vidaregåande tilbodet er regulert i § 19-11, jf. § 5-3. At fylkeskommunane skal sørgje for at vaksne «med betydeleg realkompetanse knytt til ein yrkeskompetanse får høva til å formalisera denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev», gir ikkje ein individuell rett for den enkelte til å kunne formalisere ein bestemt yrkeskompetanse. Plikta kan oppfyllast ved å formidle læreplass, gi opplæringstilbod eller på andre måtar leggje til rette for at søkaren kan oppnå fag- eller sveinebrev. Andre måtar kan vere å tilby kurs som grunnlag for teoriprøve, slik at den vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat eller leggje til rette for fagbrev på jobb. Kva som er realkompetanse, må vurderast konkret av fylkeskommunen. Vilkåret vil vere oppfylt dersom den vaksne har kunnskap og ferdigheiter på eit slikt nivå og av eit slikt omfang at ho eller han kan formalisere kompetansen gjennom dei ovannemnde ordningane, eventuelt med opplæring i enkelte fag i tillegg. Det vil då vere opp til den vaksne om han eller ho vil nytte eit tilbod om formalisering av kompetansen eller søkje inntak på opplæringstilbod som gir éin av tre sluttkompetansar.

Tredjeledd regulerer tilfelle der vaksne blir tatt inn i vidaregåande opplæring for ungdom. At dei får dei same rettane og pliktene, inneber også at dei får rett til å fullføre opplæringsløpet på lik linje med dei som har rett til slike tilbod. Det er opp til fylkeskommunane om dei vil tilby ein vaksen å ta vidaregåande opplæring for ungdom, og den vaksne vel sjølv om han eller ho vil ta imot eit slikt tilbod. Dei mellom 19 og 24 år har likevel rett til velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vidaregåande opplæring for vaksne, jf. § 5-1 tredje ledd.

Fjerdeledd gir departementet heimel til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket. Forskriftsreglane kan ikkje innskrenke rettar etter lova, men kan utfylle lova. Til dømes kan det regulerast i forskrift på kva grunnlag ein blir rekna for å ha fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring. Det kan med heimel i denne bli gitt forskriftsreglar om alt inntak til vidaregåande opplæring for vaksne, inkludert inntak til rekvalifisering etter § 18-4, inntak av vaksne utan rett etter § 18-5, formidling til læreplass eller inntak til alternativt tilbod etter § 18-6 og inntak til påbygging eller opplæring fram mot studiekompetanse etter § 18 7.

Til § 18-4 Rett til yrkesfagleg rekvalifisering

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 40.3.

Paragrafen fastset ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Dette inneber ein rett til fag- og yrkesopplæring for personar som allereie har ein fullført og bestått studie- eller yrkeskompetanse, og som derfor ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §§ 5-1 eller 18-3. Retten er avgrensa til opplæring fram mot éin ny yrkeskompetanse. Dei som nyttar seg av retten til yrkesfagleg rekvalifisering, blir omfatta av reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.

Til § 18-5 Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett

Paragrafen erstattar delvis dagens opplæringslov § 13-3 tredje ledd og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 43.9 og 43.10.

Første ledd presiserer at fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring. Dette omfattar dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, og som i tillegg har brukt retten til rekvalifisering etter § 18-4 eller påbygging eller opplæring fram til generell studiekompetanse etter §§ 5-7 eller 18-7. Fylkeskommunen har inga plikt til å tilby opplæring til dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5 eller kapittel 18.

Andreledd inneber at fylkeskommunane kan tilby opplæring på vidaregåande nivå også til vaksne som ikkje oppfyller vilkåret i første ledd om fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring. Fylkeskommunen avgjer sjølv om han vil tilby opplæring til denne gruppa. Denne avgjerda byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Vaksne har ikkje rett til vidaregåande opplæring i slike tilfelle. Fylkeskommunane kan tilby opplæring innanfor alle fag i vidaregåande opplæring. Kombinerte tilbod med førebuande og vidaregåande opplæring må givast i samarbeid med kommunen, som er ansvarleg for den førebuande opplæringa for vaksne etter § 18-2, jf. § 28-1. Kombinert opplæring på førebuande og vidaregåande nivå vil typisk kunne vere aktuelt der deltakaren har realkompetanse innanfor eit yrkesfag, men elles manglar ein del opplæring på grunnskolenivå. Det kan også vere aktuelt dersom deltakaren berre manglar opplæring i nokre fag på grunnskolenivå og elles er i stand til å følgje fag på vidaregåande nivå. Fylkeskommunane kan ikkje utferde dokumentasjon på studie- eller yrkeskompetanse før også den førebuande opplæringa er fullført.

Tredje ledd regulerer kva reglar som gjeld når vaksne utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn til slik opplæring. At dei får dei same rettane og pliktene, inneber også at dei får rett til å fullføre opplæringsløpet på lik linje med dei som har rett til vidaregåande opplæring.

Til § 18-6 Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.6.

Førsteledd inneber at vaksne som ikkje får tilbod om læreplass, har rett til eit anna opplæringstilbod. Retten gjeld for vaksne som er tekne inn på tilbod med ein sluttkompetanse der læreplanen føreset opplæring i bedrift. Eit slikt anna opplæringstilbod treng ikkje vere særskilt organisert for vaksne, men kan vere kombinerte ungdoms- og vaksentilbod. Sjå elles merknaden til § 5-6.

Andreledd slår fast at reglane i kapittel 7 gjeld når vaksne får opplæring i bedrift.

Til § 18-7 Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-3 sjuande ledd med endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 43.7.

At paragrafen gjeld for påbygging til generell studiekompetanse frå det skoleåret som byrjar det året ein fyller 19 år, må sjåast i samanheng med at retten til påbygging til generelle studiekompetanse for dei under 19 år er regulert i § 5-7. Sjå merknaden til § 5-7.

Med «bestått fag- og yrkesopplæring» i første ledd er det meint bestått opplæringsløp i tråd med læreplanverket som dannar grunnlag for utferding av vitnemål. Dei som til dømes har fått fag- eller sveinebrev gjennom praksiskandidatordning eller ordninga med fagbrev på jobb, vil derfor ikkje ha rett til påbygging. Dei vil likevel ha rett til opplæring fram mot studiekompetanse etter andre ledd.

Med «yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga» i andre ledd er det særleg sikta til dei tilfella fag- eller sveinebrev blir oppnådd på slikt grunnlag. Andre ledd vil ikkje vere aktuelt ved yrkeskompetanse i lærefag som ikkje blir avslutta med fag- eller sveineprøve, ettersom det per i dag ikkje finst ordningar for å oppnå slik kompetanse utan at fellesfaga inngår. Med «fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet» er det sikta til fellesfaga som inngår i læreplanane fram mot den aktuelle yrkeskompetansen etter § 5-4, og også etter § 19-1 dersom det blir brukt felles læreplanar. Dei som har fullført og bestått modulisert fag- og yrkesopplæring for vaksne, vil ikkje ha opplæring i alle fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet fram mot den aktuelle yrkeskompetansen. Desse vil då ikkje ha rett til påbygging til generell studiekompetanse etter første ledd. I staden vil dei ha rett til vidaregåande opplæring fram mot generell studiekompetanse etter andre ledd. Kva slags opplæring den enkelte treng, må vurderast konkret ut frå kompetansen til den enkelte, jf. 19-1 første ledd. Dei som til dømes har oppnådd fag- eller sveinebrev gjennom fagbrev på jobb- eller praksiskandidatordninga, vil også ha rett til vidaregåande opplæring fram mot studiekompetanse etter andre ledd.

Til § 18-8 Realkompetansevurdering

Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4A-3 femte ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.12.

Med realkompetanse siktar ein til både den formelle, den ikkje-formelle og den uformelle kompetansen vedkommande har. Formålet med realkompetansevurdering er å avgjere kva slags kompetanse den vaksne har, og kva slags opplæring den vaksne skal ha, ikkje om den vaksne har rett til førebuande opplæring eller vidaregåande opplæring. Korleis realkompetansevurderinga skal gjennomførast, kan avhenge av både nivå og om formålet er sluttvurdering eller innplassering. For innplassering i førebuande opplæring kan realkompetansevurderinga vere ein type kartlegging eller testing for å finne ut kva kompetanse søkjaren har i dei ulike faga eller ferdigheitene, og ikkje nødvendigvis ei fullstendig realkompetansevurdering slik som når vurderinga skal danne grunnlag for dokumentasjon på sluttkompetanse. Det er fastsett nærare reglar om realkompetansevurdering i forskrift, og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering. Retten til realkompetansevurdering må sjåast i samanheng med at opplæringa til vaksne skal byggje på kompetansen til deltakaren, jf. § 18-1 første ledd.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til realkompetansevurdering på høvesvis førebuande og vidaregåande opplærings nivå. Plikten til å tilby realkompetansevurdering og dokumentasjon på slik vurdering er ein del av ansvaret til kommunen og fylkeskommunen etter §§ 28-1 og 28-2.

Til § 18-9 Gratis opplæring for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-1 tredje ledd og § 4A-3 fjerde ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.11.

Reglane gjeld også dersom vaksne utan rett til opplæring blir tekne inn på tilbod med førebuande eller vidaregåande opplæring i regi av kommunen og fylkeskommunen. Sjå elles merknader til §§ 2-5 og 5-8.

Til § 18-10 Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve

Paragrafen er ei delvis vidareføring av reglane i dagens lov § 4A-1 fjerde ledd og 4A-3 åttande ledd og er omtalt i punkt 41.

Førsteleddførstepunktum presiserer hovudregelen om at ein må ha lovleg opphald i landet for å få rett til førebuande opplæring for vaksne. Dei som oppheld seg ulovleg i landet, vil følgjeleg ikkje ha rett til slik opplæring. Det er reglane i utlendingslova som avgjer om dei som søkjer om opphaldsløyve, kan opphalde seg lovleg i Noreg.

Førsteleddandrepunktum innskrenkar hovudregelen i første punktum, ved at dei som oppheld seg lovleg i landet i vente på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, ikkje har rett til førebuande opplæring lenger enn ut det skoleåret som byrjar det året ein fyller 18 år. Retten til førebuande opplæring for dei under 18 år som søkjer om opphaldsløyve i landet, medfører ikkje rett til å få opphaldsløyve og er ikkje til hinder for effektuering av vedtak om avslag på søknad om opphaldsløyve. Nordiske borgarar treng ikkje søkje opphaldsløyve i Noreg. Det same gjeld som hovudregel utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Det er reglane i utlendingslova som avgjer kven som treng opphaldsløyve for å opphalde seg i Noreg.

Førsteleddtredje punktum avgrensar retten til førebuande opplæring for dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve. Desse har rett til opplæring fram til tidspunktet for vedtak om endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Endeleg vedtak vil normalt vere anten avslag frå klageinstansen (Utlendingsnemnda) eller avslag frå førsteinstansen (Utlendingsdirektoratet) som ikkje er klaga på innan utløpet av klagefristen. Kva som er det endelege vedtaket, kjem fram av reglane i utlendingslova.

Andreledd slår fast at dei som oppheld seg ulovleg i Noreg, ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Det same gjeld dei som oppheld seg i Noreg lovleg i vente på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve.

Til § 18-11 Plikt til oppmøte og aktiv deltaking i opplæringa for vaksne

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.26.

Plikta til å møte opp i førsteledd inneber å møte opp til den tida og på den staden som er bestemt av kommunane og fylkeskommunane. Det skal ikkje vere ein høg terskel for å oppfylle kravet om å delta aktivt. Den vaksne må vere til stades for å få opplæring og sjølv bidra for å tileigne seg kunnskap. Dersom vaksne deltakarar skal kunne visast bort eller det skal brukast andre tiltak ved brot på plikta til å møte opp og delta aktivt, må dette komme fram i dei lokale reglane som kan fastsetjast for kvar enkelt opplæringsstad, jf. § 20-3.

Dersom kommunane eller fylkeskommunane gir permisjon frå opplæringa, jf. andreledd, vil det ikkje vere eit brot på oppmøteplikta i første ledd. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane å bestemme kva slags tilfelle som skal gi grunnlag for permisjon. Desse avgjerdene byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Reglar om kva som gir grunnlag for permisjon, bør nedfellast i lokale reglar etter § 20-3. For deltakarar som får førebuande opplæring eller vidaregåande opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet, gjeld også reglane om fråvær i forskrift til integreringslova.

Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne

Til § 19-1 Innhald, vurdering og dokumentasjon i opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 4A-1 første ledd tredje punktum, § 4A-3 første ledd tredje punktum og § 4A-6 med enkelte endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 43.13 og 43.14.

Kravet i førsteleddførste punktum inneber at dei overordna måla og prinsippa for opplæringa gjeld så langt dei passar for opplæringa for vaksne, jf. § 18-1. Vidare skal opplæringa vere i samsvar med læreplanar for fag etter andre ledd.

Kravet i førsteleddandre punktum inneber at opplæringa skal byggje vidare på og komplettere realkompetansen til den vaksne deltakaren. Realkompetansevurderinga etter § 18-8 vil danne grunnlaget for vurderinga av kva slags opplæring den vaksne skal ha. Dette gjeld også for dei som blir tekne inn til opplæring for vaksne utan å ha rett til slik opplæring, og som dermed ikkje oppfyller vilkåra for rett til realkompetansevurdering etter § 18-8. Dersom ein som ikkje har rett til realkompetansevurdering, blir teken inn til opplæring for vaksne, vil vedkommande dermed få rett til realkompetansevurdering. Sjå likevel dagens forskrift til opplæringslova § 6-48 om at den enkelte kan påleggjast å betale for realkompetansevurderinga.

At opplæringa skal byggje på kompetansen til deltakaren, inneber ikkje at kommunane og fylkeskommunane må lage eit eige, skreddarsydd opplæringsløp for kvar enkelt deltakar. Dei opplæringsløpa som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må likevel leggje til rette for at deltakaren berre må ta opplæring i dei faga eller dei delane av faga deltakaren treng.

Andreledd gir heimel for å fastsetje eigne læreplanar for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne. For førebuande opplæring for vaksne vil det bli fastsett eigne, modulstrukturerte læreplanar. For vidaregåande opplæring for vaksne vil det bli fastsett eigne, modulstrukturerte læreplanar i enkelte lærefag, mens det for øvrig vil vere dei same læreplanane som etter § 1-4. Heimelen for eigne læreplanar for opplæringa for vaksne er ikkje til hinder for at det blir behalde felles læreplan for barn, unge og vaksne, til dømes i enkelte fag. Læreplanane for fag gjeld for den opplæringa den vaksne faktisk skal ha. Dersom ein deltakar på grunn av vurdering av realkompetanse eller ut frå eige ønske berre skal ha opplæring i delar av eit fag, er det berre den aktuelle delen av læreplanen som skal leggjast til grunn for opplæringa.

Tredjeledd gir vaksne deltakarar rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Med individuell vurdering er det meint undervegsvurdering og sluttvurdering. Dokumentasjon av opplæringa er vitnemål og kompetansebevis. Departementet fastset nærare reglar om individuell vurdering og dokumentasjon i forskrift med heimel i tredje ledd andre punktum.

Til § 19-2 Organisering av opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 4A-1 første ledd tredje punktum og § 4A-3 første ledd tredje punktum. Paragrafen er omtalt i punkt 43.22.

Med ordlyden «eit særskilt tilbod for vaksne» i førsteledd er det meint eit eige opplæringstilbod for vaksne, i motsetning til at opplæringa blir organisert felles med opplæringa for barn og unge. Sjå likevel merknaden til § 18-6 om at opplæringstilbod til dei som ikkje får tilbod om læreplass, ikkje treng å vere særskilt organisert for vaksne.

Kravet i andreledd første punktum er at opplæringa skal «tilpassast livssituasjonen» til deltakarane. Døme på tilpassingar er komprimert opplæringstid, kveldsundervisning og fjernundervisning. At opplæringa skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane, inneber ikkje at kommunane og fylkeskommunane må lage eit eige skreddarsydd opplæringstilbod for kvar enkelt deltakar. Dei tilboda som kommunane og fylkeskommunane etablerer, må likevel leggje til rette for at deltakarar med ulike livssituasjonar kan nytte seg av tilbodet. Andre ledd andre punktum slår fast at opplæringa kan givast som fjernundervisning.

Tredjeleddførstepunktum slår fast at kommunane og fylkeskommunane kan bruke andre rettssubjekt til å gi vaksne eit opplæringstilbod, typisk private selskap. Til dømes kan det vere aktuelt å bruke studieforbund. Kommunane og fylkeskommunane vil framleis ha ansvaret for at deltakarane får opplæring i samsvar med lova, sjølv om dei nyttar andre rettssubjekt til å gi opplæringa. Tredjeleddandrepunktum inneber eit delegeringsforbod når det gjeld å dokumentere opplæringa som den vaksne har fått, til dømes utferde kompetansebevis eller vitnemål. Andre avgjerder kan delegerast, jf. kommunelova § 5-4.

