26 Alternativ og supplerande kommunikasjon
26.1 Innleiing
Dette punktet handlar om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, har behov for å bruke andre uttrykksformer og kommunikasjonsmåtar. ASK er eit mangfaldig sett av kommunikasjonsmåtar og ei fellesnemning for ulike måtar å kommunisere på. Døme på kommunikasjonsformer er å bruke handteikn, fotografiar, grafiske symbol, konkrete handlingar og kroppslege uttrykk. Døme på kommunikasjonsmiddel er kommunikasjonsbøker, tematavler og talemaskiner.
Bruk og opplæring i ASK for vaksne er omtalt i punkt 43.17.
26.2 Dagens reglar
26.2.1 Opplæringslova
Elevar i grunnskolen som heilt eller delvis manglar tale, og som derfor har behov for å uttrykkje seg gjennom alternative eller supplerande uttrykksformer, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa, jf. opplæringslova § 2-16 første ledd. Regelen presiserer retten grunnskoleelevar har til å bruke ASK som erstatning for eller støtte for talen i opplæringa. Den same retten gjeld for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-13, og vaksne med rett til grunnopplæring, jf. opplæringslova § 4A-13.
I opplæringslova § 2-16 andre ledd er det presisert at elevar som har rett til spesialundervisning, også har rett til å få nødvendig opplæring i å bruke ASK. Kva som er nødvendig opplæring, må vurderast konkret ut frå kva som vil gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Enkelte barn og unge som har behov for ASK, vil ikkje nødvendigvis ha behov for spesialundervisning. Elevar som bruker ASK, er ei svært ueinsarta gruppe med ulike føresetnader og behov. Retten til spesialundervisning er berre aktuell når skolen ikkje klarer å tilpassa den ordinære opplæringa slik at eleven kan få eit tilfredsstillande utbytte av ho.
Paragrafane om ASK presiserer og synleggjer det som følgjer av reglane i opplæringslova om tilpassa opplæring etter § 1-3 og spesialundervisning etter § 5-1. Det skal ikkje gjerast enkeltvedtak etter reglane om ASK. Enkeltvedtak om bruk av og opplæring i ASK kan gjerast etter opplæringslova § 5-1 om spesialundervisning eller etter § 9 A-7 tredje ledd om tilrettelegging av arbeidsplassen, som kan omfatte fysisk tilrettelegging for elevar som har behov for å bruke ASK.
26.2.2 Andre regelverk
Det følgjer av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) artikkel 24 at
3. Partene skal gjøre det mulig for mennesker med nedsatt funksjonsevne å lære praktiske og sosiale ferdigheter slik at de lettere kan delta fullt ut i undervisningen på lik linje med andre, og som medlemmer av samfunnet. For dette formål skal partene treffe hensiktsmessige tiltak, herunder:
a) å legge til rette for innlæring av punktskrift, alternativ skrift, alternative og supplerende kommunikasjonsformer, -midler og -formater, orienterings- og mobilitetsferdigheter, samt legge til rette for likemannsarbeid og mentorvirksomhet, […]
Elevar har også rett til fysisk tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremidlar og eksamen etter likestillings- og diskrimineringslova § 21, sjå omtalen i punkt 25.2.3 over.
26.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å vidareføre dagens reglar om ASK i opplæringslova.
Med dette høyringsforslaget følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 31 om å ta ut reglane om ASK frå opplæringslova.
26.4 Høyringsinstansanes syn
Det er 31 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre reglane om ASK i opplæringslova. Av desse er det 30 som støttar forslaget, mellom anna Barneombodet, Statsforvaltaren i Innlandet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statped, ei rekkje kommunar, Elevorganisasjonen og ISAAC Noreg. Bærum kommune støttar ikkje forslaget og viser til forslaget frå opplæringslovutvalet om å ikkje vidareføre reglane om ASK.
Fleire av instansane som støttar forslaget, ønskjer endå sterkare rettar for elevar som bruker ASK, og kjem med fleire forslag til endringar. Til dømes meiner mellom anna Autismeforeningen og Cerebral Parese-Foreningen at ASK bør utgjere ein rett i form av eit enkeltvedtak med klagerett. Autismeforeningen viser til at det no ligg føre ein rapport frå Utdanningsdirektoratet og Statped, Oppdrag 2021-019 – Om utredning av behov for tilleggstimer for elever som benytter alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK) i grunnopplæringen, der det blir tilrådd innføring av tilleggstimar for elevar med behov for ASK og meiner at dette bør bli innarbeidd i lovforslaget. Også Norsk forbund for utviklingshemmede kommenterer dette og meiner at det ikkje er grunn til å skilje mellom teiknspråk og ASK når det gjeld rett til tilleggstimar til opplæring.
Det er også innspel knytte til plasseringa av reglane om ASK i lova. Cerebral Parese-foreningen meiner til dømes at reglane bør flyttast til kapitla om skriftspråk og språkrettar.
26.5 Departementets vurdering
26.5.1 Innhaldet i reglane om ASK
Departementet foreslår å vidareføre reglane om ASK i den nye opplæringslova, sjå forslaget til § 11-12. Første ledd i paragrafen presiserer at elevar som treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Det same gjeld for dei som har læretid i bedrift.
