23 Samarbeid mellom skolen og andre velferdstenester
23.1 Innleiing
Dette punktet handlar om overgangen frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga og om samarbeid mellom skolen og andre velferdstenester. Vidare handlar det om opplysningsplikta til barnevernstenesta og plikta til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta.
23.2 Dagens reglar
23.2.1 Overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga
Skolen skal samarbeide med barnehagen om overgangen til barna frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga (SFO), jf. opplæringslova § 13-5. Det er presisert i paragrafen at formålet med samarbeidet er å bidra til at barna får ein trygg og god overgang.
Kommunen har hovudansvaret for samarbeidet og skal utarbeide ein plan for overgangen frå barnehage til skole og SFO, jf. opplæringslova § 13-5 andre ledd. Barnehagen er på si side pålagd å samarbeide med skolen og SFO om overgangen gjennom barnehagelova § 2 a.
23.2.2 Samarbeid mellom velferdstenester
Nye reglar om plikta skolen, skolefritidsordninga (SFO) og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) har til å samarbeide med andre velferdstenester, tok til å gjelde 1. august 2022, sjå Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Lovendringane innebar samtidige endringar i fleire velferdstenestelover og har som formål å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.
Skolen, SFO og PP-tenesta skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, jf. opplæringslova § 15-8 første ledd første punktum. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, SFO og PP-tenesta delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen, jf. opplæringslova § 15-8 første ledd andre punktum.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet til eleven, jf. opplæringslova § 15-8 andre ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er utnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Skolen, SFO og PP-tenesta skal, i tillegg til å følgje opp enkeltelevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at skolen, SFO, PP-tenesta og dei andre tenesteytarane kan vareta oppgåvene sine etter lov og forskrift, jf. opplæringslova § 15-8 tredje ledd.
Tilsvarande reglar for vaksenopplæringa finst i opplæringslova § 4A-14.
23.2.3 Opplysningsplikt til barnevernet
Reglane om opplysningsplikt til barnevernet vart endra og vedtekne av Stortinget 11. juni 2021, jf. lovvedtak 143 (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Lovendringane tok til å gjelde 1. august 2022.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter opplæringslova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta, jf. opplæringslova § 15-3 første ledd. Vidare har alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, plikt til å gi opplysningar til barnevernstenesta etter nærare bestemte vilkår, jf. opplæringslova § 15-3 andre ledd. Vidare har alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, ei plikt til å gi opplysningar etter pålegg frå barnevernstenesta eller andre barnevernstyresmakter, jf. opplæringslova § 15-3 tredje ledd. Plikta til å melde frå til den kommunale barneverntenesta er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Opplysningsplikta til barnevernet går føre lovfesta teieplikt.
23.2.4 Plikt til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Reglane om opplysningsplikt til den kommunale helse- og omsorgstenesta- og sosialtenesta vart endra og vedtekne av Stortinget 11. juni 2021, jf. lovvedtak 143 (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Lovendringane tok til å gjelde 1. august 2022.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter opplæringslova, er merksame på forhold som kan føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta, jf. opplæringslova § 15-4 første ledd første punktum. Vidare skal kommunen og fylkeskommunen sørgje for at dei av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta opplysningar om slike forhold, jf. opplæringslova § 15-4 første ledd andre punktum. Opplysningane kan likevel berre givast etter samtykke frå eleven eller foreldra til eleven, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
23.3 Høyringsforslaget
Departementet foreslo
å vidareføre at kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga, og å ikkje vidareføre kravet om at skoleeigar skal utarbeide ein plan for overgangen
å vidareføre reglane om samarbeid med andre velferdstenester og samordningsplikta til kommunen
å vidareføre reglane om plikt til å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta og om opplysningsplikt til barnevernstenesta
å vidareføre reglane om plikt til å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå sosialtenesta og om plikt til å gi opplysningar til sosialtenesta, og å utvide desse reglane til å omfatte den kommunale helse- og omsorgstenesta
Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 44.2.4 og følgde delvis opp forslaget i kapittel 44.3.4. Departementet følgde ikkje opp forslaget frå utvalet om å utarbeide ei eiga lov eller forskrift om samarbeid basert på skissa frå dei fem direktorata i 0–24-samarbeidet.
