44 Rådgiving
44.1 Innleiing
Dette punktet handlar om rådgiving i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Det handlar både om rådgiving om sosiale spørsmål og rådgiving om utdannings- og yrkesval.
44.2 Dagens reglar
I opplæringslova § 9-2 første ledd er det fastsett at elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Retten til rådgiving gjeld både for elevar i grunnskolen og for elevar i den vidaregåande opplæringa.
I forskrift til opplæringslova kapittel 22 er det gitt nærare reglar om rådgiving. Det er ein generell paragraf om rådgiving (§ 22-1), ein om sosialpedagogisk rådgiving (§ 22-2) og ein om utdannings- og yrkesrådgiving (§ 22-3). Rådgivinga kan vere både individuell og gruppevis, og behovet og ønsket til eleven skal vere avgjerande for kva for ei av formene som blir tekne i bruk, jf. § 22-1 andre ledd andre punktum.
Vidare følgjer det av § 22-4 at skoleeigar har ansvaret for å oppfylle retten eleven har til rådgiving, og at ansvaret inneber at rådgivinga skal utførast av personale med relevant kompetanse. Det er skoleeigar som må vurdere krava til kompetanse hos dei som blir tilsette som rådgivarar i skole. Skoleeigar kan i samband med dette støtte seg på tilrådde kompetansekrav og rettleiande kompetansekriterium for personale som skal utføre rådgivingsoppgåver i skolen som er utarbeidde av Utdanningsdirektoratet.
Det følgjer av opplæringslova § 8-2 andre ledd at kontaktlæraren skal ha eit særleg ansvar for mellom anna sosialpedagogiske gjeremål som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der. I juridisk teori, Helgeland (2018), side 199, er det lagt til grunn at regelen inneber at kontaktlæraren er pålagd eit særleg ansvar for den sosialpedagogiske rådgivinga.
I tillegg til lov- og forskriftsreglar om rådgiving er rådgivingsfunksjonen regulert i tariffavtale. Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale i kommunar og fylkeskommunar, SFS 2213 Arbeidstid i skole, inneheld reglar om tidsressurs for lærarar som utfører sosialpedagogisk rådgiving på ungdomstrinnet, og for lærarar som utfører rådgiving i vidaregåande opplæring, og reglar om godtgjering av rådgivarfunksjonen. Avtalen inneheld ikkje reglar om rådgivarfunksjonen på barnetrinnet.
Etter opplæringslova § 13-3 f skal fylkeskommunane ha eit tilbod om gratis karriererettleiing til alle som er busette der. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet. Dette tilbodet rettar seg ikkje mot elevar, sjå nærare omtala av dette tilbodet i punkt 46. I forarbeida til paragrafen, Prop. 96 L (2019–2020), kapittel 15.1, er det likevel nemnt at det vil vere naturleg at karriererettleiingstenesta samarbeider med rådgivingstenesta til elevar i skolen og eventuelle andre som gir rettleiing om yrkesval og utdanningsval. Det er også presisert at den nye plikta til karriererettleiing ikkje endrar reglane om rådgiving til elevane i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og ikkje skal føre til eit redusert tilbod om rådgiving etter reglane i forskrift til opplæringslova kapittel 22.
44.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet
å vidareføre at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa skal få den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval
å vidareføre at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa skal få den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold
å vidareføre plikta for kommunane og fylkeskommunane til å gi elevar rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom eleven ønskjer det
å innføre ei ny plikt for fylkeskommunane til å sørgje for at dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving om utdanning og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold på skolen dei har gått på
å ikkje vidareføre heimelen til å gi forskrift om rådgiving
Departementet bad om synspunkta til høyringsinstansane på om nemninga utdannings- og yrkesrådgiving bør endrast til karriererettleiing.
Departementet følgde med dette høyringsforslaget delvis opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 42. Utvalet foreslo at kommunen skal sørgje for at elevar på 1. til 7. årstrinn får nødvendig rådgiving om val av fag på 8. til 10. trinn. Vidare foreslo utvalet å lovfeste at elevane skal kunne få råd frå andre enn lærarane sine om sosiale og personlege forhold dersom dei ønskjer det. I tillegg foreslo utvalet å vidareføre heimelen til å gi forskrift om rådgiving om utdannings- og yrkesval og om sosiale og personlege forhold, men oppmoda samtidig Kunnskapsdepartementet til å vurdere om det er nødvendig med meir detaljerte reglar i forskrift.
