Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

28 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

28.1 Innleiing

Dette punktet handlar om korleis reguleringa av særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa skal vere. Med minoritetsspråklege elevar siktar ein i denne samanhengen til elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk. Særskild språkopplæring omfattar særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag.

Ifølgje Grunnskolens informasjonssystem (GSI) hadde om lag 40 000 elevar eit vedtak om særskild norskopplæring i grunnskolen skoleåret 2021–2022. Det ligg ikkje føre tilsvarande tal for vidaregåande opplæring.

28.2 Dagens reglar

28.2.1 Opplæringslova

Rett til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag

Elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa som har andre morsmål enn norsk eller samisk, og som ikkje kan godt nok norsk til å følgje den vanlege undervisninga i skolen, har rett til særskild språkopplæring. Dette følgjer av opplæringslova §§ 2-8 og 3-12.

Særskild språkopplæring skal alltid omfatte særskild norskopplæring, det vil seie forsterka opplæring i norsk. Om nødvendig skal særskild språkopplæring også omfatte morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar. Tospråkleg opplæring i fag inneber at eleven får opplæring på morsmålet sitt og norsk i eitt eller fleire fag. Kva som er «nødvendig», kan ikkje strekkje seg lenger enn til at eleven er god nok i norsk til å følgje den vanlege undervisninga på norsk.

Kommunane og fylkeskommunane kan leggje morsmålsopplæringa til ein annan skole enn den eleven går på til vanleg. Dette har samanheng med at morsmålsopplæring kjem i tillegg til det vanlege timetalet til opplæring og blir gitt innanfor ei lokalt fastsett timeramme.

Når det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan gjennomføre morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for «anna opplæring», jf. opplæringslova §§ 2-8 tredje ledd og 3-12 tredje ledd. Anna opplæring kan til dømes vere morsmålsopplæring i form av fjernundervisning eller intensivundervisning i kortare periodar.

Retten til særskild språkopplæring varer til eleven har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Det er inga avgrensing på kor mange år eleven kan få særskild språkopplæring. Elevar har ikkje plikt til å få særskild språkopplæring etter opplæringslova sjølv om dei ikkje kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Kartlegging av norskferdigheiter

Vilkåret for retten til særskild språkopplæring er at eleven ikkje har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å kunne følgje den vanlege opplæringa i skolen. Kommunane og fylkeskommunane må derfor kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, jf. §§ 2-8 fjerde ledd og 3-12 fjerde ledd.

Slik kartlegging av norskferdigheitene til eleven skal også gjennomførast undervegs i opplæringa som grunnlag for å vurdere om eleven har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Utdanningsdirektoratet har utvikla eit digitalt kartleggingsverktøy i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar som er frivillig for kommunen og fylkeskommunen å nytte (Kartleggingsverktøy i grunnleggende norsk (2021)).

Organisering av elevane i eigne grupper, klassar eller skolar (innføringstilbod)

Kommunane og fylkeskommunane kan organisere opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar, jf. opplæringslova §§ 2-8 femte ledd og 3-12 femte ledd. Formålet med eit slikt innføringstilbod er at elevane skal lære norsk så raskt som mogleg, slik at dei kan følgje opplæringa i ein ordinær klasse. I perioden eleven er i innføringstilbod, kan det gjerast unntak frå læreplanverket der det er nødvendig, og kommunane og fylkeskommunane ønskjer det, for å vareta behovet til eleven. Dette inneber at det kan gjerast avvik frå læreplanane og fag- og timefordelinga. Departementet viser til punkt 40 og forslaget om ei ny plikt for fylkeskommunen til å tilby eit overgangstilbod.

Særskilde opplæringstilbod for nykomne elevar kan organiserast for heile eller delar av opplæringa. Kommunane og fylkeskommunane kan gjere vedtak om særskilde opplæringstilbod for eitt år av gongen, og ein elev kan få eit slikt tilbod i maksimum to år. Opplæring i innføringstilbod skal berre givast dersom det er rekna for å vere til det beste for eleven, og dersom foreldra eller eleven samtykkjer.

28.2.1.1 Rett til utvida opplæringstid for elevar i vidaregåande opplæring

Elevar som har rett til særskild språkopplæring, har i dag rett til inntil to år ekstra opplæringstid i vidaregåande opplæring når eleven treng det ut frå opplæringsmåla for den enkelte, jf. opplæringslova § 3-1 femte ledd. Det er ikkje krav om sakkunnig vurdering for ekstra tid i vidaregåande opplæring for elevar med rett til særskild språkopplæring.