Til § 19-3 Bokmål og nynorsk i opplæringa for vaksne

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.18.

Sjå merknaden til § 6-1 andre ledd. I motsetning til elevar i vidaregåande opplæring har ikkje deltakarar i opplæring for vaksne rett til å velje om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Dette har samanheng med at parallellitetskravet i § 15-3 tredje ledd heller ikkje gjeld førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

Til § 19-4 Rett til opplæring i og på samisk for vaksne deltakarar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.19.

Paragrafen gjeld samiske deltakarar. Med samar meinast her dei som kan skrivast inn i Sametingets valmanntal jf. samelova § 2-6 første ledd, og barna deira. At ein «kan» skrivast inn i valmanntalet, betyr at det ikkje er eit krav at verken deltakaren eller foreldra faktisk er registrerte i Sametingets valmanntal. Det er nok at deltakaren tilfredsstiller kravet til å kunne bli registrert, eller at foreldra kan registrerast.

Førstepunktum inneber at retten til førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne omfattar ein rett til opplæring i samisk for samiske deltakarar.

Andrepunktum gjeld berre førebuande opplæring og handlar om retten til opplæring samisk. Retten til opplæring på samisk i opplæringa for vaksne er ikkje den same som retten til opplæring på samisk for barn og unge etter § 3-2. Vilkåret for retten til opplæring på samisk er at det er «nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa». I vurderinga av om vilkåret er oppfylt, skal det leggjast vekt på føresetnadene til deltakaren og moglegheita til utbytte av opplæringa. I praksis har deltakarar i opplæringa for vaksne berre rett til opplæring på samisk dersom dei ikkje kan følgje opplæringa på norsk. Sjå omtalen av kva forvaltningsområdet for samiske språk er, i merknaden til § 3-2 andre ledd.

Til § 19-5 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar

Paragrafen er delvis ny, og vidarefører delvis dagens lov § 4A-1 første ledd tredje punktum, § 4A-3 første ledd tredje punktum og § 4A-12. Paragrafen er omtalt i punkt 43.15 og 43.16.

Førsteledd fastset at kravet om tilpassa opplæring i § 11-1 også gjeld førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 11-1.

Andreledd fastset kva rettar til individuell tilrettelegging som vaksne i førebuande opplæring har. Sjå merknadene til §§ 11-4 til 11-11 og og § 11-13.

Tredjeog fjerde ledd fastset kva rettar til individuell tilrettelegging som vaksne i vidaregåande opplæring har. Regelen er tilsvarande det som er regulert i likestillings- og diskrimineringslova (ldl.) § 21. Sjå merknaden til ldl. § 21 i Prop. 84 L (2016–2017), kapittel 30.

Til § 19-6 Opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-2 andre ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.16.

Med «grunnleggjande ferdigheiter» meiner ein både grunnleggjande ferdigheiter etter læreplanverket og andre grunnleggjande ferdigheiter, som til dømes trening i aktivitetar i dagleglivet (ADL-trening). Retten til individuell tilrettelegging etter denne paragrafen føreset at den vaksne har rett til førebuande opplæring etter § 18-2. Sjå elles merknadene til §§ 11-4 til 11-11 og § 11-13.

Til § 19-7 Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-13. Paragrafen er omtalt i punkt 43.17.

Paragrafen inneber at § 11-12 også gjeld for vaksne deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring. Sjå merknaden til § 11-12. Paragrafen utvidar ikkje retten til individuell tilrettelegging. Deltakarane har dermed berre rett til opplæring i bruk av alternativ supplerande kommunikasjon innanfor retten til tilrettelagd opplæring i §§ 19-5 og 19-6.

Til § 19-8 Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.20.

Førsteledd inneber at § 3-6 også gjeld for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 3-6.

Andreledd inneber at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk på same vilkår som elevar i vidaregåande opplæring. Deltakarar i opplæringa for vaksne har derimot ikkje rett til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag. Fylkeskommunane kan likevel velje å tilby dette. Sjå merknaden til § 6-5 første ledd om forsterka norskopplæring.

Til § 19-9 Opplæring i og på norsk teiknspråk for vaksne deltakarar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.21.

Paragrafen gjeld deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.

Første punktum gir deltakarar med høyrselshemming rett til opplæring i norsk teiknspråk. Sjå merknadene til tilsvarande reglar for barn og unge i § 3-4 første ledd første punktum og § 6-3 første ledd første punktum når det gjeld vilkåret om høyrselshemming. Vaksne deltakarar har ikkje rett til eit visst antal timar med opplæring i norsk teiknspråk.

Andre punktum gir deltakarar med høyrselshemming rett til opplæring på norsk teiknspråk eller opplæring ved hjelp av teiknspråktolk. Deltakarane har berre rett til å få opplæring på teiknspråk, altså opplæring gitt av ein teiknspråkleg lærar, dersom det finst slike tilbod som den vaksne blir teken inn på. Elles vil den vaksne ha rett til å få opplæring ved bruk av tolk.

Kommunane og fylkeskommunane avgjer kvar opplæringa etter første og andre punktum skal skje, og korleis ho skal organiserast, jf. § 19-2.

Til § 19-10 Opplæring i punktskrift for vaksne deltakarar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.21.

Første ledd slår fast at §§ 3-5 og 6-4 gjeld for deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til §§ 3-5 og 6-4. Andre ledd slår fast at deltakarane også har rett til opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd. Sjå merknaden til § 11-5 andre ledd. Vaksne deltakarar har ikkje rett til eit visst antal timar med opplæring i punktskrift og mobilitetstrening.

Til § 19-11 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-4 første ledd, jf. § 13-3 femte ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.5.4.3.

Paragrafen fastset at reglane i § 5-3 om planlegginga og utbygginga (dimensjonering) av det vidaregåande opplæringstilbodet også gjeld for opplæringstilbodet til vaksne. Sjå merknaden til § 5-3.

Til § 19-12 Rådgiving om utdannings- og yrkesval i opplæringa for vaksne

Paragrafen er delvis ny, og vidarefører delvis § 4A-8. Paragrafen er omtalt i punkt 43.27.

Plikta for kommunane og fylkeskommunane til å sørgje for rådgiving for deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne i førsteledd gir ikkje ein individuell rett til rådgiving for den enkelte. Kommunane og fylkeskommunane vurderer korleis dei vil oppfylle plikta, og korleis dei vil organisere slike tilbod. Kommunane og fylkeskommunane kan vurdere om og i kva grad dei vil ha eit tilbod på kvar opplæringsstad, eller om dei vil samarbeide med andre opplæringsstader eller med fylkesvise karrieresenter.

Til § 19-13 Kompetansekrav i opplæringa for vaksne

Første ledd vidarefører dagens lov § 4A-5, medan andre ledd er nytt. Paragrafen er omtalt i punkt 43.29.

Førsteledd fastset at reglane i §§ 17-3, 17-4 og 17-5 gjeld for dei som skal tilsetjast i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til §§ 17-3, 17-4 og 17-5. Konkrete krav til kompetanse for dei som skal tilsetjast i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, kan fastsetjast i forskrift med heimel i § 17-3 tredje ledd.

Andre ledd inneber eit unntak frå krava i første ledd med tilhøyrande forskrifter for dei som skal undervise i grunnleggjande ferdigheiter etter § 19-6.

Tredjeledd gir departementet heimel til å fastsetje krav om kompetanse for dei som skal undervise i forsterka opplæring i norsk. Forsterka opplæring i norsk for vaksne er regulert i § 19-8.

Til § 19-14 Politiattest og forbod mot tilsetjing i den førebuande opplæringa for vaksne

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.30.

Paragrafen fastset at reglane i § 17-11 gjeld for dei som skal tilsetjast i førebuande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 17-11.

Kapittel 20 Medverknad, skolemiljø, lokale reglar og anna i opplæringa for vaksne

Til § 20-1 Rett til medverknad for vaksne deltakarar

Paragrafen er delvis ny, og vidarefører delvis dagens lov § 4A-4 fjerde ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.25.

Retten til å uttale seg og bli høyrt gjeld både i saker om opplæringa, saker om læringsmiljøet og andre saker som gjeld opplæringssituasjonen til deltakaren. For deltakarar i førebuande opplæring for vaksne som er under 18 år, gjeld også Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Sjå elles merknaden til tilsvarande regel for barn og unge i § 10-2.

Til § 20-2 Krav til læringsmiljøet i opplæringa for vaksne

Paragrafen er delvis ny og vidarefører delvis dagens lov § 4A-4 fjerde ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.24.

Førsteledd er tilnærma likt kravet om førebyggjande arbeid med skolemiljøet for barn og unge i § 12-3 andre ledd. Deltakarar i opplæringa for vaksne har ikkje same individuelle rett til trygt og godt skolemiljø som barn og unge. Målet for det førebyggjande arbeidet i opplæringa for vaksne er å unngå tilfelle der ein deltakar ikkje har eit trygt og godt læringsmiljø. Paragrafen er elles lik som § 12-3 andre ledd. Sjå merknaden til § 12-3 andre ledd.

For at deltakarane skal få eit trygt og godt læringsmiljø må det leggjast til rette for at deltakarane kan ha kontakt og kommunikasjon med kvarandre. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane å finne fram til måtar å oppnå dette på og det er ikkje eit krav om inndeling i grupper.

Uttrykket «krenkjande oppførsel» i andreleddførstepunktum skal forståast likt som i § 12-3 første ledd. Sjå merknaden til § 12-3 første ledd. Kva som vil vere ei krenking, må vurderast konkret. At deltakarane er vaksne, vil ha noko å seie i denne vurderinga.

At dei som arbeider i førebuande opplæring, skal «gripe inn», jf. andre leddandrepunktum, omfattar både å stoppe ei krenking som er i gang, og å setje i verk nødvendig tiltak for å rette opp skaden som har skjedd, og førebyggje nye krenkingar. Plikta til å gripe inn er avgrensa til tilfelle der dette er mogleg. Den tilsette skal ikkje måtte setje seg sjølv eller andre i fare for skade. Grensa for plikta til å gripe inn er at den tilsette ikkje må krenkje deltakarane for å få stanse situasjonen, og at det ikkje føreset ei handling som er straffbar. Nødrett og nødverje kan likevel unntaksvis gi grunnlag for å overskride også denne grensa ved at det i nødverje- og nødrettssituasjonar kan vere lov å gjere noko som elles er ulovleg.

Til § 20-3 Ordensreglar for opplæringa for vaksne

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 43.23.

Etter førsteledd kan kommunane og fylkeskommunane fastsetje reglar for opplæringsstadene. Kommunane og fylkeskommunane kan vedta reglar som er felles for alle opplæringsstadene, reglar som berre gjeld for eit enkelt opplæringsstad, eller nokre felles reglar og nokre reglar for kvar opplæringsstad. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane om myndet til å ta avgjerder om lokale reglar blir delegert, og korleis dei tek deltakarane med på avgjerdene. Sjå likevel § 20-1 om retten deltakarane har til medverknad.

Kjerneområdet for reglane er opplæringsstadene i undervisningstida. Reglane vil også gjelder for oppførsel som skjer utanfor undervisningsstaden, dersom han har nær tilknyting til undervisningsstaden eller -situasjonen. Dei lokale reglane vil ha tilsvarande verkeområde som skolereglane for barn og unge. Sjå merknaden til § 10-7.

Ordensreglane er meint å svare til skolereglar for barn og unge, jf. § 10-7. Ordensreglane skal supplere nasjonale reglar og handle om orden og oppførsel på opplæringsstaden og kva tiltak den vaksne kan møtast med ved brot på slike reglar. Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig å gjenta lovkravet om deltaking (§ 18-11) eller andre krav i eller i medhald av lova i ordensreglane. Dersom brot på krav i eller i medhald av lova skal medføre reaksjonar, så må dette likevel stå i dei lokale ordensreglane. Kommunen og fylkeskommunen kan gi utfyllande reglar til lovkravet om deltaking, som til dømes reglar om oppmøte, forseintkomming og liknande. Det kan også fastsetjast reglar om kva som gir grunnlag for permisjon jf. § 18-11 andre ledd.

Dei lokale reglane kan ikkje avgrense rettane til deltakarane etter lova eller nasjonale forskrifter i medhald av lova. Reglane må vedtakast i form av ei forskrift, jf. forvaltningslova § 2.

Andreledd inneber at alle «tiltak», det vil seie reaksjonar, som skal kunne brukast mot vaksne deltakarar som bryt reglane, må fastsetjast i dei lokale reglane. Det må likevel avgrensast mot mindre inngripande tiltak. Sjå merknaden til § 10-7 andre ledd. Dersom vaksne deltakarar skal kunne visast bort, må dette komme fram av dei lokale reglane. Sjå om bortvising i merknaden til § 20-4.

Kommunen og fylkeskommunane vel sjølve om dei vil fastsetje forskrift. Desse avgjerdene byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve.

Til § 20-4 Bortvising av vaksne deltakarar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-9 med enkelte endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 43.23.

Førsteledd regulerer rammene for kva tilfelle og med kva varigheit det kan fastsetjast i dei lokale reglane etter § 20-3 at bortvising kan brukast som reaksjon på brot på reglane. Dersom bortvising ikkje er fastsett som ein reaksjon i reglane etter § 20-3, kan ikkje denne reaksjonsmåten brukast. Dersom bortvising skal brukast som reaksjon ved brot på reglane i lova, som forbodet mot ansiktsdekkjande plagg og plikta til aktiv deltaking, må dette fastsetjast i dei lokale reglane etter § 20-3. Med «kurset eller den modulen dei er tekne inn på» blir det sikta til opplæringseiningar som er avgrensa i tid, ikkje heile den førebuande opplæringa eller heile den vidaregåande opplæringa. Deltakarane kan ikkje fråtakast retten til opplæring. Kommunen og fylkeskommunen kan ikkje vedta bortvising frå så store opplæringseiningar at deltakaren i realiteten er fråteken retten til opplæring. Poenget er at deltakaren skal kunne visast bort frå det aktuelle kurset, modulen eller liknande, men ha moglegheit til å halde fram opplæringa ved neste oppstart av det aktuelle kurset eller modulen. Kva som ligg i «grove brot» og «særleg alvorlege brot», er omtalt i merknaden til § 13-1.

Andreledd gjeld uavhengig av kor lang bortvising som er aktuell. Dersom det er tilstrekkeleg med mindre inngripande tiltak enn bortvising, skal mindre inngripande tiltak nyttast.

Tredjeledd regulerer kven som kan ta avgjerda om å vise bort vaksne deltakarar for resten av kurset eller den modulen dei er tekne inn på. Delegeringsforbodet er ikkje til hinder for at kommunestyret eller fylkestinget delegerer mynde til å bortvise for resten av kurset eller modulen til eit organ i kommuneadministrasjonen. For bortvising i kortare periodar enn resten av kurset eller den modulen den vaksne er teken inn på, kan kommunane og fylkeskommunane delegere mynde til å gjere vedtak på vanleg måte, jf. kommunelova § 5-3.

Bortvising for éin dag eller meir vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova for enkeltvedtak gjeld. Det må vurderast konkret om bortvising for kortare tid vil vere eit enkeltvedtak, til dømes kan bortvising for enkelttimar som skal gjennomførast noko fram i tid, vere eit enkeltvedtak.

Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne

Til § 21-1 Skyss til og frå opplæringsstaden for deltakarar i opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-7 første ledd og delar av andre ledd når det gjeld deltakarar i førebuande opplæring. Reglane er nye når det gjeld deltakarar mellom 19 og 24 år i vidaregåande opplæring for vaksne. Paragrafen er omtalt i punkt 43.28.

Førsteledd regulerer retten til skyss for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne på grunn av lang veg til opplæringsstaden. Sjå om oppmåling av avstand i merknaden til § 4-1.

For å få rett til skyss etter andreledd er det ikkje tilstrekkeleg at deltakaren har nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom. I tillegg er det eit vilkår for retten til skyss at funksjonsnedsetjinga, skaden eller sjukdommen forårsakar at deltakaren har behov for skyss. Rettane etter andre ledd gjeld deltakarar som treng skyss på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing.

Tredjeledd slår fast at deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne har rett til skyss etter reglane i § 9-1 ut det skoleåret som byrjar det året dei fyller 24 år. Det vil seie at dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1, men som vel å ta opplæring for vaksne etter § 18-3, har rett til skyss på lik linje som dei som tek vidaregåande opplæring for ungdom. Sjå elles merknaden til § 9-1.

Ansvaret for å oppfylle retten til skyss går fram av § 28-7.

Til § 21-2 Reisefølgje for og tilsyn med deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 4A-7 andre ledd og er omtalt i punkt 43.28.

