56 Internkontroll og kvalitetsutvikling
56.1 Innleiing
Dette punktet handlar om internkontroll, arbeid med kvalitetsutvikling og reglar om skolefagleg kompetanse i administrasjonen i kommunen og fylkeskommunen.
56.2 Dagens reglar
56.2.1 Plikt til å ha internkontroll
Kommunar og fylkeskommunar skal ha internkontroll med administrasjonsverksemda for å sikre at lover og forskrifter blir følgde, jf. kommunelova § 25-1. Internkontrollplikta omfattar oppgåvene som blir utførte av administrasjonen frå kommunane og fylkeskommunane sentralt, pedagogisk-psykologisk teneste og alle kommunale og fylkeskommunale verksemder som gir opplæring og andre tenester etter opplæringslova og forskriftene til lova.
Målet med internkontrollen er at brot på regelverket blir førebygde, blir avdekte og blir følgde opp. Internkontrollen skal vere systematisk, bli gjort på bakgrunn av risikovurderingar og tilpassast storleiken, eigenarten og aktivitetane for verksemda. Kommunelova § 25-1 stiller nærare krav til kva aktivitetar som skal inngå i internkontrollen.
Kommunedirektøren skal rapportere til kommunestyret og fylkestinget om internkontroll og om resultat frå statleg tilsyn minst éin gong i året, jf. kommunelova § 25-2.
56.2.2 Plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling
Kommunen og fylkeskommunen skal ha «eit forsvarleg system for å følgja opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4», jf. opplæringslova § 13-3 e første ledd første punktum.
Som ein del av oppfølgingsansvaret skal kommunen og fylkeskommunen utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, jf. § 13-3 e første ledd andre punktum. Rapporten skal handle om læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Det er vidare eit krav at rapporten skal drøftast av kommunestyret og fylkestinget.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa bidreg til å nå måla i læreplanverket, jf. § 13-3 e andre ledd. Dette vart tidlegare kalla skolebasert vurdering. Kommunen og fylkeskommunen pliktar å involvere elevane i vurderinga.
56.2.3 Krav om å ha skolefagleg kompetanse
Kommunane «skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået», jf. opplæringslova § 13-1 fjerde ledd. Kravet omfattar både kunnskap om pedagogikk og kunnskap om regelverket for skolen. Det er ikkje lagt føringar for korleis den enkelte kommunen konkret skal sikre oppfylling av kravet. Det blir ikkje stilt krav om konkret utdanning eller ein bestemt stillingskategori eller -omfang.
56.2.4 Regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling
Det følgjer av opplæringslova § 13-3 c at fylkeskommunane etter oppdrag frå departementet skal «rettleia om og medverke til kvalitetsutviklingstiltak som m.a. kan gi god samanheng mellom grunnskole og vidaregåande opplæring». Departementet kan gi nærare forskrifter om desse oppgåvene.
Paragrafen vart innført som ei oppfølging av St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid. I meldinga vart det foreslått å overføre ulike oppgåver i nasjonalt kvalitetsvurderingssystem til fylkeskommunane. For å kunne påleggje fylkeskommunane nye oppgåver var det behov for heimel i lov. Verken ordlyden eller forarbeida beskriv konkret kva slags oppgåver som kan påleggjast fylkeskommunane etter paragrafen. Paragrafen tok til å gjelde i 2010. Det er ikkje fastsett forskrifter med heimel i § 13-3 c.
56.3 Høyringsforslaget
Departementet foreslo
å erstatte dagens krav om å følgje opp resultat frå nasjonale kvalitetsvurderingar med eit krav om kvalitetsutvikling
å erstatte dagens krav om å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i skolen med eit generelt krav om at kommunestyret og fylkestinget minst éin gong i året skal få informasjon om tilstanden i skolen når det gjeld læringsmiljøet, læringsresultata og fråfallet i opplæringa. Det blir ikkje stilt krav om at rapporteringa blir behandla i kommunestyret og fylkestinget.
å vidareføre kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer kvaliteten på den enkelte skolen
å vidareføre dagens reglar med krav om at kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen
å innføre krav om at også fylkeskommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen
å ikkje vidareføre regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling
Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 43.10 og kapittel 49.