44.4 Høyringsinstansanes syn
44.4.1 Om lova skal ha reglar om rådgiving
Det er 25 høyringsinstansar som har kommentert forslaga i høyringa om rådgiving. Dette er arbeidslivsorganisasjonane NHO, LO, Spekter, Virke og YS, seks kommunar, tre fylkeskommunar og ein statsforvaltar. I tillegg har mellom anna Barneombodet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir),Statped, KS, Elevorganisasjonen, Norsk lektorlag, Unge funksjonshemmede, YVIA og Karriere Buskerud gitt utsegner om rådgiving. I hovudsak er det støtte til departementets forslag.
Viken fylkeskommune, Karriere Buskerud, Barneombodet, Elevorganisasjonen og Unge funksjonshemmede støttar ei vidareføring av reglane om rådgiving, men meiner at lova framleis bør gi opp ein individuell rett til rådgiving for eleven.
Høyringsinstansane gir tilslutning til at utdannings- og yrkesrådgiving og rådgiving om sosiale og personlege forhold blir regulerte i kvar sin paragraf i lova.
44.4.2 Elevar skal få den rådgivinga som dei treng
Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg om rådgiving, støttar forslaget om at elevar skal få den rådgivinga dei treng om utdannings- og yrkesval og om sosiale og personlege forhold.
Alle høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, støttar at elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og at elevar som ønskjer det, skal få individuell rådgiving.
44.4.3 Utdannings- og yrkesrådgiving
Eit fleirtal av høyringsinstansane som uttaler seg om nemninga utdannings- og yrkesrådgiving bør endrast til karriererettleiing,meiner at ein bør bruke nemningane karriererettleiing og karriererettleiar. HK-dir, som har det faglege ansvaret for rådgiving i heile skoleløpet i dag, grunngir dette med at nemningane karriererettleiing og karriererettleiar allereie er etablerte nemningar i samanheng med rettleiing om utdannings- og yrkesutval. Direktoratet viser til at nemningane blir brukte i offentlege dokument som meldingar og oppdragsbeskrivingar, og at nemningane allereie er i bruk i opplæringslova. Vidare viser direktoratet til at nemningane blir brukte gjennomgåande innan fagfeltet i universitets- og høgskolesektoren og er etablerte i fylkeskommunane. NHO, Norsk lektorlag, Oslo kommune, Spekter, Vestfold og Telemark fylkeskommune og Viken fylkeskommune bruker tilsvarande argument for at nemninga karriererettleiing skal nyttast i lova.
Barneombodet støttar at utdannings- og yrkesrådgiving blir brukt, fordi dei oppfattar at nemninga karriererettleiing er for snever, særleg for barnetrinnet. Bergen kommune støttar også dette alternativet.
Krav til kompetanse hos rådgivarane blir teke opp av fleire høyringsinstansar, mellom anna HK-dir, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Bergen kommune, Elevorganisasjonen, Karriere Buskerud, Norsk lektorlag, Spekter, Unge funksjonshemmede og Virke. Dei fleste av dei fokuserer på karriererettleiaren og meiner det bør fastsetjast kompetansekrav for den som skal gi rådgiving om utdanning og yrkesval, for å sikre kvaliteten på rettleiinga og like tilbod.
44.4.4 Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Vestfold og Telemark fylkeskommune støttar å vidareføre plikta kommunen og fylkeskommunen har til å gi elevar rådgiving om sosial og personlege forhold.
Troms og Finnmark fylkeskommune går inn for at det bør stillast krav til kompetanse for dei som skal gi råd om sosiale og personlege forhold. Mellom anna Elevorganisasjonen og LO meiner det bør stillast krav til kompetansen til rådgivarane generelt.
44.4.5 Dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving
Alle høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, støttar at dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving om utdanning og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold.
Statsforvaltaren i Nordland går inn for at rådgivinga skal vere tilgjengeleg på ein skole i nærleiken av lærestaden, og viser til dei særlege problema som gjeld faga med berre eitt eller få skoletilbod i landet. Vestfold og Telemark fylkeskommune ser ikkje nødvendigheita av at rådgivinga skal givast på den skolen den enkelte sist gjekk på. Oslo kommune meiner det bør overlatast til fylkeskommunen å vurdere kvar dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving. Elevorganisasjonen meiner rådgiving bør givast på den skolen som er nærast bustadadressa til lærlingen. Spekter meiner tilbodet om rådgiving til dei som har læretid i bedrift, må vere tilgjengeleg der den enkelte er, og at dette ikkje nødvendigvis er på den skolen dei tidlegare var elev på.
