36 Skoletur med overnatting
36.1 Innleiing
Dette punktet handlar om plikta for kommunen til å tilby elevane ein skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa.
36.2 Dagens reglar
Kommunane har ei plikt til å tilby elevane eit leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Dette følgjer av opplæringslova § 13-7 b. Turen skal ha minst tre samanhengande overnattingar. På grunn av gratisprinsippet i opplæringslova § 2-15 skal turen vere gratis for elevane.
Lovregelen vart innført i 2019, sjå Prop. 88 L (2018–2019).
36.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å vidareføre dagens regel om at kommunen, som del av grunnskoleopplæringa, skal tilby elevane eit leirskoleopphald eller ein annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.
Departementet følgde med dette høyringsforslaget ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43.8, om å ikkje vidareføre plikta for kommunen til å tilby leirskole eller annan skoletur i ny opplæringslov.
36.4 Høyringsinstansanes syn
Det er om lag 30 høyringsinstansar som har uttalt seg om departementets forslag. Dei aller fleste støttar forslaget heilt eller delvis.
Blant dei som støttar høyringsforslaget fullt ut, er enkelte kommunar, Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Handikappede Barns Foreldreforening. Også Norges Handikapforbunds Ungdom støttar forslaget om å vidareføre dagens reglar og peikar på viktigheita av at inkluderingstankegangen er med heile vegen, og at alle barn må få tilbod om dei same opplevingane, uavhengig av eventuelle ekstra behov.
Fleire av høyringsinstansane støttar forslaget berre delvis, ved at dei foreslår to endringar i dagens reglar. For det første ønskjer dei at minstekravet til varigheita til turen blir auka frå tre til fire netter, slik at alle får tilbod om ei heil skoleveke på tur. For det andre ønskjer dei at alternativet til «leirskole» om «annan skoletur» blir fjerna, eventuelt blir erstatta av «eller tilsvarande skoletur», slik at alle får tilbod om eit tradisjonelt leirskoleopphald med fokus på natur og friluftsliv. Blant dei som ønskjer dei nemnde to justeringane i lova, er Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), enkelte kommunar og leirskolar, Norsk Leirskoleforening, Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk friluftsliv. Norsk Leirskoleforening meiner at kortare turar enn ei full skoleveke er øydeleggjande for kvaliteten på tilbodet og gir ein vesentleg reduksjon i læringsutbyttet. Foreininga meiner vidare at innføringa av minstekravet på tre netter i 2019 har ført til auka etterspurnad etter kortare leirskoleopphald enn ei full skoleveke, noko som er negativt for kvaliteten på tilbodet og læringsutbyttet til elevane. Foreininga meiner at omsynet til at alle elevar skal få vere med på leirskole, ikkje er til hinder for å fastsetje krav om fire netter i lova, då omsynet til elevar med særskilde behov kan varetakast med unntak i lova. Når det gjeld typen overnattingstur, meiner foreininga at det er viktig å sikre elevane eit tradisjonelt leirskoleopphald, og foreininga skriv mellom anna:
Naturopplevelse er leirskolens unike livsnerve, og den er det viktigere enn noen gang at alle barn får kjenne på og leke med. I dag lever mange fjernt fra naturens naturlige helsebringende virkning, erstattet med asfalt under føttene og stillesitting bak en skjerm. En mobilfri uke i naturen gir dybdelæring og setter varige spor som stimulerer til videre variert fysisk aktivitet i ulendt terreng, med naturen som kontemplasjon og psykisk velvære.
Foreininga meiner at lovfesting av eit tradisjonelt leirskoleopphald vil vareta tilstrekkeleg valfridom for kommunane, då det er eit stort mangfald i leirskoletilbodet med stader på fjellet, i skogen og langs kysten.
To instansar støttar ikkje forslaget. KS ønskjer ikkje å ha ei lovfesta plikt for kommunane til å tilby skoletur med overnatting. Organisasjonen grunngir innspelet sitt med at både proporsjonalitets- og nærleiksprinsippet tilseier at dette bør vere ei lokal sak. Sandefjord kommune støttar innspelet frå KS.
36.5 Departementets vurdering
36.5.1 Plikt for kommunane til å tilby skoletur med overnatting
Departementet foreslår å vidareføre den lovfesta plikta for kommunane til å tilby ein skoletur med overnatting.
Departementet meiner at skoleturar med overnatting, slik som til dømes leirskolar, er viktige for den faglege og sosiale utviklinga til elevane, og at det er noko alle elevar bør få eit tilbod om i løpet av grunnskolen. For å sikre at elevane får eit slikt tilbod, bør det derfor framleis vere ei lovfesta plikt for kommunane til å tilby elevane ein skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Departementet viser også til at reglane er utforma slik at kommunane blir gitt stor fridom til å velje innhald og tema for turen. Kommunane kan også sjølve velje korleis turen skal organiserast.
36.5.2 Tre nettar som minstekrav
Departementet meiner dagens minstekrav på tre netter bør førast vidare, og meiner grunngivinga som vart formidla for dette ved innføringa av reglane, framleis står seg, nemleg at kravet om tre netter er eit balansert krav, som mellom anna tek omsyn til at alle elevar skal kunne vere med, også elevar med særskilde behov. Departementet vil understreke at kravet på tre nettar er eit minstekrav, og at kommunane kan velje å tilby elevane ein skoletur over ei full skoleveke dersom dei ønskjer det og kan gjennomføra det.
Departementet vil vise til at kommunane frå hausten 2022 skal registrere varigheita på skoleturen dei tilbyr elevane, i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Dette gir departementet høve til å følgje med på utviklinga av dei vala kommunane gjer, og eventuelt seinare greie ut og vurdere om det er grunn til å endra reglane.
36.5.3 Typen skoletur
Departementet er samd med dei høyringsinstansane som påpeikar at eit tradisjonelt leirskoleopphald har mange positive element som mange barn vil ha glede av, mellom anna friluftsliv, natur og samhald. Det er likevel viktig å ikkje detaljregulere kommunane i for stor grad. Dagens ordlyd «leirskoleopphald eller annan skoletur» inneber at kommunane har stor fridom til å velje innhald og tema for turen. Kommunane kan også sjølve velje korleis turen skal organiserast.
Departementet meiner at det å lovfeste plikt til å tilby tradisjonell leirskole, det vil seie éin type skoletur, vil vere uheldig. Ei slik lovfesting vil i realiteten bety at dei tradisjonelle leirskolane får monopol på ei teneste kommunen etter lova pliktar å nytte. Ei eventuell lovfesting av éin type skoletur vil også krevje ein nærare definisjon i lova av kva element ein slik tur må innehalde, både med tanke på organisering og innhald. Dette er ikkje greidd ut.
Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om at kommunen sjølv kan velje kva slags type skoletur elevane skal tilbydast.
36.6 Departementets forslag
Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om at kommunen, som del av grunnskoleopplæringa, skal tilby elevane eit leirskoleopphald eller ein annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng, sjå forslaget til § 4-6.