23.4 Høyringsinstansanes syn
23.4.1 Overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga
34 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga (SFO). Alle høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar ei vidareføring av plikta kommunen har til å sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og SFO.
Ein del av høyringsinstansane støttar forslaget delvis og har innspel til utforminga av paragrafen. 17 høyringsinstansar, mellom anna Statped, Barneombodet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Handikappede barns foreldreforeining, Hørselshemmedes landsforbund, Private barnehagers landsforbund (PBL), Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) og Foreldreutvalget for barnehagen (FUB), meiner det bør stillast krav om ein plan for overgangen frå barnehagen til skolen og SFO, slik som etter dagens reglar.
Nokre høyringsinstansar støttar departementets forslag utan å gå nærare inn i at kravet til plan er fjerna. Det gjeld til dømes Oslo kommune, som uttaler at dei støttar forslaget i høyringa og grunngivinga for det.
Fleire av dei som har uttalt seg, meiner at forslaget til formulering er mindre forpliktande enn dagens lovparagraf, og meiner at handlingsfridommen til kommunane er prioritert framfor omsynet til det beste for barnet.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) meiner at lovreguleringa av plikta til å utarbeide ein plan for overgang frå barnehage til skole var eit viktig gjennombrot, og eit døme for etterfølging ved andre overgangar. Å fjerne kravet om plan er ikkje til det beste for barnet, meiner FFO.
Utdanningsforbundet ønskjer også ei vidareføring av kravet om plan:
Vi er også klart uenig med departementet om at formuleringen «Kommunen skal sørgje for …» innebærer «et tydelig pålegg til kommunen». Utdanningsforbundet mener departementet bør være lydhør for at to tredjedeler av høringsinstansene til NOU 2019:23 ønsket å videreføre kravet om å utarbeide en plan for overgangen. Denne tilbakemeldingen uttrykker en klar bekymring for at kommunens ansvar for overgangen vil bli svekket ved en slik lovendring.
Utdanningsforbundet mener departementets henvisning til det generelle internkontrollkravet i kommuneloven ikke er en tilstrekkelig sikring av ansvaret for overgangen fra barnehage til skole og SFO. Forslaget om å fjerne plikten til å utarbeide en plan for overgangen er ikke begrunnet verken i planens funksjon eller praktiseringen av kravet. Vi minner ellers om at plikten har vært lovbestemt i kort tid og at det derfor ikke ligger noe erfaringsgrunnlag bak forslaget om å fjerne en slik plikt.
Statped har erfaring med at det er store variasjonar i korleis kommunar varetek denne overgangen. Statped meiner dette kan påverke moglegheitene elevar har til å få eit likeverdig opplæringstilbod, og at det utfordrar prinsippet om at det er vurderinga om kva som er det beste for eleven som skal liggje til grunn. Den statlege støttetenesta meiner at ein plan kan bidra til å sikre både god og nødvendig overføring av kunnskap mellom barnehage og skole.
Barneombodet har innspel til vurderinga til departementet av at sørgje for-plikta, saman med internkontrollkravet i kommunelova § 25-1, vil vere tilstrekkeleg for å sikre at kommunane oppfyller kravet til samarbeid. Ombodet er bekymra for om kommunane har den nødvendige kompetansen til å sjå samanhengen mellom forslaget og kommunelova § 25-1. Ombodet meiner det framleis bør lovfestast eit krav om at kommunen skal ha ein plan for overgangen, og understrekar at dersom det ikkje skal lovfestast eit krav til ein plan, er det avgjerande at departementet sørgjer for at det blir gitt god rettleiing til kommunane.
Foreldreutvalget for grunnskoleopplæringen (FUG) poengterer også behovet for ei rettleiing til kommunane, dersom departementets forslag skal innførast.
