68 Økonomiske og administrative konsekvensar
68.1 Innleiing
Dette punktet handlar om dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei ulike forslaga. Departementet foreslår endringar i lova som samla blir anslått å ha ein kostnad på i underkant av 800 millionar kroner. Dette er i hovudsak auka kostnader i fylkeskommunane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte frå Lånekassen på om lag 20 millionar kroner. Det blir understreka av dei totale kostnadene er usikre. Rekkjevidda av fleire av forslaga avheng av og blir dimensjonerte ut frå kor mykje ressursar som blir sette av til oppgåva. Mange av dei foreslåtte tiltaka som har meirkostnader for fylkeskommunane, er forslag som vart varsla i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Dette gjeld særleg forslaga om å utvide retten til vidaregåande opplæring slik at retten gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, og å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering i vidaregåande opplæring. Det er lagt til rette for finansiering av desse forslaga, som har ein samla kostnad for fylkeskommunane som er utrekna til om lag 550 millionar kroner, med øyremerkte tilskot under Kunnskapsdepartementet i 2023-budsjettet.
Proposisjonen inneheld andre lovforslag som skal bidra til auka fullføring av vidaregåande opplæring og som det vart løyvd midlar til i 2023-budsjettet over rammetilskotet til kommunesektoren med halvårseffekt. Det gjeld (med heilårseffekt i parentes):
utvida øvre aldersgrense for målgruppa for oppfølgingstenesta frå 21 til 24 år (17 millionar kroner)
tilgang til rådgiving for dei som har læretid i bedrift (30–45 millionar kroner)
plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa (25 millionar kroner)
rett til forsterka norskopplæring for vaksne i vidaregåande opplæring (15 millionar kroner)
plikt for kommunane og fylkeskommunane til å gi ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring (20 millionar kroner)
Departementet foreslår å utvide retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe på sitt eige hovudmål til også å gjelde elevar på ungdomstrinnet, som har ein anslått kostnad for kommunane på mellom 57 og 95 millionar kroner for tre trinn. Vidare inneheld lovforslaget andre forslag med mindre økonomiske konsekvensar for kommunesektoren, jf. omtalen av dei enkelte forslaga under. Kommunesektoren skal kompenserast for økonomiske konsekvensar av lovendringane. Departementet kjem tilbake til finansieringa i dei årlege forslaga til statsbudsjett, inkludert innlemming av øyremerkte tilskot i rammetilskotet til kommunesektoren.
I tillegg vil det vere noko administrative kostnader i staten knytt til implementering av ny opplæringslov. Utdanningsdirektoratet blir i 2023 tildelt 3,5 millionar kroner til dette.
Nokre forslag har etter vurderinga til departementet ikkje meirkostnader, men kan påverke prioriteringa kommunane og fylkeskommunane gjer av ressursar. Eit døme på dette er forslaga i punkt 27 om å fjerne kravet til sakkunnige vurderingar i nokre sakstypar, i kombinasjon med å presisere oppgåvene til pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta). Dette er eit tiltak som har som mål at PP-tenesta skal vri ressursbruken mot det førebyggjande arbeidet til skolane – det vil seie støtta skolane i forkant av eventuelle utfordringar for å unngå at elevar får hjelp og tilrettelegging for seint – noko som igjen på sikt kan bidra til eit mindre omfang av tilretteleggingstiltak og enkeltvedtak. Det kjem fram av omtalen under om departementet meiner forslag ikkje har vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Desse forslaga har slik departementet vurderer det heller ikkje samla sett økonomiske konsekvensar for kommunesektoren.
I punkta nedanfor er dei konkrete vurderingane av dei enkelte tiltaka i høyringsforslaget. Under kvart punkt blir det vist til det aktuelle punktet i denne proposisjonen der tiltaket er omtalt.
68.2 Formålet med opplæringslova og verkeområdet til lova
Departementet foreslår å lovfeste ein eigen regel om kva som er formålet med lova, sjå omtale i punkt 7. Departementet foreslår også å vidareføre reglane om verkeområdet for lova og å ta inn ein heimel for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk for Svalbard. Forslaga i punkt 7 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.3 Formålet med opplæringa
Departementet foreslår i punkt 8 å vidareføre dagens reglar om formålet med opplæringa. Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.4 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Departementet foreslår i hovudsak å vidareføre reglane om rett og plikt til grunnskoleopplæring, omtalt i punkt 9. Det blir innført ei plikt for kommunen til å gi forskrift om reglar for permisjon. Departementet legg til grunn at dei fleste kommunar i dag har retningslinjer for å behandle permisjonssøknader, og det nye kravet om at alle kommunar må fastsetje retningslinjer for permisjon i forskrift, blir derfor ikkje rekna som å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.5 Det beste for eleven
Departementet foreslår å lovfeste prinsippet om det beste for barnet i ein eigen paragraf om det beste for eleven, og at prinsippet om det beste for eleven skal ha ein vidare bruk enn Grunnlova og barnekonvensjonen, ved at dette skal gjelde for alle elevar, også elevar som har fylt 18 år.
Departementets forslag i punkt 10 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Prinsippet om det beste for barnet gjeld i dag i kraft av Grunnlova og barnekonvensjonen for elevar under 18 år. Forslaget om at prinsippet også skal gjelde for elevar over 18 år (som elevar i vidaregåande opplæring som regel er eller blir i løpet av det siste skoleåret), vil ikkje medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.6 Opplæringstilbodet
Forslaga i punkt 11 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår å vidareføre heimlane til å gi forskrift om måla og prinsippa for opplæringa, tilbodsstruktur og fag- og timefordeling. Vidare foreslår departementet å lovfeste at opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, at elevane har rett til vurdering og dokumentasjon, og at barnetrinnet skal vere karakterfritt.
68.7 Kva grunnskole elevane skal gå på
Forslaget i punkt 12 om å i hovudsak vidareføre reglane om kva skole elevane skal gå på, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.8 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser
Forslaga i punkt 13 har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
Departementet foreslår å vidareføre regelen om at elevar skal vere aktivt med i opplæringa. Dette forslaget inneber inga endring frå dagens rettstilstand.
Departementet foreslår vidare å presisere i lova at elevane kan bli pålagde å gjere lekser, det vil seie oppgåver utanom skoletida, og at det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid. Heller ikkje dette forslaget inneber ei endring frå dagens rettstilstand. Det gjeld også i dag ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å ta omsyn til retten elevane har til kvile og fritid.
I punkt 13 blir det også foreslått å lovfeste ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å følgje opp elevar som har fråvær. Lovfestinga er ei tydeleggjering og synleggjering av eksisterande reglar. I dag gjeld det ei ulovfesta plikt for kommunane og fylkeskommunane til å følgje opp elevar med fråvær. Lovfestinga inneber ikkje at kommunane og fylkeskommunane blir pålagde nye plikter samanlikna med kva dei har i dag. Slik som i dag kan kommunane og fylkeskommunane sjølve avgjere korleis elevar med fråvær skal følgjast opp.
Viken fylkeskommune har gitt innspel om at oppfølgingsplikta i dag berre relaterer seg til høgt fråvær i enkeltfag, ikkje på tvers av fag, og at forslaget derfor kan få økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet er ikkje samd og viser til at det også i dag gjeld ei generell plikt til følgje opp fråvær på tvers av fag, ikkje berre for enkeltfag. Vidare har kommunane og fylkeskommunane allereie i dag system som sikrar at dei har oversikt over fråværet til elevane, jf. opplæringsforskrifta § 3-36. Lovfestinga av oppfølgingsplikta inneber derfor ikkje ei endring på dette punktet.
