Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

50 Personalet i skolen

50.1 Innleiing

Dette punktet handlar om krav til leiinga og personalet i skolen. I dag er det fastsett krav til leiinga i skolen i opplæringslova § 9-1 og krav til personalet i kapittel 10 i lova. Reglar om kontaktlærar finst i opplæringslova § 8-2 andre ledd. Krava i opplæringslova må sjåast i samanheng med dei meir detaljerte krava til kompetanse for å kunne tilsetjast i undervisningsstilling og krava til kompetanse for å kunne undervise i fag i kapittel 14 i dagens forskrift til opplæringslova.

Punktet handlar også om reglar om utlysing og val mellom søkjarar ved tilsetjing av personale i skolen, om krav til undervisningspersonale ved leirskolar og om tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår. Punktet handlar også om bruk av vikarar og om behovet for å stille krav om andre yrkesgrupper i skolen, mellom anna helsesjukepleiar.

I punkt 25 om individuell tilrettelegging blir det omtalt forslag om høvet til å gjere unntak frå kompetansekrava for dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring.

Som påpeika i vurderinga til departementet under punkt 50.5.3 under, bruker dagens lov omgrepet «undervisningsstilling» om dei som er tilsette for å gi opplæring (både fast og mellombels tilsette). I høyringsforslaget vart i hovudsak omgrepet «lærarstilling» brukt om det same. I presentasjonen av dagens reglar vil omgrepet «undervisningsstilling» bli brukt, medan omgrepet «lærarstilling» blir brukt i vurderingane og forslaga frå departementet.

I punkt 50.5.12, vurderar departementet også følgjande oppmodingsvedtak frå Stortinget:

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk:

Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017: Rett til spesialundervisning av fagpersonar:

Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.

50.2 Dagens reglar

50.2.1 Generelle krav til kompetanse og kompetanseutvikling

Dei generelle krava til kompetanse og kompetanseutvikling i skolen kjem fram av opplæringslova § 10-8. Ifølgje paragrafen har skoleeigaren ansvaret for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Vidare skal skoleeigaren sørgje for at lærarar, rektorar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. Det tidlegare kravet i opplæringslova om at skoleeigaren skulle ha eit system som sikrar kompetanseutvikling for tilsette, vart frå 1. januar 2021 erstatta av kravet til internkontroll i kommunelova § 25-1.

50.2.2 Krav til leiing i skolen

Ifølgje opplæringslova § 9-1 skal kvar skole ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Skolen skal leiast av ein rektor. Kravet gjeld alle skolar, uavhengig av storleiken. Rektor skal «halde seg fortruleg med den daglege verksemda i skolane og arbeida for å vidareutvikle verksemda». Departementet kan etter søknad gjere unntak frå kravet om rektor. Etter ei lovendring i 2003 kan fleire skolar ha same rektor.

Rektor må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar for å kunne bli tilsett. Det er ikkje krav om formell pedagogisk kompetanse eller formell leiarkompetanse. Realkompetanse er tilstrekkeleg, men det må kunne dokumenterast.

Rektor kan ha undervisningsoppgåver, men må då oppfylle dei same krava til tilsetjing og undervisning som undervisningspersonalet. Dette følgjer av opplæringslova §§ 10-1, 10-2 og 10-11.

Opplæringslova § 9-1 opnar for at rektor kan tilsetjast på åremål. Kommunelova § 13-2 opnar for at «leiande administrative stillingar» kan vere åremålsstillingar. Åremålsperioden skal vere på minst seks år.

Det kjem fram av reglane i § 2-3 fjerde ledd og § 3-4 andre ledd at undervisningspersonalet skal leggje til rette og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova, og dessutan at rektorar skal organisere skolen «i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-1 og forskrifter etter § 1-5».

50.2.3 Krav om relevant kompetanse for å bli tilsett i undervisningsstilling

Ifølgje opplæringslova § 10-1 skal den som blir tilsett i undervisningsstilling, ha fagleg og pedagogisk kompetanse. Dei nærare kompetansekrava for å bli tilsett i undervisningsstilling er fastsette i forskrift til opplæringslova kapittel 14.

Dersom ingen søkjarar til ei undervisningsstilling oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, kan søkjarar som ikkje oppfyller krava, blir tilsette mellombels, jf. opplæringslova § 10-6. Ei mellombels tilsetjing etter denne paragrafen kan ikkje vare lenger enn til 31. juli. Dersom ingen søkjarar oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, er det også mogleg å tilsetje ein søkjar som er i gang med relevant utdanning, på vilkår om at utdanninga blir fullført. Dette følgjer av opplæringslova § 10-6a. Arbeidsgivar og arbeidstakar avtaler då lengda på tilsetjinga ut frå omfanget av stillinga, lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er. Dersom vilkåret om å fullføre utdanninga ikkje blir oppfylt, gjeld reglane i arbeidsmiljølova § 14-9 om avslutning av arbeidsforhold ved mellombels tilsetjing.

50.2.4 Krav om relevant kompetanse for å kunne undervise i fag

Ifølgje opplæringslova § 10-2 må lærarar ha relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.

Dei nærare krava til kompetanse er fastsette i forskrift til opplæringslova kapittel 14. Sjølv om lovheimelen ikkje er avgrensa til å gjelde formell kompetanse, inneber forskriftskrava i dag krav om eit visst tal studiepoeng som er relevante for undervisningsfaget. Det er skoleeigar sitt ansvar å vurdere kva utdanning som skal reknast som relevant. På barnetrinnet i grunnskolen krevst det relevant kompetanse for å undervise i faga norsk, samisk, norsk teiknspråk, engelsk og matematikk. På ungdomstrinnet og i vidaregåande skole er det krav om relevant kompetanse for å undervise i dei fleste fag.

Kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget gjeld ikkje for mellombels tilsette etter opplæringslova § 10-6, for vikarar som er tilsette etter arbeidsmiljølova, eller for dei som er tilsette på vilkår etter § 10-6a. Dei som har fullført allmennlærarutdanning, og dei som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i undervisningsstilling, har dispensasjon frå kravet om undervisningskompetanse fram til 1. august 2025. Lova opnar dessutan for at kommunane og fylkeskommunane så langt det er nødvendig, kan fråvike krava dersom skolen ikkje har nok kvalifisert personale. Kommunane og fylkeskommunane må ta stilling til dette kvart skoleår.

50.2.5 Kontaktlærar

Både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring er det fastsett krav om kontaktlærarar, jf. opplæringslova § 8-2 andre ledd. Det følgjer av regelen at kontaktlærarane skal ha eit «særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen». Det er presisert i forarbeida at klassen/basisgruppa kan ha éin eller fleire kontaktlærarar, så lenge ansvarsforholda mellom dei er klargjorde, særleg kven som har ansvaret for den enkelte eleven, jf. Ot.prp. nr. 55 (2008–2009) Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova, merknad til § 8-2.

50.2.6 Krav om utlysing og val mellom søkjarar

Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg, jf. opplæringslova § 10-4. Kravet om utlysing gjeld ikkje for tilsetjingar som er kortare enn seks månader, «eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljølova § 14-2 om førerett til ny tilsetjing, § 14-3 om førerett for tilsette som arbeider deltid, eller § 15-7 om oppseiingsvern».

Prinsippet om at den best kvalifiserte søkjaren skal veljast ved tilsetjing i offentleg stilling, gjeld også i skolen. Dette er presisert slik i opplæringslova § 10-5: «Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den samen stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.» Paragrafen gjeld alle typar stillingar.

50.2.7 Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

Opplæringslova § 10-10 gir Kongen i statsråd heimel til å bestemme kven som skal forhandle om lønns- og arbeidsvilkår. Paragrafen gjeld berre stillingar «som går inn under denne lova», det vil seie undervisningspersonell og rektorar. Kommunane og fylkeskommunane har frå 1. mai 2004 vore tariffpart ved forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar der kommunane eller fylkeskommunane er skoleeigar. Dette følgjer av forskrift om forhandlingsansvar for lærarar § 1.

50.2.8 Undervisningspersonalet ved leirskolar

Det følgjer av opplæringslova § 2-3 første ledd at ein del av undervisningstida i grunnskolen kan brukast til «leirskoleopplæring». Opplæringslova § 13-7 b bestemmer at kommunane som ein del av grunnskoleopplæringa skal tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur.

Undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsette i den kommunen der leirskolen ligg, jf. opplæringslova § 10-3 første punktum. Ifølgje forarbeida til paragrafen, Ot.prp. nr. 78 (1998–99) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), kapittel 5.5, er formålet å sikre «kontinuiteten i undervisningsopplegget og tilsetjingsforholda for personalet. På denne måten vil undervisningspersonalet ha god kjennskap til forholda på staden og på dette grunnlaget kunne leggje undervisninga godt til rette for elevane».

Departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader, jf. andre punktum i § 10-3. Slike krav er ikkje fastsette.

50.2.9 Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av vikarar

Personale som ikkje er tilsett i ei undervisningsstilling, skal ikkje ha ansvar for opplæringa. Dette følgjer av opplæringslova § 10-11.

Vidare seier paragrafen at personar som ikkje er tilsette i undervisningsstilling, kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Hjelpa må skje på ein slik måte og i eit slikt omfang at elevane får forsvarleg utbytte av opplæringa. Kva som er nødvendig rettleiing, vil variere ut frå kva oppgåver den tilsette skal utføre, og hens utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring. Kva som er forsvarleg utbytte av opplæringa, må avgjerast etter ei konkret vurdering, jf. Prop. 129 L (2012–2013) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.), merknad til § 10-11.

Dagens lov regulerer ikkje vikarbruk i skolen. Lova føreset likevel at kommunane og fylkeskommunane har tilgang på vikarar ved ulike typar fråvær.

50.2.10 Fleirfagleg kompetanse i skolen og helsesjukepleiar

Ifølgje opplæringslova § 10-8 har skoleeigar ansvaret for at det er rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Opplæringslova med forskrifter inneheld krav til spesifikk kompetanse hos undervisningspersonalet og rektor. Ut over dette er det ingen krav om at det skal vere personar med ein bestemt kompetanse i skolen. Skoleeigar skal likevel sørgje for at eleven får eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Det er derfor ikkje tilstrekkeleg at kompetansekrava i §§ 10-1 og 10-2 er oppfylte dersom dette ikkje er nok til at eleven får eit innhald i opplæringa som gir eit forsvarleg utbytte. Ved vedtak om spesialundervisning er det til dømes naturleg at behovet for spesialpedagogisk kompetanse blant personalet blir vurdert.

Opplæringslova har ingen reglar om helsesjukepleiar eller skolehelseteneste.

Opplæringslova § 5-8 gir heimel for departementet til å gi forskrift om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning. Forskriftsheimelen er ikkje brukt.

I helse- og omsorgstenestelova § 3-2 er det krav om at kommunane skal tilby helseteneste i skolar. Paragrafen inneheld eit krav om at kommunane skal ha knytt til seg lege, sjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og helsesjukepleiar for å oppfylle det overordna ansvaret for helse- og omsorgstenester. Det er ikkje fastsett krav om at bestemte profesjonsutøvarar skal gi dei ulike helse- og omsorgstenestene.