Det er også nokre kommunar som ønskjer ei vidareføring av kravet om å utarbeide ein plan. Til dømes skriv Nittedal kommune i høyringsfråsegna si:
Forslagene støttes, men vi mener at det fortsatt bør være et lovkrav å ha en plan for overgangen. Det hevdes at dette er en detaljstyring av kommunene, men vi mener at en plan er et så vidt begrep at det fortsatt vil være et stort handlingsrom for kommunene.
Forandringsfabrikken kunnskapssenter er oppteken av medverknaden til barnet i overgangar og uttaler mellom anna:
For å forsikre at barnet må få uttale seg fritt ved overgang, som barnekomiteen sier at de skal, må det stå i lovteksten. Det kan være ting som er viktig for barnet for å sikre en trygg og god overgang, som de voksne ikke vil få vite hvis de ikke samarbeider med barnet om overgangen. Noen ganger deles opplysninger om et enkeltbarn for å sette i gang tiltak for å sikre en god overgang. Mange barn har opplevd at når det gjøres tiltak ut fra informasjon voksne har fått fra andre voksne, kan tiltakene bli feil, selv om de ble gjort i beste mening.
Statsforvaltaren i Agder har eit innspel som gjeld teieplikt og overføring av informasjon ved overgangar:
Vi mener ny opplæringslov i større grad bør omtale taushetsplikt og deling av informasjon, særlig ved overganger (fra barnehage til skole, fra barneskole til ungdomsskole, fra ungdomsskole til videregående skole og ved flytting etc.)
[…] Vi foreslår at avgiverskolen får en plikt til å ta opp med elev og foresatt om de kan få samtykke til å dele informasjon som det er viktig at neste skole kjenner til.
23.4.2 Samarbeid mellom velferdstenester
29 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at skolen, skolefritidsordninga (SFO) og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) skal samarbeide med andre tenesteytarar, og at kommunen skal samordne tenestetilbodet. Høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar i hovudsak departementets forslag.
Enkelte instansar saknar omtale av forslaget opplæringslovutvalet har til eiga samarbeidslov eller forskrift, med utgangspunkt i forslag frå 0-24-samarbeidet, eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Samarbeidet hadde som formål å bidra til at alle barn og unge får den støtta og hjelpa dei treng for å meistre eige liv. Samarbeidet varte frå 2015 til 2021, og frå 2019 deltok også Sekretariatet for konfliktråda og Politidirektoratet.
Dei fleste høyringsinstansane er likevel innforståtte med at departementets forslag gjeld ei vidareføring av reglar som nyleg er vedtekne (i kraft frå 1. august 2022), og meiner desse reglane bør få verke ein periode.
Fleire ser fram til evalueringa som er førespegla fire til fem år etter iverksetjinga, og meiner at ein då også bør vurdere regulering i eiga lov.
Forandringsfabrikken kunnskapssenter framhevar retten barnet har til medverknad i samarbeidet, og kvifor dette er avgjerande for barn:
Elevens prosessrettigheter etter §§ 1-5 og 1-6 [forslaget § 10-1 og § 10-2], må sikres i samarbeidet. En beslutning om å opprette samarbeid mot barnets vilje, kan bare tas dersom det etter en konkret helhetsvurdering, med vekt på barnet egen mening, kommer til at dette er det beste for eleven.
Samarbeid mellom voksne må bli nyttig for barnet. Noen ganger når mange voksne samarbeider, kan det kjennes for barnet som at det er viktigere for de voksne å samarbeide med hverandre, enn å samarbeide med barnet om hva som blir nyttig hjelp og trygt for barnet. Vi er redde for at om ikke barns rettigheter tydeliggjøres i denne bestemmelsen, vil de heller ikke sikres i praksis, og hjelp kan fortsette å bli veldig lite nyttig for barn.