56.4 Høyringsinstansanes syn
Om lag 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å erstatte dagens krav om å følgje opp resultat frå nasjonale kvalitetsvurderingar med eit krav om kvalitetsutvikling. Forslaget blir støtta heilt eller delvis av alle instansane.
Vidare er det om lag 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget om å erstatte dagens krav om å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i skolen med eit generelt krav om at kommunestyret og fylkestinget minst éin gong i året skal få informasjon om tilstanden i skolen når det gjeld læringsmiljøet, læringsresultata og fråfallet i opplæringa. Dei fleste høyringsinstansane har ikkje merknader til forslaget. KS, Viken fylkeskommune og fleire kommunar støttar forslaget.
Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Statsforvaltaren i Innlandet meiner det er nødvendig å vidareføre kravet om å utarbeide ein tilstandsrapport. Utdanningsforbundet meiner at det også må stillast tydelege krav til både medråderett og involvering i utarbeidinga av den årlege rapporten.
Utdanningsforbundet, Barneombodet, Elevorganisasjonen, Statsforvaltaren i Innlandet og Statsforvaltaren i Rogaland er mot forslaget om å ikkje vidareføre kravet om at rapporten skal drøftast av kommunestyret og fylkestinget. Dei meiner at dette kan svekkje oppfølginga til kommunestyret og fylkestinget av kvaliteten i opplæringa. Bergen kommune meiner også at drift og oppfølging av skolane bør drøftast av demokratisk valde styringsorgan. Kommunen viser til at det også er viktig å sikre at opposisjonen, som del av den parlamentariske kontrollen, får høve til å spele inn synspunkta sine om situasjonen i opplæringa. Bergen kommune meiner at dette best blir sikra gjennom ei behandling av saker i kommunestyret og ikkje i politiske utval under kommunestyret. Kommunen viser til at på denne måten vil også politiske synspunkt som ikkje er representerte i utvalet, bli høyrde med merknadene sine om tilstandsrapporten til skolane.
Utdanningsdirektoratet set spørjeteikn ved om forslaget om å vidareføre kravet om at kvar skole skal vurdere kvalitet, er overflødig med tanke på internkontrollplikta i kommunelova.
Utdanningsforbundet og Norsk Lektorlag ønskjer å lovfeste at personalet skal medverke i utarbeidinga og behandlinga av arbeidet med kvalitetsutvikling. Utdanningsforbundet meiner at arbeidet på skolane med kvalitetsvurdering blir svekt mykje dersom departementet ikkje som ein del av paragrafen om kvalitetsutvikling tydeleg gir uttrykk for at personalet på skolen skal involverast. Utdanningsforbundet viser til viktigheita av samspelet mellom den fagleg-pedagogiske praksisen som blir utvikla på skolen, og arbeidet i kommunen for kvalitet i opplæringa. Utdanningsforbundet meiner det er stor forskjell på å regulere korleis personalet skal involverast, og om personalet skal involverast. Utdanningsforbundet skriv vidare
Ekspertgruppen for skolebidrag sine to rapporter, sammen med lærerrollerapporten og opplæringslovutvalgets utredning, viser tydelig at utviklingen «innenfra» må styrkes. Det vil si at det er lærerne som driver utviklingsarbeidet i nært samarbeid med elevene og hvor ledelsen er tett på prosessene. Medbestemmelse og god dialog er avgjørende forutsetninger for utvikling på alle nivå.
Norsk Lektorlag meiner også at forslaget ikkje legg til rette for «profesjonalisering innenfra».