Det følgjer av forarbeida til helse- og omsorgstenestelova § 3-2 at kommunane står fritt til å bestemme den ytre ramma for organisering av tenestene. Samtidig er det framheva at eit hovudpoeng med skolehelsetenesta er at ho er der barn og unge er – som ei drop-in-teneste på skolen. Det blir vist til at i ungdomsskolar og vidaregåande skolar der tenesta er regelmessig til stades over tid, blir ho nytta av 50 prosent av elevane til drop-in-konsultasjonar, jf. Prop. 91 L (2010–2011) Løyve om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova), punkt 15.5.2.3.

Forskrift om kommunens helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skolehelsetenesta inneheld utfyllande reglar om innhaldet i skolehelsetenesta. Helsedirektoratet har også utarbeidd nasjonal fagleg retningslinje for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i helsestasjon, skolehelseteneste og helsestasjon for ungdom.

50.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre kravet om at kommunane og fylkeskommunane skal ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda, og kravet om å leggje til rette for kompetanseutvikling

  • å vidareføre at opplæringa i skolen skal leiast av rektorar, og det generelle kravet om forsvarleg leiing

  • å gjere tydeleg i lova at ein rektor kan leie fleire skolar

  • å ikkje vidareføre moglegheita til unntak frå rektorkravet

  • å ikkje vidareføre regelen i opplæringslova om at rektorar kan tilsetjast på åremål

  • å vidareføre kravet om at rektor skal ha pedagogisk kompetanse

  • å ikkje vidareføre dagens lovreglar om at rektor har plikt til å organisere skolen i samsvar med til dømes formålet med opplæringa eller læreplanverket

  • å innføre plikt for kommunar og fylkeskommunar til å leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter at dei vart tilsette

  • å vidareføre kompetansekrava for tilsetjing i lærarstilling (undervisningsstilling) og å presisere at kompetansekravet seinast må oppfyllast på tiltredingstidspunktet

  • å vidareføre krava om kompetanse i undervisningsfag, men slik at det blir gjort tydelegare at krava er retta mot kommunane og fylkeskommunane

  • å vidareføre moglegheita til mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår

  • å vidareføre kravet om kontaktlærar

  • å ikkje vidareføre kravet i lova om offentleg utlysing

  • å vidareføre reglar om kvalifikasjonsprinsippet i lova

  • å ikkje vidareføre reglar om tariffavtalar

  • å vidareføre krav om kommunal tilsetjing av undervisningspersonale ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning

  • å vidareføre heimelen til departementet til å gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved leirskolar

  • å innføre krav om forsvarleg vikarordning

  • å vidareføre at dei som ikkje er tilsette i lærarstilling, skal kunne hjelpe til i opplæringa

  • å vidareføre krav om rettleiing av dei som skal hjelpe til i opplæringa, men som ikkje er tilsette i lærarstilling

  • å ikkje vidareføre forskriftsheimelen om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning

  • å ikkje innføre krav om annan spesifikk kompetanse enn lærarkompetanse

  • å ikkje innføre krav om helsesjukepleiar eller skolehelseteneste

Med desse høyringsforslaga følgde departementet delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 38, 39 og 40. I motsetning til i høyringa foreslo utvalet å ikkje vidareføre reglar i lova om kvalifikasjonsprinsippet, undervisningspersonale ved leirskolar og rettleiing av dei som skal hjelpe til i opplæringa. Høyringsforslaget om å innføre plikt for kommunar og fylkeskommunar til å leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter at dei vart tilsette, var nytt i høyringa og vart ikkje foreslått av utvalet.

Departementet høyrde ope om det bør innførast ein regel om at opplæring skal førebuast og følgjast opp av ein lærar, og at ein lærar som hovudregel skal vere til stades saman med elevane i opplæringssituasjonen. Slike reglar vart foreslått av opplæringslovutvalet.

Departementet tok i høyringa ikkje stilling til forslaget frå utvalet om å utvide fristen for å oppfylle kompetansekrava til undervisning med tre år for lærarar som allereie oppfylte krava for tilsetjing då kompetansekrava vart innførte i 2014, men departementet bad om innspel frå høyringsinstansane til korleis det kan leggjast til rette for at fleire lærarar står lenger i jobb, også etter 2025.

Departementet sende 19. april 2022 på høyring forslag om å innføre unntak frå kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag for lærarar som oppfylte eitt av krava for å bli tilsett som lærer før 1. januar 2014, og for lærarar som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning.

50.4 Høyringsinstansanes syn

50.4.1 Det generelle kravet til kompetanse og kompetanseutvikling

I underkant av 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre kravet i dagens opplæringslov § 10-8 om at kommunane og fylkeskommunane skal ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda, og at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at dei tilsette får utvikle seg pedagogisk og fagleg. Dei aller fleste som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis. Dette inkluderer mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Skolelederforbundet, Norsk Lektorlag, NHO og YS. NHO støttar forslaget delvis, men meiner at det i tillegg bør komme fram av lova at kvar enkelt skole for å oppnå måla også må ha eit system for kompetansekartlegging og kompetanseutvikling. Norges Blindeforbund ønskjer at det i forslaget § 17-8 første ledd blir presisert at rett og nødvendig kompetanse inkluderer syns- og audiopedagogisk kompetanse når skolen har elevar med sansetap. Skolenes landsforbund ønskjer at regelen stiller krav om sosialfagleg kompetanse, eller at det er lista opp kva kompetanse kommunen er forventa å ha tilgjengeleg for skolane.

KS meiner prinsipielt at lovforslaget § 1-4, saman med rettleiing for statleg styring av kommunar og fylkeskommunar, gir tilstrekkeleg regulering av krav om rett og nødvendig kompetanse i skolen. KS skriv vidare:

Innenfor rammen av at dette likevel reguleres i opplæringsloven, foreslår KS at første ledd av § 17-8 flyttes fram til begynnelsen av kapitlet. Det vil være en konkretisering av 1-4, og innledningsvis slå fast at det som kommer etterpå, er kommunens og fylkeskommunens ansvar. Slik det står nå kommer alle delkravene først og så kommer kommunens og fylkeskommunens ansvar etterpå og i en paragraf om videre faglig utvikling slik at det kan se ut som det kun er dette som faller inn under kravet til kommunen og fylkeskommunen om riktig og nødvendig kompetanse i skolen.

50.4.2 Krav til leiing i skolen

Dei fleste som har uttalt seg, støttar forslaget om å vidareføre kravet om at skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg, og at ein skole skal leiast av ein rektor som skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda.

Skolenes landsforbund set likevel spørjeteikn ved kva som ligg i kravet om at skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativ forsvarleg.

Omtrent halvparten av dei om lag ti høyringsinstansane som har uttalt seg, meiner, i motsetning til i høyringsforslaget frå departementet, at ein rektor berre skal kunne leie éin skole. Blant høyringsinstansane som meiner dette, er Kristiansand kommune, Skolelederforbundet, Norsk lektorlag, Utdanningsforbundet og Skolenes landsforbund. Norsk Lektorlag grunngir innspelet sitt med at det at rektoren er til stades dagleg, er viktig. Skolenes landsforbund meiner det er pedagogisk uforsvarleg å setje éin person til å leie fleire skolar, og viser til at det på kvar skole er ei rekkje oppgåver som rektor må gjere, som ikkje er avhengig av elevtal.

Barneombodet meiner at ein rektor som hovudregel berre bør kunne leie éin skole, men at det til dømes kan innførast unntak for små skolar med geografisk nærleik. Bergen kommune har liknande innspel.

Enkelte høyringsinstansar uttaler likevel eksplisitt at dei ønskjer at ein rektor skal kunne leie fleire skolar, inkludert Oslo kommune, Stavanger kommune og KS. Viken fylkeskommune støttar også forslaget og påpeikar at regelen varetek behovet som kommunen og fylkeskommunen har for fleksibilitet.

Dei få høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre høve til unntak frå rektorkravet, støttar forslaget.

Få høyringsinstansar har gitt innspel til forslaget om å fjerne regelen i opplæringslova om at rektorar kan tilsetjast på åremål. Utdanningsforbundet støttar forslaget. Skolenes landsforbund støttar ikkje forslaget. Det gjer heller ikkje Porsgrunn kommune, som meiner at ein slik regel bidreg til å gi kommunen og fylkeskommunen nødvendig fleksibilitet.

I høyringa er det foreslått å vidareføre dagens reglar om at rektor skal ha pedagogisk kompetanse, utan krav om formell pedagogisk kompetanse. I overkant av ti høyringsinstansar har gitt innspel, og forslaget blir mellom anna støtta av Barneombodet, enkelte fylkeskommunar, enkelte kommunar og LO. Herøy kommune og Skolenes landsforbund set likevel spørjeteikn ved kva pedagogisk realkompetanse inneber, og meiner rektor bør ha formell pedagogisk utdanning. Utdanningsforbundet er heller ikkje samd i departementets forslag og skriv

Utdanningsforbundet understrekte at skoleledere med ansvar for profesjonsfaglig ledelse bør ha lærerutdanning, lærererfaring og god ledelsesfaglig kompetanse. Vi mener at dette er krav som bør lovfestes i den nye opplæringsloven og at det ikke er tilstrekkelig bare å stille krav om at rektor skal ha pedagogisk realkompetanse.

Forslaget om å innføre ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter at dei vart tilsette, blir støtta av fleirtalet av dei om lag 15 høyringsinstansane som har uttalt seg, inkludert Møre og Romsdal fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Oslo kommune, Bergen kommune, Trondheim kommune, Øyer kommune, Skolelederforbundet og Utdanningsforbundet. Kristiansand kommune er positive til å leggje til rette for at rektorar kan ta vidareutdanning i pedagogisk leiing, men meiner pedagogisk leiing bør erstattast av leiing, då det allereie følgjer av kompetansekrava at rektor skal ha pedagogisk kompetanse. Utdanningsdirektoratet tek ikkje konkret stilling til om dei støttar forslaget eller ikkje, men uttaler:

Vi stiller spørsmål om hvordan denne plikten forholder seg til prinsippene for regelstyring om å ikke begrense det kommunale selvstyret mer enn nødvendig og at kompetansekrav og organisering av oppgavene i kommunen/fylkeskommunen normalt ikke bør reguleres.

Stavanger kommune, Sarpsborg kommune, Røros kommune og KS støttar ikkje forslaget.

50.4.3 Krav om relevant kompetanse for å bli tilsett som i lærarstilling

Kompetansekrav ved tilsetjing

Omtrent 20 høyringsinstansar har uttalt seg om høyringsforslaget om å vidareføre kompetansekrava for tilsetjing i lærarstilling og å presisere at kompetansekravet seinast må oppfyllast på tiltredingstidspunktet. Alle støttar forslaget heilt eller delvis. Dei som støttar forslaget, inkluderer mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Utdanningsdirektoratet, Statped, Viken fylkeskommune, Oslo kommune, Stavanger kommune, Herøy kommune og KS. EL og IT Forbundet støttar forslaget delvis.

Kvam kommune meiner at regelen om relevant kompetanse for å bli tilsett i lærarstilling må presisere at læraren skal ha god kompetanse i både nynorsk og bokmål skriftspråk. Fylkesmållaga i Møre og Romsdal, Noregs lærarmållag og Norskfaggruppen Høgskolen på Vestlandet har liknande innspel.

Mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår

Eit fleirtal av dei i underkant av 20 høyringsinstansane som uttaler seg, støttar departementets forslag om å vidareføre reglane om mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår, inkludert Troms og Finnmark fylkeskommune og fleire kommunar. KS støttar også forslaget og viser til at reglane er heilt nødvendige for at skolane skal kunne halde skolekvardagen i gang og gi elevane undervisning. Rogaland fylkeskommune støttar forslaget delvis, men meiner reglane bør vere endå meir fleksible for å kunne tilsetje dyktig yrkesfagleg personell, som ikkje nødvendigvis har gått i gang med pedagogisk utdanning ved starten av tilsetjingsforholdet, men søkjer seg inn på pedagogiske studium det følgjande året. Utdanningsforbundet, Akademikerne og EL og IT Forbundet støttar ikkje forslaget. Det gjer heller ikkje Norsk Lektorlag, som skriv at

loven tydelig må presisere at ansettelse på vilkår skal brukes så lite som mulig, og bare når den ansatte allerede har faglige kvalifikasjoner. I tillegg, må den som ansettes på vilkår få både rett og plikt til kvalifisering. Det vil sikre at elevene raskere får kvalifiserte undervisere, og minimere misbruk av reglene om tilsetting på vilkår.

LO meiner det bør komme tydeleg fram av reglane at fast tilsetjing må vere den klare hovudregelen.

Oslo kommune er samd i forslaget om å samle dagens §§ 10-1 om krav om kompetanse ved tilsetjing i undervisningsstilling, 10-6 om mellombels tilsetjing og 10-6a om tilsetjing på vilkår i ein felles paragraf, men ønskjer også å ha med ei formulering i lova om at dersom vilkåra ikkje blir oppfylte ved tilsetjing etter § 10-6a, gjeld reglane i arbeidsmiljølova § 14-9 om avslutning av arbeidsforhold ved mellombels tilsetjing.

Mellombels tilsetjing dersom det er andre søkjarar som oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som blir rekna som personleg ueigna for stillinga

Departementet høyrde ope om det bør presiserast i lova at søkjarar som ikkje oppfyller kompetansekrava, kan tilsetjast mellombels også dersom det finst søkjarar som oppfyller kompetansekrava, men som kommunen eller fylkeskommunen vurderer som ueigna for stillinga, jf. avklaringa i høgsterettsdommen HR-2016-2229-A. Departementet påpeika i høyringa at eit alternativ er at dette berre blir omtalt i merknaden til reglane om kompetansekrav ved tilsetjing. Berre eit fåtal høyringsinstansar har gitt innspel. Viken fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Nittedal kommune og Time kommune støttar ei slik presisering i lova. Sivilombodet ønskjer også dette presisert i lova og meiner omsynet til klarheit og føreseielege forhold tilseier at dette kjem fram av ordlyden i lova framfor berre å vere omtalt i merknadene.

Utdanningsforbundet ønskjer ikkje å ta inn ei slik presisering i lova. Forbundet viser mellom anna til at personlege eigenskapar er vanskeleg å definere konkret og endå vanskelegare å måle. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark støttar heller ikkje forslaget og skriv:

Vi antar at en lovfesting av en slik bestemmelse medfører at terskelen for å ansette lærere som ikke oppfyller kompetansekravene blir lavere. Høyesteretts dom vil uansett fortsatt være førende for rettspraksis, så alternativet med at dette omtales i merknaden til bestemmelsen er en bedre løsning.

Nord universitet tek ikkje stilling til spørsmålet direkte. Universitetet viser til merknadsforslaget til § 17-2 og skriv:

Her henvises det til en dom fra 2016, der «Tilsetting av midlertidige lærere uten tilstrekkelig formell kompetanse var ikke ugyldig» etter at «En lærer som var formelt kompetent, ble av en kommune oppfattet som personlig uegnet som lærer.» Denne dommen ser ut til å ha medført at det foreslås tatt inn i opplæringsloven at arbeidsgiver skal vurdere om søkere til lærerstillinger er kvalifiserte ut fra personlig egnethet. Dette mener vi er å gi denne dommen urimelig store følger. At det i en enkeltsak ble vurdert at en søker ikke var personlig egnet, bør vel ikke innebære at skoleeiers vurdering av personlig egnethet blir likestilt med faglige kvalifikasjonskrav og erfaring.

Innspelet frå universitet her må sjåast i samanheng med innspelet universitetet har til forslaget om å vidareføre reguleringa av kvalifikasjonsprinsippet, sjå under.

50.4.4 Krav om relevant kompetanse for å kunne undervise i fag

Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga

Eit fleirtal av dei rundt 15 høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar høyringsforslaget om å vidareføre krava om relevant kompetanse i undervisningsfag, men slik at det blir gjort tydelegare at krava er retta mot kommunane og fylkeskommunane. Barneombodet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statped, Viken fylkeskommune, enkelte kommunar og KS støttar forslaget.

Akademikerne ønskjer krav til relevant kompetanse i alle undervisningsfag. Norsk Lektorlag ønskjer også strengare kompetansekrav enn i dag og skriv at

Norsk skole trenger en langtidsplan for å trappe opp kompetansekrav for å undervise, så elevene får lærere med faglig fordypning på alle trinn i alle fag

EL og IT Forbundet meiner at relevant kompetanse må innebera at dei som underviser i yrkesfag har relevant fagbrev.

Unntak for dei som oppfylte eitt av krava for å bli tilsett i lærarstilling før 1. januar 2014, og for dei som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning

Omtrent 30 høyringsinstansar har gitt innspel. Eit klart fleirtal av kommunane og fylkeskommunane som har uttalt seg, støttar forslaget.

KS tek ikkje stilling til forslaget, men uttaler at krava har hatt store konsekvensar for behovet for vidareutdanning, og at ei gjeninnføring av unntaket vil gi kommunar og fylkeskommunar betre moglegheit for å tilby etter- og vidareutdanning i tråd med lokale behov og prioriteringar.

Utdanningsforbundet støttar forslaget og meiner at opphevinga av det tidlegare unntaket for same gruppe førte til at over 30 000 lærarar, av dei 75 prosent kvinner, vart definerte som ukvalifiserte for å undervise i fag dei hadde lang undervisningserfaring i. Utdanningsforbundet meiner også at mange eldre og erfarne lærarar som ikkje vart prioriterte i satsinga på vidareutdanning, valde å pensjonere seg tidlegare enn planlagt. Utdanningsforbundet støttar også at unntaket skal gjelde for lærarar i vaksenopplæringa og lærarar i private skolar med rett til statstilskot.

Skolenes landsforbund støttar forslaget og peikar på at krava betyr at mange erfarne lærarar vil bli tilsidesette i fag- og timefordeling på skolen, i tillegg til å stille bakarst i køen ved søknad om ny stilling.

Oslo kommune støttar forslaget, men meiner at dei statlege overføringane til vidareutdanning har vore avgjerande for å auke andelen lærarar i Osloskolen med nødvendig kompetanse, og føreset at denne ordninga held fram.

Norsk lektorlag støttar ikkje forslaget og meiner det vil undergrave målet om betre kvalitet i skolen. Det er allereie gitt ein dispensasjonsperiode på ti år for å oppfylle krava, og lektorlaget meiner ein ikkje bør gå inn for lågare krav no. Lektorlaget meiner det må innførast kompetansekrav for undervisning i alle fag på alle trinn, og peikar på at det er dokumentert i forsking at kompetansen til læraren, inkludert fagspesialisering, har noko å seie for læringsutbyttet til elevane, og at høg lærarkompetanse bidreg til auka sosial mobilitet. Lektorlaget erfarer at kommunane er for defensive i arbeidet for å oppfylle det generelle kravet om rett og nødvendig kompetanse i § 10-8, og dei meiner derfor det bør komme fram tydelege krav i lov og forskrift. Vidare meiner Lektorlaget at vurderinga rektor gjer av kva som er relevant undervisningskompetanse, må kvalitetssikrast gjennom nasjonale retningslinjer, og at ei sertifiseringsordning for lærarar med plikt til å ta relevant etter- og vidareutdanning også må vurderast på sikt.

Tekna støttar ikkje forslaget og meiner regjeringa må jobbe for ein gradvis auke av kravet om fordjuping i undervisningsfaga. Tekna meiner det ikkje skal vere lokale behov som styrer kompetansehevinga til lærarar, men heller behovet elevane har for å ha kompetente lærarar uavhengig av kvar dei bur. Dei skriv at den faglege og didaktiske kompetansen til lærarane er den viktigaste enkeltfaktoren for læringa til elevane. Det viktigaste tiltaket for å kvalifisere ukvalifiserte tilsette i undervisningsstillingar er å ikkje godta varige unntak i regelverket frå kompetansekrav for å undervise. Skoleeigarar må få plikt til å kvalifisere den tilsette gjennom tilbod om nødvendig vidareutdanning.

Arbeidsgiverforeningen Spekter støttar ikkje forslaget og meiner kompetanseutvikling kan gi motivasjon og ny giv i yrket i tillegg til auka kvalitet på undervisninga. Dei meiner at alle lærarar bør omfattast av same kompetansekrav. Den tidsavgrensa dispensasjonen i dagens lov har vore kjend i fleire år, og det er enno tid innanfor rammene som er sette.

50.4.5 Krav om kontaktlærar

Dei fem høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget om å vidareføre dagens reglar om kontaktlærar, støttar forslaget.

50.4.6 Utlysing av stillingar og val mellom søkjarar

Ikkje krav om å lyse ut stillingar

Berre eit fåtal har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre regelen i opplæringslova om at undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Bergen kommune støttar forslaget. Herøy kommune og LO støttar ikkje forslaget. Skolenes landsforbund støttar heller ikkje forslaget og ønskjer at kravet om offentleg utlysing av undervisningsstillingar og rektorstillingar blir behalde og blir utvida til også å gjelde mellomleiarar.

Kvalifikasjonsprinsippet ved val mellom søkjarar

Fleirtalet av dei som har uttalt seg, støttar forslaget om å vidareføre reguleringa av kvalifikasjonsprinsippet i opplæringslova. Dei som støttar forslaget, er mellom anna enkelte fylkeskommunar, enkelte kommunar, Utdanningsforbundet og Akademikerne. Norsk lektorlag støttar også forslaget og uttaler:

Å synliggjøre sentrale ulovfestede prinsipper i loven er pedagogisk fordi det styrker lovens leservennlighet, og bidrar til økt lovoppfyllelse ved utvelgelse til ansettelse i skolen, slik at rettssikkerheten ved ansettelser ivaretas bedre

KS støttar ikkje forslaget og grunngir dette med at det er unødvendig å lovfeste eit ulovfesta prinsipp som uansett gjeld i offentleg sektor.

Nord universitet meiner at forslaget om å leggje til personlege eigenskapar på lista over kva kommunen og fylkeskommunen skal leggje vekt på når dei skal vurdere kven som er best kvalifisert, gjer det mindre klart kva det ligg i det å vere kvalifisert, og at det blir lagt uforholdsmessig mykje makt til kvar enkelt skoleeigar å avgjere kva som ligg i det å vere kvalifisert som lærer. Dersom forslaget skal haldast ved lag, meiner universitetet at det må presiserast kva eigenskapar som skal vurderast til kvar enkelt stilling. Universitetet meiner vidare at det må krevjast skriftlege grunngivingar av vurderinga som blir gjort av søkjarane, og at det bør vere ei utdjuping av krava til personlege eigenskapar i alle stillingar som blir lyste ut. Sjå også innspelet universitetet hadde til høyringsforslaget § 17-2, omtalt over.

