31 Opplæring i kvensk og finsk
31.1 Innleiing
Dette punktet handlar om opplæring i kvensk og finsk.
Kvenene/norskfinnane er ein språkleg og etnisk minoritet med historisk tilhøyrsel i Nord-Noreg, hovudsakleg i Troms og Finnmark. Kvener/norskfinnar er på linje med jødar, rom, romanifolk/taterar og skogfinnar anerkjende som nasjonale minoritetar i Noreg.
31.2 Dagens reglar
31.2.1 Noregs folkerettslege forpliktingar
FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27 slår fast at personar som tilhøyrer ein minoritet, har rett til å dyrke kulturen sin og bruke språket sitt. Barnekonvensjonen har ein tilsvarande regel i artikkel 30 om barn som tilhøyrer ein språkleg minoritet. Konvensjonsreglane gjeld som norsk lov etter menneskerettslova § 2 og skal ved motstrid gå føre anna norsk lov eller forskrift, jf. menneskerettslova § 3.
Noreg har også ratifisert Europarådets minoritetsspråkpakt og Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Staten har med det forplikta seg til å leggje forholda til rette for at nasjonale minoritetar skal kunne bevare og vidareutvikle eigenarten sin, språket sitt og kulturen sin.
31.2.2 Opplæringslova
Opplæring i kvensk og finsk for elevar i grunnskolen er regulert i opplæringslova § 2-7. Elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn har rett til opplæring i kvensk eller finsk når minst tre elevar ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det. Det er ikkje eit krav at dei tre elevane må gå på same trinn.
Elevar på barnetrinnet som har kvensk eller finsk etter læreplanen i kvensk eller finsk som andrespråk, har fleire timar totalt enn andre elevar. Opplæringa kan organiserast på ulike måtar, anten ved at elevane har 190 årsstimar ekstra, eller ved at kommunen omdisponerer timar innanfor regelverket (inntil fem prosent av timane som er fastsette i kvart enkelt fag). På ungdomstrinnet er det ikkje forskjell i talet på timar mellom elevar som har opplæring i kvensk eller finsk, og elevar som ikkje har det, dersom kvensk/finskelevane vel bort framandspråk. For elevar på ungdomstrinnet som vel å også ha framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, kan timar til opplæring i kvensk eller finsk blir organiserte anten ved å gi elevane inntil 114 timar i tillegg, omdisponere fem prosent til faget eller kombinere desse to. Dette følgjer av forskrift til opplæringslova § 1-1 der det står at opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, som mellom anna omfattar fag- og timefordelinga.
Når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale ved skolen, har elevane rett til alternativ form for opplæring, til dømes fjernundervisning, intensivundervisning eller særskilt leirskoleopphald. Dette følgjer av forskrift til opplæringslova § 7-1.
Det er ingen tilsvarande rett til opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring, men fylkeskommunen kan velje å tilby det. Læreplanen i kvensk dekkjer både opplæringa i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.
I dag blir det løyvd øyremerkte tilskot til opplæring i kvensk og finsk over Kunnskapsdepartementets budsjett (kap. 225, post 63 og post 67). Tilskota skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar for å kompensere for meirutgifter som følgjer av rettar til opplæring i kvensk og finsk i opplæringslova.
31.3 Høyringsforslaget
Departementet foreslo
å utvide retten til opplæring i kvensk og finsk slik at han gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark, uavhengig av kor mange elevar ved skolen som ønskjer slik opplæring
å vidareføre dagens regel om at kommunen kan gi opplæring i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning når opplæringa ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale på skolen
Departementet følgde i hovedsak opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 34. Forslaget om å utvide retten til opplæring i kvensk og finsk slik at han gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark, uavhengig av kor mange elevar ved skolen som ønskjer slik opplæring, va nytt sammenligna med forslaget frå opplæringslovutvalet.
31.4 Høyringsinstansanes syn
31.4.1 Utvida retten til opplæring i kvensk og finsk
Om lag 25 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget. Ingen instansar er mot å vidareføre dagens rettar til grunnskoleopplæring i kvensk og finsk.
Blant dei som har uttalt seg, er det brei støtte til forslaget om å utvide retten til opplæring i kvensk og finsk i Troms og Finnmark til å gjelde uavhengig av kor mange elevar som ønskjer det. Fleire høyringsinstansar støttar forslaget utan ytterlegare kommentarar. Tromsø kommune meiner retten bør vere avgrensa til Troms og Finnmark av omsyn til moglegheita for å rekruttere kvalifiserte lærarar i kvensk og finsk.
Nokre høyringsinstansar, mellom anna Språkrådet, Troms og Finnmark fylkeskommune, Karasjok kommune, Norske kveners forbund og Nord-Varanger kvenforening, støttar forslaget delvis. Det blir påpeika at retten til opplæring i kvensk og finsk må gjelde utan avgrensingar, slik at han gjeld uavhengig av talet på elevar, og også i vidaregåande opplæring. Kvensk finsk Riksforbund har også gitt innspel til avgrensinga i geografi og meiner at det må givast eit tilbod om kvensk og finsk språkopplæring i heile landet, eventuelt at det gjeld eit krav om at tre elevar må ønskje det for at retten trer inn.