Om lag 20 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre dagens krav om at kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen, og forslaget om å innføre krav om at også fylkeskommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen. Fleirtalet, Barneombodet, Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund og ein del statsforvaltarar, fylkeskommunar og kommunar, støttar forslaget. Utdanningsforbundet viser til Ekspertgruppen for skolebidrag sin sluttrapport «En skole for vår tid», som framhevar kor viktig den skolefaglege kompetansen i kommuneadministrasjonen er for utvikling av skolen. Utdanningsforbundet meiner at ei av dei store utfordringane i arbeidet med å betre kvaliteten i skolen er at skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen har vorte bygd ned som ein konsekvens av svake krav i lov- og regelverk. Utdanningsforbundet skriv vidare
Mangelfull skolefaglig kompetanse i kommuneadministrasjonen har negativ påvirkning på systematisk utviklingsarbeid, koordinering, partssamarbeid, kvalitetsvurdering, kompetanseutvikling og regelverksetterlevelse i skolen. Utdanningsforbundet viser i denne sammenheng til forskningen på skoleeierskap, som er omtalt i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen, kapittel 4. Forskningen viser at kommuner som lykkes og får gode resultater, jobber på en måte som staten ikke kan regulere seg fram til. Statlige myndigheter kan legge til rette, men arbeidet må skje lokalt. Kommuner som lykkes, kjennetegnes av en aktiv dialog fra klasserom til kommunestyre. De kjennetegnes av politiske myndigheter med engasjement og ambisjoner for utvikling av skolen. De kjennetegnes også av en aktiv skoleadministrasjon som er et koordinerende ledd med innsikt og kompetanse. Kommuner som lykkes, bidrar til skoleledernes og lærernes profesjonsutvikling gjennom å delegere ansvar og sikre at alle kjenner sine ansvarsområder.
Akademikerne, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund meiner det bør konkretiserast nærare kva som ligg i skolefagleg kompetanse. Akademikerne og Norsk Lektorlag meiner at det også må stillast krav om erfaring frå skolen, ikkje berre «kunnskap om pedagogikk og kunnskap om regelverket for skolene».
Norsk Lektorlag meiner det må presiserast at skolefagleg tilsette i administrasjonen ikkje samtidig kan vere rektor. Norsk Lektorlag viser til at det er viktig at ein rektor dagleg er fysisk og mentalt til stades på skolen sin, er ein del av både elevmiljøet og blant dei tilsette, for på den måten å ha inngåande og detaljert kjennskap til alle aspekt av korleis skolen fungerer.
Nokre høyringsinstansar, mellom anna KS, støttar ikkje forslaget. KS set spørjeteikn ved om det er nødvendig å lovregulere dette. KS viser til at alle fylkeskommunane i dag har skolefagleg kompetanse over skolenivå fordi dei ser behovet for dette, utan at dette er lovregulert i gjeldande lov.
Ingen høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å ikkje vidareføre regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling.
56.5 Departementets vurdering
56.5.1 Ikkje eigne reglar om internkontroll i opplæringslova
Departementet foreslår ikkje eigne reglar om internkontroll i opplæringslova. Etter kommunelova § 25-1 skal kommunar og fylkeskommunar ha internkontroll med administrasjonsverksemda for å sikre at dei følgjer lovene og forskriftene. Formålet med å regulere dette i kommunelova er å ha felles reglar om internkonkontroll for kommunane og fylkeskommunane på tvers av dei ulike sektorområda.
Internkontrollregelen i kommunelova omfattar oppgåvene som blir utførte av administrasjonen til kommunen og fylkeskommunen sentralt, pedagogisk-psykologisk teneste og alle kommunale og fylkeskommunale verksemder som gir opplæring eller andre tenester etter opplæringslova og forskriftene til lova. Ingen av høyringsinstansane er mot forslaget om at krava til internkontroll framleis skal følgje av kommunelova. Departementet ser derfor ikkje behov for å ha særreglar om internkontroll i opplæringslova.
56.5.2 Eit generelt krav om kvalitetsutvikling
Departementet foreslår å lovfeste eit generelt krav om at kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Lokal kvalitetsutvikling er eit viktig verkemiddel for å nå måla med grunnopplæringa, og det kan ha mykje å seie for mange barn og unge.
I dag kjem det ikkje fram eksplisitt av opplæringslova at kommunane og fylkeskommunane skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i opplæringa. Det er i staden lovfesta meir detaljerte krav som føreset at kommunane og fylkeskommunane skal drive kvalitetsutvikling.
