39 Privat grunnskoleopplæring i heimen
39.1 Innleiing
Dette punktet handlar om privat grunnskoleopplæring i heimen. Alle barn i grunnskolealder har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Dette inneber at det er ei opplæringsplikt, men ikkje ei skoleplikt i Noreg. Opplæringsplikta kan varetakast ved at foreldre gir barna sine privat grunnskoleopplæring i heimen.
39.2 Dagens reglar
39.2.1 Grunnlova og Noregs folkerettslege forpliktingar
Det følgjer av Grunnlova § 109 at alle barn har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring.
Reglar i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og barnekonvensjonen inneber at foreldre har rett til å velje ei opplæring for barna sine som er i tråd med deira etiske eller religiøse overtyding. Folkeretten gir likevel staten rett til å krevje ein minstestandard på opplæringa og at opplæringa skal oppfylle nærare bestemte formål. I EMK protokoll 1 artikkel 2 er dette fastsett:
Ingen skal bli nektet retten til utdanning. Funksjoner staten påtar seg i utdanning og undervisning, skal den utøve med respekt for foreldres rett til å sikre slik utdanning og undervisning i samsvar med deres egen religiøse og filosofiske overbevisning.
Ei tilsvarande regulering finn ein også i FNs internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) artikkel 13 nr. 3, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 18 og barnekonvensjonen artikkel 28. Både staten og foreldra skal sikre rettane til barna etter barnekonvensjonen.
39.2.2 Opplæringslova og forskrift til opplæringslova
Det er ikkje skoleplikt, men opplæringsplikt i Noreg. Plikta til grunnskoleopplæring kan varetakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna «tilsvarande opplæring». Dette følgjer av opplæringslova § 2-1 første ledd. Med «tilsvarande opplæring» meiner ein opplæring i privat skole som er godkjend etter opplæringslova eller privatskolelova, og privat grunnskoleopplæring i heimen etter opplæringslova § 2-13. Plikta til grunnskoleopplæring fell bort dersom barnet oppheld seg utanfor Noreg i meir enn tre månader, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd. Opplæringslova § 2-13 gjeld opplæring i heimen til barnet i Noreg, og paragrafen kjem ikkje til bruk når barnet oppheld seg i utlandet.
Grunnskoleopplæring i heimen føreset at foreldra sjølve underviser sine eigne barn. Opplæringslova § 2-13 opnar ikkje for at foreldra underviser andre enn sine eigne barn. Ved grunnskoleopplæring av andre sine barn krevst det godkjenning etter opplæringslova § 2-12 om private grunnskolar.
Utvalde reglar i opplæringslova gjeld for grunnskoleopplæring i heimen, så langt reglane ikkje kjem i konflikt med Noregs folkerettslege forpliktingar. Dette gjeld reglane om formålet med grunnskoleopplæringa i opplæringslova § 1-1, kravet om tilpassa opplæring i § 1-3, reglane om innhaldet i opplæringa i § 2-3 med forskrifter og reglane om faget kristendom religion, livssyn og etikk i § 2-4. Ingen av dei andre reglane i opplæringslova med forskrifter gjeld for grunnskoleopplæring i heimen, til dømes retten til individuell vurdering.
Kommunane har både ein rett og ei plikt til å føre tilsyn med grunnskoleopplæring i heimen, jf. opplæringslova § 14-3. Det er kommunen som vel tilsynsperson, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 26.4, men det bør skje i samråd med foreldra. Som ledd i tilsynet kan kommunen kalle barnet inn til særskilde prøvar, og følgjande er presisert i forarbeida til paragrafen (Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 24.5.2): «Slike prøver må vere grunngitt med tilsynsansvaret til kommunane og det behovet kommunen har for å kontrollera at den opplæringa barna får er i samsvar med læreplanen.»