Reglane som blir foreslått lovfesta her, inneber eit minimum som kommunane og fylkeskommunane må rette seg etter (og som også gjeld i dag). Det kan bli aktuelt å vurdere på eit seinare tidspunkt om oppfølgingsplikta skal skjerpast, eller om oppfølgingsarbeidet skal stimulerast på annan måte, for å styrkje arbeidet med å følgje opp fråvær utover minimumskrava.
Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane fordi dei allereie har system som sikrar at dei har oversikt over fråværet til elevane. Etter forslaget avgjer kommunane og fylkeskommunane sjølve korleis elevane skal følgjast opp, inkludert kva tiltak som blir sette inn.
68.9 Organiseringa av opplæringa
Forslaga i punkt 14 handlar i hovudsak om å vidareføre eksisterande reglar og om å lovfeste tolkingar som allereie følgjer av rettleiingar. Det blir foreslått å vidareføre reglane om lengda på skoleåret, reglane om fastsetjing av lokale forskrifter om skole- og feriedagar, heimelen til å gi forskrift om lærarnorm og reglane om inndeling i klassar og grupper. Vidare blir det foreslått å lovfeste nærare vilkår for når elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå eller kjønn. Forslaga vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.10 Fjernundervisning
Forslaget i punkt 15 inneber inga plikt til å ta i bruk fjernundervisning, berre eit høve til dette dersom vilkåra er oppfylte. Det følgjer av lovforslaget at ordinær undervisning gjennomført av lærarar på skolen framleis skal vere normalordninga, medan fjernundervisning skal vere unntaket. Forslaget om at kommunen og fylkeskommunen må godtgjere at vilkåra for bruk av fjernundervisning er oppfylte, inneber ikkje eit dokumentasjonskrav, men eit krav om å sannsynleggjere at vilkåra er oppfylte. Kravet vil berre komme til bruk dersom det skal takast i bruk fjernundervisning. Forslaget vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.11 Opplæringsspråk og talemål
Forslaget i punkt 16, om at opplæringsspråket skal vere norsk, samisk eller norsk teiknspråk, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.12 Bokmål og nynorsk i opplæringa
Forslaget i punkt 17 om å utvide retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe på sitt eige hovudmål til også å gjelde elevar på ungdomstrinnet, har økonomiske og administrative konsekvensar.
Departementet anslår at den foreslåtte lovendringa vil innebere ein meirkostnad for kommunane på mellom om lag 19 og 32 millionar kroner per trinn, det vil seie mellom 57 og 95 millionar kroner for tre trinn. I berekninga er det lagt til grunn ein gruppestorleik på 20 elevar, i tråd med norma for lærartettleik på ungdomstrinnet, deretter er det berekna for kvar enkelt kommune som både har nynorsk- og bokmålselevar, om kommunane treng å opprette ekstra grupper som følgje av innføring av ein rett. Praktiske og estetiske fag er haldne utanfor berekninga. Anslaget byggjer på ein føresetnad om at alle elevar som i dag får opplæring i eiga hovudmålgruppe på barnetrinnet, held fram med same skriftspråk på ungdomstrinnet. Om kommunane treng å opprette ekstra grupper, avheng av faktorar som skolestruktur, skolestorleik og elevsamansetning. Departementet går ut frå at det ved store skolar vil vere enklare å gruppere elevane etter hovudmål utan vesentlege meirkostnader. Den lågaste enden av intervallet for anslåtte meirkostnader byggjer på ein føresetnad om at større skolar har rom for å organisere opplæringa slik at dei ikkje treng å opprette fleire grupper/klassar enn etter gjeldande regelverk.
Anslaget er berekna på same måte som det kostnadsoverslaget departementet presenterte i Prop. 1 S (2018–2019).
Resten av forslaga i punkt 17 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår å vidareføre reglane om val av skriftspråk. Departementet foreslår også å vidareføre krav om opplæring i begge skriftspråka og heimel til å gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka. Dette er i all hovudsak ei vidareføring av dagens rettstilstand.
68.13 Læremiddel
Forslaget i punkt 18 i proposisjonen vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår å vidareføre krav til parallelle utgåver av læremiddel, krav til rettskriving i læremiddel, krav til godkjende ordlister og ordbøker og krav til lesebøkene i norsk. Departementet foreslår også å vidareføre krav til utstyr, inventar og læremiddel i skolen og plikta staten har til å sørgje for læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring. Forlaga her inneber inga endring frå dagens rettstilstand.
Departementet foreslår vidare å lovfeste krav om at skolen berre kan ta i bruk skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane.
68.14 Informasjonsplikta skolen har overfor elevar og foreldre
Forslaget i punkt 19, om å samle informasjonsplikta til skolen i ein paragraf, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.15 Samarbeid mellom skolen og foreldra
Forslaget i punkt 20, om at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.16 Medverknaden til elevane og sjølvråderetten til elevane
I punkt 21 foreslår departementet å innføre ein eigen paragraf om retten elevane har til individuell medverknad. Forslaget inneber i hovudsak ei lovfesting av eksisterande rettar og plikter. Departementet foreslår også å innføre ein paragraf om sjølvråderetten for dei over 15 år i spørsmål knytte til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, for både ungdom og vaksne. Dette er ei vidareføring og presisering av reglar som kjem fram i dagens opplæringslov og reglar i barnelova.
Forslaga vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.17 Skoledemokratiet
I punkt 22 foreslår departementet å innføre ein overordna paragraf om skoledemokratiet for elevar og foreldre. Forslaget inneber i hovudsak ei lovfesting av eksisterande rettar og plikter. Departementet foreslår reduserte krav til korleis skoledemokratiet skal vere organisert samanlikna med dagens reglar. Forslaget i punkt 22 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.18 Samarbeid mellom skolen og andre velferdstenester
Forslaget i punkt 23, om at skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med andre tenesteytarar, og at kommunen skal samordne tenestene, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.19 Tilpassa opplæring
Forslaget i punkt 24 om tilpassa opplæring, inkludert reglar om intensiv opplæring, er i all hovudsak vidareføring og vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.20 Individuell tilrettelegging av opplæringa
Forslaget i punkt 25 om individuell tilrettelegging av opplæringa er i hovudsak vidareføring og vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.21 Alternativ og supplerande kommunikasjon
Forslaget om å vidareføre reglane om alternativ og supplerande kommunikasjon omtalte i punkt 26 vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.22 Pedagogisk-psykologisk teneste
Forslaget i punkt 27 knytt til oppgåvene til PP-tenesta inneber inga realitetsendring av målgruppa og kompetanseområdet til PP-tenesta. Forslaget om oppgåvene til PP-tenesta er heller ikkje ei utviding av dagens oppgåver, men ei presisering av dagens reglar og i tråd med kvalitetskriteria for PP-tenesta, som vart utvikla av Utdanningsdirektoratet i 2016. Forslaget inneber å gjere tydeleg det førebyggjande arbeidet til PP-tenesta – det som tidlegare har vorte omtalt i lova som å støtte skolane med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Forslaget er meint å vri ressursbruken slik at PP-tenesta skal jobbe meir førebyggjande, det vil seie støtte skolane i forkant av eventuelle utfordringar for å unngå at elevar får hjelp og tilrettelegging seint. Endringa kan på sikt bidra til eit mindre omfang av tilretteleggingstiltak og enkeltvedtak.