KS har innspel til utforminga av paragrafen:
Bestemmelsen er for lang og detaljert til en lovtekst. Paragrafen legger også oppgaver og ansvar til kommunale virksomheter, mens dette er kommunens og fylkeskommunens ansvar. Paragrafen er inkonsekvent i forhold til femte delen i selve lovforslaget, ved at det her er en bestemmelse som gjelder voksne deltakere, mens strukturen ellers i lovforslaget, er en egen del for disse.
Nokre høyringsinstansar, mellom anna Oslo kommune, peikar på at kriteriet for at samarbeidsplikta blir gjeldande, «når det er nødvendig», er forholdsvis vagt og skjønnsmessig utforma. Dei er derfor opptekne av at det blir utarbeidd ei god, felles rettleiing til bruk i dei ulike sektorane.
Enkelte høyringsinstansar ønskjer at skolen i framtida vil bli ein like viktig aktør som helsepersonell i koordinering og tilrettelegging av velferdstenester rundt det enkelte barnet og den enkelte familien, medan enkelte andre meiner at skolen ikkje må påleggjast ytterlegare plikter som går ut over kjerneoppgåvene.
Datatilsynet har eit innspel til forslaget om at samarbeidande einingar har rett til å behandle særlege kategoriar personopplysningar når det er nødvendig for å oppnå formålet med samarbeidet. Av pedagogiske omsyn bør det etter Datatilsynets meining presiserast om dette betyr at opplysningar kan delast utan samtykke frå eleven eller føresette. Bakgrunnen for dette er klager frå foreldre som hevdar at skolen har brote teieplikta når dei har utlevert/delt opplysningar om elevar med andre verksemder i kommunen.
23.4.3 Opplysningsplikt til barnevernet
Svært få høyringsinstansar har uttalt seg om departementets forslag om å vidareføre dagens reglar, som tok til å gjelde 1. august 2022. Dei få som har uttalt seg støttar i hovudsak departementets forslag.
23.4.4 Plikt til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Svært få høyringsinstansar har uttalt seg om departementets forslag om å vidareføre dagens reglar, som tok til å gjelde 1. august 2022. Dei få som har uttalt seg støttar i hovudsak departementets forslag.
23.5 Departementets vurdering
23.5.1 Overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga
Departementet meiner at opplæringslova bør stille krav til kommunane om å sørgje for ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga (SFO). Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, støttar dette.
Departementet vurderer at det bør vere opp til kommunen å avgjere på kva måte han vil sørgje for at barna får ein trygg og god overgang, og om det skal utviklast planar for overgangen.
Departementet ser viktigheita av at barna blir sikra ein god og trygg overgang, gjennom god kommunikasjon og overføring av nødvendig informasjon mellom skole og barnehage. Departementet vurderer likevel at det er unødvendig og lite tenleg at paragrafen om pliktene til kommunen ved overgang frå barnehagen til skolen og SFO inneheld eit krav om at kommunen skal utarbeide ein plan for overgangen. Departementets forslag inneber eit tydeleg pålegg til kommunen om å sørgje for ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og SFO.
Sørgje for-plikta inneber at det er kommunen som har hovudansvaret for samarbeidet mellom skolane og barnehagane om overgangen. Kommunen skal ha internkontroll for å sikre at han følgjer dette kravet. Dette følgjer av kommunelova § 25-1. For å oppfylle kravet til internkontroll etter kommunelova § 25-1 skal kommunedirektøren mellom anna ha nødvendige rutinar og prosedyrar. Departementet meiner derfor eit særskilt krav i opplæringslova om at kommunane skal ha ein plan for overgangen frå barnehage til skole og SFO, er unødvendig. Internkontrollen til kommunen skal sikre at kommunen har rutinar for å sørgje for ein trygg og god overgang, men kommunen kan sjølv velje korleis han vil gjere dette.