50.4.7 Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

Skolenes landsforbund støttar ikkje forslaget om å fjerne reglane om tariffavtalar i opplæringslova.

50.4.8 Undervisningspersonalet ved leirskolar

I overkant av ti høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at kommunen skal tilsetje undervisningspersonale ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning. Forslaget blir støtta av Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Viken fylkeskommune, Oslo kommune, Porsgrunn kommune, Lunner kommune, Utdanningsforbundet, Norsk Leirskoleforening og Evjetun leirskole. Dovre kommune støttar også forslaget og meiner regelen sikrar kvalitet, tryggleik og føreseielege vilkår i leirskoleopplæringa. Forslaget blir ikkje støtta av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Kristiansand kommune og Herøy kommune. Evje og Hornnes kommune støttar heller ikkje forslaget og sluttar seg til vurderinga frå utvalet om at det bør vere eigar av leirskolen som tilset undervisningspersonalet.

Berre fire høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre departementet sin heimel til å gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved leirskolar. Alle støttar forslaget.

50.4.9 Fagleg ansvar for opplæringa

Departementet bad i høyringa om innspel til spørsmålet om det bør innførast ein regel om at opplæringa skal førebuast og følgjast opp av ein lærar, og at ein lærar som hovudregel skal vere til stades saman med elevane i opplæringssituasjonen. Omtrent 40 høyringsinstansar har gitt innspel, og dei aller fleste meiner det bør innførast slike reglar, inkludert to fylkeskommunar, fleire kommunar, Utdanningsforbundet, LO, Norsk Lektorlag, Akademikerne og enkelte organisasjonar som representerer barn med nedsett funksjonsevne.

Fleire av dei som støttar forslaget, meiner likevel at forslaget kan vere vanskeleg og lite realistisk å praktisere, mellom anna på grunn av tilgangen på lærarar. Viken fylkeskommune skriv i den samanhengen at

[n]år det gjelder konsekvensene av forslaget ser vi ikke umiddelbart hvordan det skal la seg gjennomføre med dagens tilgang på lærerressurser, medregnet prekære vikarbehov. Vi er derfor i tvil om forslaget lar seg gjennomføre på kort sikt.

Borgund vidaregåande skole tek ikkje direkte stilling til forslaget frå utvalet, men skolen meiner eit slikt krav blir svært vanskeleg for skolar med mange elevar med IOP og som treng tett oppfølging heile skoledagen. Skolen meiner det er urealistisk at ein lærar skal ha ansvaret for all førebuing og gjennomføring av opplæringa. Skolen meiner også det vil vere nødvendig med ein diskusjon om kva som er undervisning, og kva som er helsehjelp.

Senja kommune støttar i utgangspunktet forslaget, men skriv at dei likevel er i tvil om eit slikt krav er tenleg og praktisk mogleg å gjennomføre, særleg med omsyn til tilgang på kompetanse og høve til effektiv gjennomføring av undervisninga.

Skien kommune peikar på nokre av dei same utfordringane og skriv mellom anna:

[M]ed ny læreplan, tverrfaglig arbeid og også mer digital undervisning, er opplæringssituasjonen mer mangfoldig enn tidligere. Krav om at lærer som hovedregel skal være til stede, kan begrense både lærere og elevers handlingsrom.

Enkelte av høyringsinstansane peikar på at det er behov for økonomisk kompensasjon dersom reglane blir innførte, medan Utdanningsforbundet ikkje kan sjå at innføringa av slike reglar har nokon særskilde økonomiske konsekvensar. Asker kommune skriv i høyringsfråsegna si:

Et slikt krav kan gi bedre forutsetninger for at elevenes rett til vurdering og forsvarlig opplæring blir oppfylt – særlig for elever som får individuelt tilrettelagt opplæring. Samtidig kan dette ha økonomiske konsekvenser for kommunen. Vi mener at det ikke burde utformes som et absolutt krav at en lærer er tilstede i all opplæring. Det er også mange eksempler på at andre faggrupper kan legge til rette for gode læringsaktiviteter. Eksempler på dette kan være ADL-trening, motoriske ferdigheter, og øve på ferdigheter.

Fleire andre meiner det kan vere opplæringssituasjonar, til dømes symjeundervisning, som krev annan type kompetanse enn lærarkompetanse, og at eit slikt krav eventuelt må ha relevante unntaksreglar.

Det er ingen av høyringsinstansane som primært ønskjer det alternative forslaget i høyringsnotatet om at slike reglar berre skal gjelde for individuelt tilrettelagd opplæring, men Handikappede Barns Foreldreforening skriv at dei ønskjer at kravet skal gjelde for individuelt tilrettelagd opplæring dersom departementet ikkje går vidare med at eit slikt krav skal gjelde generelt.

50.4.10 Personale som hjelper til i opplæringa

Dei få høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget om at andre personale enn dei som er tilsette i undervisningsstilling kan hjelpa til i opplæringa, og å vidareføre krav om rettleiing av personale som hjelper til i opplæringa, støttar forslaget.

50.4.11 Vikarar

Omtrent 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å innføre krav om at kommunane og fylkeskommunane skal ha ei forsvarleg vikarordning. Litt under halvparten av dei som har uttalt seg om forslaget, støttar det, inkludert Barneombodet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Utdanningsdirektoratet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Bergen kommune, Aukra kommune, Redd Barna og Organisasjonen Voksne for barn. Redd Barna meiner forslaget styrkjer arbeidet med å skape trygge klassemiljø, og Barneombodet meiner at ein slik regel vil vere eit viktig signal, som krev at kommunen og fylkeskommunen har ein systematikk knytt til vikarar. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og Moss kommune uttaler at det bør gjerast tydeleg kva ein siktar til med forsvarleg, dersom forslaget om ei forsvarleg vikarordning blir vedteken og statsforvaltarane skal kunne føre tilsyn med dette kravet. Enkelte høyringsinstansar tek ikkje direkte stilling til om dei støttar forslaget eller ikkje, men meiner det er viktig at det blir presisert nærare kva som eventuelt ligg i eit krav om forsvarleg vikarordning.

Elevorganisasjonen mener det er viktig å stille kompetansekrav til vikarer. Akademikerne og Norsk Lektorlag ønsker tydelige kompetansekrav, og mener at en forsvarlig opplæring må forutsette at det kun brukes kvalifiserte lærere.

Litt over halvparten av dei som har uttalt seg, ønskjer ikkje ein lovregel om krav til forsvarleg vikarordning, inkludert over ti kommunar, KS og Skolelederforbundet. Fleire av desse grunngir motstanden sin med at ein slik regel er unødvendig, då andre reglar i lova uansett krev at skolen har nødvendig og rett kompetanse. KS skriv i det høvet at

det å ha en vikarordning faller inn under kravet om riktig og nødvendig kompetanse i skolen (§ 17-8). Dessuten vises både til pkt. 2.1 om forsvarlighetskrav og til pkt. 8. kapittel 14 om lærernorm.

Fleire av dei som ikkje støttar forslaget, meiner også at ein slik regel krev meir dokumentasjon og rapportering, utan at utfordringane med vikarmangel blir noko betre. Viken fylkeskommune peikar på fleire utfordringar med ein slik regel og skriv:

Et krav om en forsvarlig vikarordning bør ikke føre til økte dokumentasjonskrav for skolene. Et krav om kvalifiserte vikarer er positivt med tanke på undervisningskvaliteten. Utfordringen i hverdagen er imidlertid mange steder å få tak i vikarer i det hele tatt. Spesielt vil dette bli en utfordring med lærermangelen vi nå ser i skolen. Dersom kravet fører til at ansatte lærere må arbeide overtid, kan det på sikt føre til slitasje. I tillegg vil dette få store økonomiske konsekvenser.

50.4.12 Fleirfagleg kompetanse i skolen og helsesjukepleiar

Omtrent 15 høyringsinstansar har gitt innspel til forslaget om ikkje å innføre krav om annan spesifikk kompetanse enn lærarkompetanse, og eit fleirtal av desse er usamd i departementets forslag. Fleire av dei som er usamd i forslaget, peikar på at særleg elevar med særskilde behov kan ha behov for spesiell kompetanse hos opplæringspersonalet. Enkelte peikar også på at det er nødvendig med ulik kompetanse i skolen, inkludert Barneombodet, LO, YS og Utdanningsforbundet. LO meiner at det er naturleg for å styrkje «laget rundt eleven» at lova viser til andre former for kompetanse og yrkesgrupper, som sosialfagleg kompetanse, miljøarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar osv. Enkelte høyringsinstansar meiner også at det bør lovfestast rådgivingskompetanse i skolen, under tilvising til at det er viktig at elevar får god rådgiving, sjå også innspel omtalt i punkt 44 om rådgiving.

Departementet foreslo i høyringa å heller ikkje innføre krav om helsesjukepleiar eller skolehelseteneste i opplæringslova, under tilvising til at dette er regulert i helse- og omsorgstenestelova. Omtrent ti høyringsinstansar gav innspel til forslaget. Enkelte støtter forslaget, mellom anna Bærum kommune som presiserer at det er svært viktig at skolar har ei helseteneste, men som likevel sluttar seg til at det ikkje er nødvendig å regulere skolehelsetenesta i opplæringslova. Enkelte høyringsinstansar ønskjer at dette skal lovfestast i opplæringslova, mellom anna Utdanningsforbundet og LO. LO grunngir innspelet sitt med at fysisk nærvær for elevane er basalt, og at det bør vere slike ordningar i alle kommunar.

Berre tre høyringsinstansar har kommentert forslaget om å ikkje vidareføre forskriftsheimelen om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning. Barneombodet støttar forslaget, medan Organisasjonen Voksne for barn og Morbus Addison Forening ikkje støttar forslaget.

50.5 Departementets vurdering

50.5.1 Det generelle kravet til kompetanse og kompetanseutvikling

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre både kravet om at kommunane og fylkeskommunane skal ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda, og kravet om at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at dei tilsette får utvikle seg pedagogisk og fagleg.

I lys av dette meiner departementet at NHOs ønske om at kvar enkelt skole må ha eit system for kompetansekartlegging og kompetanseutvikling, vil utgjere unødvendig detaljregulering.

I motsetning til Norsk Blindeforbund og Skolenes landsforbund vurderer departementet det ikkje som tenleg at lova skal eksemplifisere eller liste opp kva som er rett og nødvendig kompetanse på ulike område. Det vil heller ikkje vere mogleg å gi ei uttømmande liste i lova, då behovet vil variere lokalt. Departementet viser også til vurderingane i punkt 50.5.12 under.

Departementet meiner det er grunn til å plassere kravet om at kommunen og fylkeskommunen har den rette og nødvendige kompetansen i skolen, til ein eigen paragraf først i kapittelet. Som KS påpeikar, er dette ein generell regel, som det vil vere naturleg at står innleiingsvis i kapittelet før resten av reglane om meir spesifikke krav knytte til personalet i skolen. Departementet foreslår også enkelte språklege justeringar som ikkje er meint å innebere realitetsendringar.

Departementets forslag inneber at kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei tilsette får utvikle seg pedagogisk og fagleg, skal stå i ein eigen paragraf.