Departementet foreslår å ikkje vidareføre kravet om å følgje opp resultat frå nasjonale kvalitetsvurderingar som nasjonale prøvar osv., sjå § 13-3 e i dagens opplæringslov. Kommunar og fylkeskommunar vil framleis vere pålagde å gjennomføre nasjonale kvalitetsvurderingar, og det er liten risiko for at dei ikkje vil bruke resultata frå desse i arbeidet med kvalitetsutvikling. Å ikkje lovfeste kva kunnskapsgrunnlag kvalitetsutviklinga skal baserast på, vil gjere ansvaret til kommunane og fylkeskommunane tydelegare og gi eit større handlingsrom for lokal tilpassing. Dette vil også harmonere betre med retningslinjene for statleg styring av kommunar og fylkeskommunar. Forslaget har fått støtte i høyringa og er dessutan i tråd med tillitsreforma til regjeringa.
56.5.3 Krav om informasjon om tilstanden i skolen
Departementet foreslår å vidareføre at kommunestyret og fylkestinget skal få informasjon om tilstanden i skolane når det gjeld læringsmiljø, læringsresultat og fråfall, og at dette skal skje minst éin gong i året. Formålet er å sikre at det politiske nivået i kommunen og fylkeskommunen får den informasjonen som trengst for å drive kvalitetsutvikling. Forslaget har fått støtte i høyringa. Fordi det ikkje finst nokon definisjon av fråfall i grunnskolen og fordi det blir foreslått å utvide retten til vidaregåande opplæring, foreslår departementet å endre «fråfall» til «gjennomføringa til elevane i opplæringa» i lovteksten.
Departementet foreslår å ikkje vidareføre at det skal utarbeidast ein «rapport» om tilstanden i skolen når det gjeld læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å lovregulere i kva form kommunestyret og fylkestinget får denne informasjonen. Ei open regulering gir høve til at kommunane og fylkeskommunane vurderer kva slags rapportering som er tenleg lokalt.
I tillegg foreslår departementet å ikkje vidareføre at rapporten skal drøftast av kommunestyret og fylkestinget. Å lovfeste kva oppfølging rapporteringa skal få av kommunestyret og fylkestinget, er slik departementet ser det, ei unødvendig detaljregulering av det politiske nivået frå kommunane og fylkeskommunane.
Departementet har vurdert innvendingane frå høyringsinstansane. Departementet understreker at det ikkje er ein intensjon å svekkje moglegheita for at det politiske nivået i kommunen og fylkeskommunen får den informasjonen det treng til å drive kvalitetsutvikling i skolen. Departementet meiner likevel at eit formkrav ikkje er nødvendig for at det politiske nivået i kommunen og fylkeskommunen skal få den nødvendige informasjonen. Departementet viser også til prinsippet i kommunelova om at det kommunale og fylkeskommunale sjølvstyret ikkje bør avgrensast meir enn det som er nødvendig for å vareta nasjonale mål.
Etter departementets syn vil det vere tilstrekkeleg å stille krav om at kommunestyret og fylkestinget skal få informasjon om tilstanden i skolen, og at det skal skje minst éin gong i året. Departementet legg til grunn at kommunane og fylkeskommunane sjølve bør vurdere kva slags rapportering som er tenleg, og om det er behov for same type rapportering kvart år.
Departementet legg også til grunn at kommunestyret og fylkestinget behandlar informasjonen om tilstanden i skolen på ein slik måte at dei kan oppfylle plikta til å drive kvalitetsutvikling. Eit overordna krav om at kommunane og fylkeskommunane skal drive kvalitetsutvikling, vil også harmonere betre med tillitsreforma og retningslinjene for statleg styring av kommunar og fylkeskommunar, enn dagens detaljerte krav til korleis kommunane og fylkeskommunane skal gjere dette.
56.5.4 Krav om at kvar skole skal vurdere kvalitet
Departementet foreslår å vidareføre kravet om at kvar skole jamleg skal vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå måla for opplæringa. Slike vurderingar er sentrale for at kommunane og fylkeskommunane skal ha eit godt grunnlag for kvalitetsutvikling. Forslaget har også fått stor støtte i høyringa.