Forslaget om å fjerne krava til sakkunnige vurderingar i nokre sakstypar, sjå punkt 27.6, kan frigjere noko ressursar i PP-tenesta. Desse ressursane bør brukast i det førebyggjande arbeidet. Det blir understreka at omfanget av det førebyggjande arbeidet og arbeidet med tidleg innsats må tilpassast etter kor mykje ressursar som blir frigjorde når arbeidet med sakkunnige vedtak går ned. Barn og elevar med særlege behov skal få eit minst like godt tilbod som i dag.
Forslaga til endringar i reglane om PP-tenesta i punkt 27 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.23 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk
Forslaga i punkt 28 om rett til særskild språkopplæring for elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk er i hovudsak ei vidareføring av dagens reglar. Forslaget om å fjerne plikta til å kartleggje norskferdigheitene til elevane før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, inneber ikkje ei realitetsendring fordi innhaldet i plikta følgjer av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Forslaga vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.24 Opplæring i og på norsk teiknspråk
Forslaga i punkt 29 inneber ein auka fleksibilitet som kan føre til at nokre fleire elevar i grunnskolen vel opplæring i faget norsk teiknspråk. Departementet legg til grunn at elevar i dag som berre har behov for opplæring i faget norsk teiknspråk, sannsynlegvis har vedtak etter dagens reglar om spesialundervisning.
Forslaget om at elevar med høyrselshemming som går i ordinære vidaregåande skolar, og som bruker tolk, også bør få moglegheita til å kunne velje å få opplæring i norsk teiknspråk, vil sannsynlegvis utløyse noko auka behov for lærarar med teiknspråkkompetanse samanlikna med i dag. Utdanningsdirektoratet forventar at dei fleste elevane som vel opplæring i teiknspråk i vidaregåande opplæring, framleis vil velje å gå på ein knutepunktskole, det vil seie ein fylkeskommunal vidaregåande skole som har eit spesielt tilrettelagt og organisert tilbod for høyrselshemma. Jamført med at dette er ei svært lita elevgruppe, som direktoratet estimerer til å omfatte fem til ti elevar i året, meiner direktoratet at ei slik utviding ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet støttar desse vurderingane.
Forslaget i punkt 27 om å ikkje vidareføre kravet om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) før det skal gjerast vedtak om opplæring i og på teiknspråk, kan frigjere ressursar i PP-tenesta. Forslaget må sjåast i samanheng med forslag omtalte i punkt 27 og i punkt 68.22 og føresetnaden om at ressursar som blir frigjorde som følgje av færre sakkunnige vedtak, skal brukast i det førebyggjande arbeidet til PP-tenesta og arbeidet med tidleg innsats.
68.25 Opplæring i og på dei samiske språka
Forslaget i punkt 30 om å gi ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, rett til opplæring i samisk i vidaregåande skole, har økonomiske og administrative konsekvensar for fylkeskommunane. Med utgangspunkt i talet på ikkje-samiske elevar med opplæring i og på samiske språk på ungdomstrinnet i grunnskolen, kan forslaget føre til at opp til om lag 130 fleire elevar vil ønskje å få opplæring i og på dei samiske språka også i vidaregåande opplæring. 130 elevar vil gi ein anslått meirkostnad på om lag 15 millionar kroner. Mest sannsynleg vil ikkje alle elevar nytta seg av retten. Til dømes vil nokre ønskje å ta eit framandspråk, og då vil det kunne bli for krevjande å ha samisk i tillegg. I nokre tilfelle vil dessutan opplæringa kunne skje i mindre grupper, noko som reduserer kostnadene. Departementet legg til grunn ein meirkostnad av forslaget på 10 millionar kroner. Fylkeskommunane skal kompenserast for lovendringa gjennom tilskot til opplæring i samisk i grunnopplæringa (kap. 225, post 63). Tilskotet til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring blir utbetalt på etterskot, slik at eventuelle endringar i retten til opplæring i samisk frå skoleåret 2024–2025 først får konsekvensar for tilskotet i statsbudsjettet for 2025.
Departementet meiner forslaget vil utløyse eit auka behov for å rekruttere fleire lærarar, men går ut frå at dette vil vere handterleg for skolar som allereie tilbyr stadleg undervisning innanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Fleire skolar i forvaltningsområdet er også i dag avhengige av fjernundervisningstenester på grunn av manglande kapasitet og tilgang på kompetanse. Ein rett til opplæring i samisk for ikkje-samiske elevar i vidaregåande opplæring vil utløyse ein auka etterspurnad etter fjernundervisningstenester, der tilgang på kvalifisert kompetanse allereie er avgrensa.
For elevar som vel sørsamisk eller lulesamisk, vil auken i talet på elevar vere svært avgrensa og derfor handterleg innanfor dagens tilgang på kvalifiserte lærarar. Det er større utfordringar knytte til nordsamisk. Sjølv om det i dag er fleire aktørar som tilbyr fjernundervisning i nordsamisk, går departementet ut frå at desse ikkje vil ha kapasitet til å dekkje eit aukande behov for kvalifiserte lærarar, og at det vil vere eit relativt stort behov for rekruttering av fleire samisklærarar.
Resten av forslaga i punkt 30 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår å vidareføre reglane om opplæring i og på samisk. Departementet foreslår også å lovfeste at kommunen og fylkeskommunen skal gi eleven tilbod om opplæring i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i samisk skal vere pedagogisk forsvarleg. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje inneber vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.26 Opplæring i finsk og kvensk
Opplæring i finsk og kvensk er omtalt i punkt 31. For tilskotsordninga for opplæring i finsk og kvensk (kap. 225, post 67) er det i dag ein forvaltningspraksis der søkjarar med grunnskoleundervisning i kvensk eller finsk med færre enn tre elevar får innvilga tilskot. Med gjeldande forvaltningspraksis vil forslaget om rett til opplæring uavhengig av talet på elevar ikkje føre til vesentleg endring av gjeldande tilskotsnivå. Forslaget om å utvide retten til opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen vil derfor ikkje ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar, verken for kommunane eller for staten.
68.27 Opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet
Forslaget i punkt 32 om å ikkje vidareføre kravet om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) før det skal gjerast vedtak om opplæring i punktskrift og vedtak om opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet, kan frigjere ressursar i PP-tenesta. Forslaget må sjåast i samanheng med forslag omtalte i punkt 27 og i punkt 68.22 og føresetnaden om at ressursar som blir frigjorde som følgje av færre sakkunnige vedtak, skal brukast i det førebyggjande arbeidet til PP-tenesta og arbeidet med tidleg innsats.
Utover dette representerer forslaget ei vidareføring av gjeldande rett og vil derfor ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.28 Skolemiljøet til elevane
Forslaga i punkt 33 inneber i stor grad at dagens reglar om skolemiljøet blir vidareførte, med nokre forenklingar og nokre presiseringar.
Forslaget om å vidareføre den skjerpa aktivitetsplikta for tilfelle der det er mistanke om eller kjennskap til at ein tilsett krenkjer ein elev, men å innføre ein terskel for å sende melding til kommunen eller fylkeskommunen dersom mistanken openbert er grunnlaus, kan bidra til at det blir sendt noko færre meldingar om krenkingar til kommunen og fylkeskommunen. Departementet ser det slik at ettersom det etter forslaget framleis skal sendast melding i alle andre tilfelle, vil dei økonomiske og administrative konsekvensane i form av minska sakstilfang vere minimale.