28.2.2 Integreringslova

Unge under 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, skal etter integreringslova § 13 som hovudregel ha sluttmål om fullført vidaregåande opplæring.

Etter integreringslova § 26 har innvandrarar mellom 18 til 67 år som har fått innvilga eit opphaldsløyve, rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Barn og unge under 18 år må dermed lære norsk i grunnskolen eller i vidaregåande opplæring. Fylkeskommunane skal utarbeide planar for kvalifisering av innvandrarar, jf. integreringslova § 4. Planane skal omfatte tiltak for å kvalifisere innvandrarar til å møte regionale arbeidsmarknadsbehov.

28.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo

  • å vidareføre retten til særskild språkopplæring, inkludert morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag

  • å endre nemningar frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk og frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag

  • å presisere i lova at elevar som har budd kort tid i Noreg, har rett til morsmålsopplæring med mindre dette er openbert unødvendig

  • å vidareføre regelen om plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunane eller fylkeskommunane gjer vedtak om særskild språkopplæring

  • å vidareføre plikta kommunane og fylkeskommunane har til å vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa

  • å vidareføre regelen om at kommunane og fylkeskommunane kan bestemme at eleven skal få opplæringa i morsmål ved ein annan skole enn den eleven går på

  • å vidareføre retten kommunane og fylkeskommunane har til å organisere heile eller delar av opplæringa i eigne klassar, grupper eller på eigne skolar (innføringsopplæring), og at dette blir regulert i eigne paragrafar

Med dette høyringsforslaget følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 35. Departementet følgde ikkje opp forslaget frå utvalet om å ikkje vidareføre regelen om ei plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om særskild språkopplæring. Forslaget i høyringa om å presisere retten til morsmålsopplæring nærare i lova var nytt samanlikna med forslaget frå utvalet.

28.4 Høyringsinstansanes syn

Om lag 70 høyringsinstansar har uttalt seg om retten til særskild språkopplæring. Alle som har uttalt seg, om lag 20 høyringsinstansar, støttar forslaget om å vidareføre retten. Dette er mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Innlandet, Utdanningsdirektoratet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Bergen kommune, Redd Barna, Utdanningsforbundet og Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk.

Forslaget om å endre nemningane i lova frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag og frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk blir heilt eller delvis støtta av alle som har uttalt seg. Dette er om lag 25 høyringsinstansar, blant dei Barneombodet, Utdanningsdirektoratet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Bergen kommune, Oslo kommune, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) og Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk. Barneombodet uttaler at ombodet er kjent med at omgrepet særskild norskopplæring har vorte misforstått, og meiner at forslaget til nytt omgrep betre beskriv den delen av den særskilde språkopplæringa som rettar seg mot å styrkje norskferdigheitene til eleven. Samtidig foreslår enkelte høyringsinstansar, blant dei NAFO og Utdanningsforbundet, å nytte nemninga opplæring i norsk som andrespråk. Desse høyringsinstansane uttaler at norsk som andrespråk er ein eigen fagdisiplin, og at det gjer innhaldet i opplæringa tydelegare. NAFO peikar på at det nye omgrepet forsterka opplæring i norsk er uheldig, fordi det kan sjå ut som om omgrepet berre seier noko om omfanget og ikkje innhaldet i opplæringa.

Utdanningsdirektoratet uttaler at det bør presiserast at retten til forsterka opplæring i norsk gjeld på årstrinn der eleven ikkje har opplæring i faget norsk (vg1 yrkesfag), i merknaden til paragrafane.

Over 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget til presisering av lovteksten om at elevar som har budd mindre enn tre år i Noreg, skal ha rett til morsmålsopplæring med mindre det er openbert unødvendig. Eit fleirtal, om lag 25 høyringsinstansar, støttar forslaget heilt eller delvis. Barneombodet er særleg positive til denne presiseringa og uttaler at presiseringa gir ein hovudregel som gjer det tydeleg at denne elevgruppa som eit utgangspunkt skal ha morsmålsopplæring. Utdanningsdirektoratet påpeikar at det er positivt at retten til morsmålsopplæring blir klargjord eller styrkt. Fleire høyringsinstansar, blant dei Statsforvaltaren i Rogaland, NAFO og Utdanningsforbundet, meiner presiseringa også må omfatte tospråkleg opplæring i fag. Enkelte, blant dei Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk, meiner formuleringa er tvitydig og foreslår ei alternativ formulering. Oslo kommune og Stavanger kommune er blant dei som ikkje støttar forslaget. Oslo kommune meiner det bør vere opp til kommunen å vurdere om eleven har behov for morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag. Denne kommunen viser til at formuleringa «dersom det ikkje er openbart unødvendig» ikkje er god språkleg, og set spørjeteikn ved korleis ho skal forståast. Kommunen støttar elles ikkje at morsmålsopplæring blir gitt ei meir sentral rolle enn tospråkleg opplæring i fag. Stavanger kommune meiner at forslaget vil gi mindre fleksibilitet, at det vil belaste kommunane med auka dokumentasjonskrav, at det er utfordrande å få tak i morsmålslærarar, og at det vil få økonomiske konsekvensar.