Dersom kravet lova og forskrifta har til grunnskoleopplæring i heimen, ikkje blir oppfylt, skal kommunen krevje at barnet byrjar på skolen. I forarbeida til paragrafen, Ot.prp. nr. 46 (1997–98), merknad til § 14-3, er det presisert at det same gjeld dersom tilsyn ikkje er mogleg: «Heimeopplæringa er ikkje lovleg dersom tilsyn ikkje er mogleg som følgje av manglande samarbeid frå foreldra. Også i slike tilfelle skal kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen.» Avgjerda til kommunen om å krevje at barnet får opplæring i skolen, er eit enkeltvedtak foreldra kan klage på til statsforvaltaren, jf. opplæringslova § 15-2 første ledd. Dersom foreldra nektar å rette seg etter vedtaket, kan dei bøteleggjast etter opplæringslova § 2-1 femte ledd.
Det er lagt til grunn at foreldra ikkje kan krevje at kommunen legg til rette for at barnet får opplæringa si delvis i ein offentleg skole og delvis i form av privat grunnskoleopplæring i heimen.
39.3 Høyringsforslaget
Departementet foreslo
å vidareføre reglar om foreldre si grunnskoleopplæring av eigne barn i sin eigen heim i ny opplæringslov
å i hovudsak vidareføre krava til innhaldet i den private grunnskoleopplæringa
at nemninga «privat grunnskoleopplæring i heimen» skal brukast i lova
at det blir innført ei meldeplikt til kommunen før oppstart av heimeopplæring
at kommunane framleis skal føre tilsyn med grunnskoleopplæring i heimen, og at det blir presisert at kommunane skal føre tilsyn med opplæringa innan 3 månader etter at opplæringa har starta opp
Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 46 om å innføre krav om førehandsgodkjenning frå kommunen. Forslaget om meldeplikt til kommunen før oppstart av heimeopplæring og at kommunen skal føre tilsyn med opplæringa innan 3 månader etter at opplæringa har starta opp, er nytt samanlikna med forslaget til utvalet. Nemninga i forslaget frå departementet er i hovudsak i samsvar med forslaget frå utvalet som foreslo å bruke nemninga «grunnskoleopplæring i heimen».
39.4 Høyringsinstansanes syn
39.4.1 Utgangspunkt
Det er om lag 30 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget til reglar om privat grunnskoleopplæring i heimen. Det er sju instansar som eksplisitt støttar at lova framleis skal opne for grunnskoleopplæring i heimen. Dette er Barneombodet, Statsforvaltaren i Rogaland, Bergen kommune, Nittedal kommune, Oslo kommune, Norsk hjemmeundervisningsforbund og Opplysningstjenesten for hjemmeundervisning.
I tillegg til desse er det fleire instansar som har komme med konkrete innspel til korleis grunnskoleopplæring i heimen burde regulerast i lova.
39.4.2 Kva nemning som bør brukast i lova
Sju instansar har uttalt seg om departementets forslag om å bruke nemninga «privat grunnskoleopplæring i heimen» i lova. Av desse er det seks som støttar forslaget: Barneombodet, Statsforvaltaren i Rogaland, Bergen kommune, Nannestad kommune, Nittedal kommune og Norsk hjemmeundervisningsforbund.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark støttar ikkje forslaget og meiner at privat grunnskoleopplæring i heimen ikkje er eit tenleg omgrep ettersom opplæring i heimen ikkje er skole.
39.4.3 Kvar opplæringa skal gå føre seg
Fleire høyringsinstansar har innspel til at opplæringa skal skje «i heimen», det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærleiken.
Norsk hjemmeundervisningsforbund meiner at det er unødvendig å presisere at undervisninga skal gå føre seg «i heimen», og viser til at verken gjennomføringa av opplæringa eller tilsynet av denne føreset at undervisninga går føre seg på folkeregistrert adresse.
Oslo kommune tek ikkje direkte stilling til lovforslaget, men etterspør at det i lovteksten eller i forarbeida blir teke stilling til korleis tilsyn skal gjennomførast i tilfelle der barnet bur fast hos begge foreldre på ulike bustader.