Retten til reisefølgje og tilsyn gjeld berre for vaksne deltakarar dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg aleine. Dersom vilkåret er oppfylt, skal kommunane sørgje for reisefølgje og tilsyn og også dekkje skysskostnader og andre utgifter knytte til det. Sjå også merknaden til § 9-2 andre ledd om tilsyn i ventetida før og etter opplæringa.

Til § 21-3 Avgrensing av rett til skyss og rett til losji i den førebuande opplæringa for vaksne

Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-7 tredje ledd og er omtalt i punkt 43.28.

Første og andre ledd svarer til § 4-3 første og andre ledd. Sjå merknaden til § 4-3 første og andre ledd.

Tredjeledd gir vaksne deltakarar rett til losji på same vilkår som barn og unge etter § 4-3 tredje ledd andre punktum. Det er kommunane som er ansvarlege for losji til deltakarar i førebuande opplæring for vaksne. Det er derimot fylkeskommunane som vurderer om dagleg skyss er forsvarleg etter § 21-3 ettersom fylkeskommunane har ansvaret for skyssen. Vaksne deltakarar har ikkje plikt til å la seg innlosjere.

Plikta til kommunen i fjerdeledd til å ha tilsyn med innlosjerte vaksne deltakarar gjeld berre når det er nødvendig. Tilsyn vil i hovudsak berre vere nødvendig dersom ein deltakar på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje greier seg sjølv. Det kan også vere nødvendig med tilsyn med personar i aldersgruppa 16 til 18 år som har rett til førebuande opplæring for vaksne.

Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar

Kapittel 22 Privat opplæring

Til § 22-1 Kven som kan drive private skolar etter lova

Førsteledd vidarefører kravet i § 2-12 i dagens lov om at private grunnskolar må ha godkjenning av departementet. Sjå punkt 65.

Andreledd vidarefører godkjenningsheimelen i § 3-11 i dagens lov, sjå punkt 49. Det er ein føresetnad for godkjenning at staten har inngått ein avtale med éin eller fleire andre statar om å etablere éin eller fleire vidaregåande skolar. Det blir ikkje sett vilkår om formålet med drifta. Det blir til dømes ikkje stilt krav om at opplæringa skal kunne føre fram til norsk vitnemål. Innhaldet i den mellomstatlege avtalen blir førande for kva for nokre av krava i lova som ikkje skal gjelde, og dette må komme fram av godkjenningsvedtaket.

Tredjeledd er nytt og inneber at godkjenning av private grunnskolar etter første ledd og godkjenning av private vidaregåande skolar etter andre ledd fell bort dersom skolen ikkje startar opp verksemda innan tre skoleår etter at godkjenninga er gitt. Det same gjeld dersom drifta blir nedlagd. Sjå omtale av reglane i punkt 49 og 65.

Til § 22-2 Ansvaret til private grunnskolar

Paragrafen vidarefører delvis § 2-12 andre og tredje ledd i dagens lov, og er omtalt i punkt 65.

Fjerdeledd er nytt samanlikna med dagens lov og pålegg heimkommunen å sørgje for at elevane i private grunnskolar har den same tilgangen til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.

Til § 22-3 Unntak frå visse krav for utanlandske og internasjonale grunnskolar

Paragrafen vidarefører § 2-12 fjerde ledd i dagens lov, og er omtalt i punkt 65. I tillegg er det presisert at departementet berre kan gjere unntak frå krava i § 22-1 første ledd så framt unntaka ikkje svekkjer dei grunnleggjande rettane til elevane.

Til § 22-4 Teieplikt i private skolar

Paragrafen vidarefører i hovudsak § 15-1 andre ledd i dagens opplæringslov, og er omtalt i punkt 65. Tilvisinga til forvaltningslova § 13 g er ny.

Til § 22-5 Privat grunnskoleopplæring i heimen

Paragrafen erstattar dagens lov §§ 2-13 og 14-3 og er omtalt i punkt 39.

Privat grunnskoleopplæring i heimen er når foreldre gir sine eigne barn grunnskoleopplæring heime.

Førsteledd pålegg foreldre å sende melding til kommunen før oppstart av privat grunnskoleopplæring i heimen. Regelen regulerer ikkje kva meldinga skal innehalde, men ho bør som eit minimum innehalde namn på barnet, når grunnskoleopplæringa i heimen startar, og kven som gir denne opplæringa. Dersom det er mogleg, bør varigheita på privat grunnskoleopplæring givast opp.

Dei som driv privat grunnskoleopplæring i heimen når lova trer i kraft må ikkje melde frå til kommunen for å kunne fortsette med det.

Opplæringa skal gjennomførast i «heimen» til eleven, det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærleiken. Kravet om at opplæringa skal gjennomførast i heimen, står likevel ikkje i vegen for at delar av opplæringa blir gitt på ein annan læringsarena, til dømes på eit bibliotek, på hytta, i ein symjehall eller på eit museum. Det er foreldra til barnet som skal gi opplæring. Dersom andre private aktørar skal undervise, eller ein skal undervise barna til andre, må dette godkjennast etter § 22-1. Kommunane er ikkje forplikta til å akseptere løysingar der opplæringsplikta delvis blir oppfylt i skolen, og delvis blir oppfylt ved privat grunnskoleopplæring i heimen.

Minimumskrava til grunnskoleopplæringa i heimen kjem fram av andreledd. Opplæringa må vere i tråd med formålet for opplæringa, samsvare med læreplanar og fag- og timefordelinga, ikkje vere forkynnande og vere i tråd med reglane om opplæring om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk. Reglane gjeld for opplæringa og ikkje er til hinder for at det drives forkynning/religionsutøving i tillegg til opplæringa som gis i heimen. I praksis vil det ikkje vere eit like klart skille mellom kva som er opplæring og ikkje, når foreldre gir opplæring til eigne barn.

Krava til innhaldet i den private grunnskoleopplæringa i heimen gjeld så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege pliktar.

Tredjeleddførste punktum pålegg kommunane å føre tilsyn med at grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Tilsynet må vere eigna til å avdekkje om opplæringa oppfyller desse krava.

Tredje leddandre punktum fastslår at det første tilsynet skal vere påbyrja innan tre månader etter at opplæringa skal ha starta. Det er meldinga frå foreldra til barnet som utløyser plikta. Det er ikkje eit krav at tilsynet er avslutta i løpet av tremånadersperioden. Ut over dette er det kommunane som avgjer korleis tilsynet skal organiserast, inkludert omfanget og hyppigheita, og kven som skal vere tilsynsperson. Kva som er til det beste for barnet, skal vere eit grunnleggjande omsyn også i planlegging og gjennomføring av tilsyn og ved valet av tilsynsperson, og barnet skal få seie si meining.

Plikta kommunen har til å føre tilsyn, inneber at det må førast tilsyn ofte nok til at kommunen kan vurdere om barnet får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og at opplæringa som blir gitt, oppfyller krava i lova. For å vurdere om eleven får ei opplæring i tråd med regelverket, må den som fører tilsyn, vurdere om det er nødvendig å møte eleven når det blir ført tilsyn.

Etter tredje ledd tredje punktum har kommunane rett til å kalle inn eleven til prøvar. Slike prøvar må vere grunngitt i tilsynsansvaret til kommunen. Med «prøvar» meiner ein ikkje eksamen i grunnskolen, men andre prøvar som kan gi kommunane relevant informasjon om opplæringa som ledd i tilsynet. Det skal ikkje givast individuell vurdering av prøvar etter § 2-3 andre ledd.

Fjerde ledd fastslår at dersom opplæringa ikkje er i samsvar med krava i § 22-5, skal barnet få opplæringa si på ein grunnskole. Foreldra kan velje om barnet skal få opplæring i den offentlege grunnskolen, ved ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1, eller ved ein grunnskole som er godkjend etter privatskolelova.

Den private grunnskoleopplæringa i heimen er ikkje lovleg dersom det ikkje er mogleg for kommunane å føre tilsyn som følgje av manglande samarbeid frå foreldra. Kommunane skal då krevje at barnet byrjar på skolen. Denne kan vere offentleg eller privat, sjå ovanfor. Dersom kommunane har gjort enkeltvedtak om at eleven skal gå på skolen, og eleven likevel ikkje møter til opplæringa, kan foreldra straffast, jf. § 2-7.

Til § 22-6 Statleg tilsyn med private skolar

Paragrafen erstattar dagens lov § 14-1 andre ledd og er omtalt i punkt 65.

Det følgjer av regelen at staten fører tilsyn med private skolar godkjende etter opplæringslova. Tilsynsmakta er i lova lagd til departementet, men ordinær delegering er mogleg. Til liks med tilsynet med kommunepliktene gjeld kommunelova også for tilsynet med dei private skolane. Sjå også § 29-2 og merknaden til denne.

Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring

Til § 23-1 Privatistar

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 49.

Førstepunktum definerer omgrepet privatist. Med opplæring i faget blir det sikta til opplæring som blir gitt etter opplæringslova eller privatskolelova med forskrifter. Det betyr at privatisten verken er elev, deltakar, lærling eller praksisbrevkandidat i faget ved tidspunktet for oppmelding. Andre former for opplærings- eller kurstilbod, til dømes ved private vidaregåande skolar utan eksamensrett, blir ikkje rekna som opplæring i faget etter lova.

Andrepunktum slår fast at det ikkje er ein generell privatisttilgang i grunnskolen. Privatisteksamen i grunnskolen er berre mogleg for dei som har rett til førebuande opplæring for vaksne.

Til § 23-2 Praksiskandidatar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 3-5 om tilgangen til å ta fag- og sveineprøve utan læreforhold eller skole. Sjå omtale i proposisjonen punkt 49.

Førstepunktum gir opp vilkåra for å kunne framstille seg til fag- eller sveineprøve utan å ha delteke i opplæring i faget. Praksisen må ha vart minst 25 prosent lenger enn det opplæringsløpet som er fastsett for lærefaget, og han må dekkje dei mest vesentlege delane av vg3-læreplanen i faget. Ved fireårige opplæringsløp som følgjer 2+2-modellen, må praksis derfor ha vart minst fem år. Det kan fastsetjast forskrifter om praksis og om at praksistida kan kortast ned gjennom godskriving av tidlegare opplæring, jf. § 5-4 tredje ledd.

Andrepunktum slår fast at det er fylkeskommunane som godkjenner praksisen. Fylkeskommunane skal gjere enkeltvedtak i saka. Andre punktum opnar også for at det kan godkjennast praksis som har kortare omfang enn det som er beskrive i første punktum. Dette er ein snever unntaksregel som føreset at det er tale om eit særleg tilfelle. Det kan til dømes vere tilfelle der det er svært vanskeleg å få tilstrekkeleg praksis i verneverdige tradisjonshandverksfag.

Til § 23-3 Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring av § 3-4 a og § 3-4 b i dagens lov og er omtalt i punkt 49.

Førsteledd gir departementet kompetanse til å godkjenne utanlandsk fagopplæring som sidestilt med norsk vidaregåande opplæring.

Andreledd gir departementet heimel til å fastsetje vilkår for godkjenning og reglar om saksbehandling, klage i forskrift og om oppnemning av klagenemnd. Innhaldet i dagens § 3-4 b er vidareført som del av forskriftsheimelen. Reglane om klage kan mellom anna omfatte kven som skal vere klageinstans, og at klagetilgangen ikkje skal gjelde alle delar av vedtaket.

Til § 23-4 Behandling av søknad om godkjenning

Paragrafen vidarefører dagens § 3-4 c, men med nytt siste ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 49.

Førsteledd gir rettsgrunnlag for at avgjerdstakar også skal kunne behandle personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Slike opplysningar kan behandlast når avgjerdstakar behandlar søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3.

Sjølv om avgjerdstakar ikkje spør etter slike personopplysningar, kan det både i utfylling av søknadsskjemaet og i vedlegga komme fram opplysningar som blir rekna som særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga. Opplysningar om religion, seksuell legning og helse er døme på opplysningar som kan komme fram av søknaden. Eit døme er at i vigselattestar som blir brukte til å stadfeste namneendring, er det også informasjon om religionen, etnisiteten eller helsa til personane. I slike tilfelle vil desse opplysningane i seg sjølve ikkje vere relevante for behandling av søknadene, men dokumentet er i seg sjølv (t.d. vigselattest eller utdanningsdokument) nødvendig for å sikre at den som leverer søknaden, er den same som den som har fullført utdanninga.

Andreledd slår fast at det kan nyttast automatisert saksbehandling for å gjere vedtak om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Automatisert saksbehandling inneber at eit datasystem tek avgjerder som er avgjerande for rettane og pliktene til ein enkeltperson. Ved automatisert saksbehandling har rettsreglane vorte formaliserte og programmerte i datasystemet. Rettsbruken skjer gjennom datasystemet og ikkje ved manuell menneskeleg behandling. Avgjerder som takast på bakgrunn av utelukkande automatisert saksbehandling, kan berre skje i saker der det ikkje er behov for skjønnsmessige vurderingar.

I andre ledd andrepunktum er det fastsett at søkjaren kan krevje manuell overprøving. Ein slik rett supplerer den alminnelege klageretten etter forvaltningslova og varetek rettane og interessene til den registrerte. Manuell overprøving inneber at det blir gjennomført ein manuell kontroll av om datasystemet har gjort eit korrekt vedtak i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Det er førsteinstansen som skal gjennomføre denne kontrollen, ikkje klageorganet.

Tredjeledd gir rettsgrunnlag for at avgjerdstakar kan kopla seg til portalen for deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. universitets- og høgskolelova § 4-14. Fødselsnummer, D-nummer og opplysningar om at personen har fått godkjenningsvedtak etter første ledd, kan registrerast automatisk i portalen. Informasjon om sjølve vedtaket vil berre overførast til portalen når den som vedtaket gjeld, sjølv bestemmer det. Når ein person vel å dele vedtaket sitt med til dømes ei bedrift eller utdanningsinstitusjon, vil portalen berre formidle det vedtaket som hen har bestemt skal delast, og berre i den perioden vedkommande har bestemt at resultata skal vere tilgjengelege.

Fjerdeledd fastset at dersom den som behandlar søknad om godkjenning, oppdagar at søkjaren har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.

Sjuande del – forskjellige reglar

Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegne av eleven

Til § 24-1 Samarbeid og samordning

Paragrafen er ei vidareføring av § 15-8 og § 4A-14 i dagens lov og er omtalt i punkt 23.5.2. Ordlyden i tredje ledd er forenkla, men dette inneber ikkje ei realitetsendring.

Førsteledd gir skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) plikt til å samarbeide med andre tenesteytarar i oppfølginga av bestemte elevar som får tenester frå fleire tenesteytarar. Omgrepet «tenesteytarar» er definert i femte ledd i paragrafen. Dette er ei oppgåve som kjem i tillegg til det å gi opplæring og andre tenester etter opplæringslova. Samarbeidet skal vere ein integrert del av tenesteytinga. For at samarbeidsplikta skal tre inn, må det vere nødvendig med samarbeid for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dette inneber at tenestene sjølve må gjere ei konkret fagleg vurdering av kva dei har plikt til å samarbeide om, kva for nokre andre tenesteytarar dei skal samarbeide med når det gjeld dei enkelte oppgåvene, og ei vurdering av kor omfattande og langvarig samarbeidet vil bli. Dette vil variere ut frå behovet til den enkelte eleven. Skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta må sjølve vurdere kva samarbeidsaktivitetar dei må gjennomføre for å oppfylle plikta til samarbeid. Samarbeidsplikta gir også skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta plikt til å medverke i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan, jf. første ledd andre punktum.

Samarbeidet skal skje innanfor gjeldande reglar om teieplikt. Teieplikta vil ofte få direkte betydning for moglegheita til å samarbeide i enkeltsaker. Det er berre opplysningsplikta til barneverntenesta som går føre lovbestemt teieplikt. Regelverk om teieplikt, opplysningsplikt og høve til å formidle opplysningar set skrankar for i kva tilfelle opplysningar kan formidlast og delast mellom velferdstenestene. Dette gjeld både ved samarbeid på tvers av tenesteområde eller nivå i eigen sektor og ved samarbeid på tvers av sektorane.

Andreledd første punktum slår fast at kommunane skal samordne tenestetilbodet til elevar som treng eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Det følgjer av andre ledd andre punktum at kommunen skal bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal samordne tenestetilbodet, dersom det er behov for det. Plikta gjeld der det er uklarleikar eller usemje om kva for ein kommunal tenesteytar som skal samordne tenestetilbodet.

Dersom tenesteytarane er samde om kven som skal samordne tenestetilbodet, vil det ikkje vere behov for at kommunen avgjer dette. Det same gjeld der det allereie følgjer av andre regelverk kven som skal ha ansvaret for å koordinere oppfølginga eleven får, til dømes der eleven har ein individuell plan etter helse- og omsorgstenestelova § 7-1 eller barnevernslova § 15-9. Dersom familien har fått utnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2 a, følgjer det av regelen at det er barnekoordinatoren som skal sørgje for at tenestetilbodet til familien og barnet blir samordna.