Om lag 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre kartleggingsplikta. Dei fleste, blant dei Barneombodet, Utdanningsdirektoratet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Utdanningsforbundet og Nasjonalt fagorgan i norsk som andrespråk støttar forslaget. Barneombodet uttaler at omsynet til eleven bør vege tyngre enn omsynet til å unngå dobbeltreguleringar, og viser til at mange aktørar ikkje kjenner forvaltningslova godt nok. Bergen kommune og Halden kommune støttar ikkje forslaget. Halden kommune viser til at det er ei unødvendig dobbeltregulering i lys av reglane i forvaltningslova. Denne kommunen viser også til at kommunane skal ha eit system for internkontroll for å følgje opp etterlevinga av regelverket.

Forslaget om å vidareføre plikta til å vurdere norskferdigheitene til elevane undervegs i opplæringa, blir støtta av dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg. Dette er mellom anna Barneombodet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune og Oslo kommune. Oslo kommune meiner det bør presiserast i lova at kommunen og fylkeskommunen skal kartleggje ferdigheitene til eleven før opphøyr av vedtak om særskild norskopplæring. Bergen kommune og Halden kommune støttar ikkje forslaget. Halden kommune viser til at regelen er ei dobbeltregulering i lys av dagens forskriftsreglar om undervegsvurdering.

Det er få høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre at morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole. Forslaget blir støtta av alle som har uttalt seg om det, blant dei Barneombodet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Bergen kommune.

Om lag 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre moglegheita for innføringsopplæring og regulere dette i eigne paragrafar. Forslaget blir støtta av alle som har uttalt seg, blant dei Barneombodet, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Bergen kommune, Oslo kommune og Redd Barna. NAFO meiner dagens ordlyd om at det i vedtaket kan gjerast unntak frå læreplanverket for den aktuelle eleven i det omfanget det er nødvendig for å vareta eleven sitt behov, bør vidareførast. Jessheim vidaregåande skole meiner det bør kunne gjerast vedtak om innføringsopplæring fór inntil to år om gongen.

28.5 Departementets vurdering

28.5.1 Bruke nemningane tospråkleg opplæring i fag og forsterka opplæring i norsk i lova

Departementet foreslår å endre nemninga i lova frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag. Endringa er berre språkleg.

Departementet foreslår også at nemninga særskild norskopplæring endrast til forsterka opplæring i norsk. Forsterka opplæring i norsk gir tydeleg uttrykk for det opplæringa handlar om. Enkelte høyringsinstansar meiner at nemninga i staden bør erstattast med opplæring i norsk som andrespråk. Denne nemninga er i dag etablert som både forskingsfag og lærarutdanningsfag. Departementet viser likevel til at nemninga norsk som andrespråk vart brukt i læreplansamanheng fram til 2007, då den aktuelle læreplanen vart erstatta med ein ny læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Departementet meiner det derfor er uheldig å bruke denne nemninga i den nye lova.

28.5.2 Rett til særskild språkopplæring

Departementet foreslår å vidareføre retten til særskild språkopplæring for elevar med andre morsmål enn norsk og samisk. Forslaget inkluderer retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag. Målet med reglane om særskild språkopplæring er at elevane skal lære seg norsk så raskt som mogleg slik at dei kan følgje den vanlege opplæringa på lik linje med andre elevar.

Gode norskkunnskapar er viktige for at elevar skal utvikle grunnleggjande ferdigheiter, tileigne seg fagleg kompetanse, gjennomføre vidaregåande opplæring og kunne delta i det norske samfunnet. Departementet meiner derfor at forsterka opplæring i norsk framleis bør vere det fremste verkemiddelet for at minoritetsspråklege elevar skal kunne tileigne seg gode nok norskkunnskapar til å kunne følgje den alminnelege opplæringa i skolen. For minoritetsspråklege elevar utan norskferdigheiter eller med svært avgrensa norskferdigheiter vil morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag vere nødvendig for å lære seg norsk. Rett til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag utgjer derfor ein viktig del av den individuelle retten til særskild språkopplæring.

