52 Politiattest og vandelskontroll
52.1 Innleiing
Dette punktet handlar om reglar om politiattest og forbod mot tilsetjing på grunn av merknader på politiattesten. Reglane om politiattest handlar både om krav om å leggje fram politiattest ved tilsetjing og krav om at skoleeigar skal kontrollere vandelen til den som søkjar på ei stilling. Å kontrollere vandelen til ein person betyr å vurdere om personen er eigna eller ueigna til stillinga, basert på opplysningar på politiattesten.
I dette punktet blir oppfølging av vedtak nr. 79, 12. november 2020 omtalt.
Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.
52.2 Dagens reglar
52.2.1 Opplæringslova
Det følgjer av opplæringslova § 10-9 at den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller den vidaregåande skolen, må leggje fram ein politiattest med innhald som nemnt i politiregisterlova § 39 (barneomsorgsattest). Dette omfattar mellom anna undervisningspersonale, assistentar, leiinga i skolen og andre yrkesgrupper som arbeider ved skolen. Det same gjeld for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga eller for å gi leksehjelp. Dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i skoleliknande aktivitetstilbod i regi av skoleeigar, er også omfatta av kravet når tilbodet har karakter av opplæring. Eit døme på eit slikt skoleliknande aktivitetstilbod er sommarskole. Det er berre den som skal tilsetjast, som skal leggje fram ein politiattest, og til dømes ikkje ein som er i praksis.
Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i dei stillingane som er nemnde over, jf. § 10-9 tredje ledd. Opplæringslova seier ikkje kva lovbrot som skal kategoriserast som «seksuelle overgrep mot mindreårige». I andre tilfelle enn seksuelle overgrep mot mindreårige må konsekvensane av merknader på politiattesten vurderast konkret.
I tillegg til dei situasjonane skoleeigar må krevje politiattest, kan skoleeigar krevje ein politiattest av andre personar som regelmessig oppheld seg på skolen, eller i tilbod som nemnde over, jf. opplæringslova § 10-9 andre ledd. Dette kan typisk vere studentar i praksis eller frivillige, men det kan også vere handverkarar som over tid arbeider på skoleområdet.
I dag er det ikkje krav om at alle som skal tilsetjast ved leirskolar, må leggje fram politiattest. Dei fleste leirskolane i landet er private. Undervisningspersonalet er likevel i stor grad kommunalt tilsett, og kommunane sørgjer for at desse leverer politiattest. Andre tilsette som jobbar på leirskolane, til dømes vaktmeistrar, nattevakter, kjøkkenpersonale, gardsarbeidarar, er tilsette av den private aktøren og er ikkje omfatta av reglane om politiattest.
52.2.2 Politiregisterlova
Opplæringslova viser til reglane om barneomsorgsattest i politiregisterlova § 39. Det er dei generelle reglane om barneomsorgsattest i politiregisterlova som regulerer kva for nokre straffbare forhold som skal synast på politiattesten. Formålet med reglane om barneomsorgsattest i opplæringslova er å skape ein einsarta praksis på områda med krav til politiattest for personar som har omsorg for eller oppgåver knytte til mindreårige, jf. Ot.prp. nr. 108 (2008–2009) Om lov om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterloven).
På politiattesten skal det stå om personen er sikta, har vedteke førelegg eller er dømt for brot på ulike reglar i straffelova. Dei aktuelle reglane i straffelova er lista opp i politiregisterlova § 39.
Politiattesten skal omfatte seksuallovbrot, grove valdslovbrot, drap, ran, mishandling i nære relasjonar, menneskehandel og grove narkotikalovbrot.
Etter politiregisterlova § 39 skal dei fleste seksuallovbrota, i tillegg til drap, blir noterte utan tidsavgrensing. Merknader om andre lovbrot fell bort etter ei tid, avhengig av om lovbrytar var under 18 år på handlingstidspunktet, og kor streng straffereaksjonen var.