Nokre høyringsinstansar har gitt innspel til at retten til opplæring i kvensk og finsk gjeld elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn. Språkrådet meiner retten til opplæring i kvensk og finsk må gjelde uavhengig av etnisk bakgrunn. På motsett side meiner Tromsø kommune at retten må reserverast for dei som fell innanfor definisjonen for språkleg og etnisk minoritet med historisk tilhøyrsel i Nord-Noreg.
31.4.2 Moglegheit til å gi opplæringa i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning
Det er under ti høyringsinstansar som har teke stilling til forslaget. Dei som har uttalt seg, støttar forslaga i høyringsnotatets kapittel om kvensk og finsk på generelt grunnlag, utan å gi konkrete innspel eller ytterlegare kommentar til forslaget om fjernundervisning.
31.5 Departementets vurdering
31.5.1 Retten til opplæring i kvensk og finsk bør ikkje avhenge av talet på elevar som ønskjer slik opplæring
Departementet foreslår at retten til opplæring i kvensk og finsk bør utvidast slik at han gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark, uavhengig av kor mange elevar ved skolen som ønskjer slik opplæring.
Dagens krav om at tre elevar ved same skole må krevje opplæring i kvensk eller finsk for at retten skal tre inn, kan vere uheldig. Kravet fører til at elevar som bur i område med få kvener/norskfinnar, eller i område med små skolar, kan risikere å ikkje få rett til opplæring i kvensk eller finsk. Det kan også vere utfordrande dersom tre elevar startar på kvensk- eller finskopplæring og ein elev flyttar frå skolen, fordi dei elevane som er att, kan risikere å måtte avslutte opplæringa. Dette gir ein risiko for at elevane ikkje får kontinuitet i kvensk- eller finskopplæringa.
Det er skolar i Troms og Finnmark som i dag tilbyr undervisning i kvensk og finsk uavhengig av kor mange elevar som ønskjer det. Praksis i dag er at kommunane får tildelt tilskot frå første elev. Det betyr at sjølv om det ikkje er tre elevar som ønskjer opplæring i kvensk eller finsk, så blir det ofte gitt eit opplæringstilbod for å skape eit stabilt tilbod for elevane. Departementet meiner denne praksisen bør lovfestast som ein rett for eleven.
Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar ønskjer ein individuell rett til opplæring i finsk og kvensk i heile landet, og at denne skal gjelde også i vidaregåande opplæring.
Sjølv om ei utviding av retten til å gjelde i heile landet kan føre til større behov for lærarar, og igjen meir interesse for at ein utdannar seg som lærar som kan undervise i finsk og kvensk, meiner departementet at ein slik rett ikkje bør lovfestast no. Det er svært usikkert om det er mogleg å skaffe nok kvalifiserte lærarar, og dette er ein viktig føresetnad for å kunne oppfylle ein slik rett. Ei utviding vil sannsynlegvis føre til mangel på lærarar. Dette står likevel ikkje i vegen for at kommunar utanfor Troms og Finnmark på eige initiativ kan tilby opplæring i kvensk og finsk dersom dei har kapasitet til dette.
Departementet meiner vidare at utfordringane med å skaffe lærarar med tilstrekkeleg kompetanse vil vere like store på vidaregåande nivå, og at retten derfor ikkje bør utvidast til vidaregåande opplæring no.
Nokre høyringsinstansar har uttalt seg om kva elevar retten til opplæring i kvensk og finsk bør gjelde for. Departementet meiner, som i høyringa, at det må vidareførast at retten til opplæring i kvensk og finsk gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn.
Departementet vurderer på denne bakgrunnen at retten til opplæring i kvensk og finsk bør utvidast slik at han gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark, uavhengig av kor mange elevar ved skolen som ønskjer slik opplæring.
31.5.2 Vidareføre moglegheita til å gi opplæringa i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning
I dag er det høve til å gi opplæringa i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning. Departementet meiner denne moglegheita bør førast vidare, og det er tenleg å regulere dette i lova i ein generell paragraf om fjernundervisning, sjå omtale i punkt 15. Regelen gir skolane moglegheita til å gi opplæringa i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning når det ikkje finst lærarar som kan gi opplæringa på nærskolen. Dette kan sikre at fleire elevar som har rett til opplæring i kvensk og finsk, får tilgang på det.
Den moglegheita som er i dag til å gi delar av opplæringa i kvensk eller finsk gjennom andre alternative opplæringsformer som intensivopplæring og særlege leirskoleopphald, vil vere dekt av andre reglar i lova, mellom anna gjennom forslaget til § 14-2 om inndeling av elevane i klassar og grupper.
31.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å utvide retten til opplæring i kvensk og finsk slik at han gjeld for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark, uavhengig av kor mange elevar ved skolen som ønskjer slik opplæring, sjå forslaget til § 3-3
å vidareføre dagens regel om at kommunen kan gi opplæring i kvensk og finsk gjennom fjernundervisning når opplæringa ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale på skolen, sjå forslaget til § 14-4