Kommunen vel sjølv korleis han skal vareta plikta til å avklare kven som skal ha ansvaret for samordninga. Det er kommunedirektøren som har ansvaret og myndet til å ta avgjerd, men oppgåva kan delegerast til andre i kommunen. Myndet kommunen har til å ta avgjerder, omfattar ikkje fylkeskommunale, statlege eller private tenesteytarar. Samordning med desse tenestene vil derfor berre omfatte informasjon, involvering og tilrettelegging for samarbeid. Samtidig vil dei fylkeskommunale, statlege og private tenestene vere pålagde å delta i samarbeidet gjennom samarbeidsplikter i eigne tenestelover. Dersom det er mest tenleg, kan kommunane avtale med den aktuelle tenesta, til dømes BUP eller ein vidaregåande skole, at samordningsansvaret skal liggje der.

Tredjeledd regulerer plikta skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta har til å samarbeide med andre tenesteytarar utan av det er knytt til oppfølginga av ein bestemt elev. Skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta skal samarbeide med andre tenesteytarar for at alle tenesteytarane skal kunne utføre oppgåver som dei er pålagde ved lov eller forskrift. Slikt samarbeid kan til dømes omfatte drøfting av saker i anonymisert form og tilrettelegging for gjensidig rettleiing og informasjon. Samarbeidet kan til dømes forankrast i samarbeidsavtalar eller gjennom faste tverrsektorielle møte, arbeidsformer og rutinar. Sjølv om plikta til å samarbeide ligg til dei enkelte velferdstenestene i kommunen, vil det vere kommunane som er rettsleg ansvarlege for at samarbeidsplikta blir oppfylt. Dette inneber at ei velferdsteneste ikkje kan påleggje ei anna teneste nye oppgåver, men at kommunane i slike tilfelle må vedta at den aktuelle tenesta skal bruke ressursar på oppgåva.

Fjerdeledd fastset at dei samarbeidande tenestene kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 (sensitive personopplysningar m.m.), når dei utfører oppgåver etter første til tredje ledd. Det er dei lovpålagte oppgåvene etter første til tredje ledd som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Krava til samarbeid inneber at behovet hos tenestene for å behandle personopplysningar vil kunne auke. Foreldre skal samtidig få informasjon om og ha kontroll over kvifor og korleis personopplysningar om barna blir brukte. Informasjon er avgjerande for moglegheita til å bruke andre rettar etter personvernforordninga, som til dømes innsyn og sletting.

Sjå elles omtalen av personsonopplysningar i punkt 54 og Prop. 100 L (2020–2021) punkt 4.4.2.

Femteledd definerer omgrepet «tenesteytarar». Alle desse tenesteytarane blir omfatta av samarbeidsplikta.

Sjetteledd fastslår at regelen også gjeld for kommunen og fylkeskommunen når han gir opplæring til vaksne. Det er opplæringsstaden som gir opplæring til dei vaksne, som skal samarbeide med andre kommunale eller fylkeskommunale tenester og med andre statlege og relevante private tenester når vilkåra for dette er oppfylt. Det er kommunen som skal vareta samordningsansvaret.

Til § 24-2 Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-4, og er omtalt i punkt 23.5.4.

Både merksemdplikta etter førstepunktum og plikta til å gi opplysningar etter andrepunktum gjeld forhold som kan føre til tiltak frå helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, oppfyller plikta til å vere merksam på behov for tiltak og plikta til å gi opplysningar om slike forhold. Dette er for å gjere det tydeleg at det ikkje dreier seg om eit personleg ansvar for kvart enkelt personell, og for at pliktene skal gjelde for alle som utfører tenester eller arbeid etter lova. Pliktene omfattar dermed personalet i leksehjelpordninga, skolefritidsordninga, kulturskolen, vaksenopplæringa, oppfølgingstenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta, i tillegg til personalet i skolen. Kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at dei tilsette har kunnskap om kva tiltak som kan vere aktuelle etter både sosialtenestelova og helse- og omsorgstenestelova. Plikta må ikkje forvekslast med opplysningsplikta til barneverntenesta. Regelen har lik utforming som den tilsvarande regelen i andre sektorlover. Opplysningar kan berre givast med løyve frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta i forvaltningslova § 13 og følgjande paragrafar.

Skolen bør skrive ned skriftleg dei vurderingane som han gjer før skolen gir, eventuelt ikkje gir, opplysningar til sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta i samsvar med regelen. Tilsette bør dokumentere vurderingane som blir gjennomførte når det skal avgjerast om det skal varslast. Dokumentasjon av vurderingane vil ha noko å seie dersom det i etterkant blir spørsmål om teieplikta er broten. Mangel på skriftlege notat gjer det vanskelegare å etterprøve vurderingane skolen har gjort i samband med teieplikt og moglege unntak frå denne.

Til § 24-3 Plikt til å melde frå til barnevernet

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-3, og er omtalt i punkt 23.5.3.

Det er fastsett ei generell meldeplikt til barnevernet i barnevernslova § 13-2. § 24-3 er derfor fastsett i opplæringslova av pedagogiske grunnar. Første ledd inneheld i tillegg ei «merksemdplikt» som ikkje finst i barnevernslova § 13-2. Fleire av dei situasjonane som kan skape ei meldeplikt etter denne lova og barnevernslova, kan også utløyse ei avverjeplikt etter straffelova § 196. Til dømes vil mishandling av barn ofte vere straffbart etter straffelova § 282 og utløyse ei avverjeplikt.

Paragrafen inneheld både ei merksemdplikt etter første ledd og ei opplysningsplikt (meldeplikt) etter andre ledd. Pliktene er eit sjølvstendig og personleg ansvar som ligg på den enkelte. Dette inneber at vurderinga av om melding skal sendast til barnevernstenesta, ikkje kan overlatast til andre, til dømes rektor eller ein annan leier. Det personlege ansvaret er likevel ikkje til hinder for at det blir etablert praktiske rutinar om formidling av meldingar. Slike rutinar kan likevel ikkje formast ut slik at dei fører til forseinkingar, og dei må ikkje innebere ei faktisk eller fagleg overprøving av vurderinga av om vilkåra for meldeplikt er oppfylte.

Alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, er omfatta av merksemd- og meldeplikta til barnevernstenesta. Dette inneber at plikta gjeld for alle som utfører teneste eller arbeid i skolen, leksehjelpeordninga, skolefritidsordninga, kulturskolen, vaksenopplæringa, oppfølgingstenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Regelen omfattar også enkelte tilsette i lærebedrifter, til dømes instruktøren og den faglege leiaren. Plikta omfattar i tillegg praktikantar, vikarar og mellombels tilsette som utfører tenester eller arbeid etter lova. Å utføre tenester eller arbeid skal ikkje forståast annleis eller vidare enn det som er fastsett i barnevernslova § 13-2.

I kva situasjonar det er plikt til å melde frå til barnevernstenesta, kjem fram i bokstavane a til d. Desse er nærare beskrivne i merknaden til barnevernslova § 13-2 i Prop. 133 L (2020–2021). Når vilkåra for meldeplikt er oppfylt, finst det ingen andre handlingsalternativ som kan erstatte meldinga til barnevernstenesta, og opplysningsplikta fell til dømes ikkje bort sjølv om personen sjølv prøver å avhjelpe situasjonen.

Meldeplikta til barnevernstenesta gjeld uavhengig av teieplikta i forvaltningslova § 13 og følgjande paragrafar.

Skolen bør skrive ned skriftleg dei vurderingane han gjer før han sender, eventuelt ikkje sender, ei melding til barnevernstenesta i samsvar med regelen. Tilsette bør dokumentere vurderingane som blir gjennomførte når det skal avgjerast om det skal varslast. Slik dokumentasjon «kan gjere at personalet i ettertid kan vise at dei, på det tidspunktet opplysninga vart gitt, vurderte at det var grunn til å tru at situasjonen var så alvorleg at han utløyste opplysningsplikta. Dette vil ha noko å seie dersom det eventuelt i etterkant skulle bli spørsmål om teieplikta er broten. Ein mangel på skriftlege notat gjer det vanskelegare å etterprøve vurderingane til skolen av teieplikt og moglege unntak frå denne. Både av omsyn til partane i saka og til kontrollmoglegheitene til dei etterfølgjande instansane er det ein fordel om slike vurderingar er dokumenterte.

Til § 24-4 Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overteke omsorga

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-6 og er omtalt i punkt 62. Han regulerer om det er barnevernstenesta eller foreldra som kan ta avgjerder på vegner av eleven når barneverntenesta har overteke omsorga. Paragrafen får ingen følgjer for kva tilfelle og saker eleven sjølv kan ta avgjerder i. Paragrafen får heller ingen følgjer for forholdet mellom barnevernstenesta og fosterforeldra eller barnevernsinstitusjonen.

Førsteledd slår fast hovudregelen, som gjeld for dei avgjerdene som etter opplæringslova er lagde til foreldra til eleven. Paragrafen inneber at barnevernstenesta mellom anna har rett til å samtykkje til individuelt tilrettelagd opplæring, søkje om ein annan offentleg skole enn ein skole i nærmiljøet og ta avgjerder om skyss eller innlosjering. I tillegg inneber paragrafen at det er barnevernstenesta som tek avgjerder og opptrer på vegner av eleven i alle typar skolesaker som er ein del av den daglege oppfølginga av eleven.

Andreledd ramsar opp kva avgjerder som foreldra har rett til å ta på vegner av eleven. At foreldra har rett til å velje privat grunnskoleopplæring, inneber at dei skal kunne velje privat skole framfor offentleg skole og dessutan velje typen privat skole. Dei skoletypane som finst i området der eleven bur, vil danne ei naturleg ramme for valfridommen til foreldra, og det vil vere ein føresetnad at foreldra er villige til å betale eventuelle ekstrautgifter som følgjer av det valet dei gjer. Val av skriftspråk omfattar både val av skriftspråk i læremiddel på 1. til 7. trinn etter § 3-1 andre ledd og avgjerd om å tilhøyre eiga skriftspråkgruppe på 1. til 7. trinn etter § 3-1 tredje ledd. Val av skriftspråk kan også vere aktuelt ved overføring til ny skole, jf. § 3-1 fjerde ledd.

Til § 24-5 Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år

Paragrafen er delvis ny og ei delvis vidareføring av dagens § 3-1 første ledd siste punktum og er omtalt i punkt 21.

Paragrafen slår fast at dei som har fylt 15 år, sjølve bestemmer over spørsmål knytte til opplæringa. I motsetning til dagens reglar er paragrafen ikkje avgrensa til opplæring i den vidaregåande opplæringa. Paragrafen gjeld derfor spørsmål knytte til opplæringa i både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Paragrafen omfattar også dei mellom 15 og 18 år som får opplæring for vaksne. Regelen er generell og gjeld med mindre anna er spesifisert i lova. Elevane kan til dømes sjølve gjere enkelte val knytte til språk allereie frå 8. trinn, sjå reglane i kapittel 3 i lova.

Døma som er lista opp i lova på kva som kan vere spørsmål knytte til opplæringa, er ikkje meint å vere uttømmande, men gir ein peikepinn på typiske spørsmål som dei over 15 år sjølve kan bestemme over. Andre døme kan vere spørsmål om valfag og utdanningsprogram. Spørsmål knytte til opplæringa blir mellom anna avgrensa mot spørsmål om deling av personopplysningar. Her gjeld det eigne reglar om rett til sjølvråderett.

Regelen om sjølvråderett står ikkje i vegen for at foreldra eller andre kan ha partsrettar etter reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak, eller at foreldra eller andre kan opptre på vegner av eleven etter fullmakt.

Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar

Til § 25-1 Behandling av personopplysningar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-10, med nokre språklege endringar, og er omtalt i punkt 54.

Dette rettsgrunnlaget supplerer behandlingsgrunnlaga i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e, artikkel 9 og artikkel 10.

Førsteledd regulerer behandlinga av personopplysningar i kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter. Leddet slår fast at kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Med oppgåver er det meint både plikter og oppgåver som kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter er pålagde i og med heimel i lova. Leddet gjer det tydeleg at opplæringslova med forskrifter gir supplerande rettsgrunnlag til personvernforordninga artikkel 6 første ledd bokstav c og e.

Leddet gir ikkje i seg sjølv rettsgrunnlag for å behandle personopplysningar, men må sjåast i samanheng med dei oppgåvene som er regulerte i eller med heimel i opplæringslova. Formålet med leddet er å gjere det tydeleg at reglane i opplæringslova kan, og ofte vil, gjere det nødvendig å behandle personopplysningar.

Formålet med dei enkelte oppgåvene som er regulerte i opplæringslova avgrensar kva personopplysningar som kan behandlast, inkludert lagringstid og vidarebehandling av opplysningane. Kommunen, fylkeskommunen og lærebedrifter skal derfor berre behandle personopplysningar så langt dette er nødvendig for å oppfylle formålet med den enkelte oppgåva dei er pålagde etter opplæringslova med forskrifter.

Regelen handlar både om opplæringsverksemda til kommunane og fylkeskommunane og om andre oppgåver som er lagde til kommunane og fylkeskommunane i opplæringslova med forskrifter. Til dømes er fylkeskommunane pålagde å ha ei oppfølgingsteneste som ikkje er ein del av opplæringsverksemda, sjå § 9-4. Lærebedriftene står for ein sentral del av den yrkesretta vidaregåande opplæringa og er derfor pålagde oppgåver i opplæringslova som gjer det nødvendig å behandle personopplysningar.

Også statlege og private skolar som driv verksemd etter opplæringslova er omfatta, sjå § 22-2 første ledd bokstav r og merknadane til § 28-6 tredje ledd.

Kven som er behandlingsansvarleg, vil vere avhengig av dei ulike oppgåvene og pliktene.

Andreledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved skolebyte. Regelen gir rettsleg grunnlag for at skolar kan innhente personopplysningar som dei treng for å oppfylle retten til opplæring og å få grunnlag for å utferde dokumentasjon på opplæringa. Formåla som er førte opp, fastset rammene for kva for personopplysningar som kan behandlast etter leddet, og kva for formål opplysningane kan brukast til. Å oppfylle retten til opplæring omfattar også å kunne gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, inkludert å kontrollere om søkjaren har rett til vidaregåande opplæring. Formålet omfattar også å kunne overføre opplysningar frå vedtak om pålagt skolebyte etter § 13-2. Kva for opplysningar som skal kunne overførast, vil bli regulert i forskrift med heimel i sjette ledd.

Leddet gir samtidig supplerande rettsgrunnlag for utleveringa til skolane av personopplysningar.

Leddet opnar for deling av personopplysningar mellom offentlege skolar og private skolar, både private skolar som er godkjende etter opplæringslova, og private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Uttrykket «skole» er også meint å omfatte vaksenopplæringssenter som deler personopplysningar om vaksne deltakarar i grunnopplæringa.

Tredjeledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Regelen gir rettsleg grunnlag for at fylkeskommunane kan få utlevert personopplysningar frå grunnskolen som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak, førebyggje fråvær og følgje opp dei som er i målgruppa for oppfølgingstenesta. Regelen gir samtidig rettsgrunnlag for utleveringa grunnskolane gjer av personopplysningar til desse formåla.

Fylkeskommunane har eit særskilt ansvar i arbeidet med å forhindre fråfall i vidaregåande opplæring. Å førebyggje fråvær kan mellom anna handle om å tilpasse opplæringa for å auke moglegheita for at elevane fullfører den vidaregåande opplæringa. Det kan også omhandle rettleiing av søkjarar og elevar om val av utdanningsprogram, programfag og liknande for å hjelpe eleven til å ta val som gir best høve til å fullføre den vidaregåande opplæringa. Dei oppgitte formåla fastset rammene for kva personopplysningar som kan behandlast etter leddet.

Fylkeskommunane kan innhente personopplysningar for dei nemnde formåla både frå offentlege og private grunnskolar og frå private skolar godkjende etter privatskolelova.

Regelen gir også supplerande rettsgrunnlag for utlevering av personopplysningar til statlege skolar og private skolar som gir vidaregåande opplæring etter § 22-1. Statlege og private skolar kan berre få utlevert dei opplysningane som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring og gjennomføre inntak, og opplysningane kan berre brukast til desse formåla. Statlege og private skolar har ikkje ansvar for oppfølgingstenesta, slik som fylkeskommunen, og kan dermed ikkje få utlevert opplysningar til dette formålet.

Fjerdeledd gir supplerande rettsgrunnlag for at skolane kan dele personopplysningar for å leggje til rette opplæringa til ein elev, men berre så langt eleven eller foreldra har gitt løyve til det. Opplysningane som det er ønskjeleg å dele, kan vere personopplysningar av særlege kategoriar, til dømes helseopplysningar, fråsegner frå sakkunnige og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.