44.4.6 Spørsmålet om behov for forskriftsheimel om rådgiving
Det er eit fåtal av høyringsinstansane som uttaler seg om det er behov for å behalde heimelen til å gi forskrift om rådgiving. HK-dir peikar på at ei forskrift kan gjere tydeleg kva rådgivinga om karriererettleiing skal innehalde og gi av utbytte. Vidare viser direktoratet til at dagens forskriftsreglar har vore viktige og retningsgivande for utviklinga av karriererettleiinga, og at ei vidareføring kan sikre kvaliteten på karriererettleiinga og likeverdige tilbod på tvers av geografi, målgrupper og utdanningsnivå.
Vestfold og Telemark fylkeskommune støttar forslaget om å ikkje vidareføre ein forskriftsheimel, men meiner at behovet for ein rettleiing bør vurderast. Viken fylkeskommune meiner at det ikkje er behov for ein forskriftsheimel dersom heile intensjonen med forskrifta er vareteken i lovteksten. Den foreslåtte lovteksten oppfyller ifølgje fylkeskommunen ikkje denne føresetnaden.
Karriere Buskerud viser til at rådgivinga ikkje blir regulert av læreplanar og i praksis derfor i stor grad blir utvikla ved kvar enkelt skole. Til liks med HK-dir meiner Karriere Buskerud at forskrifta er viktig for sikre kvaliteten på rådgivinga og likeverdige tilbod til elevane. NHO støttar ikkje forslaget og meiner at dagens heimel bør utvidast til å omfatte behovet i arbeidslivet generelt og behovet i lokalt arbeidsliv spesielt. Norsk lektorlag støttar at heimelen til å gi nærare forskrift om rådgiving blir teken bort, men meiner at dette føreset tydelegare formålsbeskrivingar i forarbeida. Lektorlaget meiner at innhaldet i forskrifta § 22-1 om at tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, kva retten til nødvendig rådgiving inneber, og at rådgiving skal medverke til å jamne ut sosiale forskjellar, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar, må innarbeidast i forarbeida.
44.5 Departementets vurdering
44.5.1 Om lova skal ha reglar om rådgiving
Rådgivingstenesta er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa eller den vidaregåande opplæringa, men er viktig for at elevane skal finne seg til rette på skolen og gjere gode utdannings- og yrkesval. Høvet til å få rådgiving er så viktig for barn og unge i grunnskolen og vidaregåande opplæring at desse tenestene bør regulerast i lov.
Utdannings- og yrkesrådgiving og rådgiving om sosiale og personlege forhold har ulik funksjon og ulikt innhald. Dette kan bli tydelegare dersom dei to tenestene, i motsetning til i gjeldande lov, blir regulerte i kvar sin paragraf. Ei slik deling av forpliktingane til kommunen/fylkeskommunen har brei støtte blant høyringsinstansane. Departementet foreslår derfor at rådgiving om utdannings- og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold blir regulerte i kvar sin paragraf.
Departementet meiner at ei plikt for kommunen/fylkeskommunen til å gi rådgiving til kvar enkelt elev vil vere tilstrekkeleg for å sikre at barn og unge i grunnskole og vidaregåande opplæring får den rådgivinga dei har behov for, og foreslår at paragrafen i den nye lova blir utforma i samsvar med dette. Departementet viser også til retningslinjene for regelstyring og at individuelle rettar bør reserverast tilfelle der det er stor risiko for at generelle reglar ikkje vil vareta enkeltpersonar, sjå punkt 4.
44.5.2 Elevar skal få den rådgivinga dei treng
For å få tydelegare fram at rådgivinga skal knytast til behovet elevane har, foreslår departementet å forme ut reglane som plikter til å sørgje for at elevane får den rådgivinga dei treng. Dette er ei språkleg endring og inneber ikkje ei endring av innhaldet i dagens regel.