Forsterka opplæring i norsk inneber ei tilrettelagd norskopplæring med eit andrespråksperspektiv. Den forsterka opplæringa i norsk kan gå føre seg i eiga gruppe eller som tilpassing innanfor det ordinære norskfaget. Retten til forsterka opplæring i norsk gjeld også på årstrinn i vidaregåande opplæring der eleven ikkje har opplæring i faget norsk. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til eleven. Tospråkleg opplæring i fag inneber opplæring i fag (til dømes matematikk, naturfag eller samfunnsfag) på norsk og morsmålet til eleven eller eit anna språk eleven kan. Undervisninga blir gitt av tospråklege lærarar, og det er læreplanen i det enkelte faget som skal brukast.

Vilkåret for rett til særskild språkopplæring skal framleis vere at eleven ikkje kan norsk godt nok til å kunne følgje med i opplæringa. Departementet foreslår vidare at vilkåret for rett til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag blir formulert slik at eleven har rett til slik opplæring «om det trengst». Det betyr at kommunane og fylkeskommunane må gjennomføre skjønnsmessige vurderingar som i stor grad må basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Det vil derfor framleis vere slik at lovreguleringa opnar for eit nødvendig skjønn. At vilkåret skal vere «om det trengst» framfor «nødvendig» som i dagens lov, er berre ei språkleg endring og inneber ikkje ei realitetsendring.

Departementet har vurdert om det er behov for å presisere retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag nærare i lova. Departementet meiner det er vanskeleg å presisere dette nærare utan at det går ut over det profesjonelle skjønnet til kommunen og fylkeskommunen og moglegheita til å gjere konkrete vurderingar ut frå behova og føresetnadene til enkelteleven. Det er vurderinga til departementet at det også er overflødig å presisere i lovteksten at elevar med kort butid i Noreg skal få tilbod om morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, med mindre det er openbert unødvendig. Ein elev som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa, vil ha rett til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag når det er nødvendig for å lære norsk, jf. vilkåret «om det trengst». Dette vil særleg gjelde elevar som har budd kort tid i Noreg, og som derfor mest sannsynleg vil ha behov for morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar, og andre elevar med så svake norskferdigheiter at dei ikkje kan følgje opplæringa. Sjå nærare omtale i merknadene til forslaget §§ 3-6 og 6-5.

Departementet foreslår at retten til vidaregåande opplæring skal gjelde heilt fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Dagens regel om rett til inntil to år ekstra opplæringstid i vidaregåande opplæring for elevar med rett til særskild språkopplæring vil dekkjast av denne retten og blir derfor ikkje vidareført. Sjå nærare omtale i punkt 40.2.4.2.

28.5.3 Vurdering av norskkunnskapar før vedtak om særskild språkopplæring

Departementet foreslår å ikkje vidareføre plikta til å kartleggje norskferdigheitene til eleven før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Departementet viser til at plikta til å kartleggje norskferdigheitene til eleven før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, er utan formkrav, og at ho ikkje gir fleire plikter enn det som følgjer av forvaltningslova § 17 om plikta forvaltningsorgan har til å opplyse ei sak før det blir gjort vedtak (utgreiingsplikta). Utgreiingsplikta inneber at kommunen og fylkeskommunen må greie ut saka og gjere nødvendige vurderingar før det blir gjort vedtak. Å regulere utgreiingsplikta til kommunen og fylkeskommunen særskilt i opplæringslova er derfor overflødig og ei dobbeltregulering som etter retningslinjene for regelstyring bør unngåast, sjå punkt 4.5.7.

Departementet peiker på at forvaltningslova er ei sektorovergripande lov, og at utgreiingsplikta er ein heilt grunnleggjande saksbehandlingsregel. Departementet meiner at ein må kunne vente seg at kommunen og fylkeskommunen, som forvaltningsorgan og utøvarar av offentleg mynde, kjenner regelverket som gjeld for verksemda deira. Kommunen og fylkeskommunen må ta omsyn til alle reglane i forvaltningslova i arbeidet sitt, og det å ta inn element av denne i opplæringslova kan bidra til mindre merksemd om andre reglar og rettstryggingsgarantiar i forvaltningslova hos kommunen og fylkeskommunen som skoleeigarar.