52.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet
å vidareføre dagens reglar om politiattest og tilsetjingsforbod
å utvide personkrinsen slik at personar som skal ha praksis i skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, leirskolar, kulturskolen og skoleliknande aktivitetstilbod, blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest
å utvide personkrinsen slik at alle tilsette ved leirskolar blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest
å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest
å klargjere området for tilsetjingsforbodet
å innføre ein heimel for å fastsetje kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing og om innhenting og behandling av politiattest
Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 41.
52.4 Høyringsinstansanes syn
Det er 19 høyringsinstansar som har uttalt seg om dette temaet, og alle støttar i hovudsak forslaga til vidareføring og justeringar i reglane. Åtte høyringsinstansar støttar forslaga utan merknader, medan elleve høyringsinstansar har ulike innspel.
Det har komme nokre høyringsinnspel til forslaga om å utvide personkrinsen for krav om politiattest for personar som skal vere i praksis, og for personar som er tilsette i leirskolar.
Norsk Leirskoleforening støttar forslaget om at kravet til politiattest skal gjelde for alle som jobbar på leirskole.
Politidirektoratet sluttar seg til høyringsfråsegna frå Finnmark politidistrikt. Politidistriktet foreslår at kommunen og fylkeskommunen skal krevje politiattest for personar som utfører opplæring i regi av kommunen eller fylkeskommunen på ein annan opplæringsarena enn skolen, til dømes symjeopplæring hos ein privat aktør, og for elevar som har rett til spesialundervisning på ein annan opplæringsarena enn skolen. Vidare blir det foreslått at kommunen og fylkeskommunen skal innhente politiattest for dei som skal leigast inn mellombels, til dømes frå vikarbyrå.
Finnmark politidistrikt meiner vidare at det ikkje skal vere obligatorisk politiattest for alle som skal ha praksis i grunnskolen, osv. Det blir grunngitt i at dei i mange tilfelle allereie er underlagde vandelskontroll i andre regelverk, til dømes universitets- og høgskolelova. Dei foreslår at det heller blir lagt opp til ei konkret vurdering av om det skal innhentast politiattest av praksiselevane i dei ulike situasjonane. Dette bør også gjelde for personar som skal ha arbeidstrening gjennom Nav, og utanlandske borgarar som har praksisplass gjennom introduksjonsprogrammet. Det blir også vist til at ei plikt til å innhente politiattest for personar som skal ha praksis i grunnskolen mv., kan medføre ein stor auke i talet på søknader om politiattestar til Eininga til politiet for vandelskontroll og politiattestar.
Fagforbundet Vestfold og Telemark meiner at alle som har med elevar å gjere, skal ha politiattest, også dei som skyssar elevane til og frå skolen. At dei som skyssar elvane til og frå skolen, bør ha attest, er det også fleire andre høyringsinstansar som meiner.
Foreldreutvalet for grunnopplæringa foreslår at kan-regelen i det første leddet til forslaget andre punktum blir bytt ut med «skal», slik at det også blir eit krav om at andre som oppheld seg på skolen m.m., skal levere politiattest.
Det er også fleire høyringsinstansar som har innspel til politiattesten og tilsetjingsforbodet.
Barneombodet meiner at det bør vurderast om fleire lovbrot enn i dag skal gi tilsetjingsforbod, slik som grove valdsbrot og drapsforsøk. Elevorganisasjonen meiner at generell vald bør vere med som straffebod, og at personar som er dømde for generell vald, ikkje bør tilsetjast. Barneombodet foreslår også at politiattesten bør fornyast med jamne mellomrom. Fagforbundet Vestfold og Telemark meiner han bør fornyast annakvart år.
Stine Sofies Stiftelse foreslår at det må givast tydelege føringar i forarbeida for kva som skal inngå i vurderinga av om ein person med merknader på politiattesten kan tilsetjast. Utgangspunktet må vere at personar som har merknader (t.d. er sikta) på politiattesten, ikkje skal tilsetjast på skolen, og at det må grunngivast særskilt dersom personen likevel skal tilsetjast.