Kravet om løyve sikrar at det ikkje blir delt fleire opplysningar enn det eleven eller foreldra sjølve ønskjer. Eleven og foreldra avgjer dermed sjølve om den nye skolen eller den vidaregåande skolen skal få opplysningar utover det som er regulert i andre og tredje ledd.

Kravet om løyve frå eleven eller foreldra er eit tilleggskrav, og det er lova som er det supplerande rettsgrunnlaget for behandling av personopplysningar. Det er ikkje same krav til eit slikt løyve som det er til eit samtykke som behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga. Det inneber mellom anna at om eit slikt løyve vert trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi skolen plikt til å slette personopplysningane skolen har fått. Dersom ein skole ikkje innhenter slikt løyve før personopplysningane blir utleverte, vil det vere eit brot på opplæringslova og eventuelt reglane om teieplikt i forvaltningslova. Eit slikt løyve vil også utgjere samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1.

Dersom foreldreansvaret er delt, må begge foreldra gi løyve. Dette følgjer av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman.

Fjerde ledd vidarefører kva personopplysningar som kan utleverast, både ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang frå grunnskole til vidaregåande skole etter tredje ledd. Regelen omfattar berre personopplysningar som er nødvendige for at skolen skal kunne leggje til rette opplæringa for eleven. Opplæring skal forståast i vid forstand. Både personopplysningar om det faglege utbyttet til eleven og personopplysningar om trivselen til eleven, sosial tilhøyrsel og liknande er omfatta.

Femteledd slår fast at behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd også kan omfatte behandling av særlege kategoriar av personopplysningar etter artikkel 9 og personopplysningar etter artikkel 10 i personvernforordninga. I fleire tilfelle vil det vere nødvendig å behandle særlege kategoriar av personopplysningar, anten direkte eller indirekte, for å oppfylle dei rettslege forpliktingane i opplæringslova. Døme er opplysningar om helsa til eleven, fråsegn fra sakkunnige og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Andre døme er opplysningar om eleven sin religiøse tilhøyrsel, om fritak, samisk språkbakgrunn eller teiknspråk.

Behandling av opplysningar etter artikkel 10 kan mellom anna bli aktuelt ved opplysningar om straffbare forhold barn har vorte utsette for. Det kan også vere aktuelt for fylkeskommunane å behandle personopplysningar etter artikkel 10 for å vareta plikta til å gi opplæring i fengsel, sjå § 28-5. Unntaksvis vil også slike opplysningar kunne inngå i oppfyllinga til skolane av aktivitetsplikta i skolemiljøsaker etter §§ 12-4 og vidare eller behandlinga til kommunen og fylkeskommunen av saker om pålagt skolebyte, sjå § 13-2.

Sjetteledd gir heimel for departementet til å gi nærare reglar om behandlinga i forskrift, mellom anna om formålet med behandlinga, vidarebehandling og tilgang til personopplysningar. Heimelen kan brukast til å konkretisere og supplere krava til behandling av personopplysningar etter personopplysningslova og personvernforordninga.

Sjuande ledd fastset at personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd skal kunne delast utan hinder av teieplikta.

Til § 25-2 Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring

Paragrafen vidarefører dagens lov § 3-14 og er omtalt i punkt 54.

Paragrafen regulerer den nasjonale databasen for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse (NVB).

Førsteledd reknar opp formåla til databasen. Formåla utgjer rammene for vurderinga av om opplysningar kan registrerast i databasen. Behandlinga av personopplysningar må vere i samsvar med eitt eller fleire av dei fire formåla til databasen.

Andreledd fastset ei plikt for alle som tilbyr vidaregåande opplæring, til å levere vitnemål og kompetansebevis til databasen. Karakterar frå vidaregåande opplæring er rekna som teiepliktige opplysningar, og det er i første punktum lovfesta at deling av opplysningar til databasen kan skje utan hinder av teieplikta. For enkelte skolar vil det ikkje vere mogleg å levere dokumentasjon til databasen, og etter andre punktum har departementet derfor tilgang til å fastsetje forskrift om unntak frå denne plikta. Dette vil for det første vere aktuelt der kostnadene ved slik innsending blir for store, anten hos avsendar (utferdar av vitnemål/kompetansebevis) eller hos forvaltningsorganet som har ansvaret for databasen. Det kan vera skolar som av ulike grunnar ikkje kan levere vitnemål eller kompetansebevis elektronisk i eit format som NVB kan importere automatisk. For det andre vil det vere aktuelt der NVB førebels ikkje har på plass den tekniske løysinga for å kunne ta imot alle typar dokumentasjon.

Tredjeledd er supplerande rettsgrunnlag for at databasen kan innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring og utdanning. Vilkåret er at eitt eller fleire av formåla i første ledd er oppfylte. Eit døme er vitnemål frå fagskolar. Annan dokumentasjon kan vere karakterutskrifter.

Fjerdeledd er supplerande rettsgrunnlag for at NVB kan kople seg til vitnemålsportalen slik at den registrerte kan dele opplysningar om kompetansen sin med til dømes ein arbeidsgivar. Vitnemålsportalen er ei teneste som informasjon kan formidlast gjennom. Vitnemålsopplysningane skal oppbevarast i NVB og berre formidlast gjennom portalen når den registrerte bestemmer det. Sjølve delinga er dermed basert på samtykke. Før ein person loggar inn og tek i bruk systemet, vil portalen berre innehalde informasjon om kva institusjonar og databasar som inneheld resultat til personar. I dette tilfellet vil det vere fødselsnummer eller D-nummer kopla til ein identifiseringsinformasjon som viser til at personen har resultat registrert i NVB.

Femte ledd er heimel for at departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysningar i databasen. Denne heimelen kan brukast til å regulere formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Til § 25-3 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-9, og er omtalt i punkt 54.

Paragrafen slår fast at offentlege styresmakter, altså staten, kommunane og fylkeskommunane, utan hinder av teieplikta kan innhente opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåvene etter lova.

Døme på slike oppgåver er plikt til samarbeid med foreldra, å gjere vedtak om særskild språkopplæring, å undersøkje kvifor eit barn ikkje møter på skolen, og drift av skolefritidsordningar.

Informasjon som det kan vere «nødvendig» å innhente frå folkeregisteret, er opplysningar om ektefelle, registrert partnar, barn og foreldre.

Sjå elles Prop. 86 LS (2017–2018), kapittel 13.2.

Til § 25-4 Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar

Paragrafen vidarefører dagens lov § 14-4, og er omtalt i punkt 54 og 58.

Med heimel i første punktum kan departementet gi forskrift som pålegg kommunar, fylkeskommunar, skolar, elevar og dei som har læretid i bedrift å gi opplysningar og å delta i evalueringar om forhold som er «nødvendig» for å evaluere verksemda som er omfatta av lova. Formålet «å evaluere verksemda etter denne lova» skal forståast i vid forstand. Formålet omfatter all verksemd som skjer innanfor rammene for opplæringslova, også den opplæringsverksemda som skjer i lærebedrift. Formålet omfattar bruk av kunnskap og styringsinformasjon på fleire nivå, både lokalt og nasjonalt.

Andre punktum gir departementet heimel til å gi forskrift om supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar for innhenting av informasjon og utføring av evalueringar etter forskrifter gitt med heimel i første punktum. Departementet kan mellom anna gi forskrift om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Det er oppgåva om å delta i evalueringar og gi opplysningar, som gir rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Formålet om evaluering av verksemda etter lova etter første punktum set rammene for kva personopplysningar som kan behandlast etter andre punktum. Adgangen til å pålegge evalueringer og innhenting av opplysninger etter første punktum er avgrensa til dei tilfella kor dette er «nødvendig for å evaluere verksemda etter denne lova». Nødvendighetskriteriet avgrenser hvilke opplysninger som kan samlast inn i medhald av forskriftsreglar gitt i medhald av andre punktum. For det første kan den behandlingsansvarlege berre behandle personopplysningar når det er nødvendig for å evaluere verksemda etter lova. For det andre kan den behandlingsansvarlege berre behandle så mange opplysningar som er nødvendig for å evaluere verksemda etter lova.

I tredje punktum er det fastsett at behandlingen også kan omfatte personopplysningar som er nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Kapittel 26 Kulturskole

Til § 26-1 Kulturskole

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-6 og er omtalt i punkt 47.

Paragrafen vidarefører plikta kommunane har til å ha ein kulturskole. Kulturskolen er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa eller den vidaregåande opplæringa. Sjølv om ordet musikk er fjerna frå paragrafen, er ikkje dette meint som ei realitetsendring. Kulturskole omfattar språkleg sett også musikkundervisning. Kommunane kan organisere tilbodet sjølve eller i samarbeid med andre kommunar. Tilbodet skal vere organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet elles. Paragrafen gir ikkje elevar rett til plass ved kulturskolen og stiller ikkje krav til omfang, breidd eller organisering. Reglane om politiattest og tilsetjingsforbod i § 17-11 gjeld i kulturskolen.

Til § 26-2 Formålet med kulturskolen

Paragrafen er ny og er ei lovfesting av formålet til kulturskolen. Han skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Ordet «aktivitet» viser at kulturskoletilbodet ikkje er formell skolegang. Ordet «ulike» er teke inn for å synleggjere at aktivitetane kan vere av svært ulik art. Opplæringa i kulturskolen skal gis i et trygt og godt skolemiljø. Det innebærer blant anna at elever ikkje blir utsatt for krenkelser når dei deltar på aktiviteter i kulturskolen. Reglane om skolemiljø i opplæringslova kapittel 12 gjeld ikkje for kulturskolen.

Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg

Til § 27-1 Forbod mot reklame i skolen

Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-6 og er omtalt i punkt 63.

Paragrafen betyr i praksis at det ikkje er tillate med reklame som kan ha uheldig påverknad på elevane, samtidig som det blir opna for reklame som ikkje er skadeleg. Vurderinga av kva som er uønskt eller uheldig påverknad, vil variere med mellom anna alder og modnad hos elevane.

Paragrafen er ikkje meint å hindre bruk av internett, TV, aviser og så vidare som ledd i opplæringa. Bedriftsbesøk og partnarskap mellom skole og lokalt arbeids- og næringsliv vil også falle utanom. Logoeksponering frå ein leverandør av mjølkeprodukt til skolekantina er også tillate. Reklameplakatar for brus og klesmerke er døme på reklame som blir ramma av forbodet. Brosjyrar og invitasjonar av kommersiell art er alltid forbodne. Reklame for lokalt kulturliv og elevinitierte aktivitetar er derimot tillatne. Det er også enkelte arrangement i skolen som inneheld reklame, som i praksis er akseptert.

I ordlyden blir det spesielt peika på skolen sitt område, lærebøker og læremiddel. Bakgrunnen er at dette er sentrale delar av skolekvardagen for elevane, men opplistinga er ikkje meint å vere uttømmande. Med «skoleområdet» er det meint bygningsmassen innvendig og utvendig, skolegarden og anna uteareal. Nokre skolar bruker eksterne bygningar til undervisningslokale og symjeundervisning eller eksterne trenings- og sportshallar som gymsal. Eventuell reklame i desse bygningane blir ikkje ramma.

Paragrafen gjeld for alle skolar som driv verksemd etter opplæringslova, både grunnskolar og vidaregåande. Kommunane og fylkeskommunane har det formelle ansvaret for å vurdere kva reklameformer som er akseptable.

Til § 27-2 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9-7 og er omtalt i punkt 34.5.

Førsteleddførstepunktum slår fast at elevar og vaksne deltakarar som får opplæring, ikkje skal bruke plagg som dekkjer heile eller delar av ansiktet. Forbodet gjeld uavhengig av om opplæringa skjer på skoleområdet eller ikkje. «[O]pplæring» skal i denne samanhengen forståast breitt og inkluderer mellom anna turar og arrangement i regi av skolen. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar og heller ikkje på skolevegen.

Førsteleddandrepunktum slår fast at forbodet også gjeld når elevane deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp i regi av skolen. Forbodet gjeld berre for fellesaktivitetar i skolefritidsordninga og ikkje i situasjonar som svarer til friminutt og pausar i skolen.

Dersom kommunane og fylkeskommunane skal kunne bruke ordenstiltak overfor ein elev som bryt forbodet, må dette fastsetjast i skolereglane etter § 10-7. Det må også fastsetjast i skolereglane kva tiltak som då kan nyttast. Som hovudregel bør elevar som bryt forbodet, først bli følgde opp med ein samtale. Samtalen kan deretter følgjast opp av ulike tiltak, til dømes merknad, skriftleg åtvaring til eleven eller samtalar med rådgivar eller andre. Kommunane og fylkeskommunane må i kvart tilfelle vurdere kva tiltak i skolereglane som er rimelege å bruke ved brot på forbodet. I vurderinga vil det mellom anna vere relevant å ta omsyn til alderen til eleven, hensikta eller intensjonen med å bruke plagget, om brotet har skjedd fleire gonger, og kva som er årsaka til at eleven ikkje har retta seg etter eventuelle pålegg frå skolen om å ta av plagget. Kommunane og fylkeskommunane bør vere varsame med bruk av bortvising, særleg i grunnskolen. Det følgjer av § 13-1 andre ledd at ein elev ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege. Andre tiltak skal såleis vere vurderte før det blir gjort vedtak om bortvising.

Andreledd slår fast at forbodet også gjeld tilsette i skolen, i skolefritidsordninga, leksehjelpsordninga, skolehelsetenesta og pedagogisk-psykologisk teneste, når desse er saman med elevane. «[S]aman med elevane» betyr at forbodet gjeld utover det som kan reknast som rein undervisning. Mellom anna vil tilsette som har ansvar for elevane i pausar og friminutt, og tilsette som har samtalar med elevane, vere omfatta av forbodet. Forbodet gjeld ikkje når dei tilsette gjer arbeidsoppgåver aleine eller berre saman med andre tilsette, til dømes førebur opplæringa eller rettar prøvar. Eventuelle reaksjonar som følgje av brot på forbodet mot ansiktsdekkjande plagg blir regulerte av alminnelege arbeidsrettslege reglar. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.

Tredjeledd opnar for at ansiktsdekkjande plagg likevel kan vere lov dersom bruken er grunngitt ut frå omsynet til vêr, helse eller tryggleik. Dette unntaket dekkjer til dømes plagg som blir brukt på grunn av kulde eller sterk sol, munnbind, bandasjar og verneutstyr. Ansiktsdekkjande plagg er også lov dersom dette tener pedagogiske eller sosiale formål, som til dømes utkledningleik, skodespel med meir.

Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen

Til § 28-1 Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar

Paragrafen erstattar § 13-1 i dagens lov og er omtalt i punkt 53.

Førsteleddførstepunktum slår fast at det som hovudregel er kommunen som skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne. Det betyr at det er kommunen som er økonomisk og administrativt ansvarleg for grunnskoleopplæringa. Kommunen har eit overordna ansvar for grunnskoleopplæringa og for å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle krava i lova. Ansvaret til kommunen gjeld for barn, unge og vaksne som er busette i kommunen. Barn og unge er som hovudregel busette i den kommunen der foreldra eller den av foreldra som har omsorgsansvaret, bur.

Førsteleddandrepunktum inneber at kommunen har det juridiske ansvaret for at alle pliktene som reglane i lova legg til kommunen, skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, blir oppfylte. Det betyr at kommunen kan stillast til ansvar av dei som har rettar etter reglane, av handhevingsstyresmaktene, av tilsynsmakta eller av domstolen. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt og kan dermed ikkje ha mynde eller ansvar etter lova. Vidare har kommunen ansvaret der lova gir opp rektor eller andre tilsette som pliktsubjekt, med mindre det kjem fram av lova og forarbeida at det dreier seg om eit personleg juridisk ansvar. Rektor og tilsette i skolen er pålagde eit personleg juridisk ansvar etter § 12-9 om straffansvar ved brot på reglane om skolemiljøet og etter § 24-3 om opplysningsplikt til barnevernet.

Reglane i første ledd må sjåast i samanheng med kommunelova § 5-3 som fastset at det er kommunestyret som er øvste ansvarleg i kommunen.

Andreleddførstepunktum gir departementet kompetanse til å gi generelle reglar i forskrift og til i enkelttilfelle å gi pålegg om kven som skal reknast som busett i kommunen. Kompetansen til å gripe inn i enkelttilfelle kan til dømes brukast der det er usemje mellom kommunar. Etter andreleddandrepunktum kan departementet gi forskrift om at bustadkommunen skal ha det økonomiske ansvaret for elevar som får opplæringa utanfor bustadkommunen.

Til § 28-2 Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar

Paragrafen erstattar § 13-3 i dagens lov og er omtalt i punkt 53.