50.5.2 Krav til leiing i skolen

Krav til forsvarleg leiing ved kvar skole

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre kravet om at kvar skole skal ha ei fagleg, pedagogisk og administrativ forsvarleg leiing. Eit slikt krav til leiinga er avgjerande for at skolen kan drive kontinuerleg kvalitetsutvikling i verksemda. Å fjerne kravet ville signalisere at dei forventningane lovgivar har til korleis skolane skal leiast, er svekte. Skolenes landsforbund stiller spørsmål om kva som ligg i dette kravet. Vurderinga av kva som er forsvarleg leiing, er ei skjønnsmessig vurdering. Moment i vurderinga av kva som er administrativ forsvarleg leiing, kan til dømes vere knytte til storleiken på skolen, organisering av leiinga og tilhøyrande ansvarsdeling. Moment i vurderinga av kva som er fagleg forsvarleg leiing, kan til dømes vere i kva grad leiinga legg til rette for god samhandling og godt samarbeid i eigen organisasjon. Kravet er nærare beskrive i merknaden til paragrafen, der det også er gitt fleire døme på moment som kan inngå i vurderinga.

Skolen skal leiast av ein rektor, utan høve til å gjere unntak frå rektorkravet

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre ein lovregel om at skolen skal leiast av ein rektor. Sjølv om kommunane og fylkeskommunane i utgangspunktet fritt bør kunne velje kva funksjonar dei treng for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine, er det tenleg og naturleg med eit lovkrav om at skolane skal ha ein øvste ansvarleg og dagleg leiar. Av same grunn foreslår departementet å fjerne dagens høve til å gjere unntak frå kravet om at skolen skal leiast av ein rektor. Det har ikkje komme innvendingar til dette i høyringa, og forslaget er i tråd med vurderingane frå opplæringslovutvalet. Lovforslaget inneber også ein fleksibilitet ved at ein rektor framleis skal kunne leie fleire skolar, sjå vurderinga under.

Ein rektor skal framleis kunne leie fleire skolar

Departementet foreslår å lovfeste at ein rektor kan leie fleire skolar. Dette er ei tydeleggjering i lova av noko som i dag kjem fram av merknadene til dagens lovregel, og er derfor ei vidareføring av gjeldande rett. Departementet har merka seg at enkelte høyringsinstansar ikkje støttar forslaget om at rektor kan leie fleire skolar, mellom anna under tilvising til at det er viktig at rektor er til stades, både av omsynet til personalet og elevane og med tanke på dei viktige oppgåvene rektor har. Departementet meiner likevel at det framleis bør vere opning for at ein rektor kan leie to eller fleire skolar, sidan storleiken på skolane varierer. Føresetnaden er at rektor kan vareta alle oppgåvene sine overfor dei skolane hen leier, på ein god og forsvarleg måte. Departementet påpeikar i samband med dette at forslaget til ordlyd i paragrafen om leiinga i skolen tydeleg viser at rektoren skal ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda, uavhengig av om rektoren leier éin eller fleire skolar.

Reglar om at ein rektor kan tilsetjast på åremål

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å ikkje vidareføre dagens reglar i opplæringslova om at ein rektor kan tilsetjast på åremål, då departementet legg til grunn at tilgang til å tilsetje rektor på åremål uansett følgjer av kommunelova. Kommunestyret eller fylkestinget kan bestemme at leiande administrative stillingar skal vere åremålsstillingar, jf. kommunelova § 13-2. I kommunelova skil ein mellom administrasjonen, som er underlagd kommunedirektøren, og dei folkevalde. Ei leiande administrativ stilling må derfor etter kommunelova forståast som alle leiande stillingar i administrasjonen, noko departementet meiner også vil inkludere skoleleiarar. Departementet ser ikkje grunn til dobbeltregulering og foreslår derfor å ikkje ha reglar i opplæringslova om at ein rektor kan tilsetjast på åremål.

Kompetansen til rektor

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre dagens reglar om at rektor skal ha pedagogisk kompetanse. Det er ikkje krav om formell pedagogisk kompetanse. Realkompetanse er tilstrekkeleg, men må kunne dokumenterast. Dette betyr at den enkelte må ha anten formell kompetanse, kompetanse opparbeidd gjennom praksis eller ein kombinasjon av desse. Kompetansekrav til funksjonar eller stillingar grip inn i det kommunale sjølvstyret og bør i utgangspunktet unngåast. Som opplæringslovutvalet påpeika i NOU 2019: 23, kapittel 38, vil det variera frå skole til skole kor omfattande ansvar rektor har for det pedagogiske arbeidet på skolen, for forvaltning av dei økonomiske midlane til skolen og for dei andre administrative sidene ved skolen. Kva kvalifikasjonar det er rimeleg å krevje av rektor, vil dermed også variere. Det er lokale forskjellar med omsyn til leiingsstrukturen til skolane. I delar av landet er det problem med å rekruttere rektorar. Departementet meiner eit krav om formell pedagogisk kompetanse i verste fall kan hindre kommunane og fylkeskommunane i å tilsetje den søkjaren dei meiner er best kvalifisert for rektorstillinga. Samla sett talar dette for ikkje å ha formelle krav til kva utdanning ein rektor skal ha. Departementet meiner likevel, som opplæringslovutvalet, at det lovfesta krava til pedagogisk kompetanse bør førast vidare for å sikre at rektor som øvste leiar av ei pedagogisk verksemd har pedagogisk kompetanse.

Departementet foreslår òg, i tråd med høyringsforslaget, å ikkje vidareføre dagens krav om at rektor skal ha nødvendige leiareigenskapar. Det kan for det første oppfattast uklart kva som ligg i eit slikt krav. Vidare kan eit slikt krav i ei viss grad seiast å følgje av det meir generelle kravet om forsvarleg leiing.

Som departementet peika på i høyringa, viser forsking at pedagogisk leiing har mykje å seie for i kva grad leiinga lykkast med å leie skolen på ein god måte. Rektorar står i dag overfor komplekse utfordringar knytte til mellom anna læringsmiljø og retten elevane har til eit trygt og godt skolemiljø, digitalisering og utvikling av profesjonsfellesskapet. God skoleleiing er også ein sentral føresetnad for å gi meir handlingsrom til kvalitetsutvikling lokalt. Departementet foreslår likevel ikkje å innføre ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter tilsetjing. Departementet meiner det er viktig å ikkje avgrense det kommunale sjølvstyret meir enn nødvendig. Det bør derfor vere opp til kommunane og fylkeskommunane i kva grad dei ønskjer å leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing. Sjølv om departementet ikkje foreslår å innføre ei slik plikt, forventar departementet likevel at kommunane og fylkeskommunane legg til rette for nødvendig kompetanseutvikling hos alle tilsette, også rektorar. Departementet viser også til forslaget i § 17-8 om å vidareføre kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for kompetanseutvikling.

Ikkje vidareføre plikta for rektor til å organisere skolen i samsvar med læreplanverket

I tråd med høyringsforslaget foreslår departementet å ikkje vidareføre dagens lovreglar om at rektor har plikt til å organisere skolen i samsvar med til dømes formålet med opplæringa eller læreplanverket, jf. opplæringslova § 2-3 fjerde ledd og § 3-4 andre ledd. Det same gjeld presiseringa av pliktene til lærarane i dei same paragrafane.

Vurderinga til departementet må sjåast i samanheng med forslaga i punkt 11 om opplæringstilbodet, mellom anna forslaget om å lovfeste at opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa osv. Departementets vurdering må også sjåast i samanheng med kravet til internkontroll i kommunelova § 25-1.

50.5.3 Krav om relevant kompetanse for å bli tilsett i lærarstilling

Kompetansekrav ved tilsetjing i lærarstilling

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre reglar om kompetansekrav for tilsetjing. Ingen høyringsinstansar har spelt inn at det ikkje bør vere slike reglar.

Departementet foreslår å endre nemninga i lova frå «undervisningsstilling» til «lærarstilling». Dette var eit forslag frå opplæringslovutvalet som departementet følgde opp i høyringa. Bakgrunnen for forslaget er å harmonisere ordbruken i lova. Omgrepet «lærarstilling», inkluderer både dei som er tilsette etter hovudregelen i forslaget § 17-3 første ledd om å ha «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse», og personar som er tilsette mellombels etter forslaget § 17-3 andre ledd, sjå vurderingane av vilkåra under.

Forslaget inneber, i tråd med dagens reglar, at den som skal tilsetjast, må ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, og at departementet kan gi nærare forskrift om slike krav.

Som påpeika i punkt 2.2 innleiingsvis i proposisjonen har departementet satt i gang eit arbeid med å, i dialog med partane, vurdere om det bør gjerast endringar i reglane for tilsetjing i lærarstilling i skolen.

Departementet foreslår vidare at kompetansekrava for tilsetjing skal vere oppfylt på tidspunktet for tiltreding i stillinga. Denne forståinga er lagt til grunn etter dagens reglar, sjølv om det ikkje kjem fram eksplisitt av lova. Forslaget inneber derfor ei vidareføring av dagens reglar.

Departementet har merka seg at enkelte høyringsinstansar ønskjer at lova skal presisere at læraren må ha kunnskap i både nynorsk og bokmål. Det har også komme innspel til ønskt kompetanse for dei som skal tilsetjast i ulike typar lærarstillingar. I tråd med prinsippa for regelstyring meiner departementet at lova bør gi overordna reglar, medan meir detaljerte reglar skal stå i forskrift. Dei nærare krava til tilsetjing på ulike trinn osv. vil derfor fastsetjast i forskrift, jf. forskriftsheimelen i lovforslaget § 17-3 tredje ledd.

Reglar om mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre dagens reglar om mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår. Departementet viser til vurderinga frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 38.4.3:

For at elevene likevel skal få undervisning, mener utvalget at det er nødvendig å åpne for midlertidige tilsettinger. Alternativet er at det ikke kan gis opplæring, eller at kvalifiserte lærere får ansvaret for å undervise flere enn det som er pedagogisk forsvarlig. Utvalget mener derfor at det fortsatt må åpnes for midlertidige tilsettinger av undervisningspersonale.

Departementet legg vekt på dei nemnde vurderingane frå opplæringslovutvalet, som også er i tråd med høyringsinnspelet frå KS om at slike reglar er heilt nødvendige for at skolane skal kunne halde skolekvardagen i gang.

Når det gjeld Oslo kommunes ønske om synleggjering av koplinga til reglane i arbeidsmiljølova, meiner departementet det er tilstrekkeleg at dette er beskrive i merknadene til regelen.

I høgsterettsdommen frå 2016, HR-2016-2229-A, kom fleirtalet til at søkjarar som ikkje oppfyller krava til kompetanse, kan tilsetjast mellombels også dersom det finst søkjarar som oppfyller dei formelle kompetansekrava i forskrifta, men som kommunen eller fylkeskommunen vurderer som ueigna for stillinga. Få høyringsinstansar har uttalt seg om Høgsteretts forståing bør presiserast i ordlyden. Etter vurderinga til departementet vil ei slik presisering kunne gi eit feilaktig signal om at kommunane og fylkeskommunane i større grad enn etter dagens reglar skal kunne leggje vekt på om ein søkjar er personleg eigna for stillinga. Departementet foreslår derfor ikkje å presisere ordlyden på dette punktet og meiner det er tilstrekkeleg å gjere dette tydeleg i merknadene til paragrafen.

50.5.4 Krav om relevant kompetanse for å kunne undervise i fag

Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre kravet om at dei som skal undervise, skal ha relevant kompetanse i undervisningsfaga. Forslaget inneber at det blir tydelegare enn i dagens lov at krava er retta mot kommunane og fylkeskommunane, og ikkje mot kvar enkelt lærar. Det vil komme fram av forskrift om det stilles krav for dei enkelte faga og kva krava består i. Dei konkrete kompetansekrava er derfor ikkje vorte vurderte i denne proposisjonen.