Å utarbeide ein plan for overgangen kan vere ein god måte å sikre dette på, men departementet ser ikkje bort frå at det også finst andre måtar kommunen kan ivareta lovkravet på, som er like gode. Slik departementet ser det, er det kommunen som står nærast til å vurdere korleis kommunen best kan sikre at han oppfyller krava til trygg og god overgang. Staten bør derfor ikkje detaljstyre kommunen gjennom eit krav om ein bestemt plan. Departementet vil likevel understreke at dei kommunale rutinane må vere eigna til å vareta plikta til å sørgje for at alle barn får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og SFO. Departementet vil dessutan vise til at det at ein kommune utarbeider ein plan for overgangen, ikkje nødvendigvis vil vere tilstrekkeleg for å sørgje for at overgangen er trygg og god for alle barna. Det sentrale er at kommunen både har etablert og gjennomfører rutinar som kan vareta formålet om ein trygg og god overgang for alle barn.
Ein god overgang og eit godt samarbeid inneber at skolen bør vere førebudd på kva erfaringar barna har med seg frå barnehagen. Ein føresetnad i denne samanhengen er mellom anna at barnehagen er kjend med hovudinnhaldet i læreplanverka til skolen, og at skolen er kjend med hovudinnhaldet i rammeplanen for barnehagen.
Departementet er samd med høyringsinstansane som understrekar at planlegging av overgangen er særleg viktig for barn med særlege utfordringar, nedsett funksjonsevne og behov for tilrettelegging eller spesialpedagogiske tiltak. Det same kan gjelde for minoritetsspråklege barn. Sjølv om den foreslåtte plikta til å sikre ein trygg og god overgang gjeld på eit overordna nivå, og ikkje inneber eit samarbeid med barnehagane om kvart enkelt barn, vil departementet understreke at det for barn med omfattande hjelpebehov likevel er nødvendig å planleggje og samarbeide om overgangen på individnivå. Dette bør skje i god tid før skolestart. Eit slikt samarbeid mellom barnehage og skole eller kommune er nødvendig for å sikre individuelle rettar for enkelte elevar og for å kunne sørgje for nødvendige hjelpemiddel, kompetanse og personalressursar. For enkelte barn er det eit særleg behov for tryggleik og føreseielege vilkår, støtte og rettleiing i overgangen. God planlegging på individnivå er ein føresetnad for at kommunane og skolane skal kunne levere forsvarlege tenester til desse barna.
Departementet vil også understreke at det er sentralt at både foreldre og elev er delaktige i prosessen. Departementet ser likevel ikkje grunn til å regulere medverknad særskilt her, men viser til forslaget §§ 10-2 og 10-3.
Sørgje for-plikta kommunen får gjennom den foreslåtte regelen, vil omfatte alle barn/elevar, men vil på individnivå krevje ulik grad av planlegging og samarbeid, då behovet for detaljert planlegging av overgangen vil variere frå elev til elev.
Når det gjeld deling av personopplysningar ved overgangar, vurderer departementet at dette er tilstrekkeleg regulert i barnehagelova § 2 a for overgangen frå barnehagen til skolen. Informasjonsoverføring om det enkelte barnet føreset løyve frå foreldra. Sjå Prop. 145 L (2020–2021) Endringer i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova m.m. (behandling av personopplysninger, fjernundervisning m.m.). Reglar om deling av personopplysningar mellom skolar går fram av lovforslaget § 25-1, som er omtalt i punkt 54.
Det er oppgåva om sørgje for ein trygg og god overgang, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Når det gjeld reglar om teieplikt, vurderer departementet at det ikkje er behov for ei dobbeltregulering av dette.
23.5.2 Samarbeid mellom velferdstenester
Departementet foreslår å vidareføre reglane om samarbeid mellom velferdstenester og om plikta kommunen har til å samordne tenestetilbodet.
Stortinget har vedteke nye reglar om plikta skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste har til å samarbeide med andre velferdstenester, sjå Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivingen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Reglane tok til å gjelde 1. august 2022. Formålet med endringane er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.