Førsteleddførstepunktum slår fast at fylkeskommunen har ansvaret for at alle som har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, får det. Det betyr at det er fylkeskommunen som er økonomisk og administrativt ansvarleg for den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for den vidaregåande opplæringa og for å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle krava i lova. Ansvaret til fylkeskommunen gjeld for ungdom og vaksne som er busette i fylket. Plikta fylkeskommunen tidlegare hadde til å tilby vidaregåande opplæring til vaksne utan rett, er ikkje vidareført. Forslaget om utvida rett til vidaregåande opplæring og forslaget om å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering inneber at det vil vere få vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, sjå §§ 5-1 og 18-3 og punkt 40 og 43.

Førsteleddandrepunktum inneber at fylkeskommunen har det juridiske ansvaret for at alle pliktene som reglane i lova legg til fylkeskommunen, skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, blir oppfylte. Det betyr at fylkeskommunen kan stillast til ansvar av dei som har rettar etter reglane, av handhevingsstyresmaktene, av tilsynsmakta eller av domstolen. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og han kan dermed ikkje ha mynde eller ansvar etter lova. Vidare har fylkeskommunen ansvaret der lova gir opp rektor eller andre tilsette som pliktsubjekt, med mindre det kjem fram av lova og forarbeida at det dreier seg om eit personleg juridisk ansvar. Rektor og tilsette i skolen er pålagde eit personleg juridisk ansvar etter § 12-9 om straffansvar ved brot på reglane om skolemiljøet og etter § 24-3 om opplysningsplikt til barnevernet.

Reglane i første ledd må sjåast i samanheng med kommunelova § 5-3 som fastset at det er fylkestinget som er øvste ansvarleg i fylkeskommunen.

Ansvaret til fylkeskommunen etter andreledd omfattar barn og unge i barneverninstitusjonar, innlagde og barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar, og innsette i fengsel. Sjå nærare omtale i merknadene til §§ 28-3, 28-4 og 28-5.

Tredjeledd inneber at fylkeskommunane har plikt til å behandle søknader og ta imot søkjarar frå andre fylke dersom dei har ledig kapasitet. Plikta omfattar berre søkjarar med rett til vidaregåande opplæring for ungdom. Fylkeskommunane har ikkje plikt til å ta omsyn til ansvaret etter denne regelen når dei skal dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet i fylket. Fylkeskommunar som tek inn søkjarar som er busette i eit anna fylke, har krav på refusjon. Departementet kan gi forskrift om slik refusjon av utgifter for elevar som er busette i eit anna fylke, jf. fjerde ledd andre punktum. Plikta til å finansiere skoleplassar i andre fylke fritek ikkje fylkeskommunane frå plikta til å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for søkjarar som er busette i fylket.

Fjerdeleddførstepunktum gir departementet kompetanse til å gi generelle reglar i forskrift og til i enkelttilfelle å gi pålegg om kven som skal reknast som busett i fylket. Kompetansen til å gripe inn i enkelttilfelle kan til dømes brukast der det er usemje mellom to fylkeskommunar.

Femte ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om det økonomiske ansvaret til fylkeskommunen for utgifter til opphald for elevar i vidaregåande opplæring med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Regelen er omtalt i punkt 29.5.8.

Sjette ledd slår fast at Oslo kommune fullt ut svarer til ein fylkeskommune etter lova.

Til § 28-3 Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar

Paragrafen erstattar § 13-2 i dagens lov og er omtalt i punkt 53.

Førsteledd slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for både grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring til barn og unge som bur i godkjende statlege, regionale og kommunale barneverninstitusjonar. Fylkeskommunane der institusjonen ligg, er fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for å oppfylle rettane etter opplæringslova. Ansvaret til fylket der institusjonen ligg, omfattar også barn og unge frå andre fylkeskommunar, som bur i institusjonen.

Andreledd slår fast at fylkeskommunane der institusjonen ligg, har krav på refusjon for opplæring som blir gitt fra den.

Tredjeledd klargjer at det berre er når opplæringa skjer i institusjonen, at institusjonen skal sørgje for lokale til formålet. Ansvaret omfattar både lokale til sjølve opplæringa og nødvendige tilleggslokale, som til dømes personalrom. Lokala skal vere gratis for fylkeskommunen. Dersom opplæringa går føre seg utanfor institusjonen, til dømes i ein ordinær skole, har ikkje institusjonen ansvar for lokala.

Til § 28-4 Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar

Paragrafen erstattar delvis § 13-3a i dagens lov, og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 53.

Førsteleddførstepunktum slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for både grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring til barn, unge og vaksne som er pasientar innlagde ved helseinstitusjonar geografisk plasserte innanfor fylkesgrensa. Fylkeskommunane der institusjonen er lokalisert, har berre ansvar for dei som er «innlagde». Dette betyr at elevar som får behandling ved ein poliklinikk, som hovudregel er ansvaret til bustadkommunen eller bustadfylket. I enkelte tilfelle kan ansvaret også omfatte dagpasientar og polikliniske pasientar, når tilknytinga pasienten har til institusjonen, kan likestillast med det å vere døgnpasient.

Førsteleddandrepunktum slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for barn og unge som er pårørande til foreldre eller søsken som er innlagde i helseinstitusjonar. Regelen gjeld barn som er pårørande etter helsepersonellova § 10 a. Dette er mindreårige barn som har foreldre eller søsken som er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Hovudregelen også for elevar som er pårørande, bør vere at dei følgjer opplæringa ved heimskolen. Opplæringa kan givast som fjernundervisning dersom vilkåra for det er oppfylte. Det at ein elev ikkje kan komme på skolen fordi eleven er pårørande, kan vere ein god grunn til å gi opplæring som fjernundervisning og ein særleg grunn til å la eleven få fjernundervisning andre stader enn på skolen, sjå § 14-4. Om det er trygt og pedagogisk forsvarleg å gi opplæringa som fjernundervisning, må vurderast konkret, og det må leggjast til rette for at lærar og elev kan kommunisere effektivt.

Fylkeskommunen bør opne for fleksible løysingar og vektleggje omsynet til eleven og kvar enkelt familie og samarbeide med heimskolen til eleven om opplæringa. Det beste for eleven skal liggje til grunn for vurderingane, og eleven skal bli høyrd. Ansvaret til fylkeskommunen for opplæringa oppstår først når pasienten har ei forventa liggjetid på minst fjorten dagar per skoleår. I enkelte tilfelle kan ein pasient, sjølv med alvorleg eller kronisk tilstand, ha fleire kortare opphald i institusjonen. Likestilt med fjorten dagar liggjetid er derfor når pasienten har gjentekne kortare opphald i helseinstitusjon, som samla er forventa å medføre meir enn fjorten dagars fråvær frå ordinær skolegang for eleven. I tilfelle der eleven er avgangselev, skal ha eksamen eller liknande og derfor ikkje bør miste opplæring i det heile, er fylkeskommunane forventa å finne fram til løysingar i samarbeid med heimskolen uavhengig av kravet til liggjetid. I at institusjonsopphaldet må medføre «fråvær» frå opplæringa for barnet eller søskenet, ligg at det først og fremst er elevar som bur på eller i nær tilknyting til helseinstitusjonen på grunn av sjukdom hos søsken eller foreldre, og som av ulike grunnar har lang reiseveg mellom sjukehus og heimskole, som blir omfatta av ansvaret til fylkeskommunen.

Andre ledd slår fast at ansvaret til fylkeskommunen omfattar statleg spesialisthelseteneste organisert i helseføretak, som igjen er eigd av dei regionale helseføretaka. Ansvaret omfattar også private helseinstitusjonar som er finansierte av dei regionale helseføretaka.

Tredjeledd slår fast at fylkeskommunen der institusjonen ligg, har krav på refusjon av utgifter til opplæring frå den fylkeskommunen der pasienten eller den pårørande var busett på tidspunktet for innlegging. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde utgifter knytte til opplæring i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innanfor psykisk helsevern. Tredje punktum gir departementet mynde til å fastsetje reglar om refusjon i forskrift.

Fjerdeledd klargjer at institusjonen skal sørgje for lokale når opplæringa skjer i institusjonen. Ansvaret omfattar både lokale til sjølve opplæringa og nødvendige tilleggslokale, som til dømes personalrom. Lokala skal vere gratis for fylkeskommunen. Dersom opplæringa går føre seg utanfor institusjonen, til dømes i ein ordinær skole, har ikkje institusjonen ansvar for lokala.

Til § 28-5 Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel

Paragrafen erstattar § 13-2 a i dagens lov og er omtalt i punkt 53.

Ansvaret til fylkeskommunen etter førsteledd omfattar både soningsinnsette og varetektsinnsette som har lovfesta rett til opplæring som ungdom eller vaksne. Ansvaret omfattar også innsette som sonar i ein overgangsbustad, jf. straffegjennomføringslova § 10. Innsette som sonar i heildøgnopphald i sjukehus, vil ikkje omfattast av denne paragrafen, men av ansvaret til fylkeskommunen etter § 28-4.

Ansvaret til kriminalomsorga etter andreledd svarer til ansvaret til barneverninstitusjonane og helseinstitusjonane for lokale, sjå nærare omtale i merknaden til §§ 28-3 og 28-4.

Til § 28-6 Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for

Paragrafen er ny, men vidarefører dagens reglar om høve til å godkjenne ei anna ansvarsdeling enn det som følgjer av hovudreglane i §§ 28-1 til 28-5. Paragrafen er omtalt i punkt 53.

Departementet kan berre godkjenne unntak frå hovudreglane om ansvarsdelinga i «særlege tilfelle». Det inneber at det må vere gode grunnar som taler for ei anna ansvarsdeling enn den som følgjer av hovudreglane i lova. Når det i paragrafen blir vist til «opplæring», er det for å klargjere at tilbodet ikkje må vere ved ein eigen skole.

Første ledd vidarefører reguleringa i §§ 13-1 tredje ledd og 13-3 sjette ledd i dagens lov og gjeld all grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Merk at fylkeskommunane ikkje må ha godkjenning for å drive grunnskoleopplæring etter § 28-2 andre ledd.

Andre leddførste punktum vidarefører § 1-2 fjerde ledd i dagens lov og inneber at departementet etter søknad frå fylkeskommunen kan godkjenne at fylkeskommunen kan stå ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet når formålet med opplæringa er at elevane skal få norsk vitnemål ved fullført og bestått opplæring. Det er presisert i andrepunktum at opplæringslova også gjeld for slik opplæring i utlandet. Ordninga kan omfatte både norske og utanlandske elevar, basert på frivillig deltaking. Andre ledd tredjepunktum vidarefører at departementet i godkjenninga kan gjere unntak frå reglar i lova og forskrifter til lova. Det må gjennomførast ei konkret vurdering med avveging av ulike omsyn, som praktiske behov og omsynet til elevane og samfunnet. Etter andre ledd fjerdepunktum kan departementet også endre vilkåra dersom forholda tilseier det, til dømes der det skjer endringar i regelverket som gjer det nødvendig. Departementet kan også trekkje tilbake ei godkjenning dersom det er nødvendig. Dette er ei avgrensa moglegheit der det er nødvendig, til dømes av omsyn til elevane. Sjå nærare omtale av regelen i Prop. 96 L (2010–2011) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.).

Tredje leddførste punktum vidarefører høve staten har til å kunne drive grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Andre punktum er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Lova og forskriftene til lova gjeld med mindre det blir fastsett noko anna. Det inneber at reglane som gjeld for fylkeskommunen og kommunen gjeld tilsvarande for staten, med mindre anna er fastsett i forskrift.

Til § 28-7 Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji

Paragrafen vidarefører § 13-4 i dagens lov og er omtalt i punkt 37.

Ansvaret fylkeskommunen har for skyss etter førsteledd, omfattar alle elevar med unntak av grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Det betyr at når grunnskoleelevar, elevar i vidaregåande opplæring eller vaksne har rett til skyss på grunn av lengda på skolevegen, nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, er fylkeskommunane ansvarlege for skyssen. Fylkeskommunane har også ansvaret for å oppfylle retten til båtskyss. Mynde til å gjere vedtak om skyss kan delegerast.

I nokre tilfelle kan ein grunnskoleelev ha rett til skyss etter fleire reglar. Til dømes kan ein elev ha rett til skyss både på grunn av lengda på skolevegen og fordi skolevegen er særleg farleg. I slike tilfelle har fylkeskommunane ansvaret for å oppfylle retten til skyss.

Andre ledd slår fast at ansvaret for reisefølgje og tilsyn er fordelt mellom kommunane og fylkeskommunane på same måten som ansvaret for opplæringa.

Tredje ledd slår fast at kommunane skal dekkje vanleg persontakst for grunnskoleelevar og vaksne elevar og betale refusjon til fylkeskommunane for dette. Refusjonen skal svare til den ordinære billettprisen for strekninga, uavhengig av kva som er dei reelle utgiftene til fylkeskommunen. «Persontakst» vil seie den lågaste prisen på ordinær enkeltbillett. Dette blir fastsett lokalt. Kommunane kan dekkje reisekostnadene ved å nytte rabattordningar som er knytte til den enkelte reisa, dersom slike rabattordningar finst. Det er ikkje nok at kommunane betaler for månadskort, halvårsskort eller årskort.

Det følgjer av første ledd andre punktum at kommunane har ansvaret for å oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Så lenge rettane blir oppfylte, kan kommunane vise elevane til ledige plassar på skyssruter som fylkeskommunane allereie har etablert. Kommunane skal i slike tilfelle dekkje vanleg persontakst. Dersom fylkeskommunane må etablere nye ruter for å skysse grunnskoleelevar som kommunane er ansvarlege for, vil det ikkje vere tilstrekkeleg med refusjon etter persontakst.

Det følgjer av fjerde ledd første punktum at fylkeskommunane og kommunane skal samarbeide om organiseringa av skoleskyssen. Kommunane skal ta organiseringa av skyssen med i vurderinga når dei fastset timeplanen og skoleruta. Andre punktum gir statsforvaltaren mynde til å gripe inn dersom det er usemje om organisering og finansiering av skoleskyssen.

Femte ledd slår fast at kommunane har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen når dei ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, jf. § 5-3. Fylkeskommunane har ansvar for å hjelpe elevar i vidaregåande opplæring med å skaffe bustad og om nødvendig byggje elevheimar dersom elevane bur sånn til eller så langt borte at dei ikkje kan nytte dagleg skyss. Elevar i vidaregåande opplæring har, i motsetning til elevar i grunnskolen, ikkje rett til innlosjering og må betale for bustad sjølv.

Sjette ledd gir departementet heimel til å gi nærare reglar i forskrift om skyss, godtgjersle, reisefølgje, losji og refusjon ved skyss mellom fylke.

Til § 28-8 Ulykkesforsikring

Paragrafen erstattar § 13-3 b i dagens lov og er nærare omtalt i punkt 55.

Førsteleddførste punktum vidarefører plikta kommunen og fylkeskommunen har til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar. Plikta til kommunen og fylkeskommunen er utvida til også å omfatte dei som deltek i opplæring særleg organisert for vaksne. Elevar som er utplasserte i arbeidslivet og ikkje blir rekna som arbeidstakarar, til dømes elevar som har praksisdag på ungdomsskolen, eller elevar som har praksis i yrkesfagleg fordjuping (YFF), skal alltid vere dekte i kraft av å vere elevar. Tilsvarande gjeld for vaksne deltakarar. Forsikringa vil likevel vere sekundær i forhold til dei dekningsmoglegheitene som blir tilbydde gjennom folketrygdlova og yrkesskadeforsikringslova.

Plikta i førsteledd kan oppfyllast gjennom privat forsikring eller gjennom sjølvassuranseordning. Departementet kan gi nærare regulering om korleis plikta skal oppfyllast, i forskrift, sjå merknad til tredje ledd nedanfor.

Dei som har teikna kontrakt om læretid i bedrift, vil vere arbeidstakarar i bedrifta og gjennom dette vere omfatta av yrkesskadeforsikringslova. Førsteleddandrepunktum inneber at fylkeskommunane skal sørgje for ulykkesforsikring på vegen mellom heimen og arbeidsstaden for dei som har læretid i bedrift, ettersom skadar oppstått på denne strekninga ikkje blir dekte etter yrkesskadeforsikringslova. Forsikringa skal gjelde både på reise til den faste lokasjonen til lærebedrifta og på reise mellom heim og arbeidsstad, så framt yrkesskadeforsikringslova ikkje dekkjer forholdet.

Andre ledd slår fast at det ikkje gjeld ei plikt til å ulykkesforsikre elevar medan dei får leksehjelp, er i skolefritidsordninga eller på kulturskolen. Sjølv om det ikkje ligg føre ei lovpålagd plikt til å teikne ei ulykkesforsikring som dekkjer desse situasjonane, hindrar ikkje regelen kommunen og fylkeskommunen i å teikne slik dekning på eige initiativ. I praksis vil ulykkesforsikringa til kommunen og fylkeskommunen ofte gi betre dekning enn minimumskrava i lova. Kva ulykkesforsikringa til den enkelte kommune eller fylkeskommune dekkjer, vil vere omfatta av informasjonsplikta til kommunen og fylkeskommunen etter § 10-8.