Unntak dersom det er nødvendig fordi skolen ikkje har nok tilsette som oppfyller krava

Forslaget vidarefører moglegheita for kommunane og fylkeskommunane til å fråvike krava dersom skolen ikkje har nok lærarar med relevant kompetanse i faget. Dersom ein kommune eller ein fylkeskommune vedtek å fråvike krava, må dette gjerast for kvar enkelt lærar og for kvart enkelt fag, og kommunen eller fylkeskommunen må minst ein gong per skoleår vurdere om det framleis er nødvendig å fråvike kravet.

Unntak for mellombels tilsette

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre dagens reglar om at kravet til relevant kompetanse i undervisningsfaga ikkje gjeld for mellombels tilsette. Med mellombels tilsette siktar ein til både dei som er tilsette etter reglane i forslaget § 17-3 andre ledd, og dei som er tilsett mellombels etter arbeidsmiljølova (vikarar). I dagens lov er dei ulike gruppene mellombels tilsette nemnde i unntaksregelen, medan departementet meiner det er tilstrekkeleg at unntaket refererer til «mellombels tilsette». Dette er berre meint som ei regelteknisk forenkling og utgjer inga realitetsendring.

Unntak for lærarar som oppfylte eitt av krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, og for lærarar som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning

Då kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag vart innført i 2014 (vedteke av Stortinget i 2012), gjaldt det ikkje for dei lærarane som allereie oppfylte kravet for tilsetjing. Lovendringa gjaldt berre dei som oppfylte kravet til tilsetjing etter at dei nye reglane tok til å gjelde. Iverksetjinga skjedde rett før det første kullet lærarar med ny grunnskolelærarutdanning og meir fagleg fordjuping vart ferdig utdanna våren 2014. Reglane gjaldt derfor for dei nye grunnskolelærarane, men ikkje for dei som hadde tidlegare allmennlærarutdanning. For å likebehandle alle med allmennlærarutdanning vart det også innført eit unntak for dei få allmennlærarane som ville fullføre utdanninga etter 1. januar 2014 (til dømes på grunn av foreldrepermisjon).

Unntaksregelen om allmennlærarar og dei som oppfylte krava for tilsetjing før 1. januar 2014, vart oppheva i 2015. Dette er det som er omtalt som «avskilting» av lærarar. I 2017 vart det likevel innført eit unntak for den same gruppa lærarar, i form av ein tidsavgrensa dispensasjon som varer til 1. august 2025, sjå beskrivinga av dagens reglar over.

Departementet foreslår, i tråd med høyringa våren 2022, å gjeninnføre det generelle unntaket frå kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget for dei lærarane som er utdanna før 2014. Eit slikt unntak kan forhindre at lærarar som har jobba i skolen i mange år, opplever at dei ikkje er kvalifiserte etter regelverket i fag dei har lang undervisningserfaring i, noko også høyringsinnspela frå Utdanningsforbundet og Skolenes landsforbund støttar opp under. Etter vurderinga til departementet vil eit slikt unntak kunne bidra til å behalde fleire kvalifiserte lærarar i skolen, ved å redusere talet på lærarar som ønskjer å skifte yrke eller pensjonere seg tidleg. Dette dreier seg om lærarar som gjennom mange år har opparbeidd seg stor kompetanse som er viktig for skolen.

Enkelte høyringsinstansar meiner at unntaksperioden fram til 2025 har vore lang nok, at den faglege kompetansen til lærarane er viktig for læringa til elevane, og at omsynet til kvalitet i opplæringa må vere avgjerande. Til dette gjer departementet merksam på at forslaget ikkje betyr at departementet er mindre oppteke av å styrkje kompetansen til lærarane enn før. Departementet meiner at det er viktig å auke den formelle kompetansen til lærarane og skoleleiarane gjennom vidareutdanning i ulike fag og tema. Tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling gir skoleeigarane støtte til å vurdere og planleggje kollektiv kompetanseutvikling ut frå eigne behov. Departementet viser også til at det i september 2021 vart utnemnt eit offentleg utval for å vurdere ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, kulturskole, opplæring særskilt organisert for vaksne, og i fag- og yrkesopplæringa i både skole og bedrift. Utvalet skulle i tillegg sjå på korleis andre tilsette i «laga rundt eleven» og skolefritidsordninga kan inkluderast. Utvalet leverte 28. september 2022 sin NOU 2022: 13 Med videre betydning. NOU-en var deretter på høyring, med frist for høyringsinnspel 28. februar 2023. Departementet jobbar, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, med oppfølginga av NOU-en og høyringa av denne.

Departementet gjer merksam på at det har vore forventa at skoleeigarane skulle prioritere vidareutdanning for å kunne overhalde kompetansekrava innan den noverande lovfeste dispensasjonen sluttar å gjelde 1. august 2025. Ein permanent unntaksregel vil etter vurderinga til departementet støtte opp under tillitsreforma. Kommunane og fylkeskommunane har ulikt rekrutteringsgrunnlag, ulike behov og ulike høve til å prioritere vidareutdanning. Det er derfor viktig med kompetanse- og utviklingstiltak som opnar for lokale prioriteringar, og KS har i høyringsfråsegna si peika på at ei gjeninnføring av unntaket vil gi kommunane og fylkeskommunane betre moglegheit for å tilby etter- og vidareutdanning i tråd med lokale behov.

Departementets forslag inneber å innføre ein unntaksregel om at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget ikkje skal gjelde dei lærarane som oppfylte tilsetjingskrava før 1. januar 2014. Forslaget til unntaksregel gjeld også dei som fullførte tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014. Denne gruppa har vore inkludert i unntaks- og dispensasjonsreglane fram til no, og ei slik utforming av unntaksregelen vil sikre at alle med allmennlærarutdanning blir likebehandla, også dei som av ulike grunnar var forseinka i utdanninga. Studentane hadde eksamensrett ut 2015, og det var mogleg for universiteta og høgskolane å tilby eksamen etter allmennlærarutdanninga fram til 31. desember 2017.

50.5.5 Krav om kontaktlærar

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre dagens reglar om at alle elevar skal ha ein kontaktlærar som har særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og ansvar for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen. Det er ein fordel at både elevar og foreldre har ein fast person dei kan vende seg til på skolen. Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om dette forslaget, støttar det.

Forslaget gir, som i dag, rom for at det kan vere fleire kontaktlærarar i éin klasse, men kvar av elevane i klassen skal då berre ha éin av dei som kontaktlæraren sin.

50.5.6 Utlysing av stillingar og val mellom søkjarar

Utlysing av stillingar

Departementet foreslår, i tråd med opplæringslovutvalet, å ikkje vidareføre reglane i opplæringslova § 10-4 om at undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg.

Ledige statlege stillingar skal lysast ut eksternt, jf. statstilsettelova § 4. Det kjem ikkje fram uttrykkjeleg av noko regelverk at det same gjeld for ledige stillingar i kommunane og fylkeskommunane. Dette er likevel den klare hovudregelen, ifølgje mellom anna Sivilombodet. I NOU 2019: 23, kapittel 38.4.6 viste opplæringslovutvalet til at Sivilombodet grunngir hovudregelen om ekstern utlysing med at offentlege stillingar byggjer på det ulovfesta kvalifikasjonsprinsippet, som føreset at offentlege stillingar blir kunngjorde på ein slik måte at aktuelle søkjarar får allmenn kunnskap om den ledige stillinga, slik at den som samla sett er best kvalifisert, blir tilsett. Sivilombodet viste også til at manglande utlysing lett kan skape mistanke om at det kan liggje usaklege omsyn til grunn for ei tilsetjing. Sivilombodet peika på at det unntaksvis, og etter ei konkret vurdering, kan reknast som sakleg å la vere å lyse ut ei ledig stilling, til dømes ved akutt bemanningsbehov. Sivilombodet meinte terskelen for å la vere å lyse ut er høgare desto meir ettertrakta eller høgare stillinga er.

Opplæringslovutvalet meinte at det ikkje er behov for å presisere i særlovgivinga at lærarstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg, og at det heller ikkje er nødvendig å ha særreglar om unntak for kortare vikariat eller engasjement. Dette vil slik utvalet ser det, også harmonere betre med andre regelverk som kommunane forvaltar, til dømes barnehagelova og barnevernslova.

Departementet sluttar seg til vurderinga frå utvalet. Departementet legg til grunn at det som ein klar hovudregel uansett vil gjelde eit krav om offentleg utlysing for stillingar i skolen, inkludert for vikariat. Det er derfor ikkje behov for å regulere dette særskilt i opplæringslova.

Lovregulere kvalifikasjonsprinsippet ved val mellom søkjarar

Departementet foreslår å vidareføre lovfestinga av kvalifikasjonsprinsippet ved tilsetjingar i skolen. Paragrafen lovfestar eit alminneleg prinsipp om at den best kvalifiserte søkjaren skal veljast ved tilsetjing i ei offentleg stilling. Dette prinsippet (ofte kalla kvalifikasjonsprinsippet) er utvikla og stadfesta gjennom rettspraksis, forvaltningspraksis, praksis hos Sivilombodet og juridisk teori.

Opplæringslovutvalet meinte at det ikkje er nødvendig å lovfeste kvalifikasjonsprinsippet, og foreslo å ikkje vidareføre regelen. Utvalet viste til at prinsippet allereie følgjer av ulovfesta rett, og at det ikkje er naturleg å lovfeste kvalifikasjonsprinsippet særskilt for opplæringsverksemd, som berre er éin av fleire verksemder i ein kommune eller fylkeskommune. Utvalet uttalte vidare at det bør vere godt kjent at det ikkje gjeld eit ansiennitetsprinsipp ved tilsetjingar i skolen. I tillegg viste utvalet til at kvalifikasjonsprinsippet er teke inn i hovudtariffavtalane mellom partane i kommunal sektor.

Departementet har merka seg vurderinga og konklusjonen frå utvalet og er samd i mange av argumenta frå utvalet. Departementet meiner likevel at det på bakgrunn av innspel frå høyringsinstansane er grunn til å behalde lovfestinga av kvalifikasjonsprinsippet ved tilsetjingar i skolen.

Bakgrunnen for å vedta regelen i dagens opplæringslov var at lovgivar meinte det var behov for å klargjere at personlege eigenskapar er eit relevant kriterium ved tilsetjingar, og at kommunane og fylkeskommunane kan bruke intervju i tilsetjingsprosessen. Departementet er samd med utvalet i at desse forholda i større grad enn tidlegare er kjende i utdanningssektoren, og at ei lovfesting derfor kan synast unødvendig. Departementet vil likevel vise til at kvalifikasjonsprinsippet er lovfesta i statstilsettelova § 3. Då denne paragrafen vart foreslått, meinte Kommunal- og moderniseringsdepartementet at lovfesting av den ulovfesta regelen kunne bidra til å styrkje rettstryggleiken til den enkelte. Statstilsettelova gjeld ikkje for tilsetjingar i kommunal og fylkeskommunal sektor. Etter ei samla vurdering meiner departementet derfor at det er tenleg å lovfeste kvalifikasjonsprinsippet også i opplæringslova. Departementet vektlegg her omsynet til rettstryggleiken til arbeidssøkjarane og pedagogiske omsyn og meiner dette må vege tyngre enn omsynet til å unngå regulering av ein ulovfesta regel. Departementet foreslår derfor, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre regelen som gir uttrykk for kvalifikasjonsprinsippet i ny opplæringslov, med ein ordlyd som er tilnærma lik ordlyden i statsansattelova § 3.