Høyringsforslaget inkluderte også ein forskriftsheimel for å fastsetje kva straffebod som skulle gi forbod mot tilsetjing, dei av høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, støttar det.
52.5 Departementets vurdering
52.5.1 Personkrinsen for krav om politiattest
Plikt til å leggje fram politiattest
Departementet har i vurderinga av om og i kva tilfelle det skal vere ei plikt til å leggje fram ein politiattest, særleg vurdert dette opp mot EMK artikkel 8, som handlar om retten til respekt for privatliv og familieliv og proporsjonaliteten av det å krevje av den enkelte at det blir lagt fram ein politiattest. Vidare er det lagt vekt på det grunnleggjande omsynet til tryggleiken til elevane på skolen og tilliten til dei tilsette.
Krav om å leggje fram ein politiattest er ikkje ein garanti mot at elevar blir utsette for overgrep i skolen. Formelle reglar om vandelskontroll kan ikkje erstatte god oppfølging av dei tilsette i den daglege verksemda. Rutinar på arbeidsplassen, opplæring og oppfølging av dei tilsette kan også vere gode tiltak for å verne elevane.
Departementet meiner likevel at det må vere krav til politiattest. Av personvernhensyn er kravet avgrensa til den som skal tilsetjast. Kravet gjeld altså ikkje søkjarar.
Politiattest for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels
Departementet foreslår å vidareføre dagens krav om at den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod, må leggje fram ein politiattest.
Politiattest for personar som skal tilsetjast i leirskolar
Departementet foreslår å utvide personkrinsen til å gjelde alle som skal tilsetjast fast eller mellombels for å jobbe på leirskolen, anten dei er tilsette av kommunen eller privat. Dei fleste leirskolane er private, men undervisningspersonalet er i stor grad kommunalt tilsett. Departementet meiner at kravet også bør gjelde alle som jobbar og oppheld seg fast ved leirskolen, uavhengig av om dei er tilsette av kommunen. Departementet meiner at alle som arbeider og oppheld seg på leirskolen, og som dermed kan ha kontakt med elevar, skal levere politiattest.
Politiattest for andre som jamleg skal utføre oppgåver på skolen
Departementet foreslår å vidareføre regelen om at kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av andre som jamleg skal utføre oppgåver på skolen, i skolefritidsordninga, i leksehjelpa, kulturskolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod, samt å utvide regelen til leirskolar.
Departementet meiner at det grunnleggjande omsynet til tryggleiken til elevane på skolen og tillit til dei tilsette er varetekne gjennom eit krav om politiattest ved alle tilsetjingar. Dagens reglar gir ei viss grad av fleksibilitet ved at det i tillegg er tilgang til å krevje attest frå andre som kan komme i posisjon til å gjere seg skuldig i overgrep eller ha skadeleg innverknad på elevane. Vurderinga av om det skal krevjast politiattest av desse, er lagd til kommunen og fylkeskommunen, som er nærast til å vurdere behovet. I vurderinga skal kommunen og fylkeskommunen leggje vekt på om opphaldet eller innverknaden gir personen eit høve til å vere i direkte kontakt med elevane. Etter vurderinga til departementet vil det vere for strengt å krevje at alle som jamleg utførar oppgåver på skolen, må levere politiattest, slik Foreldreutvalet for grunnopplæringa foreslår. Personar som regelmessig oppheld seg i skolen, men ikkje er tilsette hos kommunen eller fylkeskommunen, er ei samansett gruppe der fleire vanlegvis ikkje har kontakt med elevar utan at tilsette er til stades. Det er dermed i utgangspunktet låg risiko for overgrep eller andre straffbare forhold mot mindreårige. Etter vurderinga til departementet vil eit krav om politiattest for denne gruppa ikkje vere eit forholdsmessig tiltak. Etter vurderinga til departementet ligg det føre særlege omsyn for å behalde kan-regelen om politiattest for denne gruppa.