Departementet er ikkje samd i at kravet overlappar med kravet til internkontroll etter kommunelova. Departementet viser til at kravet til å ha internkontroll gjeld oppfølging av lov- og forskriftskrav og ikkje arbeid med kvalitetsutvikling utover dette.
Måla for opplæringa er rett nok forskriftsfesta, og kommunen og fylkeskommunen skal derfor ha internkontroll for å sikre at desse reglane blir følgt. Den jamlege vurderinga av organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa til skolen som departementet foreslår å vidareføre, skal ikkje berre bidra til at måla for opplæringa blir nådde, men også leggje til rette for at opplæringa for elevane kan bli betre. Distinksjonen ligg i at så lenge opplæringa som blir gitt, er i tråd med måla for opplæringa og andre krav i opplæringslova, vil krava vere oppfylte sjølv om mange elevar har låg måloppnåing. Dermed vil ikkje ein internkontroll vere eit tilstrekkeleg verktøy for å vurdere kvaliteten på opplæringa. Departementet meiner derfor at arbeidet med å vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa til elevane av opplæringa medverkar til å nå måla for opplæringa, er ein del av kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med kvalitetsutvikling.
56.5.5 Brukarmedverknad i arbeidet med kvalitetsutvikling
Det går fram av dagens paragraf at elevane skal involverast i å jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå måla for opplæringa.
I denne lovproposisjonen er det foreslått å innføre eit generelt krav om at elevar og foreldre skal få høve til å vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, sjå forslaget til § 10-4. Paragrafen nemner som eit døme at elevar og foreldre skal involverast i arbeidet til skolen med kvalitetsutvikling i opplæringa. Departementet meiner at kravet om å involvere elevane og foreldra ikkje bør gjentakast i paragrafen om kvalitetsutvikling.
Departementet vurderer at det bør vere opp til kommunen og fylkeskommunen som arbeidsgivar korleis dei involverer dei tilsette i arbeidet med kvalitetsutvikling, og at konkrete krav til dette ikkje bør lovfestast. Retten arbeidstakarane har til medverknad, er regulert av arbeidsmiljølova og hovudavtalane i kommunal sektor. Departementet viser mellom anna til arbeidsmiljølova kapittel 7 om arbeidsmiljøutval og kapittel 8 om informasjon og drøfting.
Slik departementet ser det, bør ikkje opplæringslova regulere korleis kommunar og fylkeskommunar skal bruke sine tilsette eller retten for dei tilsette til medverknad. Det er likevel vurderinga til departementet at både rektorar, lærarar og eventuelt andre tilsette må involverast i arbeidet med kvalitetsutviklinga på den enkelte skolen fordi det er dei tilsette som har førstehandskunnskap om skoleverksemda og elevane.
Ansvaret for å drive kvalitetsutvikling er lagt til kommunane og fylkeskommunane. Dette er i tråd med ansvarsplasseringa i resten av lovforslaget.
56.5.6 Krav om skolefagleg kompetanse i administrasjonen i kommunen og fylkeskommunen
Departementet foreslår å lovfeste eit krav om skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen. For kommunane vil dette vere ei vidareføring av dagens krav, medan det vil vere nytt for fylkeskommunane.
Departementet meiner til liks med opplæringslovutvalet at den nye opplæringslova bør innehalde eit krav om skolefagleg kompetanse. Dette vil sikre at kommune- og fylkeskommuneadministrasjonane har kompetanse i skolespørsmål. Mange vil ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen uavhengig av om lova stiller krav om det. For nokre kommunar kan det oppfattast som eit signal om at skolefagleg kompetanse ikkje er viktig lenger, dersom kravet ikkje blir vidareført. Eit lovkrav om skolefagleg kompetanse i administrasjonen gjer det tydeleg kva forventningar staten har når det gjeld å følgje opp pliktene knytte til kompetanse- og kvalitetsutvikling. Sjølv om alle fylkeskommunane per i dag har skolefagleg kompetanse i administrasjonen sin, bør forventningane til staten vere dei same både til kommunar og fylkeskommunar.