Når det gjeld innspelet frå Nord universitet, noterer departementet at endringa av ordlyden frå dagens reglar ikkje er meint å innebere ei realitetsendring, men er som påpeika over eit grep for å gjere reglane likare dei tilsvarande reglane i statstilsettelova.

50.5.7 Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

Dagens lov § 10-10 opnar for at staten kan inngå tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkåra til lærarane, som er bindande for kommunane og fylkeskommunane.

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å ikkje vidareføre dagens reglar, då reglane ikkje er nødvendige. Dette inneber også at dagens forskrift om forhandlingsansvar for lærere, som er heimla i dagens lov § 10-10, ikkje blir vidareført.

Ordninga er no slik at kommunane og fylkeskommunane er tariffpart ved forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonale i dei grunnskolane og vidaregåande skolane der kommunar eller fylkeskommunar er eigar. Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for mange ulike yrkesgrupper og velferdsområde og vil med mindre noko anna er regulert vere tariffpart ved forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar som representerer eigne tilsette. Det har derfor i dag inga praktisk betyning at forskrifta som gjeld den tidlegare overføringa av forhandlingsansvaret ikkje blir vidareført. Dersom staten igjen ønskjer å inngå tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkåret til lærarane som er bindande for kommunane og fylkeskommunane, bør saka leggjast fram for Stortinget i form av eit lovforslag.

50.5.8 Undervisningspersonalet ved leirskolar

Utvalet foreslo å ikkje vidareføre kravet om at kommunen skal tilsetje undervisningspersonale ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning, og departementet sin heimel til å gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved leirskolar. Utvalet viste til at det er urimeleg at vertskommunane blir pålagde å tilsetje fast undervisningspersonale ved leirskolar som etablerer seg der. Utvalet meinte dette synest særleg urimeleg når det ikkje er fastsett kvalifikasjonskrav for personalet, og det uansett er heimkommunen til elevane som har ansvaret for at opplæringa ved leirskoleopphald eller andre skoleturar er i samsvar med regelverket.

Departementet meiner det kan vere gode grunnar til å endre dagens regel, men ønskjer ikkje å gjere dette no, då dette ikkje er tilstrekkeleg greidd ut. Kva konsekvensar ei endring i tråd med forslaget frå utvalet kan få for finansieringa av leirskoletilboda og kompetansen til undervisningspersonalet ved leirskolane, er blant forholda departementet eventuelt må sjå nærare på.

Departementet foreslår derfor å vidareføre dagens reglar om at undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsette i den kommunen der leirskolen ligg, og at departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader.

50.5.9 Fagleg ansvar for opplæringa

Basert på eit forslag frå opplæringslovutvalet høyrde departementet ope spørsmålet om det bør innførast ein regel om at opplæring skal førebuast og følgjast opp av ein lærar, og at ein lærar som hovudregel skal vere til stades saman med elevane i opplæringssituasjonen.

Forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 38, om at det bør innførast ein slik regel, baserte seg på ei vurdering av at det er uklart kva oppgåver som ligg til det faglege ansvaret for opplæringa, og at det er fornuftig å presisere dette i den nye lova.

Når det gjeld kva presiseringar som bør gjerast i lova, meinte opplæringslovutvalet for det første at opplæringa må førebuast av ein lærar, ettersom det er lærarar som har den kompetansen som er nødvendig for å lage eit godt opplegg for opplæringa. Utvalet meinte vidare at opplæringa må følgjast opp av ein lærar, ettersom dette gir best føresetnader for vurdering og for alle former for opplæring i skolen, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Ifølgje utvalet bør det vere stor fagleg fridom i kva som skal reknast som førebuingar og oppfølging.

Vidare meinte opplæringslovutvalet at det faglege ansvaret til læraren inneber at den klare hovudregelen bør vere at ein lærar er til stades saman med elevane i opplæringssituasjonen. Utvalet foreslo ikkje å lovregulere unntak frå hovudregelen, men i beskrivinga av forslaget sitt viste utvalet til enkelte situasjonar der opplæringa kan skje utan at lærar er til stades, utan at dette er meint å vere uttømmande. Eit av døma utvalet trekte fram, er yrkesfagleg fordjuping i vidaregåande opplæring, der elevane får opplæring i bedrift. Andre døme som utvalet trekte fram, er fjernundervisning og bruk av alternativ opplæringsarena.

Departementet meiner, slik departementet gav uttrykk for i høyringsnotatet, at forslaget frå utvalet om å lovfeste eit krav om at ein lærar som hovudregel må vere til stades saman med elevane i opplæringssituasjonen, saman med eit tydelegare krav om at berre lærarar kan førebu og følgje opp opplæringa, kan gi betre føresetnader for at retten elevane har til ei forsvarleg opplæring, og at retten til vurdering blir oppfylte.

Departementet foreslår likevel å ikkje innføre eit slikt krav som utvalet foreslo. Ei eventuell innføring av eit slikt lovkrav krev ytterlegare utgreiing, då vi har for lite kunnskap om konsekvensane av ein slik regel.

I høyringsnotatet bad departementet om tilbakemelding på praktiske og økonomiske konsekvensar av ei slik lovpresisering, om ein slik lovregel er tenleg og mogleg å gjennomføre.

Enkelte høyringsinstansar meiner det kan vere utfordrande å innføre ein slik regel, særleg med tanke på tilgang på lærarar.

Forslaget frå utvalet innebar at det som hovudregel skal gjelde eit krav om at læraren er til stades saman med elevane. Utvalet foreslo å ikkje regulere unntakstilfelle i lova, men skisserte enkelte døme på unntak. Fleire høyringsinstansar har uttrykt ulike meiningar om kva unntak som bør gjelde, og enkelte har uttrykt uvisse om kva unntak som kan godtakast i den skjønnsmessige vurderinga som må gjerast.

Departementet meiner det ikkje er mogleg å regulere uttømmande kva unntak som skal gjelde, og at ein eventuell slik regel derfor må vere skjønnsmessig. Departementet meiner at det vil vere utfordrande å avgjere kva unntak som kan godtakast, og kvar ein eventuelt skal leggje lista for unntak. Eitt døme er spørsmålet om det krev ein ekstra lærar dersom ein lærar deler klassen i to med den ene delen av klassen ute og den andre delen av klassen inne. Dersom svaret er ja, kan det leggje unødvendige sperrer for å drive innovativ, kreativ og utforskande undervisning. Eit liknande døme er tilfelle der elevar jobbar med gruppearbeid og har behov for å spreie seg over større areal enn klasserommet. Mange nye skolar har i dag areal i tilknyting til klasserom som legg til rette for meir fleksibel organisering som fremjar opplæringa til elevane. Eit anna døme er om det skal vere mogleg for ein lærar å ta ut ein elev for samtale medan klassen jobbar med tilrettelagde oppgåver. Det kan vidare setjast spørjeteikn ved kva som vil skje dersom læraren er sjuk og det ikkje er mogleg å få vikar.

Departementet meiner også at ein regel med krav om at læraren er til stades, ikkje synest å passe med korleis opplæringa i ulike fag i vidaregåande opplæring går føre seg. Som vist til over peika utvalet på at faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) kan skape utfordringar for eit slikt krav. Elevar som har eigentrening i kroppsøving, noko som ligg i læreplanane, kan også skape utfordringar for eit slikt krav.

Som vurderinga over og innspela frå høyringa indikerer, kan det oppstå uklarleikar med tanke på kvar lista for unntak skal liggje. Ein skjønnsmessig regel, med uklare vurderingskriterium, kan vere vanskeleg å praktisere for skolane og vanskeleg å utføre tilsyn med for statsforvaltarane.

Når det uansett vil vere behov for omfattande unntaksmoglegheiter, er departementet ikkje overtydd om at det vil vere tenleg med ein slik regel, når andre reglar i opplæringslova uansett vil bidra til god og forsvarleg opplæring. Departementet viser også til at forslaget frå opplæringslovutvalet om at læraren må vere til stades, var eitt av fleire forslag som skulle erstatte kravet om lærartettleik, som utvalet foreslo å oppheve. I punkt 14 foreslår departementet å vidareføre reglar om krav til lærartettleik. Å ha ein regel om lærarnærvær i tillegg til dette, vil derfor innebere ei strammare styring enn i dag, både av kommunesektoren og av organiseringa av skolane og undervisninga, noko som i utgangspunktet ikkje er ønskjeleg.

I høyringa skisserte departementet eit alternativ til at krav om fagleg ansvar og nærvær skal gjelde generelt, nemleg at slike krav berre skal gjelde for individuelt tilrettelagd opplæring. Ingen av høyringsinstansane støttar primært det alternative forslaget. Departementet vil ikkje foreslå å innføre eit slikt krav berre for individuelt tilrettelagd opplæring. For elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, vil til dømes forslaget om personleg assistanse og fysisk tilrettelegging, som i dag kan inngå i spesialundervisning, sjå forslaga til §§ 11-4 og 11-5, og forslaget om å presisere i lova at det som hovudregel berre er personar som er tilsette i lærarstilling, som kan gi individuelt tilrettelagd opplæring, sjå forslaget til § 11-9, bidra til at elevane får ei forsvarleg opplæring.

Departementet foreslår, i tråd med vurderingane i høyringa, å i hovudsak vidareføre dagens reglar om at dei som ikkje er tilsette i lærarstilling, ikkje kan ha ansvaret for opplæringa, sjå forslag til § 17-6 og omtalen i punkt 50.5.10.

50.5.10 Personale som hjelper til i opplæringa

Departementet foreslår å vidareføre at anna personale enn dei som er tilsette i lærarstilling, kan hjelpe til i opplæringa, og å vidareføre kravet om rettleiing av personale som hjelper til i opplæringa.

Opplæringslovutvalet foreslo å ikkje vidareføre desse reglane, under tilvising til forslaget sitt om å gjere tydeleg kva oppgåver berre ein lærar kan gjere. Utvalet meinte at det å gi dei som hjelper læraren, nødvendig rettleiing, er ei sentral oppgåve i utøvinga av det profesjonelle ansvaret ein lærar har, og at det derfor er unødvendig å vidareføre ei lovfesta plikt til å rettleie desse.

Departementet meiner at det er viktig å framheve betydninga av at personale som hjelper til i undervisninga, får god rettleiing sidan dei kan ha ein viktig funksjon i skolen. God rettleiing bidreg både til at elevane får den opplæringa dei skal ha, og at elevane opplever at skolemiljøet er trygt og godt. Departementet meiner at rettleiingsplikta er så viktig at ho bør komme tydeleg fram i lova. Å fjerne kravet til rettleiing av personale som hjelper til i opplæringa, kan sende eit uheldig signal til sektor om at slik rettleiing ikkje blir rekna like viktig som før.

Det vil vere kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å sørgje for at dei som hjelper til i opplæringa, får nødvendig rettleiing, og at det blir sett av nok tid og ressursar for dei som skal rettleie.

Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 23 å bruke «assistent» som fellesnemning på dei som hjelper til i opplæringa, men som ikkje er tilsette i lærarstilling. Departementet foreslår å ikkje bruke omgrepet «assistent», men å heller omtale denne gruppa som personale som hjelper til i opplæringa. Omgrepet «assistent» er etter departementet syn ikkje beskrivande for den variasjonen av tilsette som regelen er meint å omfatte. Departementet viser i det høvet til merknadene til dagens reglar, i Prop. 129 L (2012–2013), der det står det at «[b]estemmelsen omfatter alle som hjelper til i opplæringen og som ikke er ansatt i undervisningsstilling, både ufaglærte assistenter, barne- og ungdomsarbeidere med fagbrev fra videregående opplæring eller fagpersoner med høyere utdanning».

50.5.11 Vikarar

Departementet foreslår å lovfeste eit krav om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.

Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 23 å innføre eit krav om at kommunane og fylkeskommunane må ha ei forsvarleg vikarordning, og meinte at eit slikt krav var viktig for å nå intensjonen med hovudregelen om lærarnærvær, og at det har mykje å seie for høvet elevane har til å få eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Utvalet viste til at bruk av assistentar som vikarar, eller at det ikkje blir sett inn vikarar, er ei vanleg utfordring.

Som enkelte høyringsinstansar påpeikar, kan det setjast spørjeteikn ved om det er nødvendig å lovfeste eit krav til forsvarleg vikarordning. Det kan hevdast at det uansett følgjer av andre reglar at kommunane og fylkeskommunane må ha tilgang på vikarar, til dømes forslaget § 17-1 om at kommunane og fylkeskommunane har ansvar for å sørgje for rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Vidare vil eit eige krav om forsvarleg vikarordning kunne seiast å gripe for mykje inn i det kommunale sjølvstyret og fridommen kommunane og fylkeskommunane har til å organisere verksemda.

Departementet vil ikkje foreslå å innføre eit krav om forsvarleg vikarordning, slik utvalet foreslo, men meiner likevel at det bør synleggjerast i lova at skolane skal ha tilgang på vikarar, noko som kan bidra til å løfte forståinga kommunane og fylkeskommunane har for korleis dei løyser behovet for vikarar, og bidra til at elevane får ei god opplæring. Funn frå tilsyn både med offentlege skolar og privatskolar i 2019 avdekte at elevar med spesialundervisning ikkje får same årstimetal som andre elevar. Det kan vere ulike grunnar til dette, men éi årsak kan vere at det ikkje blir sett inn vikarar. Også for elevar som ikkje får individuell tilrettelegging, er det viktig at det blir sett inn vikarar, og at vikarane har så god kompetanse som mogleg. Departementet meiner derfor at eit krav om at skolane har tilgang på vikarar ved varig og forventa fråvær, bør presiserast i lova for å synleggjere ansvaret kommunane og fylkeskommunane har for å setje inn vikarar når det er nødvendig. Sjå forslaget til § 17-7.

Vikarar skal fylle dei same krava til kompetanse for tilsetjing som anna undervisningspersonale. Dersom det ikkje finst søkjarar til vikariatet som oppfyller kompetansekrava, kan ein annan tilsetjast etter dei reglane som då gjeld, sjå omtale over i punkt 50.5.3. Det er ikkje realistisk, trass i ønske frå enkelte høyringsinstansar, å krevje at alle vikarar oppfyller kompetansekrava for ei lærarstilling. Det er likevel eit klart utgangspunkt at skolane i størst mogleg grad skal bruke personar som oppfyller kompetansekrava som vikarar, i tråd med reglane for tilsetjing i lærarstilling. God planlegging er avgjerande for å få til dette på ein god måte.

At skolane skal ha tilgang til vikarar ved «vanleg og venta fråvær», betyr at kommunen og fylkeskommunen må vurdere kva som er sannsynleg framtidig fråvær i verksemda, til dømes ved å ta utgangspunkt i tidlegare års fråvær eller annan kunnskap og erfaring som kan seie noko om kor mykje fråvær som kan forventast. Det er opp til kvar enkelt kommune og fylkeskommune om dei vil nytte lærarar ved skolen som vikarar, anten i eigne stillingar eller prosentdelar av lærarstillingane, eller om dei vil ha eigne vikarpoolar eller liknande.

50.5.12 Fleirfagleg kompetanse i skolen og helsesjukepleiar

Ikkje krav om annan bestemt kompetanse

Departementet foreslår at opplæringslova ikkje skal stille krav til å ha fleire yrkesgrupper med ulik kompetanse i skolen.

I høyringa drøfta departementet om det bør stillast krav om til dømes vernepleiarar, barnevernspedagogar, psykologar og sjukepleiarar. Departementet meinte det var viktig med ulik kompetanse i skolen, men konkluderte med at det ikkje bør innførast krav om annan bestemt kompetanse enn lærarkompetanse, mellom anna under tilvising til at eit slikt krav vil vere ei sterk innblanding i det kommunale handlingsrommet. Departementet meinte, til liks med opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 38, at det er tilstrekkeleg å vidareføre reglane om at kommunen og fylkeskommunen skal ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som påpeikar viktigheita av å ha ulik kompetanse i skolen, men ser likevel ikkje grunn til å regulere særskilt kva kompetanse som skal krevjast. Det generelle kravet i forslaget § 17-1 om at kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å ha den rette og nødvendige kompetansen, vil innebere at skolane må sørgje for rett og ulik kompetanse. Dette inneber til dømes at skolane må sørgje for å ha tilsette med relevant kompetanse for å sikre at retten elevane har til eit godt skolemiljø, blir vareteken. Eit anna døme er at skolane også må ha tilsette som varetek dei elevane som har rett til individuell tilrettelegging. I nokre tilfelle vil dette innebere at skolane må ha tilgang til tilsette med spesialpedagogikk eller annan kompetanse som er nødvendig for å vareta behovet til elevane for tilrettelegging. Sjå også punkt 50.5.1 over. Departementet viser også til punkt 25, der departementet foreslår å innføre ein ny regel om at det kan gjerast unntak frå kompetansekrava i forslaget §§ 17-3 og 17-4 for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, dersom personen som skal undervise, har ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer hen særleg eigna til å vareta behovet til eleven, sjå forslaget til § 11-9 andre ledd.

Departementet meiner at forslaga som det er gjort greie for i avsnittet over, sett i samanheng med dei andre forslaga til reglar i den nye opplæringslova, inneber at oppmodingsvedtaka frå Stortinget, gjort greie for i punkt 50.1, er tilstrekkeleg vurderte og varetatt. I tillegg til lovforslaga viser departementet til at det er sett i gang eit varig kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis som skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane har tilstrekkeleg kompetanse til å førebyggje, fange opp og følgje opp alle barn og elevar – inkludert elevar med behov for særskild tilrettelegging – slik at dei får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. Dette omfattar også ei styrking av vidareutdanningstilbod i spesialpedagogikk for lærarar i barnehage og skole. I tillegg skal endringane i Statped bidra til meir likeverdige tenester frå Statped over heile landet når det gjeld barn og elevar med varige, omfattande eller særleg komplekse behov.

Ikkje krav om helsesjukepleiar i opplæringslova

Departementet foreslår, slik som i høyringa, å ikkje regulere krav om helsesjukepleiar eller skolehelseteneste i den nye opplæringslova. Dette er også i tråd med vurderinga frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 38. I dag er det krav i helse- og omsorgstenestelova om at kommunane må ha knytt til seg helsesjukepleiar, og det er krav om at kommunane har skolehelseteneste. Den enkelte kommunen har stor fridom i utforminga og omfanget av tenesta og i bruken av ulike yrkesgrupper.

Moglegheita for ei bindande minimumsnorm i skolehelsetenesta har vore greidd ut. Helsedirektoratet har tilrådd at det ikkje blir sett ei juridisk bindande bemanningsnorm, fordi det vil vere eit for stort inngrep i det kommunale sjølvstyret. Ei slik norm vil også avgrense moglegheitene for å tilpasse bemanninga i tenesta etter lokale behov.

Enkelte høyringsinstansar er ikkje samde i høyringsforslaget, men har ikkje grunngitt kvifor det ikkje er tilstrekkeleg å ha reglar om dette i helse- og omsorgstenestelova. Etter vurderinga til departementet bør ikkje reglane om helsesjukepleiar og skolehelseteneste blir flytta frå helse- og omsorgstenestelova til opplæringslova. Utforminga av reglane om skolehelsetenesta bør sjåast i samanheng med reguleringa av dei andre helsetenestene i kommunane. Departementet foreslår også å vidareføre at elevar skal få rådgiving om sosiale og personlege forhold på skolen dei går på, sjå punkt 44 om rådgivingstenesta. Skolen skal også ved behov hjelpe elevar med å finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse dersom eleven treng hjelp eller råd om forhold som ikkje nødvendigvis har noko å seie for opplæringa og forholda til eleven på skolen.

Ikkje heimel for forskrift om helsetilsyn i spesialundervisning

Departementet kan i dag gi forskrift om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning etter opplæringslova § 5-8. Forskriftsheimelen er ikkje teken i bruk. Departementet foreslår å ikkje vidareføre forskriftsheimelen. Alle elevar, inkludert elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, er omfatta av dei alminnelege reglane om skolehelsetenesta i helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

50.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre kravet om at kommunane og fylkeskommunane skal ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda, og kravet om å leggje til rette for kompetanseutvikling, sjå forslaga til §§ 17-1 og 17-8

  • å vidareføre at opplæringa i skolen skal leiast av rektorar, og det generelle kravet om forsvarleg leiing, sjå forslaget til § 17-2

  • å ikkje vidareføre høvet til å gjere unntak frå rektorkravet

  • å gjere tydeleg i lova at ein rektor kan leie fleire skolar, sjå forslaget til § 17-2 andre ledd tredje punktum

  • å vidareføre kravet om at rektor skal ha pedagogisk kompetanse, sjå forslaget til § 17-2 andre ledd andre punktum

  • å vidareføre kompetansekrava for tilsetjing i lærarstilling og å presisere at kompetansekrava seinast må oppfyllast på tiltredingstidspunktet, sjå forslaget til § 17-3 første ledd

  • å vidareføre høvet til mellombels tilsetjing og tilsetjing på vilkår, sjå forslaget til § 17-3 andre ledd

  • å vidareføre krav om kompetanse i undervisningsfag, sjå forslaget til § 17-4

  • å innføre eit unntak frå krava til kompetanse i undervisningsfag for lærarar som oppfylte eitt av krava for å bli tilsett i lærarstilling før 1. januar 2014, og for lærarar som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning, sjå forslaget til § 17-4 andre ledd

  • å vidareføre kravet om kontaktlærar, sjå forslaget til § 14-2 femte ledd

  • å ikkje vidareføre kravet i lova om offentleg utlysing

  • å vidareføre reglar om kvalifikasjonsprinsippet i lova, sjå forslaget til § 17-5

  • å ikkje vidareføre reglar om tariffavtalar

  • å vidareføre krav om kommunal tilsetjing av undervisningspersonale ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning, sjå forslaget til § 17-10 første punktum

  • å vidareføre heimelen til departementet til å gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved leirskolar, sjå forslaget til § 17-10 andre punktum

  • å vidareføre at andre personale enn dei som er tilsette i lærarstilling, skal kunne hjelpe til i opplæringa, og å vidareføre krav om rettleiing av desse, sjå forslaget til § 17-6

  • å innføre krav om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær, sjå forslaget til § 17-7

  • å ikkje vidareføre forskriftsheimelen om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning

Til forsida