Politiattest for innleigde vikarar frå bemanningsbyrå
Departementet foreslår ikkje eit eksplisitt krav for innleigde vikarar i bemanningsbyrå. Finnmark politidistrikt foreslo eit slikt krav i sitt høyringsinnspel, men departementet understrekar at kravet om politiattest gjeld for dei som skal tilsetjast mellombels for å arbeide i skolen, og at det også vil gjelde for eventuelt mellombels innleigde frå til dømes bemanningsbyrå, sjølv om dette ikkje kjem fram eksplisitt av regelen. Det er kommunen eller fylkeskommunen som skal krevje politiattest, og det er vikaren sjølv som skal innhente attest. Dette følgjer av politiregisterlova § 44. Eventuelle bemanningsbyrå skal ikkje ha politiattesten og vil ikkje få vite innhaldet i han.
Politiattest for personar som skal vere i praksis
Departementet følgjer ikkje opp høyringsforslaget om å utvide personkrinsen slik at personar som skal ha praksis i skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, leirskolar, kulturskolen og skoleliknande aktivitetstilbod, blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest. Departementet foreslår at det, som i dag, skal vere opp til kommunen og fylkeskommunen å avgjere om det skal innhentast politiattest for dei som skal ha praksis. Dette er tilsvarande regel som gjeld for personar som er i praksis i barnehagar, jf. barnehagelova § 30 andre ledd.
Departementet er samd i innspelet frå Finnmark politidistrikt om at det er gode argument for ikkje å krevje politiattest for dei som skal vere i praksis, og som allereie har levert ein politiattest i samband med opptak til studium. Dette gjeld sjølv om kravet til politiattest i universitets- og høgskolelova og fagskolelova berre viser til barneomsorgsattest i politiregisterlova § 39 første ledd og derfor ikkje vil innehalde alle straffereglane som er foreslått i opplæringslova. Departementet viser til innspelet til politidistriktet om at ei plikt for studentar som skal ha praksis i grunnskolen osv., kan medføre ei stor auke i talet på søknader om politiattestar. For elevar i vidaregåande skolar er det ikkje eit tilsvarande krav om politiattest som det er for studentar ved høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet legg til grunn at elevar ved vidaregåande skolar vil ha kortare praksis, og at karakteren til praksisopphaldet ikkje tilseier at det skal innhentast politiattest. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel vurdere å innhente politiattest. Det same bør gjelde for personar som skal ha arbeidstrening gjennom Nav, og utanlandske borgarar som har praksisplass gjennom introduksjonsprogrammet. Det gjeld også for personar som skal ha ein prøveperiode på ein skole som del av godkjenning som lærar med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet.
Departementet foreslår at det skal komme fram av lova at det må gjerast ei konkret vurdering om det skal innhentast ein politiattest for personar som skal ha praksis, og at det skal komme klart fram i lova kva som skal leggjast til grunn i vurderinga. Kommunen og fylkeskommunen skal leggje vekt på om personen som skal ha praksis, allereie er underlagd vandelskontroll i anna lovgiving, varigheita av praksisopphaldet og kva kontakt personen har med elevane.
Politiattest for personar som jamleg utfører opplæring i regi av kommunen og fylkeskommunen på annan opplæringsarena enn skolen
Departementet foreslår ikkje å innføre krav til politiattest for dei som skal hjelpe til i opplæringa. Finnmark politidistrikt foreslo eit slikt krav i sitt høyringsinnspel, men departementet meiner at dette ikkje er nødvending, då det alltid vil vere ein lærar som er ansvarleg. Ved til dømes symjeopplæring der andre hjelper, skal læraren vere til stades og ha ansvaret. Vidare meiner departementet at dersom ein innfører ein slik regel, vil ein få utfordringar med kven kommunen eller fylkeskommunen skal krevje politiattest frå, til dømes ved tilrettelagd opplæring på bondegard, der det ikkje vil vere tenleg å krevje politiattest av alle som er tilsette på garden. Vidare meiner departementet at det ikkje kan krevjast politiattest for alle tilsette i ei lærlingbedrift.