Departementet foreslår enkelte endringar i handhevingsordninga. Departementet foreslår at vurderinga til statsforvaltaren skal avgrensast til å ta stilling til om skolen har oppfylt plikta til å rette opp situasjonen med eigna tiltak (tiltaksplikta) og plikta til å utarbeide ein skriftleg plan for tiltaka. Departementet foreslår også å avgrense vedtakskompetansen til statsforvaltaren til som hovudregel å påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Departementet foreslår vidare at statsforvaltaren som hovudregel skal avvise eller avslutte behandlinga av saker der eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen. Forslaga kan bidra til å frigjere ressursar hos statsforvaltarane til å behandle fleire saker enn før med lågare saksbehandlingstid.
Departementets forslag om å ikkje vidareføre kravet til tenlege grunnskolebygg og forslaget om å ikkje vidareføre regelen om alkoholforbod i grunnskolebygg og i kombinerte anlegg vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Departementet meiner at forslaga samla sett ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane.
68.29 Skolereglar og ordenstiltak
Forslaget til reglar om skolereglar inneber ei vidareføring av og enkelte presiseringar i dagens reglar om ordensreglement. I tillegg foreslår departementet å vidareføre reglane om bortvising, skolebyte og forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i opplæringa for elevar og for dei som jobbar i skolen.
Departementets forslag i punkt 34 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, ettersom forslaga i all hovudsak vidarefører dagens reglar.
68.30 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk og fritak frå aktivitetar
Forslaget i kapittel 35 om å innføre fritaksrett i vidaregåande opplæring og å ikkje vidareføre særreguleringa av KRLE-faget vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.31 Skoletur med overnatting
Forslaget i punkt 36 om å vidareføre plikta kommunen har til å tilby skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.32 Skyss, reisefølgje og losji
Forslaget om å vidareføre reglane om skyss, reisefølgje og losji for elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, omtalt i punkt 37, vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.33 Skolefritidsordninga, leksehjelp og skolebibliotek
Forslaget om å i all hovudsak vidareføre reglane om skolefritidsordninga, leksehjelp og skolebibliotek, omtalt i punkt 38, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.34 Privat grunnskoleopplæring i heimen
Forslaget om ei meldeplikt til kommunen før oppstart av privat grunnskoleopplæring i heimen, omtalt i punkt 39, vil først og fremst vere ei formalisering av dagens praksis. Det blir også foreslått at det blir innført ei plikt for kommunane til å føre tilsyn innan tre månader etter at heimeopplæringa har starta. Omfanget av privat grunnskoleopplæring i heimen er relativt lite. Ettersom kommunane allereie i dag har plikt til å føre tilsyn med heimeopplæring, vil ikkje forslaget medføre vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for kommunane. Resten av forslaga i punkt 39 er i hovudsak vidareføring av dagens reglar og har derfor ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.
68.35 Rett til vidaregåande opplæring
68.35.1 Generelt
Forslaga om rett til vidaregåande opplæring er omtalte i punkt 40, og dei konkrete forslaga som har økonomiske og administrative konsekvensar, er omtalte i punkta under. Dei ulike forslaga som utvidar rettane til vidaregåande opplæring, bør sjåast i samanheng. Forslaga vil i særleg grad få konsekvensar for fylkeskommunane, men også i ein viss grad for kommunane. Forslaga som utvidar rettane til vidaregåande opplæring, vil mellom anna kunne innebere at fylkeskommunen må oppgradere fysisk kapasitet, tilsetje fleire lærarar, og gjere endringar i dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet sitt.
68.35.2 Utvida rett til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne slik at retten gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse
I punkt 40 foreslår departementet å utvide retten til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne samanlikna med dagens reglar, slik at retten til opplæring gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Dette inneber mellom anna at dagens tidsavgrensing på tre års vidaregåande opplæring for ungdom ikkje blir vidareført. Forslaget gjer det mellom anna mogleg med meir opplæring for dei som i dag har brukt opp retten til vidaregåande opplæring utan å ha oppnådd ein sluttkompetanse.
På usikkert grunnlag har departementet tidlegare lagt til grunn at 5 000 personar årleg vil bruke ein utvida rett til vidaregåande opplæring dei første tre åra, og at det deretter vil bli ein varig auke på 2 000 personar som vil nytte sjansen til å ta meir opplæring, jf. Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.
Frå og med 2020 er det løyvd midlar for at personar som i dag ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få eit tilbod. Tilskotet vart opphavleg oppretta på bakgrunn av auka arbeidsløyse og permitteringar etter utbrotet av covid-19, slik at fleire utan arbeid kunne fullføre vidaregåande opplæring. Målgruppa vart i 2021 utvida til å omfatte sysselsette. Erfaringane med dette tilskotet til fylkeskommunane tilseier at departementet sannsynlegvis overvurderte kor mange som i dag ikkje har rett til vidaregåande opplæring, som vil bruke ein utvida rett.
For å berekne budsjettverknadene ved tiltaket har departementet tidlegare lagt til grunn at målgruppa i snitt manglar 4,5 fag for å bestå, og dessutan ein snittkostnad per fag som er i tråd med berekningar som vart gjorde i samband med NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring – Finansiering av livsopphold, jf. Meld. St. 21 (2020–2021). Erfaringane frå bruken av tilskotet retta mot personar utan rett til opplæring er at personar i målgruppa har meir omfattande opplæringsbehov enn tidlegare lagt til grunn.
I høyringsnotatet om ny opplæringslov anslo departementet meirkostnader på om lag 300 millionar kroner årleg for fylkeskommunane og dei private vidaregåande skolane som følgje av utvida rett. På sikt anslo departementet auka kostnader til opplæring på om lag 150 millionar kroner som følgje av at fleire får rett til opplæringa. Auka utgifter til utdanningsstøtte vart anslått til om lag 20 millionar kroner. Departementet meiner framleis at dette er eit rimeleg anslag. Ein utvida rett inneber ikkje berre at fleire får rett til vidaregåande opplæring, men også at fylkeskommunane i større grad må sjå på føresetnadene til individa og planleggje meir fleksible løp for dei som treng det. Dette vil også gi meirkostnader for fylkeskommunane. Desse kostnadene er vanskelege å anslå.
I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 302,3 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for at personar utan rett til vidaregåande opplæring skal få eit tilbod. I statsbudsjettet for 2022 vart fylkeskommunane tilførte 73,3 millionar kroner for å gjere opplæringa meir tilpassa og fleksibel over rammetilskotet. Departementet meiner det er lagt budsjettmessig til rette for å innføre utvida rett til vidaregåande opplæring frå hausten 2024.
Enkelte høyringsinstansar påpeikar at forslaget vil ha store kostnader for fylkeskommunane. KS meiner at berekningane til departementet av dei økonomiske konsekvensane av forslaget er for låge. KS har likevel ikkje presentert eit konkret anslag. Departementet påpeikar at det er vanskeleg å berekne nøyaktige økonomiske konsekvensar av forslaget, men meiner at vurderingane over, og kostnadsoverslaget som er presentert, er rimelege.
68.35.3 Rett til yrkesfagleg rekvalifisering for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før
I punkt 40 foreslår departementet å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før. Tilbodet skal givast innanfor reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.