Departementet understrekar at det er viktig med ein god praksis for vurdering av norskferdigheitene til elevane. Dette er for å sikre at retten til særskild språkopplæring blir vareteken, og at opplæringstilbodet blir tilpassa det individuelle behovet til elevane. Utdanningsdirektoratet har utvikla eit kartleggingsverktøy i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar som er frivillig for kommunen og fylkeskommunen å bruke (Kartleggingsverktøy i grunnleggende norsk (2021)).

28.5.4 Jamleg vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa

Departementet foreslår å vidareføre dagens regel om at kommunen og fylkeskommunen jamleg skal vurdere om ein elev med vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den ordinære opplæringa.

Departementet er samd med innspill i høyringa om at det følgjer av dei generelle forskriftsreglane om undervegsvurdering at også språkkompetansen til eleven skal kartleggjast undervegs i opplæringa. Departementet meiner det likevel framleis bør gå uttrykkjeleg fram av lova at skolen jamleg skal vurdere om eleven kan norsk godt nok til å følgja opplæringa på norsk. Departementet viser til at vurderinga skal gi grunnlag for å avgjere når eleven kan norsk godt nok til å følgje vanleg opplæring, eller at det ikkje lenger er behov for opplæring i morsmål eller tospråkleg opplæring i fag. Vurderinga skal sikre at elevane får realisert overgangen til den ordinære opplæringa når ferdigheitene til elevane i norsk tilseier det. Kor lang tid det må gå mellom kvar vurdering, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.

28.5.5 Særlege reglar om organiseringa av morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag

Departementet foreslår å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan velje å leggje opplæringa i morsmål til ein annan skole enn den eleven går på til vanleg. For grunnskoleelevar utgjer dette eit unntak frå retten til å gå på ein skole i nærmiljøet, sjå forslaget til § 2-6. At morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole, har samanheng med at morsmålsopplæring blir gitt i tillegg til det ordinære timetalet. Særskild norskopplæring og tospråkleg opplæring i fag skal givast ved skolen eleven går på til vanleg. Dei ulike skolane i ein kommune eller eit fylke kan ha elevar med same morsmål og det same opplæringsbehovet. Det er heller ikkje gitt at den enkelte skolen har tilgang til lærarar med same morsmål og kompetanse til å gi slik opplæring.

Føresetnaden for å gi morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag er at det er eigna undervisningspersonale i kommunen eller fylkeskommunen. Når slik opplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, kan kommunen og fylkeskommunen leggje til rette for alternative opplæringsformer innanfor dei rammene som er gitt i lova. Departementet foreslår ei generell regulering av fjernundervisning i den nye lova, sjå forslaget til § 14-4 og omtalen i punkt 15. Etter forslaget til § 14-4 gjeld det visse vilkår for at opplæringa kan givast som fjernundervisning. Departementet legg til grunn at dersom det det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan undervise i morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, vil vilkåret om gode grunnar vere oppfylt. Vidare må det vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, og fjernundervisning må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Desse krava følgjer ikkje eksplisitt av lova i dag når det gjeld bruk av fjernundervisning i morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag. Det vil likevel ikkje innebere ei vesentleg innskjerping ettersom all opplæring skal vere forsvarleg.

Departementet viser vidare til at opplæringa kan organiserast innanfor rammene av forslaget til § 14-2 om inndeling i klassar og grupper, og at opplæringa kan givast som intensiv opplæring for elevar frå 1. til 4. trinn etter forslaget til § 11-3. Elevane kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. forslaget til § 11-6. Opplæringa skal elles tilpassast evnene og føresetnadene til elevane, jf. § 11-1. Departementet meiner derfor at kommunen og fylkeskommunen vil ha tilstrekkelege moglegheiter til å tilpasse opplæringa i dei tilfella der det ikkje finst eigna undervisningspersonale.

28.5.6 Innføringsopplæring

Departementet foreslår å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg, og som har fått vedtak om særskild språkopplæring, opplæring i eigne grupper, klassar eller skolar, ofte omtalt som innføringstilbod. Departementet foreslår, i tråd med forslaget til opplæringslovutvalet, å kalle slik opplæring for innføringsopplæring. Innføringsopplæring er viktig for minoritetsspråklege elevar som nyleg har komme til Noreg, og som ikkje kan norsk godt nok til å følgje den ordinære opplæringa. Særleg elevar som har behov for alfabetisering, og elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet, kan ha nytte av å få slik innføringsopplæring. I vurderinga av om vilkåret om kort butid er oppfylt, skal omsynet til integrering vege tungt. Innføringsopplæring kan givast for heile eller delar av opplæringa.