Politiattest for dei som skyssar elevar
Enkelte høyringsinstansar har foreslått at kravet til politiattest også skal gjelde for dei som skyssar elevar. Dette er ikkje spesifikt foreslått i høyringa og vil vere ei utviding av personkrinsen samanlikna med forslaget som var sendt på høyring. Departementet viser til at det allereie er krav til politiattest for dei som kjem inn under regelverket for yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta (t.d. drosjesjåførar og annan persontransport), og kan ikkje sjå at det er behov for å regulere dette ytterlegare i opplæringslova.
52.5.2 Straffebod og tilsetjingsforbod
Kva straffebod som skal takast med på ein politiattest
Departementet foreslår å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest. Departementet foreslår at straffbare forhold som skal noterast på ein politiattest etter helse- og omsorgstenestelova, også bør noterast på ein politiattest til bruk i skolen så langt straffebodet vernar den personlege fridommen eller gjeld valdslovbrot. Departementet foreslår likevel at forbodet mot kroppskrenkelser, ikkje tas med i opprekninga no, sjå under om vidare prosess.
Departementet viser til at regelen i helse- og omsorgstenestelova § 5-4 om politiattest vart utvida i 2016. Då vart reglar som rettar seg dels mot den personlege fridommen og fred, dels mot valdslovbrot og enkelte vinningslovbrot, omfatta, og regelen rekk no lenger enn politiregisterlova § 39.
I tillegg foreslår departementet at det er rett å ta med forbodet mot kjønnslemlesting (straffelova §§ 284 og 285) i opprekninga. Tilsette i skolen har ei plikt til å søkje å hindre kjønnslemlesting, og det er uheldig at ein kan vere dømt for kjønnslemlesting og likevel kunne levere ein politiattest utan merknader til bruk i skolen. Departementet foreslår vidare at forbodet mot tvangsekteskap (straffelova § 253) også tas med i opprekninga.
Enkelte høyringsinstansar meiner at politiattesten må vise fleire straffebod enn det som er foreslått. Departementet har vurdert dette og Stortingets vedtak nr. 79 (2020–2021), 12. november 2020:
Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.
Ei utviding av straffeboda samanlikna med innhaldet i ein barneomsorgsattest må vere i tråd med eit formål som går fram av politiregisterlova § 37. I vurderinga må omsyn til vern av barn og tillitsomsynet bli tillagd mykje vekt. Det må vegast mot mellom anna omsynet til personvern, resosialisering og ressursbruk. Departementet meiner at dei straffeboda som er foreslått, vil gi eit godt bilete av den som skal tilsetjast, og vise relevante lovbrot.
Når barneomsorgsattestane etter opplæringslova utvidast til å omfatte fleire straffebod som ikkje er omfatta av politiregisterlova § 39 første ledd, inneber det eit avvik får den elles einsarta reguleringa av barneomsorgsattestar i politiregisterlova § 39. Det går føre seg eit interdepartementalt samarbeid for gjennomgang og revisjon av barneomsorgsattestar etter politiregisterlova § 39, som vil følgje opp Stortingets vedtak nr. 79 (2020–2021). Det blir arbeida for å sende eit forslag til endring av politiregisterlova § 39 på høyring. Gjennom revisjon av politiregisterlova tar ein sikte på å etablere ein einsarta praksis for innhaldet av barneomsorgsattestar i samarbeid mellom dei departementa det gjeld. Departementet foreslår derfor at reglane om plikt til å avverje (strl. 2005 § 196), teieplikt (strl. 2005 §§ 209, 210 og 211) og kroppskrenking (strl. 2005 § 271), som var foreslått omfatta i høyringa, ikkje blir tatt med i opplæringslova no.