I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 148,9 millionar kroner for at fleire som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, skal få tilbod om å ta eit fag- eller sveinebrev. Målgruppa inkluderer personar med omstillingsbehov og unge med studiekompetanse som ikkje er motiverte for eller ikkje kjem inn på høgare utdanning. Det er lagt til grunn at halvparten har behov for eit tilnærma fullt løp (inntil 3,5 år), medan den andre halvparten berre treng eitt år i lære. Tilskotet, som vart oppretta i statsbudsjettet for 2021, har lagt til rette for 1 000 nye deltakarar i fag- og yrkesopplæringa frå hausten 2021. Heilårseffekten er anslått til 176,6 millionar kroner. Denne effekten vil anslagsvis komme i 2024. Departementet legg til grunn at forslaget om rett til yrkesfagleg rekvalifisering vil finansierast av dette tilskotet.
Forslaget inneber administrative konsekvensar for fylkeskommunane, som må leggja til rette for auka kapasitet i opplæringa. Det er likevel grunn til å tru at mange vaksne vil ta mesteparten av opplæringa i bedrift.
68.35.4 Retten til påbygging til generell studiekompetanse
Departementet foreslår i punkt 40 å oppheve tidsavgrensinga på eitt år i retten til påbygging til generell studiekompetanse for dei som har bestått fag- og yrkesopplæringa. Det er vanskeleg å anslå kor mange som vil bruke meir enn eitt år på påbygging til generell studiekompetanse dersom tidsavgrensinga blir oppheva. Det er i utgangspunktet ikkje haldepunkt for å gå ut frå at mange vil ønskje eller trenge å bruke lengre tid på påbyggingsopplæring enn normert tid. Å oppheve eittårsgrensa vil derfor, slik departementet ser det, ha avgrensa konsekvensar. Departementet legg til grunn at eventuelle meirutgifter ved å fjerne tidsavgrensing for påbygging er omfatta av anslaget for utgifter til utvida rett til vidaregåande opplæring, jf. omtale under 68.35.2.
68.35.5 Omval i vidaregåande opplæring
I punkt 40 foreslår departementet å lovfeste ein uavgrensa rett til omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år. For dei som er under 19 år, inneber dette ei utviding frå dagens reglar, der retten er avgrensa til eitt omval. Mellom anna på grunnlag av erfaringar frå tidlegare rettsutvidingar i vidaregåande opplæring og kjennskap til at mange fylkeskommunar legg til rette for meir enn eitt omval i dag, er det grunn til å tru at den reelle auken i talet på omval ikkje vil bli stor. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget blir derfor ikkje antatt å vere vesentlege.
68.35.6 Plikt for fylkeskommunen til å ha eit opplæringstilbod i overgangen mellom grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
I punkt 40 foreslår departementet å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege føresetnader eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Forslaget inneber at fylkeskommunane sjølve vel korleis tilbodet skal organiserast, kva innhald det skal ha, nærare avgrensing av målgruppa og omfanget av tilbodet.
Forslaget er ikkje ei plikt til å tilby kombinasjonsklassar, men sidan kombinasjonsklassar kan vere eit tilbod som oppfyller plikta, meiner departementet det er naturleg å sjå forslaget i samanheng med tilskot og finansiering av kombinasjonsklassar. Kombinasjonsklassane er bygde opp gjennom tilskotsordninga Jobbsjansen del B. Midlane til dette, 95 millionar kroner, er overførte til fylkeskommunanes rammetilskot i 2020-budsjettet. Med dei vide rammene fylkeskommunane har til å oppfylle den foreslåtte plikta, som mellom anna inneber at fylkeskommunane sjølve kan velje kva omfang tilbodet skal ha, meiner departementet at fylkeskommunen, med midlane som er overførte til rammetilskotet, er kompenserte for den foreslåtte plikta.
68.35.7 Plikt til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
I punkt 40 foreslår departementet å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunane til å samarbeide med fylkeskommunane om overgangen. Forslaget vil innebere noko administrativt meirarbeid for kommunane og fylkeskommunane. Departementet anslår meirkostnaden for fylkeskommunane til om lag 10 millionar kroner, og det same for kommunane, totalt 20 millionar kroner. Anslaget svarer til kompensasjonen på 20 millionar kroner til kommunane i 2018 då det vart innført ei plikt for skolen til å samarbeide med barnehagen om overgangen til barna frå barnehagen til skolen og SFO. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 10 millionar kroner over rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane (5 millionar kroner til kvart forvaltningsnivå), som legg til rette for å innføre plikta frå hausten 2024.
68.36 Opplæring for barn og ungdom som søkjer eller ikkje har opphaldsløyve i Noreg
Departementet foreslår i punkt 41 å gjere ei justering frå dagens reglar om når retten til opplæring for ungdom som har søkt om opphaldsløyve, tek slutt ved fylte 18 år. I dag varer retten ikkje lenger enn ut inneverande skoleår etter fylte 18 år. For å likestille dei som er fødde i same kalenderår, foreslår departementet å justere dette til at retten ikkje varer lenger enn ut det skoleåret som byrjar det kalenderåret ein fyller 18 år. Det er berre dei som fyller 18 år i perioden mellom 1. januar og utløpet av skoleåret, som vil få rett til eitt år til med opplæring. Departementet anslår at forslaget vil medføre auka tilskot til opplæring av barn og unge som søkjer opphald, på 7,7 millionar kroner. Anslaget er usikkert og vil avhenge av talet som søkjer om opphald, og om desse får opplæring. Fylkeskommunane skal kompenserast for lovendringa gjennom tilskot til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg (kap. 225, post 64). Dersom lovendringa tek til å gjelde frå skoleåret 2024–2025, medfører det først konsekvensar for tilskotet til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg, frå statsbudsjettet for 2025.
68.37 Vidaregåande opplæring i bedrift
I punkt 42 blir det foreslått å innføre ein lovfesta rett til læreplass eller eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 som leier fram til fag- eller sveineprøve. Dersom fylkeskommunen ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, har søkjaren rett til eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3. Dette er i hovudsak ei vidareføring av dagens reglar men gjer tydeleg i lova at læreplass er målet, og at elevar som ikkje får læreplass, også er sikra progresjon i det yrkesfaglege opplæringsløpet. Departementet foreslår også ein heimel til å gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass, som eit ledd i å forbetre tilbodet. Dette mellom anna for å sikre tidlegare oppstart av tilbodet til dei som ikkje får læreplass. Departementet vil komme tilbake til ev. meirkostnader i samband med høyringa av forskrifta.
I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd om lag 460 millionar kroner for å styrkje arbeidet for fleire læreplassar og å bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Midlane kan mellom anna brukast på å sikre elevane som ikkje får læreplass, ei god opplæring slik at dei kan fullføre med fag- eller sveinebrev. Departementet meiner det er lagt budsjettmessig til rette for å innføre denne retten.
Forslaget inneber administrative konsekvensar for fylkeskommunane, som må leggje til rette for opplæringstilbodet.
68.38 Rett til førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne
68.38.1 Generelt
Grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne er omtalte i kapittel 43 i proposisjonen. Mange av forslaga er klargjeringar og presiseringar av gjeldande rett og blir ikkje rekna som å ha vesentlege økonomiske og administrative kostnader. I det følgjande blir økonomiske og administrative konsekvensar omtalte for dei forslaga som inneber utvidingar av rettar og plikter, eller der det av andre årsaker kan vere økonomiske og administrative konsekvensar.
68.38.2 Rett til realkompetansevurdering for vaksne
Departementet foreslår i punkt 43.11 å innføre ein generell rett til realkompetansevurdering for alle vaksne med rett til grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring og vaksne utan rett til opplæring som har tilvising frå kommunen eller Nav.