Kommunen har ikkje plikt til å ulykkesforsikre dei som får privat opplæring i heimen.

Tredjeledd gir departementet heimel til å gi nærare reglar i forskrift om ulike sider av forsikringsordninga, inkludert om plikta til å sørgje for ulykkesforsikring skal kunne oppfyllast ved sjølvassuranse.

Til § 28-9 Karriererettleiing

Paragrafen vidarefører § 13-3 f i dagens lov og er omtalt i punkt 46.

Etter førsteledd skal alle fylkeskommunar ha eit tilbod om karriererettleiing. Tilbodet skal gjelde for dei som er busette i fylkeskommunen, og vere gratis. At tilbodet skal gjelde alle som er busette i fylkeskommunane, betyr ikkje at dei har ein individuell rett til å få rettleiing. Fylkeskommunane kan gjere prioriteringar og val innanfor rammene i lova og dei økonomiske rammene som følgjer med ordninga. Plikta til fylkeskommunen etter § 28-9 strekkjer seg ikkje lenger enn det som innan rimelege grenser kan finansierast av midlane som er lagde inn i rammeoverføringane til fylkeskommunane. Tilbodet er avgrensa til dei som er folkeregistrerte som busette i fylkeskommunen. Personar som oppheld seg mellombels i fylket, til dømes studentar og vernepliktige frå andre fylkeskommunar, vil ikkje vere omfatta av tilbodet.

Paragrafen må skiljast frå § 16-1 om ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for rådgiving om utdannings- og yrkesval. Tilbodet etter § 28-9 er eit karriererettleiingstilbod til busette i fylket generelt, medan rådgiving etter § 16-1 er retta mot dei som deltek i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

Andreledd gir departementet heimel til å gi forskrift om innhaldet i og organiseringa og omfanget av tilbodet om karriererettleiing.

Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk

Til § 29-1 Klageinstans

Paragrafen erstattar dagens lov § 15-2 og er omtalt i punkt 59. Paragrafen gjeld ikkje for saker som gjeld det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7, sjå § 12-7 andre ledd.

Første ledd slår fast at staten ved departementet er klageinstans for vedtak etter opplæringslova. Dette gjeld vedtak både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Departementet kan delegere myndet etter dei vanlege reglane om delegering.

Andre ledd gjer unntak for vedtak som ikkje gjeld opplæring eller tilrettelegging for opplæring og skoleskyss og reisefølgje og tilsyn i samband med skyss. For slike vedtak gjeld reglane i forvaltningslova om klageinstans.

Døme på vedtak som ikkje skal behandlast av staten, er vedtak som gjeld skolefritidsordning, leksehjelp og personalsaker. I desse tilfella gjeld reglane om klageinstans i forvaltningslova § 28. Det vil seie at kommunen eller fylkeskommunen er klageinstans.

I tillegg skal fylkeskommunane klagebehandle vedtak om kva for ein vidaregåande skole ein søkjar skal takast inn på, inntak av gjesteelevar i vidaregåande opplæring og vedtak som gjeld utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3.

Tredjeledd fastset at departementet skal gi forskrift om klageinstans som avvik frå normalordninga i forvaltningslova når det gjeld klage på individuell vurdering.

Til § 29-2 Statleg tilsyn

Paragrafen vidarefører dagens lov § 14-1 og er omtalt i punkt 60.

Førsteledd vidarefører i hovudsak dagens regel om at statsforvaltaren kan føre tilsyn med kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter dei er pålagde i eller i medhald av opplæringslova. Tilsynsheimelen gjeld plikter som berre er pålagde kommunane og fylkeskommunane. I motsetning til tidlegare angir regelen kva for plikter statsforvaltaren kan føre tilsyn med og nokre av pliktene som gjeld for kommunane og fylkeskommunane er unntatt frå tilsyn. Regelen vidarefører at statsforvaltaren kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller plikta til å ha internkontroll etter kommunelova § 25-1. Tilsyn etter regelen blir regulert av kommunelova når det gjeld rett til innsyn og mynde til å gi pålegg om retting. At tilsynet er lagt til statsforvaltaren er ikkje til hinder for at Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet kan instruere statsforvaltaren innanfor eige sektorområde, inkludert omgjere vedtak frå statsforvaltaren i samsvar med forvaltningslova § 35.

Andreledd vidarefører dagens regel om at departementet kan føre tilsyn med andre plikter enn dei pliktene som berre er pålagde kommunane og fylkeskommunane. Det vil seie at det kan førast tilsyn med plikter der det er andre pliktsubjekt enn kommunar og fylkeskommunar, til dømes private skolar som er godkjende etter opplæringslova kapittel 22. Tilsyn etter regelen blir regulert av kommunelova når det gjeld rett til innsyn og mynde til å gi pålegg om retting. Departementet kan delegere tilsynsmakta etter andre ledd.

Tilsyn etter begge ledda er eit lovlegtilsyn. Det inneber at tilsynsmakta ikkje kan overprøve det frie skjønnet til kommunen og fylkeskommunen i større grad enn domstolane. Kva vurderingar som er lovbunde skjønn og dermed gjenstand for overprøving frå tilsynsmaktene, må vurderast konkret ut frå ei tolking av den enkelte regel, med tilhøyrande forarbeid og andre rettskjelder. Dette gjeld også for faglege vurderingar. Sjå proposisjonen punkt 5 om skjønnsmessige reglar.

Til § 29-3 Forsøksverksemd

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 1-5 og er omtalt i punkt 64.

Første punktum opnar for at departementet kan godkjenne at kommunar og fylkeskommunar gjennomfører pedagogiske eller organisatoriske forsøk som føreset unntak frå opplæringslova eller forskrifter til opplæringslova. Departementet kan også gjere tilsvarande unntak etter eige initiativ, utan søknad frå ein kommune eller fylkeskommune. At eit unntak må vere «nødvendig», inneber at det ikkje vil vere tale om forsøk etter regelen dersom utprøvinga kan gjennomførast innanfor den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Det er eit vilkår at forsøka er tidsavgrensa. Kva som vil vere tenleg varigheit, må vurderast konkret. Det vil mellom anna vere relevant å ta omsyn til kva unntak forsøka krev, kva som er formålet med forsøka, og kva som er nødvendig for at ein kan få erfaringar frå utprøvinga.

Andre punktum fastslår at forsøka må vere «etisk forsvarlege». Dei same forskingsetiske krava som blir stilte til anna forsking, gjeld for forsøk etter opplæringslova.

Vidare er det krav om at forsøka skal vere godt fagleg underbygde, og at forsøksverksemda skal evaluerast og rapporterast, jf. andre og tredje punktum. Bakgrunnen for desse krava er at det må vere mogleg å lære av gjennomførte forsøk. Målet med forsøksverksemda skal vere å finne ut om nye eller alternative pedagogiske eller organisatoriske løysingar som blir prøvde ut, bør føre til regelverksendringar. Heimelen bør ikkje nyttast berre med den grunngivinga at dei vanlege reglane ikkje passar i den situasjonen ein står overfor. Forsøksordninga skal heller ikkje nyttast som ein ordinær unntaksheimel eller få karakter av å vere ein dispensasjonsheimel. At forsøka ikkje kan svekkje dei grunnleggjande rettane til elevane etter lova, inneber mellom anna at forsøka ikkje kan føre til at elevane som deltek i utprøvinga, får eit vesentleg dårlegare utgangspunkt enn andre elevar. Til dømes kan forsøka ikkje avgrense retten elevane har til individuell vurdering og dokumentasjon, noko som igjen kan få følgjer for inntaket til elevane til vidaregåande opplæring og høgare utdanning.

Til § 29-4 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldige

Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-7 og er omtalt i punkt 57.

Førstepunktum slår fast utgangspunktet om at ein kommune eller ein fylkeskommune har plikt til å oppfylle dei tenestene ein privat part har fått gjennom eit vedtak i eit statleg forvaltningsorgan, sjølv om kommunane eller fylkeskommunane har reist søksmål mot staten etter tvistelova § 1-4 a, og domstolane har funne vedtaket ugyldig.

Andrepunktum er eit unntak frå regelen om at eit ugyldig vedtak kan gjerast om, jf. forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c. I dei tilfella der ein domstol har funne eit vedtak etter opplæringslova ugyldig etter eit søksmål etter tvistelova § 1-4 a, kan forvaltninga i utgangspunktet ikkje gjere om vedtaket etter forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c til skade for den private parten. Omgjering etter forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c til skade for den private parten kan berre skje dersom årsaka til at vedtaket er ugyldig, er at parten sjølv eller nokon som handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt feilaktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar. Det er ikkje tilstrekkeleg for omgjering etter andre punktum at vedkommande sjølv eller nokon som opptrer på vegner av vedkommande, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt feilaktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar. For at vedtaket skal kunne gjerast om, må saka i tillegg verke slik at vedtaket ikkje ville fått det innhaldet det fekk, dersom det ikkje hadde vorte gitt feilaktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar, jf. ordet «fordi» i lova. Feilaktige opplysningar har altså inga betydning dersom den private parten ville hatt krav på tenesta etter dei reelle forholda i saka. Det er vidare berre dersom den personen som gav dei feilaktige opplysningane, har rett til å representere den private parten overfor det offentlege, typisk der ei verje gir opplysningane, at vedtaket kan gjerast om etter denne regelen.

Omgjeringskompetansen til forvaltninga blir elles ikkje endra av denne regelen. Det inneber for det første at forvaltninga, etter ein dom om at eit vedtak er ugyldig etter eit søksmål etter tvistelova § 1-4 a, framleis kan gjere om vedtaket etter dei andre reglane i forvaltningslova § 35, også § 35 siste ledd. For det andre inneber det at dersom kommunane ikkje legg vedtaket fram for domstolen, gjeld dei alminnelege omgjeringsreglane fullt ut.

Åttande del – sluttreglar

Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar

Til § 30-1 Iverksetjing og oppheving

Paragrafen erstattar dagens lov § 16-1 og er omtalt i punkt 67.2. Etter første punktum fastset Kongen når lova skal tre i kraft. Andre setning fastset at frå same tid blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. I tredje punktum blir det gitt heimel til at Kongen kan vedta delt iverksetjing, det vil seia at kapitla og paragrafane i lova kan tre i kraft til ulik tid. Kongen kan delegere myndigheita til å setje i verk deler av lova til departementet.

Til § 30-2 Overgangsreglar

Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 16-2 og er omtalt i punkt 67.3. Heimelsgrunlaget for fleire forskrifter og enkeltvedtak vil etter at denne lova blir sett i verk ligge i denne lova. Det gjeld til dømes forskrift til opplæringslova, læreplanverket og lokale forskrifter, herunder skoleregler. Forskriftene og enkeltvedtaka vil etter første ledd første punktum stå ved lag inntil Kongen fastset noko anna. Etter første ledd andre punktum kan Kongen gi overgangsreglar for å sikre ei god overgang til ny lov.

I andre ledd vert stillingsvernet til enkelte ansatte i grunnskolen vidareført, se merknad til dagens lov § 16-2 i Ot.prp. nr. 46 (1997–98).

Til § 30-3 Endringar i andre lovar

Paragrafen endrar privatskolelova, samelova, barnehagelova, fagskolelova og barnevernslova.

Til endringar i privatskolelova

Til § 1-2 Verkeområde

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens § 1-2, men første ledd andre og tredje punktum er nye. Reglane inneber ingen innhaldsmessige endringar, men gjer det tydeleg at det berre er reglane i kapittel 6 A som gjeld for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring.

I andre ledd er tilvisinga til reglane om godkjenning av private grunnskolar etter opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov.

Tredjeledd er endra som følgje av forslaget til ny paragraf om fjernundervisning, jf. §3-4 a. Hovudregelen er at privatskolelova ikkje gjeld ved kjøp av opplæringstenester, men det er gjort unntak for kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning. Unntaket inneber at det er mogleg for privatskolane å kjøpe og selje opplæringstenester både til og frå andre skolar godkjende etter privatskolelova og til og frå offentlege skolar i dei tilfella opplæringa blir gjennomført som fjernundervisning i samsvar med krava i privatskolelova § 3-4 a. Departementet viser til privatskolelova § 6-3 og understrekar at det er styret ved skolen som skal sørgje for at alt statstilskot og alle skolepengane kjem elevane til gode. Styret har ansvar for at all handel med skoleeigarane eller deira nærståande er gjort på marknadsvilkår. Tilgangen til fjernundervisning etter § 3-4 a gjeld også diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, jf. § 6 A-7 første ledd bokstav g. Reglane om bruk av statstilskot for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring står i § 6 A-6. Forskriftsheimelen i dagens tredje ledd siste punktum om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning er flytta til § 3-4 a siste ledd.

Til § 1-3 Definisjonar

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens § 1-3.

I førsteledd er tilvisingane til reglane i opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov.

Andreledd er nytt og presiserer at «vertskommune» og «vertsfylke» er den kommunen eller fylkeskommunen der privatskolen ligg eller er planlagd etablert. Definisjonen på «vertskommune» og «vertsfylke» inneber ingen innhaldsmessige endringar og er i samsvar med dagens rettsoppfatning.

Tredje ledd er nytt. Regelen inneber ingen innhaldsmessige endringar, men gjer tydeleg skiljet mellom private grunnskolar og vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-1 og diverse skolar som gir yrkesretta opplæring godkjent etter § 6 A-1. Sjå punkt 66.

Til § 2-1 Godkjenning av skolar

Det er gjort språklege rettingar i andre ledd og i tredje ledd.

Til § 2-3 Krav til innhald i opplæringa

I førsteledd er tilvisinga til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov. Siste punktum vidarefører den forskriftsheimelen som følgjer av dagens § 2-3 andre ledd første punktum.

Andre ledd vidarefører i hovudsak dagens andre ledd, men heimelen til å gi forskrift om vurdering, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon er flytta til ny § 2-3 a Vurdering og dokumentasjon.

Tredjeledd inneber at inntil 5 prosent av timane som er sette av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Regelen inneber ikkje ei plikt for skolen til å ha tverrfagleg opplæring eller ei avgrensing i omfanget av tverrfagleg opplæring. Det kan gjennomførast tverrfagleg opplæring i meir enn 5 prosent av timane, men utover denne andelen må tidsbruken fordelast på andre fag i samsvar med kravet om minstetimetal. Regelen om å flytte timar følgjer i dag av forskrift til privatskolelova § 2A-1. Regelen er i samsvar med ny opplæringslov § 1-6 andre ledd. Sjå vurderingane til departementet i punkt 66 og merknaden til ny opplæringslov § 1-6 andre ledd.

Til § 2-3 a Vurdering og dokumentasjon

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 2-3 andre ledd og § 5-4 andre ledd.

Sjå vurderingane til departementet i punkt 66.5 og merknadene til ny opplæringslov § 2-3 andre ledd og § 5-4 andre ledd.

Til § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø

I andre ledd er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov. Tredje ledd er nytt og presiserer kven som er plikt- og ansvarssubjektet i private skolar når opplæringslova kapittel 12 skal brukast.

Sjå merknadene til reglane i ny opplæringslov kapittel 12 og § 13-2.

Til § 2-5 Forsøksverksemd

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens reglar i § 2-5, men er endra slik at han er i samsvar med ny opplæringslov § 29-3. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 29-3 og punkt 64.

Til § 3-1 Inntak av elevar

Førsteledd vidarefører dagens første ledd. I første ledd andre punktum er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov. Det er retten til vidaregåande opplæring som dannar grunnlaget for inntak til ein privat vidaregåande skole. Det betyr at søkjaren som hovudregel må ha rett til vidaregåande opplæring som ungdom eller vaksen etter reglane i opplæringslova. Retten til omval i ny opplæringslov § 5-5 og retten til påbygging til generell studiekompetanse i ny opplæringslov § 5-7 første ledd første og andre punktum gir grunnlag for inntak til private vidaregåande skolar. Det same gjeld rett til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. ny opplæringslov § 18-3 og rett til yrkesfagleg rekvalifisering i ny opplæringslov § 18-4. Sjå også endringane i § 3-2 om bruk av retten i private vidaregåande skolar.

Andre ledd vidarefører i hovudsak dagens andre ledd. Tilvisingane til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Andre ledd første punktum er nytt og presiserer det som i dag følgjer indirekte av privatskolelova § 3-1 om at private skolar kan ta inn vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring. Dagens reglar om prioriteringsrekkjefølgje er vidareført. Ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal ha førsteprioritet ved inntak framfor vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Privatskolar blir ikkje godkjende for å tilby opplæring særleg organisert for vaksne. Alle som går i privatskolar, er elevar. Reglane i opplæringslova § 18-3 tredje ledd gjeld derfor ikkje vaksne elevar i private vidaregåande skolar. Vaksne elevar i private vidaregåande skolar følgjer opplæringa i heile fag, på same måten som ungdom.