Departementet meiner at dette er ei nødvendig regulering sett opp mot kor viktig det er at kommunen og fylkeskommunen har kompetanse i skolespørsmål til tross for utgangspunktet om at kommunen og fylkeskommunen sjølve vurderer korleis dei organiserer verksemnda. Departementet sluttar seg til Utdanningsforbundets høyringsinnspel om at mangelfull skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen kan ha negativ påverknad på systematisk utviklingsarbeid, koordinering, partssamarbeid, kvalitetsvurdering, kompetanseutvikling og regelverksetterleving i skolen. Departementet meiner at eit lovkrav om å ha skolefagleg kompetanse i kommunal og fylkeskommunal administrasjon vil bidra til å sikre godt skoleeigarskap.
Vidare er forslaget utforma slik at det gir kommunane og fylkeskommunane stor grad av handlefridom når det gjeld korleis dei vil innrette seg for å oppfylle kravet. Det blir stilt ikkje konkrete krav til nivå eller omfang av kompetansen, eller innplassering i organisasjonen. Departementet legg til grunn at kommunane og fylkeskommunane ønskjer å yte gode tenester, og at vurdering av kompetanse og ressursar er ein sentral del av dette arbeidet. Departementet meiner derfor at det ikkje er nødvendig å konkretisere kravet ytterlegare.
Til innspelet frå Norsk Lektorlag om at skolefagleg tilsette i administrasjonen ikkje samtidig kan vere rektor, viser departementet til at fleire kommunar i dag oppfyller kravet om å ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen ved at ein rektor har denne funksjonen. Ei slik ordning kan vere uheldig fordi det kan oppstå tvil om det er rektor eller kommunen som uttaler seg i ei sak. I fleire av paragrafane i lova er det dessutan vist til at rektor skal varsle kommunen eller fylkeskommunen om ulike saker. Det kan i slike tilfelle oppstå tvil om kommunen er varsla eller ikkje, dersom rektor også har ei rolle i kommuneadministrasjonen. Utdanningsdirektoratet har i ei tolkingsfråsegn frå 7. april 2008 peika på at for at rektorfunksjonen og funksjonen som skolefagleg kompetanseperson skal kunne la seg kombinere for ein og same person, må funksjonane arbeidsrettsleg haldast frå kvarandre, typisk ved separate arbeidsforhold for kvar av funksjonane. Departementet meiner at det ikkje bør lovfestast at skolefaglege tilsette i administrasjonen ikkje samtidig kan vere rektor, men at det må utvisast varsemd i tråd med omtalen her.
56.5.7 Regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling
Departementet foreslår å ikkje vidareføre regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling. Departementet viser til at regelen ikkje er godt nok i samsvar med kommunelova § 2-1 tredje ledd om at avgrensingar i det kommunale sjølvstyret må ha heimel i lov. Regelen er så lite konkret at han ikkje utgjer nokon tydeleg skranke for kva oppgåver som kan påleggjast fylkeskommunen, og bruken av han blir derfor lite føreseieleg for fylkeskommunen.
56.6 Departementets forslag
Departementet foreslår
å ikkje lovfeste eigne reglar om internkontroll i opplæringslova
å lovfeste eit krav om kvalitetsutvikling, til erstatning for dagens krav om å følgje opp resultat frå nasjonale kvalitetsvurderingar, sjå forslaget til § 17-12 andre ledd
å lovfeste eit generelt krav om at kommunestyret og fylkestinget minst éin gong i året skal få informasjon om tilstanden i skolen når det gjeld læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa til erstatning for dagens krav om å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i skolen. Det blir ikkje foreslått krav om at rapporteringa blir behandla i kommunestyret og fylkestinget. Sjå forslaget til § 17-12 fjerde ledd
å vidareføre kravet om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer kvaliteten på den enkelte skolen, sjå forslaget til § 17-12 tredje ledd
å vidareføre dagens reglar med krav om at kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen, sjå forslaget til § 17-12 første ledd
å innføre krav om at også fylkeskommunen skal ha skolefagleg kompetanse i administrasjonen, sjå forslaget til § 17-12 første ledd
å ikkje vidareføre regelen om å påleggje fylkeskommunane å gi rettleiing og drive kvalitetsutvikling