Ikkje krav om fornying av politiattest
Til forslaget frå to høyringsinstansar om at politiattesten bør fornyast, vil departementet vise til at det etter politiregisterlova § 43 er høve til å be om fornya vandelsvurdering så lenge personen det gjeld, framleis er tilsett i ei stilling som det kan krevjast politiattest for. Ei ordning med jamleg fornying vil vere svært ressurskrevjande om ein ikkje er viss på at dei situasjonane som ordninga tek sikte på, blir fanga opp, jf. Ot.prp. nr. 108 (2008–2009) om politiregisterlova, kapittel 12.10. Departementet meiner derfor at det ikkje er tenleg å innføre eit krav om jamleg fornying av politiattesten for alle som blir omfatta av kravet.
Forbod mot tilsetjing ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige
Departementet foreslår å vidareføre eit forbod mot tilsetjing for den som er straffa for seksuelle overgrep mot mindreårige. Departementet foreslår at dette også skal gjelde for dei som skal ha praksis i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod. I vurderinga har departementet lagt vekt på at det skal sterke grunnar til for å nekte nokon å utføre eit yrke, og vurdert dette opp mot det grunnleggjande omsynet til tryggleiken og tilliten elevane har til dei tilsette på skolen.
Til forslaga frå fleire høyringsinstansar om det bør vurderast om fleire lovbrot enn i dag skal gi tilsetjingsforbod, vil departementet understreke at det skal sterke grunnar til for å nekte nokon å utføre eit yrke. Vurdert opp mot det grunnleggjande omsynet til tryggleiken og tilliten eleven har til dei tilsette på skolen, har departementet komme til at det ikkje bør vere fleire lovbrot. Av rettstryggingsomsyn vil det forskriftsfestast kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing.
Konsekvensane av andre merknader på politiattesten
Departementet foreslår å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen konkret må vurdere om andre merknader enn dei som inneber tilsetjingsforbod, gjer at personen er ueigna til å tilsetjast.
Departementet foreslår at kommunen og fylkeskommunen også skal gjere ei konkret vurdering av personar som legg fram politiattest med merknader om verserande saker. Dette gjeld både personar som skal tilsetjast, og for personar som jamleg oppheld seg på skolen, i skolefritidsordninga, i leksehjelpa, i leirskolar, kulturskolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod.
Lovforslaget hindrar kommunen i å etablere absolutte reglar om utestenging. I vurderinga av om ein person skal tilsetjast, vil det vere naturleg å grunngi kvifor ein eventuelt ser bort frå ein merknad om andre straffebrot enn seksuelle overgrep mot mindreårige. Det kan vere at lovbrotet er i nedre sjiktet for kva den aktuelle strafferegelen rammar, eller at det har gått svært lang tid sidan lovbrotet, eller at lovbrotet ikkje kan reknast for å ha særleg relevans for tilsetjingsforholdet og tryggleiken til elevane. Departementet meiner det ikkje er nødvendig med ytterlegare føringar i lova for kva som skal inngå i vurderinga av om ein person med merknader kan tilsetjast.
52.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å vidareføre eit krav til politiattest for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod, sjå forslaget til § 17-11 første ledd
å utvide personkrinsen slik at alle tilsette ved leirskolar blir inkluderte i kravet om å leggje fram politiattest, sjå forslaget til § 17-11 første ledd
at kommunen og fylkeskommunen ut frå gitte kriterium kan krevje politiattest frå dei som skal ha praksis i skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, leirskolar, kulturskolen og skoleliknande aktivitetstilbod, sjå forslaget til § 17-11 andre ledd
å vidareføre at kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest frå personar som skal utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod, sjå forslaget til § 17-11 tredje ledd
å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, sjå forslaget til § 17-11 fjerde ledd
å presisere at det er eit tilsetjingsforbod ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige, sjå forslaget til § 17-11 femte ledd
å vidareføre kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal vurdere konkret om ein person bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod, dersom politiattesten inneheld merknader om andre straffebot enn dei som gir tilsetjingsforbod og merknader om verserande saker, sjå forslaget § 17-11 sjette ledd
å innføre ein heimel for å fastsetje kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing og om innhenting og behandling av politiattest, sjå forslaget til § 17-11 sjuande ledd