Departementet meiner at det framleis skal vere frivillig for elevar som har budd kort tid i Noreg, å få innføringsopplæring. Elevane må slik departementet ser det, få velje å gå i ordinær klasse sjølv om kommunen eller fylkeskommunen tilbyr innføringsopplæring. Departementet foreslår derfor å vidareføre at eit slikt opplæringstilbod krev samtykke frå eleven sjølv eller foreldra.

Departementet vurderer også at det framleis skal vere opp til kommunen og fylkeskommunen å vurdere om opplæringa skal organiserast på denne måten. Bakgrunnen for innføringa av ei slik frivillig ordning er omtalt i Prop. 84 L (2011–2012) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.), punkt 5.4.2:

Departementet har vurdert om det bør innførast plikt for skoleeigaren til å tilby opplæring organisert på denne måten, slik at eleven får rett til innføringstilbod. Argument som kan tale for ei slik rettsfesting er å sikra lik form for tilbod uavhengig av kvar elevane bur. På den andre sida er det store variasjonar i kommunestorleikar, og spesielt små kommunar kan få problem med å oppfylle eit slikt krav. Departementet viser også til at enkelte kommunar ikkje har behov for slike innføringstilbod, og at andre kommunar ikkje har eit tilstrekkeleg tal nykomne minoritetsspråklege elevar til å få organisert tilbodet i eigne grupper. Departementet meiner på bakgrunn av dette at det ikkje skal innførast ei plikt for skoleeigaren, men at regelverket skal opne for denne typen innføringstilbod som skoleeigaren sjølv kan vurdere om skal setjast i gang. Det blir dermed heller ikkje foreslått nokon rett til å få eit innføringstilbod.

Tidsavgrensinga på to år for innføringsopplæring er meint å sikre at elevane kjem over i ein ordinær klasse så raskt som mogleg. Omsynet til inkludering og integrering tilseier at elevane ikkje bør få opplæring i særskilde grupper for lenge. Sjølv om grensa for innføringsopplæring er på to år, er det viktig at eleven ikkje får innføringsopplæring i eigne grupper lenger enn det er behov for. Departementet foreslår derfor å vidareføre at eit vedtak om innføringsopplæring berre kan gjerast fór inntil eitt år om gongen. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og frå fag- og timefordelinga. Vurderinga må ta utgangspunkt i behovet til eleven og kva som er til det beste for eleven, sjå forslaget til § 10-1. Det må derfor vurderast konkret for kvar enkelt elev om og i kva omfang det skal gjerast unntak frå fag- og timefordelinga i læreplanverket. Opplæringa må tilpassast føresetnadene til eleven, og eleven må sikrast eit forsvarleg utbytte av opplæringa.

Det er ei utfordring at enkelte ungdommar som i dag startar i vidaregåande opplæring, ikkje har tilstrekkelege føresetnader for å delta i, fullføre og bestå vidaregåande opplæring. I punkt 40 foreslår departementet å gi fylkeskommunane plikt til å ha overgangstilbod for elevar som manglar faglege føresetnader, språklege føresetnader eller begge delar, slik at dei kan delta i og bestå vidaregåande opplæring.

28.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre retten til særskild språkopplæring, inkludert morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, sjå forslaget til §§ 3-6 første ledd og 6-5 første ledd

  • å endre nemningar frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk og frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag, sjå forslaget til §§ 3-6 og 6-5

  • å ikkje vidareføre regelen om plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunane eller fylkeskommunane gjer vedtak om særskild språkopplæring

  • å vidareføre plikta kommunane og fylkeskommunane har til å vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa, sjå forslaget til §§ 3-6 andre ledd og 6-5 andre ledd

  • å vidareføre regelen om at kommunane og fylkeskommunane kan bestemme at eleven skal få opplæringa i morsmål ved ein annan skole enn den eleven går på, sjå forslaget til §§ 3-6 tredje ledd og 6-5 tredje ledd

  • å vidareføre retten kommunane og fylkeskommunane har til å organisere heile eller delar av opplæringa i eigne klassar, grupper eller på eigne skolar (innføringsopplæring), og at dette blir regulert i eigne paragrafar, sjå forslaget til §§ 3-7 og 6-6

Til forsida