39.4.4 Kva krav det bør stillast til opplæringa
Sju høyringsinstansar og en del privatpersonar har uttalt seg om forslaget til kva krav som skal stillast til opplæringa. Fire instansar støttar forslaget. Dette er Barneombodet, Statsforvaltaren i Rogaland, Bergen kommune og Nittedal kommune.
Norsk hjemmeundervisningsforbund støttar forslaget om at formålsparagrafen skal gjelde for privat grunnskoleopplæring i heimen, men støttar ikkje forslaget om at slik undervisning skal vere underlagt læreplanverket og fag- og timefordeling. Når det gjeld læreplanverket, viser forbundet til at privat undervisning i heimen kan ta mange ulike former, og at metode og pedagogikk ofte er annleis enn i den offentlege skolen. Når det gjeld fag- og timefordelinga, viser forbundet til at ein av fordelane med heimeundervisning nettopp er det at eleven kan bruke lengre tid på det som er vanskeleg eller interessant, og kortare tid på det som er lett. Forbundet meiner dermed det ikkje er tenleg å krevje at privat undervisning i heimen skal vere underlagt same fag- og timefordelinga som den offentlege skolen.
Opplysningssenteret for hjemmeundervisning og ei rekkje privatpersonar støttar ikkje forslaget om at forbodet mot forkynning skal gjerast gjeldande for undervisning i heimen. Fleire påpeikar at ei slik regulering vil vere i strid med Noregs internasjonale forpliktingar, som fastset at foreldre har rett til å velje utdanning og undervisning for barna sine som er i samsvar med deira religiøse og filosofiske overtyding.
39.4.5 Korleis sikre at barna får oppfylt retten sin til opplæring?
Krav om meldeplikt ved oppstart av privat grunnskoleopplæring i heimen
Det er 22 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å innføre ei plikt til å melde frå før heimeopplæringa startar. Av desse støttar 19 forslaget, mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Statsforvaltaren i Vestland, fleire kommunar, FUG og Norsk hjemmeundervisningsforbund.
Asker kommune støttar i hovudsak forslaget, men ønskjer i tillegg at foreldra gjennom meldeplikta må levere ein plan for opplæringa. LO og Kristiansand kommune støttar ikkje forslaget og meiner begge, slik også opplæringslovutvalet foreslo, at kommunen må gi ei førehandsgodkjenning for at foreldra skal kunne starte opp privat grunnskoleopplæring i heimen.
Plikt for kommunen til å føre tilsyn innan tre månader
Det er 21 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å innføre ei plikt for kommunen til å føre tilsyn innan tre månader. Av desse er det 18 som støttar forslaget, mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvaltaren i Vestland, ei rekkje kommunar, FUG, Skolenes landsforbund og Norsk hjemmeundervisningsforbund.
Nannestad kommune støttar i hovudsak forslaget, men meiner tilsyn burde skje tidlegast mogleg, og at det ikkje burde gå opptil tre månader frå opplæringa startar, før tilsyn blir opna.
Kristiansand kommune spør etter ei presisering i lovverket om kor raskt tilsyn kan opnast etter oppstart i tilfelle der kommunen sit på opplysningar som tilseier at det vil vere urealistisk at foreldra kan gi tilstrekkeleg opplæring. Kommunen ønskjer også ei presisering av om dei føresette har rett til eit nytt forsøk på heimeundervisning i tilfelle der det er gitt pålegg om at barnet skal gå på skole.
39.5 Departementets vurdering
39.5.1 Utgangspunkt
Reglar i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og barnekonvensjonen inneber at foreldre har rett til å velje ei opplæring for barna sine som er i tråd med deira etiske eller religiøse overtyding. Folkeretten gir likevel staten rett til å krevje ein minstestandard på opplæringa og at opplæringa skal oppfylle nærare bestemte formål. I dei fleste tilfella vil det vere til det beste for barnet å få grunnskoleopplæring på skolen saman med andre barn. Det kan likevel vere ulike årsaker til at foreldre ønskjer å undervise sine eigne barn i staden. Til dømes kan dei ønskje at familien får meir tid saman, at barna skal givast opplæring etter ei bestemt pedagogisk retning, eller dei kan vere misfornøgde med skolemiljøet.