For vaksne med rett til vidaregåande opplæring er forslaget ei vidareføring av gjeldande rett. Utvidingar av retten til realkompetansevurdering som følgje av utviding av retten til vidaregåande opplæring blir omfatta av kostnadene for utvidinga av retten til vidaregåande opplæring.
For vaksne med rett til grunnskoleopplæring kjem retten til erstatning for retten til rådgiving for å få kartlagt kva behov dei har, som følgjer av dagens § 4A-8. Departementet går ut frå at forslaget om ein rett til realkompetansevurdering på grunnskolenivå ikkje vil medføre auka kostnader samanlikna med oppfyllinga av dagens reglar om kartlegging.
Forslaget om at vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring, får rett til realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå dersom dei får tilvising frå kommunen eller Nav, kan medføre at fleire får rett til realkompetansevurdering. Dei vil berre få slik rett dersom kommunen eller Nav viser til det og dekkjer kostnadene. Kommunen og Nav får inga plikt til å vise til dette, og departementet legg grunn at slik tilvising først og fremst er aktuelt der dette kan bidra til at den vaksne får jobb, eller det har andre nytteeffektar som overgår kostnadene med eit slikt tiltak.
68.38.3 Individuell tilrettelegging av opplæring for vaksne i vidaregåande opplæring
Forslaget i punkt 43.16 om å innføre rett til individuelt tilrettelagd opplæring i vidaregåande opplæring for vaksne blir ikkje rekna til å ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for fylkeskommunen. Forslaget inneber ein meir avgrensa rett til individuell tilrettelegging for vaksne i vidaregåande opplæring enn det som gjeld for vaksne i grunnskoleopplæring og for barn og unge. Retten gjeld ikkje tilrettelegging som inneber ei uforholdsmessig byrde, og ressursomsyn kan vektleggjast. Retten går ikkje lenger enn det som uansett følgjer av likestillings- og diskrimineringslova.
68.38.4 Rett til opplæring i og på samisk
Departementet foreslår i punkt 43.19 å lovfeste rett til opplæring i samisk for vaksne i grunnskolen og vidaregåande opplæring og rett til opplæring på samisk i forvaltningsområdet for samisk språk når det er nødvendig for at den vaksne skal få forsvarleg grunnskoleopplæring. Departementet meiner forslaget ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar, då reglane som blir foreslått, allereie følgjer av samelova, forarbeida til opplæringslova, rundskriv og andre tolkingar og dermed må vurderast som ei kodifisering av gjeldande rett. Retten til opplæring på samisk som blir foreslått lovfesta for vaksne, er heller ikkje den same som retten til opplæring på samisk for barn og unge. Vaksne i grunnskoleopplæring skal etter forslaget ha opplæring på samisk når det er nødvendig for at den vaksne skal få forsvarleg grunnskoleopplæring. I praksis vil den vaksne berre ha rett til opplæring på samisk dersom han eller ho ikkje kan følgje opplæringa på norsk. Departementet går ut frå at denne retten sjeldan vil utløysast, og at retten i så fall vil ha avgrensa varigheit.
68.38.5 Rett til særskild språkopplæring i grunnskoleopplæring for vaksne
Forslaget om å lovfeste reglar om særskild språkopplæring i grunnskoleopplæring for vaksne vil ikkje ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar, då reglane som blir foreslått, allereie følgjer av tolkingar av opplæringslova. Sjå punkt 43.20.
68.38.6 Rett til forsterka opplæring i norsk i vidaregåande opplæring for vaksne
Forslaget i punkt 43.20 om å innføre rett til forsterka opplæring i norsk i vidaregåande opplæring for vaksne har økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen. Kostnaden for fylkeskommunen blir anslått til om lag 15 millionar kroner per år (1 000 deltakarar x 15 000 kroner). Anslaget er usikkert ettersom det ikkje finst tal for kostnaden for forsterka opplæring i norsk, og sidan anslaget for talet på deltakarar som treng slik opplæring, også er usikkert. Det blir elles vist til fylkeskommunane allereie får tilskot til norskopplæring etter integreringslova. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 7,5 millionar kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane, som legg til rette for å innføre denne retten frå hausten 2024.
68.38.7 Rett til opplæring i teiknspråk og punktskrift
Departementet foreslår i punkt 43.21 eigne reglar om teiknspråk og punktskrift for vaksne. Departementet foreslår at vaksne skal ha rett til opplæring i norsk teiknspråk og rett til opplæring på norsk teiknspråk eller opplæring ved hjelp av teiknspråktolk. Departementet foreslår at vaksne skal ha rett til opplæring i punktskrift, mobilitetstrening og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel.
Departementet meiner at innhaldet i desse rettane langt på veg følgjer av gjeldande rett, då det vil vere avgjerande for at den vaksne skal få ei forsvarleg opplæring, og for å unngå forskjellsbehandling. Hovudforskjellen vil vere at det blir ein individuell rett, med tilhøyrande saksbehandlingsreglar og klagetilgang. Dette vil ikkje ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for kommunen og fylkeskommunen.
68.38.8 Påbygging og opplæring fram til studiekompetanse
Departementet foreslår tre utvidingar av retten til påbygging til generell studiekompetanse for vaksne i punkt 43.7. Departementet foreslår at retten ikkje blir avgrensa til dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring etter 2014. Departementet foreslår også å oppheve gjeldande avgrensing om at fag- og yrkesopplæring må vere fullført og bestått innan utgangen av det året ein fyller 24 år. Dessutan foreslår departementet å oppheve avgrensinga på eitt år med påbygging.
Departementet går ut frå at påbygging til generell studiekompetanse framleis vil vere mest aktuelt for dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av dagens ungdomsrett, og at det er mindre sannsynleg at ein seinare ombestemmer seg og ønskjer studiekompetanse dersom ein tek fag- og yrkesopplæring etter at ein har vorte 25 år. Tilsvarande er det mindre sannsynleg at dei som fullførte og bestod fag- og yrkesopplæring før 2014, no ombestemmer seg og ønskjer studiekompetanse. Departementet går derfor ut frå at utvidingane som blir foreslått, ikkje vil medføre ein vesentleg auke i talet på vaksne som tek påbygg. Departementet meiner heller ikkje at det er grunn til å tru at forslaget om å oppheve avgrensinga på eitt år vil føre til at mange bruker lengre tid på påbygging til studiekompetanse, då det må leggjast til grunn at dei som vel dette, ønskjer å oppnå studiekompetanse så raskt som mogleg.
Samtidig må forslaget sjåast i samanheng med forslaget om å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering som fylkeskommunen blir kompensert for. Dersom vaksne nyttar seg av ein rett til påbygging i staden for å rekvalifisere seg til ein ny yrkeskompetanse, så vil dette innebere ei innsparing for fylkeskommunen. Departementet meiner at forslaga om utviding av retten til påbygging til generell studiekompetanse for vaksne ikkje vil medføre vesentlege meirkostnader for fylkeskommunane som ikkje blir dekte av kostnadsoverslag for andre utvidingar av retten til vidaregåande opplæring som blir foreslått i denne proposisjonen.