ASK er for enkelte elevar ein føresetnad for at dei kan lære og utvikle seg i undervisningsfaga og ferdigheitene dei får opplæring i. Det same gjeld for ASK-brukarar som får opplæring i bedrift. For at personar som har behov for ASK, skal kunne uttrykkje seg utan funksjonelt talespråk, er dei avhengige av å få opplæring i kommunikasjonsformer som er tilpassa behova, nivået deira og andre føresetnader dei har.
Dersom eleven eller lærekandidaten treng spesialundervisning, er det presisert i dagens reglar at slik undervisning inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Andre som får opplæring i bedrift, har ikkje rett til spesialundervisning. Slik reglane om ASK er utforma i dag, går det likevel ikkje tydeleg fram om eleven og lærekandidaten har krav på opplæring i å bruke ASK som ein del av undervisningsfaga.
Departementet meiner at opplæring i bruk av ASK ikkje må føresetje at det er dokumentert eit behov for individuelt tilrettelagd opplæring i fag, men at elevar og lærekandidatar, også kan ha rett til slik opplæring uavhengig av om hen har rett til individuell tilrettelegging. Departementet foreslår å få dette tydeleg fram i § 11-12 andre ledd. Sidan retten til individuell tilrettelegging av opplæringa ikkje gjeld for andre som har læretid i bedrift, gjeld retten til opplæring i bruk av ASK berre for lærekandidatar i tillegg til elevar.
Dei som bruker ASK, kan ha behov for ulike hjelpemiddel for å kunne kommunisere effektivt med andre, mellom anna lærarar og medelevar. Retten til fysisk tilrettelegging i form av tekniske hjelpemiddel inngår i forslaget til reglar om fysisk tilrettelegging, sjå punkt 25.
Det er verd å merke seg at innhaldet i reglane om ASK allereie vil følgje av forslaget til nye reglar om tilpassa opplæring, individuelt tilrettelagd opplæring, fysisk tilrettelegging og personleg assistanse. Dei særskilde reglane om ASK gir dermed ingen fleire rettar enn det som finst andre stader i lova.
Departementet legg likevel stor vekt på at det er viktig for brukargruppene som reglane gjeld for, at retten til å bruke ASK blir vidareført i eigne paragrafar. Departementet legg også vekt på at paragrafane om ASK er relativt nye i opplæringslova (2012), og at ein eigen paragraf om ASK vart teken inn i barnehagelova i 2018. Å fjerne desse paragrafane frå opplæringslova no kan derfor verke ulogisk og sende uheldige signal om betydninga av ASK. Departementet foreslår derfor å vidareføre reglane.
Departementet foreslår at paragrafen om ASK for elevar og dei som har læretid i bedrift skal stå i kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging ettersom reglane er ei presisering av rettane som følgjer av reglane om tilpassa opplæring, individuelt tilrettelagd opplæring, fysisk tilrettelegging og personleg assistanse som også er plassert i dette kapitlet.
26.5.2 Vidare utgreiing om tilleggstimar til opplæring i ASK
I Oppdragsbrev 2021-019 Om utredning av behov for tilleggstimer for elever som benytter alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK) i grunnopplæringen vart Utdanningsdirektoratet og Statped bedne om å greia ut om det er behov for tilleggstimar for opplæring i ASK på lik linje med opplæring i punktskrift. Utdanningsdirektoratet og Statped svarte på oppdraget 1. oktober 2021. I svaret står det mellom anna:
Det foreligger flere faglige grunner for å gi tilleggstimer til elever som bruker ASK, på lik linje som elever som er blinde og svaksynte. ASK er først og fremst avgjørende for at elevene skal kunne kommunisere og for å kunne utvikle seg. Elevene har behov for et språkmiljø der de kan lære, delta og utnytte sitt læringspotensial. Fellesnevneren for elever som må lære punktskrift og ASK, er at det er behov for spesifikk kompetanse for å kunne gi opplæring i en spesialisert form for kommunikasjon. Elever med behov for ASK har behov for opplæring i en eller flere kommunikasjonsform(er) som erstatter eller støtter talen. Det kan også være behov for opplæring i et kommunikasjonsmiddel. Det vurderes at behovene for spesialisert opplæring gjelder for begge elevgrupper, men at innholdet og formen på opplæringen vil være svært forskjellig.
Utdanningsdirektoratet og Statped peikar mellom anna på at det vil vere utfordringar med å få tilstrekkeleg med pedagogisk personale med formell og uformell kompetanse i ASK dersom det skal innførast ein rett til tilleggstimar til opplæring i ASK.
Departementet meiner at det kan vere gode grunnar til å innføre tilleggstimar for elevar som bruker ASK. Det er likevel fleire spørsmål som må vurderast og greiast nærare ut før det eventuelt blir innført ein slik rett i opplæringslova. Det må mellom anna vurderast om og eventuelt korleis retten skal avgrensast, korleis ein skal få tilstrekkeleg med pedagogisk personale som har kompetanse, og dei økonomiske og administrative konsekvensane.
26.6 Departementets forslag
Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om ASK i opplæringslova, sjå forslaget til §§ 11-12 og 19-7.