Departementet foreslår at opplæringslova framleis skal opne for privat grunnskoleopplæring i heimen, og at det framleis skal vere reglar for slik opplæring. Lovregulering er nødvendig for at foreldre framleis kan velje å undervise eigne barn, og for å sikre at det enkelte barnet får oppfylt retten til opplæring. Regelstyring bidreg også til føreseielege forhold og likebehandling.
39.5.2 Kva nemning som bør brukast i lova
I dagens opplæringslov blir privat grunnskoleopplæring i heimen karakterisert noko ulikt. I § 2-13 er det «privat opplæring i heimen» og «privat grunnskoleopplæring i heimen» som er brukte, medan «heimeopplæring» og «opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole» blir brukte i opplæringslova § 14-3. Departementet foreslår at det berre brukast eitt omgrep i lova, nemleg privat grunnskoleopppplæring i heimen. Departementet vil vise til at grunnskoleopplæring er nemninga som blir brukt om den pliktige opplæringa frå 1. til 10. trinn. Ved å bruke «privat» blir det gjort tydeleg at dette er opplæring som ikkje kommunen har ansvar for, på same måte som ved skiljet mellom offentlege og private grunnskolar. Departementet meiner det er lite sannsynleg at privat grunnskoleopplæring i heimen vil bli forveksla med opplæringa som går føre seg på skole. Departementet foreslår derfor at nemninga privat grunnskoleopplæring i heimen brukast i lova.
39.5.3 Kvar opplæringa skal gå føre seg
Departementet foreslår at opplæringa hovudsakleg skal skje i heimen til barnet, det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærområdet. Dette følgjer også av dagens paragraf, der ordlyden er «i heimen». Også opplæringslovutvalet legg denne forståinga til grunn.
Det er likevel mogleg å gi delar av opplæringa andre stader, som på hytta eller eit bibliotek, men det skal hovudsakleg skje i heimen til barnet. Kravet om at opplæringa skal skje i heimen (på folkeregistrert adresse), er sett mellom anna for at kommunen skal kunne føre tilsyn med opplæringa og slik sikre at barnet får opplæring. Det vil vere vanskeleg for kommunen å føre tilsyn med opplæringa dersom kommunen ikkje veit kvar barnet får slik opplæring. Departementet legg til grunn at kommunen og foreldra har god kommunikasjon om gjennomføringa av tilsynet.
Nokre barn kan få opplæring delvis heime og delvis på skolen. Foreldra kan imidlertid ikkje krevje at kommunen legg til rette for at barnet får opplæringa si delvis i ein offentleg skole og delvis i form av privat grunnskoleopplæring i heimen.
Departementet vil vise til at barn berre har éi folkeregistrert adresse sjølv om dei har delt bustad. Utgangspunktet vil vere at tilsynet blir gjennomført på den folkeregistrerte adressa. Paragrafen er likevel ikkje til hinder for at kommunen kan føre tilsyn begge stader, dersom det er mest praktisk. Dette vil kommunen og foreldra finne ut av gjennom dialog.
Når det gjeld reiser til utlandet, viser departementet til verkeområdet for opplæringslova og at plikta til grunnskoleopplæring fell bort dersom barnet oppheld seg utanfor Noreg i meir enn tre månader, sjå forslag til ny § 2-2 andre ledd. Opplæring som foreldre gir barna sine på lengre reiser eller opphald i utlandet, fell derfor utanfor reglane i opplæringslova.
39.5.4 Kva krav det bør stillast til opplæringa
Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal svare til grunnskoleopplæringa som blir gitt i offentlege eller private skolar.
Departementet foreslår at paragrafen om formålet med opplæringa skal gjelde for privat grunnskoleopplæring i heimen.
Det har vore noko tvil knytt til om overordna mål og prinsipp for opplæringa også gjeld for privat grunnskoleopplæring i heimen. Departementet meiner, som opplæringslovutvalet, at overordna del av læreplanverket berre delvis passar for denne opplæringsforma. Det er derfor tilstrekkeleg at formålet med opplæringa gjeld.