Dei nye reglane inneber ei harmonisering og styrking av samarbeidspliktene for barnevernet, barnehage- og skolesektoren, helsesektoren, arbeids- og velferdssektoren, familievernkontora, krisesentera og introduksjonsordninga. Vidare har kommunen fått ei tydeleg plikt til å avklare kva velferdsteneste som skal samordne tenestetilbodet for barn og unge som treng heilskaplege og samordna tenester.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har sett i gang ei evaluering av dei nye reglane om samarbeid for å få kunnskap om effekten av tiltaka. Dersom reglane ikkje har hatt den ønskte effekten, vil departementa sjå på andre moglege tiltak, inkludert vurdere om reglane bør samlast i ei felles samarbeidslov. Resultata av evalueringa vil liggje føre fire til fem år etter at regelverksendringane tok til å gjelde. Høyringsinnspel som gjeld ordlyden i den foreslåtte paragrafen, blir derfor ikkje følgde opp no, men vil bli vurdert samla for alle velferdstenestelovene etter evalueringa.
Til innspelet frå Datatilsynet om at det bør presiserast om opplysningar kan delast utan samtykke frå eleven eller foreldra, vil departementet kommentere at denne sida av samarbeidet allereie er tilstrekkeleg regulert gjennom reglane i forvaltningslova om teieplikt og i personopplysningslova. Departementet vurderer at det ikkje er behov for ei dobbeltregulering av dette. Departementet viser til utgreiinga i punkt 4 i Prop. 100 L (2020–2021) og at reglane om tverrfagleg samarbeid ikkje medfører endringar i reglane om teieplikt. Departementet viser også til arbeidet med ny forvaltningslov. Det er tatt omsyn til innspelet frå Datatilsynet i merknader til forslaget § 24-1, der det er lagt inn nokre presiseringar knytte til teieplikt og personvern. Departementet meiner at reglane om tverrfagleg samarbeid utover dette bør utfyllast av ei rettleiing til bruk for dei aktuelle sektorane. Ei nasjonal, tverrsektoriell rettleiing er utarbeidd i samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet.
Det er oppgåva med samarbeid og samordning, som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta.
Også når det gjeld innspela frå KS om utforminga av paragrafen, vil departementet vise til dei vurderingane som er gjorde i Prop. 100 L (2020–2021). Departementet vurderer at det bør gå fram av forslaget § 24-1 at paragrafen gjeld på same måte for samarbeid og samordning for vaksne deltakarar som har rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne etter kapittel 18, i staden for å regulere dette særskilt i kapittel 18.
23.5.3 Meldeplikt til barnevernet
Departementet viser til endringar i dagens opplæringslov § 15-3 om merksemdplikt og opplysningsplikt til barnevernet, som vart vedtekne av Stortinget 11. juni 2021, jf. lovvedtak 143 (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringar i velferdstenestelovgivinga (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Formålet med lovendringane er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Lovendringane tok til å gjelde 1. august 2022. Departementet foreslår ingen innhaldsmessige endringar i denne lovproposisjonen, men har endra overskrifta til forslaget § 24-3, da paragrafen i hovudsak dreier seg om plikta til å melde frå til barnevernstenesta.
23.5.4 Plikt til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Departementet viser til endringar i opplæringslova § 15-4 om merksemdplikt og plikt til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta, som vart vedtekne av Stortinget 11. juni 2021, jf. lovvedtak 143 (2020–2021), jf. lovvedtak 143 (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Formålet med lovendringane er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Lovendringane tok til å gjelde 1. august 2022. Departementet foreslår ingen endringar i denne lovproposisjonen.
23.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å vidareføre at kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga, sjå forslaget til § 4-7
å vidareføre reglane om at skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre velferdstenester, og reglane om plikta kommunen har til å samordne tenestetilbodet, sjå forslaget til § 24-1
å vidareføre reglane om plikt til å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta og om meldeplikt og opplysningsplikt til barnevernstenesta, sjå forslaget til § 24-3
å vidareføre reglane om plikt til å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta og om plikt til å gi opplysningar til sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta, sjå forslaget til § 24-2