Det følgjer av dagens forskrift til opplæringslova § 22-1 at rådgivinga (både utdannings- og yrkesrådgivinga og den sosialpedagogiske rådgivinga) kan vere individuell, eller at ho kan givast gruppevis, og at forma skal avgjerast ut frå ønsket og behovet til elevane. Departementet foreslår å vidareføre dette og å eksplisitt uttrykkje i lova at eleven skal få rådgivinga individuelt dersom dei ønskjer det. Dette vil gjelde for begge formene for rådgiving.
Rådgivingstilbodet på den enkelte skolen vil etter forslaget bestå av ulike element som samla sett skal dekkje behovet til elevane for rådgiving, og kan vere både kollektiv og individuell rådgiving. Kontaktlæraren skal framleis ha ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av elevane, sjå forslag til ny § 14-2, og vil i mange tilfelle kunne gjere gode vurderingar av behovet til elevane for rådgiving. Ettersom det er elevane som er nærast til å vita kva som skal til for å dekkje behova deira, bør elevane høyrast i arbeidet med å planleggje og organisere rådgivingstilbodet, i samsvar med forslaget til § 10-2 som er omtalt i punkt 21.
Departementet foreslo i høyringa å vidareføre og lovfeste at elevar skal ha tilgang til rådgiving ved den skolen dei går på. Alle høyringsinstansane som uttaler seg om dette forslaget, støttar det. Regelen stiller ikkje krav utover dette om korleis kommunane organiserer rådgivinga.
Elevane og foreldra må kjenne til tilbodet om rådgiving for at dei skal kunne nytte seg av det. Forskrifta § 22-1 slår i dag fast at rådgivingstilbodet skal vere kjent for elevar og føresette. Departementet meiner at det ikkje er behov for at det står eksplisitt i lovregelen om rådgiving at tilbodet skal vere kjent for elevar og foreldre. Forslaget til ny § 10-8, sjå omtale i punkt 19, gir kommunane og fylkeskommunane ei generell plikt til å gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for. Denne plikta til å gi informasjon omfattar også plikta skolen har til å gi opplysningar om tilbodet sitt om rådgiving til elevane og foreldra som har bruk for om det.
44.5.3 Utdannings- og yrkesrådgiving
Kva elevane skal få rådgiving om
Etter gjeldande lov skal elevane få nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Kva rådgivinga skal omfatte, er nærare utdjupa i dagens forskrift til opplæringslova § 22-3, der det mellom anna står at rådgivinga har til formål å bevisstgjere eleven i val av utdanning og yrke og å utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanninga si og yrket sitt i eit langsiktig perspektiv. I tillegg er det lista opp ei rekkje døme på kva elevane kan få rådgiving om, mellom anna søknadsprosedyrar, utdanningsretningar i og utanfor Noreg og korleis bruke rettleiingsverktøy. Departementet meiner at foreslått ordlyd om at rådgivinga skal omfatte utdannings- og yrkesval, etter ei vanleg forståing av ordlyden, vil omfatte desse elementa, og dermed omfatte rådgiving om fag, konsekvenser av val og karrieremoglegheiter.
Karriererettleiingsutvalet foreslo i NOU 2016: 7 Noreg i omstilling – karriererettleiing for individ og samfunn å endre nemninga på utdannings- og yrkesrådgiving til karriererettleiing. Utvalet meinte at denne nemninga etter synet frå utvalet betre dekkjer det barn og unge bør få gjennom rådgivinga til skolen. I NOU 2019: 23 Ny opplæringslov uttalte opplæringslovutvalet derimot at nemninga utdannings- og yrkesrådgiving best dekkjer den rådgivinga som går føre seg i skolen, fordi det i stor grad handlar om val innanfor og mellom utdanningar. Utvalet viser også til at uttrykket karriererettleiing kan verke framand for elevane som skal søkje seg til vidaregåande opplæring.
Departementet har merka seg at nemninga karriererettleiing er teken i bruk i opplæringa som gir kompetanse i å ta val om utdanning og arbeid gjennom heile utdanningsløpet og arbeidslivet, og at nemninga blir nytta i det internasjonale forskingsfeltet som gir kunnskapsgrunnlaget for fagområdet. Omgrepet har også vorte brukt i enkelte samanhengar om utdannings- og yrkesrådgiving i offentlege dokument.