Departementet foreslår at det, som i dag, skal vere krav om at opplæringa må vere i samsvar med læreplanar for fag og fag- og timefordelinga, sjå forslaget til § 1-4 andre ledd og § 1-6 første ledd.
Departementet foreslår vidare at også ny § 14-7 om opplæring om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal gjelde for privat grunnskoleopplæring i heimen. Paragrafen er omtalt i punkt 35.5.3. Som i dag bør det også vere eit forbod mot forkynning i opplæringa, og departementet foreslår derfor at ny § 14-5 skal gjelde for privat grunnskoleopplæring i heimen. Paragrafen er omtalt i punkt 35.5.2. Paragrafen oppstiller eit generelt forbod mot forkynning i opplæringa. Departementet vil understreke at reglane gjeld for opplæringa og ikkje er til hinder for at ein driv forkynning/religionsutøving i tillegg til opplæringa som gis i heimen. Departementet ser at det i praksis ikkje vil vere eit like klart skille mellom kva som er opplæring og ikkje, når foreldre gir opplæring til eigne barn.
Krava til innhaldet i den private grunnskoleopplæringa i heimen vil som i dag berre gjelde så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege pliktar. Reglar i EMK og barnekonvensjonen inneber at foreldre har rett til å velje ein opplæring for sine barn som er i tråd med deira etiske eller religiøse overtyding. Folkeretten gir likevel staten rett til å krevje ein minstestandard på opplæringa og at opplæringa skal oppfylle nærare bestemte formål. Departementet foreslår at presiseringa i dagens lov om at krava til innhaldet i opplæringa gjeld «så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege pliktar», ikkje blir teken med i ny § 22-5. Noregs internasjonale forpliktingar har uansett forrang og vil gå føre anna norsk lovgivning, jf. menneskerettslova §§ 2 og 3.
I dag gjeld regelen om tilpassa opplæring for privat grunnskoleopplæring i heimen. Tilpassa opplæring handlar om at opplæringa – innanfor eit fellesskap – skal leggjast til rette på ein slik måte at alle elevar skal få best utbytte av opplæringa. Når elevar får privat grunnskoleopplæring i heimen, må det vere føresett at denne blir tilrettelagd på ein slik måte at barnet får best mogleg utbytte. Departementet foreslår derfor ikkje at kravet om tilpassa opplæring skal gjelde for privat grunnskoleopplæring i heimen.
39.5.5 Korleis sikre at barna får oppfylt retten sin til opplæring?
Krav om meldeplikt ved oppstart av privat grunnskoleopplæring i heimen
Departementet foreslår å lovfeste ei plikt for foreldra til å melde frå til kommunen før dei startar opp privat grunnskoleopplæring. Etter dagens opplæringslov har ikkje foreldra denne plikta. Dei fleste melder likevel frå ettersom foreldre kan straffast for brot på opplæringsplikta.
Departementet foreslår å lovfeste ei plikt for foreldra til å melde frå til kommunen før dei startar opp privat grunnskoleopplæring. For å tene formålet sitt må meldinga opplyse om namn på barnet, adresse, kven av foreldra som skal stå for opplæringa, og når opplæringa skal starte. Reglane i barnelova vil gjelde for spørsmålet om samtykkje frå begge foreldra. Ei meldeplikt før oppstart inneber at opplæringa kan starte omgåande etter at ei slik melding er send til kommunen.
Departementet har vurdert om foreldra bør levere ein plan for opplæringa. Sjølv om meldinga gjerne kan vise kva plan foreldra har for opplæringa, til dømes om læremiddel, læringsarenaer og kompetanse, meiner departementet at det ikkje er tenleg å krevje at meldinga opplyser om dette. Ei enkel meldeplikt vil gi kommunen nok informasjon til å starte opp ein dialog med foreldra og leggje grunnlag for rettleiing og tilsyn. Kommunen kan skaffe seg nødvendig tilleggsinformasjon gjennom denne kontakten. Meldingar som i seg sjølve indikerer at heimeopplæringa ikkje vil oppfylle krava i lova, må kommunen følgje opp på ein forsvarleg måte. I slike tilfelle bør kommunen raskt ta kontakt med familien, anten for å ha ein samtale eller gjennom å opne eit tilsyn.