Forslaget om ein rett til opplæring fram mot studiekompetanse for dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga, er ei tilpassing for å unngå utilsikta konsekvensar av endringar i retten til vidaregåande opplæring og av den planlagde innføringa av modulstrukturerte læreplanar i opplæringa for vaksne. For dei som tar modulisert fag- og yrkesopplæring, inneber forslaget at dei får opplæringa i fellesfaga først dersom dei ombestemmer seg og ønskjer studiekompetanse, og ikkje fordelt mellom fag- og yrkesopplæringa og påbygginga som elles. Dei får altså ikkje rett til meir opplæring, berre fordelt på ein annan måte. For praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb gir forslaget ikkje ein betre rett til opplæring enn i dag – utover det som følgjer av den generelle utvidinga av retten til vidaregåande opplæring. Forslaget blir dermed ikkje rekna for å ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar utover det som følgjer av den generelle utvidinga av retten til vidaregåande opplæring.
68.38.9 Rett til skyss for dei mellom 19 og 24 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne
Departementet foreslår i punkt 43.28 å innføre rett til skyss for dei mellom 19 og 24 år som vel vidaregåande opplæring for vaksne. Denne aldersgruppa har rett til skyss dersom dei vel vidaregåande opplæring for ungdom, noko dei har rett til med dagens reglar. Forslaget kan likevel medføre ein auke i kostnadene dersom opplæringa blir organisert utanfor den ordinære opningstida til skolane. Det er krevjande for departementet å anslå ev. økonomiske konsekvensar som følgje av dette, mellom anna på grunn av manglande oversikt over organiseringa av skysstilbodet ulike stader i landet og omfanget av skyssbehovet til målgruppa. I den grad opplæringa er komprimert eller blir gitt delvis som fjernundervisning, vil skysskostnadene bli redusert. I sum legger departementet til grunn at forslaget ikkje medfører vesentlege meirkostnader for fylkeskommunane.
68.38.10 Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for rådgiving for vaksne i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring
Departementet foreslår i punkt 43.27 å innføre ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å ha tilbod om rådgiving om utdannings- og yrkesval i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. For kommunane kjem plikta til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval til erstatning for dagens § 4A-8 om rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksne treng. Plikta til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval er innhaldsmessig noko vidare enn dagens plikt, men ettersom kommunane etter forslaget sjølve kan vurdere korleis dei vil oppfylle plikta til rådgiving, og korleis dei vil organisere slike tilbod, legg departementet likevel til grunn at dette tiltaket kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer.
For fylkeskommunen er plikta til å sørgje for rådgiving om utdannings- og yrkesval ei ny plikt. Fylkeskommunane kan etter forslaget sjølve vurdere korleis dei vil oppfylle plikta til rådgiving, og korleis dei vil organisere slike tilbod. Kva meirkostnadene vil bli, vil vere avhengig av korleis fylkeskommunen løyser oppgåva. Dersom ein legg til grunn tilsvarande kapasitet og organisering som er lagt til grunn for rådgiving for dei som har læretid i bedrift, og tek utgangspunkt i kostnadsoverslaga for dette forslaget (kap. 63.32), kan meirkostnadene for fylkeskommunane anslåast til om lag 25 millionar kroner. Fylkeskommunen kan også oppfylle den overordna plikta til å sørgje for rådgiving til deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne med eit mindre omfattande tilbod og ved ei anna organisering enn rådgivingstilbod på ein bestemt opplæringsstad. Kor mykje som kan forventast i oppfyllinga av ei slik overordna plikt, kjem an på kor mykje midlar fylkeskommunen blir tilført. Plikta fylkeskommunen har til å sørgje for rådgiving, skal ikkje strekkje seg lenger enn det som er mogleg innanfor midlane som blir tilførte. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 12,5 millionar kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane, som legg til rette for å innføre denne plikta frå hausten 2024.
68.38.11 Politiattest
I punkt 43.30 forslår departementet at det blir innført krav om politiattest for dei som skal tilsetjast i grunnskoleopplæring for vaksne. Forslaget kan føre til noko meir administrasjon både hos kommunen og hos politiet. Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) for skoleåret 2020–2021 viser at det totalt er om lag 1 300 årsverk til undervisning i grunnskoleopplæringa for vaksne (til samanlikning er det i overkant av 55 000 årsverk i grunnskolen for barn og unge). Kravet om politiattest vil etter forslaget berre gjelde ved nytilsetjingar. Det vil dermed ikkje bli nokon vesentleg auke i talet på personar som vil trenge politiattest. I nokre tilfelle blir lærarar tilsette i kombinerte stillingar i grunnskoleopplæring for vaksne og grunnskoleopplæring for barn og unge. I slike tilfelle må dei også i dag skaffe politiattest. Forslaget blir ikkje rekna som å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.39 Rådgiving
Forslaget i punkt 44 om at fylkeskommunane skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift får tilgang til rådgiving, er ei utviding av dagens reglar og vil ha økonomiske og administrative konsekvensar. Fylkeskommunane må sørgje for tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å tilby rådgiving til dei som har læretid i bedrift.
Det er usikkert kor mange som har læretid i bedrift som vil nytte seg av tilbodet. I NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn vart det lagt til grunn at ei utviding av rådgivingsplikta ville koste om lag 57 millionar kroner per år. Departementets forslag er ikkje like omfattande som forslaget i NOU 2016: 7. Dette har noko å seie for dei økonomiske konsekvensane av forslaget. For elevar er det i dag ein tariffesta ressursnorm for rådgivar i vidaregåande opplæring. Departementet har anslått kostnadene forslaget medfører, ved å ta utgangspunkt i denne, på same måten som i NOU 2016: 7, men med eit oppdatert tal på lærlingar. Fordi det er grunn til å tru at meirkostnadene frå fylkeskommunane for rådgiving av dei som har læretid i bedrift er lågare enn for det tilsvarande talet på elevar i skole, er det i anslaget lagt til grunn 40–60 prosent av alle lærlingar. Det gir ein anslått meirkostnad på mellom 30 og 45 millionar kroner (heilårsverknad). I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 22,5 millionar kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane, som legg til rette for å innføre plikta frå hausten 2024.
68.40 Oppfølgingstenesta
Forslaget i punkt 45 om å utvide målgruppa for oppfølgingstenesta frå 16 til 21 år til 16 til 24 år blir anslått å ha ein meirkostnad på om lag 17 millionar kroner årleg. Forslaget inneber ei utviding av målgruppa med om lag 17 000 personar. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 8,5 millionar kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane, som legg til rette for å utvide målgruppa i lova frå hausten 2024.
Resten av forslaga i punkt 45 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.41 Karriererettleiing
Forslaget i punkt 46 om at fylkeskommunane skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er busette i fylket, er ei vidareføring av dagens reglar og vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.42 Kulturskolen
Departementet legg til grunn at forslaga i punkt 47 om kulturskolen og formålsparaf for denne ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.43 Utval, råd, læreplangrupper og klagenemnder utnemnde av staten
Forslaget i punkt 48 om å framleis ha lovreglar om foreldreutvalet i grunnopplæringa (FUG), Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY), faglege råd og læreplangrupper vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Det same gjeld resten av forslaga i punkt 48.
68.44 Privatistar, praksiskandidatar, godkjenning av utanlandsk fagopplæring og mellomstatlege avtalar om private vidaregåande skolar
Forslaget i punkt 49 om å i hovudsak vidareføre dagens reglar om praksiskandidatar, godkjenning av utanlandsk fagopplæring og mellomstatlege avtalar om private vidaregåande skolar vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Det same gjeld resten av forslaga i punkt 49.
68.45 Personalet i skolen
Forslag som omhandlar personalet i skolen, er omtalt i punkt 50.