Departementet legg større vekt på at rådgiving om utdannings- og yrkesval er ei innarbeidd nemning i grunnopplæringa. Vidare er uttrykket utdannings- og yrkesval meir intuitivt enn karriere for dei som ikkje har sett seg inn i den faglege forståinga av kva karriererettleiing inneber. I daglegtale speler uttrykket karriere i stor grad på vaksenlivet og det å gjere karriere. Å bruke denne nemninga, særleg for elevar i grunnskolen, kan derfor bidra til opplevd press om å velje yrke tidleg. Den rådgivinga barn og unge får på skolen, handlar i stor grad om å bli kjend med seg sjølv og sine interesser og gjere val innanfor og mellom utdanningar. Departementet forslår derfor å vidareføre nemninga rådgiving om utdannings- og yrkesval.
Kven som skal gi elevane rådgiving om utdannings- og yrkesval
Kommunane og fylkeskommunane har ansvar for å finne ut kva kompetanse skolane må ha tilgang til for å gi eit godt rådgivingstilbod til elevane. Dette ansvaret vil etter departemenets forslag følgje av dei generelle reglane i lova. I forslag til §§ 28-1 og 28-2 blir dagens reglar om at kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for å oppfylle reglane i lova, vidareførte. Forslaget til § 17-1 slår dessutan fast at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda.
Departementet meiner at rettleiande kompetansestandardar for dei som skal gi elevane rådgiving om utdannings- og yrkesval i skolen, basert på det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing, vil vere eit meir fleksibelt verkemiddel enn lovfesta kompetansekrav. Dette vil gi meir fagleg fridom og større handlingsrom for kommunale og fylkeskommunale styresmakter i tråd med prinsippa i tillitsreforma. Eit forbetra og vidareutvikla vidareutdanningstilbod for dei som skal gi elevane rådgiving om utdannings- og yrkesval i skolen, vil også kunne bidra til å auke kvaliteten i rådgivingstenestene.
Departementet foreslår derfor at det ikkje blir gitt reglar om kompetansekrav for rådgivarar.
44.5.4 Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Kva elevane skal få rådgiving om
Departementet foreslo i høyringa å vidareføre gjeldande reglar om kva elevane skal få rådgiving om. Skolen er den arenaen der elevane er store delar av oppveksten, og der utfordringar både oppstår og bør løysast. Skolen kan derfor bidra til at elevane får hjelp raskt dersom problem oppstår. Rådgiving om sosiale og personlege forhold kan omfatte dei fleste tema, under den føresetnaden at dei verkar inn på korleis eleven har det på skolen. Dette kan gjelde problem rundt opplæringa, inkludert utfordringar rundt motivasjon, læringsmiljø etc. I tillegg kan det gjelde det sosiale på skolen. Rådgiving inneber å gi informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt anna hjelp til elevane. I mange tilfelle vil også problem utanfor skolen eller opplæringssituasjonen ha noko å seie for korleis eleven har det på skolen. I slike tilfelle omfattar plikta til å gi rådgiving at skolen ved behov hjelper elevar med å finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse. Elevane skal ikkje bli avviste dersom dei oppsøkjer skolen for å få hjelp og råd om forhold som ikkje nødvendigvis har noko å seie for opplæringa eller situasjonen til eleven på skolen, men bli viste til det relevante tilbodet.
Kven som skal gi rådgiving om sosiale og personlege forhold
Departementet meiner det framleis bør overlatast til kommunane og fylkeskommunane å finne ut kva kompetanse skolane må ha for å gi eit godt rådgivingstilbod til elevane. Dette vil følgje av dei generelle reglane i lova. I forslag til §§ 28-1 og 28-2 blir dagens reglar om at kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for å oppfylla reglane i lova, vidareførte. I tillegg følgjer det av forslag til § 17-1 at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda.
Departementet ser at elevar kan ha behov for å få råd frå andre enn lærarane sine, men er ikkje samd med utvalet i at dette bør lovfestast. Departementet viser til at det blir foreslått å lovfeste at eleven skal få den rådgivinga dei har behov for. For å oppfylle plikta må skolane ta omsyn til at den enkelte eleven kan ha behov for å snakke med nokon andre enn kontaktlæraren sin. Departementet har tillit til at skolane organiserer verksemda ut frå lokale forhold og behovet til elevane. I tillegg har mange skolar allereie i dag ein rådgivar eller sosiallærar som elevar kan gå til, i tillegg til kontaktlæraren. Dessutan skal skolen hjelpe eleven med å oppsøkje rett instans. Elevane har også høve til å direkte oppsøkje hjelp og råd frå andre enn kontaktlæraren, til dømes gjennom skolehelsetenesta.