Departementet har vurdert forslaget frå opplæringslovutvalet om å innføre eit krav om førehandsgodkjenning frå kommunen for å kunne starte opp privat grunnskoleopplæring av heimen. Forslaget møtte stor motstand under høyringa av NOU 2019: 23, og departementet følgde ikkje opp dette forslaget i høyringa. Departementet er av den oppfatninga at ei meldeplikt til kommunen, kombinert med ei endring av tilsynsreglane, vil gi kommunen tilstrekkeleg informasjon til at eventuelle avvik kan oppdagast og rettast opp raskt. I tillegg er det ein fordel at foreldre kan starte opp heimeundervisninga raskt og sleppe å vente på svar på ein søknad, til dømes der eleven ikkje trivst på skolen.
Plikt for kommunen til å føre tilsyn innan tre månader
Departementet foreslår å påleggje kommunane ei plikt til å føre tilsyn med privat grunnskoleopplæring i heimen innan tre månader etter oppstart.
Etter dagens opplæringslov har kommunane både rett og plikt til å føre tilsyn med privat grunnskoleopplæring i heimen. Regelen er generelt utforma og seier ikkje noko om når eller korleis tilsynet skal utførast. Det må likevel kunne leggjast til grunn at tilsynet blir gjennomført på ein slik måte at kommunen forsikrar seg om at barnet får ei opplæring som er i samsvar med reglane.
I dag ligg det ikkje føre noka plikt til å føre tilsyn innan ei viss tid, og tilsyn blir vanlegvis utført etter ei risikovurdering. Det kan dermed gå lang tid før kommunen fører tilsyn og slik tek stilling til om eleven faktisk får oppfylt retten sin til opplæring.
Departementet meiner at det er svært viktig at kommunen forsikrar seg om at barnet får oppfylt retten sin til grunnskoleopplæring. Då er det avgjerande at avvik blir oppdaga og retta opp tidleg. Det beste vil derfor vere om kommunen fører tilsyn kort tid etter at opplæringa har starta opp. Departementet meiner derfor at det er nødvendig å påleggje kommunane ei lovfesta plikt til å føre tilsyn med privat grunnskoleopplæring i heimen innan tre månader etter at opplæringa har starta.
At aktiviteten må skje innan tre månader, balanserer at tilsynet bør opnast tidleg, før (risiko for) avvik oppstår, og at opplæringa har komme i gang slik at det er eit tilbod å føre tilsyn med. Det er ikkje praktisk å lovfeste at tilsynet må vere gjennomført og lukka i løpet av tre månader.
Kommunen kan opne tilsyn med ein gong den private grunnskoleopplæringa har starta opp. Tidspunktet for å opne tilsyn må kommunen vurdere på bakgrunn av ei risikovurdering. Det blir ikkje stengt for at foreldre kan gjere nye forsøk på privat grunnskoleopplæring i heimen sjølv om det tidlegare har vorte gitt pålegg om at barnet skal gå på skole. I slike tilfelle vil det likevel ofte vere informasjon som tilseier at det er risiko for at barnet ikkje får oppfylt retten sin til grunnskoleopplæring, og at kommunen derfor bør opne tilsyn tidleg.
Departementet meiner at tidleg tilsyn reduserer risikoen for at elevane ikkje får oppfylt retten sin til opplæring. Omsynet til det beste for barna og retten deira til opplæring taler derfor for å påleggje kommunane ei slik plikt. Departementet meiner det er nødvendig med eit eige lovkrav for å sikre at kommunane alltid fører tilsyn i løpet av kort tid etter at opplæringa i heimen startar.