I andre ledd sjettepunktum er tilvisinga endra som følgje av nytt første punktum.

Sjå vurderingane til departementet i punkt 66.5.

Til § 3-2 Rett og plikt til opplæring

Paragrafen vidarefører dagens § 3-2.

I første ledd er tilvisinga til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov.

I andre ledd er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov. Dersom ein privat vidaregåande skole er godkjend for å tilby påbygging til generell studiekompetanse, kan retten til påbygging til generell studiekompetanse takast ut på den private skolen.

Til § 3-3 Skolegangen

Paragrafen vidarefører i hovudsak vidare dagens § 3-3.

I andreledd er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov.

I fjerde ledd er tilvisinga til opplæringslova endra, og regelen om rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra er tatt ut av paragrafen som følgje av at retten til vidaregåande opplæring er utvida, sjå ny opplæringslov § 5-1 andre ledd.

Til § 3-4 Inndeling av elevar i klassar og grupper

Paragrafen vidarefører dagens § 3-4, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 14-2. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 14-2 og punkt 14.

Til § 3-4 a Fjernundervisning

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 14-4. Forskriftsheimelen i dagens § 1-2 tredje ledd om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning er flytta til § 3-4 a siste ledd. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 14-4 og punkt 66.5.

Til § 3-4 b Tilpassa opplæring

Regelen er i hovudsak ei vidareføring av dagens § 3-4 a, men er tilpassa ny opplæringslov § 11-1. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 11-1 og punkt 66 og 24.

Til § 3-4 c Tilfredsstillande utbytte av opplæringa

Paragrafen er ny, men vidarefører dei pliktene skolen har etter opplæringslova § 5-4 første ledd andre og tredje punktum. Desse reglane gjeld også for private skolar, jf. privatskolelova § 3-6. Paragrafen er i samsvar med ny opplæringslov § 11-2.

Sjå merknadene til ny opplæringslov § 11-2, og punkt 66 og 24.

Til § 3-4 d Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn

Paragrafen vidarefører dagens § 3-4 b og er i samsvar med ny opplæringslov § 11-3. Sjå merknadene til ny opplæringlov § 11-3 og punkt 66 og 24.

Til § 3-5 Særskild språkopplæring

Paragrafen vidarefører delar av dagens § 3-5, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 3-6 om særskild språkopplæring i grunnskolen og § 6-5 om særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 3-6 og § 6-5 og punkt 66 og 28.

Det følgjer av forvaltningslova § 17 at saka skal vere så godt opplyst som mogleg før heimkommunen eller heimfylket gjer vedtak.

Etter andre ledd skal heimkommunen eller heimfylket jamleg vurdere om eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Regelen erstattar dagens regel om undervegskartlegginga som i dag ligg på kommunen og fylkeskommunen.

Presiseringa i femteledd om at reglane ikkje gjeld for elevar ved internasjonale skolar er ny, men følgjer av dagens forvaltningspraksis.

Til § 3-5 a Innføringsopplæring for elevar som har budd kort tid i Noreg

Paragrafen vidarefører delar av dagens § 3-5 og er i samsvar med forslaget til ny opplæringslov § 3-7 om innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg, og § 6-6 om innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg. Sjå merknadene til § 3-7 og § 6-6 i ny opplæringslov.

Presiseringa i fjerdeledd om at reglane ikkje gjeld for elevar ved internasjonale skolar, er ny, men følgjer av dagens forvaltningspraksis. Sjå punkt 66.

Til § 3-6 Individuell tilrettelegging

Paragrafen vidarefører ordninga med tilvising til reglane i opplæringslova. Paragrafen er endra i samsvar med endra omgrepsbruk i ny opplæringslov og den inndelinga som er gjort av retten til individuell tilrettelegging.

I første ledd er det teke inn ei presisering om at elevar i privatskolar har same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skolar.

I andre ledd første punktum er det presisert at heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Andre ledd andre punktum vidarefører dagens reglar, slik at det er heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til individuell tilrettelegging i private skolar på lik linje med offentlege skolar. Andre ledd tredje punktum er ny og presiserer at vedtak om dekning av utgifter til individuell tilrettelegging er eit enkeltvedtak. Presiseringa om at reglane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne, er tatt ut av paragrafen.

Sjå punkt 66.5 og merknadene til §§ 11-4 til 11-11 i ny opplæringslov.

Til § 3-7 Rett til skyss, reisefølgje og tilsyn

Paragrafen vidarefører dagens reglar om skyss.

I førsteledd er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 4-1, § 4-2 og § 4-3 første, andre og tredje ledd.

I andreledd er tilvisingane til opplæringslova endra som følgje av forslaget til ny opplæringslov. Tredje ledd vidarefører dagens andre ledd. Tilvisinga til opplæringslova er endra. Presiseringa om at reglane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne, er tatt ut av fjerde ledd.

Sjå merknadene til ny opplæringslov § 9-1 og § 9-2.

Til § 3-10 Bortvising

Paragrafen vidarefører dagens § 3-10, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 13-1.

Første ledd regulerer rammene for kva tilfelle og med kva varigheit det kan fastsetjast i skolereglane at bortvising kan brukast som reaksjon på brot på skolereglane, jf. forslaget til § 5 A-7.

Andre ledd andre punktum presiserer at foreldra til ein elev på 1. til 7. trinn skal få beskjed før eleven blir bortvist for resten av dagen. Regelen supplerer regelen i § 5 A-8. Sjølv om foreldra ikkje får melding i forkant av ei bortvising, kan § 5 A-8 innebere at foreldra skal ha informasjon om bortvisinga etter at ho er sett i verk.

Tredje ledd regulerer kven som kan ta avgjerda om å vise bort ein elev. Myndet til å vise bort ein elev er lagt til dagleg leiar «sjølv». Ordlyden tilseier at dette myndet ikkje kan delegerast vidare til andre. Det er eitt unntak frå delegeringsforbodet i tredje ledd andre punktum. Dersom styret til skolen ikkje har fastsett noko anna, kan dagleg leiar delegere til éin lærar, fleire lærarar eller alle lærarane ved skolen å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren har ansvaret for.

Sjå merknadene til ny opplæringslov § 13-1.

Til § 3-11 Rådgiving om utdannings- og yrkesval

Paragrafen vidarefører den delen av dagens § 3-11 som gjeld rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Paragrafen er i samsvar med ny opplæringslov § 16-1 første og andre ledd.

Sjå merknadene til § 16-1 første og andre ledd i ny opplæringslov.

Til § 3-11 a Rådgiving om sosiale og personlege forhold

Paragrafen er ny, men han vidarefører den delen av dagens § 3-11 som gjeld rådgiving om sosiale spørsmål. Paragrafen er i samsvar med ny opplæringslov § 16-2 første og andre ledd.

Sjå merknadene til § 16-2 første og andre ledd i ny opplæringslov.

Til § 3-12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn

Paragrafen vidarefører dagens reglar om at reglane i opplæringslova om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn også gjeld elevar i private grunnskolar, men er endra slik at fritaksretten også gjeld elevar i private vidaregåande skolar. Unntaket frå retten til fritak for elevar i skolar godkjende etter privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn gjeld også elevar i private vidaregåande skolar. Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov.

I andre punktum er ordlyden «oppretta av religiøse grunnar» er endra til «godkjent etter § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn». Endringa er gjort for å gjere koplinga til godkjenningsgrunnlaget tydeleg og utgjer inga innhaldsmessig endring.

Sjå punkt 66.5 og merknadene til ny opplæringslov § 14-6 om fritaksretten.

Til § 3-13 Permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens § 3-13, men paragrafen er endra slik at han er i samsvar med ny opplæringslov § 2-2 fjerde og femte ledd.

Sjå merknadene til ny opplæringslov § 2-2 fjerde og femte ledd.

Første ledd inneber at skolen kan gi permisjon dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Fordi privatskolar får statstilskot per faktisk elev, kan ikkje permisjonen vere meir omfattande enn at det er klart at eleven framleis er elev ved skolen.

Etter første ledd andre punktum er det eit krav om at skolen skal ha retningslinjer om permisjon frå skolen. Dette er nytt og må sjåast i samanheng med kravet i forslaget til ny opplæringslov om at kommunen skal gi forskrift om permisjon frå grunnskoleopplæringa.

Til § 3-14 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Paragrafen vidarefører dagens § 3-14, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 11-12. Sjå merknadene til § 11-12 i ny opplæringslov.

Val av kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmiddel må gjennomførast i nært samarbeid med den som skal uttrykkje seg, jf. ny § 5 A-1 og ny § 5 A-2.

Til § 3-15 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens § 3-15, men er endra slik at han er i samsvar med ny opplæringslov § 27-2. Sjå merknadene til § 27-2 i ny opplæringslov.

Dersom skolen skal kunne bruke ordenstiltak overfor ein elev som bryt forbodet, må dette fastsetjast i skolereglane etter ny § 5 A-7.

Til § 4-1 Leiing

Paragrafen vidarefører dagens § 4-1, men ordlyden i førsteledd er endra i samsvar med ordlyden i ny opplæringslov § 17-2 første ledd første punktum.

Til § 4-2 Kompetansekrav til undervisningspersonalet

Paragrafen vidarefører dagens § 4-2, men paragrafen er endra som følgje av at tilvisingane til opplæringslova er endra. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 17-3 og § 17-4.

Til § 4-3 Politiattest og forbod mot tilsetjing

Paragrafen vidarefører og utvidar dagens § 4-3. Paragrafen er i samsvar med ny opplæringslov § 17-11. Sjå merknadene til § 17-11 i ny opplæringslov.

Til § 4-5 Bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling

Paragrafen er endra slik at han er i samsvar med ny opplæringslov § 17-6. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 17-6.

Til § 4-6 Krav om at skolane har tilgang på vikarar

Paragrafen er ny og svarer til ny opplæringslov § 17-7. Sjå merknadene til ny opplæringslov § 17-7.

Til § 5-1 Styret

Paragrafen vidarefører dagens § 5-1.

I andre leddbokstav b er ordlyden endra som følgje av regelen i ny opplæringslov om at elevane kan velje å organisere seg på annan måte enn med eit elevråd, jf. § 5 A-5 andre ledd.

I andre ledd bokstav c er ordlyden endra som følgje av at regelen om foreldreråd ikkje blir vidareført.

I tredje ledd er det gjort nokre få språklege endringar.

Til § 5-2 Styret sine oppgåver

I andreledd bokstav d er omgrepet «ordensreglement» erstatta med «skolereglar», jf. § 5A-7. I bokstav e er tilvisinga til regelen om pålagt skolebyte i opplæringslova endra.

Til § 5-2 b Plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling

Feil tilvising i første ledd første punktum er retta.

Til § 5-5 Overgangen frå barnehagen til skolen

Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens § 5-5, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 4-7.

Til § 5-6 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Paragrafen er ny og svarer til ny opplæringslov § 9-5. Plikta til å sørgje for ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa og plikta til å samarbeide gjeld uavhengig av om overgangen skjer frå ein privat grunnskole til ein privat vidaregåande skole, frå ein privat grunnskole til ein offentleg grunnskole, frå ein offentleg grunnskole til ein privat vidaregåande skole eller frå ein offentleg grunnskole til ein offentleg vidaregåande skole. Paragrafen må derfor sjåast i samanheng med ny opplæringslov § 9-5 og merknaden til denne.

Til § 5A-1 Det beste for eleven

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 10-1. Sjå merknaden til § 10-1 i ny opplæringslov og punkt 66.5.

Til § 5A-2 Elevane sin rett til medverknad

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 10-2. Sjå merknaden til § 10-2 i ny opplæringslov og punkt 66.5.

Til § 5A-3 Samarbeid med foreldra

Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring av dagens § 7-1 d og er i samsvar med ny opplæringslov § 10-3. Sjå merknaden til § 10-3 i ny opplæringslov og punkt 66.5.

Til § 5A-4 Skoledemokratiet

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 10-4. Sjå merknaden til § 10-4 i ny opplæringslov og punkt 66.5.

Til § 5A-5 Organiseringa av skoledemokratiet

Paragrafen er ny og erstattar dagens § 5-3 om elevråd og § 5-4 om foreldreråd i grunnskolen. Første ledd tredje punktum er nytt og presiserer at skolens styre skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolen skal ha. Paragrafen er tilpassa ny opplæringslov § 10-5. Sjå merknaden til § 10-5 og punkt 66.5.

Til § 5A-6 Elevane si plikt til å delta og skolens oppfølgingsplikt

Paragrafen er ny og i samsvar med ny opplæringslov § 10-6. Paragrafen inneber ei plikt for elevar i private skolar til å vere aktivt med i opplæringa. Sjå punkt 66.5 og merknaden til § 10-6 i ny opplæringslov.

Til § 5A-7 Skolereglar

Paragrafen er i hovudsak ei vidareføring av dagens § 3-9, og han er endra i samsvar med ny opplæringslov § 10-7. I samsvar med privatskolelova § 5-2 andre ledd bokstav d er det presisert at det er styret til skolen som fastset skolereglane. Sjå også merknaden til § 10-7 i ny opplæringslov.

Til § 5A-8 Informasjon til elevane og foreldra

Paragrafen er ny men vidarefører i hovudsak reglane om informasjonsplikt i lova og i forskrifta til lova. Paragrafen er i samsvar med ny opplæringslov § 10-8. Sjå merknaden til § 10-8 i ny opplæringslov og punkt 66.5.

Til § 6A-1 første ledd

Nytt første punktum presiserer at kapittelet gjeld godkjenning av diverse skolar som gir yrkesretta opplæring.

Til § 6A-7 Andre reglar

Paragrafen vidarefører dagens § 6 A-7, men han er omarbeidd. I bokstav a) er det lagt til tilvising til delar av formålsregelen i privatskolelova, § 1-1 andre og tredje ledd. I bokstav g) er det lagt til ei tilvising til § 3-4 a om fjernundervisning. I bokstavk) er det lagt til ei tilvising til § 4-3 om politiattest og forbod mot tilsetjing. I bokstav n) er det lagt til ei tilvising til § 5-2 a om internkontroll. I bokstav o) er det lagt til ei tilvising til § 5-2 b første ledd om plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling. I bokstav p) er det lagt til ei tilvising § 5 A-5 om organisering av skoledemokratiet. Tilvisinga til § 7-2 a om moglege reaksjonsformer blir vidareført i bokstav t, men unntaket for fjerde ledd er teke ut som følgje av at delar av formålsparagrafen skal gjelde for skolar godkjende etter § 6 A-1.

Til § 7-1 b Ulykkesforsikring

Paragrafen vidarefører dagens § 7-1 b, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 28-8. Sjå merknaden til § 28-8 i ny opplæringslov.

Til § 7-1 e Leksehjelp

Paragrafen vidarefører dagens § 7-1 e, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 4-4. Sjå merknaden til § 4-4 i ny opplæringslov.

Til § 7-2 c Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar

Paragrafen vidarefører dagens § 7-2c, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 25-4. Sjå merknaden til ny opplæringslov § 25-4.

Til § 7-4 Plikt til å melde frå til barnevernet

Paragrafen vidarefører dagens § 7-4, men er endra i samsvar med § 24-3 i ny opplæringslov. Sjå merknaden til § 24-3 i ny opplæringslov.

Til § 7-5 Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta

Paragrafen er endra i samsvar med ny opplæringslov § 24-2. Sjå merknaden til ny opplæringslov § 24-2.

Til § 7-6 Straffansvar for brot på opplæringsplikta

Paragrafen vidarefører dagens § 7-6, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 2-7. Sjå merknaden til § 2-7 i ny opplæringslov.

Til § 7-7 Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overteke omsorga

Paragrafen vidarefører dagens § 7-7, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 24-4. I andre ledd er tilvisingane til opplæringslova endra i samsvar med ny opplæringslov.

Til § 7-8 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

Paragrafen vidarefører dagens § 7-8, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 25-3. Sjå merknaden til § 25-3 i ny opplæringslov.

Til § 7-9 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt

Paragrafen vidarefører dagens § 7-9, men er endra i samsvar med ny opplæringslov § 25-1. Sjå merknaden til § 25-1 i ny opplæringslov.

Til § 7-10 Plikt til å levere vitnemål frå vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Tilvisinga til opplæringslova er endra.

Til endringar i samelova

Til § 3-8 andre ledd

Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå omtale i punkt 67.1.

Til endringar i barnehagelova

Til § 2a første ledd første punktum

Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå omtale i punkt 67.1.

Til § 5 første ledd tredje punktum

Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå omtale i punkt 67.1.

Til endringar i fagskolelova

Til § 41 første ledd

Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå omtale i punkt 67.1.

Til endringar i barnevernslova

Til § 15-13 andre ledd

Tilvisinga til opplæringslova er endra i samsvar med ny opplæringslov. Sjå omtale i punkt 67.1.

Til forsida