Departementet forslår til liks med utvalet at det ikkje blir fastsett spesifikke reglar om kompetanse hos dei som skal gi elevane råd om sosiale og personlege forhold.
44.5.5 Dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving
Om dei som har læretid i bedrift, også skal ha tilgang på rådgiving
Fylkeskommunen har i dag inga plikt til å sørgje for rådgiving om utdanning og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold for dei som har læretid i bedrift. For unge som har læretid i bedrift kan likevel behov for rådgiving vere like stort som for elevar i vidaregåande opplæring.
Dei som har læretid i bedrift, kan ha behov for og nytte av rådgiving om omval, kva jobbmoglegheiter utdanninga gir dei, og korleis dei kan utnytte moglegheitene sine for å få jobb etter avslutta utdanning. Dei kan også ha behov for rådgiving om sosiale og personlege forhold. Overgangen frå skole til bedrift kan vere krevjande for mange. Rådgiving kan vere nyttig for at den enkelte skal finne sin plass og få mest mogleg ut av opplæringa. Tilgang til rådgiving kan derfor vere viktig for at dei som har læretid i bedrift, skal lykkast med å fullføre opplæringa si.
Forslag om ei slik plikt for fylkeskommunen har vorte fremja ei rekkje gonger tidlegare: i NOU 2008: 18 Fagopplæring for framtida, i NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn og i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden og av opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23.
Alle høyringsinstansane som uttaler seg, støttar forslaget. Departementet foreslår at det blir fastsett ei slik plikt for fylkeskommunen i den nye opplæringslova.
Kva plikta til rådgiving skal innebere
Det er ressurskrevjande og lite praktisk at rådgivinga til skolane oppsøkjer alle dei ulike opplæringsstadene ute i bedriftene. Departementet foreslår derfor at plikta til å gi rådgiving blir lagt til fylkeskommunane, og at det ikkje blir stilt krav om ein aktiv og oppsøkjande rådgiving i bedriftene der opplæringa skjer. Dei som har læretid i bedrift, må derfor sjølve oppsøkje dei tilgjengelege rådgivingstenestene. Dette føreset at dei får tilstrekkeleg informasjon om rådgivingstilbodet til at dei kan nytte seg av det.
Departementet foreslo i høyringa at rådgivinga skulle givast på den skolen som den enkelte sist gjekk på. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som har vist til at det ofte ikkje er tenleg for den som skal få rådgiving, å få rådgivinga på den skolen vedkommande sist gjekk på. Vedkommande kan både bu og få opplæring langt frå denne skolen. Derfor er det også vanskeleg å forme ut ein konkret regel som gir den beste løysinga i alle tilfelle for den som skal få rådgivinga. Departementet forslår derfor at fylkeskommunen kan avgjere kvar rådgiving skal givast.
44.5.6 Ikkje behov for forskriftsheimel om rådgiving
Departementet foreslo i høyringa å ikkje vidareføre dagens heimel i opplæringslova til å fastsetje forskrift om rådgiving. Dette forslaget fekk støtte i høyringa.
Etter departementets vurdering bør sentrale element i rådgivingsplikta komme fram direkte av lova. Enkelte delar av gjeldande forskrift er derfor foreslått innarbeidd i forlaget til lovtekst. Departementet ser ikkje at det er behov for meir detaljerte reglar om rådgiving enn det som følgjer av forslaga til lovreglar. Eventuelle behov for presiseringar om innhaldet i rådgivinga og støttetiltak kan givast som rettleiing. Departementet foreslår derfor at ny opplæringslov ikkje skal innehalde ein forskriftsheimel om rådgiving.
44.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å vidareføre at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa skal få den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval, sjå forslaget til § 16-1
å vidareføre at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa skal få den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold, sjå forslaget til § 16-2
å vidareføre plikta for kommunane og fylkeskommunane til å gi elevar rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom eleven ønskjer det, sjå forslaget til § 16-1 andre ledd og § 16-2 andre ledd
å innføre ei ny plikt for fylkeskommunane til å sørgje for at dei som har læretid i bedrift, skal ha tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold, sjå forslaget til § 16-1 tredje ledd og § 16-2 tredje ledd
å ikkje vidareføre heimelen til å gi forskrift om rådgiving