Ein tidsfrist bør ikkje vere ei vesentleg utfordring for kommunane, i og med at dei allereie har ansvaret for å føre tilsyn. Også i dag bør kommunane vurdere det slik at det er ein viss risiko for at elevar som får opplæring i heimen, ikkje får oppfylt retten sin til opplæring. I tillegg er det jamt over få saker om privat grunnskoleopplæring i heimen.
Enkelte høyringsinstansar har etterspurt at lovverket presiserer korleis og kor ofte tilsynet skal gjennomførast. Departementet meiner at det ikkje bør vere fleire krav til tilsynet enn at det skal opnast innan tre månader. Det bør som i dag vere kommunen si eiga risikovurdering som bestemmer kva frekvens og kva omfang tilsynet skal ha. Kommunen skal løpande vurdere om det er behov for eit nytt tilsyn, basert på ei vurdering av risikoen for at barnet ikkje får den opplæringa det skal ha.
Departementet foreslår å vidareføre at kommunen kan kalle barnet inn til særskilde prøvar som ledd i tilsynet.
Departementet foreslår også å vidareføre at kommunen kan krevje at barnet byrjar på skolen, dersom krav lova og forskrifta har til grunnskoleopplæring i heimen, ikkje blir oppfylte. Det same gjeld dersom tilsyn ikkje er mogleg. Avgjerda til kommunen om å krevje at barnet får opplæring i skolen, er eit enkeltvedtak foreldra kan klage på til statsforvaltaren etter forslaget til ny § 29-1. Dersom foreldra nektar å rette seg etter vedtaket, kan dei bøteleggjast etter forslaget til § 2-7.
Departementet legg til grunn at kombinasjonen av melde- og tilsynsplikt vil bidra til å sikre at barna får oppfylt retten til grunnskoleopplæring. Departementet vil følgje med på korleis dei nye reglane fungerer, og om det er behov for andre reglar for å sikre at barn får oppfylt retten sin til grunnskoleopplæring.
39.5.6 Forholdet til aktivitetsplikta skolane har i saker om skolemiljø
Det kan vere mange årsaker til at foreldre ønskjer å undervise sine eigne barn. Det kan til dømes vere at barnet ikkje trivst på skolen. Departementet vil understreke at privat grunnskoleopplæring i heimen ikkje skal vere løysinga i slike saker. Departementet vil vise til reglane om skolemiljø, omtalte i punkt 33, og at skolane har plikt til å setje inn tiltak dersom ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen. Når ein elev blir teken ut av skolen for å få privat grunnskoleopplæring i heimen, gjeld i utgangspunktet ikkje desse reglane lenger ettersom barnet ikkje lenger er elev ved skolen. Departementet går likevel ut frå at kommunen, som framleis skal ha kontakt med familien gjennom tilsyn, vil følgje opp elevar og familiar som vel privat grunnskoleopplæring i heimen fordi barnet ikkje trivst på skolen. Det er viktig at eleven får hjelp til å komme seg tilbake til skolen dersom det er ønskjeleg.
39.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å vidareføre reglar om foreldre si grunnskoleopplæring av eigne barn i sin eigen heim, sjå forslaget til § 22-5
å i hovudsak vidareføre krava til innhaldet i den private grunnskoleopplæringa, sjå forslaget til § 22-5 andre ledd
at nemninga «privat grunnskoleopplæring i heimen» skal brukast i lova, sjå forslaget til § 22-5
at det blir innført ei meldeplikt til kommunen før oppstart av heimeopplæring, sjå forslaget til § 22-5 første ledd
at kommunane framleis skal føre tilsyn med grunnskoleopplæring i heimen, og at det blir presisert at kommunane skal føre tilsyn med opplæringa innan tre månader etter at opplæringa har starta opp, sjå forslaget til § 22-5 tredje ledd
å vidareføre at kommunen kan kalle barnet inn til særskilde prøvar som ledd i tilsynet, sjå forslaget til § 22-5 tredje ledd
å vidareføre at kommunen kan krevje at barnet byrjar på skolen, dersom krav lova og forskrifta har til grunnskoleopplæring i heimen, ikkje blir oppfylte, sjå forslaget til § 22-5 fjerde ledd