Forslaget om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær, vil synleggjere viktigheita av at skolane har tilgang på vikarar når lærarane er fråverande. Som gjort greie for i punkt 50 følgjer det etter føresetnadene av andre reglar i dagens lov, og andre reglar i lovforslaget, at kommunen og fylkeskommunen må sikre tilgang på vikarar ved fråvær. Departementet legg derfor til grunn at forslaget ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar.
Resten av forslaga i punkt 50 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.46 Praksisplassar i skolen
Forslaget i punkt 51 om å vidareføre regelen om at departementet kan påleggje kommunane og fylkeskommunane å gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.47 Politiattest og vandelskontroll
Forslaga i punkt 52 om å utvide personkrinsen som er inkludert i kravet om å leggje fram politiattest, inneber at kommunane må innhente attest for fleire personar enn i dag og gjere ei konkret vurdering av alle merknader på attestar dei innhentar. Dette kan føre til nokre fleire klagesaker. Vidare vil forslaga medføre ein viss auke i administrasjon for politiet. Samla sett går departementet ut frå at endringane som blir foreslått, ikkje vil medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.48 Ansvaret til kommunane, fylkeskommunane og staten
Forslaga om ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten er omtalte i punkt 53.
Departementet foreslår at fylkeskommunen skal oppfylle retten til opplæring for barn som er pårørande til søsken eller foreldre som er innlagde på helseinstitusjon, når institusjonsopphaldet truleg vil medføre fråvær for barnet eller søskenet på minst 14 dagar per skoleår. For fylkeskommunane er det ein fordel at eit opplæringstilbod allereie er etablert for elevar som er innlagde i helseinstitusjon. Auken i talet på barn som vil ha behov for eit opplæringstilbod ved helseinstitusjonane på det foreslåtte grunnlaget, synest relativt avgrensa.
I ei kartlegging gjort av Kunnskapsdepartementet i samarbeid med KS er fylkeskommunane spurde om kor mange barn i fylkeskommunen som bur på helseinstitusjon som pårørande til innlagde søsken eller foreldre, i kortare eller lengre periodar, og som kan ha behov for eit opplæringstilbod på helseinstitusjonen (til dømes fordi det er for lang reiseveg til heimskolen). Departementet har også innhenta opplysningar frå dei fire helseføretaka. Basert på svara anslår departementet at det kvart år i snitt er 22 barn i kvart fylke som har behov for eit opplæringstilbod i seks veker, og at den samla kostnaden for heile landet blir om lag 5 millionar kroner per år. Som Vestfold og Telemark fylkeskommune har uttalt i høyringa, vil det for fylkeskommunar med små avstandar vere mogleg å løyse det auka ansvaret innanfor dagens rammer.
Fylkeskommunen der institusjonen ligg, har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der det pårørande barnet var busett då pasienten vart innlagd, på same måten og etter same reglar som for pasientar som får eit opplæringstilbod i helseinstitusjonar. Ettersom det allereie finst eit system for slik refusjon mellom fylkeskommunane, legg departementet til grunn at forslaget ikkje vil ha vesentlege administrative konsekvensar.
Resten av forslaga om ansvaret i punkt 53 vidarefører dagens reglar og vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.49 Behandling av personopplysningar
Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om behandling av personopplysningar, den nasjonale databasen for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, og heimelen for innhenting av opplysningar fra Folkeregisteret.
Departementets forslag i punkt 54 vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.50 Kravet om å sørgje for ulykkesforsikring
Departementet foreslår i punkt 55 å utvide plikta til å sørgje for ulykkesforsikring til også å omfatte personar som deltek i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne. Denne gruppa vil då vere dekt på lik linje med elevar.
Departementet er kjent med at dagens gjennomsnittskostnader per elev for ulykkesforsikring varierer noko mellom kommunane. Det er om lag 13 000 vaksne som deltek i førebuande opplæring for vaksne, og om lag 16 000 som deltek i vidaregåande opplæring for vaksne. Med utgangspunkt i at gjennomsnittleg kostnad for forsikring per vaksen per år vil vere mellom 10 og 25 kroner, anslår departementet at tiltaket har ein samla kostnad på mellom 130 000 og 325 000 kroner for kommunane, og mellom 160 000 og 400 000 kroner for fylkeskommunane. Kommunesektoren blir kompensert for meirutgifter over rammetilskotet.
68.51 Internkontroll og kvalitetsutvikling
Forslaget i punkt 56 om å innføre krav om at også fylkeskommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen, er utforma slik at det gir stor grad av handlefridom med omsyn til korleis fylkeskommunen kan innrette seg for å oppfylle kravet. Vidare har fylkeskommunane skolefagleg kompetanse i administrasjonen i dag. Forslaget blir derfor ikkje rekna som å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Resten av forslaga i punkt 56 om krav til arbeid med kvalitetsutvikling vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.52 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig
Forslaget i punkt 57 om oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig, har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.53 Deltaking i evalueringar og informasjonsinnhenting
Forslaget i punkt 58 om å vidareføre reglane om informasjonsinnhenting og evaluering har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.54 Klagetilgang og klageinstans
Reglane om klagetilgang og klageinstans er omtalte i punkt 59.
Forslaget til nye reglar om klageinstans inneber å flytte klagemyndet for enkelte enkeltvedtak frå eit forvaltningsnivå til eit anna, men legg ikkje opp til vesentlege endringar i dagens ordning. Det må likevel forventast noko auka arbeidsmengd hos statsforvaltaren fordi forslaget fører til at nokon fleire vedtak enn i dag skal klagebehandlast der. Det blir lagt til grunn at forslaget ikkje skal medføre meirkostnader totalt sett, slik at eventuelt auka kostnader for statsforvaltaren blir handterte gjennom overføring av midlar mellom forvaltningsnivåa. Kor mykje ressursar som i dag blir brukte hos fylkeskommunane på slike klagesaker, kjem til å bli kartlagt. Eventuell rammeoverføring av midlar blir handtert i statsbudsjettet.
68.55 Statleg tilsyn med kommunar og fylkeskommunar
Forslaget om å i hovudsak vidareføre tilsynsheimlane for statsforvaltaren og departementet i punkt 60 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. I denne lovproposisjonen er det foreslått å innføre nokre nye reglar som det kan førast tilsyn med, men det er ikkje lagt til grunn at det samla omfanget tilsyn skal endrast samanlikna med i dag.
68.56 Reaksjonar overfor kommunar, fylkeskommunar og tilsette i skolen
Forslaget i punkt 61 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår å vidareføre reaksjonsmoglegheitene mot kommunar og fylkeskommunar og å vidareføre reglar om tvangsmulkt, straff og delt bevisbyrde i saker om erstatning i skolemiljøsaker.
68.57 Avgjerder på vegner av barnet når barnevernstenesta har overteke omsorga
Forslaget i punkt 62 om å vidareføre regelen om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker når barnevernet har overteke omsorga, vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.58 Reklame i skolen
Forslaget i punkt 63 om å vidareføre reklameforbodet i opplæringslova vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.59 Forsøk
Forslaget i punkt 64 om å vidareføre heimelen til å gjennomføre lokalt og sentralt initierte forsøk vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.60 Private grunnskolar som ikkje får statsstøtte
Forslaga i punkt 65 vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
68.61 Privatskolelova
Dei forslaga i punkt 66 som har økonomiske eller administrative konsekvensar for private skolar godkjende etter privatskolelova, blir omtalte under dei aktuelle punkta ovanfor.